Saksdokument kommunestyret

Lærdal kommune
Sakspapir
Saksnr.
014/17
Utval
Formannskapet
Møtedato
26.01.2017
008/17
Kommunestyret
09.02.2017
Sakshandsamar: Torunn Liltved
Arkiv:
Arkivsaksnr. 13/734 - 56
Ny forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune etter nedlegging av
Ljøsne skule
Kort samandrag:
Saka gjeld ny forskrift om skulekrinsane i Lærdal etter vedtak om nedlegging av Ljøsne skule
frå skuleåret 2017/2018. To alternativ til nye krinsgrenser har vore på høyring.
Høyringsfristen er avslutta og det har komme sju innspel.
Rådmannen si tilråding:
Kommunestyret vedtek ny forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune etter
forvaltningslova §7 slik:
Forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune.
Fastsett i Lærdal kommunestyre 09.02.2017 med heimel i Opplæringslova av 17. juli 1998 §8
– 1. ledd, andre punkt.
Skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal skal vere slik:
Oppvekst Borgund: 1.-7. trinn. Krinsen omfattar området for gamle Borgund kommune, med
gamle kommunegrense som grense i vest.
Lærdalsøyri skule: Oppvekst Ljøsne inngår i krinsen til Lærdalsøyri skule. Krinsen omfattar
resten av kommunen. Alle elevar på ungdomssteget går på Lærdalsøyri skule.
Kart i målestokk 1:100 000 følgjer som vedlegg til forskrifta. Forskrifta tek til å gjelde frå
01.07.2017 og erstattar forskrift av 01.07.2012.
26.01.2017 Formannskapet
Røysting:
Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedteke.
FS-014/17 Vedtak:
Kommunestyret vedtek ny forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune etter
forvaltningslova §7 slik:
Forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune.
Fastsett i Lærdal kommunestyre 09.02.2017 med heimel i Opplæringslova av 17. juli 1998 §8
– 1. ledd, andre punkt.
Skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal skal vere slik:
Oppvekst Borgund: 1.-7. trinn. Krinsen omfattar området for gamle Borgund kommune, med
gamle kommunegrense som grense i vest.
Lærdalsøyri skule: Oppvekst Ljøsne inngår i krinsen til Lærdalsøyri skule. Krinsen omfattar
resten av kommunen. Alle elevar på ungdomssteget går på Lærdalsøyri skule.
Kart i målestokk 1:100 000 følgjer som vedlegg til forskrifta. Forskrifta tek til å gjelde frå
01.07.2017 og erstattar forskrift av 01.07.2012.
09.02.2017 Kommunestyret
Røysting:
Tilrådinga frå Formannskapet vart samrøystes vedteke.
KS-008/17 Vedtak:
Kommunestyret vedtek ny forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune etter
forvaltningslova §7 slik:
Forskrift om skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal kommune.
Fastsett i Lærdal kommunestyre 09.02.2017 med heimel i Opplæringslova av 17. juli 1998 §8
– 1. ledd, andre punkt.
Skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal skal vere slik:
Oppvekst Borgund: 1.-7. trinn. Krinsen omfattar området for gamle Borgund kommune, med
gamle kommunegrense som grense i vest.
Lærdalsøyri skule: Oppvekst Ljøsne inngår i krinsen til Lærdalsøyri skule. Krinsen omfattar
resten av kommunen. Alle elevar på ungdomssteget går på Lærdalsøyri skule.
Kart i målestokk 1:100 000 følgjer som vedlegg til forskrifta. Forskrifta tek til å gjelde frå
01.07.2017 og erstattar forskrift av 01.07.2012.
Vedlegg:
Kart over skulekrins
SU Borgund - høyringsinnspel krinsgrense
FAU Borgund skuke- høyringsinnspel krinsgrense
Klubben på Borgund skule - uttale til skulekrinsgrenser
Saltkjelen Vel - merknad til høyring om endring av forskrift om skulekrinsgrenser i Lærdal
kommune
FAU Ljøsne skule - uttale ang skulekrinsgrenser
SU ved Ljøsne skule - uttale
Høyring, skulekrinsar.docx
Relevante dokument i saka
Skulebruksplan 2015 – 2030 for Lærdal kommune
Kommunestyrevedtak 073/16, Skulebruksplan for Lærdal 2015 – 2030 – val av alternativ
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.
Opplæringslova §8-1
Forvaltningslova kap.7
Saksutgreiing
Bakgrunnen for endring i skulekrinsgrenser er sak om skulebruksplan og vedtak om
nedlegging av Ljøsne skule frå skuleåret 2017-18, der det i den fyrste saka vart vedteke at
skulekrinsgrensene blir å vurdere og endre i ei eiga sak (Kommunestyret 20.10.2016). Den
nye forskrifta vil gjelde frå 01.07.2017.
Opplæringslova §8-1 seier dette om skulekrinsar: Grunnskoleelevane har rett til å gå på den
skolen som ligg nærast eller ved den skolen i nærmiljøet som dei soknar til. Kommunen kan gi
forskrifter om kva for skole dei ulike områda i kommunen soknar til. Det står vidare under
punkt e i same paragraf: Etter søknad kan eleven takast inn på annan skule enn den eleven
soknar til. Dette gir i praksis fritt skuleval i kommunen, dersom ikkje kapasitetsproblem gir
kommunen grunnlag for å avslå ein søknad. Auka utgifter til skyss må foreldra betale sjølve,
dersom dei vel skule utanfor barnet sin skulekrins.
I skulebruksplanen er konsekvensar av ulike alternativ for skulestrukturen i Lærdal greidd ut.
Det gjeld mellom anna kapasitet, pedagogiske og organisatoriske konsekvensar av dei ulike
alternativa, skuleskyss og reisetid.
Skulekrinsane/opptaksområde i Lærdal i dag
I formannskapssak 018/12 vart det vedteke at skulekrinsane i Lærdal skulle vere slik frå
01.07.2012:
Oppvekst Borgund: 1. – 7. trinn. Krinsen omfattar området for gamle Borgund kommune med
gamle kommunegrense som grense i vest.
Oppvekst Ljøsne: 1. – 7. trinn. Krinsen omfattar området frå gamle kommunegrense i aust til
og med gnr.16 bnr.6 (Arne Harald Tønjum) på nordsida av elva og gnr.20 bnr.2 (Anlaug Eri
Jakobsen) på sørsida av elva i vest.
Lærdalsøyri skule: 1. – 7. trinn for resten av kommunen. Alle elevar på ungdomssteget i
kommunen går på Lærdalsøyri skule.
Høyring
Etter vedtak om nedlegging av Ljøsne skule må skulekrinsgrensene regulerast på nytt. I
høyringsbrevet, som vart sendt ut 10.12.2016, vart to alternativ skisserte:
Altenativ 1: Oppvekst Ljøsne inngår i krinsen til Lærdalsøyri skule. Krinsen omfattar området
frå gamle kommunegrense i aust til og med gnr. 16 bnr. 6 på nordsida av elva og gnr. 20 brn.
2 på sørsida av elva i vest.
Alternativ 2: Ny krinsgrense ved Bøabrui på Ljøsne. Elevane som bur aust for brui soknar til
Borgund skule, dei på vestsida til Lærdalsøyri. Ny krinsgrense går slik:
Lærdalsøyri skule: Gnr.11, bnr.4 (Harald Blaaflat Mundal), 12/6 (Lars Petter Nesse), 12/4
(Steinar Starheimseter) og alle vest for dei, soknar til Lærdalsøyri skule.
Borgund skule: 11/24 (Mogens Vasegaard), 11/22 (Ljøsnabui AS), 11/6 (Nils Blaaflat), 12/2
(Oddgeir Bøe) og alle aust for dei.
Etter at høyringsfristen gjekk ut 06.01.2017 er det komme sju uttalar:
Samarbeidsutvalet ved Borgund skule: Ynskjer alternativ 2. Ei krinsgrense ved Bøabrui vil
gje eit større elevgrunnlag og læringsmiljø ved Borgund skule. Skulen har kapasitet til ca 60
elevar og har såleis god plass til å ta imot fleire. Elevane frå Ljøsne vil komme frå ein fådelt
skule og halde fram på ein skule med same struktur. Ei krinsgrense ved Bøabrui vil knyte
Lærdal sterkare saman som kommune.
FAU Borgund skule: Tilrår alternativ 2. Fleire elevar frå Ljøsne vil styrke det gode miljøet på
Borgund skule. Skulen har god plass og er i god teknisk stand.
Klubben i Utdanningsforbundet, Borgund skule: Er positive til å ta imot nye elevar, men
overlet til politikarane å bestemme spørsmålet om krinsgrenser.
Styret i Saltkjelen Vel: Tilrår alternativ 1 etter intern høyring hjå bebuarane i Saltkjelen. Dei
ser det som mest naturleg at oppvekst Ljøsne inngår i krinsen til Lærdalsøyri skule på grunn
av barnehagetilbodet på Øyri, ungdomsskulen som ligg der, mange arbeidsplassar for foreldra
og andre sentrumsfunksjonar.
FAU Ljøsne skule: Støttar alternativ 1 for ikkje å splitte grendene og venner meir enn
naudsynt. Dei ynskjer at ljøsneelevar som søkjer seg til Borgund får kostnadsfri skuleskyss.
SU Ljøsne skule: Støttar FAU sin uttale, det vil seie alternativ 1.
Utdanningsforbundet Lærdal: Vil ikkje ta stilling til alternativa, men ber om at omsynet til
barna mtp venskap og trygg skuleveg må telje mest.
Skuleveg og skyss
Reisetida for elevar frå Ljøsne til Lærdalsøyri vert vurdert som akseptabel. Elevane vil ha rett
på gratis skyss. Om foreldre søkjer elevar til ein annan skule enn den dei soknar til, vil dei
måtte sjølv betale for ekstra kostnader. Det vil vere vanskeleg å gje elevar frå Ljøsne unnatak
for dette, då det vil kunne skape uføreseielege skysskostnader framover. Det vil komme
midtskyss frå Lærdalsøyri skule etter skuletid frå nytt skuleår, slik at dei yngste elevane ikkje
får lang ventetid etter skuleslutt.
Økonomiske konsekvensar
I budsjettet til kommunen for 2017 er det lagt inn ei innsparing på 2 millionar som følgje av
endring i skulestrukturen. Grunnlaget for dette er at 50% lærarressurs og ressursar til
spesialundervisning skal følgje elevane frå Ljøsne skule. Alternativ 1 vil kunne gjennomførast
med desse ressursane, medan alternativ 2 ville krevje meir lærarressursar for å tredele
Borgund skule.
Vurdering
Ved ei gjennomføring av alternativ 2, med krinsgrense ved Bøabrui, ville 29 nye elevar ha
Borgund som sin skulekrins og 11 elevar vil kome til Lærdalsøyri hausten 2017. Borgund
skule har nok areal til å ta imot desse elevane, og eit større elevmiljø ville truleg vere ein
sosial og pedagogisk fordel. Skulen ville bli tredelt i staden for todelt, som den er i dag, og
dette vil krevje minst eitt nytt lærarårsverk. Dette er meir enn det som er lagt til grunn i
Økonomi- og handlingsplan 2017 - 2020 og budsjettet for 2017.
Lærdalsøyri skule har også romkapasitet til å ta imot elevane frå Ljøsne, viser til utgreiing i
skulebruksplanen. Prognosar for åra fram til 2013 viser eit elevtal på frå 200 til 240 elevar
(SSB sin modell for høg vekst) ved Lærdalsøyri skule inkludert elevane frå Ljøsne.
For nokre av høyringsinstansane er det at ungane frå Ljøsne går i barnehagen på Øyri, eit
moment for at dei ynskjer alternativ 1. Elevane vil kunne halde fram i skulen med dei barna
dei er blitt kjende med i barnehagen, der det ofte vert knytt vennskap som det er uheldig å
bryte opp. At mange foreldre jobbar på Lærdalsøyri, er også ein grunn for at det kan vere
praktisk at ungane reiser i same retning.
Meiningane til foreldra og lokalsamfunnet på Ljøsne er svært viktig i denne saka, det er dei
som fyrst og fremst vil merke konsekvensane. At dei tre høyringsinstansane som har uttala
seg frå Ljøsne alle ynskjer at elevane skal til Lærdalsøyri, har vore eit viktig grunnlag for
tilrådinga i saka.
På bakgrunn av ei samla vurdering rår rådmannen til at oppvekst Ljøsne inngår i krinsen til
Lærdalsøyri skule.