bokLEK For alle skolestartere i Oppland Alle små filosofar ønskt velkomne til eit møte med Svein Nyhus! Bokleik-turné Alle barna som går siste året i barnehagen, blir invitert til folkebiblioteket der dei får møte årets Bokleik-forfattar. Bokleik-forfattar i 2017 er Svein Nyhus. Under Bokleik-turneen kjem Svein til å formidle si bok «Jeg!», som er ei biletbok for små filosofar om det å vere menneske. Hva er Bokleik? Bokleik er eit samarbeid mellom Norsk Litteraturfestival, Oppland fylkesbibliotek og alle dei 26 folkebiblioteka i Oppland. Målet med prosjektet er å skape positive litteraturopplevingar for alle skolestartarar i fylket. Bokleik starta opp i 2014, og i 2016 deltok nesten 1400 barn frå heile fylket i prosjektet. I løpet av mars og april vil skolestartarane bli invitert med på Bokleik - til å oppdage boka gjennom å lytte, teikne, dikte, fortelje og skape. Leik med boka! Bøkene til Svein Nyhus kan lånast på ditt lokale folkebibliotek. Forfattarmøte blir alltid best med eit publikum som er førebudd, så vi oppmodar barnehagane til å låne bøker på biblioteket og lese dei saman med barna i forkant av Bokleik. På www.boklek.no finst det nyhende, tips og idear til aktivitetar som kan gjennomførast i barnehagane og heime, etter besøket på biblioteket. Her kan også biblioteka leggje ut bilete fra barnehagebesøka, og det kan vere eit fint utgangspunkt for å snakke med barna om bøkene og bibliotekbesøket. Årets forfattar Bokleik-forfattaren i 2017 er Svein Nyhus, ein av Noregs aller fremste illustratørar og barnebokforfattarar. Svein er fødd i Tønsberg 23. januar 1962 og gjekk på Statens håndverksog kunstindustriskole (SHKS) i Oslo frå 1981 til 1985. Sidan 1986 har Nyhus vore frilans illustratør. Han har teikna for blad, aviser og anna, men frå 1995 har han først og fremst skrive og illustrert biletbøker. Han er godt kjent for sitt samarbeid med forfattaren Gro Dahle, om fleire allalderbøker med psykologiske og symbolske motiv. Fleire av bøkene til Svein Nyhus formidlar filosofisk og eksistensiell undring i eit enkelt språk og med eit utradisjonelt handlingsforløp. bokLEK For alle skolestartere i Oppland Eit samarbeidsprosjekt mellom alle folkebiblioteka i Oppland og Bokleik er støttet av
© Copyright 2024