14 | STRILEN | O NSDAG 24. J U N I 2015 BORDVERTANE: To av mange bordvertar frå Lindås Sanitetsforening i full sving med å ausa opp dei første porsjonane med fiskesuppe, Aina Holsen Fjellanger og Lise Vike. Mange å takka for havets god LINDÅS: Når 2600 får kosa seg med havets delikatesser langs 222 meter med utebord, er det mange hundre frivillige som skal takkast for maten. Av Hans Egil Storheim [email protected] – Årets opplegg er veldig godt planlagt, ut frå det arrangørane lærte i fjor, seier Gjertrud Jordal Fanebust før maten skal ut på det rekordlange bordet på Nedre Lindås. Som ei av kring 40 frivillige frå Lindås Sanitetslag er ho i sving med å ordna mange detaljar før publikum rykkjer inn til tre godt planlagde serveringar. Som i fjor var alt naturleg nok enklare å laga til i solskin. På den første skikkelege sommardagen var det berre smil og godlyd frå arrangørane. Fleire grupper Strilen sin utsende får også eit bra innblikk i all jobbinga som TUNET TIL DISPOSISJON: Knut Arne Magnussen (t.v.) bur tett ved sjømatborPÅ MED DUKEN: Sigrid Skårnes Håland ordna med duk på fleire av borda. det og stiller opp med heile tunet og mange dugnadstimar. Her luktar han på fiskesuppa saman med Westland-direktør Runar Hilland. ligg bak «Verdas lengste sjømatbord». Festivalleiar Elisabeth Tonheim er på ingen måte berre til pynt, men tar eit tak med oppstart av billettsalet litt etter klokka ti, like oppom Storesvingen. Ved trappa inn til Galleri Gamle Tinghuset er det full fart med informasjon til alle bordvertane i sanitetslaget. for blant anna koking av fiskesuppe. Det skjer under oppsyn av blant anna Westland hotel sin direktør Runar Hilland. Suppa er første rett i årets meny. Magnussen har vore i arbeid med sine oppgåver så godt som heile natta, og kjem stegande med ein bunt skøyteleidningar når Strilen møter han. Rett i nærleiken står ein stor kjølebil, full av alle dei 14 små- Ved enden av langbordet er 10 år gamle Sigrid Skårnes Håland i arbeid med å legga på dukar. Pappa Jan Håland er med i gjengen som har ansvaret for å få dei mange borda på plass. Litt lenger borte er det mange som har ærend inn på tunet eit eitt av bustadhusa langs fylkesvegen med det lange sjømatbord. Tunet tilhøyrer Knut Arne Magnussen, og er til disposisjon rettane som publikum skal serverast. Kontrollen der har leiar Heidi Tykhelle i saniteten og Jannicke Nilsen frå Westland. Berre å benka seg For svoltne og pratesjuke lindåsingar og tilreisande var det berre å benka seg. Maten vart i år delt ut i små porsjonar, utan at nokon trong reisa seg for påfyll. Etter fiskesuppe som forrett, O NSDAG 24. J U N I 2015 | STRILEN | 15 DELTE UT: Skal det vera litt kryddermakrell? Inger Tenjum deler ut av rett nummer sju på ein rikhaldig meny. QUIZ FØR MATEN: Tre Quiz-spørsmål må løysast i påvente av servering. Alle foto: Hans Egil Storheim F.v.: Iren Wergeland, Berit Andersen, Linda Kjeilen og Rita Fanebust. NY PORSJON: Porsjonane kjem i tur og orden langs bordet. F.v. byjente Mariell Aarbakk, Andreas Nesfossen (snart 9) og mamma Katrine. dbitar kom det i tur og orden smakebitar med kokt makrell med rømme, røykelakspaté, sildebruchetta, torsk, skagenrøre, kryddermakrell, nachos med lange, spesild med potet, lø og rømme, sweet chili-laks, sashimi, røykelaks med pasta, grava kval og bakt sei. Rettane var laga av kokkane på Lindås sine serveringsstader, Spjeldnes Gard og Lindås Brygge, i tillegg til Westland hotell, pluss litt frå Torget eller private bidrag. Som siste rettar på menyen stod røykelaks på gamlemåten, fiskekaker, fiskepudding, plukkfiskkaker, sildesalat, ovnsbakt laks, seie på grønnsakeng og cognacmarinert gravlaks. BLA OM » » » BENKEGJENGEN: Ikkje få benkar skal på plass. Her tre av dei som bar, Kari Kvikne, Svein Riste og Jan Håland. IS MÅTTE TIL: Damene måtte ha seg is i varmen. Frå venstre: Sissel NORDLAND, Marion Samuelson, Abigail Samuelson, Torill Eide Steinsund og Marit Almli. GOD STEMNING: Også utpå ettermiddag på siste servering skein sola, og det var ikkje noko å seia på stemninga langs borda.
© Copyright 2024