Lom Vaskeri AS er eit frittstående industrivaskeri som leverer vaskeritjenester i Lom og Skjåk med omegn. Lom Vaskeri AS er tilknytta ei gruppering av tre frittståande vaskeri og reinhaldsbedrifter som til saman omset vaskeri- og reinhaldstjenester for om lag 30 millionar årleg. LOM VASKERI DAGLEG LEIAR Erfaring fra å eige/drive sjølvstendig næringsvirksomhet er eit ynskje, men ikkje eit krav. Det blir forutsett at ein er påliteleg og arbeidsom. Det er og tiltenkt å utvikle Lom Vaskeri AS til å omfatte/bygge opp ei reinhaldsavdeling, slik vi har gjort ved dei andre respektive systerbedriftene. Arbeidsoppgaver: • Påberegne seg å jobbe ein del i produksjon og med levering i starten • Kundepleie/meirsalg av våre tjenester (Det er forventa at du er utadvendt og serviceinnstilt) • Fakturering • Styre bemanning • Vidareutvikle Lom Vaskeri AS med lokal forankring • Datakunnskaper er eit ynskje for kommunikasjon mot regnskapkontor, samt kunne utarbeide og gje tilbod til kundar. Det skal og fokuserast på å vidareutvikle eit godt internkontrollsystem. • Vi har eit ynskje om at vedkomande har ei viss erfaring/utdanning innan økonomi/markedsføring, men dette ikkje eit krav. Opplæring/veiledning vil bli gjeve av hovudkontor og eigarar. Søknadsfrist: 20 mars. Tiltreding etter nærmare avtale. Ved spørsmål ring: 90 17 65 00 Søknad og CV til e-post: [email protected] www.lomvaskeri.no
© Copyright 2024