Enoro og Smarthub viser vegen til AMS

PRESSEMELDING
Dale i Sunnfjord / Molde, 1. oktober 2013
Enoro og Smarthub viser vegen til AMS-framtida
Smarthub AS har signert avtale med Enoro om leveranse av Meter Data Management
(MDM)-system. 11 nettselskap i Møre og Romsdal vel Enoro som samarbeidspartnar i den
kommande AMS-kvardagen.
Meter Data Management (MDM)-systemet levert av Enoro vil innan utgangen av 2016 gi over
112 000 sluttkundar betre styring med forbruket sitt. Kunden slepp å lese av straummålaren –
informasjonen går automatisk til kraftleverandøren via nettselskapet. Samfunnet generelt får betre
forsyningssikkerheit og vil på sikt hauste klimagevinstar. Innan 2019 skal alle nettkundar i Norge
ha installert nye, smarte elmålarar.
Dei 11 nettselskapa i Smart Strøm Nordvest skal i løpet av de neste åra gjennom Smarthub AS
implementere nødvendig infrastruktur og forretningsprosessar for å oppfylle AMS-krava frå NVE.
Smarthub AS skal vere ein felles sentral for handtering av måleverdiar, hendingar og alarmer for
innsamlingssystema hos nettselskapa.
”Vi har stor tro på at vi sammen greier å hente ut gevinster som kommer kundene til gode gjennom
samarbeid. Målsettingen er å redusere kostnader og risiko ved at alle selskapene benytter samme
teknologi og bistår hverandre med kompetanse og ressurser. Vi er ambisiøse og tar sikte på å bli
det mest suksessfulle samarbeidsprosjektet i Norge på innføring av smarte målere,” sier Stein
Bergheim, adm. dir. i Nordvestnett.
”Enoro viser med Smarthub-avtalen marknaden vegen mot AMS-framtida. Nettselskapa vil dra full
nytte av våre robuste løysingar og djuptgåande erfaring. Enoro set stor pris på tilliten Smarthub AS
viser ved å velje oss som leverandør,” uttaler adm. dir. i Enoro AS, Edgeir Aksnes.
Smarthub-avtalen vart signert 1. oktober 2013.
Kontaktpersonar
Daglig leder i Smarthub AS, Rune Holger Andersen, tlf 95 19 89 90
Adm. dir. Nordvestnett, Stein Bergheim, tlf 71 18 84 04
Konserndirektør i Enoro, Johnny Haugsbakk, tlf 91 59 52 10
Direktør i Enoro AS, Edgeir Aksnes, tlf 99 45 23 50
Salsdirektør i Enoro AS, Inge Jacob Nyland, tlf 95 80 53 06
Om Smarthub AS
Smart Strøm Nordvest er eit prosjektsamarbeid mellom 11 nettselskap i Møre og Romsdal. Som
eit ledd i samarbeidet har nettselskapa stifta eit eige selskap for drift av Smart Strøm-løysing –
Smarthub AS. Forretningsideen til Smarthub AS er å tilby forskriftsfesta måleverdihandtering –
datainnsamling, kvalitetskontroll, distribusjon og administrasjon av målarservice – til eigarane i
prosjektfasen og til andre kundar etter prosjektfasen.
Desse selskapa deltek i samarbeidet (målepunkt i parentes): Istad Nett AS (25 500), Nesset Kraft
AS (2400) Nordmøre Energiverk AS (24 900), Nordvest Nett AS (8700), Rauma Energi AS (5000),
Sandøy Energi AS (1000), Stranda Energi AS (3100), Sunndal Energi KF (4700), Sykkylven
Energi AS (4500), Tussa Nett AS (27 600), Ørskog Energi AS (4700).
Om Enoro
Enoro er ein dedikert leverandør av software og tenester for energibransjen. Konsernet står i dag
bak 300 MDM/Smart Grid-installasjonar, over 100 kundeinformasjonssystem (KIS) og dekkjer over
14 millionar målepunkt i Europa. Løysingar frå Enoro er basert på teknologi og forretningslogikk
som gjer systemet fleksibelt for vidareutvikling. Enoro kan med 300 tilsette fordelt på kontor i
Norge, Sverige, Finland, Sveits og Nederland tilpasse programvara i takt med marknadsbehov og
politiske rammevilkår.
Pb 33, 6961 Dale i Sunnfjord t: +47 57 73 99 70 e: [email protected]
1/1