Høyanger kommune Møtebok

Høyanger kommune
Ordføraren
Plan og forvaltning v/kommuneplanleggar
Saksnr.
17/36
Dok-ID
17/1499
Arkivkode
PlanID 2017/001, FA L81
Sakshandsamar
RIF
Dato:
23.02.2017
Planoppstart og høyring av planprogram - utviding bustadfelt Søreide
Planutval vedtok i møte 31.01.2017 i sak nr 001/17 følgjande:
Planutvalet vedtek oppstart av planarbeid, samt offentleg ettersyn av framlegg til planprogram
jf. plan og bygningslova §§ 12-8 og 12-9.
Med helsing
Rita Flaten
politisk sekretær
Postadr.:
Postboks 159
6991 Høyanger
Besøksadr.:
Aug. Gunnarskogsgt. 1
6993 Høyanger
Telefon:
57 71 15 50
Bankgiro:
3705 24 53640
Org.nr. 944439838
E post:
[email protected]
www.hoyanger.kommune.no
Høyanger kommune
Møtebok
Saksnr. utval
001/17
Utval
Planutval
Arkiv:
JournalpostID:
PlanID 2017/001, FA L81
17/437
Sakshandsamar:
Synne Vefring
Møtedato
31.01.2017
Planoppstart og høyring av planprogram - utviding bustadfelt
Søreide
Rådmannen si tilråding:
Planutvalet vedtek oppstart av planarbeid, samt offentleg ettersyn av framlegg til
planprogram jf. plan og bygningslova §§ 12-8 og 12-9.
31.01.2017 Planutval
FP-001/17 VEDTAK - samr.:
Planutvalet vedtek oppstart av planarbeid, samt offentleg ettersyn av framlegg til planprogram jf.
plan og bygningslova §§ 12-8 og 12-9.
Side 2 av 3
Saksutgreiing:
Bakgrunn
Høyanger kommune og grunneigar Marte Søreide gjennomførte oppstartsmøte for
planarbeidet 17.11.2016. På møtet vart ein einige om å samarbeide om å regulere delar av
eigedommen hennar, gnr. 15 bnr. 10, til bustadføremål kombinert med ein eller to
utleigehytter. Ein vart også einig om å leggje til rette for ei mogleg utviding av eksisterande
moloanlegg, blant anna som eit tiltak for auke buattraktiviteten til bustadfeltet og området
rundt.
Høyanger kommune har satt av midlar til planlegging av området i investeringsbudsjettet
for 2017, og vil ta på seg ansvaret for utarbeiding av framlegg til detaljreguleringsplan for
området jf. Plan og bygningslova § 12-3.
Vurdering
Næringslivet på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune opplev vekst, og det har
vore problematisk for enkeltverksemder i området å finne eigna bustad til nye tilsette.
Dette gjer rekrutteringsarbeid vanskeleg. Samtidig har ein ved fleire høve opplevd at
potensielle tilflyttarar har busett seg i nabokommunar, eller har valt å pendle frå stadar
utanfor fylket. Ein slik situasjon er uheldig og ikkje i tråd med overordna mål i
kommuneplanen sin samfunnsdel om folketalsvekst og vekst i tal arbeidsplassar.
Regulering av det aktuelle område på Søreide til bustad er difor eit viktig tiltak for å nå
desse mål.
Det aktuelle planområdet er i kommuneplanen sin arealdel vist med arealbruksføremåla
landbruk, natur og friluftsområde (LNF), småbåthamn og naust. Området tiltenkt
byggjeareal for bustad og utleigehytter utgjer i hovudsak innmarksbeite og fulldyrka jord.
Framlegg til ny arealbruk er difor delvis i strid med arealføremåla i kommuneplanen sin
arealdel. Området er likevel vurdert som eit eigna område for bustadbygging då det er ei
utviding og fortetting av allereie eksisterande bustadfelt. Det er ei målsetting at utbygginga
skal gå føre seg trinnvis slik at ein unngår unødvendig nedbygging av landbruksareal.
Planområdet ligg innanfor aktsomheitskart for snøskred, steinsprang, samt jord og
flaumskred. Det går i tillegg eit elvelaup gjennom området. Planarbeidet må ha fokus på
skredfare og eventuelle behov for sikringstiltak og/eller restriksjonar på byggeareal.
Planområdet er også innanfor byggeforbodsgrensa til sjø, og fokus på å bevare fritids- og
rekreasjonsverdiar i strandsona vil vere viktig.
Rådmannen sin konklusjon
Det er behov for tilrettelegging av ytterlegare bustadar i området Bjordal/Søreide. Området
som skal planleggast er både attraktivt og eigna for bustadbygging og vil forsterke det
allereie etablerte bustadmiljøet i området.
Regulerings av området til bustad vil vere eit viktig tiltak i arbeidet med å auke folketalet og
tal arbeidsplassar i kommunen.
Side 3 av 3