sjekkliste til bruk i eigen bustad

HORNINDAL KOMMUNE
Førebyggande heimebesøk
SJEKKLISTE TIL BRUK I EIGEN BUSTAD
Soverom
Kan du skru på lyset frå senga?
Er det tilstrekkelig med lys om du skal gå frå senga til toalettet
midt på natta?
Har du telefon på nattbordet?
Er det vanskeleg å kome seg ut av senga fordi ho er lav?
Toalett/bad
Har du badematte eller sklisikkert underlag i badekaret og
dusjen?
Er golvbelegget på bad /dusjrom sklisikkert?
Er det montert nødvendige handtak ved badekar, dusj og toalett?
Treng du stol til å sitte på når du dusjar?
Gang /opphaldsrom
Er lause tepper sikra slik at det ikkje er fare for å snuble?
Ligg det lause leidningar på golvet?
Kjøkken
Er dei tinga du brukar mest plassert nedst i kjøkkenskapet?
Hendet det at du gløymer å slå av kaffitraktaren eller plata på
komfyren?
Har du vurdert å installere kaffivakt / komfyrvakt med tidsur?
Tek du ut kontakta til kaffitraktar, vasskokar og andre
småelektriske apparat når dei ikkje er i bruk?
Trapper
Har alle trapper rekkverk på begge sider?
Er rekkverka godt festa?
Er det godt lys i trappene?
Er det lause tepper i trappene?
Er trappetrinna markert på kanten av trinnet?
Er det sklisikker tape på trappetrinna?
Ja
Nei
Ute
Er det utelys ved inngangsdøra?
Brukar du sko med glatte solar?
Har du sand lett tilgjengeleg ved inngangspartiet slik at du kan
strø om det er glatt?
Dersom du brukar stokk eller krykke: Har du montert på ispigg
når det er glatt?
Brukar du isbroddar?
Generelt
Brukar du stødige innesko?
Treng du skohorn?
Har du ei stødig og lett tilgjengeleg gardintrapp med handtak ?
Har du telefon der du sit / oppheld deg mest?
Har du liste over viktige telefonnummer der telefonen er? (Brann,
ambulanse, politi, slektningar, nabo.)
Er det montert tilstrekkeleg med røykvarslarar i huset?
Blir røykvarslarane testa ein gong pr. månad?
Er røykvarslerane seriekopla?
Har du godkjent brannslukkingsutstyr lett tilgjengeleg?
Er bruk av levende lys tilfredsstillande?
Kan røyking medføre brannfare? Er det behov for røykeforkle?
Skrur du av TV-apparatet med PÅ / AV knappen før du legg deg?
Har du rømmingsvegar som du klarer å nytte deg av ved eiga
hjelp?
Tips
Har du vurdert å gi ein husnøkkel til ein slektning eller nabo som
du kan stole på?
Er det montert kikhol i inngangsdøra slik at du kan sjå kven som
ringer på?
Har du lommelykt på ein bestemt plass i tilfelle straumbrot?
Lykke til med å trygge din eigen heim!
Førebyggande heimebesøk Hornindal kommune, 2017.