Langt og lengre enn lengst

SJØPARKEN: Frå Stenekaien kan ein ta skyssbåt ut til den spek­
taktu­lære sjøparken der sju ulike kunstverk er plasserte på hol­
mar, skjær og bergveggar i Lindåsosane. Utstillinga er permanent
og vert supplert med eitt nytt verk i året. Årets nye verk er eit foto
av Randi Kristin Kvalvågnes. «Roaren» (bildet) vart i fjor måla av
Giuseppe Miconi.
Foto: Privat.
SHOWTIME I HAGEN: I fjor fekk publikum ei verkeleg magisk
stund med Jon Hjørnevik i hagen på Rosenlund. I år er det Cato
og Claus som skal i elden.
Foto: Privat
SKOGSBRUNSJ: I fjor var det mange som ikkje fekk med seg søn­
dagsbrunsj i Spjeldnestangen. Det har dei angra på sidan.
Foto: Privat
Langt og lengre enn lengst
LINDÅS: Alt tyder på at
sjømatbordet på Lindås
verkeleg er Verdas lengste
sjømatbord.
Av Gunn Berit Wiik Berg
[email protected]
– Me har leita og søkt og søkt og
leita og finn ikkje at det skal ha blitt
dekka eit liknande sjømatbord i heile
verda, seier Elisabeth Tonheim som
er prosjektleiar i «Verdas lengste
sjømatbord».
– Håpet var å få ein plass Guinness-rekordbok, men ei veke før
arrangementet kom svaret om at
prosjektet var for spesialisert, kva no
det måtte bety, legg ho til.
42.000 smaksprøvar
I fjor serverte Lindåsbygda uansett
smaksprøvar frå havets delikatesser
til nesten 3.000 menneske på eit 200
meter langt bord, og det blir ikkje
mindre i år.
I fjor kunne alle forsyna seg av
smaksprøvane på bordet samtidig,
noko som gjorde at ikkje alle fekk. I
år har dei difor valt å dela matgildet
inn i tre bordsete.
– På den måten er alle som kjøper
festivalbillett sikra sitjeplass ved
bordet. Dessutan får alle god tid
til å kosa seg med maten, forklarer
Elisabeth.
Dei 42.000 smaksprøvane er
hovudsakleg laga av Spjeldnes gard,
Westland hotel og Lindås brygge.
Men også fleire av utstillarane på
mattorget pluss nokre privatpersonar
har bidrege.
42.000 smaksprøvar
I fjor kunne alle forsyna seg av
smaksprøvane på bordet samtidig,
noko som gjorde at ikkje alle fekk. I
| STRILEN
rockeklubben med Paradise Vendors,
Golden Wings og den dyktige gitaristen Lasse Fanebust. Rockeklubben
kan ein også høyra i Lindås senter
laurdag ettermiddag.
Vil ein heller ha litt standup, kan
ein trimma lattermusklane på Spjeldnes gard der Karina Borgen Solen
framfører husmorlyrikk på sitt beste
og Hjelmås sin store son Gudmund
Husdal gir grunnkurs i standup.
år har dei difor valt å dela matgildet
inn i tre bordsete.
– På den måten er alle som kjøper
festivalbillett sikra sitjeplass ved
bordet. Dessutan får alle god tid
til å kosa seg med maten, forklarer
Elisabeth.
Dei 42.000 smaksprøvane er
hovudsakleg laga av Spjeldnes gard,
Westland hotel og Lindås brygge.
Men også fleire av utstillarane på
mattorget pluss nokre privatpersonar
har bidrege.
Show, blues og gourmet
Mattorget til Stenekaien
I år har dei flytta mattorget frå
Lindås Brygge til Stenekaien.
– Med så mange menneske samla
på ein gong, vart det rett og slett for
trongt å ha fokusområde berre langs
langbordet i Veråsvegen og plassen
ved Lindås Brygge med tanke på
eventuell evakuering. Festivalområdet er derfor utvida, med ein del
aktivitetar på Stenekaien og ved
Spjeldnesbrua, forklarar Elisabeth.
Gjestar som berre skal til Lindås
Brygge, slepp løyse festivalbillett,
men må då nytta vegen forbi kyrkja
for å komma seg til og frå, legg ho til.
Frå tynnlefser til dravle
HEILGARDERER: Prosjektleiar i Verdas
lengste sjømatbord, Elisabeth Tonheim, er
klar same kva vêr det skulle bli.
Foto: Gunn Berit Wiik Berg
På mattorget kan ein handla lokalproduserte tynnlefser, råmjølkspudding, rauddravle, plukkfiskekaker,
granskotsirup, hyllebærsaft, brød,
pesto, stompekaker, fenalår og spekepølse av geit, hjort og lam.
På festivalområdet vil ein også
kunna testa det nye Modølet.
Ved Spjeldnesbrua har fotballjentene i idrettslaget laga kafé og
aktivitetar for borna. Derifrå går
også Eliasbåten, medan skyssbåten til
Sjøparken startar litt lenger nede, ved
Stenekaien,
Magisk brunsj og spreke sprell
Skulle ein få lyst på meir snaddermat,
SOMMAR AVISA
byr sjansen seg att søndag. Då blir det
som i fjor, servert brunsj i skogen på
Spjeldnestangen frå klokka 11 til 13.
– Det var ei verkeleg magisk oppleving som mange angrar på dei ikkje
fekk med seg, så der reknar me med
at det blir noko meir folksamt enn i
fjor, seier Tonheim.
Brunsjen blir akkompagnert av
vokalgruppa Simply in Tune.
Når maten har sige, kan ein slå ut
håret i Haugatun under reprisen av
Lindås songlag sin braksuksess frå i
haust, «Lindås on Broadway».
Strilagjall og standup
Som i fjor tjuvstartar arrangementet
fredag. I år slår Lindås rockeverkstad
på stortromma og arrangerer ein rusfri kjempekonsert for alle mellom 10
og 99 år i Lindåshallen. Arrangementet har dei kalla «Strilagjall» og med
seg har dei fått The Vossa Rebels,
rapgruppa Kløver Knekt & Skarre R
og Julian Svindal Luna. Sjølv stiller
38
Etter sjømatbordet laurdag blir det
revyshow med Cato og Claus i hagen
på Rosenlund. Etterpå kan ein anten
nyta sommarkvelden med BB LYNGS
sin Groovy Blues på Lindås Brygge
eller utfordra sansane på Westland
hotel med firerettars gourmetmiddag
akkompagnert av vokalgruppa Simly
in Tune og vinkjennaren Ulrika
Andersson.
– Det blir rett og slett ein kulturell
symfoni der alle sansane blir stimulerte, forklarer Elisabeth.
Foto, glaskunst og ull
Både laurdag og søndag inviterer
bygda til stor variasjon innan salsutstillingar og kulturformidling på
ulike arenaer. I det gamle Tinghuset
finn ein emaljekunstnaren Solveig
Haukaas, Solveig Serigstad Hauge
med sine nydelige måleri og teikningar, Randi Kvalvågnes med fotografi,
Bente Brekke Kampevold med sine
flotte måleri og syerska Elin Gaulen
(LetoDesign) med sine unike kreasjonar i ull.
– I år finn ein ikkje glaskunstnaren
Turid Grov i Tinghuset, men idet er
fordi ho har opna eigen verkstad og
utstilling i Lindåsbrekka, forklarer
Elisabeth.
– Kort sagt så bør her vera noko for
einkvar smak både når det gjeld mat,
opplevingar og underhaldning, legg
ho til.
| O NSDAG
17. J U N I 2015
LANGT OG LENGER ENN LENGST: I fjor serverte
Lindåsbygda smaksprøvar frå havets delikatesser til nesten 3.000 menneske på eit 200 meter
langt bord. Det blir ikkje mindre i år, lovar
­arrangørane.
Foto: Privat
O NSDAG 17. J U N I 2015 |
39
SOMMAR AVISA
STRILEN |