Kartleggingsprøver

FJELL KOMMUNE
Kolltveit skule
TLF: 55 09 76 00
Alebakkane 18
5360 KOLLTVEIT
E-post: [email protected]
Kartleggingsprøver frå UDIR våren 2017
Informasjonsskriv til føresette på 1.- 3.trinn!
I perioden 13. mars – 7. april skal elevane i 1. og 3. trinn gjennomføre kartleggingsprøver i
norsk, rekning og engelsk. Prøvene i lesing på 1., 2. og 3. trinn og prøva i rekning på 2. trinn
er obligatoriske, I tillegg har Fjell kommune også valt å la dei friviljuge prøvane i rekning på
1. og 3.trinn og engelsk i 3.trinn vere obligatoriske i Fjell.
Formålet med prøvene er å finne elevar som treng ekstra hjelp og støtte. Du kan altså ikkje
automatisk konkludere med at ein elev er ekstra god i rekning fordi ho eller han fekk til alle
oppgåvene. Men ein kan finne dei som treng ekstra hjelp og oppfølging.
Utdanningsdirektoratet samlar ikkje inn resultata på kartleggingsprøvane. Resultata skal ikkje
brukast til å samanlikne skular eller kommunar. Dei seier ingenting om kvaliteten på ein
skule.
Om resultata viser at ein elev har behov for ekstra oppfølging, skal dei føresette få
tilbakemelding om prøveresultata og bli informert om kva tiltak skulen sett inn.
Kva slags oppgåver får elevane? Døme på oppgåve i dei ulike prøvene:



Rekning: telje, sortere tal etter storleik, fullføre talrekkjer og rekne med pluss og
minus
Lesing: skrive bokstaver, lese ord og lese setningar
Engelsk: kjenne att og forstå kjente og dagligdagse ord og uttrykk, munnleg eller
skriftlig
Alle elevane skal i utgangspunktet ta prøvene. Fritak kunn i særskilde tilfelle. Dette avgjerast
av rektor i samarbeid med Spes.ped. teamet.
Mvh Administrasjonen på Kolltveit
Kolltveit 07.02.17
Adresse:
Alebakkane 18
5360 Kolltveit
Telefon:
55 09 76 00
e-mail:
[email protected]