PRESSEMELDING Dale i Sunnfjord, 15. mai 2014 Bodø Energi teiknar avtale med Enoro Bodø Energi har signert avtale med Enoro om bruk av ElWin som nytt kundeinformasjonssystem (KIS). Bodø Energi kunne vise til ein omsetnad på 445 millionar NOK i 2012, og har ambisjonar om ytterlegare vekst. Selskapet satsar difor vidare med løysingar frå Enoro. Avtalen med Bodø Energi befester Enoro sin posisjon som marknadsleiar på forretningsløysingar for energisektoren. ”Konsernet Bodø Energi har hatt en grundig prosess i forbindelse med anskaffelse av nytt KISsystem, og er godt fornøyd med valget av leverandør. Vi ser frem til et fruktbart samarbeid med Enoro i årene fremover,” seier økonomisjef i Bodø Energi, Kjersti Stormo. ”Bodø Energi er ein sentral aktør i energibransjen, med klare mål om fortsatt vekst og resultatutvikling. Enoro er svært takksame for tilliten selskapet viser oss. Vi skal levere programvare og tenester som sikrar Bodø Energi sin posisjon som ei lønnsam og effektiv energiverksemd,” uttaler Country Manager i Enoro Norge, Johnny Haugsbakk. Avtala har ei varigheit på fem år med opsjon på forlenging, og vart signert 14. mai 2014. Kontaktpersonar Økonomisjef i Bodø Energi AS, Kjersti Stormo, tlf. 971 24 657 Country Manager i Enoro Norge, Johnny Haugsbakk, tlf. 915 95 210 Om Bodø Energi AS Bodø Energi AS er morselskap i konsernet Bodø Energi. Selskapet utøver eigarskap i dotterselskap og har også mindre eigarpostar i andre selskap. Konsernets hovudverksemd er innanfor infrastruktur og omfattar områda distribusjon og sal av elektrisk kraft, utleige av fibernett og distribusjon og sal av fjernvarme. Konsernet driv også entreprenørverksemd og tilsyn av elnett. Bodø Energi AS er 100 % eigd av Bodø Kommune. Om Enoro AS Enoro AS er eit selskap i konsernet Enoro Holding – ein leiande software- og tenesteleverandør for energibransjen. Programvara ElWin vert nytta til ei rekkje oppgåver og tenester i 117 kraftog nettselskap. Systemet er basert på moderne teknologi og forretningslogikk som gjer systemet fleksibelt for vidareutvikling i takt med marknadsbehov og politiske rammevilkår. Enoro-konsernet er ein leiande leverandør i Norden og Europa, og består av rundt 300 tilsette. Pb 33, 6961 Dale i Sunnfjord t: +47 57 73 99 70 e: [email protected] 1/1
© Copyright 2024