Les meir i Strilen - Nordhordland Skiklubb

56
STRILEN
T Y SDAG 30 . A P R I L 2013
VARIERT: Det er eit variert tilbod for dei som vil vera med på løp den kommande sesongen, anten ein vil springa oppover i Nedstavatnet opp (til venstre), i terrenget i Knarvikmila Xtrem (midten), eller langs as
Motbakke, terreng, og N
Likar du å springa er
det eit variert tilbod i
vente den kommande sesongen.
Av Ketil Tjore
[email protected]
Først ute er idrettslaget Bjørn
West som arrangerer Matre
rundt i morgon onsdag 1. mai.
Dette er eit løp som går litt på asfalt og litt i terreng. Start og mål
er ved Matre skule, og løpet har
ulike distansar alt etter alder. 2.
klasse og yngre spring 300 meter,
og så aukar det jamt oppover til
1,5 kilometer for kvinner senior,
og 2,5 kilometer for menn senior.
For deg som vil vera med i
morgon går starten klokka 13.00,
med påmelding frå klokka 12.00
til 12.45.
Radøyløpet
Neste løp ut denne våren er Radøyløpet på Hordabø, som går
måndag 20. mai (2. pinsedag).
Etter nokre år med svikt i deltakartalet opplevde arrangørane
Hordabø IL ein auke for Radøyløpet i 2012, og no håpar Frode
Myking i idrettslaget at veksten
heldt fram.
– Hugs på Radøyløpet 2. pinsedag. Visst DU kjem i år også, så
kan kanskje den positive trenden
halda fram, og Radøyløpet komma tilbake til gamle høgder, er
utfordringa han sender ut.
Sleirsfjellet Opp
Laurdag 8. juni er det klart for
den 5. utgåva av Sleirsfjellet Opp,
Risnes IL sitt motbakkeløp på
Sleire i Masfjorden.
– Me gler oss til jubileumsløpet den andre laurdagen i juni.
Sponsorar stiller stort opp i år
og, noko me er særs audmjuke
for og tykkjer er veldig flott! seier
Tove Kristin Sleire Tistel i arrangørklubben.
– I fjor var der nærare 300 deltakarar i Sleirsfjellet Opp, med
mange nye frå både Nordhord-
land og Gulen. Fleire tilreisande
frå andre stader er her årleg, og
fleire som har delteke alle åra,
seier at dei gjerne vil koma att
på grunn av atmosfæren rundt
løpet. Som arrangør ynskjer me
eit arrangement der alle vert inkludert, og kan delta i motbakkeløpet og/ eller myldringa med
sosial ramme ved grendahuset på
Sleire.
Tor Kåre Nilsen er på plass
som speaker for 5. gong, saman
med musikalske innslag v/ Leif
Sleire i spissen. Det vert felles
oppvarming og mat frå kiosken
som tidlegare år.
– Gulen Røde Kors Hjelpekorps er med i år også, det set me
stor pris på, seier Tistel, som håpar mange vil springa fjellet opp
i juni.
Nedstavatnet
Laurdag 17. august går starten for
4. utgåve av Nedstavatnet Opp,
motbakkeløpet i Modalen. Løypa
er 1.200 meter lang, og deltakarane må forsera 250 høgdemeter.
– Traseen er svært lik Stoltzekleiven både i distanse og profil, seier Liv-Anne Aanesen, leiar
i Modalen Idrettslag.
Det er ulike klassar etter kjønn
og alder, i tillegg til trimklasse.
Trimklassen startar først og får
eit forsprang, deretter er det intervallstart med 30 sekunds mellomrom.
– For dei som vil trena i traseen, så er denne no nesten helt
snøfri (sjekka 22. april). Nytt i år
er også at det er merka og lagt ut
plank frå målområdet og ut til
utsiktspunktet ved Nedstavatnet/demningen. Der har ein fantastisk utsikt sørvestover ut over
Mofjorden.
til stadion. Den kortare løypa
heldt seg meir i nærområdet Lonene/Brekkeløypa.
Kanskje Skjeldal?
Nordhordland skiklubb har
overteke arrangøransvaret for
Knarvik Xtrem, og inviterte i
fjor til ei ny løype som heldt
seg berre i terrenget. Den
lengste løypa går frå Knarvik
Stadion og mot Isdal, tilbake
over Indregardsfjellet og retur
Skilta løypa
– I fjor hadde rundt 100 deltakarar, i år håpar me på det doble,
seier Atle Austrheim i skiklubben.
Tidlegare då ekstremløpet var
ein del av Knarvikmilhelga, var
det fleire kjende namn på startlista. Kanskje kjem ein av desse
tilbake i år, vossingen Kristen
Skjeldal vurderer å stilla.
– Skjeldal seier at han gjerne
vil vera med, seier Claus Sellevoll
i skiklubben.
Sellevoll har kappast med
Skjeldal i skisporet, no kan det
verta barmarksduell.
For dei som vil testa på førehand
ønskjer skiklubben å få på plass
eit løypekart ved starten på terrengløypa, tvers over vegen for
Juvikstølen barnehage.
– Me håpar på å få rydda gjennom løypa før fellesferien.
Kanskje kan det også verta
S T R I L EN
T Y SDAG 30 . A P R I L 2013
57
Nytt motbakkeløp
til Blådalsvatnet
MASFJORDEN: Fjon UIL
arrangerer fredag 5. juli
eit nytt motbakkeløp, opp
Kvingedalen mot Blådalsvatnet. Arrangørane
lovar meir informasjon når
løpsdagen nærmar seg.
Ikkje løp i år i
Nørrlandsdalen
ANDVIK: Dei siste åra har
det vore eit motbakkeløp
på grusvegen frå Andvik
opp Nørrlandsdalen. I
2013 vert det ikkje løp,
melder Åsmund Kvinge.
Dobbel utfordring
på Håøyna i Meland
FLATØY: – Tysdag 17. september arrangerer orienteringsgruppa i IL Kvernbit
eit kombinert bakke- og
o-løp på Håøyna. Dei som
berre vil springa opp bakken
frå kaien gjer det, dei som
berre vil springa o-løp med
start frå toppen gjer det. Og
dei som vil begge deler kan
det, er utfordringa frå Atle
Austrheim hjå arrangørane.
Spar på tidleg
påmelding til
Knarvikmila
sfalten i Fjord Norway Half Marathon (til høgre). (Arkivfoto)
NM i halvmaraton
nokre «fellestreningar» i løypa før
løpet går onsdag 21. august.
NM til Knarvik
Utpå hausten er det også klart for
NM i Knarvik, Fjord Norway Half
Marathon har dette året status som
NM for halvmaraton. Så er du klar
for å leggja bak deg 21,097 meter,
kan du dette året få «pes» av dei raskaste i landet.
Ønskjer du også å vera medkonkurrent i sjølve NM-konkurransen,
må du kryssa av for dette når du
melder deg på «Fjord Norway Half
Marathon», som løpet heiter. For å
delta i NM må ein vera medlem i
eit idrettslag som er tilslutta Norges Friidrettsforbund, men ein kan
sjølvsagt springa halvmaraton også
utanom NM-konkurransen.
■ FAKTA
t -“QUVSM“QJ/PSEIPSEMBOEJ
Informasjonen er henta frå Kondis.no og arrangørane.
t %BUP
Onsdag 1. mai:
Måndag 20. mai:
,PNNVOF
Masfjorden
Radøy
-“Q
Matre Rundt
Radøyløpet
-FOHEFJLN
0,3 -2,5
6,5 - 8,1
Laurdag 8. juni:
Masfjorden
Sleirsfjellet opp
3,4
Søndag 9. juni:
Lindås
Lindåsniar’n
3,8 - 9,0
(Det er også kulturløype i samband med Lindåsniar’n søndag 9. juni)
Søndag 9. juni:
Radøy
Olav Tjores Minneløp
5,8
Søndag 16. juni:
Austrheim
Austrheimløpet
2,4 - 4,0
Fredag 5. juli:
Masfjorden
Kvingedalen Opp
Laurdag 17. august:
Onsdag 21. august
Laurdag 24. august
Laurdag 31. august
Laurdag 31. august
Modalen
Lindås
Lindås
Lindås
Lindås
Nedstavatnet Opp 1,2 km motbakke, 250 meter opp.
KnarvikXtrem
5,0 - 12,0
Bergen Fjord Tour 12,0 - 26,0
Fjord Norway Half Marathon 21,097
Minimila (inkl. i Knarvikmila) 1,7
Søndag 1. september
Lindås
Knarvikmila
(Det er også naturløype under Knarvikmildagen søndag 1. september)
Laurdag 14. september Lindås
Lindås Halvmaraton
Tysdag 17. september
Meland
Håøyna Opp
September
Masfjorden
Øvredalen opp på Matre
(Datoen ikkje fastsett for Øvredalen Opp)
5,0 - 10,0
21,098
4 km motbakke, 15-470 moh.
t *UJMMFHHFSEFUFJSFLLKFM“QJ#FSHFOPHEFJBOESFPNFHOTLPNNVOBOF%FUFSNFMMPNBOOBGBTUFM“QJ'SJLBrusellen, Maratonkarusellen og BFG sine sommar- og vinterkarusellar. Sjå kondis.no.
t 4FJOBSFVUQµIBVTUFOTUBSUBSLBSVTFMMBOFJHKFOIFSMPLBMUEFSFJOEFJTJTUFµSBIBSIBUULBSVTFMMM“QQµ-JOEµT
(Lindås IL), Eikanger (Eikanger IL) og Austrheim (Austrheim IL)
KNARVIK: Skal du vera med
på eit av arrangementa
under årets Knarvikmilarrangement, er det pengar
å spara på å vera tidleg ute.
Ordnar du påmeldinga i
dag, altså 30. april, er det rimelegare enn 1. mai og seinare. Ikkje berre sparer du
nokre kroner, då veit du at
du skal delta, og får kanskje
litt ekstra press for å starta
treninga. Påmeldingsavgifta for Fjord Norway Half
Marathon, 10-kilometeren,
5-kilometeren, Bergen Fjord
Tour og naturløypene stig
ytterlegare ved påmelding
etter 30. juni og 28. august.
Dyrast er det å delta ved påmelding på løpsdagen. Arrangørane lokkar med gode
premiar på startnummeret.
Det er også mogleg å vinna
ved å verva deltakarar, om
du får med deg to eller fleire
som ikkje har vore i det
heile før, eller i alle fall ikkje
dei to siste åra. For meir info
sjå www.knarvikmila.no.