Lom kyrkjelege råd søkjer:

Lom kyrkjelege råd søkjer:
OMVISARAR LOMSKYRKJA
Omvisarane må kunne ta omvisingar på
engelsk og tysk, fransk eller eit anna relevant
framandspråk i tillegg til norsk.
Særleg behov for språkkyndige innanfor andre språk enn
engelsk.
Arbeidsoppgåver: Omvising, vakthald, reinhald og orden i
kyrkja, og sal av billettar og informasjonsmateriell.
Pliktig til å delta i opplæring og organiserte møte og kurs i
tilsetjingsperioden.
Det vert lagt særleg vekt på god orden og høvisk framferd
hjå dei som skal tilsetjast.
Tilsetjingsperiode 2017:
1. 15.05 – 11.06 og 04.09-25.09 arb.tid 1000-1600
2. Etter vaktliste i perioden 12.06 - 03.09
Søknaden må innehalde opplysningar om perioden du
ynskjer å arbeide, språkkunnskap og eventuelt ferieynskje.
Ferie ut over det som er avtalt i arbeidsavtala kan ikkje
påreknast.
Felles ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø.
SOMMARHJELP KYRKJEGARDANE
Tilsetjingsperiode 2017: 01.05 - 31.08
Arbeidstid: 30 timar/veke frå kl 0900-1500
Arbeidsoppgåver: Stelle istand til planting på kyrkjegarden,
stell og vatning av blomefelt.
Andre oppgåver etter avtale med kyrkjeverja. Må disponere
køyrety for å forflytte seg mellom dei 3 kyrkjegardane.
For nærare opplysningar kontakt kyrkjeverja tlf. 48 16 55 27
Søknad med vitnemål og attestar til:
Kyrkjeverja i Lom, Postboks 177. 2688 Lom
Søknadsfrist 10 .mars 2017.