Snøscooter opplæring og køyring

Snøscooter opplæring og køyring
Olve Erdal og Sigurd Vestrheim
Du må ha Trafikalt grunnkurs og vera 16 år for å få førarkort for snøscooter – klasse S.
Den som du lærekøyrar me må vera 25 år eller eldre og ha hatt førarkort for S i minst 5 år utan avbrot.
Praktisk obligatorisk opplæring er på 6 timar totalt 3 av dei må ellevane køyra sjølv i variert terreng
både med og utan slede og last, passasjer. Når du lærekøyrar må du ha refleksvest med L. 2 timar skal
vera sjølvstendig køyring der eleven sjølv skal køyra ei sikker rute, tilpassa dyreliv og natur.
I tillegg må du ha 4 timar teoretisk opplæring der du lærar å ta omsyn til natur og dyreliv. Du lærar og
om risikovurdering og korleis du skal utføra førstehjelp i naturen. Etter den praktiske opplæringa må
du ta ein teoretisk prøve. Det er ikkje praktisk prøve i klasse S.
Når du skal køyra snøscooter må du passa på å:
Bruka hjelm
Ikkje køyra utfor
Ikkje detta av
Ikkje køyra på folk, dyr og hytter
Ikkje vera på verka av alkohol
eller andre rusmiddel
Og du må ta omsyn til
Dyreliv
Natur
Miljø
Foto: Magne T. Øydvin
Du må ikkje køyra unødig, og ta omsyn til dyr, vær og føre og vurdera skred faren. Sei i frå kvar du
skal, ta med mat og drikka, mobil/sikrings radio, skredesøkar, spade, godt med klede (varme)
Du kan ikkje køyra kvar du vil, men du kan køyra på innmark som du eiger sjølv. (bakkane) og i eigen
utmark (skog), så sant du har eit formål med køyringa. I fjellet må du ha køyre løyve frå kommunen
eller fylkesmannen.
Det er mange yrker man kan få bruk for å kunne køyra snøscooter som til dømes som rednings mannskap i Hjelpekorpset, natur oppsyn, tilsett i skisenter, politiet og forsvaret. Som tilsett i energiforsyning eller på jernbanen kan du og få bruk får å kunne køyra snø scooter. Dette gjeld og for dei som
jobbar i reinsdriftsnæringa.
Som nemnd over er det mange yrke der ein kan få bruk
for å køyre snøskutar og me har intervjua ein som har
hatt bruk for dette i jobb.
Foto: Magne T. Øydvin
Halldor Eidnes Folkedal fortel at han tok snøscooterlappen vinteren 2008. Då var 19 år gammal. Teorien
tok han på Gol og den obligatoriske praksisdelen tok
han på Boksaksen trafikkskule på Voss. Sidan han
bruk for å ha førarkort for snøscooter i jobben, så
betalte arbeidsgjevaren for førarkortet hans. Han fortel
og att han køyrde snøscooter nesten kvar dag når han
jobba i skisenteret.
Me har og spurd Knut Einar Haug, Ål skisenter om kva han syns om reglane som kom for snøskuter i
2006. Han syns at dagens regelverk er for strengt. Det burde vere opp til kvar kommune å avgjere kor
strengt det skal være. I dag er det same regelverket for Oslomarka som det er på fjellet her i Hallingdal. I
Oslo bur det fleire hundre tusen og i Ål bur det 4500. Då seier det seg sjølv at ville blitt problem med fritt
fram med snøscooter i Oslomarka medan me kan ha mange i fjella i Hallingdal utan at ein merkar det så
mykje.
Me spurde og om snøscooterkøyring viktig for han i jobbsamenheng. På det spørsmålet svara han at dei
brukar snøscooter dagleg i eit skisenter, og at utan den ville ein ikkje kunne drive eit skisenter.
Han har ikkje oversikt over om det er mange ungdomar som tek snøscooterlappen i Hallingdal no. Men
ungdomane treng ikkje reise til Telemark lengjer, slik dei måtte når det nye regelverket kom, for no har
det kome eit tilbod om opplæring på snøscooter på Dagali.
Dersom du vil ha førarkort for snøscooter kan du vende deg til ein av trafikkskulane på Voss.
Kjelder:
Avisa Hallingdølen
Halldor Eidnes Folkedal
Knut Einar Haug, Ål Skisenter
Statens Vegvesen: www.vegvesen.no