Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 1/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Saksliste til Årsmøtet 09.03.2017 kl. 18.00 på Rødekorshuset i Seljord. 1. Godkjenning av innkalling og møtets dagsorden 2. Val av ordstyrer og referent 3. Val av to til å underskrive protokollen 4. Årsmelding frå styret 2016 5. Regnskapet for 2016 6. Budsjett 2017 7. Kontingent 2018 8. Innkomne saker 9. Val- Valnemndas innstilling 10. Val av to utsendingar til årsmøtet i NJFF-Telemark, Foreslår at styret fremmer forslag på 2 repr. (navngitte) til årsmøtet 11. Avslutning med middag og sosialt samvær Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 2/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sak 4 Tillitsvalte i Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Leiar Tor Erik Sivertsen Nestleiar/jaktutval Sondre Moen Fiskeutval Terje Haugland Ungdomsutval Tor Erik Sivertsen Hytteutstyrsutval Ken Jonas Kristoffersen Kasserar Åsmund Albrigt Myrstad Sekretær Per A Brekke Styremedlem Nils Tore Haugland Vara Arve Myrvang Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 3/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sak 4 Årsmelding frå Styret i SJFL for 2016 Medlemmer/kontingent SJFL har 171 medlemmer ved utgang av 2016, det er ein liten reduksjon i forhold til 2015 (174). Lokallagskontingenten har stått uendra dei siste åra. Slik var det også for 2016. Styret går inn for at denne blir uendra også for 2018. Styret Styret har hatt 10 møter gjennom året. Det har vært et medlemsmøte med foredrag fra Jeger og naturfotograf Halvor Sveen. Han heldt foredrag om hans møte med ulv, bjørn, gaupe og jerv samt innslag med løshundjakt på elg. Dugnader. Notfiske, beising av hytte og båthus og innsetting ny ovn på Tjorbu har vært dugnadsaktivitetar i 2016. Eksterne møter Det var 1 representantar på årsmøte til Telemark jeger og fiskeforeining som blei arrangert i Vrådal. Økonomi Sjfl har hatt aktivitet som forventa. Sjå vedlagt driftsbudsjett og rekneskap. Lokale Leigeavtala på grendehuset utgikk i april 2016. På styremøtet 04.02.2016 vart det bestemt å avslutte leigeforholdet på grendehuset, og skrive ny leigekontrakt på Raude Kross-huset. Tor Erik Sivertsen Leiar Seljord jakt og fiskelag Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 4/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Jaktutvalet Årets jaktsesong har likna mykje på fjorårets med litt i overkant av 271 fugl sett og 25 skotne. Det er skotne 24 ryper og ein røy og det er sett 6 storfugl. Me har hatt 14 jegerar i terrenget fordelt på 21 dagar. Også i år var det ingen som legde jakt i desember, med tydeleg nedgang i november. Det er totalt selt 10 sesongkort og 7 dagskort. Det er skotne over dobbelt så mange fugl som i fjor(11), men det er stadig ikkje eit veldig høgt tal og må kunne reknast som bærekraftig. Det er dessverre ikkje skutt korp i år. Til tross for interesse for vinterjakt av dei som kjøper kort held SJFF fast ved å avslutte jakte 23. desember som i fjor og det er noko som me har møtt forståelse for av dei som har spurt om vinterjakt. Inntrykket ein sitt att me frå årets jaktutøvelse og gjengse oppfatninga frå naboterreng er at bestanden av fugl er i betring. Det er ingen som har kjøpt jaktkort i 2016 som ikkje har sett fugl. Det er også meldt om to observasjonar av hare, og meir interesse blant dei som kjøper kort for også å jakte på detta. Det har ikkje komme fram problematiske forhold eller hendingar i forbindelse med jakta, ei heller frå grunneigarane. I 2016 har det ikkje blitt organisert noko fellefangst etter mår eller røyskatt, ei heller jakt på rev eller korp. Det har vore ein dialog med Kviteseid jeger og fisk angåande deira prosjekt med «predatorjakt» der den som skyt mest predatorar av type rev, mår og liknande får ein premie. Det hadde vært liten deltakelse rundt detta. Me avtala om fortsatt dialog dersom det skulle komme nye idear som viser seg å vera konstruktive i å fremje og stimulere til auka predatorjakt blant lagas medlemmar. Sondre Moen Leiar Jaktutval Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 5/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Årsrapport aversjonsdressur 2016 FYLKE:_Telemark____________________ ÅR:_______2016____________ Forening:_Seljord_SJFL instr:Vegard Løkamoen Odd Høydahl_____________________ Hundetyper Sum antall 1. gangs bevis Sum antall fornyete bevis Stående fuglehunder 3 1 Apporterende og støtende hunder jakt 2 Drivende hunder jakt 2 Spisshunder jakt 10 Andre hunderaser 3 Blandingshunder 2 Samlet antall: 22 2 3 Merk: Lokale foreiningar/klubbar sender samla aktivitetsrapport til fylkeslaget ved sesongens slutt og seinast innan 30.11. Alle fylkeslag utarbeider aktivitetsrapport som sendes NJFF sentralt innan 31.12. Samla årsrapport vil bli utarbeida på grunnlag av innkomne opplysningar og presenterast på NJFFs nettsider. Odd Høydahl Leiar Aversjonsdressur Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 6/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Årsrapport Fiske 2016 Fiskeutvalet har i år styra med : · Pilkedag på Gjevarvatn · Sjøaurefisketur i Valle med ungdommar · Fiskedag på Kjos i Åmotsdal · Fiskeforvaltning av Lifjell · Vassprøvetaking · Tilrettelegging for kalking · Fiskekortsal · Diverse Isfisketur Gjevarvatn. Rundt 30 deltakarar Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 7/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sjøaurefisketur i Valle med ungdommar 6 ungdommar Fiskedag på Kjos i Åmotsdal 35-40 deltakarar Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 8/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Fiskeforvaltning av Lifjell. Fiskeforvaltning av Lifjell er den desidert største og mest krevjande oppgåve fiskeutvalet har. Laget forpliktar seg til forvaltning av 19 vatn, der mange av vatna er truga av overbefolkning. Beitegrunnlaget i desse vatna er utmagra, gyteforholda er gode og utfiskinga er liten. For å betre forholda må ein jobbe strukturert og langsiktig. Det er fyrste året det har blitt sett ut at fisk i Tvitjønnan som er for ``stor`` 400-500 gram. Loggføring Det skal førast logg på antall fisk som blir tatt opp i kva for vatn. Spesielle merknader som storleik skal og førast. Notfiske Notfiskeprosjektet blei starta planlagt hausten 2013. Nota blei bestilt og frakta opp vinterstid i 2014. I år har det vore fiska med not to helger i privat regi. Motoren er teke i bruk og fungerer bra til dette bruket. Kunne ha vore noko sterkare, men gjer det mogleg å fiske i motvind. Heile Store Tjorbu er fiska rundt, og den einaste plassen som er egna grunna botnforhold er ved kvitebekk. Bøteutstyr må bestillast då det blir slitasje på nota. Notfisket vil halde fram i Store og vesle Tjorbu i 2017. Foreløpig framdriftsplan notfiske. — 2017 Vesle Tjorbu, Store Tjorbu — 2018-2021 Store Holmetjønn, Vesle Hometjønn. — 2022-2023 Hønsevatna , Eiungsbu — 2024-2026- Blomtjønnan — 2027-Mørketjønn — 2028-Damtjønn Motor og not må flyttast vinterstid. Planlagt flytting vil bli til Store Holmetjønn vinteren 2018. Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 9/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Bekkeruse Bekkeruser blei sett ut hausten 2016 ved Tvitjønnan, bekken mellom tjønnane, og i øvre del der bekken frå Grantjønn endar, samt Kvitebekk som renn ned i Store Tjorbu og i bekken mellom Vesle og Store Tjorbu. Dette er hittil den mest suksessrike fangstmetoden. Rusene er enkle og sette opp og enkle og tømme. Medlemane fekk tilbod om å tømme dei ein gong i veka. Rusene blir lagra i garnskåpet på Tvitjønnan og i garnskåpet på Tjorbu. Flom er ei utfordring også tidleg isleggin Resultat fangst · År 2013 – 182 fisk Tvitjønnan · År 2014 – 308 fisk Tvitjønnan · År 2015 – 104 fisk i ruse.( Tvitjønnan) 455 fisk i not og garn/stong/oter og strømming i Tjorbuvatna. · År 2016 – 208 fisk i ruse på Tvitjønnan, Tjorbuvatna 369 fisk ruse, garn og not. Eiungsbu 90 fisk på stong. Totalt registrert fisk 667 stk. · Total registrert fangst sida 2013 · 1261 fisk Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 10/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 · Snittvekt ca 150 gram · Totalvekt 1261 * 0,150 kg = 189,15 kg Det blei kjøpt inn to nye bekkeruser som skal brukast ved Tjorbuvatna frå sommaren 2016. Flytting av fisk. Det skal flyttast fisk til Grantjønn, Olavstjønn, Vestre Tjorbu, Langetjønn og Øvre Grantjønn. Dette skal skje ved bruk av bekkeruse. Utstyr til dette ligg i garnskapet på Tjorbu og Tvitjønnan. Det må føras logg på kor mange fisk som blir flytt til vatna. Det bør ikkje overskride meir enn 10 fisk pr. daa. Flytta fisk. · 2015- Tvitjønnan til Grantjønn 11 fisk · 2016- Store Tjorbu til Vestre Tjorbu 6 fisk. Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 11/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 12/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 13/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 14/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Garnfiske og teinefiske Det finst garn og teiner på Vesle Tjorbu, garn på Tvitjønnan og Eiungsbu som medlemmene kan nytte seg av. Dei er i middels god stand. Det må kjøpast inn nye garn med mindre omfar enn 26. Dei fiskar for dårleg. Vassprøvetaking og tilrettelegging for kalking. Vassprøvene i år blei teke av Terje Haugland, Jon Bjørge og Rolf Haugland. Viktige næringsdyr for auren forsvinn viss vatnets pH blir liggande under 6,0. Ved lågare pH enn 4,7 klarer ofte ikkje auretyngelen å vekse opp. Dette kan gje store konsekvensar for økosystema i vatna. Prøvene blei sendt til laboratoriet i Skien og viste gode resultat. Sjå vedlegg 1. Kalking blei gjennomført på normal måte. Helikopteret kom i juni/juli. Slik ca når det passa. Me måtte sette opp skilt og ringe og mase som vanleg. Sjå Vedlegg 1. Fiskekortsal Det blei selt 50 kort via nett. ( netto Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 3 281,25) 09. mars 2017 side 15/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sms selte 1 stk. (netto 121,-) ( 34 kort i 2015) Diverse Fiskeutvalet har av utstyr. · 1 not. · 1 påhengsmotor 3,5hk · X antall garn. · 4 bekkeruser. · 2 oterar · 9 flugestenger · 20 haspelstenger · Diverse fiskeutstyr til forbruk. · Diverse remier/artikler Planer for 2017 · Pilketur februar? · Havfisketur April? · Fisketur Kjos med Barnas turlag juni · Familiedag august Grunningsdalen · Bekkerusefiske haust · Notfiske/Tynningsfisketur oktober · Flytting av fisk juni/juli.-november Frå Tjorbu til Olavstjønn og Langetjønn/Vestre Tjorbu. Frå Tvitjønnan til Grantjønn og Øvre Grantjønn . · Strømming på bekker Lifjell september/oktober viss fylkessekræteren har moglegheit. Terje Haugland Leiar Fiskeutvalet Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 16/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Årsrapport for ungdomsgruppa året 2016 Ungdomsgruppa har i 2016 hatt redusert aktivitet i forhold til året før. Årsaka til dette er fleire, men i all hovudsak dreier det seg om manglande tid og engasjement frå gruppas leiar. Ungdomsarbeid er noko av det viktigaste vi jobbar med, så aktivitetane for 2017 må aukast. Ungdomsgruppa har motteke i 2016 kr 15.000,- i tilskot frå fylkeskommunen. Dette er pengar øyremerka til aktivitetar for barn og ungdom. Grunna manglande arrangement fekk vi overført disse midlane til 2017. Aktiviteter ungdomsgruppa har utført i 2016 Skytesimulatorkveldar Pilketur til Gjevarvatn (saman med fiskeutvalet) Sjøaurefiske i Valle (saman med fiskeutvalet) Leirdueskyting i Kviteseid Fiskedag i Kjos (saman med fiskeutvalet) Det var også planlagt fleire jaktaktiviteter hausten 2016, men disse utgikk da vi ikkje fekk tak i egna terreng. Tor Erik Sivertsen Leiar Ungdomsutvalet Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 17/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Hytteutval Utleie: Det har i løpet av året vært 43 overnattingar på Tjorbu og 13 overnattingar på Eiungsbu. Har bare fått gode tilbakemeldingar om hyttene og tilbodet som ligger der for våre medlemmer. Det har gått hardt utover veden på Tjorbu, så der er det lite igjen, så det oppfordras ved utleie og bruke veden med vett. Ellers ser hyttene og båthusa bra ut. Det er også laga utleielister i dropbox, slik at alle i styret kan sjå når hyttene er leid ut. Kva er gjort: Det er køyrd opp ved, ny vedomn (montert), gass og anna forbruksmateriell til hyttene. Det er også beisa på båthus store Tjorbu og Holmetjønn, uthus og hytte Tjorbu. Steinmur på utsida av Tjorbu er også flytta nokre meter. Framdrift: Det er dialog, og satt ca pris på ved og transport, så det vil bli satt i gang så fort det blir føre for transport. Det vil også bli transportert opp nytt batteri til Tjorbu og forbruksmateriell til hyttene i same slengen, samt at søppel og gammal vedomn tas med i retur. Det planleggast også eit generelt skriv til leigetakar av hyttene. Utanom dette vil det ikkje bli gjort så mykje meir da budsjettet ikkje tillater det. Bilda er ifrå vinteren 2014 på Tjorbu, måtte det kome like mykje i år:) Ken Jonas Kristoffersen Leiar Hytteutvalet Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 18/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sak 5 Årsregnskap 2016 Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 19/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 20/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sak 6 Budsjett 2017 Driftsinntekter Medlemskontingentar kr 14 000 Sal fiskekort kr 6 500 Sal jaktkort Utleige av hytter 200,- pr pers pr natt kr kr 12 000 10 000 Kurs og dugnads inntekter kr 20 000 Tilskot kr 50 000 Grasrothandelen kr 18 000 Momsrefusjon kr 5 000 Sum driftsinntekter kr 135 500 Avskrivingar kr 16 500 Leige av jakt fisketerreng kr 20 000 Utgifter dugnad kr 3 000 Hytteutgifter/vedlikehald kr 20 000 Kontor og adm kr 12 000 Driftskostnader båt kr 2 000 Annonser Forsikringar kr kr 1 500 6 000 Egne møte og aktivitet kr 6 500 Eksterne møter aktivitet og kurs kr 8 000 Bil/reise godtgjørsles kr 2 000 Ungdomsgruppe kr 15 000 Jaktutvalet kr Fiskeutval ( kr 5 000 Lønn honorar kursholdar kr 12 000 Gåver, tilskot kr 1 000 Skytesimulator kr 5 000 Sum driftskostnader kr 135 500 Resultat kr - Skytesimulator Driftskostnader Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord - 09. mars 2017 side 21/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sak 7 Kontingent 2018. Styret foreslår at lokallagskontigenten forblir uendra i 2018. Sak 8 Innkomne saker Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 22/23 Årsrapport for Seljord Jakt og Fiskelag 2016 Sak 9 Valnemndas innstilling Verv Sist valt Varighet Valt når Status Forslag Tor Erik Sivertsen Leiar Tor Erik Sivertsen 2 år 2015 på val Nestleiar/ Jaktutval Sondre Moen 2 år 2016 Ikkje på val Kasserar Åsmund Myrstad 2 år 2015 på val Sekretær Per A Brekke 2 år 2016 Ikkje på val 2 år 2016 Ikkje på val Ungdom Konstituert (Tor Erik 2 år Sivertsen) 2015 På val Fiskeutval Terje Haugland 2 år 2016 Ikkje på val Terje Haugland Hytte/utstyr Ken Jonas 2 år Kristoffersen 2016 Ikkje på val 1.Varamedle m Arve Myrvang 2 år 2016 På val ??? Revisor T. Aase 1 år 2016 På val T. Aase Revisor A. Øygarden 1 år 2016 På val A. Øygarden 2 år 2016 På val Styremedlem Nils Tore Haugland Valnemnd Valnemnd Kjell Svaland 1 år 2016 På val Valnemnd Jan Helge Øygarden 2 år 2016 Ikkje på val Åsmund Myrstad Arve Myrvang Sak 10 Utsendingar til Årsmøtet i Telemark NJFF Styret har utpekt 2 utsendingar. Avslutning med middag Seljord Jakt og Fiskelag 3840 Seljord 09. mars 2017 side 23/23
© Copyright 2024