Nordre Fonnesvågen - SWOT Og skisser LMV.indd

17.01.2014
Grunnlag for områderegulering
Nordre Fonnesvågen:
SWOT-analyse og 2 alternative skisseforslag
Foto: Øystein Austrheim
SWOT-Analyse
SWOT
Med utgangspunkt i stads- og arealanalysa og folkemøtet er det gjort
ei tverrfagleg SWOT-analyse av Nordre Fonnesvågen. SWOT er ein
analysemetode der ein fokuserer på stadens styrkar (S: strength), svakheiter
(W:weaknesses), Moglegheiter (O:opportunities) og Trusler (T: threats), basert
på stadens føresetnader. Ved å inkludere alle fag i samme prosess, får ein
eit heilskapleg bilete av stadens avgrensingar og potensial, samt gode og
realistiske framlegg og idear for stadsutviklinga. Det fremjar heilskaplege
løysingar, og er samtidig ein kreativ idémyldringsprosess.
W: Svakheiter
T: Trusler
Kulturminner:
Kulturminner:
•
•
Forfall
Utbygging: det er stort sprang i byggeskikken; kontrast mellom gammalt og
nytt. Nybygg er ikkje alltid tilpassa stadens byggeskikk, og dette påverkar
heilskapen.
SWOT-analysa er mellomleddet mellom stads- og arealanalysa og dei to
skisseframlegga. Den har blant anna identifisert kva som bør prioriterast i
planane, og kva område som bør takast vare på.
Natur og landskap
Ananlysa vart utført ved hjelp av skissering på kart og utfylling av skjema.
Nedanfor er ei oppsummering av det som kom fram gjennom analysa.
Forbindelsar (veg/rørslelinjer)
OPPSUMMERING
S: Styrkar
Kulturminner:
•
•
•
•
•
•
“Det gamle”: Handelsstaden og sjøbruksmiljøet. Staden er historisk
Heilskapleg kulturlandskap. Området er kalla ein “jordbruksterrasse” (sjå kart)
som omfattar eidet og høgdedraget inn mot sentrum.
Dampskipskaia
Ferdslesårer: gamle stiar, søndagsskulevegen
Jordkjellarar
Steingardar
•
•
•
•
•
•
•
•
•
Tydeleg kulturlandskap; ein opplever at det har vore slik over lang tid
Viktige naturverdiar og frilufts-korridor rett utanfor planområdet
Landemerka: er identitetsskapande
Ein godt definert tettstad som vender seg tydeleg til vågen
Forbindelsar (veg/rørslelinjer)
•
•
•
•
1
Det har ikkje vore store vegutbyggingar i området, og vegane er godt
terrengtilpassa og ligg i gamle, “naturlege” trasear
Smale vegar: folk køyrer etter tilhøva og vegane opplevast trygge for gåande
Allereie etablerte stiar som kan videreutviklast
det synest som der er enigheit og få konflikter når det gjeld ferdsle
Standard på eksisterande veg er lite eigna for større utbygging
Utbedring av veg på vestsida av vågen vil gå utover landskap og busetnad
Linjeføringa på vestsida
Dårlege kryss
•
•
•
•
•
Utvikling som fører til ein mindre stadstilpassa byggeskikk kan føre til forringing av kulturminner- og kulturmiljø
Fjerning av steingardar og andre kulturminner på grunn av utbygging eller
jordbruk
Endring av fasadar som fører til ei endring av det visuelle uttrykket
“Omringing” av kulturminner, som endrar konteksten deira
Beitemark-gjengroing
Nye vegar/ferdslelinjer som bryter opp kulturlandskapet
Natur og landskap
•
•
•
Kan bli ein utflytande stad med ny utbygging
Nedbygging av heilskapleg kulturlandskap
Brot i siktlinjer som følge av utbygging
Forbindelsar (veg/rørslelinjer)
O: Moglegheiter
Kulturminner:
•
•
•
•
•
Natur og landskap
Sjå kulturminner (over)
•
Å behalde det heilskaplege og opprinnelege kulturlandskapet.
Ta i bruk og styrke dei opprinnelege kulturmiljøa: sjøbruksområdet og
sentrumsområdet
Handel og næring på stader og i bygg som har vore nytta slik tidlegare
Kulturminner som del av kultursti eller andre attraksjonar/aktivitetar
(kvernsteiner, fornminner, steingardar, jordkjellarar, bygningar)
Dampskipskaia
Natur og landskap
•
•
•
•
Strandsone: Opptrekk/opplag for båtar og småbåthavn/marina ved molo
Styrke landemerka, særleg molo-området
Behalde vågen som fokuspunkt/kjernen til staden
Aktivitet i samband med dei mange og store friluftsområda
Forbindelsar (veg/rørslelinjer)
•
•
•
•
•
•
Styre utviklinga (utbygginga) mtp trafikk/kjøremønster (f.eks. fortetting kontra
feltutbygging)
Etablere eitt trafikksikkert kryss med busstopp osv
Gang- og sykkelvegar
Etablere bed
Betre samband på søndagsskulevegen og ut til Årvikane
Reetablera den gamle stien mellom aust og vest (sjå Forbindelsar og
friluftsliv)
•
•
•
Farlege kryss
Auke i trafikk frå nærliggande stader
Å få til gode tilkomstar til nye bygg (ved fortetting) er ei klar utfordring
SWOT-Analyse
Overordna betraktningar
S: Styrkar
•
•
•
Samanfall og overlapping av fleire interesser og kvalitetar; dei ligg ofte i
samme område. Dette talar for å ta vare på, styrke og vidareutvikle dei.
Sterk og tydeleg stadsidentitet som gjev gode moglegheiter for å behalde og
styrke denne
God spegling av tidsperiodar på staden. Viser utvikling og livskraft
W: Svakheter
•
•
•
•
Lite folk og næringsgrunnlag
“Dødt” på vinterstid
Hemmande infrastruktur for befolkningsvekst
Kan legge til rette, men ikkje styre mange av dei avgjerande faktorane for
utvikling (befolkning, næringsliv etc)
O: Moglegheiter
•
•
•
•
•
Molo-området: Aktivitet, sport, Jonsokfeiring? etc
Ta i bruk dei gamle stadane (kontor, marknad, butikkar, kafé osv)
Etablere god tilkomst til Bedehuset /Bowling og Årvikane
Ta vare på aktivitetsområda og vidareutvikle dei
Binde saman aust og vest
T: Truslar
•
•
•
•
•
At dei “harde” industri/næringsområda sprer seg innover i vågen
Badestaden ved moloen kan forsvinne ved næringsutvikling her
Polarisering mellom aust og vest
Fråflytting
Fråfall av næringsverksemder/arbeidsplassar
2
Skisseframlegg
FELLES PLANGREP
Det vil presenterast to overordna konsept for utvikling av Nordre Fonnesvågen.
Innleiingsvis vil det imidlertid etablerast nokre viktige, underliggjande
plangrep som er felles for begge framlegg. Utover dette har konsepta ulike
hovudsatsingsområder som legg føringane for staden si utvikling. Samstundes
er det mogeleg å velgje element frå begge skisseforslaga som grunnlag for den
endelege reguleringsplanen.
Fokusområde
I dei felles plangrepa er det fokusert på å bevare og styrke dei viktige kvalitetane
til Nordre Fonnesvågen. Desse er identifisert gjennom landskapsanalyse,
SWOT-analyse, barnetråkk-undersøking og folkemøte. I tillegg til dette ønsker
ein å tilføre noko nytt. Dette, saman med ynskjer og framlegg som kom fram på
folkemøtet er tatt med i vurderinga, og så langt som mogleg i skisseforslaga.
Det utpeikar seg to tyngdepunkt i Nordre Fonnesvågen, eit på kvar side av
vågen. Dette er områder som speler ei sentral rolle for staden og fungerar som
møtested/knutepunkt. Begge desse er viktige i skisseforslaga, og det har vorte
fokusert på at det skal “skje noko” på begge sider av vågen. Dette for at det
ikkje skal skapas ei “død-side”, men heller ein heilskapleg stad som henvender
seg mot vågen, med gode forbindelsar mellom.
Det har og vore fokus på fleire brukargrupper og aldersgrupper når det gjeld
innhald og funksjonar i plangrepa og skisseforslaga, samt at det skal leggast til
rette for heilårsaktivitetar.
Det gamle sentrumsområdet og kaia sett frå vestsida av vågen. Foto: Øystein
Austrheim
Busetnad
Forbindelsar og friluftsliv
Ny busetnad bør tilpassast stadens skala, eksisterande busetnad sine dimensjonar
og byggeskikk.
Det er lagt vekt på tilgjenge og forbetring av stiforbindelsar til viktige friluftsområde
og langs strandsona i vågen. Forbindelsen mellom aust- og vestsida av vågen
bør styrkast. På folkemøte blei det uttrykt ynskje om å oppretta ein stiforbindelse/
turveg langs heile vågen, og dette vart trekt fram som det viktigaste framtidige
tiltaket i Nordre Fonnesvågen på folkemøtet. Skisseframlegga presenterer to ulike
løysingar for ein slik stiforbindelse.
I tyngdepunkta (sentrum og næringsområdet/moloen), er det mogleg med større
bygg. Sentrumsområdet bør ikkje utbyggas i stor skala, men på kaia vil det kunne
oppførast eitt større bygg (signalbygg) med viktig funksjon (sjå skisseframlegga
for moglegheiter). Næringsområdet ved moloen vil kunne tåle noko tyngre
uttbyggjing om nødvendig, og/eller eit “signalbygg”. slike bygg kan bidra til å
markere knutepunkta og funksjonane deira og fortelje om stadens identitet. Den
eksisterande lagerbygningen på kaia (lokalet for Fonnesdagen), anbefalast å
rivast for å gjere plass til nybygg.
Bustader
Det er ikkje eit mål å få store nye feltutbyggjingar eller massiv bustadvekst i
Nordre Fonnesvågen, men det er viktig å ta eit bevisst valg for kor og på kva måte
framtidig utbyggjing kan skje. Det må vera mogeleg for framtidige selkter å bysetja
seg i Fonnesvågen. Dette er altså ein langsiktig strategi for eventuell framtidig
utbyggjing.
Med tanke på bustadutvikling har det vore fokusert på å ikkje opne for feltutbygging
eller nye område som gjer at staden “flyter ut”. Nordre Fonnesvågen framstår i
dag som ein definert tettstad orientert rundt vågen, og ny utbyggjing bør skje på
ein slik måte at dette inntrykket vert bevart og styrka. Samstundes er det viktig
å bevare det unike preget til staden i dag, og ikkje å byggje ned det småskala
kulturlandskapet med eit tildels spreidd busetnadsmønster som gjev Nordre
Fonnesvågen sitt særpreg. Dette gjer fortetting til ei utfordring, men akkurat i det
gamle sentrumsområdet kan det ha ein positiv innverknad på staden og gjere
“sentrum” meir tydeleg. Fortetting i dette området bør vere første prioritet ved
eventuell ny bustadbyggjing. Det er registrert eit område med akebakke gjennom
barnetråkkregistreringa, som ligg innanfor eit av dei foreslåtte områda for fortetting.
Ved ei eventuell utbyggjing må akebakken hensyntas, og entan bevarast innanfor
busetnaden eller erstattas på eit egna område.
Det andre området som utpeikar seg som eigna for ny utbyggjong (sjå kart) ligg
både i samband med vågen og med det næringsprega området ved moloen,
som allerede har endra det opphavlege preget her. Slik kan området tåle litt meir
storskala utbyggjing enn resten av staden. Næringsområdet har potesiale for
mange typar bruk (sjå skisseframlegga), og er allereie eit etablert turutfartspunkt.
Det framstår som eit sentralt område på vestsida av vågen, slik som gamle
sentrum gjer på austsida.
Det vil kunne bli opna for byggjing av fleire naust i strandsona, da det kan bidra
positivt til å styrke vågen sine kvalitetar. Slik utbyggjing kan inkluderast i beggje
skisseforslaga, om det fokuserast på å kombinere nye (og gamle) naust med ein
offentleg sone langs sjøen. Det bør imidlertid planleggjast nøkternt og i proporsjon
med eksisterande busetnad, og delar av strandsona bør haldast fri for bygging.
Slike spørsmål om omfang, dimensjonar og materialbruk må avklarast på eit meir
detaljert nivå.
Området ved moloen sett frå austsida av vågen
1
Det ligg moglegheiter for å knytte denne stiforbindelsen til område både aust og
vest for Nordre Fonnesvågen, og dermed skape ei forbindelse utover lokalt nivå.
Mongstad kan med fordel tilknyttas eit turstinett mot Nordre Fonnesvågen. Her
ligg det eit stort brukspotensiale, som kan utnyttas i begge skisseforslaga.
Veg
Det er vurdert som viktig for staden sitt særpreg og kvalitetane, at dimensjonane
på vegen på austsida vert bevart. Ei utbedring av denne vegen vil gå utover den
gode landskapstilpassinga og det småskala uttrykket ein finn idag. Da det ikkje
vert opna for større bustadbygging her, vil ei utbetring heller ikkje vere prekær. For
å unngå mykje trafikk på den smale vegen i sentrumsområdet og for å stimulere
til gang- og sykkeltrafikk, vert det føreslege ei gjesteparkering ved inngangen til
sentrum.
Ved ei utvikling på vestsida (næring og/eller bustadar), vil det kunne vere naudsynt
med ei utbetring av vegen. Då det allereie er trong for ei opprusting av VAtilknyttinga her, vil dette kunne kombinerast. Landskapet og vegen her er mindre
sårbart for eit slikt inngrep enn tilfellet er på austsida.
Gang/sykkelveg
Det har vore eit klart ynskje fra innbyggarane (jfr folkemøte) med ei utbetring av to
etablerte stiar til gang- og sykkelveg; “søndagsskulevegen” og universelt utforma
tilkomst til Årvikane. Dette er vurdert som lokalt viktige tiltak som er inkludert i
plangrepa.
Årvikane
Fonnes Bygdelag har ytra ynskjer for Årvikane badeplass, mellom anna universell
tilgjenge, noko som også kom fram på folkemøte. Det er forslag om tilrettelegging
med toalett og aktivitetsområde som kan omfatte Sandvolleyball, kiting, windsurfing,
Frisbeegolf, Bading, kajakkpadling, grilling og “havsportcamp”. Vidare ynskjer dei
at Årvikane skal vere ein stad for born og unge, rekreasjonsområde for nærmiljøet
samt besøksdestinasjon for heile Nordhordland.
Desse ynskjene understrekar Årvikane sin verdi som friluftsområde og
samlingspunkt langs turtraseane i området. Opprusting og tilrettelegging her er eit
av dei felles plangrepa.
Skisseforslag
FELLES PLANGREP
Viktig innfart til Årvikane,
ikkje universelt utforma
Tilrettelegging
for friluftsaktivitet
og rekreasjon
på Årvikane
badeplass
Bustader: Fortetting
Småskala busetnad tilpassa staden sin
byggeskikk. 2-3 etg, middles tettheit (f. eks.
rekkjehusløysingar)
Sekundær bustadutviking; mogleg framtidig
område for bustadbygging
Bustader: Nytt bustadområde
Kan vere noko større utbyggingar med meir
moderne preg enn i sentrumsområdet
Viktig innfart til
Grønevikane
Veg som bør utbetrast med VA ved
framtidig utbygging på vestsida
Stiar som opprustast til gang- og sykkelveg
P
Universelt utforma
gang- og sykkelveg
til Årvikane
Prioritert område for
bustadutvikling; i første
omgang fortetting i
sentrumsnære område
P
P
Fulldyrka jord
Påkoplingspunkt med parkeringshøve
Søndagsskulevegen vert
gang- og sykkelveg
Gjesteparkering som frigjer
sentrum for unødvendig
biltrafikk
Godt stisamband
mellom aust- og
vestsida av vågen
Overflatedyrka jord
Fortetting av sentrumsområdet kan skje
ved bruk av store eksisterande tomter og
“rest”-areal. Det er generelt ynskjelig å
unngå å bygge ned jordbruksareal, men
i sentrum kan det argumenterast for å
bruke noko jordbruksareal for å styrke
strukturen og skape eit definert sentrum.
Akebakken registert i barnetråkk skal
bevarast eller erstattas ved utbyggjing.
100 m
200 m
2
400 m
Skisseframlegg: Alternativ 1
LOKALSAMFUNNET:
MOGLEGHEITER
Livskraft i Nordre Fonnesvågen
Bryllup på bryggekanten
LOKAL VEKST
• Arbeidsplassar
• Bustader
• Lokaltilbud
5
Ungdomsklubb
6
I dette konseptet vert det satsa på å styrke lokalsamfunnet; å utvikle Nordre
Fonnesvågen som eit livskraftig samfunn og leggje til rette for tilstrekkeleg vekst.
Det vert fokusert på å ta i bruk sentrumsbusetnaden til nærtilbod (eksempelvis
helsetenester som fysioterapi, kiropraktor, frisør etc) som ikke konkurrerer med dei
større handelsområda utanfor Fonnes. Det vert også satsa på kontorarbeidsplassar
for enkeltpersonar eller firma som ikkje er avhengig av å jobbe på ein bestemt
lokasjon (eksempelvis arkitekt, planfirma etc). Slik kan Nordre Fonnesvågen igjen
få ein sentrumsfunksjon, og innbyggere her og i omegn får høve til å arbeide
der dei bur. Eit flerbrukshus/samfunnshus står sentralt i framlegget. Ein slik
samlingsstad kan vere eit gjennomførbart tiltak for et breiare fritidstilbud og en
større sosial arena. Det gamle sentrumsområdet er altså tyngdepunktet i dette
skisseframlegget. Tanken er at samfunnshuset og kaiområdet vil kunne nyttast til
alt fra korøvingar, konsertar, fritidsklubb, marknad og kafé, til større arrangement
som Fonnesdagen, bryllaup og konfirmasjonar etc.
Fonnesrevyen
8
Konsert i Fonneshuset
7
Området ved moloen kan utviklast som eit nærings- og aktivitetsområde. Det er
mogleg å kombinere formål retta mot barn og unge med næring og kontor, noko
som vil gjere området til ein møteplass på fleire tider av døgnet. Her er det plass
til både permanente og midlertidige løysingar for aktivitet; til dømes fotballbane og
leikeplass, samtidig som det kan opnast for meir plasskrevande næring i framtida.
Til dømes kan ein skatepark passe godt inn i eit slikt næringsprega område.
10
1
Gulebue
kontorfellesskap
9
Søndagsmarked
på kaia
Båtopplag
2
3
3
4
11
12
Skatepark ved
moloen
Skisseforslag: Alternativ 1
Strandpromenade
Samanhengande
promenade langs sjøen;
vekselvis bryggekant og sti
14
Fonneshuset
Nytt fleirbruks samfunnshus/
kulturhus:
- Arrangement og konsertar
- Revy
- Fonnesdagen
- Marknad
- Kafé/pub
15
Friluftsområde
God tilgang til og samband
mellom lokalt viktige
friluftsområde på begge sider
av vågen. Tilrettelegging ved
Årvikane badeplass
13
Lokale
aktivitetar
og næring
Båtopplag og
båtplassar
Aktivitetar
Større arrangement
Næring og kontor
LOKALSAMFUNNET:
Livskraft i Nordre Fonnesvågen
Fortetting og nærtilbud
Boligutvikling ved fortetting av sentrum, og bruk av
eksisterende og/eller nye bygg til f.eks: fysioterapi,
apotek, frisør, bakeri etc.
Fellesbrygge
Gjestebrygge
Sal av drivstoff og
enkel uteservering
i forbindelse med
Fonneshuset
Utnytte den ikkjeprivate tomten i
området til ei felles
brygge med både
båtplassar og
gjesteplassar
Kontorfellesskap
Gulebue som kontorlokale
16
4
Skisseframlegg: Alternativ 2
DESTINASJON: Nordre
MOGLEGHEITER
Fonnesvågen - “I pose og sekk”
Teambuilding og blåturar
REISELIV
• Aktivitet
• Natur
• Kultur
1
Konferansar
2
I dette konseptet står friluftsliv og opplevingar sentralt. Det vert satsa på
turistnæring i Nordre Fonnesvågen og staden som destinasjon. Konseptet
omfattar eit godt og heilskapleg tilbod med overnatting, lokale kultur- og
matopplevingar, nærleik til natur og turmoglegheiter, og ikkje minst eit
«Havsportsenter» ved moloen. Dette vert eit tyngdepunkt i skisseframlegget.
Kajakklubb
Hovudnæring i Nordre Fonnesvågen vil her vere reiselivsbasert, og tanken er at
dei ulike tilboda skal utfylla og støtte opp om kvarandre. Med eit overnattingstilbod
i form av eit nytt hotell vil fleire benytte Havsportsenteret og andre aktivitetar, og
omvendt. For å verte ein destinasjon er begge desse funksjonane naudsynte.
Konseptet muliggjer samarbeid mellom lokale aktørar i form av pakkeløysingar
for turistar og grupper. Desse kan innehalde ulike kombinasjonar av turar, kurs,
aktivitetar, overnattingar, måltider osv. Dette vil vere gunstig for turistnæringa, og
vil gjere Nordre Fonnesvågen til eit meir attraktivt reisemål. Der får ein i “pose og
sekk”.
Som ein del av destinasjonssatsinga ligg det fleire moglegheiter i samband
med fruiluftsliv i nærområda. Dei naturlege føresetnadene gjer at staden er godt
eigna for til dømes speideraktivitetar, leirskule og camping. Eit ridesenter som
tilbyr turar og terapiridning (for folk med fysiske og psykiske utfordringar), er
ein næringsmoglegheit som både kan supplere dei ovannemnde aktivitetane i
tillegg til å vere eit tilbod utad; eit trekkplaster og eit bidrag til Fonnesvågen som
destinasjon.
Ynskjene og forslaga for Årvikane (sjå felles plangrep) let seg godt kombinere
med dette konseptet, og her er det høve til å skape ei sterk kobling mellom
havsportsenteret og bruk av Årvikane til dei ulike aktivitetane.
3
4
Kombinert utebad
og skøytebane
5
Lær å
kite,
seile,
padle,
dykke
6
7
8
20
Konseptet inneber også at det er kort veg over vågen og mellom dei ulike tilboda
og friluftsområda, slik at ein enkelt kan oppleve heile Nordre Fonnesvågen og alt
staden har å by på.
10
Leig ein
båt og dra
på fisketur
5
Foto: kommunens heimesider
9
“After-sea” på
hotellet
Isbading
og badstu
Skisseforslag: Alternativ 2
Friluftsområde
Havsportsenter
I dette alternativet vert
det satsa ekstra på
friluftsliv i samband
med reiseliv og
turisme
Aktivitetar
Kurs
Utleige og utstyrbutikk
Turutfartspunkt
Kabelferge
13
11
12
Høg standard og god kapasitet
Lokal mat
Uteservering
Fiskemottak og -utsalg
17
15
19
18
Gjestehavn
Båtopplag og
båtplassar for gjestar
og fastbuande
Fonnesvågen - “I pose og sekk”
Hotell og Fiskerestaurant
16
14
DESTINASJON: Nordre
enkel transport som skaper
godt samband mellom aust og
vestsida av Fonnesvågen
Kulturminne: steingjerde
Kulturminne: Funnstad
Kultursti
Kulturminne: Busetnad/aktivitetsområde
Strandpromenade og
kultursti som knyttast til
kulturminna i området,
og som kan tilknyttas
turvegnett, andre
kulturminner og Mongstad
“Museum” eller elementer
langs kulturstien som fortel
om livet og tradisjonar i
Nordre Fonnesvågen og
evt. trekke paralleller til det
moderne oljesamfunnet
Fornminnar
6
KJELDER (bilete)
Alternativ 1
Alternativ 2
1. Fonnes Bygdelag, Foto: Øystein Austrheim
2-4. Befaring, Sweco, 10.09.13
5. http://www.itromso.no/bilder/brudebilder/article6433429.ece
6. http://www.oblad.no/badebyen/underhuset-opp-i-lyset-1.3913912
7. http://universitas.no/anmeldelser/53953/hudlos-drommer-moter-tykkhudet-lofferarticle6433429.ece
8. http://kapteinmoe.blogspot.no/2013/11/oktober-og-september.html
9. http://www.lrf.se/Mat/Narproducerat/
10. Befaring, Sweco, 10.09.13
11. http://www.herfoelmarina.no/tjenester/batopplag-vinterlagring/
12. http://www.yelp.com/biz_photos/lee-and-joe-jamail-skatepark-houston?select=vEyrOIRBPD8agxzCm
CO_Bw#vEyrOIRBPD8agxzCmCO_Bw
13. http://www.austrheim.kommune.no/kontaktinformasjon.5312905-304519.html
14. http://fyraften.nu/om/arkitektur/page/23/
15. http://www.thonhotels.com/hotels/countrys/norway/kristiansund/thon-hotel-kristiansund/
16. Befaring, Sweco, 10.09.13
1. http://www.hautepursuit.co.uk/uploads/news/id3/teambuilding-1.jpg
2. https://www.nordicchoicehotels.no/quality/quality-hotel-sogndal/utvalgte-fasiliteter/
3. http://dusken.no/artikkel/23410/ntnui-padling-arrangerer-nybegynnerkurs-i-havpadling/
4. http://www.skoyteforbundet.no/SiteCollectionImages/SKoter23.JPG
5. http://home.online.no/~konggud/swim/gfx/rps005.jpg
6. http://innherredkiteklubb.wordpress.com/hva-er-kiting/
7. http://www.maarudgaard.no/aktivitet.php?f=isbscaled_VL1_8906.jpg
8. http://www.viivilla.no/Bad/Badstue/Bygg-frittstaende-badstue-uten-a-soke-47987
9. http://www.trondelag.com/nyttige-tips-til-fisketuren/
10. http://media-cdn.tripadvisor.com/media/photo-s/01/5a/48/50/rompa-bar.jpg
11. http://www.skogoglandskap.no/nyheter/2007/1176288277.69/bilde/ingress
12. http://ndla.no/sites/default/files/images/1313065632_e4a824e257.jpg
13. http://www.forskning.no/kortnytt/347624/
14. http://www.colorado.edu/rec-center/intramuralsports/sports/images/sandvolley/sandvolley.jpg
15.http://www.austagderfk.no/Vare-virksomheter/Videregaende-skoler/Sameyde-videregaende-skole/Tjenester1/
Oppfolgingstjenesten/
16. Befaring, Sweco, 10.09.13
17. http://www.venues4u.com/?page=PrivateDining
18. https://kontrib.it/matseb/oslos-gourmet-boutiques/#-/matseb/oslos-gourmet-boutiques/38332-jacobs/
19. http://www.sigmanord.no/ipub/pages/klinikkavdelingen/aktivitetterapi_med_hest.php
20 Kommunens heimeside
Foto: kommunens heimesider
7