Brosjyre MDG Førde-28.07.15

VELG DET
GRØNE SKIFTET
TOPPKANDIDATAR KOMMUNEVALET
1. kandidat Marius Langballe Dalin har studert ved
Universitetet i Bergen og Trondheim. Overlege
ved Førde sentralsjukehus og spesialist i
generell kirurgi og urologi. Er oppteken av naturmangfald, naturvern, 3.verdsproblematikk og er spesielt engasjert i å
gjere Førde til ein grønare kommune.
2. kandidat Liv Løken er 52 år og har to barn. Er
utdanna ved Norges miljø- og biovitenskaplige
universitet i Ås. Jordskiftedommar ved
Sunnfjord og Ytre Sogn jordskifterett i Førde.
Har eit breitt politisk engasjement, og er særleg
oppteken av at miljø- og klimaspørsmål må få
større fokus i lokalpolitikken.
3. kandidat Kjell Ove Førde er trebarnsfar og
telekonsulent, oppteken av teknologi, klima og
miljøvern.
Er engasjert i kollektivtransport, eldre og barns
oppvekstmiljø.
Miljøpartiet De Grønnes mål er et medmenneskelig
samfunn i økologisk balanse. Økonomien skal
underordnes sunne økologiske prinsipper og fremme fred
og rettferdighet både lokalt og globalt. Livskraftige
lokalsamfunn, i hovedsak basert på lokale ressurser er en
forutsetning for å nå målet.
FRÅ PRINSIPPROGRAMMET
VIL DU AT SOGN OG FJORDANE SKAL BLI EIT
FØREGANGSFYLKE?
MELD DEG INN I DAG!
GÅ INN PÅ MDG.NO/MEDLEM
DEI GRØNE I SOGN OG FJORDANE
På mdg.no/ kan du lese meir om kva partiet jobbar
med nasjonalt. For å lese fylkesprogrammet til
MDG Sogn og Fjordane og andre saker vi er
opptekne av, gå til sognogfjordane.mdg.no/ eller
finn oss på facebook.
Stein Malkenes (63) frå Florø er Dei
Grøne sin fylkesordførarkandidat.
Han er utdanna lærar, gründer,
sjølvstendig næringsdrivande og
har arbeidd som miljørådgjevar i
inn- og utland i 20 år.
TENK NYTT
- STEM GRØNT
Vi har berre ein klode
Vi står for ein snarleg, men ansvarleg omstilling frå oljeavhengig overforbruk til eit medmenneskeleg
samfunn i økologisk balanse. Miljøpartiet Dei Grøne vil prioritere livskvalitet framfor økonomisk vekst.
Fjorden
Dyrevern
Miljøpartiet Dei Grøne vil halde fram arbeidet for å
stoppe planlagt fjorddeponi ved Engebø i Førdefjorden. Gruvedrifta må utnytte langt meir av mineralressursane
og ikkje øydelegge økosystemet i fjorden. Vi ser gjerne at rutilførekomsten vert nytta, men vi har tid
til å vente på miljøvenlege løysingar.
- Kun sirkus utan dyr i Førde
- Lage ein god klima- og energiplan i Førde med
Skule
- Innføre klimarekneskap i kommunen
- Stille strenge energi- og miljøkrav ved kommunale
Brulandsvellene
Presset på å bygge ned matjorda er aukande. Miljøpartiet
Dei grøne vil fokusere på at matjorda er ein verdifull
ressurs som må vernast mot nedbygging. Vi ønsker eit
levande sentrum og ikkje køyring mellom to
handelsområde. Vi ønsker ikkje forbruksvekst, men eit
levande, grønt samfunn med auka livskvalitet.
- Arbeide for å sikre leveområda for ville dyr og fuglar
- Ta vare på verdifulle våtmarker, strandsoner og
gruntvassområde
- Trygg skuleveg og nærleik til skulen, spesielt for dei
-
Samferdsel
-
Pådrivar i å bygge sykkelbyen Førde
Innføre parkeringsavgift i Førde
Utvide bybusstilbodet - vurdere pendlarruter
Timesruter med ekspressbuss nord-sør og aust-vest
Fleire hurtigladepunkt ved sjukehuset og i sentrum
Mindre bil og meir rom å trivast i for folk i byrommet
Helse
- Førebyggande helsearbeid - fysisk aktivitet, gjerne ute
-
i naturen
Trygg skuleveg slik at barna kan sykle eller gå
Kjøtfri dag og lokal økologisk mat i kommunale
kantiner og institusjonar - godt tilbod av frukt og grønt
Landbruk og jordvern
- Sterkt vern av dyrka mark mot nedbygging
- Arbeide for omlegging til meir økologisk landbruk
- Stø opp om produksjon og distribusjon av lokal og
kortreist mat, til dømes bondens marknad
- Ta vare på kulturlandskapet, dyrke matjorda og støtte
små og mellomstore bruk
minste skulebarna
Lærarane skal få høve til å utøve yrket sitt utan pålegg
og tidstjuvar
Kartlegging skal vere eit verktøy for læraren, ikkje eit
mål for kommunen
Utvide ordninga med frukt og grønt til å omfatte heile
grunnskulen og på sikt innføre eit gratis skulemåltid
Opne for moderat å kunne gruppere elevar etter nivå
og interesser, særleg i matematikk og språkfag
Økonomi og næringsliv
Klima- og energiplan
konkrete mål og fristar
innkjøp, renovering og nybygg
Anna
- Ta imot fleire flyktningar og syte for at dei vert
inkluderte og møter tydelege forventningar
- Redusere mengda med boss, til dømes ved
heimekompostering og redusert forbruk
- Betre kjeldesorteringa
- Legge til rette for å dyrke mat i ”byen” og ved skulane
ved å legge ut parsellhagar eller ”sosial hage”
- Vår politikk er ikkje utforma ein gong for alle. Vi ynskjer
ein levande dialog med innbyggjarane for å utvikle
politikken vidare. Ta kontakt med oss der vi er å treffe
eller på nettet - vi høyrer gjerne frå deg!
- Ja til søndagsfri - ingen fleire opne butikkar på
søndagar
- Stimulere grøn omstilling og grønt næringsliv med
-
tydelege miljøkrav i kommunale innkjøp.
Forutsigbare rammevilkår med klare miljømål
Fortetting i sentrum
Mangfaldig, grønt næringsliv med lokalt eigarskap
Ta vare på og utvikle grøne lunger i sentrum - eit
sentrum for menneske meir enn for bilar
Lage ein sentrumsplan
Effektivisere gamle kraftverk og lage samla plan for kva
som kan byggast ut av vasskraft
Dei Grøne i Sogn og Fjordane jobbar med:
- Miljøforsvarleg oppdrett av fisk
- Avvikle ordninga med fylkeskommunal oljekonsulent i
-
Florø og erstatte denne med ei ny stilling som
rådgjevar for grøn næringsutvikling
Arbeide for å få omgjort regjeringa sitt ja til gruvedrift i
Engebøfjellet
Legge til rette for at produkt vi treng lokalt vert
produsert lokalt
Kultur og idrett
- Satse på breiddeidretten
- Styrke det gode kulturskulearbeidet
- Arbeide for breiddekultur, ved at eit nytt Førdehus skal
bli eit godt kulturhus, for alle innbyggarane.
- Ha fokus på estetikk og god utsmykning i det
offentlege rom.
- Prioritere og støtte gode kulturprosjekt i kommunen
- Ta vare på og synleggjere kulturminne
- Vil styrke Fiskeridirektoratet sitt kontor i Måløy
- Arbeide for at genmodifiserte råvarer ikkje vert tillate i
fiskefôr
- Overføre godstransport frå veg til sjø
- Prioritere ras-sikring, utbetringar og vedlikehald av
eksisterande vegstrekningar i staden for nybygging