Kyrkjenytt nr 2 - Voss kyrkjelege fellesråd

for Vossabygdene
Nye T-dagar
T10 på Vossestrand og T3 og
T4 i Vangskyrkja. Kjekke
dagar med stor aktivitet og
artige opplevingar. Les meir
og sjå bilete på side 4-5.
«Dette er noko me vaksne og
vil vera med på», seier fleire
av foreldra som var saman
med borna.
Nr 2 - 2013, 72. årg.
Barn i møte med
døden
Mannskapsskifte i
Vangskyrkja
Kva seier vi til eit barn som
lurer på kva som skjer når
vi dør? Vi har fått trykkja
Ingebrigt Steen-Jensen sine
refleksjonar over dette temaet
– eit stykke han skreiv for
Vårt Land for 5 år sidan. Les
stykket på side 6.
Olav Trå har slutta som
kyrkjetenar i Vangskyrkja.
Vi har snakka med Olav
om korleis han har sett på
tenesta si, side 7.
Thomas Velsvik har overteke
som kyrkjetenar. På side 8
kan vi lesa om hans tankar
omkring denne tenesta.
Kyrkjeverje Hans Soldal
e-post: [email protected]
Ass. kyrkjeverje Åslaug Styve Mjånes
e-post: [email protected]
Sekretær Idunn Holen
e-post: [email protected]
Sekretær Lene K.P.W. Brunborg epost: [email protected]
Trusopplæringsmedarbeidar Tone Brekke
e-post: [email protected]
Kateket Rønnaug Eng Skjeldal
e-post: [email protected]
Ungdomsdiakon Sigrid Djukastein Mala
e-post: [email protected]
Kantor Magnus Kløften
e-post: [email protected]
Organist Frode Vik
Organist Ellen Marie Selland Geithung
Kyrkjetenar, (Voss) Thomas Velsvik
Kyrkjetenar (Evan./Bolst.) Arne Mosefinn
Kyrkjetenar (Vossestrand) Johannes Løen
Gravar Vidar Bryn
2
Kyrkjelyden si besøksteneste på Voss.
977 74 489
404 40 460
474 62 435
474 62 435
952 62 026
952 62 025
478 49 134
404 40 461
952 62 084
980 64 594
414 75 383
915 98 410
414 68 733
996 00 940
Prestetenesta:
Sokneprestkontoret på Voss
56 51 96 68
Uttrågata 5, kontortid mån-fre 9-11,
tys. 10-11) eller etter avtale
Sokneprestkontoret på Vossestrand
Oppheimstunet 76
56 52 24 73
Prost i Hardanger og Voss Arild Hellesøy
906 99 533
[email protected]
Sokneprest Voss/Evanger Ivar Molde
993 53 145
e-post: [email protected]
Sokneprest Oppheim/Vinje John Ove Thaule
e-post: [email protected]
952 62 085
Kapellan Kjersti Brakestad Boge
952 62 022
e-post: [email protected]
Prostiprest i Hardanger/Voss Magnar Haaland
e-post: [email protected]
415 46 366
Soknerådsleiarar
Evanger, Anny Karin Forthun
Voss, Britt Trefall Hernes
Raundalen, Nanna Nordahl
Oppheim, Leif Inge Hauge
Vinje, Aud Walaker Hutchinson
481 36 520
905 89 500
917 58 826
959 10 536
907 54 840
Feil kontonummer
På giroinnlegget i førre utgåve av
Kyrkjenytt vart det diverre trykt feil
kontonummer på sjølve giro-delen. Rett
kontonummer skal vere 3480.30.56775.
Me seier oss leie for feilen, og dei
ulemper det har medført for gjevarane!
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
• Er ein fast person som kjem heim
til deg etter avtale.
• Ein person som har tid, og som du
kan snakka med.
• Tenesta er retta til menneske som
bur heime.
• Fos enkeltpersonar, heimar, unge
og eldre, kronisk sjuke eller funksjonshemma.
Er dette noko du kan ha gleda av, eller kjenner du nokon det
kan vera aktuelt for?
Eller er du ein mogeleg besøksven? Oppfordringa er no:
Har du litt tid til overs?- del den med andre!
Ta kontakt med Voss kyrkjekontor tlf.56 52 38 80.
Me vil hjelpa så langt me har kapasitet.
Kyrkjenytt
Framsida: Frå
Vangskyrkja
Foto: Arne Mosefinn
(Vi tek gjerne imot gode
framsidemotiv frå andre.)
Brit Furre, Aud Wallaker
Hutchingson, John Ove
Thaule og Arne Mosefinn
(red.)
Av Aud Walaker Hutchinson
«Frå palmesøndag til påskedag
vart det rulla ut eit drama som
gjorde at verda aldri vart den
same. Påsken gjev framleis
mennesket over heile jorda mot til
å tru, kraft til å handle og håp for
verda.
Kyrkja si viktigaste høgtid
viser forsoningas veg til liv,
fellesskap og gleda. Døden
er ikkje det siste»
Sitat Helga Byfuglien
Det starta med
Palmesøndag der born og
vaksne, sjuke og friske,
jubla fordi dei skjønte
at Jesus var Messias.
Skjærtorsdag viste han sine
vener sitt tenarsinn då han
vaska deira føter og gav dei
et nytt bod: De skal elska
kvarandre. Nattverden vart
innstifta den kvelden.
Langfredag vart han
overlatt til svik, forakt og
djupaste einsemd. Han gav
sine anklagarar rett, for han tok
på seg alle menneske si skuld og
sitt svik. Forsoningas mysterium
er ikkje til å fatte, men er blitt
ståande som vitnesbyrdet om
kjærleiken som er sterkare enn hat
og hevn. Langfredag er ei stadig
utfordring til et liv i forsoning.
Vendepunktet er påskemorgon.
To kvinner var dei første
evangelistar. Kvinner som knapt
var til å stole på i ei rettsak – dei
fekk oppdraget: «Skund dykk å
fortelja det de har opplevd. Grava
er tom»
«Deira løp som har nådd oss.
Kirka vart eit levande fellesskap
og har vore det inntil denne dag.
Derfor vågar me å tru på at livet
ikkje er forgjengeleg, men har
evigheten over seg»
“Kjenn etter, sjå deg ikring, rundt
deg så mange som går og virrar i
ring.
Vel dine vegar slik du tenkjer og
føler, få din styrke så lik ei løva
som brøler.
For svaret det ligg der så nært,
om du vågar, så vel å ta imot og
kjenn på den styrken du ber på og
kjenn på den som ei gåva, og bruk
den gåva for det den er verdt.
For dagen i dag kjem ikkje igjen.
Ei heller dine draumar.
Men gode tankar og lengsel i
draumar, kan inspirere til håp
og til gleda. Då fyrst kan ein
kjenna på gleda, den ekta, frå ditt
innerste inn, heilt inn i hjarta for
å visa at du kan:
«Å elska livet, å sjå alt det vakre
rundt deg»
«Å lære å tilgi, gjev ein ny styrke
og åpnar opp for gleda»
«Å framsnakka heller enn å
baksnakka»
« Å lære seg å elska og å bli
elska»
God påske! Nyt dagane slik du
ynskjer for deg sjølv!
Av Tone Brekke
Kyrkjelege Fellesråd
saman med Evanger, Voss,
Raundalen, Oppheim og
Vinje sokneråd.
Redaksjonsnemnd:
MINE TANKAR OM
Takk for korset!
Utgjeve av: Voss
Besøksadresse:
Magasinvegen 35,
Tvildemoen
Postadresse Pb. 562,
5703 Voss
E-post: kyrkjebladet@
voss.kyrkja.no
Kontonr: 3480.30.56775
Telefon (red.) 915 98 410
Påska er livets fest!
Grafisk utforming:
Åslaug Styve Mjånes
Trykk: v/ Voss Prenteverk
Opplag: 6000 eksemplar
Neste nummer kjem ut
i veke 18
Frist for innlevering
av materiale til
redaksjonen: 16. april
2013.
No går me inn i påsken og me er
nok mange som ser fram til rolige
dagar og ferie. Men det er og ei
tid for ettertanke - for å bli minna
nok ein gong om kva Jesus gjekk
gjennom for vår skuld. Det kan
vera til velsigning å fylja Jesus
gjennom påsken. Frå palmesundag
der Han vart hylla på veg inn
i Jerusalem, nattverdsmåltidet på skirtorsdag,
lidinga på langfredag,
korsfestelsen, til påskedag
då Han sto opp frå dei døde.
Jesaja 53,5: Men han vart
såra for våre brot,knust for
våre synder.Straffa låg på
han, vi fekk fred,ved hans
sår vart vi lækte.
Andakten
Kyrkjekontoret,
Kontortid: mån-fre kl 9 - 15
Magasinvegen 35, pb 562, 5703 Voss
Telefon 56 52 38 80, Fax: 56 52 38 81
www.voss.kyrkja.no, [email protected]
kto.nr. 3480.16.45293
Mine tankar om...
KYRKJA I VOSS
Og Jesus inviterer oss alle til å
fylgja Han. Det som vert sagt
mellom Jesus og forbrytarane då
dei hang på korset er ein tekst som
betyr veldig mykje for meg.
Lukas 23. 39-43: Den eine av
forbrytarane som hang der, spotta
han og sa: «Er ikkje du Messias?
Frels deg sjølv og oss!» Men den
andre tala han til rette og sa:
«Har du ikkje ærefrykt for Gud,
endå du er under same dommen?
For oss er dommen rettferdig, vi
får berre att for det vi har gjort.
Men han har ikkje gjort noko
urett.» Og han sa: «Jesus, kom
meg i hug når du kjem til ditt
rike!» Jesus svara: «Sanneleg, eg
seier deg: I dag skal du vera med
meg i paradis.»
Takk at du tok mine byrder!
Takk at du tok mine byrder,
eit høgfjell av synd og av skam.
Du bar det på skuldrane dine,
du skuldlause sonofferlam
Takk at du bar mine synder,
betalte mi skyhøge skuld,
med blod frå ditt fullkomne hjarta
og ikkje med sylv eller gull.
So vil ved korset eg stranda,
Med undring eg ser: Eg er fri!
Eg skal ikkje døy, eg skal leva
Med Jesus til æveleg tid.
(Salme nr 91 i salme 97)
Ei velsigna god påske!
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
3
T-dagar
SIDAN SIST
T3 og T4 i Vangskyrkja
Av Tone Brekke
Born fødd 2. halvår 2009 (sidan
det ikkje vart T3 i haust) og
1.halvår 2010 var invitert saman
med ein vaksen til å vera med på
undretur i Vangskyrkja laurdag
2.mars. Her fekk dei fortalt
om dåpen, lærte nye songar,
dei gjekk rundt i kyrkja og såg
på det store huset, og dei fekk
høyra lyd frå orgelet, til slutt
vart bibelfortellinga om Jesus og
borna fortalt medan dei koste seg
med druer.
med stor oppslutnad
Av John Ove Thaule
På Vossestrand har ein allereie
før me tok til med T-dagane,
hatt eit tilbod for 10åringane. I
samband med Bibeldagen har
ein delt ut Det nye testamentet.
Dette går no inn som T10, og
har hatt stor oppslutnad. Ja, 90%
av dei inviterte har møtt!
Dei siste to åra har 10åringane
fått ei ny spesialutgåve av
Bibelen for unge kalla «Bibelen
–Ei vandring gjennom den
store forteljinga». Her er utvald
dei viktigaste forteljingane
frå både Det gamle og Det
8 stolte 10åringar i Vinje kyrkje 10.februar. Sundagen før var det utdeling i Oppheim kyrkje.
nye testamenetet. Ikkje som
Foto: Olaug Bratthole.
bibelstoffet lettare tilgjengeleg for dei yngre, og er
attforteljingar, men med den
ein ressurs for livet der kvar av oss etter Guds tanke
vanlege bibelteksten etter den siste oversetjinga.
er ein liten bit av «-den store forteljinga».
Bibelutgåva har dessutan både illustrasjonar og
hjelpeartiklar. Ei vakker bibelbok som vonleg gjer
4
5
Over t.v.:Slik er det me døyper borna!
Over t.h.: Stemning ved lysgloben
Under t.v.: På orgelkrakken saman med Stine Hansen
Under t.h.: Spanande å gå ned troppa frå galleriet til koret!
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
Mini/Midi-Sing inviterte 4-åringane (fødd 1. halvår
2009) til ei samling torsdag 28. februar. Her vart det
song, dei fekk høyra bibelfortellinga om da Jesus
metta 5000 og me koste oss med bollar og gelèfisk.
Sundag 3. mars kom dei tilbake til kyrkja for å få
barnebibelen.
T.v.:«… og havet så stort» Mini/MidiSing med Min båt er så liten.
T.h.: «Eg er trygg hjå deg»
Over.: Heile flokken samla inne i koret i Vangskyrkja.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
TEMA
SIDAN SIST
Barn i møte med døden
Hva sier pappa når lille Rakel, på snart 4 år,
lurer på hva som skjer når vi dør?
Av Ingebrigt Steen-Jensen
Jeg mener at jeg ikke tror på
Gud. Ikke på ordentlig, sånn som
skikkelig troende mennesker gjør.
Agnostiker, ateist, søkende,
tvilende – noe sånt noe er vel
meg, vil jeg tro. Selv om det
hjelper å holde seg unna kirken.
Jo lenger mellom hvert besøk, jo
sterkere blir dragningen mot noe
større enn det jordiske.
6
Men nå er altså Rakel kommet
i den eksistensielle
alderen. Nå er tiden
kommet for de store
spørsmål, for undring
og underlige teorier. Og
siden lillesøster Lily på to
og et halvt ligger tett på
hekkbølgen til sitt snart
fireårige ideal, forsterkes
opplevelsen av at pappa
må snakke sannferdig,
men også barmhjertig om
de aller største tingene i livet.
Mye ble utløst av Pippi
Langstrømpe. Hennes mamma
er jo død, mens pappaen er lys
levende negerkonge – selv om
NRK i vår politisk korrekte
tid har byttet tittel på Efraim
Langstrømpe til «sydhavskonge».
Sukk. Men mamma Langstrømpe
er i hvert fall død, og det reiser
fundamentale spørsmål. Særlig
siden bestefar er gammel, og
barnebarnet ser for seg at han
snart skal slutte seg til Pippis
mamma der hun måtte befinne
seg. Men hvor befinner mamma
Langstrømpe seg?
Der jeg ligger, ved siden av Rakel
i sengen og skal nynne henne i
søvn, blir jeg konfrontert med
alt dette. Hvorfor er mammaen
til Pippi død? Døde Tornerose
da hun stakk seg i fingeren? Er
Askepotts mamma og pappa
døde siden hun må være hos den
slemme stemoren? Skal bestefar
snart dø? Hvor er han da?
Den tvilende agnostiker på
54 år vrir seg ubekvemt i
barnesengen. Først håper jeg å
skyve barnehagen foran meg. Har
dere snakket om Gud og Jesus og
Himmelen i barnehagen, Rakel?
Foto: VG
Det har de ikke. Jeg tenker at de
kanskje burde, egentlig, tross alle
pålegg om livssynsnøytralitet.
Hva skjer når vi dør? Kommer vi
til himmelen, sammen med Gud
og Jesus og mammaen til Pippi?
Blir vi engler? Blir vi muld?
Eller som Hamsun skrev det, hvit
spirea?
For en fireåring med smokk og
pysj og store gåter å tumle med,
holder det ikke å si at «ingen
vet hva som skjer». Eller at
pappa tviler. Pappaer tviler ikke.
Pappaer vet. Pappaer kan gi
barnet sitt noe trygt å holde seg
i, en varm seng av svar som gjør
at hun kan drømme om geitene
på Ulsåkstølen og ikke om
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
Det er nokre gonger at ein
avisartikkel vert hugsa lenge
etterpå. Artikkelen nedanfor
stod på trykk i spalta «Menn om
mangt» i avisa Vårt Land for
snart fem år sidan, men er like
utfordrande og aktuell i dag. Det
er det tidlause spørsmålet me
som foreldre og besteforeldre står
overfor, og som påska me no skal
feira, hjelper oss å gje svar på.
Artikkelen er attgjeven med løyve
frå forfattaren.
John Ove Thaule
kannibaler som spiser hodet til
Pippis mamma.
Jeg vurderer alternativene. Når
noen dør, er det ingenting etterpå,
Rakel. Etter at vi er døde, blir
vi til jord eller aske, lille
venn. Da sover vi for
alltid. Da blir vi et lite frø
som kommer ut av en ny
mammas mage, gullungen
min. Jeg tenker at Rakel
ikke vil at det skal være
ingenting, og i hvert fall
ikke aske eller jord. Jeg
vet at hun heller vil være
våken enn å sove, selv
om det bare er én natt det
handler om. Og at hun i hvert
fall ikke vil komme ut av en ny
mage og få en annen mamma.
Så jeg lar det fare. Når vi dør
kommer vi til Himmelen, Rakel,
sier jeg. Der er det trygt og godt
å være.
Der sitter mammaen til Pippi
og ser ned på henne og passer
på henne, så hun får plaster på
kneet hvis hun slår seg. Og når
barnet mitt spør om det er monstre
i himmelen, stryker jeg henne
over håret og sier med alt jeg kan
mobilisere av faderlig trygghet:
Nei, det finnes ikke monstre i
himmelen. Ikke kannibaler og
ikke dinosaurer. Der finnes Gud
og Jesus, som er de snilleste av
alle.
Avskil med Olav Trå
Av Arne Mosefinn
«Det har vore kjekt heile tida.» Slik
oppsummerer Olav Trå arbeidet sitt som
kyrkjetenar i Vangskyrkja. Han vart sett
ekstra stas på i kyrkja sundag 17. februar
då fellesrådsleiar og soknerådsleiar takka
han for innsatsen han har gjort heilt frå
han byrja i 1996.
I ein samtale etter tildelinga av gåva fortel han
litt frå arbeidet sitt. «Eg har opplevd eit godt
samarbeid med – og samhald i – staben, med
kyrkjeverje, sokneråd og kyrkjelyd. Eg er
spesielt imponert over kreativiteten til damene
i staben. Her har det kome mange spreke stunt.
Nokre av dei har eg vorte involvert i, som
kyrkjerotte, bortkomen sau m.m. Eg har og fått
god kontakt med kyrkjemusikarane.»
«Ein del av arbeidet mitt har vore guiding
i kyrkja. Det har vore positivt å møta nye
menneske – og eg trur dei har vorte fornøgde.
Også folk frå bygda her har sett pris på å få meir
kjennskap til Vangskyrkja.»
Olav er utdanna bygningssnikkar, og dette har
han fått utvikla vidare i arbeidet sitt. Han har
hjelpt til med bygging av stativ til klokkene på
Evanger, skifta glasruter og takstein, laga podium
til kyrkjespel for å nemna noko. «Det har ofte
vore vanskeleg å finna gode løysingar med alle
vernetiltaka som gjeld for Vangskyrkja,» seier
han.
«Men det har vore
eit greitt arbeid. Det
har vore hektiske
periodar med kvelds- og
helgearbeid, men også
rolegare tider då eg har
kunna disponera tida
mi meir fritt. Men eg
saknar staben og arbeidet
i kyrkjelyden.»
7
Olav viser stolt fram det nakne altaret i Vangskyrkja.
Hildibjørg og Olav Trå
får gåver frå soknerådet
v/Brit Hernes og
fellesrådet v/Agnar Afdal
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
AKTUELT
NOTISAR
Ny kyrkjetenar i Vangskyrkja
Kjære medlem/prosjektmedlem/tidlegare
medlem av VOK og andre interesserte.
Av Brit Furre
Gudstenesta er slutt, og eg
speidar etter Thomas, men
han er ikkje lett å få auga på i
mylderet av barnefamiliar og
gamle damer, som vil avstad
å få seg kyrkjekaffi, saft og
bollar. Eg spør meg fram,
og plutseleg dukkar han
opp, men er borte att i same
stunda. Det sviv meg at den
karen har det travelt…..
8
Kven er det eg snakkar om? Jau,
det er den nye kyrkjetenaren i
Vangskyrkja, Thomas Velsvik, ein
ung mann midt i trettiåra. For å
vera heilt nøyaktig så har han vore
her på jobb her sidan 1. februar.
-Kva var det som fekk deg til å
søkje denne jobben?
-Eg var motivert. Det er tydeleg at
han meiner det han seier.
- Eg såg lysinga, og eg er vaksen
opp med kyrkja og Vonheim,
og eg trudde at denne jobben
ville passa meg. Den utsendte
medarbeidaren i «bladet», anar at
arbeidet som kyrkjetenar ikkje er
nokon vanleg 9-4 jobb, og undrar
vidare korleis det passar for ein
småbarnsfar å ha helgearbeid? Eg
får vita at han har fri tredjekvar
søndag, og at han synst at han
har mykje att av søndagen når
han kjem heim frå jobb, så dette
er så absolutt ein familievenleg
jobb. Han har til og med tid til å
henta frå SFO. Men det er travelt i
periodar!
Thomas har bakgrunn frå
Vonheim, der han har vore med
på det meste. Han nemner mellom
anna at Vosskar, som var ein
guteklubb, var kjekt. Han har og
lang fartstid i Refleks, der han har
vore med på det meste. Mellom
anna har han vore lydteknikar
Evanger Musikklag
og VOK inviterer
til konsert i
Vangskyrkja
Onsdag 24. april kl. 1930
får me høyra fengjande
brasstonar i Vangskyrkja!
Voss og omland kantori
har invitert Evanger
Musikklag med på ein
felles konsert, og me gler
oss til samarbeid og gode
musikalske opplevingar.
Thomas Velsvik er ny som kyrkjetenar i
Vangskyrkja
for koret. Me skjønar at her har
vi med ein allsidig mann å gjera.
Han fortel at kyrkjetenarjobben
liknar litt på ein vaktmeisterjobb,
og som alle vaktmeistrar er han
stolt over huset han har ansvar for.
Vangskyrkja er vakker. Dersom
han skal trekkja fram detaljar, vil
han visa til korleis alteret no vert
synleg i faste tida, der det står
nake, og steinen vert openberra.
-Korleis har du vorete motteken
i mellom dei andre som arbeider
her i huset? Han nemner
stabsmøta som kjekke, og han
synst at han har vorte godt
motteken mellom alle som
arbeider i kyrkja, og han ser for
seg at dette kan vera ein jobb han
kan ha lenge. Den utsendte må
i all hast takka for samtalen, for
det er nye plikter som kallar! Me
ønsker lukke til, og håpar at han
får mange interessante og gode
dagar på jobb!
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
No er me i gang med ein ny sesong i eit nytt år. VOK har
fleire spennande prosjekt for vårsesongen, m.a. konsert i mars
med Bodil Arnesen, jazzmesse under Vossajazz, konsert med
Evanger Musikklag i april, og Vossakyrkjemessa i mai med
Henning Sommero og Edvard Hoem som gjestande aktørar.
Me ynskjer oss fleire songarar!
Blir du med? Eller veit du om andre som har lyst til å syngja,
men ikkje torer koma, så tips dei!
Me øver kvar tysdag i Vangskyrkja frå kl. 1800-2030.
Kontakt Magnus Kløften, tlf. 404 40 461 eller Ingrid W.
Vethe, tlf. 908 90 565, eller andre som du kanskje kjenner i
koret.
Voss og Omland Kantori
I tillegg er Mari Bryn
songsolist med VOK,
medan Evanger Musikklag
stiller med eigne solistar.
Det er duka for ein
innhaldsrik konsert med
mange høgdepunkt! Me
seier vel møtt til alle med
interesse for god song og
korpsmusikk! Det vert
billettsal ved inngangen.
Arrangør er VOK/Evanger
Musikklag.
Magnus Kløften, kantor
MISJONSSTEMNE OG ÅRSMØTE I
STRANDEBARM SUNDAG 14. APRIL
Gudsteneste i Strandebarm kyrkje kl. 11.00 ved sokneprest
Vegar Emil Hansen. Preik ved prost Arne Øystese.
Middag på Strandebarm kyrkjelydshus kl. 13.00,
kr. 250,Årsmøte: Vanlege årsmøtesaker.
Informasjon om strategi-arbeidet og om GF i Oslo ved
regionleiar Grethe Lunde.
Misjonsfest i Strandebarm kyrkjelydshus kl. 15.30.
Andakt ved Vidar Grindheim. Informasjon om Misjon i
Midtausten ved Grethe Lunde
Program ved lokale krefter, matøkt, helsingar.
Misjonsoffer. Sal av Gjenbruksljos.
Påmelding til Regionkontoret, NMS tlf. 55 54 68 68
tysdag til torsdag kl. 10- 14.
Lokalt til Tone, tlf. 53 66 39 31 el. 456 86 368 eller til
Annbjørg, tlf. 975 96 121
innan onsdag 10.april.
Alle er hjarteleg velkomne!
Hardanger og Voss område av
Det Norske Misjonsselskap
Trusopplæringsmidlar
Hardanger og Voss prosti har fått
melding om at dei vert «innfasa» i
den kontinuerlege ordninga, og at
alle fellesråda no får tildelt midlar
til trusopplæring. 24. januar vart det
halde eit møte på Voss for kyrkjeverjer
og fellesrådsleiarar i prostiet, for
å drøfta korleis ein skulle fordela
midlane, og korleis ein elles kunne
samarbeida. Frå bispedømekontoret
møtte undervisningsrådgjevar Kristin
Lødøen Hope og økonomiansvarleg
Solfrid Rong for å orientera og svara
på spørsmål.
Utgangspunktet for tildelinga er at
kvart fellesråd (kommune) får tildelt
kr. 338,- pr. døypt barn mellom 0-18
år. Samla får prostiet om lag 2,4
mill. Men denne fordelinga kan
endrast utifrå fleire kriterier, så som
om kommunen er eit skulesenter, om
fellesrådet får tildelt statlege midlar
til kateket eller diakon, eller andre
«rettferdsomsyn».
Ein kommune med få born, vil i
utgangspunktet få lite midlar, men ved
å samarbeida med andre, kan det bli
nok til å tilsetja ein person som kan
arbeida ut tiltak. Ei høveleg «eining»
bør ha 50-100 born pr. årskull.
Prostiet skal levera inn sine framlegg
til til fordeling til bispedømmet, som
så tek avgjerd i mai. Utbetaling av
midlar (8/10 av årsbeløpet) vil så
koma i august.
BORN OG UNGE I DEN NORSKE KYRKJA
VOSS
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
9
Kyrkjelege handlingar
LEDIG ANNONSEPLASS.
- satsar på Vestlandet
TA KONTAKT FOR Å
FÅ DI ANNONSE I
KYRKJENYTT
DØYPTE:
DØDE:
Voss gutar:
03.02: Even Kolskår Gjelstein
Iver Kolskår Gjelstein
24.02: Sjur Tillung Almeland
Vegard Hovland
Aksel Hovda
Leander Flæte Langberg
Voss menn:
05.02: Harry Claussen f. 1944
08.02: Nils Arne Hereid f. 1935
26.02: Lars Een f. 1921
Voss jenter:
02.02: Amalie Mølster
24.02: Thale Bøe Bryn
Mia Hosås
Benedikte Midthun
Hermine Stephansen Liland
Elena Reigstad Stephansen
Evanger:
17.02: Tomine Tufte Tesdal
Vinje:
03.03: Edith Selheim
10
Voss kvinner:
28.01: Helga Tvilde f. 1919
29.01: Astrid Knapstad f. 1925
30.01: Olina Seim f. 1918
14.02: Kjellaug Gunnvor Brattenborg f. 1940
15.02: Ragnhild Vestrheim f. 1934
16.02: Sigrun Møen f. 1926
18.02: Synneva Krogh f. 1920
19.02: Lillian Kinne f. 1920
Evanger:
15.02: Brita Aldal f. 1931 (grl. Bolstadøyri)
23.02: Brita Fadnes f. 1918
Retting frå førre nummer:
Døde, Voss: 05.01: Gudveig Torget
VIGDE:
Korleis har du det…
EIGENTLEG?
Krisetelefon 815 33 300
SOS-Melding: www.kirkens-sos.no
EIT MENNESKE Å SNAKKE MED
NÅR LIVET ER SOM VERST
Voss:
02.02: Iselin Stellberg og Thomas Øvreseth
23.02: Rossnely Santiago Martinez og Einar
Solheim (forbøn)
Vinje:
16.02: Randi Hommedal og Morten Helgaset
Anette Gebhardt og Andreas Mortensen
Selskap i konsernet
HMV Voss AS
ALT I FØRARKORT
www.hagatrafikk.no
9100 3101
[email protected]
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 1/13
11
DET HENDER
Gudstenesteliste:
Vangskyrkja:
24.03. kl. 1100 Jazzmesse v/Hellesøy. VOK m.fl.
Nattverd. Offer til Sjømannskyrkja.
28.03. kl. 1930 Nattverdsgudsteneste v/Molde.
Offer til Kirkens Nødhjelp.
29.03. kl. 1100 Pasjonsguddsteneste v/Hellesøy.
31.03. kl. 1100 Høgtidsgudsteneste v/Thaule. Dåp.
Offer til Misjonsselskapet.
07.04. kl. 1100 Påskefestgudsteneste v/Hellesøy,
Skjeldal og T7. Dåp.
Offer til trusopplæringa. Kyrkjekaffi.
14.04. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Dåp.
Offer til Sundagsskulen, Bergen krins.
21.04. kl. 1100 Høgmesse v/Boge. Nattverd.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
28.04. kl. 1100 Høgmesse v/Hellesøy. Dåp.
Nattverd. Offer til Blå Kors.
Evanger kyrkje:
28.03. kl. 1930 Nattverdsgudsteneste v/Melve.
Offer til Kirkens Nødhjelp.
01.04. kl. 1100 Høgtidsgudsteneste v/Molde.
Offer til Misjonssambandet.
28.04. kl. 1600 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til Samemisjonen.
Bolstadøyri kapell:
07.04. Høgmesse v/Molde. Dåp. Nattverd.
Offer til Misjonsselskapet.
Raundalen kyrkje:
24.03. kl. 1100 Familiegudsteneste v/Boge.
Sundagsskulen. Offer til Acta.
21.04. kl. 1100 Høgmesse v/Molde. Nattverd.
Offer til Misjonsselskapet.
Brekkestølen:
29.03. kl. 1200 Påskeandakt v/Molde.
Mjølfjell kapell:
31.03. kl. 1000 Høgtidsgudsteneste v/Hellesøy.
Offer til KFUK/M.
Hamlagrø bedehus:
31.03. kl. 1100 Påskegudsteneste v/Melve.
Kyrkjenytt for Vossabygdene, nr 2/13
C-BLAD
Fulldistribusjon
Kyrkjenytt for
Vossabygdene,
pb 562, 5703 Voss
Aktivitetskalendar
påskefest i vangskyrkja sundag 7. april
(for Voss, Raundalen, Evanger)
tårnagent i Oppheim kyrkje fredag 12. april
- DAGANE
Kyrkja i Voss
www.voss.kyrkja.no
Vinje kyrkje:
29.03. kl. 2000 Påsken i ord og tonar.
Strendingen m.fl. Offer til Frelsesarmeen.
14.04. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule. Dåp.
Offer til kyrkjelydsarbeidet.
28.04. kl. 1100 Høgmesse v/Thaule. Nattverd.
Offer til Indremisjonssamskipnaden.
Oppheim kyrkje:
31.03. kl. 1100 Høgtidsgudsteneste v/Molde.
Offer til Sjømannskyrkja.
21.04. kl. 1100 Gudsteneste v/Thaule.
Offer til Kristen Muslimmisjon.
Jordalen kapell:
24.03. kl. 1100 Storfamiliegudsteneste v/Thaule.
Offer til IKO.
Helgatun:
28.03. kl. 1930 Nattvedsgudsteneste v/Thaule.
Offer til Helgatun.
Vetlebotn:
29.03. kl. 1300 Skiandakt v/Thaule.