Retningslinjer for praksis i lærerarbeid

Avdeling for lærarutdanning
___________________________________________________________________________________________
Masterutdanning i undervisingsvitskap, heiltid 2015-2016
Retningsliner for praksis i emne 1 - Lærararbeid
Masterutdanninga i undervisingsvitskap er eit toårig studium som byggjer på fullført lærarutdanning, eller det kan
inngå som fjerde og femte året i ei femårig lærarutdanning.
Studiet er delt i fem emne. Tre emne er felles: Lærararbeid (10 sp), Vitskapsteori, metodar og akademisk
tekstarbeid (20 sp) og Fleirfagsdidaktikk (15 sp). I emnet Fagfordjuping i fagdidaktikk (30 sp) må ein velje eitt av
faga matematikk, norsk, engelsk eller pedagogikk. Det siste emnet, Masteroppgåva (45 sp), må ein skrive
innanfor emnet ein tar fagfordjuping i, og det må vere didaktisk orientert eller relatert til undervising.
Praksisobservasjon er ein viktig komponent i dei fleste emna i studiet, og i emna Lærararbeid og
fleirfagsdidaktikk skal studentane ha til saman 15 dagar organisert praksisopplæring med karakter av
forskingspraksis. Studentane som vel matematikk som fordjupingsfag skal i tillegg utforske lærararbeid i
samarbeid med ein lærar.
For nærare informasjon om studiet, sjå studieplanen på høgskulen sine nettsider.
Emne 1 Lærararbeid
Dette emnet skal gje grunnlag for ei forståing av undervising, av læraren og lærararbeidet i samfunnsmessig,
institusjonelt, kulturelt og fleirkulturelt perspektiv. Det vert undersøkt korleis lærarprofesjonen har utvikla seg
historisk til den posisjon og funksjon han har i dag, og det vert reflektert kritisk omkring framtida til profesjonen.
Studentane skal arbeide med forståingsmåtar og forklaringsmodellar som seinare i studiet kan brukast som
utgangspunkt for fordjupingsfag og masteroppgåve.
Studentane gjennomfører praksisobservasjon med utgangspunkt i hovudspørsmåla i emnet: Kva er lærararbeid?
Korleis kan ein forstå lærararbeid som kulturaktivitet, som styrt av institusjonelle rammer, som
samfunnsoppdrag? Korleis finn ein att desse aspekta i det ein observerer i den konkrete praksisen? Kva
rammer/overlys set desse aspekta på læring/fag?
Tidspunkt for praksis og møte
Praksismøte:
Torsdag 24. september 2015, kl. 14.30 – 16.00
Stad: HiB-Kronstad, E104
Praksistidspunkt:
Veke 40 og 43, 2015. Student og skule/barnehage gjer nærare avtale, men praksis skal
svare til minimum 6 heile dagar.
1
Gruppesamansetjing
I emne 1 skal studentane helst gjennomføre praksis to og to, men dei kan òg gjennomføre praksis åleine. Så
langt som råd, ønskjer vi at dei skal vere på same skule/i same barnehage i både emne 1 og emne 3 (sjå eige
informasjonsskriv for emne 3).
Innhald i praksis
Forskingspraksis, observasjon av lærararbeid, tilgang til klasse/barnegruppe og eventuelt intervju av lærar eller
skuleleiar/styrar.
Dersom studentane kan få observere noko i eige fordjupingsfag, vil det vere ein fordel.
For nærare informasjon om innhaldet i emnet, sjå emneplan for emne 1
Rettleiing
I løpet av praksisen skal praksislærarar og studentar gjennomføre minimum 3 timar rettleiing/samtale. I ei
gruppe på tre til fire studentar har praksislærar(ane) 6 timar til rådvelde for rettleiing, og dei avtalar med
studentane på skulen korleis timane skal nyttast.
Faglærar ved høgskulen er hovudrettleiar for forskingspraksisen.
Vurdering
Faglærar ved høgskulen vurderer studentane sin praksis ut frå munnlege og skriftleg oppgåver knytt til
forskingspraksisen i emne 1.
Praksis i emne 1 og emne 3 er til saman rekna som ein praksisperiode på 15 dagar. Praksislærar skal vurdere
denne perioden med karakter bestått/ikkje bestått ved slutten av emne 3-praksisen. Læringsutbytte og
vurderingskriterie finn de i Retningslinjer for praksis i flerfagsdidaktikk
Dersom ein student bytar praksisskule mellom emne 1 og emne 3, leverer praksislærar ei stadfesting til
høgskolen om at studentane har delteke i praksis i emne 1.
Formelle krav
For å kunne delta i praksis må studentene innfri gjeldende krav knyttet til punktene under. Følg lenkene for mer
informasjon.
 Politiattest og tuberkulintest
 Taushetsplikt
 Etiske retningsliner for datainnsamling: HiB har etiske retningsliner for bruk av data i samsvar med
retningsliner frå Norsk samfunnsvitskapeleg datateneste, sjå
http://www.nsd.uib.no/personvern/doc/personvern03.pdf
Deltakelse i praksis er obligatorisk. Se for øvrig informasjon regler for fravær i praksis
Kontaktinformasjon
For meir informasjon om masterutdanninga og det faglege innhaldet i praksis, ta kontakt med fagleg koordinator
for utdanninga, Toril Eskeland Rangnes, tlf. 55 58 57 11, e-post [email protected]
eller emneansvarleg Kåre Rugesæter, tlf. 55 58 57 95, e-post [email protected]
For meir praktisk informasjon, ta kontakt med praksiskoordinator Eli Borsholm, tlf. 55 58 59 57, e-post
[email protected]
2