Eksempel på installasjon av app for vising av GPX spor og henting

Eksempel på installasjon av app for vising av GPX spor og henting av sporlogg frå nettsida
Version: 01/ 2017-01-29
Laga av: Geir O. Guddal
E-post: [email protected]
Føreord
Underteikna er ingen ekspert verken på bruk av smart-telefonar generelt eller GPX appar
spesielt. Notatet nedanfor oppsummerer det eg erfarte under installasjon av appen «Geo
Tracker» på ein Samsung Android telefon. Kom gjerne med tilbakemeldingar og tips om
forbetringar.
Installasjon av App
Gå til Play butikk og søk etter GPX app. Underteikna brukte programmet Geo Tracker.
Nedlasting av spor frå nettsida
Start nettlesaren på mobilen og naviger til nettsida www.indreaustsio.no. Gå til
menypunktet Føyk-Turar-Kart og Spor.
Klikk på linken som seier at GPX spor til bruk på GPS eller smart-telefon kan lastast ned her.
Ei Zip-fil med alle spora blir då lasta ned på telefonen. Bruk filbehandlar for å gå til zip fila.
På min telefon ligg filbehandlaren den på Mappa Samsung og heiter «Mine filer».
Velg «Enhetslagring/Download» og finn den nedlasta file som heiter noko slik som «SporIndre-Austsio». Velg den. Trykk så meir og velg pakk ut i gjeldende mappa.
Trykk og hald fingeren på den utpakka GPX fila. Velg så mer og flytt.
Naviger slik: Enhetslagring-documents-My maps- GPX.
Importering av GPX til kart på App
Start appen din. I min Geo Tracker app trykkjer eg så på dei tre prikkane oppe til høgre. Velg
«Import from folder».
Alle spora frå Indre Austsio blir då henta inn på kartet. Sporet heiter på min telefon «1
Børve-Stegastein», men inkluderer alle spora. Det kan hende du må trykkja på kartsymbolet
oppe til venstre, under «menyen» til programmet, for at spora skal visast.
Då er det tut og køyr. Hugs å slå på «posisjon» på innstillingane til telefonen. Då vil du kunna
sjå kor du er i høve til sporet.