Les mer - Floke Grønn Frisør

LAURDAG
20. SEPTEMBER 2014 • Nr 106 • 131. årgang • Grunnlagt 1883 • Laussal kr 20,–
Eg skulle ynskja
«
eg kunne koma hit
oftare.
VOSSAKLARE AMY LAVERE
Side 7
Munnbind
for legane
Side 2 og 3
Dette kan best karakteriserast
«
ved å nytta ungdomens favorittord – sinnsjukt
LARS MOSSEFINN OM OL-KOSTNADANE
Side 9
Bykser i Vossabadet i 2016
ordførar Hans-Erik Ringkjøb måtte be dei
folke-valde dempa seg. Enno er ikkje
finansieringa på plass, noko som Lars
Mossefinn (Ap) meiner
kunne vore løyst med eigedomsskatt. Rådmann
Einar Hauge har likevel tru på at vert jolebad i
Side 14, 15, 16 og
nyanlegget i 2016.
leiar
Frisørrevolusjonen
Med saks og kam går Irene Stana til kamp mot gift­stoffa
i frisørfaget. – Det er ein frisørrevolusjon
på gang! Portrett side 10 og 11
FOTO: INGREID JORDAL
Det er jubel i symjeleiren. Det vart det òg i
kommunestyret då dei fatta einstemmig
vedtak om å byggja Vossabadet. Jubelen sto så
høgt at
10
LAURDAG PORTRETT
HORDALAND 20. SEPTEMBER 2014
Jålegeit utanpå, og blomsterbarn inni. Irene Stana (43) vil ta
frisørane med attende til det grøne, reine og sunne.
Klipper
grønt
– Det er ein frisørrevolusjon på gong, det
er heilt rett!
Irene Stana sit i ein gigantisk sofa
overausa med puter, oppglødd i blikket.
Det rette, blonde håret heng over ei fargesprakande bluse med lange frynser.
Stova i huset i Finnesvegen er som teken
ut av eit interiørmagasin, med store og
reine flater. Ikkje noko tilfeldig rusk eller
rask ligg fremme.
– Eg brukar å sjå på meg sjølv som ein
leiar for ei eller anna undergrunnsrørsle
som går i gatene med plakatar og roper!
Det er absolutt noko på gong her, men
det kjem til å ta litt tid. Og det skjer
iallefall ikkje noko om ikkje nokon tek
tak i det.
REVOLUSJONEN SOM IRENE siktar til er
grøn, miljøbevisst og bærekraftig. Og
han handlar om klipping. Som gründer
for Floke-frisørsalongane har ho sjølv
vore på den grøne sti lenge. Men det held
ikkje med berre Floke-salongane når
ein har som mål å forandra tankegongen til heile frisørbransjen. I 2011 vart
Irene headhunta til eit prosjekt kalla
«Sustainable Development in Hairdressing», med 15 andre frisørar og frisør-
lærarar frå heile Norden, og prosjektet
fekk støtte frå eit EU-fond. I løpet av to
år har damene utvikla eitt læreprogram
som kan brukast til vidareutdanning for
frisørlærerar og frisørar. Utdanningsprogrammet omhandlar nettopp det Irene
brenn for, korleis ein kan vera frisør på
ein meir helse- og miljøbevisst måte. Tek
du utdanninga, kan du kalla deg sjølv
ein «miljøfrisør».
– Frisørutdanninga slik ho er i dag fokuserer veldig lite på helse, miljø og sikkerheit. Dei lærer lite om kva for nokre
stoff dei eigentleg arbeider med i yrket
sitt, og korleis desse kan vera skadelege
for kroppen på lang sikt. Det fins produkt der ute som er vesentlig betre og
forebyggjande, men kunnskapen er ikkje
tilstades. Målet er å få spreidd denne
bodskapen mest mogleg, både blant
elevar og lærarar. Ei slik utdanning finst
det ikkje noko anna plass i verda! seier
ho entusiastisk.
DÅ IRENE TOK meisterutdanning i frisørfaget i 2006, byrja ho å undersøkja dei
stoffa frisørane arbeider med i kvardagen. Og ho likte ikkje det ho fann ut.
– Hovudproblemet er kjemikaliar som
er i hårfargene som frisørar brukar på
jobb. Før trudde ein det var lufta i frisørsalongane som var det mest skadelege,
og det vart krav til strengare ventilasjon.
Men nyare forsking viser at fargestoffa
som er i hårfargen kan trengja inn i
huda, sjølv om ein har hanskar på seg.
Dette fører til at fleire utviklar ulike formar for allergi og handeksem, noko som
gjer at mange frisørar må slutta i jobben.
Allergier er dessverre meir og meir utbreidd blant kundene òg, seier ho.
Med ein sunn og grøn livsstil elles i
livet, fann Irene ut at ho ikkje kunne
arbeide på ein salong som brukte tradisjonelle produkt lenger. Ho slutta i frisørsalongen på Voss som der ho hadde
arbeidd i tolv år, og byrja å utvikla Flokekonseptet.
– Det verka litt idiotisk å vera supersunn i kvardagen, for så å besudla kroppen på jobb. Då tenkte eg: «Dette skal
eg gjera noko med. Eg skal laga den ultimate frisørsalongen!»
OG SLIK KOM FLOKE-SALONGANE til. Fyrst
på Voss i 2008, før ho vart overtalt til å
byggja ein kjede og utvikla ein franchisemodell av konseptet. Bergen fekk Floke-
berre
««Egelskar
frisøryrket!
salong i 2012, Åsane i 2013 og seinast
Jølster i Sogn no i år. Grunnfilosofien
er at salongen skal vera ein miljøvenleg,
trendy og urban. Salongane har såkalla
«Grøn sertifisering», og er miljøfyrtårn.
Floke tilbyr produkt og prosesser uten
fargestoff og andre stoff som kan vere
allergiframkallande eller skadelege. I
tillegg får kundane ein roleg atmosfære
utan det klassiske «frisørsalong-jaget»,
ifylgje Irene.
– For ikkje lenge sidan fortalde ho som
driv salongen på Jølster at det kom ein
kunde køyrande frå ei bygd to timar
unna for å klippa seg på Floke-salongen.
Ho hadde utmattelsessyndrom, og sa at
ho rett og slett ikkje orka å gå på ein
vanleg frisørsalong, seier Irene.
LAURDAG PORTRETT
HORDALAND 20. SEPTEMBER 2014
11
TIDLEG KRØKAST: Irene var stornøgd når
ho fekk låna hårturkaren til mor.PRIVAT FOTO
FØREBILETET: Håret til mamma Johanne
Stana fekk Irene rulla opp frå ung alder. Det
lærde ho seg før ho kunne lesa. PRIVAT FOTO
IRENE STANA
ALDER: 43
YRKE: Frisørmester og gründer av
Floke Grønn Frisør
SIVIL STATUS: Singel, mor til Daniel
(26) og tvillingane Gard og Frida (11)
AKTUELL: Har vore med på utviklinga
av ein «grønnare» vidareutdanning
for frisørar
Men det er ikkje berre sunne og grøne
produkt som skapar ein god frisørsalong
i Irene sine auge. Like viktig er det med
det psykososiale arbeidsmiljøet, rett og
slett korleis ein har det på jobb.
– For mange som driv ei bedrift så går
det å tena pengar framføre korleis ein
behandlar sine tilsette. Eg arbeider etter
ein ledelesfilosofi der eg forsøker å vera
tydeleg samstundes som eg viser omsorg
og omtanke. Om du får einkvar tilsett
til å gløda, gleda seg over arbeidsoppgåvene sine, og ikkje minst kjenna at dei
vert høyrde og at dei har noko å seia,
det er då du skapar ei god bedrift. Og
det er det som vil lønna seg på lang sikt,
seier ho.
SJØLV OM IRENE kan sjå ut som ein «jålegeit» som ho sjølv kallar det, er ho eit
barn av naturen. Det har ho alltid vore.
Det med å oppsøkja det reine, naturlege
og grøne, trur ho kjem frå barndommen.
– Besteforeldra mine hadde turisthytte
på Hardangervidda, og eg var der kvar
sommar og hjalp til. Der kokte me sengekleda, og skòla dei i store badekar,
liksom! Og bestemor mi laga brunost og
rjome frå botnen, som turistane kjøpte.
Alt var alltid laga frå botnen heime og,
sidan mor mi var kokk. Eg såg aldri ein
Toro-pose i heile mi oppvekst!
Hårinteressa var òg tidleg på plass.
Irene rulla håret til mor si før ho kunne
lesa, og klypte dokkene sine så mange
gonger at det tilslutt berre var stubbar
att. Og kynisk var ho òg. Dei som hadde
kort hår, kunne berre gløyma å vera venninne med Irene.
– Då kunne eg jo ikkje fletta dei eller
gjere noko som helst med håret deira.
Det var jo totalt bortkasta!
Skulen var aldri noko særleg for Irene.
Det var frisør ho skulle verta, og slik
vart det. Som 15-åring byrja ho i yrket
på helgebasis, og sidan har jo ikkje kjent
nokon anna jobb. Det har jo ho heller
ikkje hatt noko behov for.
– Eg berre elskar frisøryrket! Det er
noko med at du får tilbakemelding på
arbeidet ditt mange gonger for dagen.
Men det er nok kundekontakten som
er det kjekkaste. Du er ein skikkeleg
hobby­psykolog som frisør, det kan eg
lova deg!
NO ER DET «MILJØFRISØR»-utdanninga
som står i fokus i Irene sitt liv. Neste
år byrjar ho og ein frisørlærar som og
var med på programmet med eit kurs
på Høgskolen i Oslo, der ferdigutdanna
frisørar og frisørlærarar kan verta miljøfrisørar. Det langsiktige målet er å
få myndigheitene med på laget, og få
deler av læreprogrammet inn i pensum
på frisørlinjane på vidaregåande skolar.
For ifylgje Irene, er dette det som er
det store nye innen frisørbransjen. Dei
andre nordiske landa ligg langt framføre
i løpet, og no er det på tide å fylgja på.
– I løpet av utviklinga av vidareutdanninga reiste me masse rundt i Norden
for å sjå på praksisen til frisørar som
driv grønt og miljøvenleg. Det raraste
me såg var ei dame som hadde ein frisørsalong i Helsinki, og ho kalla seg ein
«økofrisør». Med dreads langt ned på
ryggen kokte ho farge på ein bjørkerot
som ho hadde svidd i peisen sin. Akkurat det trur eg ikkje Noreg er heilt klar
for endå, seier ho og ler høgt.
Og det var ikkje det einaste i prosjektet
som var litt utanom det vanlege.
– Å herregud, me har prøvd så mykje
rart. Indisk hovudmassasje, terapiklypp... Noko av det er jo på grensa til
healing. I byrjinga tenkte eg: «Hallo, det
her er jo heilt ko-ko! Men det er rart kva
ein venner seg til.
TALA I FRISØRBRANSJEN er mørke. Gjennomsnittsfrisøren i Noreg i dag vert i
yrket til han eller ho berre er 29 år. Ein
frisør er i gjennomsnitt i yrket i mellom
fem til sju år, og det er inklusive læretida. 50 prosent av dei som går på frisørlinjene er borte før det har gått fem
år. Det er disse tala Irene vil endra, med
den grøne «revolusjonen». Men det er
ikkje berre berre, når ein skal gå i mot
ein heil bransje.
– Det er jo dei store leverandørane som
styrer bransjen, og det er klart at det
ikkje er heilt populært når me kjem med
informasjon som er stikk i strid med
deira produkt. Men om me byrjar å snu
no, så kjem frisørbransjen til å sjå heilt
annleis ut om 20 år. Det vert litt dårleg
stemning, men sånn er det når ein vil
bryta gjennom med noko. Ein må tora!
SARA FINNE | tekst
INGERID JORDAL | foto
[email protected]