Naturfag 2 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet Studieplan

Naturfag 2 for 5.-10. årssteg, Kompetanse for kvalitet
Studieplan 2017/2018
Studieprogramnamn:
Naturfag 2 for 5.-10. årssteg, «Kompetanse for kvalitet».
Naturfag 2 for 5.-10. årstrinn, «Kompetanse for kvalitet».
Natural Sciences 2 for teachers (grades 5-10), «Competence for quality» programme.
Studieprogram:
NF2-510KFK
Studienivå:
Bachelor
(grunnivå)
Studiepoeng
(ECTS):
30
Studielengd:
2 semester
Kull:
2017, haust
Opptakskrav:
Fullført lærarutdanning og 30 studiepoeng naturfag frå tidligare utdanning.
Om studiet:
Studiet er eit vidareutdanningstilbod til lærarar som har 30 studiepoeng naturfag i si
tidlegare utdanning. Innhaldet i studiet svarar til Naturfag 2 i grunnskulelærarutdanninga for
5.–10. årssteg og byggjer soleis på Naturfag 1. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg
solid fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å kunne planleggje, gjennomføre og evaluere ulike
læreprosessar i naturfag. Studenten skal tileigne seg kompetanse til å undervise naturfag i
dagens skule, samt kunne bidra til å utvikle og forme framtidas naturfag ved eigen skule.
Nasjonale føringar: Nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanningane
Læringsutbytte:
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande
læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar:
Studenten
•
•
•
skal ha gode kunnskapar på fagområda biologi, fysikk, geofag og kjemi, og dermed ha
eit solid grunnlag for å undervise på 5.-10. årssteg i grunnskulen
skal ha kunnskap i naturfagdidaktiske tema som er relevante for fagstoffet og
undervisninga i skulen
skal ha kjennskap til naturfagdidaktisk forsking som er relevant både for utvikling av
eigen undervisningskunnskap og for elevar si læring
Ferdigheiter:
Studenten
•
skal kunne planlegge, gjennomføre og vurdere naturfagundervisning for elevar på 5.10. årssteg
1
•
•
•
skal ha gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i faget, og
kompetanse til å fremje slike ferdigheiter hjå elevane
skal kunne bruke kunnskap i naturfagdidaktiske tema samt naturfagdidaktisk forsking
for å utvikle eigen undervisning i faget
skal kunne bidra i lokalt læreplanarbeidet
Generell kompetanse:
Studenten
•
•
•
skal øve opp evna til kritisk tenking på områder i samfunnet der naturvitskap er
relevant
skal øve opp evna til refleksjon kring elevar sitt forhold til naturfag og naturvitskap i
og utanfor skulen
skal vise evne til å samarbeide med andre om å gjennomføre, og utvikle,
naturfagundervisning og lokale læreplanar
Undervisningsorganisering:
Nettstudium, Samlingsbasert, Heiltid, Deltid
Organisering og arbeidsmåtar:
Studiet er sett saman av dei to emna NF103-510KFK (haust eller vår) og NF104-510KFK (vår),
kvart på 15 studiepoeng. Hovuddelen av teoriundervisninga går føre seg på nett. Det er
obligatorisk frammøte til all praktisk undervisning, to samlingar per semester á 2-3 dagar, sjå
Forskrift om studium og eksamen § 4-6. Studiet inneheld skriftlege arbeidskrav og
sluttvurderingar gjennomførast i form av skriftleg eksamen.
Krav til utstyr eller ferdigheiter:
Studentane treng digitalkamera eller godt mobilkamera.
Praksis:
Studiet innehelder ikkje organisert praksis, men det er ei føresetnad at studenten knyter
studia til eigen arbeidssituasjon. Arbeidskrav vil verte knytt til eigen undervisning eller
observasjon av andre si undervisning i grunnskulen.
Anna:
Studiet kan gjennomførast på eitt (heiltid) eller to (deltid) semester.
Evaluering og kvalitetssikring :
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
(http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Studieplassar:
35
Avdeling:
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning/Studieplanansvarlig: Førsteamanuensis
Øyvind A. Schnell, Tlf. 7007 5475, e-post: [email protected]
2