Førebygging av trykksår ved rett bruk av rette hjelpemiddel Kor stort er problemet? For den det gjeld: Katastrofe! (Sosial isolasjon, inaktivitet, depresjon, allmenntilstand, skam?, dødssjedeli). Prevalens: - På helseinstitusjon i Norge: 3-23%. - I Norge: 30 000 per år - Heimebuande med ryggmargsskade i USA: 33%. - USA: 60 000 døyr av trykksår per år. NAV, 12.01.2017 Side 2 Årsak til trykksår Trykk over tid (deformering av celler + nedsett sirkulasjon) Glidekrefter (shear) Friksjon Mikroklima (varme, fukt) Brukar sitt funksjonsnivå og medisinsk tilstand NAV, 12.01.2017 Side 3 Førebygging, generell Kva er behovet? NAV, 12.01.2017 Side 4 Kartlegging av behov krev samhandling! NAV, 12.01.2017 Side 5 Evaluering Tilbakemelding Praktisk problem Reparasjonar Teknisk sørvis Målsetjing rehab-plan Brukaren Oppfølging Vegleiing Opplæring Trening NAV, 12.01.2017 Utgreiing av totalsituasjonen Utprøving Tilpasning Val Vurdering Søknad Vedtak Skaffe hjm. Side 6 Førebygging, generell Informasjon, opplæring og oppfølging av brukar/evt pårørande/personale. NAV, 12.01.2017 Side 7 Førebygging, generell Redusera trykk ved å fordela trykket over størst mogleg område. Ein kan finna ut mykje om brukar si vanestilling ved å observera seteputa og seteryggen etter at brukar har site i stolen. Redusera tid ved å gje (rom for) stillingsendring. Redusera glidekrefter ved å gje maksimal stabilitet i sitjande og liggjande. Redusera friksjon mellom hud og underlag ved forflytting ved bruk av friksjonsreduserande hjelpemiddel. Sikra godt mikroklima. Betra brukar sitt funksjonsnivå og medisinske tilstand, hudpleie. NAV, 12.01.2017 Side 8 Når oppstår trykksår? 1. Avvik frå dagleg rutine. Ferietur, ny aktivitet, annan arena (teater, flyreise, kino, båttur, dusjstol, sitja på i annan bil, sitja ved bålet, solseng, basseng, strand, sykkel, sitski m.m.) 2. Gradvis endring av behov. (Sitje/liggjetid, vektendring, funksjonsnivå/rørsleevne, allmenntilstand m.m.) 3. Akutt endring av behov. (Ambulanse, operasjon, overføring mellom avd., venting på sjukehus, sjukdom/skade, skifte av omsorgspersonar/personale m.m.) 4. Forflytting (oppskraping, friksjon m.m.) NAV, 12.01.2017 Side 9 Analyse av årsak Kor er trykksåret (anatomisk lokalisering!) Kva er mest sannsynleg årsak? Grundig analyse for å kunna setja i verk rette tiltak! NAV, 12.01.2017 Side 10 Systematisk observasjon Det er utarbeidd fleire ulike registreringsskjema for vurdering av trykksårrisiko (døme: Norton, Braden, Waterlow). Nav Hms Sf har utarbeidd ei hugseliste som grunnlag for vurdering av risiko ved val av setepute og madrass. Det er naudsynt med systematisk arbeid på dette feltet i form av gode rutinar og oppretthalding av fokus. EPUAP/NIFS tilrår risikovurvudering ved sjukehusinnlegging innan 8 t, Pasientsikkerheitsprogrammet tilrår innan 4 t. Rutinane må innehalda anvarsplassering og avviksrapportering. NAV, 12.01.2017 Side 11 NAV, 12.01.2017 Side 12 Risikovurdering Definisjon av risikogrupper Liten risiko Middels risiko Litt nedsett sensibilitet Middels nedsett sensibilitet Ligg IKKJE lenger enn vanleg Sitt IKKJE lenger enn vanleg Forflyttar seg sjølv Skiftar stilling sjølv God allmentilstand Litt sjanse for sår NAV, 12.01.2017 Stor risiko Svært nedsett eller manglande sensibilitet Ligg noko meir enn Kan IKKJE endre det som er vanleg stilling sjølv Sitt lenger i ro enn det Kan IKKJE forflytte som er vanleg seg sjølv Forflyttar seg svært Forflytter seg IKKJE lite sjølv Skiftar stilling i svært Blir i same stilling liten grad lenge Nedsett Mykje nedsett allmenntilstand allmenntilstand Relativt stor sjanse for sår Stor sjanse for sår Side 13 SJEKKLISTE FOR VAL AV TRYKKAVLASTNINGSHJELPEMIDDEL SJEKKLISTE FOR VAL AV TRYKKAVLASTNINGSHJELPEMIDDEL. Denne lista kan vere ei hugseliste for nokre av dei viktigaste faktorane som du må ta omsyn til når du skal velje hjelpemiddel.For at valet av trykkavlastande pute eller madrass skal bli så rett som råd er i høve til brukar sine behov, må det gjerast ei vurdering av brukar sin risiko for å utvikle trykksår. Sjå www.hjelpemiddeldatabasen.no og firmakatalogar/nettsider for å finne hjelpemiddel som høver for brukarar i ulike risikogrupper dersom du ikkje finn det du treng her. Indre faktorar: Allmenntilstand. Vurder sirkulasjon, blodtrykk, respirasjon, vekt, smerte, temperaturregulering, mental tilstand, medikament m.m. Aktivitet. Evne til å forflytte seg sjølv. Evne til stillingsendring. Feilstillingar, kontrakturar, anomaliar, kvasse knokar. Ernæringstilstand. Inntak av mat og drikke. Sensibilitet. Huda sin tilstand. Er huda ofte utsett for fukt grunna inkontinens/sveitte? Er det arrvev/eksem på utsette stader? Trykksår. Er det utvikla trykksår, i tilfelle kva grad og kor på kroppen? Har brukar tidlegare hatt trykksår? Sjukdom. (Diabetes m.m.) NAV, 12.01.2017 Side 14 Sjekkliste, ytre faktorar Trykk. I kva grad er utsette stader utsette for trykk? Tid. Kor lenge er brukar utsett for trykk på utsette stader? Behov for snuregime/alternative sitjehjelpemiddel? Friksjon/gliding. Vurder i kva grad liggje- og sitjestilling og forflytting medfører fare for friksjon/glidekrefter (sit/ligg brukar stabilt?). Underlag. Gjev den madrassen/puta som er i bruk tilstrekkeleg trykkavlasting og trykkfordeling? Temperatur/fukt. I kva grad er huda utsett for varme/kulde og fukt? Tilpassing/opplæring/oppfølging. Dei ulike trykkavlastingshjelpemidla krev svært ulikt med ressursar når det gjeld tilpassing, opplæring og oppfølging. Val av trykkavlastingshjelpemiddel må difor samsvare med det brukar og/eller hjelparar kan greie av tilpassing og oppfølging av hjelpemiddelet. Naudsynt opplæring må gjevast av kompetent person, som også må følgje opp saka over tid. NAV, 12.01.2017 Side 15 Sitjande stilling God sitjestilling inneber god stabilitet, god trykkfordeling, komfort og høve for aktivitet og/eller stillingsendring. Ved godt tilpassa sitjestilling er vekta fordelt om lag slik: Sete/lår 65%, armlene 10%, fotstøtter 20%, seterygg 5%. Ved bruk av setetilt endrar dette seg vesentleg. Feil bruk og dårleg tilpassa stol gjev høgt trykk på utsette punkt og auka glidekrefter. NAV, 12.01.2017 Side 16 Sitjestilling, teori NAV, 12.01.2017 Side 17 Bekkenstilling, nøytral NAV, 12.01.2017 Side 18 Bekkenstilling, bakovervippa NAV, 12.01.2017 Side 19 Bekkenstilling, framovertippa NAV, 12.01.2017 Side 20 NAV, 12.01.2017 Side 21 NAV, 12.01.2017 Side 22 Glidekrefter i sitjande NAV, 12.01.2017 Side 23 NAV, 12.01.2017 Side 24 NAV, 12.01.2017 Side 25 Trepunktstøtte NAV, 12.01.2017 Side 26 Sjekkliste, sitjestilling: Bekkenet skal stabiliserast i nærmast mogleg nøytral posisjon. Korreksjon av skeivstilling viss fleksibilitet. Vektfordelinga på setehalvdelane bør vera så lik som råd. Avstand golv/setepute og fotplate/setepute må tilsvara brukar si legglengd. For lang avstand vil føra til at brukar akar seg fram på setet for å nå golvet/fotplata. For kort avstand aukar trykket under setet. Fotstøttevinkel. Open vinkel (meir enn 90 gr.) kan vera med å trekkja brukaren fram på setet, nb! bruk av vinkelstillbare beinstøtter, fotgynge m.m. Setedjupna skal vera så stor at den gjev støtte nesten fram i knehasane. Viss knea stikk ulikt fram, finn årsak! Setebreidda skal vera slik at brukar ikkje kan setja seg skeivt i stolen. NAV, 12.01.2017 Side 27 Sjekkliste, sitjestilling (framhald) Setevinkel. Eit sete som er lægre bak enn framme vil gje betre stabilitet og redusera skjerkreftene, men kan vera ulempe m.o.t. manuell forflytting til og frå stol. Ryggvinkel. Open ryggvinkel vil auka framgliding på setet og auka skjerkreftene. Seteryggen tilpassast slik at den gjev maksimal støtte i alle plan. Aktiv bruk av setetilt vil gje stillingsendring og trykkavlasting utan at sitjestillinga vert endra. Armlene/bord skal ta mest mogleg vekt av armane for å avlasta vekta på setet. Hugs å glatta ut tekstilar under sete og rygg! (Forflyttingsvott?!) Setepute. Storleik, materiale og fasong vert valt ut i frå brukar sine behov, sjå eiga sjekkliste! Nb! Ikkje bruk uelastiske tekstilar mellom setepute og brukar! Beste trykkavlasting for setet/områder rundt sitjebeinsknokane er at brukar lener seg godt framover (med t.d. bordstøtte). Vurder behov for individuell tilpassing, evt formstøypt sits! NAV, 12.01.2017 Side 28 Seteputer, generelt Sjå til at seteputa høver i storleik (breidde og lengde). Ei tynn/låg setepute gjev generelt mindre rom for trykkfordeling og stabilitet enn ei tjukk/høg pute. Vel pute i eit materiale som er tilpassa brukar sine behov for m.a. stabilitet (alle retningar), trykkavlasting (nedsynking + omslutting), inkontinens og fukt, komfort m.m. Vel pute med anatomisk form eller som kan tilpassast brukar si anatomiske form. Vel pute som ikkje krev meir tilpassing eller oppfølging enn det som er realistisk vert gjort. NAV, 12.01.2017 Side 29 Seteputer, generelt Vel pute som tillet stillingsendring viss brukar har høve til det. Ha gode rutinar for inspeksjon av seteputa; sjekk at den er heil, at den har den spenst og form som den skal ha, om den treng vask eller er fuktig og treng tørking/lufting. Sjekk at puta ligg rett veg i stolen, og ikkje berre at trekket ligg rett veg! NAV, 12.01.2017 Side 30 Liggjande stilling NAV, 12.01.2017 Side 31 Firedelt sengebotn NAV, 12.01.2017 Side 32 Firedelt sengebotn, skisse NAV, 12.01.2017 Side 33 Ryggliggjande Ved bruk av store puter og/eller hjartebrett må ein syta føre støtte under låra som motkraft til nedgliding i senga. Støtta kan vera ved bruk av lårdelen i sengebotnen eller ved bruk av pute. Ver merksam på trykk mot hælane! Bruk av ”hælbeskyttar” kan medføra auka trykk på hælane. For å unngå auka trykk, må vekta av føtene avlastast med støtte under leggane. Hyppig stillingsendring er viktig (snuing, ”den vandrande puta” m.m.). Madrass/overmadrass må veljast ut i frå totalvurdering av brukar, sjå sjekkliste! NAV, 12.01.2017 Side 34 Sideliggjande Ved liggjestilling heilt over på sida vert det stort trykk på lårbeinsknoken, trochanter major, og andre beinframspring. Det kan vera eit godt alternativ å berre snu 30-40 grader over på sida; då unngår ein stort trykk på dei mest utsette beinframspringa. Bruk gjerne støttepute! Legg gjerne ei stor pute mellom knea for å unngå kontakt bein mot bein. Ver merksam på trykk på øyra og okleknokar. NAV, 12.01.2017 Side 35 Forflytting, bruk av personløftar Unngå mykje friksjon når segl skal takast av og på. Fjern fotstøtter og evt. armlene for å gje best mogleg ergonomi og for å hindra oppskraping m.m. Ved plassering i stol skal stolen tiltast godt bak, slik at bekkenet vert plassert heilt bak i stolen. Sjå til at det ikkje er brettar, saumar el.l. under setet (Tips: Bruk glidevott). Viss brukar må sitja på seglet, må det nyttast eit segl som er laga for slik bruk. NAV, 12.01.2017 Side 36 Manuell forflytting, sitjande Bruk teknikk og hjelpemiddel som ikkje gjev unødig friksjon når brukar skal setjast heilt bak i setet. Fjern fotstøtter m.m. heilt, slik at det ikkje kan skje skade på fot/legg under forflyttinga. Trekk fram buksebeina for å glatta ut brettar m.m. utan at baken sklir fram på setet, t.d. ved å lena brukar over til sida og gje støtte framme på kneet. Glatt ut tekstilane mot seteryggen. Ved sidevegsforflytting: bruk glidebrett, evt. i kombinasjon med forflyttingsmatte. NAV, 12.01.2017 Side 37 Manuell forflytting, liggjande Bruk antifriksjonshjelpemiddel der brukar sjølv ikkje kan avlasta kroppsdel/der tyngd og friksjon er størst. Det skal berre vera gliding mellom hjelpemiddel og laken, ikkje mellom brukar si hud og underlaget. Høgare opp i seng: Ta bort friksjon under hæl, sete og skulder. Bruk gjerne hovudputa som forflyttingshjelpemiddel. Snuing i seng: Ta bort friksjon mellom sete og underlag ved bruk av hjelpemiddel (glidelaken, plast, glidematte m.m.). Trekk i laken i staden for å gripa i brukaren. NAV, 12.01.2017 Side 38 Rammeavtalen www.hjelpemiddeldatabasen.no Gjeld for kontraktsperioden 01.07.2015 til 30.06.2017 SITTEPUTER MED TRYKKSÅRFOREBYGGENDE EGENSKAPER NAV, 12.01.2017 Side 39 Postinndeling 1. Enkel sitjepute i skum. 2. Sitjepute der brukar og/eller brukar sine omgjevnader ikkje skal innstilla eller setja saman sitjepute. 3. Sitjepute der ein kan stilla inn kor langt ned i materialet den enkelte brukar skal søkkja. NAV, 12.01.2017 Side 40 4. Sitjepute med gode ventilerande eigenskapar for å redusera/førebyggja fukt. 5. Sitjepute som kompenserer/korrigerer for asymmetri og/eller feilstillingar. 6. Sitjepute som gjev god støtte under forflytting. NAV, 12.01.2017 Side 41 Madrassar og overmadrassar Ved val av liggjeunderlag må brukar sine behov vurderast tilsvarande som ved val av setepute. Tett oppfølging frå starten av er avgjerande. Særleg viktig er det å velja underlag som: Tillet stillingsendring (på skånsam måte). Ikkje er meir avansert enn det ein greier å handtera rutinemessig. Tek høgde for at brukar kan få auka behov for trykkavlasting. Litt ”overkill” vert tilrådd! NAV, 12.01.2017 Side 42 Rammeavtalen: Madrassar med trykksårførebyggjande eigenskapar. Post 1. Vendemadrass, ingen på avtale Post 2: Dynamiske madrassar Post 3: Statiske madrassar Post 4: Dynamiske overmadrassar Post 5: Statiske overmadrassar som vert innstilt til brukar Post 6: Statiske overmadrassar utan høve for innstilling NAV, 12.01.2017 Side 43
© Copyright 2024