uULSTEIN KYRKJE

... leit, så skal de finna ...
lukas evangeliet 11,19/
OPPDRAG 1
Prøv å finne ut kva som
ikkje stemmer på bilete
av kyrkjetårnet på Ulstein
kyrkje?
Ulstein nye kyrkje
TRUSOPPL ÆRING
Det er så mange aktivitetar som skjer i
kyrkjelyden og så mange medlemmar i
Ulstein sokn at kyrkja vår har blitt for lita.
Difor skal vi bygge ei ny kyrkje som vi skal
bruke saman med den gamle.
For å få det til treng vi mange som blir
kyrkjebyggarar og gir pengar til å reise
Ulstein nye kyrkje etter eit utkast frå
arkitektfirmaet Snøhetta.
Les meir om Ulstein nye kyrkje på
www.ulsteinnyekyrkje.no
for deg
som går i
tredje klasse
Hemmeleg helsing
frå Ulstein sokn
ved leiarane Greta Haakonsholm
og Wendi Stråbø med fleir.
ULSTEIN KYRKJE
Saman på ferda
uULSTE
IN
KYRKJE
tysdag 24. januar
etter skuletid 0g
søndag 29. januar kl. 11
Vil du vite meir ?
ULSTEIN KYRKJE
DEN NORSKE
KYRKJA
Saman på ferda
ULSTEIN KYRKJE
Saman på ferda
/ Tårnagent/
Kjære
tredje klassing
No er det din tur til å vere
A
i Ulstein kyrkje
tysdag 24. og søndag 29. januar 2017.
Vi skal:
program
Dei frå Haddal skule kan følgje Hødd sin FFO-buss
til kyrkja.
Frå Hasund skule må vi få til ei skyssordning.
Frå Ulstein skule treng vi skyss til dei som ikkje går
på FFO. Dei 4 som går på FFO kan følgje Høddbussen og gå av ved kyrkja.
Dei som går på Ulsteinvik barneskule, går sjølv ned
til Fredheim. NB inngang oppe. Det vil stå nokon
som tek i mot dykk der.
Vi startar på Fredheim, inngang oppe, med eit måltid
og registrering. Det blir to måltid iløpet av dagen.
Henting på tysdagen blir 18:30 i kyrkja.
Søndag
10.45 Oppmøte på galleriloftet i kyrkja
11.00 Gudsteneste. (De som vil levere kake/frukt til
kyrkjekaffien leverar dette på Fredheim, gjerne før
før gudstenesta )
12.00 Kyrkjekaffi med det siste koden!
Oppdraget utført vel heim
Ete agentmat.
Ta agentprøven.
Klatre i kirketårnet.
Hemmeleg oppdrag.
Oppdrag gudsteneste.
Sjekke kirkeklokkene.
Finne mysterier i Bibelen.
Møte kjekke barn og vaksne.
Finne hemmelege koder i kyrkja.
Oppdrag bli kjent med kvarandre
Kan hende kjem det ein hemmeleg gjest?
Det blir oppdrag og mysterier å løyse.
Alle får agentbevis.
Påmelding på nettsida til Ulstein sokn:
www.ulsteinkyrkje.no
Påmeldingsfrist: 19. januar.
FØLG OSS PÅ NET TSIDA VÅR
www.ulsteinkyrkje.no og på facebook: Ulstein kyrkje
Kyrkjekontoret / Sjøgata 61 / 6067 Ulsteinvik
Tlf.: 70 01 76 80 /
Informasjon
til dei vaksne
Tårnagent er eit
tilbod i kyrkja si trusopplæring for barn som fyller 9 år i
2017. Ulstein sokn har ein trusopplæringsplan
frå dåp til 18 år. Ved å følgje denne, vonar vi at barnet
dykkar får ei god innføring i den trua dei er døypte til.
Vi i Ulstein kyrkje ønskjer å lage gode arrangement der borna
føler seg sette og er trygge. Vi legg stor vekt på tryggleik i
arbeidet vårt og Ulstein sokn krev at alle tilsette som jobbar
med barn og ungdom leverer politiattest ved tilsetting.
Eigenbetaling: Vi set pris på at dei som kan, betalar kr. 100. Dette
går til mat og andre utgifter knytt til Tårnagent. Det er høve
til å betale med kort når de hentar eller med Vipps til 80743.
Merk med “tårnagent” og namn på deltakar.
Vi har hatt dette arrangementet på laurdagar før. No vil vi
prøve å ha det på ein vekedag. Dette er vi spente på.
Det er mykje som skjer og det heng i hop, så vi ser helst at
borna er der heile tida. Vi har fleire leiarar med oss.
Om nokon har høve til å gje eit bidrag til kyrkjekaffien på
søndag, frukt eller ei kake så er det superflott! Kryss av på
påmeldinga.
Kontakt oss gjerne om de lurer på noko eller om det er noko de
tenkjer det er greitt at me veit om. Når vi veit, kan vi i samarbeid
med dykk legge til rette for barnet ditt, så opplevinga blir god.
Wendi Stråbø 95764607
[email protected]
Greta Haakonsholm og Bjørn Losvik