Heile bygda dreg lasset

16 | STRILEN
| O NSDAG
PÅ POST: Leiar for sjømatsatsinga var også i år Elisabeth Tonheim, her i
arbeidsantrekk for å få i gang sal av matbillettar oppom Storsvingen.
24. J U N I 2015
FOTBALLKAFÈ: F.v. Samuel Jørgenvik og Andrè Johnsen på dugnad for Lindås
IL, til inntekt til deltaking i Norway Cup.
FØR DET BRAKAR LAUS: Frivillige i Sanitetsforeninga stiller på info før dei skal ut og vera bordvertar.
Alle foto: Hans Egil Storheim
– Heile bygda dreg lasset
LINDÅS: Når publikum kosar seg i sola
etter god sjømat, kan
lokale lag og krefter
skaffa inntekter på
dugnad og sal av
eigne produkt.
Av Hans Egil Storheim
[email protected]
– Nøyaktig besøkstal kan me ikkje gå ut med, men det må ha vore
som i fjor, mellom 2500 og 3000,
meiner Elisabeth Tonheim.
Som prosjektleiar seier ho at
vidareføring av sjømatfestivalen
på Lindås er avhengig av at heile
bygda er med og dreg lasset, slik
som dei to første åra.
Etter bordsetene kunne velbelåtne innfødde og besøkjande
nyta resten av bygda og pratast.
Det kunne gjerast fleire stader,
som på eit bugnande torg på Ste-
nekaien, med ein kakebit eller
noko å kjøla seg med på Lindås
Brygge, i Tinghuset og på glasgalleriet til Turid Grov, på ein ein kafe
i Storesvingen eller Broadwayshow i Haugatun.
Dugnad og stompekaker
I Storesvingen hadde fotballgruppa til Lindås IL etablert kafé for å
skaffa inntekter til Norway Cupdeltaking for fire lag. Det synest
blant anna Samuel Jørgenvik og
André Johnsen var ok med sal av
kaker laga av foreldra.
Og det var inga ulempe å jobba
dugnad i lag med spelarar på jentelaget, fekk me vita.
– På Stenekaien var det godt
sal av blant anna stompekaker,
H-melkspudding og dravle. Og
fleire av dei som hadde kunst og
handverk å selja i Tinghuset, var
godt nøgde, opplyser festivalleiar
Tonheim.
Prosjektet i null
Blant dei mange aktivitetane laurdag var også utstilling og tur i
Lindåsosane og Broadway-show
ved Lindås ungdomslag i Haugatun søndag. Alt fredag starta
festivalen opp, blant anna med
Strilagjall-konsert i Lindåshallen.
– Dei lokale aktørane som lagar
maten får dekka råvarene. Dermed gjer dei ein kjempedugnad.
Det var rikeleg med mat, og tilbakemeldingane var at mange tok til
å verta mette ved servering nummer åtte av 15 rettar! Så oppdeling
i porsjonar trur eg vert vidareført,
sjølv om det krev mykje jobb, seier
Elisabeth.
Grava kval slo ikkje heilt an hjå
ei dame Strilen snakka med, men
dei me spurde elles hadde berre
ein attest til det dei fekk servert:
Nydeleg.
Sjølve sjømatprosjektet har som
mål å gå i null økonomisk, påpeikar Elisabeth Tonheim.
– Det er lag og etableringar i
bygda som skal kunna skaffa seg
ei ekstra inntekt.
I fjor var serveringa gratis, i år
kosta det 100 kroner å få servert
dei lekraste rettar. Prisen såg ikkje
ut til å leggja nokon dempar verken på matlyst eller stemning.
«KALDE DAMER»: Allskens smaksprøvar i frysebilen var nøye merka, og Jan-
nicke Nilsen frå Westland Hotell (t.v.) og Heidi tykhelle frå saniteten hadde
kontroll.