OSTERØY KOMMUNE Møteprotokoll for Plan- og kommunalteknisk utval Møtedato: Møtestad: Møtetid: 18.02.2015 Osterøy rådhus - heradsstyresalen kl. 13:00 – kl. 14:45 Frammøtte medlemmer Øyvind Litland Øystein Borge Torunn Åsheim Atle Solberg Parti AP AP AP H Rolle Utvalsleiar Medlem Medlem Nestleiar Forfall meldt frå medlem Knut Riple Parti FRP Rolle Medlem Frammøtte varamedlemmer Jørgen Varden Parti AP Hildegunn Mo FRP Erstatter medlem Møtte som vara for Ø. Litland i sak 017/15 Knut Riple Følgjande frå administrasjonen møtte: Rådmannen og utvalssekretæren Sakliste Saknr Tittel 012/15 Godkjenning av innkalling og sakliste 013/15 Godkjenning av møtebok 014/15 Referatsaker og meldingar 015/15 Delegerte saker 017/15 gbnr 4/123- Dispensasjon- bruksendring 016/15 4/104 - Hauge - Søknad om dispensasjon - omdisponering av areal 018/15 129/115 - Hamre - Søknad om løyve til tiltak - gravlund - klage 019/15 Sjøtroll AS- Søknad om dispensasjon, endra bruk av oppdrettslokalitetar 020/15 gnbn 137/11 - søknad om dispensasjon, gjerde mot veg og oppsett av bod, byggegrenser m.m. 021/15 100/13 - Vestre Kleppe - Krav om tilkopling til offentleg avlaupsleidning - søknad om dispensasjon - klage 022/15 105/26 - Bernes - Søknad om dispensasjon for utlegging av flytebryggje - ny handsaming 023/15 Søknad om konsesjon for erverv av gnr. 149 bnr. 2 i Osterøy kommune – saka vart ettersend 17.02.15 012/15: Godkjenning av innkalling og sakliste Rådmannen sitt framlegg: Innkalling og sakliste vert godkjent. 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Utvalsleiar gjorde slikt framlegg: "Sak 017/15 vert teke opp til behandling først, då det er innkalt ein vararepresentant i saka." AVRØYSTING Framlegget vart samrøystes vedteke. PL - 012/15 VEDTAK: "Innkalling og sakliste med slik endring av saksrekkjefølgje som foreslått av leiar vart godkjend." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Sak 017/15 vart behandla først i møtet, etter sak 012 og før sak 013/15, jfr. vedtak om endra saksrekkjefølgje (i sak 012/15) ------------------------------------------------------------------------017/15: gbnr 4/123- Dispensasjon- bruksendring Rådmannen sitt framlegg: Vedtak: Dispensasjon: I medhald av § 19-2, i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå § 12-4, Rettsverknad av reguleringsplan, og § 12-5, Arealføremål i reguleringsplan, i same lov. Dispensasjonen gjeld endra føremål i reguleringsplan, utbyggingsplan for Oksadrepet, frå føremål forretning / kontor / industri, og til offentleg føremål. Bruksendring: I medhald av § 20-1, bokstav d, vert det gjeve løyve til bruksendring for bygning og tilhøyrande areal på eigedom gnr. 4, bnr. 123, slik dette er skildra i søknad, datert 12.12.2014. 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Utvalsleiar bad utvalet ta stode til sin habilitet grunna familietilknytning til eigar av Osterøy Næringspark AS - han tok ikkje del i møtet ved avgjerd om habilitet. -----------------------------------Nestleiar overtok som møteleiar. Øyvind Litland, AP, vart samrøystes kjend inhabil i saka, jfr. fvl. § 6, 2.l., då utvalet fann at det ligg føre ...... andre særegne forhold som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet.. . - Jørgen Varden, AP, møtte som vara - 5 medlemmer/varamedlemmer til stades. -------------------------------------Rådmannen viste til at Osterøy kommune vil stå som leigar av bygg og eigedom, og at saksbehandlinga difor er utført av ein saksbehandlar i Vaksdal kommune. AVRØYSTING Framlegget vart samrøystes vedteke. PL - 017/15 VEDTAK: "Dispensasjon: I medhald av § 19-2, i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå § 12-4, Rettsverknad av reguleringsplan, og § 12-5, Arealføremål i reguleringsplan, i same lov. Dispensasjonen gjeld endra føremål i reguleringsplan, utbyggingsplan for Oksadrepet, frå føremål forretning / kontor / industri, og til offentleg føremål. Bruksendring: I medhald av § 20-1, bokstav d, vert det gjeve løyve til bruksendring for bygning og tilhøyrande areal på eigedom gnr. 4, bnr. 123, slik dette er skildra i søknad, datert 12.12.2014." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Øyvind Litland, AP, kom tilbake som møteleiar att etter sak 017/15 ------------------------------------------------------------------------------------------------------- 013/15: Godkjenning av møtebok Rådmannen sitt framlegg: Møtebok frå vert godkjend. 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Det var ikkje merknader til utsend møtebok. PL - 013/15 VEDTAK: "Møtebok frå 21.01.15 vert godkjend." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------014/15: Referatsaker og meldingar Rådmannen sitt framlegg: Referatsakene vert tekne til vitande. 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. PL - 014/15 VEDTAK: "Referatsakene vert tekne til vitande." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------015/15: Delegerte saker Rådmannen sitt framlegg: Melding om delegerte vedtak vert teken til vitande. 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Dokument med oversikt over vedtaka i sakene 006/15, 239/14 og 037/15 vart delt ut til møtet. -------------------------------- AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. PL - 015/15 VEDTAK: "Melding om delegerte vedtak vert teken til vitande." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 016/15: 4/104 - Hauge - Søknad om dispensasjon - omdisponering av areal Rådmannen sitt framlegg: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Det vert ikkje gjeve dispensasjon frå reguleringsplan Haugemyrane til omdisponering av parkbelte, jf. plan- og bygningslova §§ 12-4 og 12-5, nr. 3, jf. § 19-2. 21.01.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Utvalsleiar gjorde slikt framlegg: "Saka vert utsett for synfaring." AVRØYSTING - utsetjing Utsetjingsframlegget vart samrøystes vedteke. PL - 010/15 VEDTAK: "Saka vert utsett for synfaring." 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Før møtet vart det halde synfaring utvalet i denne saka. ---------------------------------------Atle Solberg, H, gjorde slikt framlegg: "Søknad om dispensasjon frå reguleringsplan Haugemyrane til omdisponering av ca. 280 m2 av parkbeltet, jf. plan- og bygningslova §§ 12-4 og 12-5, nr. 3, jf. § 19-2 vert imøtekomen. Det vert sett som vilkår at parkbeltet m.a. skal bestå av ein vintergrøn, tett hekk i minimum 2 m høgde i heile lengda på bygget." Framlegget vart ikkje røysta over. Leiar gjorde slikt framlegg: "Saka vert utsett til neste møte. Rådmannen vert beden om å leggja fram eit alternativt framlegg til vedtak basert på drøftingane i møtet om å innvilga søknad om omdisponering; vilkår om vintergrøn tettvaksen, høg hekk (min. 2 m) i heile bygget sin lengde, ivareta skjermingsfunksjonen mot naboane og samtidig ivareta dei formelle krava til eit gyldig vedtak. AVRØYSTING Utsetjingsframlegget vart samrøystes vedteke. PL - 016/15 VEDTAK: "Saka vert utsett til neste møte. Rådmannen vert beden om å leggja fram eit alternativt framlegg til vedtak basert på drøftingane i møtet om å innvilga søknad om omdisponering; vilkår om vintergrøn tettvaksen, høg hekk (min. 2 m) i heile bygget sin lengde, ivareta skjermingsfunksjonen mot naboane og samtidig ivareta dei formelle krava til eit gyldig vedtak." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------018/15: 129/115 - Hamre - Søknad om løyve til tiltak - gravlund - klage Rådmannen sitt framlegg: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: "Administrativt vedtak av 05.01.2015, saknr. 001/15 vert oppretthalde. Mottekne klager vert ikkje teke til fylgje. Saka vert send Fylkesmannen i Hordaland for avgjerd, jf. plan- og bygningslova § 1-9, jf. forvaltingslova § 33." 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Hildegunn Mo, FRP, gjorde slikt framlegg: "Saka vert utsett for synfaring." Framlegget vart trekt før avrøysting. AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. PL - 018/15 VEDTAK: "Administrativt vedtak av 05.01.2015, saknr. 001/15 vert oppretthalde. Mottekne klager vert ikkje teke til fylgje. Saka vert send Fylkesmannen i Hordaland for avgjerd, jf. plan- og bygningslova § 1-9, jf. forvaltingslova § 33." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------019/15: Sjøtroll AS- Søknad om dispensasjon, endra bruk av oppdrettslokalitetar Rådmannen sitt framlegg: Søkjar: Sjøtroll AS og Lerøy Vest Tiltakshavar/fakturamottakar: Sjøtroll Havbruk AS, 5397 Bekkjarvik Søknaden motteke: 16.12.2014. RÅDMANNEN SITT VEDTAK " I medhald av plan og bygningslova kap. 13 vert det gjort slikt vedtak: Tiltaket ligg innanfor sjøareal for igangsett kommunedelplan for kyst og strandsone, PlanID 12532014007 og dispensasjon vert ikkje handsama før planspørsmålet er endeleg avgjort, jf. planog bygningslova § 13-1, 1. ledd, jf. § 13-2." 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. PL - 019/15 VEDTAK: " I medhald av plan og bygningslova kap. 13 vert det gjort slikt vedtak: Tiltaket ligg innanfor sjøareal for igangsett kommunedelplan for kyst og strandsone, PlanID 12532014007 og dispensasjon vert ikkje handsama før planspørsmålet er endeleg avgjort, jf. planog bygningslova § 13-1, 1. ledd, jf. § 13-2." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 020/15: gnbn 137/11 - søknad om dispensasjon, gjerde mot veg og oppsett av bod, byggegrenser m.m. Rådmannen sitt framlegg: Søknad : Datert 13.11.2014, sak komplett 20.11.2014. Lovheimel Eigedom Stad Tiltakshavar : Plan- og bygningslova § 19-2. : Gnr. 137, bnr. 11. : Valestrandfossen. : Eide AS v/Tone Vatle. Dispensasjon: «Med heimel i § 19-2, i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå § 12-4, Rettsverknad av reguleringsplan, og § 12-5, Arealføremål i reguleringsplan, i same lov. Dispensasjonen gjeld tiltak i strid med føremål i reguleringsplan, Valestrandsf. sentrum, frå føremål anna trafikkområde til bustadføremål, tiltak gjerde mot mot veg, vist til punkt to i søknad: re-oppføring av gjerde mot fylkesveg og ferjekai, slik at Eideshuset vert verna mot gjennomgang og innsyn, og skjerma mot trafikkstøy . Det vert i påvente av ferdigsstilling av områdeplan for Valestrand sentrum ikkje gjeve dispensasjon for bygging av bod og etablering av fortau.» 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Atle Solberg, H, gjorde slikt framlegg: "Saka vert utsett for synfaring." AVRØYSTING - utsetjing Framlegget vart samrøystes vedteke. PL - 020/15 VEDTAK: "Saka vert utsett for synfaring." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- 021/15: 100/13 - Vestre Kleppe - Krav om tilkopling til offentleg avlaupsleidning - søknad om dispensasjon - klage Rådmannen sitt framlegg: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: "Plan- og kommunalteknisk utval sitt vedtak av 26.11.2014, saksnr. 104/14 vert oppretthalde. Klagen vert ikkje teke til fylgje. Saka vert send Fylkesmannen i Hordaland for avgjerd, jf. plan- og bygningslova § 1-9, jf. forvaltingslova § 33." 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL AVRØYSTING Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. PL - 021/15 VEDTAK: "Plan- og kommunalteknisk utval sitt vedtak av 26.11.2014, saksnr. 104/14 vert oppretthalde. Klagen vert ikkje teke til fylgje. Saka vert send Fylkesmannen i Hordaland for avgjerd, jf. plan- og bygningslova § 1-9, jf. forvaltingslova § 33." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------022/15: 105/26 - Bernes - Søknad om dispensasjon for utlegging av flytebryggje - ny handsaming Rådmannen sitt framlegg: Rådmannen sitt framlegg til vedtak: "Kommunen gjev ikkje dispensasjon frå plan- og bygningslova §§ 1-8, 11-6 og 11-7 til utlegging av flytebryggje på gnr. 105, bnr. 26, Bernes, jf. plan- og bygningslova § 19-2." 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Hildegunn Mo, FRP, gjorde slikt framlegg: "Det vert gitt dispensasjon frå plan-og bygningslova §§ 1-8, 11-6 og 11-7 til utlegging av flytebryggje på gnr. 105, bnr. 26, Bernes, jf. plan- og bygningslova § 192." AVRØYSTING Alternativ avrøysting Rådmannen sitt framlegg - 3 røystet (3AP) Hildegunn Mo sitt framlegg - 2 røyster (1H,1FRP) PL - 022/15 VEDTAK: "Kommunen gjev ikkje dispensasjon frå plan- og bygningslova §§ 1-8, 11-6 og 11-7 til utlegging av flytebryggje på gnr. 105, bnr. 26, Bernes, jf. plan- og bygningslova § 19-2." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------ETTERSEND SAK 023/15: Søknad om konsesjon for erverv av gnr. 149 bnr. 2 i Osterøy kommune Rådmannen sitt framlegg: Osterøy Kommune gjev med heimel i i §§ 2, 7 og 10 i konsesjonslova av 28. november 2003 konsesjon til Nils Inge Skaftun for erverv av gnr. 149 bnr. 2 i Osterøy kommune. 18.02.2015 PLAN- OG KOMMUNALTEKNISK UTVAL Saka vart ettersend med epost 17.02.15. ----------------------------------Utvalsleiar gjorde slikt framlegg: "Saka vert utsett til neste møte." AVRØYSTING - utsetjing Framlegget vart samrøystes vedteke. PL - 023/15 VEDTAK: "Saka vert utsett til neste møte." --------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------Saker/spørsmål teke opp i møtet Øystein Borge, AP, bad om skriftleg svar til neste møte på følgjande spørsmål: «Kva står att før ein kan få i gong oppstart av industriområdet på Espevoll? Kan kommunen gjera noko, eventuelt kva? Utfordringar ein står overfor. Utbyggingsplan. Rekkefølgjekrav – kva er dei, og kva ligg til grunn i dag? ---------------------------------------------------Torunn Åsheim, AP, stilte spørsmål om status for reguleringsplan Vesethgjelet. Rådmannen opplyste at planframlegget kom til kommunen til uttale rett før jul og det er no under behandling. Vegvesenet har stilt nye krav om bru over Vesethgjelet. Utbygging på Espevoll kan starta før vegen gjennom Vesethgjelet er utbetra. -----------------------------------------------------Øyvind Litland, AP, stilte spørsmål om forlenging av fortau fram til avkjøring til Haus skule i samband med arbeidet med V/A-anlegget i Haus, og eventuelt bruk av massar til opparbeiding av parkeringsplass ved skulen. Rådmannen svara at det ikkje er aktuelt med forlenging av fortauet i tilknyting til pågåande anleggsarbeid. Kommunen vil i staden ta saka opp med fylkeskommunen og vegkontoret med sikte på å finna ei løysing på dette. Øyvind Litland, AP, bad om ei orientering om status for Coopbygget, Lonevåg. Rådmannen viste til kontraktsforslag som er oversend Osterøy Utbygging AS til behandling i neste styremøte. Planar for disponering av bygget er under oppdatering og ein reknar med utlysing av anbod på ombygging våren 2015. --------------------------------------------------------Det vart ikkje gjort vedtak i tilknyting til spørsmål og svar. ---------------------------------------------------------Til å skriva under møteboka saman med utvalsleiar vart desse valde: Torunn Åsheim og Hildegunn Mo Lonevåg, 19.02.15 Bente Skjerping utvalssekretær -----------------------------------------Øyvind Litland utvalsleiar ---------------------------------------Torunn Åsheim -------------------------------------Hildegunn Mo
© Copyright 2024