Underdølen juni 2011

nderdølen
for underdøler og venene deira – heime og ute
18. årgang * juni 2011 * kr 70,–
BLADET F
OR BYGDA
MED OVE
R 80
INNBYGG
JARAR
Gjett kva Kenneth, Tormod, Per Øystein, Atle, Sondre,
Per Rune og Torbjørn driv med! Les meir på side 6.
Les om aktive Anita på side 8!
Gode lesar av Underdølen!
I vinter har vår vakre og stille bygd opplevd ein del negativ
merksemd i media. Det me snakkar om er sjølvsagt Servicebygget. Det har vore fleire oppslag i lokal- og regionavisene,
som har presentert steile motsetnader i saka. Det er ikkje
kjekt for ei bygd som til vanleg er kjent for vakker natur, ei
flott stavkyrkje og god geitost. Ja, og ikkje minst dugnadsånd
– å samarbeide til felles for bygda. Det som er heilt sikkert er
at bråket omkring saki gagnar verken oss som bur her, eller
dei som ynskjer å besøkje bygdi. No ser me fram til sommaren med ferie og festival, trua på fred og fordragelegheit
og fint ver. Redaksjonen i Underdølen ynskjer alle lesarane
ein riktig god sommar!
Redaksjon
Åremålsdagar – andre del av 2011
15 år
20 år 25 år
50 år 55 år
80 år Tore Stegen
Sigrun U. Borlaug
Maria B. Underdal
Anna Elise Borlaug
Sigbjørn Skarsbø
Lars Underdal
Astrid Vindedal
Bergit Torgersen
Aslaug Nedberge
29.09.96
21.07.91
09.11.91
30.09.86
19.07.61
15.12.56
06.08.31
30.10.31
01.12.31
Fødde
May Kristin Underdal og Harald Vik fekk ein gut 30. mars
Dårdi Flåm og Espen Bjørndal fekk ei jente 23. april
Dåp i Undredal kyrkje
Hanna Hj. Borlaug, tlf 576 31 742, [email protected]
Anna K. Marstein, tlf 959 84 630, [email protected]
22. mai vart vetle Nikolai frå den russisk-ortodokse
kyrkjelyden i Bergen døypt. Me kjenner ikkje etternamnet
hans
Konfirmasjon
2. juni vart Tore Stegen og Simon Underdal konfirmerte i
Undredal kyrkje
Anna K. Marstein er bladet sin faste fotograf
Ansvarleg utgjevar: Undredal Bygdeutvikling AS, 5746 Undredal
Eigar: Undredal Grendalag
Kontonr: 3745 30 28756 (OBS, nytt nummer)
Utforming: Oransje webdesign, Stange
Trykt hjå: Erik Tanche Nilssen AS, Skien på 130 g Profi silk
Opplag: 400
Send e-postadressa di! Meld adresseendring!
Det hender me skulle hatt kontakt med abonnentane våre fort.
Det hender og at abonnentane våre flyttar på seg. Det sparer både
dykk og oss for arbeid dersom de sender oss e-postadressa dykkar og eventuell melding om ny adresse. Begge delar kan sendast
[email protected]
Avlidne
Øystein Underdal f. 17.03.1920, vart gravlagt frå Vangen
kyrkje 02. mai 2011.
Info om betaling
Det er mange som lurer på kva tid dei skal betale for Underdølen. Me sender ut rekning på våren. Sommarnummeret skal
vere i posten før 20. juni, og julenummeret før 20. desember.
Det lettar arbeidet for oss om du sender oss e-postadressa
di, så kan me sende rekning og annan informasjon pr e-post.
Ta kontakt med redaksjonen om du har spørsmål!
Bidragsytarar i dette nummeret
Tekst:
Inger Oline Øy
Hanne Lykkja
Sigrun Ytrefjord
Eldbjørg Wangen
Gerd-Mari Ahlin
Caroline Juul Jørstad
Gunhild Strand Borlaug
Anna Elise Borlaug
Leif Inge Underdal
David Underdal
Aud Melås
Roald Underdal
Bilete:
Henning Øy
Pascale Baudonnel
Hanne Lykkja
Tilfeldig F. Passerande
Atle U. Borlaug
Ole Fretheim
Frist
Frist for stoff til julenummeret er 1. november, men me tek
imot bidrag fortløpande.
Send stoff – send bilete!
2 | Underdølen - desember 2010
Den 4. februar var det flo.
helsing
leiar
Ord ved båra til Øystein
Ø
ystein, du var ein heidersmann, veldig engasjert på
mange felt. Men først og fremst var du kjøpmann.
Det var som kjøpmann eg lærde deg å kjenna på slutten av 70-talet. Me var då to
av tretten kjøpmenn - plukka
ut til å vera med i forsøksprogrammet for nærbutikkar i
Sogn og Fjordane.
Føremålet var å driva meir
lettvint og lønsam butikk.
Det vart ein revolusjon for
oss alle tretten. Mykje nytt å
forholda seg til, entusiasme
og skepsis. Me lærde kvarandre godt å kjenna gjennom
mange seminar som gjekk
over fleire år. Du, Øystein,
var ein som ofte ga utrykk
og tala med klar høg røyst kva du meinte når det syntes
gå over stokk og stein eller
noko var glimrande. “ De må
no skjønna og begripa” var
omkvedet ditt når du gav uttrykk for dine synspunkt.
av familien din og stolt av det du hadde fått til.
Du ånda og levde for geitosten, og det opna seg nye moglegheiter med den då bygda
fekk veg. Eg har aldri møtt
nokon som tala så varmt og
med innleving om ei vare som
du kunne når du i din iver la
ut om geitost frå Undredal.
Ein kunne formeleg kjenna
lukta både av geitedyret og
den skarpe ostesmaken.
Du sysla med osten til
det siste. Du heldt deg godt
i din høge alder, hadde god
helse. Me møttes på Undredal brygge i fjor sommar. Som
90-åring baud du meg opp til
ein vals. Eg måtte berømma
deg for kor sprek du var og kor
godt du heldt deg. Du lika det.
Men det skulle bli den siste
dans.
Me var begge med i styret for Sogn Kjøpmannslag.
I begge desse fora var det sosiale ein svært viktig faktor. Og
her var du, Øystein, svært medverkande. Du var ein person
med eit lyst sinn og eit fantastisk humør og ein glad latter.
Frå gode venner i Førsøksprogrammet og Sogn Kjøpmannslag vil eg bringa fram
ei siste helsing og takk.
Me lyser fred over Øystein sitt minne.
Du var ærekjær og ein stolt person. Du var stolt av bygda
di, stolt av kona di, Jensine, som du mista altfor tidleg, stolt
Gerd-Mari Ahlin, Slinde
Foto: PB
Hjarteleg takk!
- til alle som gav minnegåve i samband med at Øystein Underdal
gjekk bort 25. april 2011.
Til saman kom det inn kr. 10.378,-, noko som kjem vel med når
ungdomslaget no står framfor ei større utbetring av ungdomshuset.
Familien og Undredal Ungdomslag
juni 2011 - Underdølen | 3
bygdanytt
Snøvinteren 2010-2011
K
ven hadde trudd at me skulle få to vintrar så like etter ein annan! Vinteren kom tidleg, og mange var ikkje
ferdig med å førebu hagen før vinteren. Blada hang lenge
på skogen i haust, og det var mange som beit seg merke
i det. Det kunne hende det vart ein hard vinter til, og at
han kom til å vare lenge. Mot slutten av oktober kom både
snøen og kulden. Det vart ikkje så mykje snø, men kulda
var hard utover seinhausten. Resultatet vart at hjå mange
fraus vassrøyr og vatnet med.
Desember vart den kaldaste månaden på om lag 40 år,
og det seier litt. Januar var litt mildare og februar kaldare
att. Det var kaldt nok, og nedbøren lavde ned som snø. Det
var meir snø i vinter enn fjoråret. Ved å bruke skistaven
som mål, så var det lett å finne skilnaden frå i fjor. På flat
mark var det på det meste tett oppunder 1 meter. Store
svingingar i temperaturane i vinter gjorde at rasfaren vart
større enn fjoråret. Det var ikkje stabilt nok, og då vart det
utrygt å ferdast t.d. på dalen. Det gjorde sitt til at den gamle
stølsvegen ikkje vart like mykje brukt av oss skigåarar som
vinteren i fjor.
Vegstengingane kan du lese om i eigen artikkel. I midten
av februar gjekk Djupsåna, slik at ho demde opp for vatnet,
og så mykje at vatnet frå elvi flaumde over brui på ettermiddagen. Då veret vart kaldt og stabilt, var det fint å fare
på ski over raset på veg til Langhuso.
Dyrespor er det nok av, berre ein gir seg tid til å sjå
etter. Likevel, samanlikna med førre året, så var det lite
harespor å sjå. Spor etter rev hadde auka frå i fjor, og kan
hende gaupa hadde vore ein tur på gamlevegen òg? Det
fekk me aldri stadfesta, men kan hende viltkameraet som
sto ei stund i Breiskreda har fanga opp noko…..
I midten av mars trudde vel dei fleste at vinteren skulle
vere over for i år. I alle fall håpa me på det. Då opplevde me
det verste uveret som me kan hugse, i lågareliggjande strøk
til no. Vegen til Langhuso vart omtrent ”vekke” i snøvêr
og vind. Alt gjekk i eitt, og det var umogleg å sjå kor ein
var på vegen. I eit slikt forrykande uver kunne det lett ha
skjedd uhell, men sneglefarten gjorde at me etter om lag
ein 20-25 minutt fann fram til E16 i Botn.
Når me tenkjer attende på vinteren i år, så var det ein
flott vinter. Det same med vinteren før. Det er lenge sidan
eg har måka så mykje snø, og for å vinkle det positivt, så
har det gitt oss masse trening. Då vegane i bygdi låg der
ubrøyta, så måtte vel det gi alle lyst til å vere ute å gjere
noko kjekt i snøen! Å ake Hjøllabakkane var kjekt, og gjekk
godt gjorde det òg. Ein har ikkje meir moro enn ein lagar
sjølv, og det bør me hugse å ta vare på.
Tekst og foto: HHB
Ungdomshuset
Det er lenge sidan ungdomshuset fekk seg ein rundvask,
men i år skjedde det. Golv, tak og vegger, gardiner, skap
og skuffer vart vaska. Til og med flaggstonga fekk seg ein
omgang måling. Det var det John i Nigarden som sto for.
17. mai stråla huset som det ikkje har gjort på lenge.
4 | Underdølen - juni 2011
Rv 601 stengd
stengd att laurdag 7. januar om ettermiddagen og opna
ikkje før kl 14.00 måndag 17. januar. Stenginga førte til
messefall i kyrkja og ein del problem for folk. Geitebøndene
skulle levere mjølk til Tine for første gong etter kjeing, men
det vart det ikkje noko av. Nokre bilistar tykte det var for
gale at vegen var stengt pga fare for ras, og køyrde forbi
sperringane. Heldigvis gjekk det godt.
Skuleelevane som skulle på vidaregåande i Sogndal tok
skulebåten som vanleg måndag morgon, men dei som
skulle til skule i eigen kommune måtte bli heime. NRK
Sogn og Fjordane leigde båtskyss og kom på fjøsbesøk for
å finne ut korleis bøndene takla situasjonen. Innslaget
vart sendt på NRK 1 kl 19.00 og kl 21.00. Men då var altså
vegen opna att.
Vegen mellom Langhuso og Undredal var stengd to
gonger i vinter. Første vart vegen stengt mellom tysdag 11.
januar om ettermiddagen og 12. januar tidleg på ettermiddagen. Det kom eit lite ras denne gongen, men det var ikkje
større enn at det kunne ha vore rydda med ein gong. Men
vegvesenet valde å stengje pga fare for nye ras mens det var
mørkt/ikkje sette brøyemannskapet i fare. Så vart vegen
I våre dagar kjennest det dramatisk når vegen stengjer,
sjølv om det er snakk om berre nokre dagar i året. Her
i Undredal har me likevel ikkje mykje å klage over i samanlikning med dei som bur i Skjerdal eller på Bakka. Dei
har verkeleg fått merke kva vinteren medfører av ulemper
denne vinteren.
Tormod og Kjell flyttar
Gutane på Filefjell
Foto: AKM
Dessverre forlet to gode krefter bygda etter påske. Tormod Herre begynte som landbruksvikar i Luster kommune.
Han tykkjer det er godt å vere tilbake i jordbruket, etter
nokre år som anleggsarbeidar. Kjell Krogstad begynte i eit
vikariat som museumsbonde ved De Heibergske samlinger
Sogn Folkemuseum. Med praksis frå Undredal skulle han
vere godt kvalifisert for jobben...
Tekst & foto: AKM
Kjell har vore museumsbonde
her i bygda og. Her serverer
han vassgraut til onnefolka
på slåttefesten i 2010.
Tormod Herre i sitt rette
element. Bildet er frå Slåttefesten i 2010.
I vinterferien slo ein heil generasjon med undredølar seg saman og
dro til Filefjell for å stå på ski og vera saman. Her ser me gjengen
før heimreise (frå v.): Espen Bjørndal (reserveunderdøl, gift med
ei underdøla), David Underdal, Sondre Torgersen, Atle Underdal
Borlaug, Kenneth Vindedal,Tormod Herre (vossing og underdøl god
som nokon) og Tormod Underdal. Foto: tilfeldig forbipasserande
juni 2011 - Underdølen | 5
bygdanytt
Volley, volley!
D
et har lenge stått på ønskelista til ungdomane i bygdi
å få laga til ei volleyballbane. I fjor søkte Undredal Ungdomslag om folkehelsemidlar til å fremje fysisk aktivitet i
bygda. Ungdomslaget inviterte Grendalaget til spleiselag.
Torill sette i gang med å innhente tekniske opplysningar,
og det viste seg at det enklaste og rimelegaste var å lage
ei grasbane. Tidleg på våren i år fekk vi levert søknad til
kommunen og svaret var at “ver så god, berre set i gang.
Dette er eit riktig tiltak i følgje reguleringsplanen”. I løpet
av nokre hektiske vårhelger har den kommunale tomta me
til dagleg kallar “Borlaugsåkeren” blitt forvandla frå haug
og holer til ei fin, slett bane med nedstøypte fundament
for volleyballstativ. Den 7. mai vart bana sådd til. Primus
motorar har vore Tormod U. og Atle U.B. Dei har og stilt
med maskiner. Så har ein heil gjeng med ungdomar vore
med på arbeidet. Vårveret har vore nesten litt for strålande,
så det måtte vatning til for at frøa kunne spire og vekse seg
fine til volleyballkamp som er planlagt på jonsokkvelden.
David, Torbjørn og Atle fyller på massar og planerer. Bildet er
teke i april. Foto: AKM
GSB/AKM
Vårrydding
Fjerde mai var det ein liten, men ivrig gjeng som stilte med
trillebårer, river og arbeidshanskar for å gjere bygda klar til
sommaren. Parken vart fin etter eit par timars arbeid, og
dugnadsgjengen vart blid og mett etter å ha blitt traktert
med dugnadskringle i hagen til Inger Oline og Henning.
På bildet ser me Bente og Torill i full sving. Bergit er skjult
bak buskane.
Foto: AKM
Anna Elise Borlaug er tilsett i ei prosjektstilling hjå Undredal Bygdeutvikling sommaren 2011. Ho skal arbeide
med Geitostfestivalen, skjødselsprosjektet på Stokko,
rydding og merking av stiar og administrere parkstellet
i bygda.
Foto: Henning Øy
Til Bente
Eg vil skrive nokre ord om Bente. Eg føler at ho er for bygda. Ho gjer mykje for oss alle, ikkje berre i jobben
på Underdalsbui, men i mange samanhengar. Bente er hjelpsam, ein god ven, ein vi kan lite på. Då vi flytta hit
kunne vi gå til Bente og spørre viss det var noko vi lurte på. I den siste tida vi har vore gjennom, med alvorleg
sjukdom og bekymringar, har ho vore ei utruleg god støtte. Me har fått eit nært og spesielt forhold til Bente.
Inger Oline Øy
6 | Underdølen - juni 2011
Ein samtale med Eke Krug
E
ke Krug kom til Noreg første gong i 2009. Ho flytta til
Undredal saman med ektemannen Huib van der Horst
i mai i fjor, og dei bur i ”Tora-huset” på Reina. Ho seier at
dei likar seg godt i Undredal og øver seg i norsk språk kvar
dag. For ikkje å ha budd i Noreg meir enn knappe to år, så
snakkar Eke godt norsk.
Eke er opphavleg frå Amsterdam
i Nederland, men etter 27 år i den
nederlandske hovudstaden busette
ho seg i Friesland, som vert meir
nord i landet. Der budde ho i om lag
20 år. Friesland har eit eige språk
som heiter frisisk, så Nederland har
to offisielle språk – nederlandsk og
frisisk.
Eke er kunstnar og utdanna fargeterapeut, men har ikkje jobba
som det. I Nederland hadde ho eiga
bedrift med nokre få tilsette der dei
masseproduserte smykke. Dette var
i 1980-åra, då smykka skulle vere
store. Dette var viktig for motebransjen. Smykka vart selde både i Nederland, Belgia og i Sveits.
I 1990-åra endra situasjonen seg. Smykka skulle vere enkle
og mindre i storleik. Det var ikkje så ”in” med smykke, så
etterspurnaden minka veldig. Det vart ingen suksess.
I 2009 etablerte Eke seg i Noreg og designa berre sine
eigne smykke. Dei er spesiallaga, og svært få er like. Det
er mange forskjellige smykke – store og små, og ho lagar
det som ho likar sjølv.
Materiala som ho brukar er papir, kartong, gummi, tre,
syntetisk leire, metallfolie og filt. Ho nyttar òg sykkelslan-
gar som materiale. Ho fargar sykkelslangane med forskjellige fargar, og nyttar dette materialet som ein del i smykka.
Eit smykke kan bestå av fleire materiale.
Zentangle er ein spesialteikning laga med tusj. Denne
teknikken skapar ro i kroppen og i hovudet.
Det er som ho seier sjølv – nesten meditasjon. Det vert ein repetisjon av bildet ein
lagar. Teikningane blir skanna og skrivne
ut. Så etter kvart vert dei til smykke, små
(kort)bøker eller kort.
I fjor vart det lita tid til førebuing av sal
når Eke og Huib ikkje kom før i mai. Likevel
vart det galleri på bryggja i fjor, og det har
gitt ho lyst til å satse i år også. Smykka som
ho selde i fjor var store. I år er dei mindre,
og ho har både halssmykke, armband og
øyredobbar, i tillegg til små (kort)bøker og
kort.
Ho opnar offisielt Galleriet på Bryggja 1.
juni. I desse dagar går ho ut med annonser,
og det kjem ei heimeside i løpet av sommaren. ”Ekes”, som bedrifta heiter, vil halde ope i om lag
tre månader framover. Her må alle ta seg ein tur innom
utover sommaren. Sjølv etter at ho har opna i Galleriet
på Bryggja, så held ho fram arbeidet der. Folk kan få sjå
korleis ho arbeider. Smykka ligg framme og dei kan tas på.
Det er ikkje ”farleg” om barn t.d. tek på smykka. Dei tåler
ein støyt, seier Eke.
Me gler oss til opninga av Galleriet 1. juni, og håpar at
mange vil sjå innom i løpet av sommaren og første del av
hausten. Sjå annonse lengre bak i bladet.
HHB
Gatenamn og husnummer i kommunen vår
A
rbeidet med tildeling av offisielle adresser starta
opp på siste halvdel av 90-talet. Det første som vart
gjort var å kartleggja, koda og gje
namn til dei ulike vegane i kommunen. Arbeidet vart avslutta med
kommunestyrevedtaket 15. mai
2003. Vegnamna hadde då vore
ute til høyring, og det hadde vore
gjennomført folkemøte for dei ulike
soknene.
Adresseringa er gjort med
heimel i Matrikkellova. Hovudføremålet med å tildele offisielle
adresser, kombinert med skilting
og kartfesting, er å gjere det praktisk mogleg å finne fram
til eigedommar og personar eller aktivitetar som er knytte
til desse. Ei einsarta og presis offisiell adresse er viktig for
besøkjande, drosjer, e-verk, posten, televerk, varetransport, brannvesen, ambulanse, renovasjon og legeteneste.
I 2005 starta Aurland kommune opp med skilting og nummerering av hus og vegar. Eigarane har krav på å uttale seg
om desse før montering. I Aurland og delar
av Flåm er dette utført. Kontaktperson her
er Jan Inge Magnussen.
Husnummerskilt vil bli sett opp for huseigaren sin kostnad, jf. reglane for skilting,
vedtekne av kommunen. Huseigarane vil
bli kontakta før montering. Prisen på husnummerskilt vert om lag 150 kr pr stk., eks.
mva oppsett på husveggen. Det skal nyttast
standardskilt for husnummer (skilt nr 770 i
Vegvesenet sin skiltnormal). Dersom nokon
har ynskje om anna skilting enn den standardiserte, skal
det godkjennast av kommunen.
Framdrifta i 2011 er resten av Flåm. Først i 2012 og
2013 er Undredal, Nærøy og hytteområde i fjellet planlagt.
HHB
juni 2011 - Underdølen | 7
Anita Alltid-på-farten
A
slags menneske som aldri blir gamal. Ho er like ungdommeleg, slank, blid og energisk som då ho
kom hit til bygda. Dessutan er ho som pota: Kan brukast til alt. Spør du Anita om å koke i ein femtiårsdag i
ungdomshuset, så seier ho ja. På Furukroa ser du ho ofte med servitørforkledet. Ho tar gjerne og klipper
håret ditt når ho er heimom ein tur. Det skulle ikkje forundre meg om ho på dagtid ser etter ungane dine eller
vaskar kontoret ditt.
nita er den
stort lag i Ungdomshuset var då ho kokte i bryllaupet til Steinar Stegen og Trude
Du har jobba mykje i serveringsbransjen, ikkje
sant? - Jo, eg begynte på Fretheim Hotell,
men no har eg jobba som restaurantsjef på
Furukroa i mange år. Eg har eigentleg slutta
der, men eg er ofte innom for å ha kontroll,
ler ho. Det er ein god arbeidsplass. Når me
spør kor ofte ho er innom, viser det seg at det er
bortimot kvar dag. Og så jobbar ho når det er
bruk for ho, det vil seie ganske ofte.
Anita Fjellheim er frå Tunhovd, og har budd dei siste 24 åra i Undredal.
- Eg kom hit i ‘88, seier ho. Første jobben var for Selmer
Furuholmen i Vassbygdi. Så var eg på strikkefabrikken på
Fjordsentret i Aurland og i restauranten på gamle Fretheim
Hotell. Så begynte eg som vikar i vaskejobben på Undredal
skule, og der var eg heilt til skulen vart lagt ned. Sidan gjekk
det slag i slag med barnehage og
skulefritidsordningar rundt om i
kommunen. Eg har jobba på dei
fleste skulane og barnehagane
som finst - og har funnest - i kommunen. For tida jobbar eg som
assistent på Flåm skule. Det stortrivst eg med.
- Kva gjer du som restaurantsjef, og kva er din
viktigaste eigenskap? - Tja... Anita legg hovudet på skakke og tenkjer seg om i to sekund:
Eg tar meg av kundane, og ser etter at det er
nok dukar, blomar og slikt. Så plasserer eg
gjestane i lokalet og ser til at me har nok folk
på jobb. Viktigaste eigenskapen er vel å vere
positiv og imøtekommande og å passe på at
både dei som er på jobb og kundane har det bra.
- På ein internasjonal plass for Furukroa i travle Flåm møter
du vel mange rare folk? - Ja, det skal vere visst, svarer Anita
med eit glis. Asiatane, for eksempel. Dei er veldig flinke til
å blande maten sin: Brun saus og gele, for eksempel. Laks
og jordbærsylte. Og så drikk dei vaniljesaus. Til slutt takkar
dei for maten og seier at det var
godt. Det er kjempehyggeleg!
- Kva er den viktigaste eigenskapen
for ein som skal jobbe med ungar?Hmm, seier Anita og tenkjer ein
augneblink. - Det er kanskje å vere
litt barn sjølv? Og ikkje minst å
kunne lytte til dei. Eg liker kjempegodt å jobbe med ungar. Eg
tykkjer eg får god kontakt med
ungane. Eg er og assistent for barn
med særskilde behov. Det er gøy
med utfordringar!
Anita er god til å lage mat, og ho er
ein av dei som ikkje er redd for å lage
mat til mange menneske. Anita var
på kjøkenlaget då Undredal Ungdomslag feira sitt 100-årsjubileum.
Sist ho hadde ansvar for maten i eit
8 | Underdølen - juni 2011
Men Anita kan meir: Ho er omreisande i hårklipp! I dag skal ho ned
til Leif Finden å gjere han fin. Leif er
i gang med middagen, men han set
kjøtkakene til sides når Anita kjem
og tek plass på ein krakk så ho kan
komme i gang med arbeidet. Saks
og kam og dusjeflaske kjem opp av
frisørposen.
- Her var det mykje å ta av, ler ho.
- Ja, no må du berre forsyne deg,
svarer Leif.
Versågod, det er berre å forsyne seg, seier
Leif Finden til Anita.
Har du gått på skule og lært å
klippe hår? - Nei, eg har lært meg
sjølv, svarer Anita. Eg øvde meg
først på systene og venninnene
heime på Tunhovd. Så har eg ei
venninne som er frisør. Av ho
får eg det ho ikkje bruker lenger.
Kven er det du klipper? Anita reknar
opp den eine etter den andre i bygda.
Aud Melås på Flåmsbrygga:
Her er min karakteristikk av Anita...
Smilande, godt humør, service i blodet, stiller alltid opp så sant ho kan og ofte på
kort varsel, lojal og trufast, eit rivjern som sjonglerer mange jobbar samstundes,
glad i menneske, omtenksam, givande, rettferdig, rask i vendinga. Anita er med
andre ord eit glad-menneske som får ting gjort, ho bryr seg og deler gjerne med
andre av seg sjølv, og ho er perfekt for servicebransjen!
Det blir ein 15-16 personar før me veit ordet av det. - Og så
klipper eg nokre i Aurland, venner og slikt, og nokre kolleger. Eg fargar og.
Me spør Leif kva han set pris på ved Anita frisørdame. - Ho er
omgjengeleg, og ho ser ikkje på klokka. Og så gjer ho godt
arbeid, sjølvsagt. Bror min, Lidvin, er frisør nordafor. Han
har si eiga frisørkjede. Når han er heime i Undredal ser han
på frisyren min og godkjenner arbeidet!
Har du nokon gong fri, Anita? - Å jada, kjem det, etterfølgt
av ein trillande latter. Eg er ofte heime hos mor og far på
Tunhovd. Både eg og ungane er veldig glad i å vere der.
Tunhovd ligg 850 moh, 2,5 mil frå Nesbyen. Det er heilt
annleis enn her. Der bur ein oppå fjellet, her bur ein nedi.
Pappa, som var anleggsarbeidar, hadde ein draum om å
få seg dyr. Så kjøpte han ein stall og fekk seg 6 sauer og
ein hest. Det var i 1975, så eg er nesten bondejente. Etter
kvart bygde han seg fjøs, og no har han 40 vinterfora sauer.
Alle som kjenner Anita, veit at ho er ei skikkeleg hønemor. Når
ungane reiser tilbake skule og hybel etter endt helg får dei med
seg heimelaga middag for fleire dagar. Ho ringer dei ofte, og må
forsikre seg om at dei har kome seg vel i hus når dei har vore
ute ein laurdagskveld. - Det er så grusomt når ungane skal
reise ifrå meg. Eg er så sippete. Tårene renn! Men så er eg
fantastisk glad når dei kjem heim att. Då veit eg ikkje kva
for bein eg skal stå på av berre glede!
No har du budd i Undredal i 24 år. Ungane dine, Kenneth og
Kathrine er 21 og 18 år. Dei har budd her heile livet. Likevel
snakkar dei Tunhovd-dialekt. Kvifor? - Det er min feil. Eg tyt
så mykje, svarer ho og set latterdøra opp igjen.
Du er veldig glad i foreldra dine og. Sat du ikkje stand by ved
sengekanten til far din i to månader då han var sjuk for eit par
år sidan? - Det skulle berre mangle. Han har gjort så mykje
for oss! Lungene hans kollapsa og han fekk ikkje nok oksygen. Eg og systrene mine bytte på å sitte ved senga hans.
Og me krangla mykje med sjukehuset for at han skulle få
den behandlinga han hadde krav på. Eg er sikker på at om
me ikkje hadde stått på slik me gjorde, så hadde han ikkje
levd i dag. På same tid vart mor innlagt med ein alvorleg
augesjukdom. Det var ei tøff tid, men no er heldigvis begge
ganske bra, og takk og pris for det!
Du er alltid blid og glad, verkar det som, og aldri høyrer me
du snakkar stygt om andre. Er du alltid slik? - Eg kan vere
alvorleg, slik som då eg sat ved sjukesenga til far min. Men
eg klarer for eksempel ikkje vere på ein arbeidsplass der eg
må vere seriøs heile tida. Då dør eg, seier Anita og knekker
saman i ei lang, herleg latterkule
Tekst & foto: AKM
Cruisebesøk
Den 11. mai låg det tre Cruiseskip i Flåm. Det lengste skipet heitte Orchestra og målte nesten 300 m. 173 personar frå skipet, fordelt
på fem bussar kom hit og fekk omvising i kyrkja. Dagen etter kom 93 personar frå skipet Exhibition. Biletet av bussane er frå 27.
mai. Då låg to store skip i Flåm, og det kom fire bussar på ein gong.
juni 2011 - Underdølen | 9
Hjå Jofrid og Egil i Buastova
S
som ikkje eigde og bestemor, og her fødde mor fem jenter. Då eg var sju
grunn. Dei eigde huset dei budde i og kanskje eit år flytta dei bort i huset ho mor bur i enno. Men då sa
naust og grunnen huset sto på. Inntekta henta dei ved bestemor: - Ho Jofrid blir verande hjå oss! Og slik vart det.
arbeid utanom heimen, ofte gjennom pendling til andre
Brygga her vart restaurert for seks-sju år sidan, seier
plassar.
Egil. Det var han Jon og eg som gjorde det.
trandsitjarane var underdølar
Egil, Jofrid, brygga og fjorden.
Buastova er eit slikt strandsitjarhus. Stova ligg i Undredals “Skomakargate”: Når du står på almenningen framom
Underdalsbui går du til venstre opp Birjegeili. Du svingar
forbi det som går for å vere Undredal eldste hus, Edlingastova, og stova der Tulla, mor til Jofrid bur. På vegen
utover passerer du to andre strandsitjar-stover og så er du
der: Eit enkelt kvitt hus med to naust tett i tett,
inneklemt mellom vegen og fjorden.
Så restaurerte me naustet. Han Jon var ein
ivrig fiskar. Me har ikkje båt, men sonen vår i
Hemsedal har ein båt som han hadde liggjande
her i fjor sommar. Stova begynte me på etter at me overtok ho for eit par år sidan. Me
tek den tida me treng, det er ingen ting som
hastar. Me er her som sagt så ofte me kan, og
om sommaren er eg her meir eller mindre fire
månader samanhengande. I fjor kledde eg opp
att huset. Alle som for forbi på fjorden vinka
til meg. Det vart så travelt at til slutt måtte eg
slutte å snu meg og vinke tilbake, elles hadde
eg ikkje fått gjort noko, ler han. Egil jobbar
som vaktmeistar i Hemsedal kommune. - Han
liker å drive med noko heile tida, seier Jofrid.
At han er ein nevenyttig kar er lett å sjå. Alt
er fint gjort, både innvendig og utvendig. Og
Jofrid har sett sitt preg på huset gjennom innreiing og fargeval. Lyst og lekkert er det. Og
alle møblane har si historie:
Denne sjeselongen fekk eg av Sigurd-morbror. Eg tok
han med til Hemsedal og trekte han opp att. Han kan slåast
ut til dobbelseng. Då eg var lita sto sjeselongen inne i vetlastova. Bestemor og eg låg i han kvar natt. Eg har mange
gode minne både om den og vetlastova. No har me slått ut
veggen mellom stovene og sett sjeselongen inn her, for han
Ein vakker vårdag i slutten av april tar Jofrid
og Egil Roteigen imot på brygga i sitt paradis.
Sola strålar frå skyfri himmel og speglar seg i
blank sjø. På bordet på brygga står ein gamal
mugge med gåsungar og nokre gule tulipanar i.
- Det er ein befrielse å komma hit, seier Jofrid.
Her er så vakkert og fredeleg. Me reiser så ofte
me har tid, det er berre 1 ½ times køyring frå
Hemsedal.
Byggeåret er ukjent, men skøyta på tufti er
datert 1919. Det var bestefar og bestemor (Jens
og Marta Sofie Buene) til Jofrid som bygde huset. Han kom frå Buene og ho frå Sogndalsdalen.
Dei fekk 10 barn, og av dei er det Tulla, Idar og
Ruth som lever i dag. - Etter at Sigurd-morbror
døydde, overtok Jon-morbror huset. No er også Strandsitjarstovene ligg tett i tett langs fjorden. Brygger og uthus innimellom.
han død, og huset er eit mykje brukt fritidshus
for Jofrid og Egil. - Dette er heimen min, skjønar du! Mor var så fin. Over han heng eit stort, fint måleri av ein hane,
og far budde først i to år på loftet i Edlingastova. Der fekk som Jofrid fekk av yngste dotter si til 60-årsdagen. - Eg
dei eldste syster mi. Så budde dei på loftet her hjå bestefar har alltid hatt så lyst på høner, seier ho. Kanskje eg kan få
10 | Underdølen - juni 2011
meg høner når me flytter til Undredal? Men det blir ikkje mykje for dei
å nippe i, ler ho. Tomta er ikkje stort
større enn flekken huset står på.
Frå stoveglasa ser Jofrid og Egil
både innover mot Raudberg og utover mot Beitelen. - Det er kjekt å
sjå på dyrelivet herfå, seier Jofrid. I
dag tidleg symde det eit stokkandpar forbi her. I fjor og i forfjor såg
me ein storskarv som ofte sat på ein
båt utom her og tørka vengene sine.
Ein gong såg eg han kom opp med ein
fisk, fortel Egil. Me såg og ein oter
som symde langs hølastrondi og ei
kveite som bukta seg rett utfor brygga. Eit mektig syn! - Før såg eg ofte
krosstroll og krabbe, minnest Jofrid.
Denne gamle sjeselongen har
Det har vore lite av det i mange år,
Jofrid mange gode minne om
men i fjor såg eg dei igjen. Jofrid
minnest barneåra: Me sto på brygga og fiska. Me fekk ofte
fisk. Og når makrellstimen kom – då var
det ut i båt. Me sette hoven nedi sjøen
og hova inn. Ja, det var andre tider enn
no! Nise og kobbe ser me ofte. Og så følgjer me med på pillane som beitar i vetlenedbergane. Det er stupbratt der. Mang
ein gong har me trudd dei har gått seg
skorfaste, men nei, dei bergar seg alltid!
No ser Egil og Jofrid fram til ein lang,
fin sommar i Buastova. Målet til Egil i år
er å rydde naustet. - Eg har ikkje noko
hastverk, seier han. Eg liker å ha noko å
gjere på. Og arbeidet har ein tendens til å
balle på seg. Eg ser for eksempel at sjøen
tærer på grunnmuren. Kan hende må eg
støype lenger ned for å sikre grunnmuren?
Tekst & foto: AKM
Servicebygget
Som nemnt i leiaren, har det storma kring servicebygget i vinter. Me gjengir ikkje argumenta her, men kan opplyse
at uteområdet etter framdriftsplanen frå byggjeleiar Kjell Tokvam skal ferdigstillast i midten av juni. Første etasje
(toalett, dusj mm) skal vere ferdig 1. juli, og andre etasje i midten av august. Bygget skal opnast offisielt under Geitostfestivalen siste helga i juli.
” Norske parkar” stifta i Undredal 2. mai 2011
N
ærøyfjorden verdsarvpark var vertskap for nettverket mellom dei som alt er regionale parkar eller
landskapsparkar (lokale parkar), samt alle andre som var
interesserte i å lære om dette. Måndag 2. mai møttest
45 personar frå m.a. Telemarkskanalen, Valdres Naturog kulturpark, Landskapsparkane i Hordaland, Halden,
Finnskogen, Numedal og verdsarvparken på grendehuset
i Undredal.
Det var svært stilt i bygda, for ein av dei gamle høvedsmennene, Øystein Undredal, vart gravlagd på Vangen denne
dagen. Vi fekk ei fin omvisning i kyrkja, der vi også mintest
Øystein med eitt minutts stillheit. Klokka sine vakre tonar
fylde kyrkja for ein som hadde vore klokkar i over tjue år.
Det var ei fin stund og sjølv dei som ikkje kjende han, følte
at dei kom Undredølene litt nærmare nett då.
Etter omvisninga gjekk vi til ungdomshuset. Den gode
maten og miljøet både nede i kafeen og oppe i salen danna
ei fin ramme for konferansen, noko mange kommenterte.
Det er heilt ok å ikkje ha alt på stell med nyaste teknologi,
det enkle er ofte det beste! I unghusomset vart og skipinga
av ein ny organisasjon vedteken: Den 2. mai 2011 signerte dei fire eksisterande parkane stiftingsdokumentet
for ”Norske Parker”. Tema elles på seminaret var utvikling av vertskapsrolla, lokal verdiskaping og forankring
av parksatsinga i lokalsamfunna. Undredal var eit godt
eksempel på båe delar. Seminaret held fram med eit sakte
cruise med Lykkeper på fjorden og på Stalheim hotell dagen etter.
Tekst og foto: Hanne Lykkja
juni 2011 - Underdølen | 11
organisasjonsstoff
Referat frå arbeidsseminar
om universell utforming, bulyst og besøksstyring i Undredal, 5.-6. april 2011
S
besøksforvaltning og universell utforming: Per Christian Brunsvik (rådgjevar praktisk
tilrettelegging), Janne Ølmheim (Statens Vegvesen), Ivar Bjarne Underdal, Oddgeir Aardalen (Fylkesmannen Sogn og Fjordane), Jarle Sandvik (arkitekt), Mona Elisabeth Steinsland (S & Fj fylkeskommune) Randi
Øverland (Oppland fylkeskommune) og Johanne Gjesdal Mo (ergoterapistudent).
amplanlegging for god
I mars 2011 fekk kommunen og grendalaget støtte frå
fylkeskommunen til utarbeiding av ein stadanalyse for
Undredal. Stadanalysen skal danne grunnlag for innspel
til reguleringsplan/ kommundelplan og ein utviklingsplan
for Undredal. Denne skal utviklast i nært samarbeid med
bygdefolket gjennom fleire arbeidsseminar og folkemøte
utover året. Hanne Lykkja ved Aurland Naturverkstad AS
leier dette arbeidet.
Det fyrste seminaret fann stad i Undredal før påske. Universell utforming (dvs. tilrettelegging for alle – inkl. folk
med ulike funksjonshemmingar), trygg trafikkløysing i
små bygdesentra og besøksstyring var populære tema, og
35 følgde førelesingane i ungdomshuset fyrste dagen. På
arbeidsseminaret same kveld og neste dag deltok 28 personar. Det vart mange interessante diskusjonar og mykje viktig kunnskap vart
formidla mellom førelesarane, representantane
frå kommune- og fylkesforvaltninga og grendafolket.
Randi Øverland koordinerer arbeidet med
universell utforming i
pilotfylka Oppland og
Hedemark. Ho fortalde
om kvifor Universell
utforming er viktig, kor
mange av oss som sit alt
12 | Underdølen - juni 2011
for mykje i ro, og at tilrettelegging for ferdsel og trivsel
der alle brukarar føler seg velkomen, er eit gode for alle.
Det handlar mykje om omtanke og god planlegging tidleg
i prosessen. Randi fryda seg over både bygda og seminaret
og såg for seg liknande planseminar i Oppland og Hedemark.
Per Christian Brunsvik sit i rullestol og vart godt kjent
som deltakar på Lars Monsen sin ekspedisjon ”Uten
grenser” i fjor. Han fortalde levande om omtanke
og verdiar som ligg bakom det å leggje til rette for
at alle skal kunne klare seg mest mogleg sjølv, og at
det ligg mykje verdigheit i det å la folk meistre sin
eigen kvardag. Det er samstundes viktig å oppfordre
folk til å trene, flytte grenser, bruke hjelpemidla
meir aktivt og kreativt. Små detaljar kan bety mykje for ein som ser eller høyrer dårleg, eller som
sit i rullestol eller treng krykker. Td. finare grus
på gangvegen, lågare montering av skilt og spegel
på badet, tydelege kontrastar for dei som ser lite,
fjerning av søppeldunkar, blomsterkrukker og skilt
der folk skal gå. Mange slike tiltak er gode for alle,
og kan gjere det enklare å ta seg ein tur anten ein
har barnevogn eller rollator. Per Christian likte seg
godt i Undredal og fortalde at han har sansen for
slike bygdesamfunn som endå har att atmosfære
og særpreg.
Solveig Dale frå Trondheim kommune har jobba
med universell utforming i ei årrekkje og har vore prosjektleiar for utarbeidinga av eit nytt prosessverktøy for
kulturminnevern og universell utforming som vart gitt
ut av Miljøverndepartementet i 2010. Ho tok for seg både
måtar å gjere det på og korleis ein må jobbe i lag for å få
til universell utforming av verneverdige bygg og landskap.
For å få til gode løysingar er det viktig med god dialog og
Undredalselvi er eit varig verna vassdrag som renn gjennom grenda og sentrum. Elveforbyggingane
er rasa ut fleire stader, mellom anna ved skulen og ovanfor ungdomshuset.
Konkrete forslag som kom fram i dei tre gruppene
• Trafikale utfordringar: Eit sjarmerande kaos, som godt
kan fortsetje dersom ein fjernar mesteparten av trafikkmengda
midt på sommaren ved å stoppe tilreisande på snuplassen (eller Langhuso).
• Strakstiltak 1) Opprydding: flytting av søppelspann, rundballar, revegard
beste strategi.Arkitektane, landskapsarkitektane, planleggjarane
og ingeniørane hadde kvar sine oppfatningar og tilnærming, og
på så kort tid er det vanskeleg å få oversikt over kva som er
dei viktigaste utfordringane for bygda. Men det er spennande
å få nye innspel, og vi tek dei med oss vidare i prosessen. Her
er nokre viktige innspel:
Strakstiltak 2) Skilting og brosjyre: med kart og rusleturar.
Trafikkskilt etter forskrifter, lokale skilt: opprydding av skilt,
lage eigen skiltmal for resterande skilt. Oppdatere skilt på
snuplassen osv. Velkomstbrosjyre med turruter i sentrum og
andre rusleturar.
Strakstiltak 3) Offentleg toalett - organisering fram til
servicebygget står ferdig.
Strakstiltak 4) Utemøblar: Einheitlege benkar og søppelkasser, kvileplassar kvar 50. meter og ved utsiktspunkt.
Ungdomshuset skal få nytt tilbygg og sanitæranlegg med universell utforming.
• Torgareal mellom servicebygget og kaia: Forslag om å
utforme den kommunale kaia mellom Osteklokka kafe og den
restaurerte sjøbua, slik at den skrår ned (breie trappetrinn)
mot fjorden, for å opne opp og gjere vatnet lett tilgjengeleg.
Universell utforming er ei utfordring.
Forslag om å utvide snuplassen ved å byggje opp ein mur mot
elva (god elveforbygging) og fylle opp arealet for parkering og
snuplass. Lage markant form og klar av avgrensing med flott mur
mot elva og sentrum. Ta vare på den høge muren på oversida,
den markerer inngangen til bygda.
Servicebygget passar godt inn i bygningsmiljøet.
Det kom mange gode tilbakemeldingar på plassering og utforming frå dei tilreisande som deltok på planseminaret. Fortetting
av sentrum vil kunne forsterke preget og atmosfæra. Her ser
vi bygget frå fjordcruisebåten i det den legg frå land.
• Kaiområdet har høge kvalitetar, dvs. det er vanskeleg å
byggje meir kaier på tvers, utan å øydeleggje dette unike miljøet.
Pir med plass til småbåtar er betre.
Forslag om opptrekksplass for kajakkar som no, ved stranda,
og lagring på torget, eller opptrekk og lagring ved elva.
• Allmenningen: Fortetting av sentrum, forsterke gateløpet
frå brannstasjonen til butikken, og vidare frå sanitæranlegget
til ”parken”. Leikeplass – naturleikeplass og fleksibel bruk, td.
volleyballbane med plen. Gangvegar og stiar gjennom det opne,
grøne området.
• Prioritering etappevis i forhold til parkering:
1) Snuplassen 2) Skilting 3) Langhuso
Analyse og strategiar for besøksstyring E16 Langhuso –
Snuplassen
Forslaga til tiltak og strategiar for Langhuso, snuplassen og
sentrum var mange og fagfolka var ikkje einige om kva som var
samarbeid mellom tiltakshavar, styresmakter og ulike
interessegrupper. Kommunane bør lage seg eigna rutinar
for å få til slikt samarbeid.
Frode Bakken frå Statens vegvesen på Hamar sa at det
hjelper lite om eit tiltak er etter lova og ser bra ut, dersom
det ikkje blir trygt å ferdast i trafikken.
Han viste filmar som understreka dette. Frode jobbar både
med lokalsamfunnsutvikling og tettstadforming, og var
ute etter å kartleggje problemet som skulle løysast før ein
Ta vare på brannstasjonen, la den stå fritt!
Solveig Dale viste til eit øysamfunn som hadde teke vare på ein
liknande liten brannstasjon. Den var eit populært fotoobjekt
og gjorde folk interesserte i samfunnet på øya, korleis det var
organisert, korleis det var å bu der. Forslag frå mange av fagfolka og arkitektane var: Behald bygget, mål «Brannstasjon» på
dørene, rydd opp og organiser møteplassar her, lag parkering
og set opp eit eige lite hus som skjerming for glaskontainer mv.
såg på tiltaka.
Vidare arbeid
Undredølene var eit triveleg vertskap, og dei hadde hyra
inn kokkar som slo til med lokale rettar som smaka fantastisk! Så folk jobba ivrig og fortalde at dei hadde lært mykje.
Men dei oppmoda oss om å få med fleire ungdomar. - Lag
seminar for dei – på deira måte, var eitt av innspela
Tekst og foto: Hanne Lykkja
juni 2011 - Underdølen | 13
GEITOSTFESTIVALEN I UNDREDAL
29. – 31. juli 2011
I år satsar me på ein festival med sterkare fokus på geitosten og anna «sakte mat».Ved å servere ostefat med
tilpassa drikke og grillmat av lokale råvarer vil me gje folk nye gode opplevingar i matvegen.
Program
Fredag 29. juli
Som det har vore vanleg på tidlegare festivalar inviterer me til ein «førkveld» før sjølve festivalen opnar, med kulturopplevingar
litt utover vår eigen lokale kultur, som står meir i fokus resten av helga. I år har me vitjing av ein gamal kjenning og undredalsven
Andrea Rice frå Irland. Saman med sine musikarar klarer ho å få fram både dei vare stemningane i irsk musikktradisjon og dei friske
velkjende irske visene som får folk til å synge med. I år har ho med seg ein multiinstrumentalist som kanskje særleg med banjoen
sin vil gje eit nytt uttrykk i musikken hennar.
KL. 19.00 Kyrkjekonsert med irske Andrea Rice der den irske harpa har eit sentral plass forutan Andrea sin nydelege vokal.
KL. 21. – 01.00 Kveldsseta på brygga med eit nytt smakstilbod på ost og utvald god drikke. Musikk ved Andrea Rice Band i ein miks
med konsertstemning og melodiar som får det til å rykke i dansefoten.
Slutt kl 01:00
Laurdag 30. juli
KL. 11.00 Salsbodane opnar med tradisjonelle og nye mat- og handverksprodukt.
Matbodane serverer grillmat, fløytelappar og annan god kaffimat. I år er Haugen Gardsmat invitert til å stå for grilltilbodet, basert
på god handverkstradisjon.
KL. 12.00 Offisiell opning av festivalen og det nye servicebygget. Leikar for liten og stor, der du vert utfordra til å prøva deg på
jurklutkasting, setta spedlen på geiti, andletsmåling og hestaskokasting. Det vil og bli fleire åresal utover dagen med flotte premiar,
underhaldning og musikk. Aktivitetane og salsbodene vil halde ope til ca kl. 17.00. Me avrundar med premieutdeling.
Kveldsprogram
Kl. 18.30 Bordseta på brygga med fjordens kanskje lengste langbord frå parkeringsplassen til bryggjekanten. Menyen er tradisjonen
tru rommagraut, spekemat, flatbrød og i år kan me garantere at Undredalsmylsa er med.
Dei tre trubadurane Olaf, Øystein og Leif Inge vil underhalde og dra folk med i allsang med stoff frå Sivle, Sande og nyare låtskrivarar.
KL. 20:30 Aurland Trekkspelklubb spelar opp til gamaldans
KL. 21:15 Dei tre trubadurane Olaf, Øystein og Leif Inge dreg folk med på velkjende populærmelodiar ispedd litt dansemusikk.
KL. 21:30 Bryggedans med Hilde Fjørtoft Band.
Utover kvelden vert det sal av grilla lokalt produserte burgarar og pølser. Slutt kl 02:00
14 | Underdølen - juni 2011
Søndag 31. juli
KL. 09:30 Festivalfrukost på bryggja
KL. 11:00 Salsbodane opnar med tradisjonelle og nye mat- og handverksprodukt. Matbodane opnar kl 12:00.
KL. 11:00 Messe ved fjorden
Imellom desse programpostane vert det høve til å vere med på omvisning i kyrkja, Undredal Verdsarvhus (Eldhuset) og Undredal
Stølsysteri. Festivalen vert avslutta i tretida, men det er mogeleg bodane held ope lengre om veret er godt og det er kjøpelystne gjester.
NB: Det kan komme endringar. Følg med, følg med!
Velkomen til Geitostfestivalen 2011!
KURS I Å LAGE ROMMAGRAUT OG MYLSE
Laurdag 2. juli kl 14:00 i Undredal skule.
Ingebjørg Borlaug instruerer i korleis ein tradisjonelt lagar
rommagraut og mylse. Kurset er gratis, men me vonar dei
som deltek kan vere med å lage rommagraut og mylse til
geitostfestivalen. Me vil prøve å få til eit opplegg med produksjon av rommagraut i Fjordkjøkkenet i Aurland før festivalen.
Vel møtt!
Arr.: U. Ungdomslag
Frå geitostfestivalen 2009. Sofie Klemetsen ved mikrofonen.
Har du lyst til å delta på festivalen som frivillig?
Me treng hjelp både i forkant, under og etter festivalen.
I år vil me prøve å sette meir fokus på trivselen til dei
frivillige, mellom anna ved oppvarting under rigginga, og
gode, detaljerte instruksar under heile festivalen, slik at
opplevinga ein sit att med etterpå, er å ha vore med på:
•
•
•
Å lage ein fin festival der bygda får visa seg fram
Å oppleva godt samhald og kva ein får til i fellesskap
Ei kjensle av å ha gjort noko meiningsfylt som kan
gje overskot i kvardagen
I tillegg vil du kunne tena deg opp fri tilgang til arrangement på festivalen, alt etter kor mykje du jobbar. Ei vakt
vil bli på ca 4 timar. Det er fint om du kan seia frå om du
ynskjer ei eller fleire vakter, og kva du kan tenka deg å
jobba med. Ca 10 timars arbeidsinnsats gir festivalpass.
Om du er interessert, ta kontakt med Anna Elise Borlaug på tlf: 913 09 021 eller send ein e-post til post@
undredal.no
Det trengst mange frivillige for å lage festival. Her ser med
Elfrid frå Bulken, Inger Marie frå Evanger og Irene B. Stegen
frå Undredal/Aurland.
Håpar på mange positive tilbakemeldingar, for me treng DEG!
juni 2011 - Underdølen | 15
kultur
Underdalssongen har fått fleire stemmer!
S
ongen om bygda vår, Undredalssongen, er endeleg
blitt festa til notearket. Det er tidlegare organist i Aurland, Øystein Steinsland, som har gjort det. -Eg kjente
Aurlandssongen, og då eg høyrde at det fanst noko som
heitte Undredalssongen spurte eg om det fanst notar på
den. Eg ville gjerne bevara songen for ettertida og samstundes arrangera han for kor, så han kunne brukast på
fleire måtar. Trykte notar fanst ikkje, men Anna Karine
Marstein sende meg ein kladd. Sidan har eg arrangert han
for både to, tre og fire stemmer.
-Korleis vil du karakterisera tonen til Undredalssongen?
- Han er monumental - minner om ein marsj. Det er ein
typisk bygdesongmelodi, svarer Steinsland. Han fortel at
han brukte om lag fire timar på den firstemte varianten.
Sidan tok det eit par timar å lage dei to andre versjonane.
Førebels kjenner han berre til at Hagebykoret i Oslo har
framført songen i hans arrangement. Dei som vil kan bruke
arrangementa. Det er berre å kontakte AK!
Øystein Steinsland er 37 år. Han kjem frå Modalen i Hordaland. Han kom som organist i 2003.Arbeider no i musikkskulen i Lærdal og Aurland. Øystein er ein allsidig musikar. Han
er utdanna organist frå Musikkhøgskulen i Oslo og Musikkonservatoriet i Trondheim. Forutan å arrangere musikk så
dirigerer han kor og spelar både orgel, andre tangentinstrument og trekkspel. Foto: AKM
2
1
3
4
Hundekonkurranse
Hunden er menneskets beste venn, men kva
(a) heiter hunden og (b) kva heiter eigaren?
11
Undredal er fullt av hundar, men kjenner du alle desse?
Nokre hundar og eigarar bur i bygdi, mens andre er herifrå og kjem heim på besøk av og til. Nokre av hundane er
døde no, men har levd sitt hundeliv her. Skriv nummer
og namna på eit ark, så er du med på trekninga av ein
billett til eitt av kveldsarrangementa på brygga
under Geitostfestivalen. Me må ha svaret
innan 25. juli.
5
6
10
9
16 | Underdølen - juni 2011
8
7
Eit dikt frå boki ”Vilje de lya” av Caroline Juul Jørstad - innsendt av Eldbjørg Wangen, Aurland
Det er høgt i frå sjøen til Steganos
og Beitedl ligge unde.
Og ingen kan sigla fjorden inn
som inkje fær lengt etter snø og tind.
Det rodna i svarte votni.
Fugedl flyg i skogen.
Men den som burte frå fjedli må gå,
han dregst i hugen attende.
Fugedl liten vinn ikkje fluga.
Men midt imot nuten og svarte svai
ligg Kvitemoladn grå.
Steinen er grå og mosen er grå,
men himmelkvelven er klår og blå.
Og snøen ligg kvite på fjedli.
So høgt som det er til Steganos,
fugedl liten vinn ikkje fluga.
Bjørki ho heng yver vatn og sjø,
Men oppe i fjedle ligg kvite snø.
Bjørki ho gjenge på kvite fot,
Men øvst so er ho grøn.
Grøne kodle etter fjedle hanga.
Kvite føte etter fjedle ganga.
Bokprosjektet – Undredal anno 1973
Litt informasjon om diktaren Caroline
Juul Jørstad.
Caroline var dotter
til presten og skulestyraren Eilert Patrick
Juul som levde frå
1852-1928. Han var
prest i Aurland frå
1884 til 1924 – i heile
40 år. Caroline Juul Jørstad var fødd i 1892.
Ho busette seg i Oslo der ho var lærar
og lyrikar. Diktet ”Vilje de lya” er frå
1935.
Foto: PB
Dei fleste hugsar vel ei stund tilbake, då Underdølen
omtalte eit fotoprosjekt som fotografen Ole Fretheim gjennomførte ei vekes tid før påske i Undredal i 1973. Han ville
at desse bileta skulle komme alle til gode, og ikkje liggje
å støve ned.
Ole Fretheim jobbar med boka, men det har vore stillstand
ei stund pga sjukdom. No er arbeidet i gong att, og han
reknar med at boka skal vere ferdig i god tid før jul i 2011.
Boka kjem ut på Skald Forlag, og tanken er at Skald Forlag
og Ole Fretheim deltek under Nynorske Litteraturdagar.
Dersom det vert bokslepp under Nynorske Litteraturdagar
28.-30. oktober, så skal det vere i Undredal. Skald Forlag
fortel at dei har alle bileta på plass, men at dei ventar på
resten av tekstmaterialet.
Eitt av dei mange bileta Ole Fretheim knipsa då han var i Undredal. Me kjenner att Simo-Lisa, Lusse, Stein Inge og Botolv. Men
kven er dei andre på biletet?
Ein god idé til julepresang, i alle fall for dei som har levd
ei stund.
HHB
Vårbøn
av Sigrunn Ytrefjord, 9. mai 2009
Det blømer i hagar for våren er her,
den møtte vinteren nyss.
Midtlies bytte dei klednad
og skildest i våte kyss.
Det surklar i bekkar – det fossar i elv,
det blømer i gråkvite hagar.
I kjølege vårvindar kronblada skjelv
med bøn om solrike dagar.
Snart heiser me flagget vårt den 17. mai,
vårt vakraste felles symbol.
”Ja, vi elsker” skal runge høgt
i takksemd frå pol til pol.
Me eig dette landet – me fekk det i arv,
her kjempa dei kvinne og mann.
Me skal tryggje det vidare fram
i takk for den fridom dei vann
juni 2011 - Underdølen | 17
kultur
Ord på bokstaven S – framhald frå sommarutgåva av Underdølen i 2010.
S
Av Roald Underdal
Sikla sleve
Sikta
reinse sand, jord eller korn/mjøl i eit såld/sil
Sileplagg
tynt tøystykke (gas) som ein siler mjølka gjennom
Sitla
liten bekk. Verbet sitla er eit lydmalande ord for den fine klukkelyden frå småbekkar
Sjaber
ussel, klein, uvel
Sjaksa
måten som ein næming brukar øksa på eit trestykke eller øks
Sjalabeis
rask og uvanleg måte å gjere ting på, ”da gjekk pao ein sjalabeis”
Sjausovar
ein som ligg lenge i senga om morgonen
Sjelta
panne, hovudskalle; tyder òg skjelving, risting
Sjena(skjena) når folk eller dyr ikkje går rett fram, men skjer ut til sidene
Sjitra
geitaulestilken er hul og avdelt i kammer. Av ein slik stilk laga gutungane ”skytevåpen” i to deler: den eine var røyret med ein liten opning i enden, og den andre ein rett pinne med ei fille rundt, ”stemplet”. Røyret vart så fylt med vatn, og når ein pressa stempla inn, vart det ei fin stråle som ein retta mot leikekameratane.
Skaddle
panne
Skakk
skeiv
Skammabod
eit altfor lågt pristilbod
Skammakrok når barn gjorde noko gale eller var ulydig, kunne dei som straff bli sendt i ei krå med andletet mot
veggen.
Skammavit
ein som har vit til å skamme seg når det vert avslørt at vedkommande har sagt noko urett eller usant eller gjort noko gale.
Skarra
skarre-r-en blir uttalt med den bakre del av tunga opp mot den bakre del av munntaket, når lufta passerar forbi (Edith Piaf-r-en). Den vanlege r-lyden i vår dialekt er ein rulle-r og blir uttalt med tungespissen mot ganetaket. Prøv!
Skifte
fleire tydingar: 1) vegdele 2) arveoppgjer 3) klesbyte
Skjeppe
gamalt hulmål, 17,37 l
Skjerr
sky, skremt (om dyr)
Til ettertanke!
Natt til 25. april skjedde det ei båtulykke på Husaflaten, på andre
sida av fjorden frå Undredal. På formiddagen denne dagen vart
Stein Ove Borlaug oppringt av Alarmsentralen med førespurnad
om å undersøke kva som var hendt. Han og Marius Borlaug
køyrde ”bortom” for å sjekke båten som låg med kjølen opp.
Kva møtte dei? Ingen personar låg inni båten, for dei to som
var om bord hadde hatt flaks og var uskadde. Dei hadde redda
seg i land og fått hjelp.
Hendinga gir oss tankar om at utkantane vert altfor lite prioritert når det skjer ulykker. Politiet hadde ikkje tid til å komme,
eller prioriterte det ikkje. Dei fekk tilbod om å bli henta både
frå Aurland og Undredal, men det ville dei ikkje. Riktig nok
18 | Underdølen - juni 2011
vart eit Sea King redningshelikopter sendt dit, men det er ikkje
nok. Det kunne vore alvorleg skadde personar i båten, eller
det som verre var, at nokon var omkomne. Dei to lokale som
reiste bortom ante eigentleg ikkje kva som kom til å møte dei.
Ulukka skulle etterforskast utan politi på staden, men med
lokale aktørar og ein frå Sea King redningshelikopter med
kontakt via mobil. Politiet kom på plass etter ei stund.
Hanna H.Borlaug
Kyrkja
Askvik5
Like før jul heldt Askvik5 ein fabelaktig flott julekonsert
i kyrkja. Her fekk me høyre folketonar og andre vakre
tonar med variert tonefølgje. Ein del av arrangementa
var laga av den musikalske familien. Gruppa har gitt ut
ein jule-CD med tittelen Gladværugt. Den anbefaler me
på det sterkaste. Askvikfamilien budde i Aurland så lenge
Egon var sokneprest her. No er barna vaksne og har fått
seg musikalske vener. På biletet ser me yngste dotter Mari
akkompagnere storesyster Ingrid på “Den fagraste rosa er
funni” med sitt trekkspel kjøpt på Fretex, mens far Egon
trør orgelet.
Kandelaberkonsert
I romjula inviterte Kyrre Evjenth Slind til kandelaberkonsert. Med song, lutt, gitar og mykje levande lys ga han
oss ei fredeleg stund i den vakre kyrkja vår. Søskenbarnet Hege frå Stigen/Fresvik hadde tatt med mange gode
ullteppe, så ikkje vinterkulda skulle øydelegge den gode
stemninga.
Prestebyte igjen
Svenske Karin Larnefeldt sin første gudsteneste i Aurland prestegjeld var Nikolai-markeringa i Undredal kyrkje i
desember 2009. No har ho fått seg ny jobb i Paris, og har si
siste preik i Undredal den 19. juni. Me takkar for følgjet og
ynskjer Karin og sambuaren Axel lukke til i den store byen.
Kyrkjestyret laga si innstilling til ny sokneprest 31. mai.
Saka skal opp i Bjørgvin bispedømmeråd for endeleg vedtak. Til hausten får me sjå kven som skal stelle med vårt
åndelege liv framover.
Ortodoks messe
Den 22. mai vart ein liten georgisk-russisk gut døypt i kyrkja
vår. Namnet hans var Nikolai, og det var difor den ortodokse
kyrkjelyden i Bergen hadde valt seg ut Undredal kyrkje for
den heilage handlinga. Kyrkja vår er nemleg vigsla til denne
helgenen. Rundt 40 menneske vitja kyrkja og bygda denne
dagen. På biletet les ei av forsongarane ei segn om St. Nikolai.
Det store ikonet hadde gjestene med sjølv, mens Nikolai som
står i bakgrunnen vart laga av ungane ved Undredal skule til
kyrkjejubileet i 1997. Gudstenesta var prega av røykjelse, messing og vakker fleirstemt song. Kyrkjelyden sto under heile den
1,5 time lange handlinga.
Fotos: AKM
juni 2011 - Underdølen | 19
annonsar
Filt Ferie i Undredal Gåveabonnement
Eg vil gjerne at
Eke Krug fra GALLERIET PÅ BRYGGA arrangerer en filt-­‐ferie med Harm Harms fra den nederlandske bedriften HAWAR skal få eit abonnement på Underdølen.
Han/ho har denne adressa:
Eg som skal betale heiter:
Og har denne adressa:
Eg ber om å få rekning frå og med sommar-/julenum-
Fra 6. til 11. september 2011 meret 2011.
Undervisningen blir fra kl 9:00 til kl 13:00 hver dag Abonnementet går til eg seier det opp skriftleg.
Kurs info, påmelding og praktisk informasjon: [email protected]
Opplev
pizzasteiking
i Eldhuset
Ta deg tid.
Sakte gjer deg mathandverk og
opplevingar regionen. Her finst ei
mengd produkter og tenester som
er verdt å ta seg tid til.
Bygdeverten Jorunn byr på
pizzaoppleving i Eldhuset,
og steinomnsbakte brød.
Bestilling og pristilbod:
915 23 394
Frukost frå kr 140 (vaksen) / kr 70 (born)
Overnatting i leilegheit frå kr 1.300 pr/natt
(4-6 pers). Turar frå kr 400 pr pers/time.
Egne prisar for servering.
Ta kontakt for bestilling og pristilbod.
20 | Underdølen - juni 2011
Flåm Oppleving
N-5743 Flåm
[email protected]
flamoppleving.no
sakte.no
sakte.no
Designbyrået Karlsens. Foto: © Sakte, Actionphoto, Stine Karlsen
Designbyrået Karlsens. Foto: Privat/Flåm Oppleving
Ta deg tid.
Aurland
28. – 30. oktober
Gilje Torh
eim
Aurland kommune inviterer
til den 6. utgåva av Nynorske
Litteraturdagar.
Foto: Ma
ria
Programmet vert offentleggjort i slutten av juni
og billettsalet startar i byrjinga av september.
gasta.no
Sommarkonsert
VAMP m/ Eivør Pálsdóttir
Onsdag 13. juli kl. 19.00
- utandørskonsert på Sogn jord- og hagebruksskule
renfeldt
Tho
Foto: Dag
Billettsal på rådhusa i Aurland,
Lærdal og Årdal, og på turistinformasjonen i Flåm. Billettar
kan óg bestillast på e-post
[email protected]
For meir info om litteraturdagane
eller konserten med VAMP, sjå
nettsidene våre eller føl oss på
Facebook.
nynorskelitteraturdagar.no
juni 2011 - Underdølen | 21
annonsar
Sommarprogram ved Aurlandsfjorden i Undredal 2011
Fredag 24. juni kl. 21.30
Me opnar bryggjedanssesongen med rockabilly og countrybandet ”Twang Gang” som mange fekk oppleve under
Forsmaken i fjor. Ein rasande festleg gjeng med musikk både for dansefoten og øyra. Bill.: kr. 200,-.
Laurdag 2. juli. Kl.21.00
Musikkprogram med vestlandshumor ispedd ein og annan ”drammensar” med dei tre trubadurane Olaf, Øystein
og Leif Inge. Dansemusikk frå kl. 22.30 med utvida band. Bill.: kr. 150,-.
Laurdag 23. juli kl. 21.00
KONSERT med Aasmund Nordstoga DUO. Dansemusikk: Leif Inge og kompisane frå kl 22:30. Billett for konsert
og dans kr. 250,-.
29. – 31. juli
Geitostfestival i regi av Undredal Ungdomslag og Undredal Grendalag.
Fullstendig program om festivalen finn du på annan stad i bladet.
I tillegg til oppsett sommarprogram vert det trubadurkveldar innimellom.
Meir og oppdatert program på : www.visitundredal.no
Velkommen til Undredal i sommar!
SOMMAR PÅ FLÅMSBRYGGA
FURUKROA KAFÉ: Din naturlege stoppestad for ein matbit, kaffirast, lunsj, middag
eller iskrem. Nytt for sesongen—Grillbui med lokale spesialitetar på terrassen.
Furukroa ope kvar dag kl. 08.00—19.00.
FLÅMSTOVA RESTAURANT: Lunsj- og middagsbuffet kvar dag med tradisjonelle
rettar med lokale råvarer, både fisk, kjøt, kaldt og varmt i tillegg til stort dessertbord.
Lunsjbuffet kl. 12.00—15.00. Middagsbuffet kl. 19.00—21.00.
ÆGIR BRYGGERI & PUB: Kåra til ” Årets Bryggeripub” i 2008, 2009 og 2010!
Ope kvar dag frå kl. 12.00.
Pb. 44, N-5742 Flåm—Tel.: 57632050—Fax 57632051
E-mail: [email protected]—www.flamsbrygga.no
22 | Underdølen - juni 2011
Borlaug båtskyss
Leige Ungdomshuset?
Båtskyss frå Gamlebryggja i Undredal
Mobil Marius 480 76 313 - Mobil Stein Ove 413 30 973
Turar til Horten, Nedbergo,
Stigen og andre stader etter
førespurnad. Pris etter avtale
GALLERIET PÅ BRYGGA er åpent i sommer fra 1. juni til 1. september Då tek du kontakt med leiaren i husnemndi, Edvin Flåm
på tlf 5763 1723 eller mobil 952 78 225. Han kan gje deg
opplysningar om prisar og anna.
med: smykker, bilder, kunstkort og tegninger [email protected]
kontakt: kontakt:
[email protected]
Borlaug vedsal i Undredal
Norsk ved!
Vil du annonsere i Underdølen?
Her er prisane:
Heil side
kr 1000
kr 500
Halv side
Tredjedels side kr 350
kr 250
Kvart side
Bygdafolk annonserer gratis, men må levere trykklar annonse eller
dekke kostnadene med utforming. Bladet sin formgjevar, Oransje
webdesign, kan ta slike oppdrag.
Stein Ove mob. 413 30 973
Bjørk 60 l sekker kr. 70,Kveikjeved 60 l sekker kr
30,DU RINGER OG ME
BRINGER!!
Marius mob. 480 76 313 -
Undredal stavkyrkje 2011
Opningstider
15. mai-15. juni og 15. august-31. august: 15. juni-15. august: kl 10.30 - 16.30
kl 09.30 - 18.30
Prisar
Enkeltpersonar: kr. 60
Familierabatt: kr.. 45 pr. pers. ved min. 5 betalande
Born under 12 år i fylgje med føresette går gratis.
Grupper
Minimum 10 betalande: Skuleklassar: Studentar: Turoperatørar: kr. 45 pr. person
kr. 500 pr. klasse
kr. 750 pr. klasse
pris etter avtale
Vi gjer merksame på at frå 1. september startar Riksantikvaren
arbeidet med vedlikehald inne og ute, og kyrkja vert difor stengt
til arbeidet er ferdig.
Velkomne til ei historisk oppleving i ei kyrkje med mange store
og små perler!
Undredal Guideservice
For grupper har vi noko utvida opningstid dersom det høver
betre. Tinging seinast 3 dagar før til [email protected]
juni 2011 - Underdølen | 23
B
Returadresse:
Undredal Grendalag
5746 Undredal
Aktivitetskalendar sommaren 2011
19. juni
23. eller 24. juni
11:00
kveld
Kyrkja
Parken
Gudsteneste, prest Karin Larnefeldt, dåp
Sal av grilltallerken, kaker og kaffi. Volleyballcup viss bana er klar. Arr.
UUL. Følg med for nærare opplysning om dato!
24. juni
02. juli
21:30
21:00
Bryggja
Bryggja
Bryggjedans med Twang Gang
Musikkprogram med vestlandshumor og trubadurane Olaf, Øystein og
Leif Inge. Dansemusikkmed utvida band frå 22.30
23. juli
21:00
Bryggja
Konsert med Aasmund Nordstoga og band. Dansemusikk med Leif Inge
og kompisane frå 22.30
Kyrkjekonsert med Andrea Rice
Kveldsseta med ost og god drikka
Musikk ved Andrea Rice band
Salsodane opnar
Offisiell opning av festivalen og servicebygget
Leikar for liten og stor
Omvising i kyrkja, Undredal Verdsarvhus og Undredal Stølsysteri
Bodane stengjer, leikane slutt, premieutdeling
Bordseta med rommagraut, spekemat, flatbrød og undredalsmylsa. Allsong mm med Tre Trubadurar (Olaf, Øystein og Leif Inge)
Geitostfestivalen 2011
29. juli
19:00
21.00
Kyrkja
Bryggja
30. juli
11:00
12:00
Sentrum
Sentrum
17:00
18:30
Bryggja
20:30
21:15
21:30
Bryggja
Bryggja
Bryggja
09:30
11:00
11:00
12:00
Bryggja
Sentrum
Bryggja
Sentrum
31. juli
15:00
Aurland trekkspelklubb spelar opp til dans
Tre trubadurar spelar og syng
Bryggedans med Hilde Fjørtoft Band
Sal av lokale burgarar og pølser
Festivalfrukost
Salsbodane opnar
Messe ved fjorden
Matbodane opnar
Omvising i kyrkja, Undredal Verdsarvhus og Undredal Stølsysteri
Slutt
NB: Ta alle tidspunkt med ei klype salt!
Mehehe... er det her det skal vere Geitostfestival?
24 | Underdølen - desember 2010