Untitled - Knutholmen

I samarbeid med Cascina Desderi kan vi stolt presentere våre eigne vinar;
Frøysjø og Sendingen. I tillegg har vi fullt utval i frå garden til Roald Notø og
Trond Malmer. Roald er opphavleg frå Grotle i Bremanger, men driv no
vingard i Piemonte, Italia.
Cascina Desderi er perfekt lokalisert på ein åsrygg med ei fantastisk utsikt
til dei Franske Alpane, berre nokre få minutt ifrå byen Asti i Piemonte.
Garden har vinproduksjon av høg kvalitet som kan skilte med den strenge
DOCG klassifiseringa i eit av verdas beste vindistrikt. Vinane deira har ved
fleire høve vorte servert til offisielle statsbesøk i både inn- og utland.
Cascina Desderi framstår som ein prakteigendom med fleire leilegheiter i
ulike storleikar med høg standard. Med base her kan ein enkelt oppleve
noko av det beste i mat- og vinverda med eit fantastisk vertskap. Ynskjer de
meir informasjon om og rundt Cascina Desderi, ta kontakt med betjeninga.
VINAR FRÅ CASCINA DESDERI
SENDINGEN 2010, ROERO ARNEIS
KR 435,Frisk kvitvin som er laga på drua Arneis med distriktsstempelet Roero.
Vinen er kun lagra på ståltank og har ein frisk og aromatisk fruktighet.
Perfekt til fisk og skaldyrsrettar!
FRØYSJØ 2008, BARBERA D`ASTI
KR 435,Denne raudvinen er kun lagra på ståltank. Dette gjev ei kjensle av frukt og
bær utan påverkning av eik noko som gjev ein rein vin med Barberaens
behaglege syre og fruktigheit. Passar godt til lette kjøttrettar som til fisk.
RED LABEL 2007, BARBERA D`ASTI
KR 495,Ein rik og smakfull Barbera som har vert lagra 18 mnd på store eikefat og 18
mnd på flaske. Vinen har ein herleg sødme og smakar av bær og frukt.
BLACK LABEL 2005, BARBERA D `ASTI
KR 595,Ein fantastisk barbera vin som er lik Amarone i smak, farge og styrke – utan
at det er nytta ripasso metoden. Ein meget fyldig vin med en elegant touch
av eik.
BLUE LABEL 2008, MAGNUM
KR 860,Her er det kun nytta ståltank. Dette gjev ei kjensle av frukt og bær utan
påverkning av eik noko som gjev ein rein vin med Barberaens behaglege syre
og fruktigheit. Passar godt til lette kjøttrettar som til fisk.
GOLD LABEL 2007, MAGNUM
KR 1.350,2007 årgangen vart eit fantastisk toppår for vinproduksjonen. Denne vinen
er det ypperste av Desderi vinane og er følgeleg tappa på magnumflasker.