Fjell er årets kulturkommune i Hordaland Fjell kommune er kåra til «Årets kulturkommune i Hordaland». Fungerande fylkesordførar Pål Kårbø tildelte utmerkinga på Hordaland fylkesting kl. 11.45 i dag. Ordførar Marianne Sandal Bjorøy og kultursjef Lennart Fjell tok imot prisen. Fjell kommune får prisen mellom anna for brei kultursatsing som involverer mange gode krefter og god vilje hos innbyggjarane i kommunen, både frivillige og private aktørar. Årets kulturkommune er ei utmerking Norsk kulturforum (NOKU) tok initiativ til i 1992. Norsk kulturforum ønskjer gjennom prisen å synleggjere godt lokalt kulturarbeid. Juryen har vore sett saman av fungerande fylkesordførar Pål Kårbø, konstituert fylkesdirektør for kultur og idrett, Per Morten Ekerhovd og leiar i NOKU Hordaland, Gunnhild Utkvitne. Med dette er Fjell kommune Hordaland sin kandidat til den nasjonale utmerkinga Årets kulturkommune. Juryen grunngjev pristildelinga med at Fjell kommune gjennom ei tverrpolitisk overordna og langsiktig satsing har hatt kultur som prioritert arbeidsfelt. Kommunen har i ei årrekkje arbeidd for kulturarva og korleis denne skal takast vare på for kommande generasjonar. Satsinga er utvida til å omfatte eit heilskapleg kultur- og idrettsområde. Dei mange tenestetilboda som kommunen no tilbyr innbyggjarane, er gode døme på kulturlova sin intensjon om å legge til rette for eit blømande lokalt kulturliv. Tenestetilboda når alle innbyggjarane, frå dei aller minste til dei aller eldste. Tilboda i Fjell femnar om både dei meir tradisjonelle tenestene som folkeboksamling, frivilligsentral, idrett- og fritidsklubbar, til nyskapande digital formidling og tilskiping av årleg kultur- og idrettsgalla der lokale helter og eldsjeler får fortent heider. Kommunen tør å utfordra og eksperimentere og lykkast også ofte med utviklingsprosjekta sine. Juryen peikar på at flyktningkrisa i 2015 innebar utfordringar for Fjell kommune. Utfordringane vart handtert i samarbeid med frivillig innsats og innebar både store kulturarrangement og oppretting av eigen digital frivilligportal for alle dei som ønskte hjelpa til i krisa. Dette har vore til inspirasjon for andre kommunar og er gode døme på kva kraft kultur kan ha i krisesituasjonar og kva kraft det ligg i frivillig innsats. Frå Norsk kulturforum heiter det fylgjande om prisen «Årets kulturkommune»: «Prisen Norges kulturkommune er en anerkjennelse av kommuner som jobber godt med hele bredden av kulturlivets utfordringer og muligheter, der både offentlige, frivillige og private aktører har sin plass og rolle i et helhetlig lokalt kulturliv». Fjell kommune skulle såleis vere ein god kandidat til den nasjonale prisen. Både NOKU og Hordaland fylkeskommune ønskjer å rette søkelyset på kulturarbeidet i kommunane. Godt lokalt kommunalt kulturarbeid er å legge til rette for at alle innbyggarane får høve til meiningsfull eigenaktivitet og gode kulturopplevingar. Lokal kulturutvikling i ein kommune er eit resultat av langsiktig og målmedvite arbeid, overordna tenking og god politisk forankring i tråd med kulturlova. Godt samarbeid på tvers av offentleg, frivillig og privat sektor og løysningsorienterte tilnærmingar står sentralt.
© Copyright 2024