Kringom 1-15 - Kringkastingsringen

1 15
Oddny
Miljeteig
Side 10
Ragnhild Bjørge
Intervju side 4-5
Nynorsk Ordbok
Side 9
Medlemsblad for Kringkastingsringen 1 - 2015
Leiar
NRK med konkrete språksatsingar
Inger Størseth Haarr
Styreleiar i Kringkastingsringen
I 2013 vart arbeidet med språk i i NRK
organisert på ein ny måte. Ordninga med
språkkonsulentar vart gjort om til ei
heiltidsstilling som språksjef, og
tidlegare nyheitsjournalist Ragnhild
Bjørge vart tilsett i den nye stillinga.
Kringkastingsringen møter leiinga i NRK ein
gong i året, for å minne dei om kor viktig det
er at nynorsk og dialektar får den plassen dei
skal ha i NRK. I desse møta fortel NRK korleis
dei jobbar med språk, og me fortel kor me
tykkjer dei kan gjere ein betre jobb (framleis
greier ikkje NRK å nå kravet om 25 prosent
nynorsk, noko som er ein openberr
gjengangar på desse møta).
2
I fjor møttest me i januar, etter at Ragnhild
Bjørge hadde vore i stillinga i om lag fire
månader. Nynorskprosenten hadde gått opp
i mange kanalar, og me snakka mykje om
nynorsk på nett i dette møtet.
I januar i år var me igjen på Marienlyst, og no
merker me verknadene av tilsetjinga av den
nye språksjefen. NRK kunne fortelje om heilt
konkrete tiltak dei har sett i gang. Det er
formidla tydlege forventningar til leiarar og
språkkontaktar i heile organisasjonen, om å
følgje opp språkkrava.
Leiar
Ope møte om
journalistutdanningane
Der det tidlegare kunne vere tendensar til
store ord og lite handling, fekk me i år høyre
om bestillingar til regionkontora om målsetjingar for nynorsk på nett, nye språknettsider,
satsing på rask tilbakemelding på spørsmål
og interne og eksterne
spørjeundersøkingar om språk.
Desse satsingane har allereie ført til ei tydeleg
auka merksemd om språkspørsmål internt i
NRK, fortalde Ragnhild Bjørge. I møtet vart
det òg framheva at ei oppmoding til auka bruk
av nynorsk må kome frå leiinga både
sentralt og lokalt, slik at journalistane får tydelege signal om at ein gjerne vil sjå og
applauderer auka bruk av nynorsk. Slike signal
frå leiinga skal ikkje undervurderast - særleg
ikkje i ein situasjon der 35 til 40 prosent av dei
tilsette i NRK opplyser at dei meistrar nynorsk
godt eller særs godt.
Det er noko som heiter at ein skal ikkje selje
skinnet før bjørnen er skoten. NRK har, som
nemnt ovanfor, framleis ein veg å gå. Likevel
har me tru på at det konkrete arbeidet som
no er sett i verk vil få resultat både på kort og
lang sikt.
Karoline Marøy
Dagleg leiar i Kringkastingsringen
25 mars arrangerer Kringkastingsringen eit
ope møte med fokus på journalistutdanningane. Me ynskjer å arbeide for at
det skal verte fleire journalistar som kan nytte
nynorsk i sitt mediearbeid. Målet er å
kartleggje utfordringane ein har i dag, samt ha
ei idémyldring om kva tiltak som trengst for å
få meir nynorsk i media.
Møtet vert arrangert i samarbeid med
Mediemållaget på skrivarstova klokka 17001830. Frå klokka 1900 er det årsmøte i
Kringkastingsringen der ein blant anna skal
vedta arbeidsprogram og budsjett for 2015.
Sakspapir vert lagt ut på www.kringkastingsringen.no. Det vert enkel servering.
Me er svært takksame for alle innspel som
kjem inn. Har du eit godt tips, forslag, eller
vil du seie di meining; Send oss ein e-post til
[email protected] eller eit brev til
Kringkastingsringen, postboks 9161 Grønland, 0134 Oslo.
Vonar me ser deg på møtet!
Kringom nr. 1 - 15
Kringkastingsringen
PB. 9161 Grønland
0134 Oslo
[email protected]
www.kringkastingsringen.no
Formgjeving: Karoline Marøy
Trykkeri: Grøset Trykk AS
Redaktør: Karoline Marøy
Takk til alle bidragsytarar.
3
NRK
Vitjing hjå NRK
Kringkastingsringen, Noregs Mållag og Norsk
Målungdom møtte Thor Gjermund Eriksen,
Øyvind Lunder, Steinar Nielsen og Ragnhild
Bjørge frå NRK onsdag 21 januar. På møtet
var Inger Størseth Haar frå
Kringkastingsringen, Gro Morken frå Noregs
Mållag og Karl Peder Mork frå Norsk
Målungdom.
Under møtet er NRK tydelege på at
språkoppdraget er viktig, og at dei ynskjer
å ha eit stort fokus på dette framover. Å ha
levande debatt og stor merksemd om språk
på redaksjonsmøta, i tillegg til samtalar med
språkkontaktar i dei ulike distriktskontora er
mellom dei tiltaka som har vorte vektlagde.
NRK har også gjennomført ei kartlegging av
status på språkarbeid i alle redaksjonane.
- Det er viktig å ta omsyn til dei konkrete
utfordringane på kvar einskild avdeling, seier
Bjørge.
I tillegg har dei ei målsetjing om at dei tilsette
i NRK raskt skal få hjelp og tilbakemeldingar
når dei har spørsmål.
- Alle redaksjonar er bedne om å ha ambisiøse mål for omfanget av nynorskbruk på nett.
Kringkastingssjefen presiserer at
regionkontora er viktige, både for å bringe
lokalenyhende ut lokalt, men òg for å bringe
nyhende frå heile landet til heile landet.
Det er viktig med signal frå leiinga i heile
organisasjonen om at ein oppmodar til bruk
av nynorsk, slik at både nynorskjournalistar og
bokmålsjournalistar får sjølvtillit til å ha nynorsk
som arbeidsspråk.
4
Intervju med
Ragnhild Bjørge
Inger Størseth Haar
Styreleiar i Kringkastingsringen
Etter halvtanna år som språksjef i
NRK - rett nok medrekna ein
periode i fødselspermisjon - er det
tid for å høyre med Ragnhild Bjørge
kva NRK har oppnådd etter oppretting av den nye stillinga som ho er
tilsett i.
Kva arbeid har de sett i gang etter at
språksjefstillinga vart oppretta?
- Språkarbeidet i NRK er organisert med ein
språkkontakt i kvar redaksjon. Språkkontaktane har to dagar i månaden av stillinga si til
språkarbeid. Det siste året har språksjefen
møtt leiarar og språkkontaktar ved alle distriktskontora. Me har snakka om kva dei ynskjer, kva som vert forventa av dei, og korleis
leiarane og språkkontaktane bør samarbeide
for å oppnå måla dei har sett seg. Språkkontaktane gjer eit veldig konkret arbeid, og det
er viktig å ta omsyn til dei ulike utfordringane i
dei ulike redaksjonane.
- Alle regionkontor har fått beskjed om å setje
opp mål for kor stor del av innhaldet på
nettsidene deira som skal vere på nynorsk.
Når me no ser desse samla, ser me at
”rekneskapen” ikkje går opp - me når ikkje
opp til 25 prosent ut frå det regionkontora
har meldt inn. Difor må me ta ei ny runde på
dette. I ei intern spørjeundersøking melde 36
prosent av journalistane i NRK at dei er gode
eller særs gode i nynorsk, så det skal ikkje
vera språkkompetansen til dei tilsette det står
på.
NRK
- Snart lanserer me nye språknettsider, der
det meste av innhaldet skal vere ope tilgjengeleg for alle. Her finst det lydordlister, reglar
og retningsliner, og ein språktest der tilsette
kan teste seg sjølv. Her vert både nynorsk- og
bokmålkunnskapar testa. Det har vore eit klart
ynske i organisasjonen å få verkty som gjer
det lettare å tematisere språk ved nye tilsettingar, og no oppmodar me til å bruke språktesten i intervju med søkjarar.
Korleis jobbar de med dialektrøkt?
- Dialektrøkt er noko av det vanskelegaste i
arbeidet til språkkontaktane. Språket i NRK
skal vere tydeleg, forståeleg og korrekt, men
det finst ikkje noko fasitsvar på når eit dialektord hindrar forståing. Mange av dei tilsette
i NRK har ein sterk identitet i dialekta si, dei
har stor kunnskap om den, og dei har gjerne jobba hardt for å kunne bruke den. For
språkkontaktane er det vanskeleg å diskutere
når ”Det er dialekta mi”-argumentet kjem opp,
og derfor er me i gang med å lage retningsliner for dialektrøkt, mellom anna saman
med professor Unn Røyneland. Når dei nye
retningslinene er ferdige, skal dei følgjast opp
med regionale samlingar og språkkontaktane
får opplæring av kunnige folk.
Kva rolle har språk i NRK sin strategi?
- Språk er nemnt som eitt av fem hovudpunkt
i NRK sin langtidsstrategi for 2015 - 2020.
Men språk vert ofte implisitt - det vert fort
sånn at ein ikkje snakkar om språk med
mindre det er store feil. Jobben min er å gjere
språkarbeidet eksplisitt, det må vere tema på
redaksjonsmøte og elles i kvardagen.
Kva er målet for språkarbeidet?
Hovudmålet er at NRK-språket skal bli betre,
då er det viktig å auke medvitet om språk.
Dessutan vil me sjølvsagt at nynorskprosenten
skal auke. Det er òg eit mål å lette kvardagen
for nynorskskrivande journalistar. I dag er det
ofte slik at programleiarar som brukar nynorsk
sjølv må omsetje tekstane dei skal lese opp,
og det vil me endre. Ein viktig faktor her er
å auke sjølvtilliten til dei journalistane som i
utgangspunktet skriv bokmål, slik at dei vågar
å prøve seg på nynorsk - for det er jo ingen
som liker å gje andre ekstraarbeid.
- Kva skjer med språkarbeidet i NRK når fleire
av produksjonane vert laga eksternt?
- Dette har ikkje vore så mykje diskutert endå.
Men frå min ståstad er det opplagt at NRK
må stille krav når me tingar eksterne produksjonar. Om regjeringa landar på at NRK i endå
større grad skal bruke eksterne produksjonsselskap, må dette verte ein større diskusjon.
- For nokre veker sidan var Språkrådet i media
og kritiserte NRK sin bruk av Østfold-dialekta.
Kva ansvar har NRK for å utfordre dialekthierarkiet?
- Det er synd at mange østfoldingar ikkje bruker dialekten sin, og NRK oppmodar journalistar med Østfold-dialekt til å bruke den der
NRK opnar for å bruke dialekt. Dialektsærdrag
frå Østfold er like mykje verdt, og like viktige,
som andre dialektsærdrag. Den tjukke østfoldL-en skal vere like velkomen som skarre-R-en
i rogalandsdialektene. Samtidig er det vanskeleg å instruere østfoldingar til å bruke dialekta
si. Det me kan gjere er å applaudere dei som
gjer det, og jobbe for gode haldningar internt.
Slike debattar er med på å auke medvitet
internt i NRK, og det er veldig bra at dei som
jobbar i NRK får med seg at dei språkvala me
gjer har ein effekt - og kan såre folk.
5
Rapport
Rapport om målbruk i offentlege teneste
Karoline Marøy
Dagleg leiar i Kringkastingsringen
I følgje tala frå Rapport om målbruk i
offentleg teneste 2013, som språkrådet
har laga på oppdrag frå Kulturdepartementet, har ein framleis eit godt stykke
att før krava i mållova er nådde. I
gjennomsnitt var det 14,7 prosent
nynorsk på nettsidene til dei statsorgana
som har rapportert inn tal til Språkrådet.
Språkrådet har ført tilsyn med målbruk i
sentrale statsorgan, der føremålet var å
undersøke i kva grad statsorgan oppfyller
krava i lov om målbruk i offentlege teneste. Til
saman fekk Språkrådet inn rapportar frå 141
av 184 statsorgan. Med eit gjennomsnitt på
14,7 prosent, ligg ein langt frå lovkravet om
minst 25 prosent av både nynorsk og bokmål
på nettsider og i andre tekstar til publikum.
Sjølv om målbruken i staten framleis ikkje
oppfyller krava i mållova, er det ei positiv
utvikling på fleire felt. Særleg når det gjeld
sosiale medium, som til dømes Facebook og
Twitter. Her har fleire statsorgan gjort ein god
innsats. I rapporten kjem det fram at
målbruken i sosiale medium er anten svært
svak eller svært god.
-Statsorgana kommuniserer stadig meir på
sosiale medium, difor er det positivt at
fleirtalet er medvetne om at mållova gjeld også
når dei vender seg til publikum på Twitter og
Facebook, seier Kristin Solbjør, seksjonssjef i
Språkrådet.
Blant dei statsorgana som jamleg leverer
rapportar og tiltaksplanar, opplever
Språkrådet at endringane er til det betre.
6
-Vi ser at statsorgan som arbeider systematisk med målbruk, får gode resultat, seier
Solbjør. Ho strekar under at målbruk er eit
leiaransvar. Leiarar som gjer det klart at reglane i mållova skal følgjast, og som får på plass
rutinar for dette, lukkast.
-Dessverre er det ikkje alle statsorgan som har
tatt tak i problema dei har med å følgje mållova. Staten er pålagd å følgje regelverket og
skal ta dei språklege rettane til folk på alvor.
Framgangen vi har sett på dette feltet, er positiv, og vi vonar å sjå at han held fram, seier
Solbjør.
Lov om målbruk i offentleg teneste, med
kortnamna mållova og målbrukslova,
regulerer bruken av bokmål og nynorsk
i staten.
Lova og forskriftene til lova har
føresegner om jamstilling mellom bokmål
og nynorsk i alle organ for stat,
fylkeskommune og kommune, bruken av
nynorsk og bokmål i statsorgana, retten
for kommunane og fylkeskommunane til
å krevje skriv frå statsorgan på bokmål
eller nynorsk og føresegner om dei
rettane privatpersonar og private
instansar har til å få brev, skjema og
liknande frå statsorgan på si eiga
målform.
Kulturdepartementet administrerer lova,
fører tilsyn med målbruken i
departementa og følgjer opp klagesaker.
Språkrådet fører tilsyn med statsorgan
under departementsnivå, informerer om
lova og følgjer opp klagesaker.
Nynorskpraktikantar
Nynorsk mediesenter
Kull 22 - 2015
Bård Holmen Solvik, fødd 1985, Førde
Gunnhild Årdal, fødd 1987, Jølster/Florø
Olav Åsen Haugsgjerd, fødd 1988, Grendi i Setesdal
Signe Fuglesteg Luksengard, fødd 1990, Leveld, Ål kommune
Steinar Daltveit, fødd 1989, Valestrand, Osterøy kommune
Nynorsk avissenter
Kull 4 - 2015
Hallgeir Berge, 30 år, Strandebarm
Tove Elise Thue Dale, 30 år, Ålesund
Ingvild Rørtveit Myklebust, 21 år, Nedstrand i Tysvær kommune
Åsta Urdal, 27 år, Vassenden i Jølster kommune
7
Twitter
#nynorsk
Håkon Remøy ‫‏‬‪@hrem93‬
Eg vil berre seie frå, at eg hadde sett pris på
om de teksta noko av serie- og filmutvalet
dykkar på nynorsk @Netflix #nynorsk
Karl Peder Mork ‫‏‬‪@karlpedar‬
Hei @Regjeringen. Kvifor er ikkje nettsidene
på #nynorsk lengre?
Fredrik Hope @hopelaus
Vi i @malungdommen forventar nynorsk
miljøferje på nynorske fjordar! #nynorsk #ferje
Odin Omdal Hørthe @Velmont
Italiensk skivinnar til NRK-reportar: ”Neeeeei!
”Jeg” er bokmål. Eg!” Eg <3<3<3 utlendingar
som held på #nynorsk
Arill Riise @TV2Arill
Det beste som er skrive om nynorsk på lenge
er skrive på bokmål i @DagensNaeringsl @
noregsmallag @kringkasting @nynov140
Siv Tufte ‫@‏‬Sivius1
JA til meir #nynorsk i Donald! ”Kvakk! Her
dukkar ”Rarill Kriise” opp i Donald” – TV2.no
8
Norsk Ordbok
Norsk Ordbok
Karoline Marøy
Dagleg leiar i Kringkastingsringen
Universitetet i Oslo vedtok 10.06.14 å
avvikle arbeidet med språksamlingar og
Norsk Ordbok frå 2015. Det vart difor
etablert ei gruppe med medlemer frå
Universitetet i Bergen, Universitetet i
Stavanger, Høgskulen i Volda, Det
Norske Samlaget, Norsk Ordbok 2014 og
Nynorsk kultursentrum, som har sendt
ei skisse for ein ny driftsorganisasjon til
Kulturdepartementet. Saka skal avgjerast
i 2015. .
Ein prosjektorganisasjon for ferdigstilling av
prosjektet har vore i drift frå 2002 og vert
avvikla i 2015.
Norsk Ordbok er det største prosjektet i
norsk humanistisk forsking, som samlar
representantar for mange vitskapsmiljø på
tvers av skiljet bokmål-nynorsk. Språksamlingane inneheld enorme mengder data til
bruk i språkgransking, med eit nynorskkorpus
med over 100 millionar ord, eit leksikografisk
bokmålskorpus med over 100 millionar ord,
og ein nasjonal stadnamnbase med om lag
700.000 namn. Med over 300.000
oppslagsord er Norsk Ordbok både fagleg
og teknisk eit av dei fremste ordbokverka i
verda. Norsk Ordbok skal gi «ei uttømmande vitskapleg framstilling av ordtilfanget i dei
norske dialektane frå 1600-talet til i dag, og av
det nynorske skriftmålet». Verket dekkjer alle
norske dialektar, med det også
talemålsgrunnlaget for bokmål.
I kronikken står det ”Driftsorganisasjonen må
vere dynamisk, smidig, fleksibel og utnytte det
sterke sidene ved ulike institusjonar. Difor er ei
delt løysing den beste. Universitetet i Bergen
har eit breitt samansett språkmiljø og bør
forvalte samlingane Høgskulen i Volda er ein
smidig og effektiv institusjon som bør ta seg
av ordbokredaksjonen”.
Frå slutten av 1800-talet har språksamlingar
vorte bygd opp systematisk i Noreg. Det
Norske Samlaget utvikla ein plan for Norsk
Ordbok frå 1930, og styrte redaksjonen til
1972, då UiO tok over ansvaret som ein del
av verksemda ved det nyoppretta Norsk
leksikografisk institutt.
Nynorsk kultursentrum har teke på seg
ansvaret for å finne eit alternativ til korleis ein
kan drive Norsk Ordbok framover. I ein kronikk
som var på trykk i Bergens Tidende 25. februar, skriv Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk
kultursentrum, at den beste løysinga vil vere ei
delt løysing med base i Bergen.
Forslaget går ut på å flytte språksamlingane
i Oslo til Bergen, medan dei samlingane som
vert forvalta regionalt ved ulike institusjonar
vert verande der dei er.
Vidare i kronikken står det ”Den delte løysinga utnyttar soliditeten i eit stort universitet og
smidigheita til ein høgskule og gjer at fleire miljø eig i prosjektet. Den norske kombinasjonen
av dialektmangfald, to jamstilte norske språk
og eit jamt sterkare vern for samiske språk og
nasjonale minoritetsspråk har følgjer for korleis
språkressursane best kan forvaltast”.
Les heile kronikken til Lodve Solholm på
www.aasentunet.no
9
Vervekampanje
Intervju med Oddny Miljeteig
Når tidlegare kunnskapsminister Kristin
Halvorsen føreslo å senke krava til sidemålsopplæringa, svarte Oddny Miljeteig med ei
aktiv vervekampanje for Noregs Mållag. ”Du
køddar ikkje med språket mitt”, svara ho den
gongen.
Kva var det som motiverte deg til å starte
denne vervekampanjen?
- Forslaget til Utdanningsdirektoratet som ville
vere undergangen for sidemålsopplæringa,
og ergo eit tydeleg angrep mot nynorsk som
jamstillingsspråk. Eg var ei av fleire som verva.
Noregs Mållag fekk ganske mange medlemer
etter dette forslaget.
Kor mange medlemar klarte du å verve?
- Det er 485 eller 486 til saman, men eg er
ikkje ferdig med å verve enda. Så mange
medlemer er heilt utruleg, det synest eg sjølv
også. Eg skal klare 500, sjølv om det har gått
litt sakte no i det siste.
Kva kjenneteiknar ei god vervekampanje?
- Gjer det enkelt og ikkje sett for høge mål. Ein
må ikkje gi seg! Kringkastingsringen har ikkje
lokallag, men ein kan spørje folk ein kjenner
om å forplikte seg til å verve. I tillegg til å
bruke sosiale media for å skape blest rundt
vervinga.
Korleis bør ein gå fram om ein ynskjer å
verve nye medlemar?
- Ein må spørje folk om dei vil vere medlem.
Det er heilt nødvendig, men blir ikkje alltid
gjort. Det er haugevis med folk som aldri har
fått spørsmålet. Eg hugsar spesielt ei dame
eg tenkte sikkert var medlem i Noregs Mållag,
men når eg spurte var det fyste gongen ho
hadde fått spørsmålet. Ikkje alle leitar fram
10
informasjonen og melder seg inn sjølve, difor
må ein spørje.
- Det er mange som kvir seg for å spørje, men
det verste ein kan få er eit nei.
Kva er det ein særskilt bør passe på?
- Nei, det er ikkje noko spesielt. Dei fleste
nynorskfolk er alminnelege, høflege
menneske. Men ein må vite litt om
organisasjonen og saka, men det er ikkje all
verda ein treng å vite.
Kven er det ein bør spørje om å bli medlem?
- Eg har høyrt fleire snakke om at ein bør
spør dei han trur vil verte medlem. Eg trur
ikkje det, men at ein må gjere det så enkelt
at ein spør dei ein synst er kjekke og vettuge
folk. Då får ein med fleire enn ein hadde trudd.
- Det eg gjorde når eg først starta å verve var
å spørje dei eg jobba med og dei som var
rundt meg. Etterpå gjekk eg på adresselista
på mobilen og sendte melding til alle eg kunne tenke meg hadde lyst til å bli medlem. Eg
sendte mange meldingar. Når eg hadde gått
gjennom adresselista på mobilen, brukte eg
Facebook. Blant anna hadde eg statusar der
eg oppmoda folk til å bli medlem og formidla
bodskapen direkte derifrå. Slik utvikla det seg.
Har du nokre gode tips og triks til medlemane i Kringkastingsringen?
- Nei, eg har ikkje nokon konkrete tips. Ein må
tørre å spørje og ha tru på det sjølv. I tillegg
må ein vere blid og positiv, og vise at ein
brenn for saka sjølv.
- Eg brukar å seie ”Ivar Aasen treng deg”.
Vervekampanje
Arthur Klæbo
Kringkastingsringen fyller 60 år!
Som start på jubileumsåret arrangerer me ein vervekampanje.
Målet er å få 100 nye medlemer.
Premien er ein iPad mini med Retina skjerm til ein verdi av 4000 kroner.
Premien går til den som har klart å verve flest nye medlemer.
Kampanjen startar i samband med årsmøtet, onsdag 25 mars, og varer fram til fredag
1 mai. For at vervinga skal telje må den verva personen ha betalt medlemskontingent
innan 1 mai.
For å bli medlem kan ein anten betale rett til konto 8101 34 42517,
sende oss ein e-post på [email protected],
eller brev til Kringkastingsringen, postboks 9161 Grønland, 0134 Oslo
Merk innsendinga eller betalinga med namn, adresse og kven som har verva.
Årspengar er 300 kroner for personar over 25 år og 150 kroner for dei under.
Me ynskjer alle lukke til!
11
Sendar/retur:
Kringkastingsringen
Postboks 9161 Grønland
0134 Oslo
Årsmøte
Alle medlemer av Kringkastingsringen er velkomne på årsmøte onsdag 25.
mars klokka 1700 på Skrivarstova, Lilletorget 1, Oslo.
Møtestart klokka 17.00
Ope møte om journalistutdanningane i samarbeid med Mediemållaget
Møtestart kl. 19.00
Årsmøte
Sak 1. Inger Størseth Haarr opnar møtet
Sak 2. Opprop
Sak 3. Konstituering
Sak 4. Årsmelding 2014
Sak 5. Rekneskap 2014
Sak 6. Arbeidsplan 2015
Sak 7. Medlemspengar 2015
Sak 8. Budsjett 2015
Sak 9. Fråsegner
Sak 10. Val
Møteslutt 20.30
Matservering: pizza og brus
Påmelding er ønskjeleg til: [email protected]
Sakspapir vert lagde ut på www.kringkastingsringen.no