Kyrahola Flora kommune-80mm

Kunngjering av planoppstart for
detaljreguleringsplan med
konsekvensutgreiing for Kyrahola,
Flora kommune
I medhald av § 12-8 I Plan og bygningslova
vert det varsla oppstart av
detaljreguleringsplan for Kyrahola, gnr. 27,
bnr. 1 mfl. i Flora kommune.
Det er utarbeidd framlegg til planprogram
som gjer greie for hensikta med planarbeidet.
Planområdet er om lag ca.76 daa og vil i
hovudsak bli regulert til bustadformål.
Deler av tilkomstvegen frå Havrenesvegen ligg
i gjeldande reguleringsplan «Havreneset,
Gang-/sykkelveg/ Bolig m.m.» som areal til
bustad og køyreveg. Resten av arealet
innanfor planområdet, er styrt av
kommunedelplanen for «Florelandet Brandsøy
2006-2018» og er disponert til LNF.
Planen fører, etter kommunen sin vurdering,
til krav om konsekvensutgreiing etter kap.4 i
plan og bygningslova.
Tiltakshavar er Florø Gård ved Eilif Døsen. Meir
informasjon finn du på
www.flora.kommune.no og
www.nordplan.no. Naboar og grunneigarar
vert varsla direkte.
Planprogrammet er lagt fram til gjennomsyn
på servicekontoret i Rådhuset i Florø. Det er
og tilgjengeleg på Flora kommune si nettside.
Eventuelle innspel og merknader til
planprogrammet kan sendast til Nordplan AS,
Pb.685 6804 Førde eller på e-post til
[email protected].
Frist for innspel er 19. mai 2014.
Nordfjordeid
Førde
Vågå
Ålesund
Eidsgata 45
Langebruvegen 9
Vågå Næringshage
Apotekergata 9A
Nordplan AS
tlf. 57 88 55 00
www.nordplan.no