NR. 4 September 2011 ÅRGANG 53 Kyrkjeblad for Bjoa, Imsland, Sandeid, Skjold, Vats, Vikebygd, Vikedal og Ølen Pilgrimsvandringar Sør-Europa Imsland Vikestølen Kyrkjelege val den 12. sept. Bispedømeråd • Sokneråd Side 3 Side 8 Side 4 Side 7, 10-13 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Joh. 14,6 Fyller du 15 år i år, eller er eldre enn det, så kan du delta i valet RØYST VED KYRKJEVALET den 12. september 1 Presten har ordet ved Sokneprest Harald Eintveit HYRDINGEN: Ansvarleg: Steinar Skartland Epost: [email protected] Bladpengar/gåver til Hyrdingen på konto: 3243 05 05202 Adr. Skjold kyrkje, Postboks 6, 5574 Skjold Layout/trykk: A1 Grafisk Idè, Ølen SOKNEPRESTANE: Soknepresten i Ølen Johannes Nedrelid, Eiotunet, Pb. 60, 5588 Ølen Tlf. 53 65 65 41 Fa 53 76 72 00 Privat 53 76 86 22 Epost: johannes.nedrelid@ vindafjord.kommune.no Kontortid: Tys, tor, fre kl. 10-12 ons kl. 12.30-14 Soknepresten i Skjold Skjold kyrkje, Pb. 6, 5574 Skjold Tlf. 52 76 73 82 Fa 52 76 73 89 Kontortid. Tys 9-15 Ons og Tor 9-12 Sigrunn Hagen Arnesen Tlf. 52 76 73 82, mobil 977 52 534 sigrunn.hagen.arnesen@ vindafjord.kommune.no Martin Ivar Arnesen Tlf. 52 76 73 82, mobil 980 37 571 Epost: martin.ivar.arnesen@ vindafjord.kommune.no Soknepresten i Vikedal Harald Eintveit, Kommunehuset, Pb. 40, 5583 Vikedal. Tlf. 53 65 56 17 - Fa 52 76 02 97 Kontortid: Tor 9-15 Forværelse: Marit Hegrenes tlf. 53 65 56 18 Prostiprest/fengselsprest: Arild Markussen tlf. 957 81 737 Mandag er prestane sin fridag. Organistar: Juri Kotkovitch: 416 46 183 Nelly Kotkovitch: 948 23 044 Kyrkjeverja i Vindafjord Inghart Lasse Tveit, Skjold kyrkje Tlf. 52 76 73 85 / 977 64 146 Soknerådsleiarar: Imsland: Jolaug Sæle Kaldheim Vikedal: Herdis Pedersen Sandeid: Kari Vik Stuhaug Vats: Arild Urdal Ølen: Liv Ingunn Heie Medhaug Bjoa: Trond Ove Alvseike Vikebygd: Brit Nelly Tveit Skjold: Elin Frøyland Hausten - tida for å takka! Sjølv om nasjonen vår har gjennomlidd ein ufatteleg terrortragedie og om du elles måtte ha opplevd vonde hendingar på det personlege planet eller i familiesamanheng, vil eg tru me er rimeleg samstemte om at sommaren har gjeve oss grunn til å takka. Det får me ha in mente no når denne årstida vender og hausten er i emning! I kyrkjeleg samanheng innser me at hausten er takketid framfor noka anna ved å innby til hausttakkefest i Guds hus, der me gjerne minner om det me har fått av årets avling. Nokre synest vel me er for jordiske i vår gudstenestefeiring. Poteter, gulrøter, kålrabi og løk i Guds heilagdom, - nei, det rimar ikkje. Salmisten ser det annleis: ”Jorda og det som fyller henne, verda og dei som bur der, alt høyrer Herren til.” (Salme 24, 1). Ja, visst er det slik! Jorda lever me av, ikkje for! Henne nærer me oss av: Brød og poteter, frukt og grønsaker,- alt dette er frukter av jorda vår eller molda. Dessutan: Frå denne jorda er òg emna som kroppen vår er bygd opp av, komne. Jorda er arbeidsmarka vår. Ikkje berre for bonden, men også for fiskaren. Vindafjorden og alle andre fjordar med alt dei rommar av lyr og ål, steinbit og krabbe og andre delikate skapningar, er del av jorda - forstått i vid meining. Alle arbeider me med jorda, - anten det er skuleguten eller verkstadsarbeidaren. Bordet, stolen, papiret eller metallet, - alt dette kan førast attende til jorda. Ja, alt me held i hendene våre, høyrer jorda til. Det gjer forresten også hendene. Det vil seia: Alt høyrer Herren til! Arbeidet vårt tilhøyrer Gud. Han signar kvar einaste innsats, - til og med den minste gjerninga som skjer til gagn for våre medmenneske. Vår kvile, ro og vårt velvere høyrer Gud til: Den herlege kon2 takten med Mor Jord ved å vandra splitter naken på heimebøen i doggvåt gras ein glitrande sommarmorgon, angen av sol og sommar frå ei forfriskande havgule, opplevinga av harmoni under ein raudnande solnedgang ved ei sjøstrand eller ved eit fjellvatn der auren vaker, eller freden når me slappar av i godstolen ved ein knitrande peiseld. Fellessskap og venskap kjem frå Gud: Hyggjen i ein heim, samhaldet mellom verkelege vener, ung kjærleik, men også gamal. Like eins er venleiken ei anna av Guds gode gåver: God musikk, meiningsfylt og gjevande biletkunst, litteratur og dikting som fyller hjerne og hjarte med varige verdiar. På denne måten kunne me halda fram med opprekninga vår. Eigentleg er alt frå Gud. Guds motmann kan ikkje skapa ein maur, - han kan berre skapa seg! Hausten er tida for å minna kvarandre om nettopp dette, - og for å takka. Invitten frå kyrkja til å ta dette på alvor, er aktuell som alltid før. Ta livet ditt og alt det du er, eig og opplever med deg inn i Guds hus! Det treng du ikkje vera flau over. For eigentleg er alt gagnleg og byggjande arbeid som menneske kostar tid og krefter på, ei gudsteneste. Det same er også alt som gror og veks på åker og eng. I tillegg utgjer alt godt og flott resultat eit Guds JA til oss, - eit synleg og signande merke over livet vårt. Sanneleg er det ikkje uklokt å nytta hausten som takketid for Guds velgjerningar mot oss. Dette sømer seg i det korte livsperspektivet vårt og avspeglar visdom til å telja dagane våre. For oss menneske er det også nemleg fastsett ein haust (Hos. 6,11). Kjære Vindafjordingar: Må takketonen få fylgja vår haustlege vandring! Harald Eintveit Redaksjonspennen På pilgrimsvandring til Spania Av Steinar Skartland I ei tid med sommar og ferie skulle dagane vore prega av glede. Ei terrorhandling endra kvardagen vår, men då er det godt å oppleve at folk svarar med omsorg for kvarandre. Dei få som ropa på hemn vart overdøyvde av dei som la ned blomar, gjekk i fakkeltog og viste medkjensle. Det er ei god side som nordmenn viste. ”Du skal elska nesten din som deg sjølv” står det i Bibelen. Vårt samfunn er bygd opp på dei kristne verdiane. Nå fekk kyrkjene opna dørene sine og visa seg som ei trøystande kyrkja. Og det norske folk som eit trøystande folk. Inni mellom all nyheitsdekninga av denne tragedien kjem små glimt frå andre verdsdelar. Millionar av menneske som svelt og vert forfylgde. Menneske som ropar om hjelp. Menneske som slåss for sin fridom. Men ropa deira når ikkje fram fordi media er fokusert på vårt eige. Vi må ikkje gløyma dei der ute. Dei er òg nesten vår. Ufatteleg mange born svelt i hel kvar dag. Dei er på vandring og leitar etter ein ny heim med mat og fred. Ser du dei? Andre søkjer gode opplevingar og indre fred gjennom retreat og pilegrimsvandring. Ut i Guds skaparverk på store eller små turar. Til stemnemøte på Vikestølen, prostidag og vandring i Imsland, deltaking på leir og stemne, eller historiske vandringar på dei gamle stigane i Europa. Mykje av dette dreier seg om å søkja Gud. Koma bort frå kvardagen, få ro i sinnet og nye kraft. Eg vonar du har fått nye krefter gjennom denne sommaren, trass i det vonde. Krefter til å ta fatt på nye oppgåver. For ein del kjem oppgåvene gjennom val til styrer og råd. Kyrkja inviterer alle medlemar som er 15 år eller eldre til å delta på valdagen 12. september. Det er ditt bidrag i demokratiet og til styre av kyrkjene. Vi vonar du tek ut på ei vandring denne dagen. Ei ferd som endar i vallokalet, både for det kommunale og for det kyrkjelege. Du er velkomen – vi treng di deltaking. Godt val og god vandring. Ein pause før me går over grensa til Castilla & Leon Av Jone Hatteland Pilgrimsvandring i Sør-Europa har fått aukande interesse i bygdene våre dei siste åra. I sommar gjekk Anne Bjørg Bakke, Kjell Sigmund Bakke, Linda Hatteland og Jone Hatteland pilgrimstur frå Frankrike til Spania. Jone fortel frå turen: Me var fire som hadde bestemt oss for å gå denne pilgrimsturen fra Saint Jean Pied de Port til Santiago de Compostela, ca. 800km på 34 dagar. I tidligare tider var det som oftast religiøse årsaker til folk si pilgrimsvandring. Den lange turen, og ikkje minst endestasjonen, var ei reise mot reinsing, fornying og helbreding. Nå går mange turen av spirituelle grunnar, eller for å nyta naturen, andre berre for å testa ut eigne krefter. Mange, som står føre store vegskilje i livet og skal ta viktige avgjerder, går seg rett og slett fram til svaret. Pilgrimsturen er like mykje ei indre reise som fysisk forflytting, seier mange. Den 80 mil lange turen, som går på høge fjell og djupe dalar over dei spanske (Baskiske) Pyreneer, er ei av verdas mest berømte pilgrimsferder som mange tek. Berre frå Saint Jean Pied de Port, starta mellom 700 -800 personar kvar dag i mai månad! Likevel er det ikkje ofte det vrimlar av pilgrimar. Nokre gonger så kan det virke som vi går på rekke, men så løyser det seg opp og du kan vera heilt åleine på enorme område. Me trefte mange utruleg spennande menneske, folk frå heile verda som eg regner med å ha kontakt med resten av livet. Her får dei dekka alle dei historiske og kulturelle behov ein har, og er du religiøs så blir det bonus også. Fantastiske bygningar, kyrkjebygg, katedralar som er bygde frå vikingtida og opp til i dag. T.d. katedralen i Burgos som den meste fantastiske. Bruer frå middelalderen og heilt ned til Romartida som er i full bruk ennå, berre fantastisk... Her er byar som Pamplona, Logrono, Santo Doming de La Calzada, Burgos, Leon, Villafranca del Bierzo, Astorga og Ponferrada, som eg kjem til å besøka igjen. Eller gå turen om igjen og bruka noko meir tid? 3 Katedralen i Santiago de Compostela Me fekk mange flotte natur opplevingar og over Pyreneane eller over fjella i Galisa, er det mykje som minner om Noreg. Her var enorme sletter og dyrking av forskjellige kornsortar i Castilla & Leon, eller nær berre vin produksjon i La Rooja samt fleire forskjellig i kongeriket Navarra. Sjølve ruta var som ei blomster eng, svært vakker... Turen byr og på god mat og overnatting i frå felles rom til luksus hotell, alt etter behov. Endestasjonen “Santiago de Compostela” har ein imponerande katedral der ligg også leivningane til Apostelen Jakob (Jesu disippel) i eit sølv skrin... Kva som ligg oppi der er vel eit anna spørsmål, men dei påstår det, og då blir det ein spesiell oppleving. Elles er det messe fleire gonger til dagen her, men seremonien med røykelse er berre ein gong i mellom. Me fire hadde ein fantastisk tur. Eg tar gjerne turen på nytt, og kan anbefala den til alle som er interessert i historie, kultur etc... og ikkje minst alle nye kontaktar og sosialt samvær med mange forskjellige personar som var interessant og fornyande. (Tekst omsekreven av redaktøren) Klokkar Brit Nelly N. Tveit, sokneprest Johannes Nedrelid, Bjarte Brendsdal med vesle Adrian, Camilla Moe, Jan Erik Moe, Stine Brendsdal og Katrine Moe. Dåp og Gudsteneste i parken Av Steinar Skartland Dåp og vigsel med Himmelen som tak 30. juli var det vigsel av brudepar her, og søndag 14. august inviterte sokneprest Johannes Nedrelid til misjonsgudsteneste med dåp i parken, like nedanfor kyrkja i Vikebygd. Her er ruinar etter den førre kyrkja i Vikebygd. Det er ikkje mange stader utandørs som er godkjente for liturgiske handlingar, men i Vindafjord er her to: Parken i Vikebygd og Vikestølen. - Gudstenesta blei akkurat ferdig i tide før regndråpane kom. Johannes var prest og Juri spelte, fortel Arne Tveit som talde heile 41 frammøtte. Dette var den første barnedåpen Johannes Nedrelid hadde i friluft sidan misjonstida hans i Kamerun. Familien Moe-Brendsdal valde friluftsgudsteneste i Vikebygd som ramme for dåpen av vesle Adrian. – Dette var heilt fantastisk. Alle var så fornøgde med dåpen, fortalde bestemor Synnøve Brendsdal etterpå. Berre eitt brudepar har tidlegare nytta parken her til bryllaup etter kyrkjebrannen. Vi gratulerer ekteparet og vonar dei får eit flottt og rikt samliv. Bryllaup i det fri Dei let seg ikkje stoppa av at kyrkja var stengd for vedlikehald. Laurdag 30. juli knela Elin Sætre og Henning Flæte Andersen på kvar si pute i kyrkjeruinane av den fjerde kyrkja i Vikebygd. Sokneprest Martin Ivar Arnesen la hendene på dei og bad for brudefolket som valde å bli vigde til ekteskapet i parken nedfor kyrkja. Det er ikkje dagleg kost at brudemarsjen tonar frå orgel her i det fri. Berre eitt par har nytta parken tidlegare, men det var sjølvsagt bryllaup i kyrkja som stod her. Vi gratulerer ekteparet og vonar dei får eit flott og rikt samliv. Vandringa til Vikestølen Av Steinar Skartland Gjennom 111 år har folket frå dei 5 kyrkjesokna: Ølen, Bjoa, Vikebygd, Skjold og Vats, vandra opp til Vikestølen ein sumarsdag. 26. juni i år var det sjømannsprest Rune Birkeland som skulle få forkynna ordet om Jesus. ”Kommer hit til mig alle I som arbeide og er besværede og jeg vil gi eder hvile,” står det på støtta på den gamle stemnestaden. Dette vart utgangspunkt for talen. Rune, som har sjømannskyrkjene i Kina, Japan, Korea og Mongolia som prestegjeld, har og gjort teneste både i Nordsjøen og på Gran Canaria. Nå er det siste hausten hans i denne tenesta før pensjonist tilværet. Sjølv om det var fleire andre stemne samstundes så var det om lag 40 som vandra oppover fjellvegane mot stølen. Her fekk dei lytta til ordet, delta i songen og treffa vener i same 4 ærend. Det er noko særskild dette å møtast her – i Guds frie natur. Så måtte vi også minnast dei som ikkje lengre kan koma. Som har fått reist heim. I år var det veteranen Magnus Sørhus. Han vart 97 år, og få har fått med seg så mange Vikestølsmøte som han fekk. Om Gud vil – så møtest vi på stølen igjen neste sommar. Det blir som ein pilgrimsvandring i Vikefjella. Mange kom til storsamlinga. Indremisjonssamskipnaden: Vellukka storsamling i Ølen Av Arne Borgemyr Indremisjonssamskipnaden hadde lagt si storsamling til Ølen den 24. – 26. juni. Sist samlinga var i Ølen, var i 2003. Årsmøtet samla nærare hundre utsendingar frå Sunnhordland i sør til Voss i nord til forhandlingar, økonomi og val. Edmund Thormodsæter vart attvald som formann i Samskipnaden. Men samlinga er ikkje bare for utsendingar, og fleire hundre menneske tok del i det rikhaldige utval av konsertar og møte for store og små. Brandøy var fullt belagt, og ein del kom i bubilar. For mange er det viktigaste å møte kjende og oppleve åndeleg fellesskap og oppbygging. Oskar Feed er lokallagsformann i Ølen Indremisjon og var leiar av hovudkomi- teen. Han kan fortelje at mange friviljuge var med i planlegging og gjennomføring av dette store arrangementet. Og dei har fått løn for strevet: Det er kome mange gode tilbakemeldingar om at dette vart eit sers vellukka stormøte både praktisk og ut frå åndeleg utbytte. Også veret var på arrangørane si side. Feed nyttar gjerne dette høvet til å takke alle for innsatsen. Samskipnaden hadde engasjert mange deltakarar til samvera. Hovudtalar var forsamlingsleiar i Betlehem i Bergen, Gunnar Ferstad. Han fekk gje tilhøyrarane mykje ut frå Guds Ord. Sundag føremiddag vart det eit særleg alvorleg møte med teksten for dagen. Eit husorkester frå Kvam i Hardanger stod for musikken, og dei var også forsongarar. Elles deltok Sveinung Ander- Oskar Feed sen og Nancy Sangolt med solosong og Sunnhordlandsmusikken med god, tradisjonell song. Sommaraktivitet på Lundeneset Sommartreff Straks skuleferien begynte inntok 136 deltakarar mellom 13 og 16 år Lundeneset. Denne ”stor-leiren” er allereide blitt tradisjon, og blir arrangert av NLM Ung (Misjonssambandet) i samarbeid med Lundeneset. Leiren varte i fem dagar, og over 50 leiarar var med. Hovudtema i år var kort og enkelt ”Jesus”, og gjennom bibeltimar, kveldsmøte og seminar fekk deltakarane god Jesus-forkynning, i tillegg til frisk song og musikk og andre innslag. Dagane var elles fulle av ulike aktivitetar som t.d. teambuilding, fotball og vannsport. Vi over 60 Også i sommar vart det arrangert ”Vi over 60” på Lundeneset, fem dagar (29.06.- 03.07.) med forkynning i hovudfokus. 80 personar deltok i år. Hovudtalarar var Ola Tulluan, Nils Kåre Strøm og Haldis Reigstad. Det blei eit gildt og godt stemne, med god forkynning, mykje god song og musikk og fine sosiale samvær. Fleire ut5 trykte at dei hadde fått mykje for både sjel og lekam, og at Den Heilage Ande var nær på samlingane. Det blei m.a. arrangert tur med omvising i Imsland. I tillegg var dei sprekaste på fjellturar frå Eikås til Dueland og i Vakadalen. Paul G Haarr - Til minne Frå Vats kyrkjelyd ved Jørgen Landa Song Tone: Skal vi møtes hist ved floden Haarr vår gode prest er borte no er reisa slutt på jord Åra dei vart ikkje korte Mange var dei her i nord No han har Sett eit far For oss alle til å følgja Slik at me på livsens bølgja Finn han att i herlegdom Karen og Paul G Haarr på jubileumsfesten for julemessa i 2001 Skjold og Vats Første oktober 1975 tok eg over som sokneprest i Skjold. Der fekk me 15 rike år. Skjold og Vats var solide misjonsbygder. Frå gamalt av var der kvinneforeningar for misjonen i kvar grend. Kona mi skipa jentelag, gutelag og etter kvart tenåringslag for misjonen. Desse laga heldt til i prestegarden. På den årvisse julemessa, som kom i gong, lyste valgspråket for laga : ”Frå Skjold til jordens ender”, frå podiet i Isvik bedehus. Etter kvart kom og kvinneforeningane med i messa. Nå er det dei som driv henne. Til Kamerun att Under teneste i Skjold hadde me to korte periodar i Kamerun. Det var trusstyrkjande å sjå korleis Guds rike hadde gått fram på dei 14 åra me hadde vore i Norge. Siste perioden hadde me ca kr 14.000,- frå avskjedsfest og private gåver. Desse pengane vart til aluminiumstak på 4 kyrkjer til stor glede og nytte Når me nå ser attende på tenesta sit me att med ei stor takk til Han som kalla og ga oss kraft og mot til å tene Han gjennom livet. Han åleine æra. Amen. Karen og Paul G Haarr BASAR Nedre Vats Helselag lagar til basar på Kårhus Bedehus fredag 16. sept. Kl 19:00 Andakt: Jens Tveit Bevertning, Song. Velkommen Demensaksjonen 2011 Nedre Vats Helselag har bøsseinnsamling i veke 38 (19.-25. sept.) Ta vel imot oss. Familiegudsteneste på Motorbanen i Vikedal Den årlege gudstenesta på Motorbanen blir søndag 18.september kl. 11.00 v/ vikarprest Bjarne Hjelvik. Konfirmantane frå Vikedal deltek • Offer til Ungdomsklubben i Vikedal • Sporleik for borna. Etter gudstenesta blir det salg av pølser, kaffi og vafler. Me ynskjer store og små velkomen til Motorbanen VELKOMMEN TIL RETREAT På Utstein Pilgrimsgard 24. – 26. september. Dei 7 første som melder seg, kan betale etter evne, frå kr 1000 – 1600. Dersom det er fullt på Pilgrimsgarden, kan vi undersøke om det er ledig rom til kr 600 pr. natt på hotellet som ligg i 5 min. gåavstand. Påmelding seinest 10.09 til: Solveig Strandenæs, e-post: [email protected] eller på telefon 45235792/51586588. STILLE DAG: Laurdag 10. september i Bekkefaret kirke kl. 11 – 15. Dagen startar kl. 11 med gudsteneste, held fram med Jesusmeditasjon, felles lunsj og til slutt ein liten samtale rundt teksten. Ta med 6 mat. Kaffe/te vert servert. Inga påmelding. Der er målet for oss alle Der me samlast skal ein dag Om me Jesus kan få kalle Som ein frelsarmann på lag Det Han vil Så ver snill Livet gi til livets herre Då du blir ein syndar berre Som har fred i Jesu blod! Dette var det Haarr forkynte I den tid me var i lag Og han kyrkja vel forsynte Så me reint gjekk over stag Ånd og liv Dei sa bliv Vekkjingane berre uldra Vanskane dei berre smuldra I den fridommen me såg Ja, i femtan år me hadde Våres kjære prestemann Om me minneboka bladde Vil me finna dette land God og snild Og så mild Jau, han gav oss av sitt beste Der han viste til det festet Me i Bibelboka har Han med kallet aldri stridde Misjonær han ville bli Ja, ei bestemor vel stridde For sitt barnebarn ei tid Ut han for Verda stor Kamerun det vart det beste Her han fekk sitt gode feste Her han fann velsigninga No me alle sit her eine No me fattige er blitt Men om me må gå åleine Skal me eingong møtast att Ja me ser Snart det skjer Då me rykkast skal i skyer Dette er dei store vyer Herrens venner alltid har Kyrkjevalet 2011 - Vindafjord Det stundar nå mot kyrkjevalet og som ved sist høve er det val både til sokneråd og bispedømmeråd. Kandidatar til Skjold sokneråd FØREHANDSRØYSTING skjer først og fremst på kyrkjekontora i Vikedal, Ølen og Skjold i dei vanlege kontortidene på desse stadene. Oddbjørn Mangrud 36 år Rekneskapsførar. Ei inkluderande kyrkje, at folk i alle aldrar kjenner seg heime, at alle kan få bruka nådegåvene sine, låg terskel for søkjande, synlighet i kvardagen. I Vikebygd kan ein også førehandsrøysta for Vikebygd sokn i Vikebygd Landhandel i vanleg opningstid. Ottar Krakk 43 år Barnevernleiar. Barne- og ungdomsarbeid, gudstenester og utviding av gravplassar. Ein kan også gjera avtale om førehandsrøysting utanom desse stadene og/eller til andre tider ved å kontakta Kyrkjeverja telefon 52767385 / 97764146. Karianne Dagsland 22 år Ungdomsarbeidar. Gudstenesteliv, barne- og ungdomsarbeid og universell utforming/tilrettelegging. Øystein Kalstveit 61 år Byggeleiar/tømrar. Song- og musikkutvikling, at kyrkjelyden syng, korsong og konsertar, snu stolrekkjene, vedlikehald av kyrkja. KYRKJELEG MANNTAL er tilgjengeleg på kyrkjekontora i vanleg kontortid. RØYSTESTADER OG RØYSTETIDER valdagen 12. september er dei same som for kommunevalet. Asle Kvitno Dagsland 37 år Sjølvst.næringsdrivande VALKORT – me viser også til tilsendt valkort med m.a. informasjon og liste over kandidatar til både sokneråds- og bispedømmerådsvalet. Jarle Kringlebotn 39 år Lærar Sølvi Søreide Farmasøyt Liste til val av sokneråd i Vikedal 36 år Endre Stople 62 år Sjåfør. Eg vil arbeida for at kyrkja kan vera ein stad der både unge og eldre kan føla seg heime, veksa som kristne og få møta Jesus gjennom forkynninga. Det var feil i lista som var på trykk i nr 3 av Hyrdingen. Her er den rette: Geir Tore Sørhus 28 år Servicemekanikar Ungdomsarbeid, nytenking, G17 og musikk. Geir Torkel Roaldkvam Andreas Rosså Hilde Karin Vetrhus Langballe Bjørg Ågådt Djuvik Lillian Irene Berget Eikeland Halldis Johanna Hustveit Bjørg Gunn Opsal Tjerand Selland Herdis Pedersen Signy Tveit Fosen on Bjarte Aarekol Anne Liv Gjerde Imsland Kjell Vormestrand Helge Frøland Rune Nes Inger Olaug Sandvik Sigve Skeie Evelyn Rabben Hustveit 37 år Bakerimedarbeidar Barne- og ungdomsarbeid. Kjetil Nesbu 33 år Politibetjent. Tilrettelegging for barnefamiliar, ivareta dei unge og jobbe mot fråfall, gjere tilbodet til eit lågterskelnivå, bidra til eit positivt og utviklande arbeidsmiljø for dei involverte og tilsette i kyrkjelyden. Anne Kristine Lilleskog Andersen Rektor Vindafjord kulturskule Gustav Magnus Frøyland Lærar 7 62 år 54 Krossberaren går føre pilgrimsfolket. Trusvandring og gudsteneste i Imsland Kristi Himmelfartsdag Av: Theodor Imsland Kristi Himmelfartsdag 2. juni vart det halde felles gudsteneste for heile prostiet i Imsland kyrkje. Før gudstenesta vart det arrangert ei trusvandring frå bygdahuset oppe i Ølmedal og ned til kyrkja. Begge deler vart ein stor suksess trass i at vermeldingane ikkje var dei beste. Då vandringa starta kl 10, var mellom 150 og 200 møtt fram, både store og små. Her var seks postar underveis med ulike aktivitetar, deling av tankar rundt eit tema og lesing av eit bibelord. Ein fekk laga seg kors til å festa på kleda, spikka vandringsstav, og ein fekk boller Prosesjonen kjem inn i nesten fullsett kyrkje. og saft på ein post. På andre postar skulle barna finna bøneemne og dei skulle læra å dela når dei fekk noko godt. Til alt hell var det stort sett opphald under heile vandringa, slik at alle kom tørre til gudstenesta kl 12. Her gjekk alle geistelege, ministrantar frå Imsland og born i prosesjon inn i kyrkja, kor over 250 hadde møtt fram. Born frå koret ”Kids of Joy” frå Ølen song for oss. Tidlegare biskop i Bjørgvin, Ole D. Hagesæther, heldt ein fengande tale som han også kobla til bileta i altertavla vår. Etter gudstenesta var det matøkt nedanfor kyrkja med grilling av medbrakt og sal av pølser og is. Diverre kom regnet. Ein del søkte ly i bedehuset, men dei fleste hadde kledd seg etter veret og sat ute. Etter matøkta heldt biskop Hagesæther eit inspirerande foredrag rundt temaet pilgrimsvandring. På grunn av veret vart foredraget halde inne i kyrkja. Imsland sokneråd vil takke utvalet for ”Pilgrimsarbeid og retreat” og prost Øystese for at dei la dette arrangementet til Imslandkyrkja. Det passa svært godt i eit år kor kyrkja er 150 år. Spesiell takk til Ingerid Aadland og kateket Britt Karstensen for opplegg og gjennomføring av trusvandringa. Alle geistelege og ministrantar samla før inngangen. Ein ser sokneprest Harald Eintveit bak og biskop Ole D. Hagesæther, prost Arne O. Øystese og kyrkjetenar Olav Eikeland til høgre. Elles deltok prestar frå prostiet og konfirmantane. 8 Imsland kyrkje 150 år Den nye kyrkja i Imsland vart vigsla 18. september 1861 og fyller 150 år i år. Kyrkja vart bygd midt i vervartida med stor aktivitet i heile området og optimistisk syn på framtda. Ho vart difor stor og rommeleg. Imsland sokn er vel eit av få sokn kor alle sokne-lemene kan få plass i kyrkja samstundes. Den gamle kyrkja var privat eigd og vart overteke av ”sognets almuge” i 1856. Her var to eigarar, og dei betalte kvar 200 riksdalar for å bli kvitt henne. Dette var startkapitalen til ny kyrkje. Teikningane til kyrkja kom frå departementet januar 1860, og soknestyret godkjende desse med mindre endringar. Til byggjenemnd vart vald Johannes Rogletvedt, Steffen Johannesen og Halvor Halvorsen. Steffen Johannesen flytte or bygda nokre år seinare og brukte då navnet Lyngholm. Han er oldefar til Bjørg Lyngholm Hjelvik, kona til tidlegare sokneprest Bjarne Hjelvik. For å finansiere bygginga av kyrkja vart det innført pliktarbeid og det vart skrive ut ekstra skatt i fleire år. Ho kosta vel 2000 dalar. Kyrkja i Imsland er listeført av Rikantikvaren. Det vil seia at der er strenge reglar for å gjera endringar på bygg og innreiing, og alt skal godkjennast av riksantikvaren. Kyrkja gjekk gjennom ei stor oppussing og restaurering innvendig til 100-årsjubileet, og framstår ennå som å vera i god stand inne. Vi har fått ei ekstraløyving på 200.000,- frå kommunen til jubileet, og det er samla inn godt over 100.000 kr frå bedrifter og private. Noko av dette blir brukt til å friska opp litt maling som er slete innvendig, og ein vil skifta ut golvteppet. Den gamle altertavla frå 1756 er blitt reparert ved Stavanger museum, og ein har fått undersøkt ulikskap mellom opprinneleg mo- tiv og oppattmalinga som vart gjort i 1912 ved bruk av røntgen. Vi har ennå nokre saker vi vil ha gjort, men nokre av desse må utstå til etter jubileumsfeiringa. Jubileumsfeiringa Feiring av jubileet vil skje med festgudsteneste søndag 25. september kl 11.00. Her vil biskop Erling J. Pettersen vera tilstades saman med prost Arne O. Øystese og sokneprest Harald Eintveit. Vi har ogå invitert tidlegare prestar i prestegjeldet og nåverande og tidlegare tilsette. Etter gudstenesta inviterer soknerådet alle gjester og medlemmer i soknet som er tilstades til middag og festleg samvere på bygdahuset i Ølmedal. Jubileumskonsert Laurdag 24. september kl 19.30 blir det halde jubileumskonsert i kyrkja. Konserten er basert på melodiar og tekstar som er samla, arrangert og presentert av Ingebrigt Bjelland i boka ”Folkeleg musikk i Rogaland”, som kom i fjor. Med boka følgjer også to CD-ar med innspeling av ein del av verka. Ingebrigt Bjelland , eller Bitt Bjelland som er namnet Imslandsbuane kjenner best, er fødd i Imsland kor mor hans ,Inger Bjelland var organist i 47 år og far hans, Oluf var lærar i bygda og var klokkar i over 20 år. Ingebrigt Bjelland har undervist i musikk, lengst ved Høgskulen-, nå Universitetet i Stavanger. Musikk og song på konserten femner over alt frå salmar, songar, lokale brureslåttar og skjemteviser. 9 Til å framføra desse har vi fått med oss: Rannveig Westvik Skiri, song. Ho er utdanna i klassisk song. Hans Petter Hansen, song. Kjent artist med tilknytning til Imsland. Per Sigmund Rettedal, song. Han er vokalpedagog i Sandnes. Torunn Rønnevik, song. Vår eigen dyktige songar. Eirik R. Stangenes, filolin. Fiolinist i Stavanger Symfoniorkester. Dessutan vil søstrene til Ingebrigt, Bjørg Torland og Olaug Bjelland Jacobsen delta. Vår eigen kantor Juri Kotkovitch vil stå for musikken på orgel og piano. Ingebrigt vil dessutan fortelja litt om bakgrunnen for kvar song/melodi. Vi ynskjer alle velkomne til denne spesielle konserten. For dei som ikkje er spesielt inviterte, må vi ta kr 200,- i inngangspenger for vaksne, kr 100,- for barn mellom 12 og 16 år. Gratis for yngre barn. Jubileumsbok Soknerådet avgjorde tidleg at dei ville utgi ei bok til jubileet. Dei sette ned ei nemnd som har arbeida flittig i lengre tid. Nå er manuset sendt til trykking og boka vil er klar tidleg i september. Tittel på boka er ”Imsland kyrkje 150 år” med undertittel ”Kyrkje og kristenliv i soknet gjennom tida” Boka vil bli lagt ut for salg ved konsert og jubileumsmiddag, og vil bli selt hos lokale bokhandlarar og i bank og butikk i Imsland. Du kan også ta kontakt med medlemmer i soknerådet. Imsland sokneråd Kandidatar til Stavanger bispedømmeråd og Kyrkjemøtet ALLE MEDLEMMAR OVER 15 ÅR KAN STEMMA Val nær av kommune- og fylkestingsvalget, 11. og 12. september. Namn: Leif Christian Andersen Yrke: Sjukepleiar Erfaring: Stavanger bispedømmeråd. Ungdommens Kyrkjemøte. Ungdomsdelegat på Kyrkjemøtet. Ressursgruppe for gudstenestereform. Varamedlem i kommunestyret og medlem av kommunale utval i Vindafjord. Speidar, korps og ungdomsarbeid. Engasjement: Det er fantastisk å oppleva barn, ungdom, vaksne og eldre som er med i det flotte arbeidet som finn stad rundt omkring. Barne- og ungdomsarbeid engasjerer meg. Dessutan er eg oppteken av dei svakaste i samfunnet. Me må vera til stades for dei mange som ikkje har ein god kvardag. Korleis styrka kyrkja? Kyrkja står alt no sterkt i Norge. Mange kan visa til gode møte med representantar for kyrkja. Me må vera flinke til å profilera alt det gode kyrkja gjer i lokalsamfunna, og då vil me òg styrka kyrkja. Namn: Reidun Bakkane Yrke: Pensjonist Erfaring: Leiar, Kyrkjelig Fellesråd. Leiar og medlem av sokneråd. Leiar av konsert- og kulturutval. Frivillig medarbeidar i dåpsskule. Politisk aktiv i Kristeleg Folkeparti og meddommar i Gulating lagmannsrett. Engasjement: Å kunne vera med å leggja til rette for møteplassar der trua kan veksa, spesielt trusopplæring for barn og unge. Korleis styrka kyrkja? Dei mange oppgåvene og moglegheitene kyrkja har vil krevja fleire tilsette og eit større engasjement av frivillige. Det er eit skrikande behov for større satsing på det diakonale arbeidet. Mange einsame, spesielt eldre, vil kunne få betre livskvalitet ved for eksempel eit jamleg besøk frå diakonien i kyrkjelyden. Namn: Silje Arnevik Barkved Yrke: Teologistudent Erfaring: Ungdomsrådet i Stavanger bispedømme. Delegat på Ungdommens Kyrkjemøte, 3 år som delegat til Kyrkjemøtet frå Ungdommens Kyrkjemøte. Gudstenesteutvalet i Lura menighet. Mange års erfaring frå ungdomsarbeid. Engasjement: Konfirmantarbeid! Å sjå ungdom, så ulike som dei er, bli utfordra på tru og tanke. Å oppleva kreativitet og nysgjerrighet i møte med evangeliet. Eg trivst dessutan med sakspapir og plenumsdebattar, så rådsmøte skapar stort engasjement hos meg. Korleis styrka kyrkja? Me bør gjera det me kan for å skape engasjement i dei lokale kyrkjelydane. Folk skal få oppleva at Guds ord blir forkynt med glede. Kyrkja skal framleis driva utadretta diakonalt og sjelesørgjerisk arbeid og visa nestekjærleik i praksis. Namn: Gyrid Espeland Yrke: Seksjonssjef Erfaring: Stavanger Bispedømmeråd. Landsrådet og styret i Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon. Kyrkjelydskomite og sokneråd, Eigerøy. Menighetsrådet i Egersund. Kyrkjeleg Fellesråd. Nettverk for kvinner i Dalane. Styret i Dalane folkemuseum. Styremedlem i Tekna, avdeling Stavanger. Teknas etiske råd. Engasjement: Eg blir engasjert når menneske blir Jesu disiplar, gudstenestene er relevante, barne- og ungdomsarbeidet svinger og dei som er sjeldan i kyrkja får lyst til å koma tilbake. Korleis styrka kyrkja? Gud vil i sin kjærleik ha fellesskap med alle. Kyrkja skal visa dette i praksis, gjennom kyrkjeliv og samfunnsengasjement. Konfirmantane må få relevant undervisning. Det er lov å vera underveis og vera aktiv i kyrkja. Tankar og tru er ikkje svart-kvitt for dei fleste av oss. Alder: Alder: Alder: Alder: 10 26 år Sokn: 71 år Sokn: 25 år Sokn: 58 år Sokn: Bekkefaret, Stavanger Domprosti Gausel, Ytre Stavanger prosti Lura, Sandnes prosti Eigerøy, Dalane prosti Kandidater til bispedømmerådsvalget i Stavanger bispedømme Namn: Liv Hjørdis Glette Yrke: Adjunkt Erfaring: Varamedlem, soknerådet i Vår Frelsers menighet. Medlem av undervisningsutval. Engasjert i trusopplæringsprosjekt. Aktiv i KFUK/KFUM-Speidarane som gruppeleiar, i kretsstyret, i leirkomité og det nasjonale misjonsutvalet og programutvalet. Kateket. Engasjement: Eg blir engasjert av trusopplæring for barn og unge, undervisning for vaksne, gudstenesteliv, omsorg for andre lokalt eller gjennom for eksempel Kirkens Nødhjelp. Korleis styrka kyrkja? ”Store hendingar” som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd må vera gode opplevingar som gjer at folk vil koma tilbake til kyrkja. Uansett situasjon må ein arbeida for at møtet med kyrkje, kyrkjelyd og prest må vera bra. Kyrkja må våga å vera til stades for menneske i ulike situasjonar. Namn: Marie Klakegg Grastveit Yrke: Økonomitrainee Erfaring: Leiar i ungdomsrådet i Frøyland og Orstad kyrkjelyd. Styremedlem i Fokus, ungdomsarbeidet i kyrkjelyden. Leiar i konfirmantarbeid. Engasjement: Det er kjekt å sjå at menneske får liva sine forandra gjennom å møta Jesus, menneske som trur på Han og kyrkja. Eg blir engasjert og inspirert av å samarbeida med andre om å finna gode løysingar på utfordringar og når eg kan vera ein forskjell i nokon sitt liv. Korleis styrka kyrkja? Gje meir fridom til dei lokale kyrkjelydane. Styrka samarbeidet mellom kyrkjelydane slik at det blir enkelt å utveksla erfaringar og kompetanse. Me treng rause kyrkjelydar som bidrar til lokalsamfunnet. Møtet med Jesus skjer gjennom menneske som tør å gje av seg sjølv og sjå menneske rundt seg. Namn: Svein Helgesen Yrke: Seniorrådgjevar Erfaring: Statssekretær i Kyrkje-, forskings- og undervisningsdepartementet. Ordførar i Rennesøy. Fylkesvaraordførar i Rogaland. Fylkesleiar Kristeleg Folkeparti, Rogaland. Leiar, styret for Menighetsfakultetet. Leiar, Kristent Pedagogisk Forum. Leiar og vaksenleiar i student- og skulelag. Engasjement: Eg blir engasjert av å møta menneske som gjennom handling viser tru på at det nyttar å stå på for å gjera livet betre for fleire, og av sjølv å vera med på å bli utfordra og berørt. Korleis styrka kyrkja? Å få endå tydelegare fram kjerna i evangeliet, slik det framstår i Bibelens sitt bilete av Jesus. Eg ønskjer meir fokus på det som samlar enn det som skil, å byggja bruer framfor murar. Å styrka kjerne-kyrkjelyden og å ta vare på eit ope folkekyrkjeperspektiv bør gå hand i hand. Namn: Liv Heidrun Skaar Heskestad Yrke: Medlem av leiargruppe Erfaring: Representantskapet i Vårt Land. Leiar / medlem i landsstyret for Norges Kristelege Student- og Skuleungdomslag. Medlem i Rådet for Willow Creek Norge. Leiar, Lye forsamlingsstyre. Leiar i gudstenesteutvalet for Lye Forsamlingshus. Engasjement: Eg blir inspirert av unge menneske med engasjement for å nå ut med den kristne bodskapen, brenn for å hjelpa folk til gode samliv og familieliv og for moglegheitene gudstenestene gjev. Korleis styrka kyrkja? Kyrkja og kyrkjefolket må vera synlege i samfunnet og i samfunnsdebatten. Språk og formuleringar er viktige når me uttaler oss. Kyrkja må opplevast som relevant for folk. Det trur eg ikkje handlar om politiske standpunkt, men om dagleg levd liv. Namn: Arnhild Aano Høyen Yrke: Lærar Erfaring: Medlem av menighetsrådet, Stokka kirke. Mange år i Stavanger bystyre og kulturstyret i Stavanger. Søndagsskulelærar. Leiar i barneklubb. Engasjement: Eg blir engasjert av dagsaktuelle tema kor kyrkje og samfunn møtast, og av kyrkja sine utfordringar i møte med eit pluralistisk og sekulært samfunn og barne- og ungdomsarbeid. Korleis styrka kyrkja? Kyrkja må bli synleg i lokalmiljøet. Ho må fortsatt gje tilbod om seremoniar. Kyrkja kan godt uttala seg i samfunnsspørsmål der det er naturleg. Ho må ikkje gå på akkord med si viktigaste rolle som trusformidlar og med å forkynna den gode bodskapen. Alder: Alder: Alder: Alder: Alder: 11 52 år Sokn: 26 år Sokn: 63 år Sokn: 60 år Sokn: 61 år Sokn: Vår Frelsers, Haugesund prosti Frøyland og Orstad, Jæren prosti Mosterøy, Tungenes prosti Time, Jæren prosti Stokka, Stavanger domprosti Kandidater til bispedømmerådsvalget i Stavanger bispedømme Namn: Arne Jon Myskja Yrke: Salsdirektør Erfaring: Leiar i Nedstrand sokneråd. Orgelkomité, Nedstrand. Kontrollutvalet i Tysvær kommune. Formann i Nedstrand Båtforening. Sekretær / Ten Sing sekretær KFUK/M. Engasjement: Eg er ein person som blir lett engasjert. Eg blir inspirert av møte med Gud og menneske gjennom forkynnelse, musikk og kunst. Gode opplevingar i fellesskap gjev ønske om å skape noko saman. Korleis styrka kyrkja? Hjelpa kyrkjelydane å vera aktive medspelarar i lokalsamfunnet Profesjonalisera kyrkjeleg kommunikasjon i media. Namn: Jakob Nærheim Yrke: Prosjektleiar Erfaring: Leiar i Vardeneset menighetsråd. Varamedlem i Grødem menighetsråd. Utval for naturleg kyrkjelydsutvikling, Grødem. Leiar i Trondheim Kristelege Studentlag. Director – Occupational Hygene Training Association, nasjonalt og internasjonalt. Voss kommunestyre, råd og utval. Engasjement: Korleis styrka kyrkja? Alder: Alder: 59 år Sokn: 44 år Sokn: Nedstrand, Haugesund prosti Grødem, Tungenes prosti Kristi kjærleik og menneskets ondskap og vankunne skapar engasjement hos meg. Gjennom å be og arbeide. Namn: Jon Lende Yrke: Seniorrådgjevar Erfaring: Klepp Kyrkjelege Fellesråd. Frøyland og Orstad sokneråd. Leiar/ medlem i styrer for forskjellige aksjeselskap. Styreleiar, Frøyland barnehage. Styreleiar, Frøyland forsamlingshus. Leiar av Frøyland misjonslag. Konfirmantgruppeleiar. Engasjement: Eg blir engasjert når menneske blir kjent med Jesus og kjem til tru, når eg erfarer Guds nærvær i kvardagen i eige eller andre sine liv, når kyrkja utgjer ein positiv forskjell for menneske i både i kvardag og fest, av ekte og ærlege møte med menneske og godt samarbeid mot felles mål. Korleis styrka kyrkja? Fokusera tydeleg på det som er kyrkja sitt oppdrag: Døypa og læra menneske å følgja Jesus. Dette må gjerast på eit mangfald av måtar slik at bodskapen når inn og blir opplevd som sann, ekte og relevant. Namn: Svein Arne Lindø Yrke: Omsorgssjef Erfaring: Leiar i Kyrkjerådet, Den norske Kyrkja. Medlem av Kyrkjerådet. Nestleiar, Stavanger bispedømmeråd. Leiar, Riska menighetsråd. Medlem av representantskapet i Kirkens Arbeidsgiverorganisasjon. Engasjement: Å bidra til at fleire finn sin plass i kyrkja. Å bruka meg sjølv i kyrkjeleg arbeid. Å bidra til at kyrkja blir eit trussamfunn med fri stilling i forhold til staten. Korleis styrka kyrkja? Det viktigaste er å gje barn og unge opplæring i kristen tru. Så må me få kunnskap om kvifor mange ikkje er meir aktive i den lokale kyrkjelyden. Då kan me finna tiltak for å auka oppslutninga. Kyrkja sin bodskap må handla om menneske sine liv, og me må oppmuntra kvarandre til å vera opne om tru. Namn: Elisabeth Sortland Sande Yrke: Psykiatrisk sjukepleiar/ prosjektleiar Erfaring: Sola menighetsråd. Sola Kyrkjelege Fellesråd. Engasjement: Eg blir engasjert av gudstenester med gode preiker som lyfter kvardagen inn i ein større og Gud-villa samanheng, av salmesong og musikk og av å få vera ein del av eit mangfaldig fellesskap. Eg blir engasjert av godt samarbeid og god leiing av dei oppgåvene som eg tar del i. Korleis styrka kyrkja? Kyrkja må vera oppteken av breiare og meir allmenne tema. Kyrkja må vektleggja toleranse for ulike syn der det i dag råder usemje. Kyrkja må vektleggja den frivillige innsatsen i form av vegleiing og god oppfølging av frivillige medarbeidarar. Alder: Alder: 12 Alder: 54 år Sokn: 58 år Sokn: 47 år Sokn: Frøyland og Orstad, Jæren prosti Riska, Sandnes prosti Sola, Tungenes prosti Kandidater til bispedømmerådsvalget i Stavanger bispedømme Namn: Steinar Skartland Yrke: Marknadssjef og KS-leiar Erfaring: Vikebygd sokneråd. Fellesrådet. Vindafjord kommunestyre. Leiar, utval for oppvekst og omsorg. Bankrådet, SR-Bank Ølen. Leiar, Ølen og Vindafjord KrF. Klokkar. Sundagsskulemedarbeidar. Leiar nasjonalt økonomiutval, søndagsskulen. Formann for Årvik bedehus. Redaktør for kyrkjelydsblad. Engasjement: Eg likar å delta og ta eit tak der det trengst. Dugnad og samarbeid for å få til løysingar har ein dragande kraft. Eg trivest når eg kan vera med å utvikla strategiar og planar, og kan sjå saker frå fleire sider. Korleis styrka kyrkja? Kyrkja er avhengig av tilliten ein får på bakgrunn av folk sine opplevingar. Me kan bli flinkare til å inkludera, til å ta parti for dei svake og til å leggja til rette slik at folk kjenner seg heime. Kyrkja bør satsa på leiartrening og rekruttering. Namn: Bjarte Skogøy Yrke: Systemutviklar Erfaring: Leiar, Hana menighetsråd. Medlem av Sandnes Kirkelige Fellesråd. Engasjement: Det som er ekte engasjerer meg. Korleis styrka kyrkja? Alder: Alder: 53 år Sokn: 30 år Sokn: Vikebygd, Nordre Ryfylke prosti Hana, Sandnes prosti Kyrkja må våga å vera seg sjølv. Namn: Tor Soppeland Yrke: Bonde Erfaring: Stavanger bispedømmeråd. Hjelmeland Kyrkjelege Fellesråd. Årdal sokneråd. Kommunestyret, Hjelmeland. Formannskapet. Leiar, styret for Ryfylke energi. Styremedlem, Lyse Kraft. Styret, Normisjon Årdal. Engasjement: At Bibelen er viktigaste rettesnor for arbeid og forkynning, ikkje det som er “politisk” rett og at kyrkja kan få behalda Carissimiprestane. Korleis styrka kyrkja? Alder: 63 år Sokn: Årdal, Søre Ryfylke prosti Kyrkja må vera klarere i sin forkynning av Guds ord til frelse. Namn: Ingebjørg Bjørklund Vignes Yrke: Undervisningsinspektør Erfaring: Hesby sokneråd. Leiar, Finnøy Kyrkjelege Fellesråd. Søndagsskulelærar. Arbeidsplasstillitsvald og hovudverneombud. Engasjement: Eg blir engasjert av å kunne vera noko for andre, å høyra til eit ope og inkluderande miljø der alle blir høyrde og av å vera med i team der utfordringar blir løyste gjennom samarbeid. Korleis styrka kyrkja? Eg ønskjer at gudstenesta skal vera ein møtestad for heile kyrkjelyden. Det må dessutan lagast fellesskap der menneske samlast utanom gudstenestene. Namn: Jon Aarsland Yrke: Terapeut og leiar Erfaring: Kyrkjelydskomité, Rundevoll, Egersund. Prest i Nord-Norge. Eigersund kommunestyre. Varamedlem, Fylkestinget i Rogaland og regional- og kulturutvalet i Rogaland fylkeskommune. Leiar i div. frivillige lag og foreiningar. Engasjement: Barn og ungdom som er trygge i si tru og medvitne om sitt samfunnsansvar. Diakonalt arbeid, bl.a. familievern og barnevern. Fordeling nasjonalt og internasjonalt. Arbeida for at fleire menn blir engasjerte i Kyrkja sitt barne- og ungdomsarbeid. Møte med menneske som strever skapar lyst til å hjelpa. Korleis styrka kyrkja? Kyrkja er ikkje staten sitt religionsvesen, og må vera kyrkje. Me må tørra å vera kyrkje, òg motstrøms. Vidareføra trusopplæringa. Konfirmantarbeid der foreldre blir trukke sterkare inn og med. Satsing på seniorarbeid. Alder: Alder: 57 år Sokn: 50 år Sokn: Hesby, Tungenes prosti Egersund, Dalane prosti Du finn meir informasjon om Kyrkjevalet og kandidatane på www.kyrkjevalet.no 13 ANNONSER OG KUNNGJERINGAR SOS-chat. Ny tjeneste ved Kirkens SOS i Rogaland Hjemmefra, men ikke alene Lundeneset VGS er en kristen privatskole i Ølensvåg. Vi tilbyr Studiespesialisering, Medier og kommunikasjon, Service og samferdsel og Påbygging til generell studiekompetanse. HOS OSS FÅR DU KUNNSKAP OG VENNER FOR LIVET! Internet er i dag blitt en sosial arena der mange, spesielt unge under 25 år, lever sine liv. Kirkens SOS ønsker å nå unge mennesker der de er og isteden for å snakke i telefonen, kan de ”snakke ” med oss ved å skrive. LES MER PÅ LVS.NO Vil du redde liv? Vil du redde liv? Som telefonvakt/chatter hos Kirkens kan du/chatter bidrahos SomSOS telefonvakt til at andre får det bedre, Kirkens SOS kan du bidra til atsom andre det bedre, samtidig dufårfår samtidig som du perspektiv på livet. får 5576 Øvre Vats Tlf. 52 76 73 10 perspektiv på livet. Vi søker kvinner og menn over 20 år som selv ikke er i en aktiv krise, harkvinner tid til åogbry segover og lyst å utvikle Vi søker menn 20 årtil som selv ikkeseg. er i en aktiv krise,for har tidfrivillige til å bry seg og lyst til å utvikle seg. Innføringskurs telefonvakter, Innføringskurs for frivillige og for deg som vil chatte, startertelefonvakter, i Stavanger og for deg som vil chatte, starter tirsdag 20.09.2010 i Stavanger 5576 Øvre Vats Tlf. 52 76 73 12 20.09.2010 Kurstid: dag tirsdag 10-13 eller kveld 19-22 Kurstid: dag SOS 10-13i Rogaland eller kveldpå19-22 Kontakt Kirkens tlf.: 51 88 45Kirkens 15, mobil 70 995 Kontakt SOS i971 Rogaland på e-post: [email protected] www.kirkens-sos.no OG SAMKOME GRAVSTEIN GRAVSTEIN Se vår Se vår store store utstilling, utstilling, ellerring ring eller og be om og katalog. be om Vikebygd Landhandel AS katalog. Vil du ha mer informasjon? Besøk http://lvs.no eller send LVS INFO til 2077 Vikebygd Landhandel AS Tlf 53 76 91 69 - Faks 53 76 91 01 E-post: [email protected] Tlf Se 76 91 69 - Faks 53 76 91 01 også vår hjemmeside: Se53også vår hjemmeside: E-post: [email protected] www.skattkjaer.no www.skattkjaer.no Skattkjær Skiferindustri Skiferindustri as Skattkjær as Prim 5576 Øvre Vats Tlf. 52 76 73 10 Årabrotsvn. 21, Kvala Ørpetveitsvn. 59 Tlf. 4290 90 tlf.52 52 70 70 42 5576 Øvre Vats Primærtjenesten Bjoa AS Rep. av jordbruksredskap og mek. verksted Åpningstider: Tlf. 52 76 73 10 ÅPNINGSTIDER: Mandag-fredag kl. 07.30-15.30 TLF. 53 76 97 61 Mobil: 905 42 342 - Fax 53 76 92 80 Mandag-fredag 07.30-15.30. Torsdag til kl. 18.kl. Lørdag stengt. Torsdag til kl. 18. Lørdag stengt 14 Gravmonumenter 5576 Øvre Vats Telefon: 52 76 73 12 Vi satser på høy kvalitet og hurtig levering. Re Mob Gr Vi satser Vår rep og s Konta FRÅ KYRKJEBOKA Ølen Døde: 12.05.2011Arna Kristine Heggen f.1914 22.05.2011Marthe Søndenå Lunde f.1938 12.06.2011Bergliot Eldholm. f. 1919 30.07.2011Erik Heggen f. 1917 08.08.2011Olav Reidar Hauge f. 1924 Døypte: 29.05.2011Mikkel Tvedt-Steinstø 12.06.2011Sofia Myhre Onarheim 12.06.2011Sebastian Søndenå-Maage 12.06.2011Magnus Aalmo Vigde: 18.06.2011Marianne Dalaker og Roger Miljeteig 09.07.2011Kristina Lodden og Nils Andre Flatebø 23.07.2011Annbjørg Naterstad og Andreas Våge Bjoa Døde: 15.05.2011Magnus Heggø f. 1922 25.07.2011Kari Helena Sørensen f. 1927 Vigde: 28.05.2011Cecilie Miljeteig og James David Mervyn Speed Vikebygd Døde: 16.05.2011Herborg Emelie Lie 03.06.2011Anders Alne 24.06.2011Kjell Hovda f. 1916 f. 1944 f. 1923 Døypte: 10.07.2011Sverre Steinar Bjerga Vigde: 30.07.2011Elin Sætre og Henning Flæte Andersen Skjold Døypte: 01.05. 22.05. 19.06. 31.07. Døde: 20.05. Christian Dahl-Saravia Ella Skjold Kvigne Sigrid Jæger Tveit (Døypt i Mo kirke) Dina Rødde, Bjørnar Svendsen Dåp: 05.06. 26.06. Døde: 22.07. 28.07. 30.07. Sigrid Hornenes Sørheim, Severine Tjelflaat Sørheim Viljar Matre Marie Reimers Einar Eide Jofrid Torstenbø f.1932 f.1942 f.1965 Imsland Ingeborg Haraldseid f.1921 Vats Døypte: 05.06. 19.06. 17.07. 07.08. Vigde: 11.06. 06.08. Døde: 29.06. Vikedal Vigde: 06.08. Døde: 05.07. Aina Tillung og Nils Petter Hustoft Marit Reikerås f.1930 Sandeid Ada Taletta Eidhammer Solvær Vilja Innvær, Sondre Helle Silvia Velde, Lucas Strand Jensen Levian Olai Bauge Anne Mai Jekteberg og Vegard Nordtveit Renate Nordtveit og Kristian Fosse Svein Nordtveit f.1926. Dåp: 12.06. Jenny Fludal, Alf Tore Rørheim 03.07. Anna Løhaugen, Vilde Holthe Owe, Nils Olai Stava Helgevold, Nikolai Langeland Nyheim 31.07. Johanna Håland Miljeteig Vigde: 16.07. Eileen Mattingsdal og Jonas Bergem Døde: 02.07. Anna Tvedt Tokheim f.1920 11.07. Borghild Vegge f.1917 25.07. Arne Ragnvald Vestbøf.1912 Møter OG KUNNGJERINGAR Vågen Bedehus September Søndag 4.9 Onsdag 7.9 Søndagsmøte kl. 19.30. Georg Kallevåg (krinssekr. i Den Indre Sjømannsmisjonen) talar og syng. Bønnemøte kl. 19.30 Gudsteneste i Ølen kl. 11.00 Søndag 11.9 Søndagskafé på bedehuset kl. 16.00 Onsdag 14.9 Bønnemøte kl. 19.30. Laurdag 17.9 Kyrkjetundag i Ølen frå kl. 11.00 Søndag 18.9 Gudsteneste i Ølen kl. 11.00 Søndag 18.9 Søndagsmøte kl. 19.30. Norsk Gideon blir med Onsdag 21.9 Bønnemøte kl. 19.30 Søndag 25.9 Gudsteneste i Ølen kl. 19.00. Norsk Misjonsselskap Onsdag 28.9 Basar kl. 19.30. “Enig og tro” kvinneforening (NLM) Bibelhelg. Møte kl. 19.30. Øystein Persson talar. Astrid Fredag 30.9 Persson syng. Oktober Laurdag 1.10 Søndag 2.10 Onsdag 5.10 Søndag 9.10 Onsdag 12.10 Søndag 16.10 Onsd. 19.sønd. 23. Laurdag 22.10 Vikebygd bedehus Sept. Torsd. 8.9 kl 19:30 Torsd. 8.9 kl 11:00 Torsd. 10.9 kl 15:30 Torsd. 24.9 kl 15:30 Torsd. 25.9 kl 19:30 Tysd. 20.9 kl 19:00 Okt. Fred. 7.10 kl 19:00 Torsd. 8.10 kl 15:30 Torsd. 13.10 kl 11:00 Torsd. 13.10 kl 19:30 Torsd. 22.10 kl 15:30 Torsd. 27.10 kl 19:30 Øvre Vats Bedehus Orientmisjonen, v. Ivan Vik TrippTrapp (0-6 år) Laurdagsklubben (4-12 år) Laurdagsklubben (4-12 år) Gideon , v. Josef Nilsen Fellesmøte Bjoa +Vik. Vikebygd . Kveldsmat. Basar, Normisjon Laurdagsklubben (4-12 år) TrippTrapp (0-6 år) Indremisj. Aksel Ingvard Johannesen Laurdagsklubben (4-12 år) Gladsong. Kaffikos Basar til inntekt for huset torsdag 8. september kl. 19.00 Det blir andakt av Lina Fisk Eide, og solosang av Lill-Inger Velde. Me er takksame for gåver. Det er nyleg instrallert høgtalaranlegg, så nå er me spente på korleis det fungerer i ein fullsett sal. Kom og høyr. Styret Bibelhelg. Møte kl. 19.30. Astrid og Øystein Persson. Bibelhelg. Møte kl. 11.00. Astrid og Øystein Persson. Bønnemøte kl. 19.30 Gudsteneste i Ølen kl. 11.00. (Haustferie) Bønnemøte kl. 19.30 Søndagskafé kl. 16.00 Fest for Skjoldabuen Det vert fest i Skjold kyrkje fredag den 16.sept kl.19.30. Kåseri ved Arne Nordbø • Varm og kald mat • Inngangspenger kr 100. Hjarteleg velkommen! arr: Skjold sokneråd Møteveke. Stein Sandvik (NLM) taler. Møte kl. 19.00. Samling i Skjold kirke tirsd. 18. okt. kl. 19. Torolf Norbø Generasjonssamling NLM kl. 18.00. 15 ”Han innante”. Møte blir ope for alle. Arr. trusutvalget i Vats, Skjold og Vikebygd. VELKOMEN TIL GUDSTENESTE Gudstenestesundag Vikedal prestegjeld Skjold prestegjeld Ølen prestegjeld 4. september 12.s.e.pinse Luk 18,9-14 Imsland kl.11. 00 Høgmesse Dåp, Nattverd Konfirmantpresentasjon Takkoffer:Konf. arbeidet Vats kl. 11.00 Generasjonsgudsteneste Nattverd Konfirmantpresentasjon Takkoffer: NMS Bjoa kl. 16.00 Familiegudsteneste. 4-årsbok. Konfirmantpresentasjon. Takkoffer: Kyrkjelyden 11. september 13.s.e.pinse Mark 7,31-37 Sandeid kl. 16. 00 Familiegudst. Takkoffer: NMS Skjold kl.11.00 Familiegudsteneste Hausttakkefest 4-års bok Takkoffer: Sambolabo Ølen kl. 11.00 Konfirmantpresentasjon. Takkoffer:kyrkjelyden. Dåp Vikebygd kl. 17.00 Konfirmantpresentasjon. Takkoffer. Truleg vert gudstenesta i Skjold kyrkje. 18. september 14.s.e.pinse Luk 10, 25-37 Vikedal kl. 11. 00 Familiegudsteneste, Motorbanen Takkoffer. Ungdomsklubben. Konfirmantane møter. Vats kl. 17.00 Familiegudsteneste Hausttakkefest 4-års bok Takkoffer: Sambolabo Ølen kl. 11.00 Kyrkjetundagar. Nattverd. Takkoffer:Kyrkjetunet. 25. september 15.s.e.pinse Luk 17,11-19 Imsland kl. 11.00 Jubileumsgudsteneste Biskop Erling Pettersen. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. Nattverd. Skjold kl. 17.00 G-17 gudsteneste Nattverd, Søndagsskule Kveldsmat Takkoffer: NMS Ølen kl. 19.00 Misjonsgudsteneste. Nattverd Takkoffer: NMS 2. oktober 16.s.e.pinse Matt 6,24-34 Sandeid kl. 11. 00 Høgmesse 50-års konfirmantane Konfirmantpresentasjon Dåp, Nattverd Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet Vats kl. 17.00 Generasjonsgudsteneste Nattverd Offer: KIA Bjoa kl. 11.00 Misjonsgudsteneste. Nattverd. Takkoffer: NMS 9. oktober 17.s.e.pinse Joh 11,17-27 og 37-44 Vikedal kl. 16. 00 Forenkla høgmesse Hausttakkefest Takkoffer: Landsbyutvikling, Madagaskar. Skjold kl. 11. 00 50- års konfirmantane Nattverd Offer: Sjømannskirken Ølen kl. 11.00. Nattverd. Takkoffer:Kyrkjelyden 16. oktober 18. s.e.pinse Mark 2,18-28 Imsland kl. 16. 00 Familiegudsteneste Hausttakkefest Takkoffer. Landsbyutvikling, Madagaskar. Vats kl. 11.00 50-års konfirmantane Nattverd Offer: Normisjon Vikebygd kl. 11.00 Nattverd. Takkoffer 23. oktober 19.s.e.pinse Sal 73,23-28 Sandeid kl. 11. 00 Familiegudsteneste Hausttakkefest Takkoffer: Sambolambo. Utdeling Mi Kyrkjebok Skjold kl.17.00 G-17 Gudsteneste Nattverd, Søndagsskule Kveldsmat Takkoffer: Kirkens SOS Ølen kl. 11.00 Familiegudsteneste. Utdeling 4.årsbok. Takkoffer: Bibelselskapet Takk til alle som har sendt inn stoff og bilder. Denne gongen vart det meir enn vi kunne få plass til, men du kan sjå fleire av bileta på internett: www.hyrdingen.no Neste nr. av Hyrdingen kjem ut 20. okt. Stoff kan sendast til: Hyrdingen, postboks 6, 5574 Skjold. E-post: [email protected] Frist for innlevering av stoff: 1. okt. “Lat oss ikkje halda oss borte når kyrkjelyden vår samlast” (Hebr. 10,25) www. h y rd in g e n . n o 16
© Copyright 2024