Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane Situasjonsrapport Nr. 1 (27.12.2016 - 08:40)
Hendelse: Ekstremveret Urd
1. Situasjonsbilde
Ekstremveret Urd vart mindre merkbart i Sogn og Fjordane enn det varsla på førehand
kunne gi grunn til å tru. Det har vore ein del utfall i straumforsyninga (vel 5.000 abonnentar
på det meste), men utan at dette så langt ser ut til å ha fått alvorlege konsekvensar. I følgje
KDS er det per no rundt 415 abonnentar som framleis ikkje har straum. For rundt 330
abonnentar i ytre delar av Førdefjorden vil det ta ein god del av dagen før feila er retta, mens
det for dei andre vil gå kortare tid.
Det ser ut som om forsyninga av tele- og datatenester i det store og heile har fungert.
Unnataket er Gulen kommune, der mykje av mobilnettet ikkje fungerer, og det òg er problem
med fastnettet. Telenor melder om eit brot på ein fiberkabel i landsnettet som går gjennom
Gulen kommune.
Det var ein god del problem på vegnettet i går kveld, og det er framleis nokre vegar som er
stengde. Det gjeld særleg på høgfjellsovergangane. Berre E16 Filefjell er open for
kolonnekøyring, mens RV52 Hemsedalsfjellet har kolonnekøyring for store køyretøy).
Trafikken var ein periode innstilt på dei fleste ferjestrekningane. Alle fire flyplassane var
stengde for ordinær rutetrafikk, og det var for dårleg vêr til at ambulansehelikopteret kunne
operere. Vinden var òg så sterk at det periodevis var usikkert om redningshelikopteret kunne
ta av frå Florø.
Helse Førde hadde på førehand sett i verk mange kompenserande tiltak for å kunne
oppretthalde forsvarleg ambulanseteneste (t.d. flytta på ambulansar og sett inn reservar).
Situasjonen har vore vanskelegast for Vik kommune sitt vedkomande. På grunn av
stenginga av Vikafjellet har det ikkje vore mogleg med pasienttransport sørover mot Voss,
og ferjesamband mot Hella og Dragsvik var innstilt. Det var kontakt med ferjeselskapet
Fjord1, og ferja ville prøve å gå ved fare for liv og helse. Vi har så langt ingen opplysningar
om konkrete hendingar der dette har skapt vanskelege sitasjonar.
2. Mediebilde og budskap
Det var både før og under uvêret stor interesse i media. NRK hadde direkte sending store
delar av ettermiddagen og kvelden, og lokalavisene oppdaterte sine nettsider.
3. Tiltak som er iverksatt
Fylkesmannen har inntrykk av at kommunane har vore svært godt førebudde på uvêret, og
dei har sett i verk nødvendige tiltak for å kunne handtere problem som måtte oppstå. Det
gjeld ikkje minst innanfor helsetenester og pleie- og omsorgstenester. Det vart t.d. etablert
lokale legevakter i fleire kommunar som normalt har interkommunale ordningar.
Fylkesmannen vidareformidla varsla frå Meteorologisk institutt til kommunane,
fylkesberedskapsrådet og media. Vi oppmoda m.a kommunane om å ta kontakt med politiet
og lokalt nettselskap for kraft, med tanke på felles situasjonsvurdering og utveksling av
kontaktinformasjon.
1
Vi deltok på telefonmøte med DSB og andre fylkesmannsembete i går kl. 13.00.
Vi hadde telefonkonferanse i fylkesberedskapsrådet kl. 14.00, der rundt 30 personar deltok.
Møtet gav ei nyttig oppdatering om førebuingar som var gjort, og det vart utveksla
informasjon og gjort nokre konkrete avtalar mellom deltakarane i konferansen.
Fylkesmannen si kriseleiing var på Statens hus fram til ca. kl. 22.00, og hadde kontakt med
media, kommunar og etatane i fylkesberedskapsrådet. Det var relativt stille heile kvelden. Vi
var tilgjengelege på telefon og e-post etter det, og tok i mot og formidla vidare nokre
meldingar seint i går kveld og i dag.
2