Strategisk Plan Ytre Arna skule 2012-2016 1 Skulen sitt verdigrunnlag Visjon for vår skule: Lat dei gode kreftene sigra ~Trivsel, tryggleik og Læringssyn ved Ytre Arna skule: Alle elevar har med seg kunnskap og kompetanse, slik at dei kan lære. Læring er endring av atferd. Læring skjer best i fellesskap og aktiv læring for alle~ samhandling med andre. Læring har fokus på muligheiter Læring må ta utgangspunkt i det eleven kan frå før. Grunnleggjande ferdigheter og tilpassa opplæring til enkelteleven skal vere grunntanken i førebuing og gjennomføring av undervisning Læringsmiljø: er summen av alle dei forhold som har innverknad på elevane sine moglegheiter for læring, samt fysisk og psykisk helse. Slik ønskjer vi at vårt læringsmiljø skal vere: Prega av likeverd, respekt og gode relasjonar, samt trivsel og tryggleik for alle i skulen Alle elevar skal bli sett, oppleve mestring og få utfordringar i samsvar med sine evner Vi legg til rette for læringssituasjonar der elevane er aktive og nysgjerrige og opplever arbeidsglede og vitebegjær Læring foregår under strukturert og tydeleg klasseleiing Undervisninga skal vere variert og vektleggje ulike læringsstilar Elevane skal oppleve god veiledning og tydelege forventningar til prestasjon. Det skal vere klar samanheng mellom mål, innhald, arbeidsmåtar og vurdering 2 Alle elevar skal oppleve eit godt læringsmiljø Alle tilsette er tydelege vaksne som eleven har tillit til. Relasjonsbygging skal pågå kontinuerleg og ha høg kvalitet. ALLE elevar er ALLE sitt ansvar. ALLE elevar skal erfare at dei blir tatt på alvor. Personalet har Elevane har Føresette har ansvar for: ansvar for: ansvar for: Å skape gode klassemiljø og vere tydelege klasseleiarar Å ta vare på kvarandre Vise positiv interesse for eleven si sosiale og faglege utvikling Å respektere den enkelte eleven sine særtrekk og føresetnader Å gi gi elevane tryggleik på at dei blir sett og høyrd Å vere hyggjeleg og venleg i omgang med elevane Å vere eit godt førebilete Å vere opptatt av at alle har det trygt Å inkludere kvarandre i arbeid og i leik Snakke positivt om skulen Setje av tid til å hjelpe med lekser og skulearbeid. Å vise omsorg for kvarandre Å vere hyggjelege og venlege mot kvarandre og dei vaksne Delta på aktivitetar knytta til skulen Å følgje opp skulearbeidet og yte sitt beste Skule og heim har saman ansvar for: Å utvikle relasjon prega av respekt, tillit og samarbeidsvilje Å utvikle ein god og åpen dialog Å vere lydhøre for dei andre sine synspunkt Å ha respekt for at ein har ulike perspektiv Å vere imøtekommande overfor kvarandre. Å ha positive forventningar til eleven og følgje opp desse. ALLE i skulemiljøet har ansvar for å varsle, dersom dersom det er mistanke om at nokon blir mobba. Tidsplan for satsingsområdene 2012-2013 Innføring og implementering av Olweusprogrammet 2013-2014 Olweus + Kommunikasjon 2014-2015 Lesing 3 2015-2016 Rekning Skulen sitt arbeid med elevane sin faglege og sosiale kompetanse Ytre Arna skule følgjer føringane gitt av Utdanningsdirektoratet og Fagavdeling for skule og barnehage i Bergen kommune, der lesing og rekning skal drivast i alle fag. Kommunen sin plan for kvalitetsutvikling 2012 – 2016 beskriv tre satsningsområder: Lesing som grunnleggjande ferdighet Realfag med vekt på rekning Kommunikasjon Ytre Arna skule har utarbeidd lokalt tilpassa læreplanar i samsvar med Kunnskapsløftet (2006). Desse er forpliktande for det pedagogiske personalet. LESING: Hovedmål: Elevane skal utvikle god lesekompetanse. Elevane skal øve på ulike lesestrategiar, og etter kvart foreta «lesestrategivalg» til hjelp for den enkelte. Det er eit mål å betre elevane sine resultat på kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar, samt å nå Bergen kommune sin standard for lesing. Strategi: Fokus på lesing i alle fag Implementering av helhetlig leseplan, samt Bergen kommune sin plan for lesing Systematisk kartlegging og oppfølging 4 REKNING: Grunnleggjande rekneferdigheiter er nødvendig for å kunne meistre ei rekke livsområde, og for å kunne forstå viktige samfunnspørsmål. Når vi arbeider med rekning i dei ulike faga, vil vi ta utgangspunkt i kvardagslege, praktiske og konkrete eksempel. Hovedmål Elevane skal utvikle god matematikkompetanse med tanke på forståing, ferdighet og anvendelse. Det er eit mål å betre elevane sine resultat på kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar, samt å nå Bergen kommune sin standard for rekning. Strategi: Bruke den lokale læreplanen aktivt (K06 og Bergen kommune sin plan for rekning) Bruke konkretiseringsmateriell Forpliktande kartleggingsrutiner som dokumenterer reknekompetansen hos den enkelte eleven, og som sikrar muligheit for tidleg innsats. NATURFAG: Hovedmål: Elevane skal utvikle kunnskap og forståing, for å fremme bærekraftig utvikling. Elevane skal utvikle nysgjerrighet gjennom NORM begrepet - observasjon, refleksjon og meistring av faget. Strategi: Bruke den lokale læreplanen aktivt Aktiv bruk av NORM-utstyr Bruke konkretiseringsmateriell Bruke demonstrasjonar og øvingar 5 KOMMUNIKASJON: Hovedmål: Mål og strategi blir konkretisert når føringar og planar utarbeidd av fagavdelinga ligg føre. DIGITAL LÆRING: Hovedmål Elevene skal kunne bruke digitale verktøy for læring og meistring i kunnskapssamfunnet. Strategi: Bruke den lokale IKT-planen aktivt Skulen skal ha ei aktiv heimeside med offentleg informasjon It`s learning skal være ein aktiv læringsplattform og ein portal til føresatte for oppfølging av barnet Gi elevane effektive teknikkar i tekstproduksjon, rekning og presentasjon Digital danning tas opp som tema i undervisning, klassemøter og foreldremøter 6 SOSIAL KOMPETANSE: Hovedmål: Systematisk arbeid med sosial kompetanse skal støtte opp under og bidra til eit godt læringsmiljø. Ytre Arna skule sin sosiale læreplan gir felles føringar for strategi og praksis i arbeidet med å utvikle elevane sin sosiale kompetanse. Arbeidet med læring av sosial kompetanse skal relaterast til alle fag og timar. Strategi: Aktiv bruk av skulen sin sosiale læreplan Innføre og implementere Olweus-programmet mot mobbing og antisosial adferd Aktiv bruk av skulen sin handlingsplan mot mobbing ART-grupper vert gjennomført av rådgivarane på skulen Trivselsfremjande tiltak: Aktivitetsplan og årshjul (for Ytre Arna skule) Trivselsleiarprogram (for barne- og ungdomsskulen) Årleg trivselsundersøking Årleg foreldreundersøking Skulen sitt hovedsatsingsområde skuleåret 2012/2013 er sosial kompetanse. Dette inneber innføring av Olweusprogrammet, implementering av Ytre Arna skule sin sosiale læreplan, samt støttefunksjonar knytta til utvikling av god undervisning. 7 Skulen sin strategi for utvikling av eigen organisasjon Definisjon av ”lærande organisasjon”: Organisasjonar der deltakarane jamleg utviklar evna til å skape ønska resultat, der nye og ekspansive tankesett blir framelska, der kollektive ambisjonar får spelerom, og der menneska kontinuerleg lærer meir om korleis ein lærer saman. (Senge 1990/Roald 2012). SKULEN SOM LÆRANDE ORGANISASJON: Hovedmål: Vi vil leggje til rette for at både elevar, personale og leiing kan lære av kvarandre gjennom samarbeid, gjennomføring og vurdering av opplæringa. Vi vil arbeide oss fram til at følgjande kjenneteikn er gjennomgåande: Vi kombinerer forståing for skulen si historie med klare forventningar om framtida. Vi får til samsvar mellom uttrykt teori og reell praksis. Gjennom felles refleksjon utfordrar vi mål, verdiar og normer for å etablere felles forstått bruksteori. Vi nyttar utviklingstrategiar der vi er villige til å endre formelle mål, prosedyrer, ansvarsforhold og arbeidsdeling, samtidig som vi tar vare på uformelle organisasjonsforhold som intuisjon, rutinar og relasjonar. Vi ser på og involverer elevar og foreldre både som brukarar og deltakarar. Vi legg til rette for samspel med lokalmiljø og omgivnader. 8 Strategiar: Vi er opptatt av å etablere metaperspektiv på eigen organisasjonslæring. Vi legg til rette for meiningsdanningsprosessar. Det er viktig at tilsette skal oppleve meining med nye arbeidsformer. Dei tilsette skal vere aktive aktørar i utviklingsarbeidet. Tydelege ambisjonar og forventningar på alle nivå. Felles praksis og lojalitet overfor planverkty og overordna føringar. Vi set i gong kollektive læringsprosessar som gir rom for felles erfaringsdeling, refleksjon, utvikling og god samhandling mellom alle aktørar i skulen. Vi lærer gjennom erfaringsdeling, utfordrar kvarandre, prøver ut, evaluerer og justerer. Kunnskapsutviklande møteform blir nytta på samtlege nivå. Vi legg til rette for kollektiv læring gjennom felles kompetanseheving. Leiinga gjennomfører skulevandring. Systemisk arbeid med kvalitetsvurdering. Faste rutinar og systematisk oppfølging av kartleggings- og nasjonale prøvar. Avdelingsleiar gjennomfører resultatsoppfølgingsamtalar med lærarane i etterkant av kartleggingsprøvar og nasjonale prøvar Digital møteplass på It`s learning der alle skal leggje inn stoff som er relevant for si avdeling. Felles praksis for vurdering og tilbakemeldinger til elev og føresette. Gode møteplassar for utvida samhandling skule og SFO. EVALUERING AV SKULEN SIN STRATEGISKE PLAN: Strategisk plan blir årleg evaluert, i forkant av planlegging av nytt skuleår. Planen blir sett i samanheng med den årlege tiltaksplanen. Både tilsette, personale og Samarbeidsutval blir involvert i evalueringa. Resultat frå kartleggingsprøver, nasjonale prøver, trivselsundersøkingar, elevundersøkinga, Olweusundersøking og foreldreundersøking vil bli nytta i evalueringa. 9 Utfyllande plandokument: Ytre Arna skule sin tiltaksplan for skuleåret 2012/2013 BMS (Balansert Mål Styring) handlingsplan for Ytre Arna skule 2012/2013 Felles ordensreglar for Bergen kommune Felles reglar for oppfølgjing av elevfråvær i Bergen kommune Lokale fagplanar ved Ytre Arna skule Sosial læreplan for Ytre Arna skule Handlingsplan mot mobbing ved Ytre Arna skule Aktivetsplan og årshjul for Ytre Arna skule Reglar og rutinar for tilsette ved Ytre Arna skule 10
© Copyright 2024