GOD LESESTART! - Noregs Mållag

Gjennom ord
blir verda stor
GOD LESESTART!
Tips til nynorske barnebøker
Gjennom ord blir verda stor
- kampanje for meir nynorsk i barnehagen
Noregs Mållag arbeider for at barnehagane skal gje ungane eit best mogleg
utgangspunkt for å lære både bokmål og nynorsk. Gjennom lokallaga våre
tek vi no eit krafttak for nynorsken retta mot ungane i barnehage over heile
landet
Finst det ein betre måte å bli kjend med nynorsken enn gjennom gode leseopplevingar? Det finst mange gode nynorske barnebøker som berre ventar på
å bli lesne!
Dette er ein del av ein kampanje for nynorsk i barnehagen. Vi ynskjer å syne
noko av den moderne nynorske barnebokskatten, i tillegg til å gje nokre tips
om korleis du kan finne fram vidare.
Dette er bøker både ungane og kritikarane elskar. Bøker som kan gje ungane
ein god start på lesinga. For berre det beste er godt nok for ungane våre!
God lesestund!
Beste helsing Mållaget
For dei minste
Påls potte
Av Barbro Lindgren og Eva Eriksson (ill.)
S amlaget
Dette er historier for dei aller minste. Pål må gjere mange
ting for fyrste gong. Og det er ikkje alltid like lett å sitje på
potte, bade eller låne bort smokken sin. Men saman med
hunden Vovven kan Pål klare litt av kvart.
Det er laga fem bøker om Pål.
Bø og bæ
Av Olof og Lena Landström
S amlaget
Til saman finst det sju bøker om sauene Bø og Bæ. Når dei
skal ordne noko, blir det oftast ugreitt. Dei blir forundra,
men til slutt ordnar det seg likevel – utan at Bø og Bæ heilt
veit korleis det har gått til. Desse sauene er det lett å like.
Endelig regn!
Av Camilla Lundsten
S amlaget
Dette er heilt ferske bøker i ein sjarmerande peikebokserie
om Veslefanten, Makkus og Kanina. Desse bøkene vil bli
mange born og foreldres favorittar. Tre nye bøker er klare:
Endelig mat!, Endelig god natt! og Endelig fest!.
For dei minste
Torbjørn Isbjørn
Av Titus Kodzoman og Anne Angelshaug
S kald
Torbjørn er ein liten isbjørn. Ein dag sit han på ein stein
og klør seg i hovudet. Sjølv om han har kvit pels, fire labbar, to søte små øyre og likar å symje i havet, er det noko
som ikkje er som det skal vere. Ei humoristisk bok om
identitet, om å høyre til og om å vere litt annleis.
Gabba gabba hey!
Av Frode Grytten og Gry Moursund (ill.)
S amlaget
Boka handlar om Knut som er livredd for tivoli. Men kva
gjer du når du har ein far som elskar tivoli? Kva gjer du
når far din har ein einaste ting i hovudet: tivoli. Dette er
eit fyrverkeri av ei bok, som både fedrar og søner, tivolielskarar og tivolihatarar kjem til å elske.
Finn!
Av Gyrid Axe Øvsteng og Per Ragnar Møkleby
S amlaget
Pappaen til Finn seier at tog berre kan gå på skinner. Finn
veit betre, for han er ein fabulerande fyr som meiner at
alt går an. Han veit at toget hans kan gå kvar det skal
vere, og difor reiser han ut i verda på leiting etter den
aller beste tingen.
Karl Oscar i hardt vêr
Av Eli Kari Gjengedal og Ingunn Elida Wiken (ill)
S kald
Brått tek ein kastevind tak i katten Karl Oscar og slengjer
han langt av stad. Han brukar eit heilt år på å finne vegen
heim. Ei morosam og annleis vêrbok skriven av Eli Kari
Gjengedal, kjend som vêrdame på TV2.
Himmelspringaren
Av Sissel Horndal
M angschou
På ein gard blir det ein dag fødd eit lilla lam. Dei andre
sauene vil ikkje ha noko med lammet å gjere. Men utpå
sommaren får Gammelsauen dra til fjells, og Lilla får bli
med. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2008.
Jakob og Neikob
Av Kari Stai
S amlaget
Jakob og Neikob er to gode vener som bur i lag, men dei er
veldig forskjellige. For medan Jakob seier JA til alt, seier
Neikob NEI til alt. Kan ein bu saman når ein er så ulike?
Fekk Kulturdepartementet sin debutantpris i 2008.
Flekkmonsteret bygger harefelle
Også som
Av Hallgeir Opedal og Per Dybvig (ill)
lydbok!
S amlaget
Ein dag finn det vesle Flekkmonsteret ut at han vil byggje
ei harefelle. Den eine etter den andre går i fella, men kvar
blir det av haren? Og kvifor ristar jorda slik?
For dei minste
Haustvrimlebok
Av Rotraut Susanne Berner
S amlaget
Det er spennande oppdagingsreiser for biletlesaren –
som kan følgje kvar person frå bilete til bilete og sjå kva
som skjer i Vrimleby. Bileta vrimlar av detaljar, men er
samtidig klåre og tydelege, i sjarmerande og fargeglad
teiknestil. Bøker som barn kan sitje med i lange stunder
og stadig oppdage noko nytt. Her finst bøker om vinter,
vår, sommar og haust, i tillegg til ei eiga natt-vrimlebok.
Prikk og Flekk ser stjerner
Av Lotta Geffenblad
M angschou
Lotta Geffenblad har skapt eit sjarmerande univers der
innbyggjarane er dei to artige kaninane Prikk og Flekk.
Dei er til å bli forelska i. I dei fem bøkene som er komne
på norsk, får vi vere med i ulike små forteljingar som både
er spanande, artige og uventa. Her finst det ei heil verd å
utforske.
Frosken og skatten
Også som
Av Max Velthuijs
lydbok!
S amlaget
Dette er bøkene om den populære Frosken og venene
hans. Frosken er ein fyr det er lett å like, og både små
og store kan kjenne seg att i situasjonane i bøkene om
Frosken. Korleis er det å bli kjend med ein ny ven, å finne
ut kva som gøymer seg i skogen eller å bli forelska? Går
også på NRK Super som tv-serie.
Den kjempestore småstilige
Dustefjertboka
Også som
Av Rune Belsvik
lydbok!
C appelen
Boka inneheld alle dei seks historiene om Dustefjerten
og venene hans frå det vesle landet ved bekken. Det vesle
landet er ein plass for små hendingar og store tankar.
Bøkene om Dustefjerten er moderne klassikarar.
Pablo møter naboane
Av Hannah Giffard
NRK A ktivum
Vi kjenner igjen revane frå NRK Super. Dei tre små
revekvalpane Pablo, Rita og Rusken vil finne ut korleis
det er å leve med menneska. Så dei legg i veg for å spørje
katten Muskin, og undervegs utforskar dei kjøleskåpet,
leikar i sofaen og flyktar frå eit skummelt udyr. Det er
også kome ei bok som heiter Pablo går på jakt.
Eg vil ha middagen min!
Av Tony Ross
NRK A ktivum
Vesle Prinsesse er både viljesterk, tøff og morosam. Du
kjenner henne kanskje frå NRK Super. I Eg vil ha middagen
min! vil ho ha både det eine og det andre, og lærer seg å
seie takk. Tony Ross tek utgangspunkt i situasjonar ungane kjenner seg att i, og formidlar dei med masse sjarm
og humor. Ikkje merkeleg at bøkene om Vesle Prinsesse
har klassikarstatus i Storbritannia og er omsette til mange
språk. I tillegg finst boka Eg vil heim!.
e
For dei litt Eldr
Godnattboka
Også som
lydbok!
S kald
Dette er den fyrste godnattboka med berre nynorske
forteljingar. Boka samlar 22 nye godnatthistorier skrivne
av forfattarar frå heile Vestlandet, både etablerte skribentar og debutantar. Boka er gjennomillustrert og har fått
strålande kritikkar. Fekk Nynorsk barnelitteraturpris
2007.
Eventyrboka
S kald
Har du høyrt om trampetrollet som ville danse? Visste du
at dodidodidyret helst berre ville klemme heile dagen?
Eventyrboka inneheld 19 nyskrivne nynorske eventyr.
Nokre av forfattarane har laga moderne versjonar av
klassiske eventyr, andre har skrive heilt nye. Dei fyrste
eventyra i boka passar for dei yngste. Utover i boka vert
eventyra meir avanserte.
Farvel, Rune
Av Marit Kaldhol og Wenche Øyen (ill.)
S amlaget
Ein klassikar blant nyare norske biletbøker, ei bok som
aldri blir uaktuell og alltid er etterspurd. Sara leikar ved
dammen saman med jamaldringen Rune. Rune druknar,
og hovudtemaet i boka er det Sara opplever kring dette,
sorga hennar, spørsmåla ho stiller om døden, og korleis
ho klarar å leve vidare.
Tonje Glimmerdal
Også som
Vaffelhjarte
Også som
Av Maria Parr og Åshild Irgens (ill.)
lydbok!
S amlaget
Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen.
Tonjes besteven er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar
på over sytti år, og dei to venene kjenner kvarandre ut
og inn. Eller gjer dei det? Her er latter, drama, tårer og
musikk, og romanen gir assosiasjonar til Johanna Spyri si
bok Heidi og ikkje minst Astrid Lindgren sitt univers. Boka
fekk i 2009 Bragepris, Kritikarpris og Nynorsk barnelitteraturpris.
Av Maria Parr og Bo Gaustad (ill.)
lydbok!
S amlaget
Trille er sikker på at nabo Lena Lid er bestevenen hans.
Men han er ikkje sikker på om han er bestevenen til Lena
Lid. Boka følgjer to svært oppfinnsame niåringar gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Og innimellom alt leven
og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit ni år
gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.
Fekk Nynorsk barnelitteraturpris 2005.
Faktabøker
Den vesle stavkyrkjeboka
Av Reidar Solberg, Björk Bjarkadottir og Grete Letting
S kald
Bli med på ei reise nesten 1000 år tilbake i tid, til då
stavkyrkjene vart bygde. Saman med den grøne draken
kan du finne mange løyndommar under golvet, på taket, i
veggene og i bakken.
Raudt, blått og litt gult
Av Bjørn Sortland og Lars Elling (ill.)
S amlaget
Boka fortel om moderne målarkunst til born. I museet
opplever Oda kunsten på sin eigen måte. Ho går inn og
ut av bileta, og samtalar med kunstnarane: Frå Munch og
Picasso til Pollock og Andy Warhol. Kunstboka som har
vekt internasjonal oppsikt og som førebels har kome ut på
fransk, tysk og dansk. Boka er sjølvsagt illustrert.
Mitt atlas
Av Benoît Delalandre og Jéremy Clapin
S amlaget
For kvart kontinent finn du eit landskapskart, eit utbrettkart som viser landa, ei side som viser dyrelivet og
eit stort bilete frå folkelivet. Så følgjer fleire sider frå dei
ulike landa på kontinentet, med byar og kjende stader og
fenomen. Det følgjer med ein stor plakat med verdskartet,
med ei mengd artig tilleggsinformasjon. Her er det mykje
å lære for store og små!
Klare sjøl
Av Reidunn Otterdal
S elja
Små og store i Hornindal barnehage i Nordfjord inviterer
oss med på å lage mat av det vi kan dyrke og sanke sjølve.
Boka følgjer årstidene og inneheld kring 100 oppskrifter,
der måla er oppgjevne i kopp og skei. Rikt illustrert med
foto og teikningar.
Fint å ha far
av Erna Osland og Marvin Halleraker (ill.)
M angschou
Små, nydeleg illustrerte faktatekstar om farskap i
dyreverda – om ulvar, fiskar og froskar som har livsviktige omsorgsfunksjonar for ungane sine. Visste du
til dømes at hyenehundar er av dei mest omsorgsfulle
foreldra i dyreverda? Eller at bladhønefedrar er åleineforeldre? Tekstane høver godt for høgtlesing.
Mitt dyreatlas
Av Éric Mathivet, Benjamin Chaud og Jéremy Clapin
S amlaget
Denne boka er ein fantastisk introduksjon til dyreartar
på heile jorda. Visste du at oldenborren døyr berre nokre
veker etter at han er ferdig utvaksen? Eller at strutsehannen har fleire koner, men alle legg egg i same reir?
Dette og mykje anna kan du lese om i det rikt illustrerte
dyreatlaset.
Faktabøker
Ordleiksboka
Av Stina Langlo Ørdal og Olaf Husby
S kald
Har du nokon gong tenkt på at ein elgjeger jaktar på elg,
men kva med ein fallskjermjeger? Visste du at det første
talet som inneheld a, er atten, det neste er milliard? Og
veit du kva pesshesta er for noko? Bli med på ei oppdagingsferd i språkverda – ei verd full av merkverdige og
spennande ord og bokstavar, og ein leikeplass med overraskingar på kvar side.
Mine små leksikon: Kroppen
Av A. Vandewiele og F. de Guibert
S amlaget
Har du lyst til å lære litt meir om korleis born blir til, om
dyra i skogen eller livet på bondegarden? Då er Mine små
leksikon midt i blinken for deg. Til no har det kome atten
bøker i serien, mellom anna Dyra på savannen, Delfinar og
andre kvalar, Dinosaurer, Brannmenn, På fjellet og I dyrehagen.
Bøkene er rikt illustrerte og lettlesne.
Mi første blå ordbok – nynorsk
Monica Kaasa, Anne Stuhaug og Bodil Aurstad
K unnskapsforlaget
Endeleg kjem denne populære ordboka frå Kunnskapsforlaget i nynorsk utgåve. Mi første blå ordbok gjev alle born
i førskulealderen ei morosam innføring i alfabet og lesing.
Ordboka inneheld over 300 oppslagsord, og utvalet er
kvalitetssikra av pedagogar i grunnskulen. ABC, ordbok og
biletbok i eit, ein leik med bokstavar frå om lag 3 til 6 år.
Mi første blå ordbok – engelsk/nynorsk
Clare Kirtley, Brita Engebakken og Janne Olden
K unnskapsforlaget
Bli med på oppdagingsferd i ei samling med 300 engelske ord og uttrykk. Boka gjev hjelp til born som nettopp
har byrja med engelsk på skulen, og har eigne sider med
uttrykk, dagar, tal og fargar. Kvart einaste ord har ein
eigen illustrasjon, noko som gjer at boka òg fungerer som
peike-/biletbok.
Barnas store blå ordbok – nynorsk
Monica Kaasa, Anne Stuhaug og Bodil Aurstad
K unnskapsforlaget
Ordboka inneheld over 2000 oppslagsord, frå A til Å, med
stavemåte og bøyingsmønster. Kvart oppslagsord er illustrert, og blir forklart i enkle setningar henta frå borns
kvardag. I tillegg kjem ekstrainformasjon i form av sitat,
rim og synonym.
Barnas store blå ordbok – engelsk/nynorsk
Brita Engebakken, Emma Chichester Clark og Janne
Olden
K unnskapsforlaget
Ordboka har same perspektiv og vinkling av det engelske
språket som det skulen legg opp til. Lesaren skal oppdage
gleda av å kunne forstå og praktisere eit anna språk enn
norsk. I denne ordboka er oppslagsorda omsette til norsk,
mens definisjonar og døme er på engelsk.
Klassikarar
Det er mange som har veldig gode minne frå leseopplevingar som liten. No er nokre av dei mest kjende og kjære
bøkene av forfattarar som Roald Dahl og Astrid Lindgren
omsette til nynorsk. Dette er ein fantastisk bokskatt. Her
er nokre døme:
Charlie og Sjokoladefabrikken (Gyldendal)
Georgs magiske medisin (Gyldendal)
Den store vesle boka om Barbapapa (Schibsted)
Karius og Baktus (Cappelen)
Mio, min Mio (Damm)
Meisterdetektiven Blomkvist (Damm)
Norske folkeeventyr (Samlaget)
Med tigeren og bjørnen til Panama (Samlaget)
Også som
lydbok!
Songbøker
Songfuggel i karmen
Odd Nordstoga
S amlaget
Ei skattkiste for alle songglade Nordstoga-fans! Songboka
inneheld 40 songar av den populære artisten, alle med
notar og gitargrep. Her finn du hits som “Heim te mor”,
“Frøken Franzen” og “Kveldssong for deg og meg”, men
også dei populære songane frå Svingen-serien på barne-tv.
Song for deg og meg
Odd Nordstoga (red.)
S amlaget
123 songar for førskule og barneskule på nynorsk og
dialekt - dei gamle, gode norske songane, moderne viser
og folkeviser, stev og stubbar, nyskrivne songar, songar til
skjemt og høgtid.
Syng sjøl
Geirmund Johnsen (red.)
M eland M ållag og S elja
Dette er ei songbok for born, laga saman med born og som
tek born på alvor. Songane er både norske og utanlandske, men alt er på nynorsk. Alle songane har notar og
gitargrep. Eit utval av songane i boka er å finne på ein CD
som born frå 6 barnehagar i Nordhordland har sunge inn
saman med elevar frå musikkskulen i Meland. Syng sjøl
følgjer årstidene og inneheld 114 songar.
www.tdmas.no
Gode nettstader
Blåmann barnebokklubb / www.blamannbok.no
Få nynorske barnebøker rett i postkassa!
Bokdykk.no / www.bokdykk.no
Nynorsk nettbokhandel.
Nynorskbok.no / www.nynorskbok.no
Fleire tips til gode nynorskbøker for barn. Sorter bøkene etter alder eller sjanger.
Tunkatten / www.tunkatten.no
Forteljingar, lydbøker, nettspel, songbok og mange andre aktivitetar.
Pirion / www.pirion.info
Kulturavis for tilsette i barnehagar og skular.
Les for meg! / www.nynorsksenteret.no/lesformeg
Nynorske animasjonsfilmar og bokstavleikar. Eigne vaksensider.
Norsk Barneblad / www.barneblad.no
Verdas eldste barneblad.
Gjennom ord
blir verda stor
Noregs Mållag
Vil du vite meir om kampanjen Gjennom ord blir verda stor?
Ta gjerne kontakt med lokallaget eller ring Noregs Mållag på
tlf. 23 00 29 30/34 eller send e-post [email protected]. www.nm.no