30 HELG SUNNMØRSPOSTEN Lørdag 23. februar 2013 FOSNAVÅG. Familien på seks personar trivst godt i bustaden på Eggesbønes i Fosnavåg. Her er Hege Sørdal og Hogne Longva med barna Kaisa og Lauritz. Teodor og Jonas var ikkje til stades når biletet vart teke. STIL. Kjøkenet har ein sval, blå farge og moderne handtak i rustfritt stål. Porselensvasken og blandebatteriet i koppar gir kjøkenet ein landleg stil. ÅRGANG. Den gamle stova er blitt lys og moderne med ein blanding av nytt og gamalt. Stovebordet og sofaen er av eldre saman. GAMALT NYTT. Gamle ting får nytt liv hos Hege Sørdal i Fosnavåg. INTERIØR. – «Bruk blått og Det er sjel i gamle saker brukt». Kaisa Sørdal på 12 år er ikkje i tvil om kva mora Hege vil svare på spørsmålet om kva hennar beste interiørstips er. Heimen deira på Eggesbønes i Fosnavåg er lys og triveleg, og for det meste innreien med gamle møblar. Og dottera i huset har rett: her er det gjennomgåande brukt ein lys blå farge på vegger, gardiner, kjøkenskap og utvalde møblar. Det gir bustaden eit lyst og luftig inntrykk. Opphavleg hadde huset frå 50-talet mange små rom og dårleg planløysing då familien flytta inn for ni år sida. Saman har dei skapt om bustaden til ein kreativ, varm og innbydande heim, der kjøken, spisestove og stove glir over i kvarandre. – Finstove har vi verken lyst på eller bruk for, smiler Hege, som elskar å finne gamle ting ho kan pusse opp og gi nytt liv. Ungdomsskulelæraren frå Herøy synest nemleg det er meir sjarmerande med gamle ting som har ei historie å fortelle, framfor nye og masseproduserte ting. Gjenbrukt. – Det er sjel i gamle saker. Nye ting gir ikkje like mykje sjarme og varme til omgjevandene, sjøl om eg ikkje er heilt konsekvent og kjøper noko nytt innimellom også, vedgår Hege. Ofte finn ho nye «skattar» på butikkane i nærområdet. Men stort sett er heimen hennar innreien med gamle ting ho har arva, fått eller funne. Fleire av dei er kjære eigendeler som har gått i arv i generasjonar. Andre ting er praktiske bruks- gjenstandar som kanskje har sett sine beste dagar, men som Hege likevel ser verdien i. Ektemannen Hogne Longva har ikkje alltid det same synet på tinga som frua, men er fornøgd med at heimen både er blitt moderne og heimekoseleg. Ofte lagar dei ting saman, som «peisen» i stova, som er laga av drivved, gamalt plankemateriale og ein spegel. Med tjukke, tente kubbelys gir det ei lun og hyggeleg stemning i stova. Hege meiner at gamalt handverk er i ferd med å gå i gløymeboka, og ho er fascinert av evna dei hadde i gamle dagar til å skape noko nytt av omtrent ingenting. Gull av gråstein. – Tidlegare vart ein kreativ av å ha dårleg råd og lite tilgang til ting ein trong. Då var ein som regel nøydd til å lage det sjølv. Eg trur mykje kunnskap om gamalt handverk er i ferd med å gå tapt i samfunnet i dag, seier Hege. Det er noko av grunnen til at ho også syr ting til heimen og familien sjølv. 70-talet var det siste året heimesydde klede var like vanleg som fabrikksydde, og det er ein arv Hege sjølv har vakse opp med. Under merkenamnet ”Resirkuline” lagar ho puter, veske, dame- og barneklede. Ofte med fine stoff ho finn på loppemarknad eller på Internett. Ho ser gjerne etter mønster og trykk som minner om hennar eigen barndom, og miksar det med meir moderne element til si eiga stil. Dei florale mønstra frå 70-talet fanst også som tapet på veggane i huset då familien flytta inn. Eit av SUNNMØRSPOSTEN Lørdag 23. februar 2013 HELG 31 Asfalt for alt S vårt er ein av landets iste vegstubben til huset MÅLERI. Den lyse veggen er ein fin base for kunsten som heng over peisinnraminga. Biletet øvst er det minsteguten i familien, Lauritz (6) som har teikna. Det er ein sekvens med Angry Bird. Under eit måleri av Laila Kvalsund Solhaug. VESKER. Hege syr vesker og klede under namnet «Resirkuline». Denne veska er laga av fløyel frå 50-talet og er fôra med gamalt kinesisk lintøy. Bildet er av et smilande skjelett, som lagar ein fin kontrast til det vakre. Veska ligger på ein gamal fransk Louis Seizestol. siste grusvegar. 40-50 meter. Ikkje meir enn både eg, postbilen, bossbilen og naboane greit klarer å leve med. Dei siste 25 åra har vi levd godt i den trua at når berre reguleringsplanen vert vedteken så skal også denne vegstubben få sin del av velstandsamfunnet. Og for all del. Det kjem sikkert til å skje. Men både naboen og eg er over puberteten så det blir neppe i vår tid. Diskusjonar om vegstubbar kjem vi til å ha for all framtid, og min lille stubb er slett ikkje mellom dei viktige. Og den får all den omsorg ein vegstubb skal ha. Slik er det dessverre ikkje med alle vegar her til lands. D meste av vegar i landet å staten ga bort det til fylkeskommunene var det jubel – hjå begge partar. Staten vart kvitt ei utgiftsbombe – fylkestingspolitikarane fekk noko å snakke om på møta i Geiranger og Loen. For det er kanskje ikkje heilt det same å drive politikk når du ikkje har noko å styre over. Så vart det altså vegane. For staten ser ingen grunn til å eige noko som ikkje medfører snorklipping. Og med 55 milliardar kroner i manglande vedlikehald er det vel heller ikkje grunn til å ha for å sole seg i fram mot valet. O dei nye linjene for E39 g der er vi altså. No skal årgang, medan sjeselongen fra Ikea er ny. Legg merke til den originale peisinnraminga som Hege og Hogne har laga FARGER. Blått er brukt med hell i denne heimen. Med kjærleik syt ho for at historia til tinga kan leve vidare. romma var sågar dekorert med plakatar av nakne damer. Delar av både tapetet og plakatane har Hege teke vare på. – Eg må jo gjenbruke det til noko, ler Hege, som likar litt humor i interiøret og meiner det gir ei avslappa atmosfære i heimen. Ho er heller ikkje redd for å eksperimentere, noko som har gitt den eine veggen i stova eit særeiege uttrykk. Gamle måleteknikkar. Bestefaren til Hege var nemleg målarmeister, og hadde fleire ulike reiskap til å hjelpe seg med. Nokre av dei har Hege teke vare på, og prøvde seg fram med på stoveveggen. – Eg har brukt ein teknikk der eg nyttar gummirullar som gir blomstermønster på veggen når ein målar, forklarar Hege, og legg til at det var eit triks dei nytta i gamle dagar når dei ikkje hadde råd til tapet. I dag vert det som ein eksklusiv måleteknikk som gir særpreg til ei moderne stove. Sjølvsagt er blomstermønsteret trykt på ein fin, lyseblå farge på veggen. Ein farger som er med på å forsterke inntrykket frå havet og himmelen utanfor. Men dottera Kaisa synest mora godt kan tenkje litt på andre farger òg. Blått og brukt kan lett bli einsformig, meiner ho. - Eg likar det meir moderne, eg. Gjerne med nokre knallfargar. HEGE NORMAN ANNA-MA OLSSON (FOTO) LYS. Kaisa Sørdal (12) i kjole som mamma Hege har sydd. Lysfatet er eit gamalt punsjbollebrett i sink. Den handlaga klokka i bakgrunnen fekk Hege til konfirmasjonen av bestefaren sin. vurderast langs heile Vestlandet. Lyntogtraseane skal utgreiast og kor mange felt vi skal planlegge mellom grendene på Austlandet skal vere usagt. Dette er snorklipping og statsrådsmat. Innimellom desse nye storprosjekta går altså slitne asfaltstripene med hjulspor som gjennomsnittlege norske vassdrag og bruer som knapt held vekta av ein lastebil frå Statens Vegvesen. Det siste er vel eit mindre problem. Slike syn høyrer fortida til. Tenk å få gitt frå seg ein kostnad på 55 milliardar. Flytting og pulverisering av ansvar. Er det lurt, eller burde vi kjøp asfalt for alt? Og blir det 50 meter til overs, så har eg ein vegstubb. VENTILEN KÅRE SÆTER [email protected]
© Copyright 2024