Kvinnherad kommune MØTEINNKALLING Utval Møtedato Møtestad Møtetid Styret for næringsfondet 09.03.2017 Formannskapsalen , Rådhuset Etter formannskapsmøte Forfall skal meldast til telefon 53 48 31 00 eller e-post: [email protected] Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale. Kvinnherad kommune side 1 SAKLISTE Saksnr PS 2017/6 Innhald Behandling (avsluttande) -Søknad om midlar frå næringsfondet Mykle Mikrobryggeri AS PS 2017/7 Behandling - Søknad om midlar frå næringsfondet - oppstart av mobilt sagbruk Ølve - Hans Kristian Revne PS 2017/8 Behandling -Søknad om midlar frå mæringsfondet - kafedrift/butikk - Kom Innom AS PS 2017/9 Behandling - Søknad om midlar frå næringsfondet - innkjøp av tipp/maskinhengar - Røssland Multiservice AS PS 2017/10 Behandling - Søknad om midlar frå næringsfondet - Utstyr til fostertelling på sau - Janne Alsaker Kvinnherad kommune side 1 Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/3552-6 Saksgang Saksnr 2017/6 Karin Thauland Utval Styret for næringsfondet Møtedato 09.03.2017 Behandling (avsluttande) -Søknad om midlar frå næringsfondet Mykle Mikrobryggeri AS Innstilling frå rådmannen: Mykle Mikrobryggeri vert tildelt kr 20.000 frå næringsfondet i 2017 Saksutgreiing: Søkjarar: Mykle Mikrobryggeri AS v/ Margit og Reinhard Lund- Mikkelson, Myklebustvegen 209, 5464 Dimmelsvik Kostnad: kr.114.000 Søknadssum: Kr 50.000 Søknaden kom inn i oktober 2016. Grunna manglande midlar i 2016, vart det gitt ei delløyving på kr 10.000 . Søknaden skulle vurderast på nytt i 2017. Mykle Mikrobryggeri opna den 29 oktober 2016. Dei har føreteke store inivesteringar i tillegg til vedlagt kostnadsoverslag. Dei har fått svært god respons på produkta sine, og har og planar om å utvide med eit serveringstilbod på bruket. Frå saksutgreiinga i sak 2016/23: Søkjarane er i ferd med å etablere eit mikrobryggeri på garden. Dei har førebudd seg godt med studieturar og utdanning innan ølbrygging. Bryggeriet vert etablert i den gamle driftsbygninga på bruket. Margit har delteke på SNOP-kurset i regi av Landbruksrådgivinga. Med særskild interesse for brygging og samla stor kompetanse innan økonomi og reiseliv. Dei søkjer om midlar til kjølerom og temperatursoner. Dei har allereie investert i opplæring, ombygging og bryggeriutstyr. Dei reknar med å opne for sal i slutten av oktober etter ein periode med prøveproduksjon. Alle kommunale løyver er på plass. Tilreisande og fastbuande vil utgjere kundegrunnlaget deira. Bryggeriet vert eit flott tilskot til mangfaldet med lokale matprodusentar området . Dei vil selge frå bruket og levere til serverinsgsstader i distriktet, På sikt ønskjer dei å levere til Vinmonopolet. Innovasjon Norge har gitt etablerarstipend, men dei har ikke støtta investeringane. Det er planar om å skape fleire arbeidsplassar i samband med bedrifta. Det er ikkje etablert andre mikrobryggeri i Sunnhordland etter det vi kjenner til om ein ser bort i frå hobbybrygging. Med søkjarane sin særskilde interesse for brygging og kompetanse, har dei etter rådmann sitt syn gode føresetnader for å lukkast med bedrifta. Kvinnherad kommune side 1 Rådmannen har tru på prosjektet og rår til at det vert ytt kr10.000 tilskot til etableringa. Grunna manglande midlar i 2016, vert Kr 10.000 løyvd i 2016. I 2017 vert søknaden vurdert for ny løyving. Tilråding: Rådmannen rår til at det vert ytt meir tilskot til bedrifta i 2017 Vedlegg: Søknad og særutskrift sak 2016/23 side 2 Kvinnherad kommune Rosendalsvegen 10 Kvinnherad kommune 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 Fellestenester Politisk sekretariat [email protected] www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad Mykle Mikrobryggeri AS Myklebustvegen 209 5464 DIMMELSVIK _ Saksbehandlar Karin Thauland Tlf. direkte innval 90978556 Vår ref. 2016/3552-3 Dykkar ref. Dato 17.10.2016 Særutskrift - vidare utvikle bryggeriet med kjølerom og temperatursoner - Mykle Mikrobryggeri AS Styret for næringsfondet hadde saka føre i møte 13.10.2016 som sak 2016/23. Vedlagt fylgjer utskrift av møteboka der vi syner til vedtaket. Med helsing Bente Høyland Møtesekretær Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift. Kopi til: Karin Thauland Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Side 2 Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/3552-2 Saksgang Saksnr 2016/24 Karin Thauland Utval Møtedato Styret for næringsfondet 13.10.2016 Søknad om midlar frå næringsfondet - Vidare utvikle bryggeriet med kjølerom og temperatursoner - Mykle Mikrobryggeri AS Innstilling frå rådmannen: Mykle Mikrobryggeri vert tildelt kr 10.000 frå næringsfondet i 2016. Behandling i Styret for næringsfondet den 13.10.2016 Rådmannen si innstilling vart samrøystes vedteken. Vedtak frå Styret for næringsfondet den 13.10.2016 Mykle Mikrobryggeri vert tildelt kr 10.000 frå næringsfondet i 2016. Saksutgreiing: Søkjarar: Mykle Mikrobryggeri AS v/ Margit og Reinhard Lund- Mikkelson, Myklebustvegen 209, 5464 Dimmelsvik Kostnad: kr.114.000 Søknadssum: Kr 50.000 Søkjarane er i fred med å etablere eit mikrobryggeri på garden. Dei har førebudd seg godt med studieturar og utdanning innan ølbrygging. Bryggeriet vert etablert i den gamle driftsbygninga på bruket. Margit har delteke på SNOP-kurset i regi av Landbruksrådgivinga. Med særskild interesse for brygging og samla stor kompetanse innan økonomi og reiseliv. Dei søkjer om midlar til kjølerom og temperatursoner. Dei har allereie investert i opplæring, ombygging og bryggeriutstyr. Dei reknar med å opne for sal i slutten av oktober etter ein periode med prøveproduksjon. Alle kommunale løyver er på plass. Tilreisande og fastbuande vil utgjere kundegrunnlaget deira. Bryggeriet vert eit flott tilskot til mangfaldet med lokale matprodusentar området . Dei vil selge frå bruket og levere til serverinsgsstader i distriktet, På sikt ønskjer dei å levere til Vinmonopolet. Innovasjon Norge har gitt etablerarstipend, men dei har ikke støtta investeringane. Det er planar om å skape fleire arbeidsplassar i samband med bedrifta. Det er ikkje etablert andre mikrobryggeri i Sunnhordland etter det vi kjenner til om ein ser bort i frå hobbybrygging. Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Side 3 Med søkjarane sin særskilde interesse for brygging og kompetanse, har dei etter rådmann sitt syn gode føresetnader for å lukkast med bedrifta. Rådmannen har tru på prosjektet og rår til at det vert ytt kr10.000 tilskot til etableringa. Grunna manglande midlar i 2016, vert Kr 10.000 løyvd i 2016. I 2017 vert søknaden vurdert for ny løyving. Vedlegg: Søknad Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst Kvinnherad kommune v/ Styret for næringsfondet 5470 Rosendal Søknad om midlar frå Næringsfondet Søkjar: Mykle Mikrobryggeri AS, Myklebustvegen 209, 5464 Dimmelvik Søkjer om: Vi søker om støtte til å vidareutvikle bryggeriet vårt med kjølerom og temperatursoner. Mykle Mikrobryggeri AS vart etablert i 2015 og innehar eit statleg tilverknadsløyve for produksjon av alkoholhaldig drikke med inntil 22% alkohol samt kommunalt salgs – og skjenkeløyve. Vi har etter ein lang byggeprosess og produktutvikling planar om å starte salg av eigeprodusert øl i slutten av oktober. Vidare er planen å vere på tilvalgslista til Vinmonopolet og selge varene våre i første restaurant og bar innan utløpet av oktober. Vi søker om midlar til å sette opp kjøle – og lagerrom til bruk for videreforedling og lagring av produkta våre. Vi har til hensikt å laga 3 temperatursoner i bryggeriet: 1. Kjøl (5‐10 °C) 2. Modningssone (10‐15 °C) 3. Gjærings – og modningssone (15‐20 °C) Vedlagd teikning viser korleis vi tenker oss at dei tre sonane kan sjå ut. For ølbrygging er temperatur svært viktig. Særleg er dette viktig i gjæringsprosessen kor vi må kontrollere at ikkje temperaturen stig for mykje. Gjæraktivitet dei første dagane etter sjølve brygginga er så stor at temperaturen kan stige opp mot 30 °C om ein ikkje sett inn begrensingar. Det som skjer når ein gjærar på for høg temperatur er at gjæren kan gi frå seg uønska smakar i ølet. Normalt vil vi gjære på 15‐20 °C. I tillegg er det viktig med temperatur under karbonering etter gjæringsprosessen (då lagar vi kullsyre naturleg) og i modningsprosessen. Dersom ikkje temperaturen er optimal kan vi risikere at det ikkje blir kullsyre i ølet og at modninga ikkje blir optimal slik at ein får uanska smak. Prosessane kan kontrollerast med vassavkjøling under gjæringa og med kontroll på temperaturen i omgjevnadene under karbonerings – og modningsprosessane. Dersom ein får til å lage slike temperatur – eller lagersonar, så vil vi og kunne få ein betre og mer effektiv prosessflyt i produksjonen: 1. Flytting av gjæringstankar på flate gulv blir enklare en dagens ujamne gulv 2. I desse temperatursonane vil vi kunne lage til hylleplassar som gir oss mykje betre logistikk og spare på omplassering av flasker og esker 3. Sonane vil gjere oss meir fleksible i type øl 4. Slike sonar vil og gjere produksjonen meir reinslig i og med at ein bygger med vaskbare flater og at ein får skilt prosessane frå kvarandre i større grad Vi har etablert eit bryggeri med tankar om å kunne gje både oss sjølv og potensielt andre ein arbeidsplass. Slik marknaden er no med den etterspurnaden det er no etter handverksøl, så vil vi kunne utvikle bryggeriet vårt vidare dersom produkta våre blir godt motteke. Dette krev likevel at vi lagar første klasses øl, samt at vi er flinke til å marknadsføre oss utover grensene til Kvinnherad Kommune. Til no har vi fått stor merksemd på sosiale medier og både spesialbutikkar, restaurantar, barar og hotell rundt om har spurt om vi kan levere. Bryggeriet består av Margit (dagleg leiar) og Reinhard (bryggeansvarleg) Lund‐Mikkelson. ‐ ‐ ‐ Margit er har ein bachelor i reiselivsleiing frå bla Dubai og lang erfaring med arbeid i Baroniet i Rosendal, samt i restaurant og barbransjen i Bergen. Margit har tidlegare arbeidd som controller i Mesta Drift, som hotellsjef på Rosendal Turisthotell og jobbar no 60% ved Kvinnherad Breiband Reinhard er utdanna siviløkonom ved NHH og har erfaring frå skipsmekling og finans. Han har vore økonomisjef i Noreq og leiar for avdelinga for prosjektkontroll i TTS i Bergen. Reinhard jobbar no som Prosjektdirektør i Harding Safety Vi er begge svært interessert i øl, men har ulik innfalsvinkel. Margit er god på smak og nyansar opp mot mat, medan Reinhard trivst best med kjemien og biologien i sjølve bryggeprosessen Vi søker om kr 50.000 for å dekke investeringar og eigne og innleigde timar for realisering av overnemnde prosjekt. Mykle dekker sjølv kr 64.000 av investeringa. Mengde Material Flytemørtel Reisverk (2x4) Isolasjon Plater (vegg + tak) Dørar Diverse Sum material 120 2 Hyllereoler Kjøl Kjøleaggregat Kjøledør Montering Sum kjøl Egne timar Totalt Egenfinansiering Støtte Sats Kost 5 000 2 000 3 000 200 24 000 2500 5 000 2 000 41 000 10 000 10 150 13 000 3 000 500 5 000 21 000 300 45 000 114 000 56 % 64 000 44 % 50 000 Dersom tilsegn på søknaden vil prosessen starte omgåande og vil kunne stå ferdig innan 1‐2 månader. Det bes om å få delutbetalingar for å halde likviditeten i prosjektet. Mvh Margit & Reinhard Lund‐Mikkelson Mykle Mikrobryggeri AS Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/3574-3 Saksgang Saksnr 2017/7 Karin Thauland Utval Møtedato Styret for næringsfondet 09.03.2017 Behandling - Søknad om midlar frå næringsfondet - oppstart av mobilt sagbruk Ølve - Hans Kristian Revne Innstilling frå rådmannen: Hans Kristian Revne vert tildelt kr. 30.000 frå næringsfondet til mobilt sagbruk. Saksutgreiing: Søkjar: Hans Kristian Revne, Skarvatunsvegn 259, 5637 Ølve Kostnad: kr 325.475 Søknadssum: Maksimalt tilskot Det vert søkt om midlar til innkjøp av ei bandsag til eit mobilt sagbruk. Det er oppretta eit selskap med delt ansvar i lag med grunneigar Lars Arne Revne. Firma kan ta ut skog frå hans eigedom. I tillegg til leigesaging, ønskjer søkjar å produserer material for sal. Lokal foredling av skogressursane vil berre vere til gunst for skogbruksnæringa i Kvinnherad Småskala foredling vil vere med å auke verdien på skogvyrke i området, og ein kan i større grad tilpasse seg etterspurnaden. Eit slik lite sagtilbod vil ikkje vere ein konkurrent til avsetnaden innan skogbruk i dag, men i stor grad vere eit supplement til andre aktørar. Auka utbytte av skogvyrke er ønskjeleg og gjev betre økonomi over tid. Søkjar har utdanning og erfaring innan faget. Det har vore auka aktivitet med hogst i regionen dei seinare åra og med dette trong for fleire sagbruk. Rådmannen rår til at det vet ytt tilskot til oppstart av mobilt sagbruk. Vedlegg: Søknad Kvinnherad kommune side 1 :‘*"m;:‘:v.‘—:Hans Kristian Revne Skarvatunsvegen 259 — e—— — 5637 Ølve 04.10.2016 Kvinnherad Kommune v/Styret for næringsfondet Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal Søknad om tilskot for oppstart av mobilt sagbruk Søker herved om maksimalt tilskot for kjøp av maskina Lt20D mobil bandsag av woodmizer, resterende beløp vil bli dekt av egne midler og lån. Eg har fått eit tilbod på 321 475 kr, inkl.mva. av Woodmizer. Eg vil starte eit ansvarleg selskap med delt ansvar, saman med Lars Arne Revne, kor han vil investere i selskapet og gi tilgang til skog. Eg har god oppbevaringsplass, utstyr til å hente skog på rot. Det vil bli leid bil til å komme fram til kunden i startsfasen, då eg vil leige meg ut og sage for kundar hos dei. Eg vil og drive egen produksjon til salg når eg ikkje er utleigd, og det vil være mogleg å sage på bestilling om kundane ynskjer. Det kan være at dei treng spesielle dimensjoner, og ynskjer spesielle tresortar. Tilbodet vil være hovedsakleg skurlast, men eg vil tilby justert last med noko forskjellig profilar i første omgang. Etterkvart vil eg kjøpe fleire profilar, slik at det vil bli eit utvida tilbod til kunden. I starten vil fokuset ligge på å reklamere meg og bygge opp ei god kundeportefølje. Marknadsvurdering (tal er henta frå Ytre Hardanger skogeiarlag og Vestskog SA 2015): Total hogst i Tysnes, Kvam, Fusa og Kvinnherad Kommune i 2015var 44759m3 der omtrent 50% er i mitt nærområde som tilsvara 22380m3. Omtrent 20% 4476m3 vert brukt til eige bruk. Mitt mål er og få ein andel på våre aukande aktivitet 10% av dette marknad omtrent 450m3i løpet av 4-5 år. Det har den siste tida. Eg har tidlegare gått på byggfag på Nordheimsund Vidaregåandeskule, og eg har jobba med eit anna sagbruk, Iogosol M7. Så eg har kunnskap innanfor dette området frå før. For tida er eg bussjåfør med 100% stilling hos Tide Buss As, og denne stillinga vil eg beholde inntil bedrifta er stabil nok til at eg evt. kan gå ned i stilling. log med at bedrifta ikkje er i drift endå så er ikkje talla reelle, men dei er lagt fram som ønska mål ved drift. Ved finansiering har eg tatt utgangspunkt i at eg får 30 000 kr i tilskot, dette er for å illustrere vidare finansiering med egne midler og lån. Driftsbudsjettet er lagt fram med årleg drift, og dei første tre åra er nedbetalinga planen å investere i ein bil for å utvide drifta ytterligare, på lån lagt til maskina. I år 2018er dette ligg i vidare nedbetaling. Med vennleg helsing Hans Kristian Vedlegg: Revne Driftsbudsjett, likviditetsbudsjett og investeringsoversikt Hnanflefing lnvistering HKR 180000 Invistering LAR 50000 "Fllskåt Lån 30000 110000 370000 innmøp Lt20D 301625 Barkfres 12375 extra blad 7475 Reklame 4000 325475 Driftsbudsjett årleg År: nov/des 2016 Salgsinntekt 0 Sum inntekt 0 Indirekte Disel/olje til maskin 2000 Vedlikehold kostnader 6000 Dekningsbidrag Driftsresultat Resultat 130000 195000 2019 220000 2020 260000 130000 195000 30000 40000 40000 40000 40000 50000 50000 50000 10000 20000 30000 30000 220000 260000 4000 Bil Nedbetaling 2018 kostnader Reklame Indirekte 2017 av lån -6000 4000 -10000 80000 1 10000 120000 120000 130000 195000 220000 260000 50000 85000 100000 140000 48000 48000 40000 30000 2000 37000 60000 110000 [ozovm [nzarot [nzavm [oom]ozaooL [goalL 00001 0007 28001 [cause [nous [ozsoc 02896 [nom [nzeoa 0Z000 02951. [nooow 0005 0007 OZQSL 028 l!. 0002 l DOOR [nam Jaw Koons; 0007 000? [ozon [ozon. [ozm [noml noov [saus lszssL [saaveoom- lszsst lszssz loaoalszsrc lszssz 10006 [szsvc [anomlszsn Innom Tuoov [szsw [szsrv [sus-za OELLSZ 0009 000” 0000l 00092 0000l 0000 [GOO].l 00053 des HO 000L l !I"l" 0001. nous [sears- 0005 S6279 DOOM I 0009 l 0 0 00001 E 00001.8 0008 0005 EMV 0 333W 0 0 49:] uer sea Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/335-2 Saksgang Saksnr 2017/8 Karin Thauland Utval Styret for næringsfondet Møtedato 09.03.2017 Behandling -Søknad om midlar frå næringsfondet – kafédrift/butikk - Kom Innom AS Innstilling frå rådmannen: Kom Innom As vert tildelt kr 20.000 i tilskot frå næringsfondet til etablering av kafé og butikk. Saksutgreiing: Søkjarar: Kom Innom As v/Bente Valestrand og Hildegunn N. Bjørkelund, Tongavegen 49, 5635 Hatlestrand Kostnad: kr 139.000 Søknadssum: Maksimalt tilskot Det vert søkt om å etablere kafé og nettbutikk i dei gamle butikklokala i bygget ved fergeleie på Gjermundshavn. Søkjarane har båe lang erfaring frå butikk og arbeid med menneske. Kafeen har planlagt å ha ope nokre dagar i veka heile året. Dei vil ha nært samarbeid med den nyetablerte nettbutikken Agent M som og held til på Hatlestrand. Det er ein livsstilsbutikk som sel miljøprodukt og har auka omsetnad. I tillegg til kafé drifta, vil dei ha nettbutikk og utleige av lokale. I butikken vil dei og selje lokale produkt. Kafeen ligg sentralt til ved fergeleie. Det er ikkje anna kafé eller i området. Det er eit selskapslokale nær matbutikken i nærleiken som leigast ut. Det er kontorlokale til leige i same bygget. Dei ønskjer å kunne tilby servering til knytt til kontorlokala Det har tidelgare vore to selskap som har hatt kafé i lokala. Den siste var BrukBar pub og kafé. Det vart etter kvart nytta berre som ein pub. Dei som dreiv det budde ikkje i nærleiken og valde å leggje ned. Tidlegare var det og ein forretning i nabobygget som selde gåveartiklar og lokale produkt. Etter rådmannen sitt syn, er det behov for kafeen. Kombinert med sal av lokale produkt, nettbutikk og utleige av lokale , har vi tru på at etableringa er liv laga og rår til at det vert ytt tilskot. Vedlegg: Søknad Kvinnherad kommune side 1 side 2 Kvinnherad kommune Kom Innom A/S Tongavegen 49 5635 Hatlestrand Hatlestrand, 10.01.2017 Kvinnherad Næringsfond v/ Karin Thauland 5470 Rosendal Me søkjer med dette om maksimal støtte for oppstart av bedrifta Kom Innom AS på ferjekaien på Hatlestrand. Eigarar av bedrifta er: Hildegunn Bjørkelund ( 42 år, utdanna vernepleiar og jobbar i heimesjukepleien ved Ølve alderspensjonat. Har tidlegare jobba som ekstrahjelp i butikk og gatekjøkken) og Bente Valestrand (45 år, utdanna realfagslærar og jobbar 2 dagar i veka ved Kvam Ungdomsskule som mat/helselærer. Har tidlegare jobba som ekstrahjelp i butikk og kafe). Kom Innom AS er eit nystarta firma som held til i kjellaren i lokala på ferjekaien på Gjermundshamn. Me ynskjer å ha ope kafedrift/butikk nokre dagar i veka, samstundes som me vil bygga opp ein nettbutikk. Lokala er godt eigna til dette, med både kjøkken, kontor og god lagerplass i tillegg til butikklokalet. Det har tidlegare vore butikk i lokalet i mange år. Denne vart lagt ned i 1996. Seinare har det vore både bunadskafe og pub. Dei siste leigetakarane, som slutta for om lag to år sidan, dreiv BrukBar pub og kafe. Dei hadde det siste året ikkje ope på dagtid, og baserte det berre på enkle pubkveldar. Dei budde ikkje på bygda, og hadde dermed ikkje anledning til å halda ope når det var grunnlag for det. Dette kan sjølvsagt vera noko av grunnen til at dei ikkje klarte å fortsetja med drifta. Me bur begge på bygda, og har anledning til å tilpassa opningstidene til når det er behov. Me er bevisste på at kafedrift nokre dagar i veka åleine ikkje vil svara seg, og ynskjer derfor å satsa på utleige av lokalet til ulike formål, i tillegg til å byggja opp ein nettbutikk ved sida av. Her vil me satsa på økologiske og miljøvenlege varer som til dømes utstyr til fermentering. Dette er ein ganske ny trend innan «sunn matlaging», og me ser at dette er noko det er aukande etterspørsel etter. Me har god dialog med Agent M, som driv nettbutikk på Hatlestrand, og får gode innspel og tips frå henne på kva det er etterspørsel etter i markedet. Dette meiner me vil gje oss eit godt utgangspunkt. I butikkdelen ynskjer me å selja enkle gåveartiklar samt knyta til oss lokale produsentar av ulike varer som til dømes handarbeid og kortreist mat. Hildegunn Bjørkelund og mannen er eigar av huset der Kom Innom AS skal leiga. I andre høgda har dei planlagt å tilby eit felles kontorlandskap til utleige. Her håpar me at Kom Innom AS kan tilby å servera mat til lunsj og evt møter. Me ynskjer å vera eit tilbod til bygdefolket, og til reisande i ferjekøen. Det er ikkje konkurrerande bedrifter på Hatlestrand når det gjeld kafedrift eller gåveartiklar. Når det gjeld utleige av møtelokale, er det eit lokale på bygda som driv med dette, men til større grupper. Huseigar har rusta opp kjøkkenet til godkjent standard (godkjent av Mattilsynet), og me søkjer no om midlar for å kjøpa inn nødvendig utstyr til kjøkkenet for kafedrift, i fyrste omgang eit par dagar i veka. I tillegg kjem også ein del andre utgifter i forbindelse med oppstart. Sjå tabell. Kom Innom A/S Tongavegen 49 5635 Hatlestrand Hatlestrand, 10.01.2017 Kapitalbehov: Kassasystem/betalingsterminal Varelager kafe/butikk Kjøleskap Fryseskap/ kjøl Komfyr Oppvaskmaskin Utstyr til servering / kafe Utstyr til matlaging Kaffimaskin Reklame (logo, reklame på vindaugam.m) Div reolar til lager for nettbutikk og kjøken Varelager nettbutikk Beløp 15.000,20.000,7.000,9.000,8.000,7.000,10.000,10.000,3. 000,5.000,15.000.30.000.- SUM: 139.000.- Finansiering Startkapital Startkapital Privat lån Støtte Støtte Støtte Støtte Støtte Støtte Privat lån Privat lån Privat lån Driftsbudsjett Indirekte kostnadar: Lønn Straum Husleige Kommunale avgifter Rekneskap Kontorutstyr Telefon/data Forsikringar 2017 0.18.000.30.000.6.000.5.000.5.000.15.000.2.000.- 2018 80.000.20.000.30.000.10.000.7.500.7.000.15.000.10.000.- 2019 120.000.20.000.36.000.10.000.7.500.10.000.20.000.12.000.- SUM: 81.000 179.500.- 235.500.- Inntekter : Salg over disk Kommisjonssalg Nettbutikk Utleige av lokale SUM 2017 180.000.7.000.10.000.15.000.212.000.- 2018 230.000 16.000.200.000.20.000.466.000.- 2019 250.000.20.000.300.000.25.000.595.000.- Kom Innom A/S Tongavegen 49 5635 Hatlestrand Hatlestrand, 10.01.2017 Resultatbudsjett : Salgsomsetning - Varekostnad = Total DB - Lønnskostnader - Administrasjon = Driftsresultat - Finanskostnader = Ordinært resultat - Skatt = Årsresultat 2017 212.000,130.000,82.000,0,81.000,1.000,1.000,0,0,0.,- 2018 466.000,260.000,206.000,80.000,99.500,26.500,5.000,21.500,7.000,14.500,- Med helsing Bente Valestrand (Mobil: 909 79 912) og Hildegunn N. Bjørkelund (Mobil: 918 86 318) 2019 595.000,330 000,265.000,120.000.115.500,29.500,5.000,24.500,7.500,17.000,- Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2017/733-2 Saksgang Saksnr 2017/9 Karin Thauland Utval Møtedato Styret for næringsfondet 09.03.2017 Behandling - Søknad om midlar frå næringsfondet - innkjøp av tipp/maskinhengar - Røssland Multiservice AS Innstilling frå rådmannen: Georg Røssland vert tildelt kr. 20.000 i tilskot frå næringsfondet til etablering av Røssland Multiservice AS Saksutgreiing: Søkjar: Røssland Multiservice AS, v Georg Røssland, Sundsvegen 146, 5450 Sunde Kostnadsoverslag: ca 130.000 Søknadssum: Maks Det vert søkt om midlar til innkjøp av tipp/hengar og utstyr til skogsrydding mm. Søkjar starta i 2016 opp firmaet Røssland Transport & Vedlikehald med servicetilbod til båt, mindre gravingsarbeid, muring, beplantning, maling mm . Gode erfaringar med omsyn til marknaden gjer at han nå ønskjer å starte AS og utvide tilbodet. Han ser og for seg eit samarbeid med NAV i samband med personar som treng arbeidstrening. Linjerydding Industrimekanikar med allsidig erfaring. Målet er å skape arbeidsplass til seg sjølv og evt tilsette nokon på sikt. Det er ulike firma i kommunen som tilbyd, men det er etter vårt syn plass til fleire. Vedlegg: Søknad Kvinnherad kommune side 1 Budsjett 2017 Røssland Multiservice AS INNTEKTER (jf. salgsbudsjett/kalkyler) Sum driftsinntekter Variable kostnader: Andre kostnader Sum variable kostnader DEKNINGSBIDRAG Indirekte kostnader: Lønn, inkl. sosiale kostnader (feriepenger, arbeidsgiveravgift, o.l.) (blir ikkje tatt ut lønn i 2017 som nemnt i søknad pga oppbygging) Leasingavtale henger Leasingavtale bil Drivstoff Forsikringer Bil/yrkesskade/ansvar Regnskap Revisjon (ikkje aktuelt, omsetn. under 5 mill.) Kurs Kontorutstyr/kontorrekvisita Telefon/elektronisk kommunikasjon Andre driftskostnader Arbeidsklær/utstyr Markedsføring Sum indirekte kostnader DRIFTSRESULTAT Renteinntekter Rentekostnader (Ingen lån) Netto finanskostnader RESULTAT 300 000 300 000 300 000 0 40 000 96 000 12 000 17 000 30 000 1 500 10 000 7 000 10 000 5 000 228 500 71 500 71 500 10.02.2017 Georg Røssland Røssland Multiservice AS Sundsvegen 146 5450 SUNDE Kvinnherad kommune v/ Karin Thauland Rosendalsvegen 10 5470 ROSENDAL Søknad om midlar frå næringsfondet Eg søkjer herved Kvinnherad kommune om midlar til oppstart av AS ved årsskiftet 2016/17. Sidan 6/116 har eg drive einmannsføretaket Røssland Transport & Vedlikehald. Her har eg jobba med alt frå service på båt & motor, tomtastedl (rydding og stell/vedlikehald av uteområde) til mindre gravejobbar/ grusing, beplantning, muring m.m. Flytting, transport og malingsarbeid er også ein del av det eg kan utføra. Har annonsert litt i lokalavisa i vår og ellers hatt rikeleg og gjera på, deriblant nokre faste avtalar gjennom sesongen. Dette er noko eg har drive med på sida av full jobb på Hydro Husnes som skiftoperatør i anodeverkstaden. Navnet mitt er Georg Røssland, er 27 år gamal og er frå Sunde. Eg likar og få ting til og ynskjer difor og skapa noko positivt og nyttig i kommunen i desse tider. Av dette års erfaring så ser eg at her er det moglegheit til og få til noko som kan hjelpa mange, alt ifrå folk som treng hjelp til ulike ting til og på sikt kunna ansetta folk i jobb. Av bakgrunn har eg utdanning som industrimekanikar. Eg har bla. tidlegare jobba innan vannkraft, skipsbygging, oppbygging av prosessanlegg på land, mekanikar offshore i 3 år, til butikk og plukka tomater og agurk hjå Ragnvald Vaage på Sunde. Eg stifta einmannsføretaket for og sjå an markedet etter desse tenestene i kommunen. No etter eit års drift ser eg at dette er det ein absolutt marknad for. Difor satsar eg no på eit AS, der eg på sikt også vil tilby skogsrydding for kraftlag o.l og då skapa arbeidsplassar i tillegg til at eg etter kvart vil koma til og driva sjølv på heiltid. Det vil også kunna bli aktuelt med eit samarbeid i forhold til personar som treng arbeidstrening gjennom NAV o.l. Eg byrjar i det små og jobbar meg oppover, målet er og ha ei solid og brei drift der ein kan tilby ulike tenester med god kvalitet. Målet er og driva allsidig og ha noko og driva med gjennom heile året. Endo er dette med NAV på ide-stadiet, og har så vidt drøfta innleige hjå Kvinnherad Energi. Eg vil også sjå til andre kommunar ang arbeid, som t.d ein ferjetur over til Skånevik der ein har moglegheit for utleige til Skånevik & Ølen kraftlag. Dei har konstant mangel på folk til linjerydding. NAV vil eg gå i dialog med no på vårparten og høyra om interessen for eit samarbeid er til stades. Mest truleg vil då eit slikt samarbeid starta vinter/vår 17/18.Uansett vil aksjeselskapet bli oppretta 1.1.17 og frå då går eg inn med forespørslar til ulike aktørar som driv innan det eg kan bistå med, også innan industri. I denne omgong søkjer eg midlar til innkjøp av tipp/maskinhengar. Eg veit ikkje kor mykje ein kan vera heldig og få, prisen på ein slik hengar ligg på vèl 104.000,- inkl. mva. Dette er noko eg må ha for og transportera alt i frå gravemaskin, massar o.l. Eg har allereie ein ny solid firmabil som kan trekkja 3500 kg, og stiller såleis sterkt i forhold til transport og anna. Innkjøp av ryddesag, verneutstyr, verktøy o.l er òg ting eg kan nemna som står på ynskjelista for og få firmaet klart til innsats, då spesielt til det vårast att. Slik eg ser det så har eg ikkje nokre direkte konkurrentar i nær omkrets. Det er fleire firma som driv både innan gartnar/beplantning og graving, men akkurat det eg siktar meg inn på er meir rydding av tun m.m innan den sjangeren. I tillegg kan eg ta mindre gravejobbar på same tunet, noko som gjerne blir sett på som for små prosjekt hjå andre større aktørar i kommunen. Litt min tanke er og kunna tilby ein totalpakke der me kan ordna fleire ting samstundes medan kunden kun treng forhalda seg til eit og same firma, og no i byrjinga, også same person. Når det gjeld båt- og motordelen så kan eg ikkje sei det er stort med konkurranse her på fastlandssida. Eg har fått ein god del forespørslar ang. service m.m, mange som syns det er bale og reisa heilt til Larsstø på Halsnøy for motorsjekk med meir. Forventa inntekt i firmaet vert minimum det same som eg har hatt i år, røffleg 300.000,- Eg kan igjen presisera at dette kun er drive på fritida mellom annan jobb m.m, og har difor stort potensiale. Eg har ikkje planar om og ta ut løn kommande år heller av 2 grunnar; eg har fast inntekt hjå Hydro Husnes, og eg ynskjer heller og tena opp kapital i aksjeselskapet for at det skal stå sterkare rusta mot 2018 og evt ansettelsar om det visar seg at det skulle vera arbeid for fleire, noko eg både trur og veit at blir ein realitet. Frå 2018 ser eg for meg og kunna driva firmaet på fulltid. I mellomtida byggjer eg opp kapital og er klar til innsats. Fordelen min er at eg har lite utgifter no når eg ikkje tek ut løn og kan difor spara opp. Spesifikke utgifter er på bil, yrkes- og ansvarforsikring og reknskap. Med dette års erfaring så må eg sei at eg har god tru på dette, og det håpar eg De også har. 2016 har vore svært lærerikt, eg har lært mykje rundt dette med reknskap, inntekt og utgifter, moms, fakturering og annonsering. Dette, ilag med at eg ser eg har funne meg fleire `nisjer`, gjer at eg no går over til AS og jobbar hardt for og få til eit firma i Kvinnherad som kan bistå både eldre og yngre, hyttefolk og båtfolk, bygdafolk og bedrifter med god kvalitet. Om De ynskjer, og har anledning til og bistå meg med litt midlar til oppstart så hadde eg vore svært takksam for det. Røssland Multiservice AS Har De spørsmål ang drifta dette året, omsetning m.m så skal De sjølvsagt få sjå reknskap om ynskjeleg 2 Med venleg helsing Georg Røssland Dagleg leiar og eigar Røssland Multiservice AS 5450 SUNDE 90059252 Saksframlegg Kvinnherad kommune Saksmappe Saksbehandlar 2016/3986-3 Saksgang Saksnr 2017/10 Karin Thauland Utval Styret for næringsfondet Møtedato 09.03.2017 Behandling - Søknad om midlar frå næringsfondet - Utstyr til fosterteljing på sau Janne Alsaker Innstilling frå rådmannen: Janne Alsaker vert tildelt kr 30.000 frå næringsfondet til oppstart av firma med tenester knytt til husdyrhald Saksutgreiing: Søkjar: Janne Alsaker, Fitjaheio 53, 5464 Dimmelsvik Kostnad: kr 215.000 Søknadssum: kr 30.000 Søkjar har starta opp firma som tilbyr saueeigar fosterteljing. Ho har utdanna seg innan faget i Skotland, og kjøpt inn ultralydutstyr. Det er fleire som etter kvart etterspør denne tenesta. Pr i dag er det ingen firma i Hordaland som tilbyd fosterteljing. Ho har avtale med ein som i dag gir tilbodet her i Sunnhordland om å ta arbeidet for han her i distriktet , og har elles samarbeid med Landbrukstenester Folgefonna. Firma har organisasjonsnummer 94889374 i bransjen Skoing av hest og fostertelling på sau. Tidspunktet for lamming og med dette teljing varierer etter klima og nærleik til kysten. Arbeidet med fosterteljing vert utført i løpet av ein 3 månadersperiode i året i snitt i fylke. Ho tilbyd og barfottrimming. (Beskjæring/trimming/verkinga av hestar som ikkje bær sko). Fjesbokside: Janne Alsaker - Fostertelling på sau og barfottrimming Vurdering: Det er pr i dag ingen i fylke som tilbyd slik teljing. Søkjar har avtale med det firma frå Telemark som i dag tel foster i vårt område om å verta den lokale marknaden. Rådmannen meiner det et positivt at saueeigarar kan får tilbod om teljing av foster og andre tenester frå eit lokalt firma, og rår til at det vert ytt tilskot til etableringa Vedlegg: Søknad Kvinnherad kommune side 1 side 2 Kvinnherad kommune Søknad om tilskot til utstyr i forbindelse med fostertelling på sau. Eg vil med dette søke om tilskot på 30.000 frå Næringsfondet handsama av Kvinnherad Kommune til skanning boks. Søkjar: Janne Alsaker Fitjaheio 53, 5464 Dimmelsvik Org nr: 917 461 295 Tlf Nr: 94889374 [email protected] Bakgrunn: Ettersom eg ikkje hadde odelen heime så måtte eg tenke nytt for å kunne holde meg innanfor landbruket. Det er slik tanken ved fostertelling på sau har dukka opp. Dette har dei siste åra kun vore ein tanke. Men når vi gjennom jobb fekk beskjed om å tenke over kva vi ønske å kunne tilby bøndene utenom avløysing så blei tankane omgjort til handling. Før jul i fjor undersøkte eg kven som driv med fostertelling her i sør-Norge for å kunne vere med ein av desse. Etter ein telefon til Noel Herbert som har hovudområdet sitt i Buskerud, Sunnhordaland og nordlege delen av Rogaland, så blei avtalen at eg skulle følgje han dei dagane han var i Sunnhordalandsområdet. Gjennom eit par dagar i januar telde vi alle sauene i Kvinnherad. Dette var grunnlaget for at eg no skal til Skotland på kurs, og har invistert i eige ultralyd utstyr. Ide: Eg er innflytta kvinnhering, oppvaksen i Olden i Stryn kommune. Fødd på gard med gris, sau og melkeproduksjon i stor skala. Frå eg var 18 har eg stortsett hatt tilholdsstad i Omvikdalen. Her nede har eg fast stilling gjennom Landbruksteneste Folgefonna, der eg sit om lag halvparten på kontoret, og er halvparten ute i felten som Landbruksvikar. Det er og gjennom dei at eg har fått denne moglegheita til å kunne reise til Skotland, og bruke delar av året mitt på å drive med fostertelling. Bøndene som i dag byggjer til sau tenkjer framtidsretta. Meir teknologi har innteke sauebruka, og bøndene tenkjer meir økonomisk. Det er på denne måten at fostertellinga er eit tilbod for bøndene som dei ser nytta av å bruke: dei sparar pengar. Sauene blir para i desember. Frå fosteret er 30-90 dagar så vil en kunne skanne dei for å telle kor mange lam dei ventar. Foringsautomaten er innstilt til kvar enkelt sau. Sauene som ventar 1 lam, treng mindre kraftfor enn dei som ventar 3. På denne måten kan bøndene tilpasse fôringa mykje betre, både for sauen og lammet. Sauene vil då føde lam i passelege størrelsar. Lam som er fødde for små har større problem med å klare seg på eigenhand, lam som er for store under fødsel vil kunne gje fødselsvanskar for mor. Små lam vil i tilegg krevje meir tidsbruk for å få dei opp i rett slaktevekt, dette krever og meir av bonden som gjer at han tapar pengar. I Norge i dag har vi ikkje noko slags form for opplæring igjennom fostertelling på sau. Ein kan følgje dei som alt driv med dette her i landet, men den beste opplæringa får ein i utlandet, både når det gjeld praksis og teori. Duncan Kennedy er ein einar på dette området, og han tek for seg mestedelen av opplæringa gjennom BCF technology. Dei er ein av få som held opplæring i ultralydscanning på sau og ku. Nøyaktig antal personar som skannar i Noreg pr i dag er uvisst. Men det blei sendt 2 stk til Skotland i fjor på opplæring, i år møter kun eg frå Norge. Der er pr i dag ingen som bur i Hordaland som driv med skanning. Folk blir innleigd enten frå Trøndelag, eller Buskerud. Etter at sauene er para, så startar skanninga i mellom januar og mars. Dei som bur i kystområdene har ofte paring tidlegare enn dei som bur meir i indre strøk. På denne måten blir og tellingsperioden om lag 3 månadar i løpet av eit år. Til samarbeidspartar har eg Landbruksteneste Folgefonna som vil stå for fakturering, derifrå vil eg fakturere dei for mine tenester. Utstyret som er innkjøpt er kjøpt direkte frå BCF tehnology i Skotland. Skanning apparatet er kome til Norge. Dette er eit dyrt og eksklusivt apparat som kosta i underkant av 180 000. Skanningboksen er bestilt, denne vil kome til å koste rundt 35 000, avhengig av prisen på frakt til Norge. Målet med dette tilbudet er å kunne vere den leiande innan fostertelling i Hordaland. Tilbodet vil og bli gitt i Sogn og Fjordane, men primærområdet vil bli i området der vi har kundekrets gjennom Lt Folgefonna. Ettersom at dei står som samarbeidspartnarar så vil dei og promotere tilbudet mitt. Eg har oppretta ei facebookside, der det vil bli lagt ut planar for kor eg opphelde meg til ei kvar tid. Framtidsplanen er og etter kvart kunne utvide tilbodet til at det samtidig kan gjelde skanning på ku. Med å gje tilbodet både til ku og sau, så vil eg kunne sitte igjen med 1 årsverk. Vedlegg: Driftsbudsjett og invisteringsbudsjett. Driftsbudsjett heilt driftsår Pesemistisk Optimistisk Inntekt 65000 75000 Sum Driftsinntekter 65000 75000 Vedlikehold på utstyr Diverse Telefon Rekneskap Administrasjon Arbeidsgodtgjersle 8 000 2000 800 9 000 4000 10000 10000 2500 1000 10000 5000 20000 Sum Variable Kostnader 37800 53500 Dekningsbidrag 27200 21500 Faste Kostnader: Avdrag og renter Forsikring 6802 5000 6802 5000 20398 14698 Variable Kostnader Driftsresultat Invisteringsbudskjett fostertelling Total kostnad: Skanningboks og utralydapparat Lån Midlar kommunalt næringsfond Eigenkapital 215 000 160 000 30 000 25 000 Fostertelling 2019 Budsjett Resultat Inntekt 125000 Lån 41088 Forsikring 5000 Vedlikehold på utstyr10 000 Diverse 2500 Telefon 1000 Rekneskap 10 000 Administrasjon 5000 Avvik Invisteringsbudskjett fostertelling Total kostnad: Skanningboks og utralydapparat Lån Midlar kommunalt næringsfond Eigenkapital 215 000 160 000 30 000 25 000 Rosendalsvegen 10 Kvinnherad kommune 5470 ROSENDAL Tel: 53483100 Fax: 53483130 Org. nr: 964 967 636 Bankgiro: 3460.07.00083 Rådmannen Samfunnsutvikling [email protected] www. kvinnherad.kommune.no facebook.com/kvinnherad Janne Alsaker Fitjaheio 53 5464 DIMMELSVIK _ Saksbehandlar Karin Thauland Tlf. direkte innval 90978556 Vår ref. 2016/3986-2 Dykkar ref. Dato 15.11.2016 Vedkjem søknad om midlar frå næringsfondet Vi takkar for motteke søknad om tilskot til fostertelling på sau motteke 10.11.2016 Det er diverre ikkje midlar att på næringsfondet i 2016 . Søknaden kan difor ikkje handsamast før nye midlar vert avsett i 2017. Søknaden vert handsama i 2017. Dersom du har meir informasjon om bedrifta di, så sende det gjerne inn. Dersom eg treng meir opplysningar i samband med sakshandsaming i 2017, tek eg kontakt. Lykke til med bedrifta Med helsing Karin Thauland næringsrådgjevar Brevet er godkjent elektronisk og har difor inga underskrift. Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel –utvikling og vekst
© Copyright 2024