Kommuneavis nr. 2

KOMMUNEAVISA
Informasjon frå Aukra Kommune
nr 2 juni 2013
Aukradagen 2013
Ein nøgd ordførar Bernhard Riksfjord og konferansier Terje Sporsheim på årets festdag!
side12
Ein leiar går av
Aukradagen 2013
Åse Breivik går no av som leiar i PLO. Ho fortel
litt om seg sjølv og tida som leiar.
Nok ein Aukradag er over. Godt besøk og god
stemning alle stader.
side 14
side 12
Åge Hareide
Åge hareide er tilsett som leiar i Aukra
Næringsforum. Les kva for tankar han har rundt
denne jobben.
side 18
BOKsommar 2013
Har du lyst til å bli med på Aukra folkebibliotek sin «lesekonkurranse» i sommar?
Kjære innbyggarar
Aukradagen har akkurat vore gjennomført med gode og entusiastiske innslag, mange
utstillarar, og eit stort og breitt utval av deltakarar, og etter mitt syn, eit variert og innhaldsmessig godt program. I tillegg vert rekord med antal frukostgjestar. Alle Gassknutepunkt Nyhamna- kakene vart fortært med brus og kaffi som tilbehør, med avduking
av eit retningsskilt for Gassknutepunkt Nyhamna og Aukra, med god og kyndig hjelp
av MOT ungdommar. Alt låg til rette for ein fin dag utanom regnværet. Og nettopp
været hadde bestemt seg for å sette sitt våte preg på også denne Aukradagen. Frå oss
i arrangementskomiteen vil vi gjerne rette ei stor og hjerteleg takk til dei mange som
står på og gjer det mulig og gjennomføre denne dagen, på ein slik trivselsmessig og god
måte.
Eg og mange med meg er no letta og glad for at det endelege vedtaket om Aasta
Hansteen, Polarled og Nyhamna- utviding vart vedtatt i stortinget. Dette prosjektet har
vore eit maratonløp over mange år. Med mykje usikkerheit og forskjellige ilandføringsalternativ i starten, utsettingar, komplekse og vanskelege problemstillingar, har Nyhamna i
Aukra vore med på maratonløpet heile tida, og vi kom etter mitt syn i mål på ein god
og framtidsretta måte, ved det endelege stortingsvedtaket.
Dette er eit stort og teknologisk krevjande prosjekt, og i europeisk målestokk i
toppklasse som industriutbygging, og ikkje minst når det gjeld investeringar. Nyhamna i
Aukra kommune vert med dette vedtaket også eit moderne gassknutepunkt for framtida, med alle dei fordelane og muligheitene for nye tilretteleggingar det kan føre med
seg. Eg vil nytte denne anledninga til å takke alle som har støtta Aukra og Nyhamna i
sin målretta innsats og kamp for å få dette vedteke. Med denne avgjersla er det lagt til
rette for store muligheiter i heile regionen, for olje og gassnasjonen Noreg, og sjølvsagt
også for Aukra kommune. Derfor er det ekstra kjekt at vi i tillegg til alt dette har eit
positivt og engasjert næringsliv i Aukra som kvar dag står på for å kunne lukkast innan
sine felt. Eg nyttar også anledninga til å ønske Åge Hareide velkommen, og lykke til som
dagleg leiar i Aukra næringsforum.
Aukra kommune har vedteke store og omfattande utbygging og investeringstiltak
på dei aller fleste områder dei kommande åra, som når dei står ferdige vil kunne bli
bra og positivt for oss alle. Aukra kommune ønskjer med sine vedtak, kunne vidareføre
og komme fram til ein ny avtale med Fræna kommune om fortsatt skolesamarbeid
i Julsundet. Sjølv om vi no er langt over tida for når den eventuelle vidareføringa av
avtalen skulle ha vore vedtatt og signert av kommunane.
Aukra kommune har det siste halvåret hatt mange saker og temaer til drøfting og
avgjersle innan dei forskjellige politiske organ. Kommunestyret gjennomfører sitt siste
møte før ferien 13.juni med ei stor og omfattande saksliste. Eg kjenner meg sikker på
at vi i fellesskap også denne dagen skal få til gode og riktige vedtak til det beste for dei
fleste.
Det nærmar det seg midtsommar og ferietid som har sin sjarm og forventning uansett alder og tilhaldsstad, og minner i den samanheng om det kjente ordtaket av Cabell:
«Optimisten hevdar at vi lever i den beste av alle verdener, pessimisten fryktar at det
er sant». Derfor vil eg heilt avslutningsvis ønske alle ein riktig god sommar, og ein like
god og velfortent ferie, anten du skal vere heime, reise i Noreg eller til utlandet.
Alle barn frå 1.-7. klasse kan delta. Du kan lese bøker sjølv,
eller finne nokon som kan lese for deg. Du kan lese bøker,
teikneseriar eller høyre på lydbok. Du vel sjølv om du vil lese
bøker du har heime, eller om du vil låne på biblioteket. Vi
hjelper deg gjerne å finne den rette boka for akkurat deg!
Skoleelevar på Riksfjord og Julsundet får registreringsskjema på skolen, men du kan og kontakte biblioteket for å få
eit. Du kan også laste det ned på www.aukra.kommune.no.
Skjemaet leverer eller sender du til biblioteket innan 1.
september.
Alle som deltek får bli med på ein liten fest i biblioteket i
september. Dei som har lese 10 bøker eller fleire blir med i
trekning av ein iPod shuffle, men alle som deltek får sjansen
til å vinne ekstrapremiar.
I fjor hadde vi mange deltakarar og ein fin fest, vi håpar
på like god deltaking i år!
Kunst og håndverk i sfo
Etter jul starta samarbeidsprosjektet mellom SFO og Aukra
kulturskole opp der borna frå 2. – 4. trinn fikk lære seg å
spikke i rått trevirke.
Borna på Riksfjord skole starta opp i januar og hadde utstilling i gymsalen og på biblioteket og elevane på Julsundet
skole starta opp i april og vil ha utstilling på skolen 13. juni.
Målet med prosjektet er kunnskapsoverføring innan
praktiske fag mellom generasjonar. Prosjektet tek sikte på
å knytte band mellom generasjonane og den rike kunnskapen og ferdigheitene som ein finn blant anna i besteforeldregenerasjonen. Gjennom dette prosjektet har elevane
i tillegg til sitt eige møte med material og teknikk fått sjå
nokon utføre noko, herme etter, vurdere og samanlikne
eige resultat.
Erfaringane med å ha med foreldre og besteforeldre på
tilbodet var særs positivt både for vaksne og barn.
Prosjektet er ein del av prosjektet «kulturløft for skolane
i Aukra kommune»
Vennleg helsing
Fra venstre: Arne Nautnes- Noah Grasdal-Nicolas Raknes-Robert Rovde- Alexander Høgseth- Ruben Varhaugvik
Bernhard Riksfjord
Ordførar
Ungdom med MOT-skolering
5.klasse på bedriftsbesøk
Torsdag 30.mai hadde 5.klasse på Riksfjord skole ein litt annleis dag. Då
var dei ute på bedriftsbesøk i kommunen og fekk sjå kva bedriftane i
kommunen held på med. Siste besøk var på kommunehuset, der dei fekk
ein runde på avdelingane. Andre bedrifter dei besøkte var: Vikenco, VardAukra, Ferga «Eira», «Dr.Riiber», Aukraheimen og Brødr. Hukkelberg.
Fredag 10. mai var fire flotte ungdommar frå Aukra samla på Skyttarhuset på Ungdom med MOTskolering (UMM).
Annika Hukkelberg, Mayvi Garseth, Sandra
Nortun og Andrine Sporsem, alle i 9. klasse
på Riksfjord Skole deltok på skolering og fikk
innblikk i MOTs filosofi og tankegang, samt fikk
innføring i formidlingsteknikk og rolleavklaring.
Ungdom med MOT er MOTs medarbeidarar,
rollemodeller og verdiskaparar i alderen 14-25
år. Dei jobbar tett med ungdom ungdom som
er jamgamle og yngre enn seg sjølv. Dei har
ei viktig rolle på skolen og på fritida, og ved å
være gode rollemodellar vil påverkinga ha positiv effekt i å forsterke ungdomsmiljø. Ei av dei
viktigaste oppgåvene UMM har er å vere med
å lette overgangen frå barneskole til ungdomsskole, og forsterke eit godt skolemiljø.
MOT Aukra
RENGJØRING OG VINDUSVASK
BEDRIFTSMARKED:
» Daglig rengjøring
» Vindusvask
» Gulvboning
PRIVATMARKED:
» Nedvask
» Vindusvask
Kontakt oss for et uforpliktende tilbud!
Patrick Vaskeservice
Tlf.: 46 83 83 73
[email protected]
www.patrickvaskeservice.no
aukra.kommune.no
3
Rådmannen
Den uvanlege kommunen
At ein liten kystkommune på 3350 innbyggarar kan kome i ein slik unik posisjon
som Aukra har gjort er sjeldan vare. Vi som no lever og arbeider i dette lokalsamfunnet er her til rett tid, dersom vi skal definere 1900- og 2000-talet som dei
gode hundreåra å leve i: tida da alt ligg til rette for å ta ut naturressursar i stort
omfang, og eventuelle negative naturkonsekvensar kjem lenge etter oss.. Rett nok
har ikkje Aukra kommune serleg ansvar for ressursforvaltninga som skjer i vår tid,
det får vi overlate til sentrale styresmakter. På kort sikt er det jo all grunn til å
gle seg; økonomiske oppgangstider lokalt gir handlingsrom og gjer det mogleg å
realisere draumar.
Den velståande kommunen
Inntektene som følgje av gasseventyret Ormen Lange har allereie sett sitt tydelege
preg på kommunen. Av mange blir vi oppfatta som kommunenes Onkel Skrue,
men vi skal ikkje vere gjerrig! Verdigrunnlaget til kommunen handlar difor om å
vere raus. Frå «omlandet» er det forventningar om at Aukra skal bli enda rausare
enn det kommunen er i dag. Utviding av lokalt og regionalt samarbeid blir difor
viktig framover.
Etter nokre år med auking i drift, er det frå no av investeringane og konsekvensane av desse som kjem til å dominere arenaen. Nye Riksfjord skole er på det
næraste ferdig, og skal takast i bruk når nytt skoleår startar opp om eit par månader. Dette er det største enkelttiltaket i kommunen si historie (316 mill.kr.), og vil
gi svært gode fysiske vilkår for å utvikle grunnskolen vidare. Begge barnehagane
får no auka kapasitet. Brannstasjon og energisentral er bygd. Ambulansesentral er
underveis. Seinare i år må kommunestyret drøfte og prioritere rekkjefølgje på og
sette rammer for andre investeringar: Julsundet skole, storhall i Julsundet, Aukraheimen, badeanlegg, kulturhus, for å nemne nokre av dei store tiltaka. Og det truleg
største av alle blir fastlandssambandet. Alt dette kjem til å krevje sterk styring, for
det vil neppe vere økonomi stor nok til både å drifte ting med høgt utgiftsnivå
dersom mange nye tiltak skal realiserast på kort tid.
At Aukra frå no av blir det store nasjonale gassknutepunktet er difor god
«timing»: Stortingets beslutning sist fredag om utbygging av Aasta Hansteen,
Polarled og Nyhamna inneber Nord-Europas største industriutbygging. Det er på
mange måtar vanskeleg å ta dimensjonane inn over seg. 7.juni 2013 kan nok stå
som Aukras 2. nasjonaldag!
Den internasjonale og framtidsretta kommunen
Aukra har kome i det gode selskap. Det vil etter kvart bidra til å gjere det attraktivt å bo og jobbe i kommunen. Å vere vertskommune for eit stort industrianlegg,
at vi må samhandle med store internasjonale selskap, at vi kjem i inngrep med
leverandørindustrien, at kommunen må spele ein aktiv rolle overfor lokalt næringsliv og nasjonale styresmakter, set store krav til kommunen som organisasjon, både
politisk og administrativt. For å bruke fotballspråket: sjølv om vi i dag er eit godt
lag, må vi ikkje gløyme å sjå framover og sørgje for forsterkningar. Vi må vurdere
organisering og spelestil, kvalitet, behov for ny kompetanse, og vere kreative for å
sikre noko av det viktigaste: langsiktig lokal handlefridom.
Med helsing
Dagfinn Aasen
Rådmann
Bildetekst: Gruppa som har jobba med heftet om Riksfjord. Frå venstre, Rolf
Harald Blomvik, Knut Rød, Svein Løwe. Foran, Inger Åse B. Rød
Hefte om Riksfjord skole
For om lag eitt år sidan vedtok kommunestyret at det skulle lagast eit hefte om Riksfjord
skole, som i desse dagar har gjort teneste i
60 år. Det vart sett ned ei nemnd med både
skolefagleg bakgrunn, og med ei lang samla
fartstid ved skolen.
Pr. dato er det samarbeidet rundt trykking, og sjølve trykkinga som står att. Teksten tar med seg utviklinga i skolens
planverk, og korleis skolen har vakse fram bygningsmessig.
Skoledagane er ikkje berre teori, men har opp gjennom
åra uttrykt mange former for undervisning og aktivitetar.
Dette prøver vi å gi eit vist innsyn i. Gjennom 60 år er det
fleire tusen elevar som har hatt sin skoledag her, og det har
også vore eit stort antall lærarar. Dette kan ein ikkje gå i
detalj på. Gruppa vil likevel gjennom ord og bilete presentere små og store hendingar gjennom ein lang tidsepoke
frå 1953 til 2013.
Ledige plassar i
kulturskolen
skuleåret 2013-2014:
•DANS: Klassisk-jazz og moderne dans. Gossen og Julsundet. (Frå hausten vil det bli undervisning i klassisk-jazz og
moderne dans på Julsundet.)
•BILDE/VISUELLE KUNSTFAG
•TEIKNEGRUPPE FOR VAKSNE
•LYD OG PRODUKSJON
•KUDRAMUDA
•INTRO
Søknadsskjema og meir informasjon om fagtilboda finn du
på www.aukra.kulturskole.no
Siste undervisningsdag i kulturskolen er tirsdag 18.juni.
Undervisninga startar opp igjen frå og med måndag 19.august.
Malin Solberg
Rektor
Aukra Kulturskole
Velkommen
Øyriket i Romsdal bygger
det gode vertskapet
Alle kommunane i Møre og Romsdal er velsigna med ein storslagen og
vakker natur, og mange har lagt ned eit stort arbeid med tilrettelegging for
både opplevingar og aktivitetar for dei som kjem på besøk. Korleis skal då
Øyriket i Romsdal vinne fram som eit spennande og attraktivt reisemål?
Vi får stadig oftare tilbakemeldingar der folk har
vore på tur i Øyriket i Romsdal og fortel at dei
har hatt kjempefine turar, ikkje berre på grunn av
det dei har sett, men fordi dei har møtt så mange
hyggelege menneskjer på turen. Det er dette vi
skal bygge vidare på. Eit godt vertskap skaper
ringar i vatnet, fordi gjesten som blir godt mottatt
vil vere vår viktigaste marknadsførar. Derfor vert
alle oppfordra til å vere med å bygge vidare på
det gode vertskapet i Øyriket i Romsdal – Kunsten til å få menneskjer til å kjenne seg velkommen.
Eit vertskap er høgst personleg og du har det
alltid med deg inni deg. - Og det fine med eit
godt vertskap, er at det har den same verknaden
overfor ein kollega, ein nabo eller deg sjølv.
Familiehelg på sykkel 5.-7. juli
Prosjektgruppa rettar ein stor takk til alle som
bidreg med aktivitetar og legg til rette for mange
flotte opplevingar. Det blir stor aktivitet både
i Sandøy, Midsund og i Aukra. I år kan du være
med Iver Gjlestenli på «Kortreis» sykkeltur med
overnatting denne helgen. I Aukra kan nemnast
aktivitetar på Skyttarhuset saman med Aukra
Jeger og Fiskerforening, open kyrkje med omvisning, konsert og gudsteneste, opning av ny kunstutstilling på Galleri Milda, salsutstilling på Frivillig-
sentralen, utstilling av krigsminnesamling på
kommunehuset, i tillegg er det ope både
på Løvikremma og Aukra Hotell.
Dersom du registrerer deg som deltakar i løpet av sykkelhelga blir du med i
trekninga av flotte premier. Informasjon
om korleis du registrerer deg vil du finne
på www.oyriket.no og om bord
i ferjene på dagane 5.-7. juli. På heimesida finn du også meir informasjon om
all aktivitet som skjer i heile Øyriket den helga.
Øyriket i Romsdal til byen 21. september
Bli med og fargelegg Molde med Øyriket i
Romsdal sine fargar. Det gjer vi med å lage
ein stor marknadsplass utanfor Plassen der vi
presenterer mangfaldet av bedrifter, lag/organisasjonar og andre som har noko dei vil vise fram
eller sel. På utescena skal ulike typar framsyningar
lage ei flott ramme om dagen. Kor, korps, band,
solistar, dansarar osv. er velkomne til å vere med.
Teatersalen er booka til ein flott kulturkonsert
om kvelden, og for den som vil svinge seg i dei
seine kveldstimar spelar band med tilhøyre i
Øyriket i Romsdal opp til dans på uteplassane.
til skattejak
t
Dersom du
registrerer
deg som del
løpet av syk
takar i
kelhelga bli
r du med i tre
av flotte pre
kninga
miar.
Informasjon
om korleis
du registrere
vil du finne
r
deg
på www.oyri
ket.no og om
i ferjene på
bord
dagane 5.-7.
juli. Vi har un
plassar for
ike
overnatting,
samt mang
serveringsst
e
adar.
Vår oppmo
ding er sjølvs
agt at du set
heile helga.
t av
Informasjon
om dette fin
også på ww
n du
w.oyriket.no
.
Dersom du
registrerer
deg som delt
løpet av sykk
akar i
elhelga blir
du med i trek
av flotte prem
ninga
iar.
Informasjon
om korleis
du registre
vil du finne
rer deg
på www.oyr
iket.no og om
i ferjene på
bord
dagane 6.-8
. juli. Her er
mogelegheit
gode
er for overnatt
ing, samt man
serveringsst
ge
ader.
Vår oppmodin
g er sjølvsagt
at
heile helga.
du sett av
Informasjon
om dette finn
også på www
du
.oyriket.no.
Inviterer til
familie
Den beste måten å oppleve
Øyriket i Romsdal er på
sykkel. Både for store og små!
6.-8. juli 20
Inviterer til
familiehelg
5.-7. juli 20
13
på sykkel
Ferjene tar
deg med mel
l
og kor leng
e du vil bli
på k
helga. Vi byr
på mange uli
Ferjene tar
deg med me
llom øyane,
og kor lenge
- og du kan
du vil bli på
sjølv avgjer
kvar plass.
eller sette
e ruta du vil
- Bruke ein
av heile hel
sykle
dag,
ga.
Vi byr på ma
nge ulike akt
ivitetar
du kan delta
• Bli med Iver Gjelstenli på “kortreist”
på. Her er eit
utval;
sykkeltur m/overnatting
• Grilling
• Fjelltur med førar
• Kulturhistoriske opplevingar
• Padling, roing og sjøsportsaktivitetar
• Leirdueskyting
• Oppgåver og aktivitetar
• Kunstutstilling
• Salgsutstilling
• Open kyrkje med omvisning og minikonsert
Dersom du
registre
rer deg som
løpet av sykk
deltakar i
elhe
Tids
lgapun
blir kt
du og
medstad
av flotte prem
i trekfor
ningdei
a
iar.
Informasjon
om korleis
du registre
vil du finne
rer deg
på www.oyr
iket.no og om
i ferjene på
bord
dagane 6.-8
.
juli.
Her
mogelegheit
er gode
er for overnatt
ing, samt man
serveringsst
ge
ader.
Vår oppmodin
g er sjølvsagt
at du sett av
heile helga.
Informasjon
om dette finn
også på www
du
.oyriket.no.
ulike aktivite
tan
e vert annons
ert på www.o
yriket.no
Fem faste turar i Øyriket i
Inviterer til
Romsdal, 4 veker
i juli månad
Den beste måten å oppleve
Øyriket i Romsdal er på
sykkel. Både for store og små!
familiehelg
6.-8. ju
li 2012
Onsdag: Fisketur med
«Nybonia»
fråpå sykkel
Midsund.
Fredag: Segltur i Øyriket med «Seilper».
Laurdag: Kystsafari med Romsdal Havrafting
Kajakkpadling med MAKS
(Maritimt Aktivitetssenter)
Søndag: Fjelltur med førar til Ræstadhornet og Rørsethornet
Ferjene tar
deg med mel
lom øyane,
og kor leng
- og du kan
e du vil bli
sjølv avgjere
på kvar plas
helga. Vi byr
ruta du vil sykl
s. - Du kan
på mange ulike
e
bruke ein dag,
aktivitetar
eller sette
du kan delt
av heile
a på. Her er
eit utval;
Merka sykke
lruter
Utekonsert
Fjelltur
Kulturhistorisk
Padling, roing e opplevingar
og sjøsportsa
l Leirduesk
ktivitetar
yting
l Skyting
med pil og
bue og
l Oppgåver
og aktivitetar salongrifle
l
l
l
l
l
Meir info på om alle turane finn du på
www.oyriket.no
Tidspunkt og
stad for dei
ulike aktivitetan
e vert annon
sert på www
.oyriket.no
Nyskole levert
Nye Riksfjord skole er ferdig og
blei overteken av Aukra kommune
31.mai.
Riksfjord skole blei overteken av Aukra kommune fredag 31.mai. Prosjektleiar for Brødrene Røsand, Paul Hjelset(t.v foran) og ordfører i Aukra kommune, Bernhard Riksfjord, underteiknar protokollen. Bak frå venstre; gründer i Brødrene Røsand, Emil Røsand,
marknadssjef i Brødrene Røsand, Eskil Røsand, ass. Prosjektleiar Arnold Askeland ved Hammerø & Storvik Prosjekt, prosjektleiar
Jon Gunnar Gjelberg, Aukra kommune, anleggsleiar Sindre Gundersen, Brødrene Røsand, og byggherreombod frå Hammerø &
Storvik Prosjekt, Ingeborg Lyngstad Kristiansen.
12
Bli med Iver Gjelstenli på
“kortreist” sykkeltur m/overnatting!
Ordfører Bernhard Riksfjord og prosjektleiar
hos entreprenørselskapet Brødrene Røsand, Paul Hjelset skreiv under protokollen,
og overtakinga var eit faktum. Kommunen
er svært nøgde med samarbeidet med
entreprenøren, og med gjennomføringa av
arbweidet. Dette er den største investeringa
i Aukra kommune nokosinne og resultatet er
formidabelt. No står det igjen å møblere skolen og ferdigstille det 21 mål store uteområdet. Skoleanlegget har alle fasilitetar som ein
kan tenkje seg og vil stå som eit signalbygg i
kommunen.
Den offisielle opninga vil gå føre seg
24. .august frå 12.00- 15.00
aukra.kommune.no
5
Tidsp
Klipp hekken
– ditt bidrag til eit trafikksikkert lokalmiljø
I følgje Vegloven § 43 er det eigar av avkjørsel som er ansvarleg for at sikta
alltid er tilfredstillande.
Ved at du passer på at gjerder, hekkar, busker og tre på din eigedom ikkje
hindrar sikt, sørgjer du for at tragiske dødsulykker og alvorlege personskader kan unngåast. Det er viktig å tenke på at busker og tre veks heile året.
Skjering bør difor gjerast fleire gonger i året. Anbefalt tid for skjering er
august/september og februar/mars.
Du skal kunne sjå eit barn på trehjulssykkel frå alle
retningar
Hekk, busker og trær må heller ikkje dekkje over gatenamn-/ trafikkskilt eller
gatebelysning. Ein viktig regel er at alle skal kunne sjå eit born på trehjulssykkel frå alle retningar og kunne stoppe på ein tredjedel av avstanden mellom
køyretyet og borne.
Vegdirektoratet her sett krav til sikt i kryss og ved
avkjørsler
For hjørnetomter bør det vere sikt som tilfredstillar sikttrekantane som vist
på teikninga under. Sikttrekantane målast 4 meter innover frå vegkant og
3o km langs veg med fartsgrense 30 km/t eller 50 meter ved fartsgrense
5o km/t. Innanfor desse trekantane bør det ikkje stå tett gjerde med høgde
over 80 cm. Vegetasjon (gras og busker. Det er unntak for tre med tynn
stamme og med lauvverk som er so høgt at det er mogleg å sjå under),
gjerder eller anna som det kan leggje seg snø på, bør ikkje vere høgare enn
50 cm over vegen.
Avkjørsler frå eigedom og ut i veg, bør ikkje gjerde med høgde over 80 cm
og vidare sørgje for at vegetasjon er høgst 50 cm over vegen i sikttrekantane, vist på teikninga under. Sikttrekanten målast 4 meter frå vegkant inn
på eigedommen langs avkjørselen. Frå dette punktet bør du ha sikt 30/50
meter til kvar side av avkjørsla avhengig av fartsgrensa på staden. Dette gir
deg god sikt til å sjå om det er klar veg. Det gir og andre trafikantar ein moglegheit til å sjå når nokon går eller køyrer ut frå din eigedom. For gang- og
sykkelveg som munnar ut i køyreveg gjeld same krav som for avkjørsel.
Vegdirektoratet her sett krav til sikt i kryss og ved
avkjørsler
Dersom det er behov for skjering av busker og tre utanfor kommunal
grunn, legg Aukra kommune eit Varsel om skjering i postkassa til grunneigar.
Dersom skjeringa ikkje er gjort innan 3 veker vil kommunen foreta maskinell skjering på grunneigars rekning.
Meld frå om hekkar og busker som kan forårsake trafikkfarlege situasjonar
Aukra kommune oppmodar publikum til å melde frå om hekkar og buskar som kan skape trafikkfarlege situasjonar langs dei kommunale vegane.
Når det gjeld Fylkeskommunale vegar oppmodar kommunen om at det blir
varsla til Statens vegvesen.
PIZZA/REKE/TACO
BUFFET
ONSDAGER
KL. 18 - 22
6
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
Verdas aktivitetsdag - årets tema «aktiv kvardag»
Markering av Verdas aktivitetsdag har blitt ein fast tradisjon i Aukra. Den globale merksemda blir retta mot helsegevinstane ved fysisk aktivitet og aktivitet som førebygging av livsstilssjukdommar. Noreg er eit av mange medlemsland i
verdas helseorganisasjon (WHO) som markerer dagen lokalt.
Dagleg aktivitet er viktig, og helsedirektoratet
anbefaler alle å vere i minst 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag. Aktiviteten kan også bli delt opp
i 10 minuttars bolkar, men bør vere av moderat
intensitet. Moderat intensitet vil seie at du skal
kjenne at du bruker kroppen. Eksempel på fysisk
aktivitet i kvardagen kan vere å gå til jobb/skolen,
sykle til butikken, jobbe i hagen eller danse. Ein
halv time for vaksne er alt som skal til for å få
dei gode helsegevinstane, førebyggje sjukdom og
leve eit friskare og lengre liv. Barn og unge bør
vere i aktivitet minst ein time kvar dag.
Vi veit at aktiviteten i kvardagen generelt har
gått ned de siste åra. Difor er aktivitetsvennlege
nærmiljø viktig for å stimulere barn, unge, vaksne
og eldre til aktive val i kvardagen, kvar dag.
Og hugs at litt aktivitet er bedre enn ingen
aktivitet!
Finn aktivitetar du trivst med- gjerne saman
med andre.
Verdas aktivitetsdag i Aukra ble i år markert i
eit samarbeid med Barnebo barnehage avdeling
Sjøstjerna og Maurtua, Aukra pensjonistlag og
eldrerådet. På uteområdet ved Aukrahallen og
i Aukraskogen var det lagt til rette for aktivitetar for alle uavhengig av alder og funksjonsnivå.
Ordføraren kom og opna dagen. Deretter gjekk
startskotet for aktivitetsdagen med ei flott oppvisning av Gossen seniordans.
Av ulike aktivitetar ein kunne ta del i denne
dagen var:
•
Tur til Berghaugen og rundt Halingshaugen med turleiar Eva Nerbø.
•
Historisk vandring til gapahuken og
gravrøysa i Aukraskogen med Knut Rød.
•
Natursti
•
Leik i ballbingen
•
Balansetau
•
Leik i «gjøkuret»
•
Hoppe langtau
•
Sykle osv.
Tilsette på Barnebo barnehage grilla og serverte fiskekaker i brød til alle dei 150 personane
som møtte opp. Det kom barn og vakne frå alle
barnehagane i Aukra: Bergetippen barnehage,
Trollmyra barnehage og Barnebo barnehage. I
tillegg kom det personar frå Aukra pensjonistlag,
eldrerådet, Aktiv på Dagtid, Aktiv Senior og fleire.
Therese S. Viken
Folkehelsekoordinator
Verdas helseorganisasjon sine mål
for dagen:
1. Auke befolkninga si bevissthet om helsegevinstane ved fysisk aktivitet og fysisk
aktivitet som førebygging av livsstilssjukdommar
2. Argumentere for fordelane ved fysisk
aktivitet og vise til gode eksempel
3. Auke befolkninga si deltaking på alle
arenaer
4. Fremje helsefremmande åtferd og livsstil i
et vidare perspektiv
ODD SMÅGE AS
M A S K I N E N T R E P R E N Ø R
– strekker seg enda litt lengre
Odd Småge AS ønsker
sammen med våre fantastiske
pensjonister i bakre rekke,
Tormod, Arne og Jarles,
Aukra kommune og dagens
1. klassinger velkommen og
lykke til med ny skole!
Tlf. kontor: 4000 6462
[email protected]
www.oddsmaage.no
aukra.kommune.no
7
Trygg skuleveg til nyskulen
Når nytt skuleår startar, vil mange barn få ein ny og annleis skuleveg enn det dei hadde tidlegare.
Foreldreutvala for Riksfjord skole og Barnebo barnehage har i samarbeid
med lensmannen i Sund og Aukra kommune v/Riksfjord skole og administrasjonen, fått i oppgåve å sjå på trafikktryggingstiltak i samband med
opning av nyskulen til hausten. I den samanhengen har vi kome fram til
desse tilrådingane for ein tryggare skuleveg:
Tilrådd skulerute
Som kartet viser tilrår vi at elevane bruker den raude traséen som skuleveg
då dette er den mest oversiktlege ruta.
•Barn som kjem gangvegen retning frå ferjeleie og omland, blir tilrådd å
bruke kryss nr. 1 og deretter å følgje den raude traséen.
•Barn som bur i nærleiken av Flatvollkrysset og omland, blir tilrådd å bruke
krysset som er merka med nr. 2 på kartet og deretter følgje den raude
traséen på kartet.
Vi tilrår ikkje at elevane går over vegen ved Flatvollkrysset då dette er eit
uoversiktleg kryss.
•Barn som bur i nærleiken av Bunnpris og omland, blir tilrådd å bruke
kryss nr. 2 og deretter følgje den raude traséen på kartet.
Vi tilrår ikkje at barna går over vegen via Bunnprisområdet til Sparebanken Møre/Soltun då dette er eit uoversiktleg kryss.
Gode råd til barna
•Vær sikker på at bilane i begge retningar stoppar for deg før du
kryssar vegen.
Et selskap i MIFO-gruppen
STERK-/SVAKSTRØM
•
Bolig Industri • Skip • Internkontroll
Kontortelefon:
Telefax:
71 27 88 70
71 27 88 71
Vakttelefon:
71 27 88 75
E-post:
[email protected]
Mobiltelefoner:
Jofred Skogvoll: 982 43 660
Jostein Stormyr: 982 43 659
Magne Heggdal: 982 43 658
Steffen Sandnes: 982 43 661
Horst Wichmann: 982 43 664
6475 Midsund • www.sund-elektro.no
8
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
•Er det andre barn i nærleiken, må du vere ekstra forsiktig. Andre følgjer
etter deg når du kryssar vegen.
•Bruk refleks/refleksvest, ikkje berre når det er mørkt, men også når det er
halvmørkt. Bilane ser deg ikkje.
•Ikkje gå over vegen før bussen har køyrt.
Gode råd til foreldra/bilførarar
•Foreldre bør så langt som råd ikkje kjøyre barna til og frå skulen. Vi oppmodar foreldre på det sterkaste å lære barna den nye skuleruta ved å gå/
sykle den nye skulevegen saman med barna før det nye skuleåret startar.
•Dersom de må køyre barna til skulen, ber vi om at tilvist plass blir brukt
ved av-/påstigning. Det må takast ekstra omsyn til mjuke trafikantar og
det ligg eit stort ansvar på foreldre/bilførarar den første tida.
•Legg inn god tid dersom du/de skal vidare for å rekkje ferja eller arbeid.
•Lensmann/politi vil ha eit ekstra oppsyn med korleis biltrafikken til/frå
skulen blir gjennomført og kome med klare råd den første veka.
Lensmannen vil saman med foreldre/vaksne vere synlege i trafikkbildet
den fyrste skuleveka og rettleie barna på vegen til og frå skulen. Vi har ikkje
mynde til å gripe inn i sjølve biltrafikken.
Vi oppmodar også dei største barna om å vere gode førebilde og bruke
dei tilrådde krysningspunkta.
Aukra kommune er også i dialog med Statens vegvesen om enkle fysiske
tiltak for trafikktrygging.
Med eit ønske om ein trygg skuleveg frå lensmannen, foreldreutvala og
Aukra kommune
Etterlysning – vi treng fleire
«foreldrevakter»
Vi har eit stort ønske om at foreldre/andre vaksne saman med lensmann stiller opp på ein felles dugnad som «foreldrevakt» den første
skuleveka frå 19. august.
Foreldrevakta skal rettleie barna til å følgje tilrådingane som er
nemnd ovanfor
både til og frå skulen. I tillegg skal dei vere synleg blant biltrafikantane
for å «markere» at her er det ein ny skuleveg.
Dersom du ønskjer å delta som foreldrevakt, kontakt Malin Ilestad
på mobil 918 16 210 eller [email protected]
SNARAST for meir informasjon.
150 turar er med i årets
10. mai gjekk startskotet for årets Stikk UT! Dette ein
turaktivitet kor det på turmål rundt om i kommunane i
Nordmøre og Romsdal er plassert ut ei turkasse med ei
besøksbok og ein registreringskode. Denne koden kan
du leggje inn på di personlege side på nettsida www.
stikkut.no.
I år er også Sunndal og Sandøy med på denne populære turaktiviteten.
Det betyr at det i år er 150 flotte turar i 13 kommunar å velje i. Kravet
for å gjøre seg fortent til det populære premiekruset er også i år 7 ulike
turmål for vaksne, og 6 ulike turmål for barn.
Årets Stikk UT! brosjyre inneheld eit oversiktskart over alle turane.
Denne brosjyren kan du få i sentralbordet på kommunehuset, på biblioteket, på kulturavdelinga og på fleire offentlege stader i kommunen.
Stikk UT! sesongen varer frå 10. mai til 1.november 2013.
Statistikk pr. 3.6.2013 viser at årets Stikk UT! har fått ein
god start:
•3383 personar har allereie registert seg som brukarar (dvs. at dei er
aktive turgåarar)
•Det er så langt registert 19834 turar
•2361 av desse registreringane er gjort på turmål i Aukra
•Hundetjønna på Julsundet er eit av det mest besøkte turmålet i Aukra
Hiv og hoi me ti!
«Og skuta er vi mange til i, her er
Jack og gamle Willi, Petter Flint og
Røde Willi, og enda noen til» - Piratane frå Eikrem var
laurdag 1. juni invitert til ein storslagen sjørøvarfest i Hoksneset. Pøsregnet utanfor sette ingen stoppar for det som
no har blitt ein artig tradisjon - å krysse myra oss imellom
og samlast for å kle oss ut, prate, leike og ha det kjekt i lag.
AUKRA VVS AS
Nytt bad?
Ring 95 03 53 53
og få et godt tilbud!
UTDELING AV PLASTRETURSEKKER
Mørk blå: PMS 301 EC
CMYK 100 - 58 - 0 - 5
Aukra har i år desse 12 turane med i Stikk UT!:
Purkeneset, Gossen
Ridderhaugane, Gossen
Emmershaugen, Gossen*
Brenslen, Gossen
Berghaugen, Gossen*
Ørnehaugen, Gossen
Jærmannburet, Gossen*
Hundetjønna, Julsundet*
Fangholsetra, Julsundet
Svartnakken, Julsundet
Eidskremsetra, Julsundet, NY!
Eidskremheia, Julsundet
Turmåla merka med * er det mogleg å nå med barnevogn og rullestol.
For meir informasjon om turane og registrering sjå nettsida www.stikkut.
no, og følg gjerne Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal på facebook.
Lys blå: PMS 292 EC
CMYK 50 - 14 - 0 - 0
Nye sekker for
levering av plastemballasje vil bli
delt ut i august.
Skulle du gå tom
for sekker innen
den tid er det
mulig å hente
ekstrasekker
på kommunens
servicekontor eller
på miljøstasjonen.
EKH.no
Ved spørsmål om Stikk UT!, ta kontakt med folkehelsekoordinator Therese
S. Viken, [email protected]
www.rir.no • 71 21 34 50
aukra.kommune.no
9
Nye tilsette i pleie og omsorg i Aukra kommune
Toril Giske er tilsett i vikariat som avdelingsleiar
ved Aukraheimen avdeling Nordbo og Lillebo frå
april 2013.
Toril er sjukepleiar og kjem frå øya Giske. Ho
har vore busett i Molde siste 26 åra. Toril har
bakgrunn som sjukepleiar frå sjukehuset i Molde
og i Molde kommune, ho har vore leiar Molde
kommune i 10 år. Toril var tilsett i heimetenesta
i Aukra kommune for 23 år sidan og treivst så
godt her at ho synest det no er kjekt å komme
tilbake. Toril likar friluftsliv og trivest i kajakk og
på sykkel. Ho syklar ofte frå Molde til Gossen på
jobb.
Åshild Tangen er sjukepleiar og er engasjert
i vikariat som avdelingssjukepleiar ved Aukra-
Bildetekst, bildetekst, bildetekst
08 - 17 (09 - 14)
heimen, avdeling Sørbo, førebels ut året 2013.
Åshild var ferdig sjukepleiar i 2001 og har
arbeidd ved Aukraheimen sidan 2004. Før det
har ho arbeidd på sjukehuset i Molde. Åshild har
vore plasstillitsvald i Norsk sjukepleieforbund frå
2009 til 2011.
Anne Berit Solem er tilsett i ei 3-årig prosjektstilling som vikarkoordinator ved Pleie og
omsorgstenesta. Ho har ansvar for å skaffe og
fordele vikarar ved fråvær i dei ulike avdelingane,
og dagleg registrere fråvær og inntak av vikar i
turnusplan som grunnlag for timelister.
Avdelingsleiarane får frigjort tid som dei kan
bruke til personal- og fagutvikling. Anne Berit har
vore tilsett i Aukra kommune sidan 1994. Ho har
arbeidd innan fleire avdelingar med merkantilt arbeid, siste 8-9 åra mest med løn og personalfaget.
Erfaringa Anne Berit har frå løn og personalarbeid
er til god nytte i den nye stillinga.
Jan Schirmer er tilsett i vikarstilling som kjøkkensjef ved Aukraheimen, han presenterer seg slik:
Eg kjem frå Tyskland og har nå budd seks år i
Noreg. Eg er ein lidenskapeleg kokk.
Eg har jobba i Tyskland på forskjellige kjøkken,
frå stjernekjøkken til eiga restaurant, catering og
vanlige hotell. Då kunne eg samle mange arbeidserfaringar.
Eg er gift og har to barn. Ein gut på 8 år og ei
dotter på 11 år.
Jan Schirmer
Vi kjøpte oss eit hus på Aukra og då begynte
eg med en ny hobby (oppussing)
Eg speler elektrisk gitar, og drar gjerne på
fisketur og finner gjerne opp nye oppskrifter.
Mitt mål for Aukraheimen er variert og smakfull mat i alle situasjonar.
Vi ønske alle dei nytilsette velkommen som
arbeidstakarar i Pleie og omsorg .
Informasjon frå Helsesenteret.
Laboratoriet er stengt på onsdagar fram til
midten av august grunna ferieavvikling og
sjukdom.
Vi har alt til sommerkosen!
NYHET!
MONOLITH KERAMISK GRILL
– en fantastisk grill for entusiasten
som ønsker seg en allsidig kullgrill
10
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
EKH.no
Mye spennende på lager,
ta en tur innom!
Ipad på Julsundet skole
I haust kjøpte Julsundet skole inn nokre Ipadar for å kunne nytte dei i undervisninga. Dei lærarane som har fått prøve
det ut, har gjort seg gode erfaringar med bruken av dette verktøyet. Nettbrettet er mykje enklare å bruke og raskare
å få i gang enn ei datamaskin. Til dømes går det kjapt å søke opp instruerande videoar eller søke opp forklaringar på
noko som ein undras på.
Appar
Dei ulike tilleggsprogramma (apps) som ein kan installere, lastast raskt ned
for umiddelbar bruk. På Julsundet har vi nytta program med blant anna
desse funksjonane: logopediske øvingar, bokstavlæring, hukommelsespel,
animasjon, matematiske oppgåver (addisjon, subtraksjon, tal og omgrep
mm), finmotoriske handøvingar, bøker og program til å lage teikneseriar. I
tillegg har vi nytta program der ein enkelt kan lage ein rapport til dømes
av eit eksperiment, lage tankekart eller ta notatar i timane. Ved å ha Ipad`n
lett tilgjengelig har ein og høve til å dokumentere mykje av det som skjer
i ein skoledag ved at ein har kamera og filmkamera i verktøyet. App`ane
er tilpassa til ulike aldersgrupper og behov, og ein har dermed eit godt utgangspunkt til å skreddarsy bruken av Ipad`n til forskjellige elevar. Nettbrettet gjer undervisninga meir variert og elevane synes det er gøy!
Tips til appar (blanda alderssteg):
Spesielle historier (lyd og bilete) , Miniklubb, ABC-spillet, Fonemo, Karsten
og Petra (bøker), Staver`n, Tellespillet, Memo-spill, Educreations (lyd og
bilde), Skolestart, Sirkus Salaby, Cartoonist, Mindomo (tankekart), iMotion
HD (animasjon), Skoleskrift (skrive seg til lesing), BamseMix 2, Alphabet
Tracing, Bokstavlek, Zahl og Menge (tall –tysk), Shape Monster.
Ambulansen var på besøk i barnehagane på Gossen torsdag
06.06.13. Dette skapte stor undring og var eit spennande besøk.
aukra.kommune.no
11
Aukradagen 2013
Mykje energi, god stemning og blide folk var det som prega Aukradagen 2013. Trass i litt surt vêr var Falkhytten fylt med utstillarar og publikum frå byrjing til slutt. Og på utescena kom lokale talent på rekke og
rad, alle introdusert av ein entusiastisk konferansier, nemleg Terje Sporsem. Folkefest var det også på
Nautneset, med både rokonkurranse og palleløp.
Hovudkomiteen for Aukradagen ønskjer å rette ein stor takk til alle som stilte opp og gjorde
Aukradagen 2013 til ein festdag.
eringa.
ukostserv
a med seg fr
h
e
ll
vi
ge
Man
Wanda Hjert
vik på stand
for Vard
Aukra.
elle opninga
r den offisi
fo
d
o
st
n
kale MOTOrdførare
man med lo
sa
en
ag
ad
kr
av Au
.
ungdommar
Terje Sporsem
var dagens konf
eransier.
i!
e av energ
el er full
negosp
Aukra Bar
ukradagen
ter feirar A
sæ
el
M
.
F
l
Sisse
e.
marsipankak
Vinnarar av kommunequizen på Aukradagen
Avduking
av
ved ordfø skilt Gassknute
p
raren og
MOT-un unkt Nyhamna
gdommar.
med
Inne på Soltu
n hadde Spetak
kelteateret fram
syning.
-
1. premie: Kristina Iversen
2. premie: Marte Småge
3. premie: fam. Aina og Stein Arild Småge
12
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
motoren
t rundt båt
Triveleg pra
Melsæter.
til Oddvar
og
både sjåast
ebil kunne
Gossen Gat
høyrast.
Stian Vestavik
gjer ein god in
nsats for å
rekruttere ko
mande brannm
enn .
førarrsem og ord
r Terje Spo
ie
s
an
er
nf
Ko
ard
onkel Bernh
et
på Nautnes
te palleløp
er
ng
ra
ar
ne
Brobygger
Dansarar frå
Aukra kultur
skole.
ng er Årets
Fiskerforeni nes motg
o
rge
Je
le Bru
Aukra
2013. Jann O
Aukraværing vegne av klubben..a
på
tok prisen
Mange fekk ei
n tur med redn
ingsskøyta fr
Nautneset
å
Gossen Dykker
klubb fekk pr
isen for
Beste stand.
nn årets
riselskap va
Orten Fiske
se.
rokonkurran
Joakim Ro
vd
Gossen Dyk e fiskar krabbe ho
s
kerklubb
aukra.kommune.no
13
Ein leiar går av
Åse Breivik er ein person som mange i lokalsamfunnet vårt kjenner. Den
hardt arbeidande og engasjerte leiaren i PLO, har no bestemt seg for å tre
tilbake som leiar og overlate roret til nokon andre.
Åse har arbeidd fast i kommunen sidan 1981,
først som sjukepleiar i heimetenesta, men allereie
før det jobba ho som assistent på sjukeheimen. I
1990 blei ho leiar/sjukepleiesjef for heimetenesta.
Den stillinga heldt ho til i 2003. Så tok ho over
som styrar på Aukraheimen frå 2003- 2005, men
etter at kommunen la om til flat struktur blei ho
einingsleiar i det som no heiter Pleie og omsorgstenesta.
Åse Breivik er utdanna sjukepleiar, og set kvaliteten
i det arbeidet høgt.
– Basisen for det vi driv med er at vi skal
gi best mogleg tilbod til brukarane og deira
pårørande, og i mange situasjonar blir du godt
kjent med heile familiar. Spesielt når du er ute i
heimetenesta. Behovet for hjelp har blitt større
og krev meir av oss. Mange vil bo heime så lenge
som mogleg og treng den tilrettelegginga dei kan
få. Då er vi avhengig av ein god dialog med alle
partar.
Åse hadde aldri noko mål om å bli leiar, men ettersom behova for meldte seg, syntes ho det virka
spanande å ta på seg ei meir administrativ rolle.
– Noko var eigne val, andre gongar blei eg
spurd. Slik som PLO har utvikla seg har organisasjonsstrukturen vorte større og blitt meir utfordrande. PLO har over 90 stillingar fordelt på
140 tilsette og er den største eininga i kommunen. Dette er ein stor og omfattande jobb, men
hadde eg ikkje trivst ville eg ikkje gjort dette.
Som leiar i ei eining må du ta avgjerslene for veldig
mange. Nokre avgjersler er lette å ta og andre ikkje
så lette.
– Du må tørre å ta nokre val og avgjersler
som ikkje bestandig fell i god jord for alle, men
det er min jobb. Skal ein drive ei så stor eining
kan ikkje alle få det som dei vil, men alle skal bli
høyrd.
Krava til ein leiar i det kommunale systemet har
blitt større med åra. Dokumentasjon tek meir tid.
– Alle vedtak som skal gjerast, all aktivitet vi
driv med skal dokumenterast. Mykje av dette
arbeidet er det pleiarane eller avdelingsleiarane
som gjer sjølv, men til sjuande og sist er det eg
som øvste leiar som må godkjenne tidsbruk og
dei økonomiske utfordringane slike vedtak fører
med seg. Det kjem også til stadigheit nye rutinar
og forordringar frå statleg hold som vi må implementere i vårt arbeid. Det tek tid å sette seg inn
i det og innføre det. Alt krev vegleiing, kursing og
oppfølging i ein allereie pressa kvardag for alle
tilsette.
Åse er oppteken av å fortelle at ho er svært nøgd
med sine tilsette.
– Det er dyktige folk med mykje kompetanse,
som gir god kvalitet på dei tenestane vi tilbyr.
Eg har gode relasjonar til mine medarbeidarar,
både oppover og nedover i organisasjonen. Eg
trur at dei eldre i kommunen får god omsorg.
Pårørande er ein ressurs som vi heile tida vil ha
med på laget.
Det at Åse no ønskjer å trekke seg som leiar i PLO,
er ikkje det same som at ho vil slutte å jobbe.
– Eg vil fortsette å arbeide i kommunen, men
ønskjer andre utfordringar. Eg legg ikkje frå meg
alt som har med PLO å gjere og eg ynskje å vere
med på planlegginga av ombygging, utbygging eller nybygg av Aukraheimen. Dette er fortsatt eit
viktig arbeid for meg, for vi har behov for betre
fasilitetar som kan gi brukarane våre ein best
mogleg kvardag. Hovudfokus i arbeidet i PLO er
å gje hjelp til sjølvhjelp, der vi skal leggje til rette
for at flest mogleg skal klare seg sjølv, og gje hjelp
til det brukar ikkje greier sjølv.
Så kva med framtida?
– Eg vil som sagt vere i arbeid så lenge som
mogleg. Å få gjere noko nytt er inspirerande og
det gir meg moglegheita til å ikkje vere den som
tek alle avgjersler lenger. Eg er bestemor til fem
gutar, og blir bestemor igjen til hausten. Dette er
noko eg også ønskjer å bruke tida mi på. Det å
få oppleve og vere med på kvardagen deira gir
meg mykje glede. I tillegg synes eg det er greitt
å få brukt tid på hytta på Lesja. Der kan eg gå ut
i skog og fjell, men samtidig sette meg ned med
ei god bok eller strikke. Eg er aktiv og engasjert
i samfunnet, og oppdaterer meg heile tida gjennom radio, gjerne P1 og NRK.
Åse seier at det å ha vore einingsleiar har vore
ein spennande og utfordrande jobb, heilt sidan ho
starta som leiar i 1990. Utfordringane har blitt
større, men samtidig lærerik.
– Eg sit igjen med ein kompetanse, både helsefagleg, men også som leiar. Denne kompetansen
vil eg nytte i framtidig arbeid og vere ein ressurs
for dei som treng det.
Små prosjekterte
eneboliger til salgs
på Falkhytten, Aukra
P
2 590ris
000,-
119 m2, 2 plan, carport,
terasse, energivennlig
Se mer informasjon på www.finn.no,
finnkode: 40844729 eller www.slettedal.no
Husbankfinansiering
Ta kontakt:
Eksempel på finansiering:
Husbaklån, 30 års løpetid
Slettedal AS
[email protected]
tel: 950 71 202
14
Kommuneavisa for Aukra
kr 2 070 000
Månedlig lånekostnad år 1 - 8 med avdragsfrihet
kr 5 120
Netto månedlig lånekostnad etter skattefradrag
kr 3 690
Fastrente 2,9 %, avdragsfrihet 8 år.
nr 2 juni 2013
kr 520 000
EKH.no
Egenkapital
Markering av hundre år med kvinnene
sin alminnelege stemmerett
Markeringa vart gjort på Løvikremma
laurdag 1. juni der Gossen Bygdekvinnelag var arrangør.
Mellom foredrag av professor Ove Bjarnar om
«Bygdefeminismen som politisk faktor før og
etter kvinnestemmeretten», musikk,song /allsong
v/Jonny Bjerkan og eit artig kåseri av Annbjørg
Windstad om kara-og kvinnfolkarbeid før i tida,
var det kaffi og masse kaker å få kjøpt.
Hovudattraksjonen var likevel den vesle utstillinga inni kammerset der 100 år gamalt «teppe»
brodert av 14 kvinner som kvar hadde signert
sin del, hadde fått ein fin plass. 11 av kvinnene
kunne vi vise bilde av frå den tida. Fleire andre
bilde frå same tidsepoke viser og korleis folk
kledde seg for hundre år sidan. Vi håper Romsdalsmuseet kan la denne utstillinga være der ute
i sommar, slik at fleire enn dei om lag 70 som
møtte opp på arrangementet, kan få høve til å sjå
det. Vi takkar dei som har lånt oss bilde slik at vi
kunne får realisert prosjektet vårt.
Bilde over: Leder av Gossen Bygdekvinnelag Eva Husøy.
Bilde til høgre: Annbjørg Windstad som snakka og kara- og
kvinnfolkarbeid før i tida
aukra.kommune.no
15
Lag og organisasjonar
Send tekst og bilde til
[email protected]
Bergetippen, eit fint
turmål i Julsundet
Aukra frivilligsentral
Aukra frivilligsentral hadde opning torsdag 25.april
med snorklipping og festivitas. Her kjem nokre
ord frå opninga og dei første vekene.
Opningsfesten vart godt besøkt og nærare hundre personar var innom dørene denne kvelden.
Ordførar Bernhard stod for snorklipping i lag
med styremedlem frå UFO, Sebastian G. Jenssen. Det vart halde talar og me fekk høyre flott
musikalsk underhaldning med song av Inga Sølvi
Korsvik Melby og Amalie Sandøy, begge akkompagnert av Jens Petter Kjøll. Etter dette var det
kaker og kaffi, is og saft til dei frammøtte.
Aukra frivilligsentral er samlokalisert med
ungdomsklubben UFO, og dei hadde si opning
på fredagskvelden. Og ungdommane ser ut til å
kose seg i dei nye lokala plassert midt i sentrum.
Mange tilbod
Fleire tilbod og aktivitetar har kome i gang etter
opninga. «Full rulle» er eit trilletreff for småbornsforeldre. Denne gjengen har vore i lag to
gonger og treffes anna kvar tysdag i oddetalsveker kl. 10.00. Dette er eit tilbod ope for alle som
er heime med små born. Full rulle først med
påfølgande lunsj og prat etterpå. Fortsatt plass til
fleire!
«Ta mikrofonen» er eit sosialt møtepunkt for
vaksne og vil ha samlingar ein gong i månaden.
Her kan folk ta mikrofonen og opptre med det
dei måtte ønske av song og musikk, dikt, eller forteljingar. Meld deg til Jens Petter om du ønskjer
å vere med! Neste «Ta mikrofonen» blir tysdag
25.juni kl 20.00.
Songtreff på dagtid er og sett opp som eit
tilbod anna kvar tysdag i partalsveker kl. 13.00.
Dette er for dei som liker å synge og på repertoaret står kjente songar, dei fleste med norske
tekster. Aukra er ein kommune med mange
songglade menneske, så dette har dagleg leiar
Jens Petter Kjøll trua på vil slå an. Songtreffa blir
avslutta med ein kaffikopp og enkel servering.
Besøksven
Besøksven er og lansert som eit tilbod frå frivilligsentralen. Her kan dei som ønsker ein besøksven
16
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
ta kontakt med frivilligsentralen. Ein besøksvenn
er ein person med ekstra tid som med glede
tek seg ein tur innom eit anna menneske for ein
kopp kaffi og ein prat. Det kan bety mykje for
mange å ha ein besøksven, så Jens Petter håper
fleire vil melde seg som besøksvenn, og at dei
som syns dagane kan bli lange tek telefonen til
frivilligsentralen for å skaffe seg ein besøksven.
Vidare er ein i skrivande stund i gang med å
førebu etablering av ein småjobbsentral. Ungdommar mellom 14 og 18 år kan melde seg til
frivilligsentralen for enkle arbeidsoppdrag. No er
det høgsesong for plenklipping og hagestell, og
fleire har allereie spurt etter tenester. Her har
ungdommar jobb på dagen om dei er interessert! Ta kontakt på frivilligsentralen.
Utover dette fortel dagleg leiar at frivilligsentralen har hatt utleige til konfirmasjonar, styremøte, årsmøte og bursdagsselskap. Alt dette etter berre ein månad i drift, og tilbakemeldingane
på huset er gode.
På toppen av det vesle fjellet Bergetippen i Julsundet, er det i år sett opp
ei kasse med turbok til å skrive seg
inn i. På slutten av hausten vil det bli
trekt ut premiar blant dei som har
skrive seg inn i boka.
Du kan kome deg på Bergetippen frå fleire
kantar. Den stien som er skilta og merka no
i vår, startar første vegen inn til høgre når du
kjem forbi Bergetippen barnehage. Skilt og raude
pinnar markerer starten på stien. Resten går av
seg sjølv oppetter mot toppen. Turen er lett å gå
og passar godt som ein kort familietur. På toppen har du god utsikt ut over «øyriket Romsdal».
Vil du forlenge turen, kan du gå vidare ned
stien på baksida av Bergetippen. Her kjem du
til ein fin gapahuk og ein samlingsplass i skogen.
Frå gapahuken kan du kome inn på vegen til
Lauvåsen og vidare inn til Hundetjønna, der ein
av Aukra sine stikk-ut postar ligg.
GOD TUR !
Helsing Julsundmarkas Venner
Møteplass
Elles er Jens Petter å treffe på frivilligsentralen og
ønskjer at folk kikkar innom, for ein prat eller ein
kaffikopp i sofaen. Målet er at frivilligsentralen
vert ein møteplass for mange, og dette er me
godt i gang med,seier Kjøll.
Nye Goossen skolekorps
Elevar frå 3.trinn på Riksfjord skole, (SPÆLL!)
elevar frå kulturskolen og aspirantar til nye
Gossen skolekorps deltok på 17. mai saman med
Gossen musikkorps.
Informasjon
Julsundmarkas venner og Aukra kommune inviterer til markering av «Kulturminne-dagen og
På tur med ordføraren», søndag 8.september. Sett av datoen allereie no til ein spannande dag på
Julsundet. Program for dagen vil bli annonsert seinare. Velkommen til både små og store
Tema for kulturminnedagen 2013 er: Historiens kvinner og menn
– deltaking, fellesskap og handling
Barnebo barnehage
– I møte med det kompetente barnet
Omsorg, leik, læring og danning spelar saman i eit heilskapleg syn på barn og barndom. Ei av primæroppgåvene til
barnehagen er å gje barn omsorg. Vi byggjer omsorgsfulle relasjonar ved å lytte til barnet ,vere nær og vise vilje til
innleving og samspel. Leiken er ei grunnleggjande livs-og læringsform som barnet utrykkjer seg gjennom. Den har stor
eigenverdi for barnet her og no, og i barnehagen har den ein stor og viktig plass.
Tur i Aukraskogen
«Den dagen vi skulle på tur i Aukraskogen, satt vi
og las bok om morgonen.
Det var ei aktivitetsbok, og der var det bilde
av at dei måla på steinar. Går det an? lurte
Asbjørn på.
Og dermed hadde vi eit mål for turen, alle
måtte plukke med seg ein stein, slik at vi kunne
sjekke om det var råd og måle på stein.» ( Sitat
frå månadsdokumentasjon i april ).
Å ta barnet på alvor og vise det respekt er
sentralt i Barnebo sitt syn på barn. Vi lyttar til
barna, ser kva dei interesserar seg for og er
nysgjerrige på – kva er magnetane deira ? For
så å inspirere dei til å utforske verda vidare og
skape gode vilkår for læring og danning. Når
3-åringen peikar på skiltet i Aukraskogen og seier
sjå, eit brev ! Seier vi ikkje, nei dette er eit skilt,
og håpar på at barnet huskar det til neste gong.
Vi anerkjenner den kunnskapen barnet allereie
har tileigna seg om bokstavar og tekst, og let oss
imponere over at det allereie kan ordet brev.
Vidare undrar vi oss over bokstavane, og at dei
saman kan bli til ord.
Kunnskap
«Kunnskap er noe som vi ( barnet og jeg ) skaper sammen i dialog med alt som er rundt oss.»
(Reggio Emilia ).
At vi er glad i naturen set farge på aktivitetar, tema og prosjekt. Vi er mykje ute, og stadig
på tur i det allsidig flotte naturterrenget kring
barnehagen. For oss blir bakken opp til vasstårnet jakta på sanninga om påskeharen, og å
klatre berget opp på Hallingshaugen til den mest
eksotiske fjellvandring. Turen inn i Aukraskogen
vert ein filosofisk samtale og eit større prosjekt
om kvifor rådyret døydde. Og det er magisk når
2-åringen oppdagar isen på Hallingshauhålå og
konkluderer at is er vatn med snø på ! Ein ekskursjon i fjøra fører til at vi vil byggje opp igjen
båten av vrakrestane vi finn. Og vi undrar oss
over at det er togbane inn i naustet, og er ein ål,
ein fisk eller slange ?
Slik tek dagane, prosjekta og aktivitetane nye
vegar etter kvart som vi søkjer kunnskap saman.
Å stille spørsmål blir like viktig som å finne dei
rette svara. At vi lyttar til barna, skal gjere ein
forskjell !
Gripe før ein begrip
Vi vaksne på Barnebo er mogleggjerarar. Vi
meiner at kva barnet lærer, og korleis det skjer,
er eit svar på dei moglegheitene vi gjev. Kreative
prosessar, skapande aktivitetar og prosjekt, med
utgangspunkt i barna sin magnet, pregar det
pedagogiske innhaldet. Det er rart at skuggen
på veggen gjer det same som eg. Og at gulerota
kjem frå åkeren, ja det vil me finne ut av. Og kor
vert vatnet av når det er fjøre, eller visst vi tømmer bøtta oppi sandkassa ? Barna treng erfaringar. Dei må sanse, oppleve, med heile kroppen
korleis verda heng saman. Vi må forske, gjenskape
og nyskape kunnskap, teste ut barna sine teoriar,
undersøkje, vere nysgjerrige. Barnet må gripe før
det begrip. «Kva skjer når eg trakkar på isen?»
«Fins det løve i løv-treet?», « Sjå!! Eg har laga ei
ny farge» Og ikkje minst den gongen vi tok med
metalldetektoren ut på tur og var heilt sikre på
at vi hadde lært kva som var metall, heilt til det
peip i ein hundebæsj ???
Kva kan ein bli?
Kva kan eit barn bli ? I ei heilskapleg tilnærming
som tek arenaene for omsorg, leik, læring og
danning på alvor, lyttar til barnet og skapar moglegheiter, kan ein tenkje seg innovative, undrande
og kunnskapshungrige barn. Barn med god nok
sjølvkjensle til å tørre å skape og utvikle, og med
ønskje om å ta vare på det som er viktig for ei
berekraftig utvikling inn i framtida.
Slik som barna våre som har forska på dei
rare knollane dei tilfeldigvis fant i jorda. Teoriane
om kva det kunne vere var mange, og etter å ha
utforska, lukta, kjent og kikka i bøker for å finne
ut av kva det var, var dei enda ikkje heilt sikker.
Det kunne likne på sopp… Etter å ha spurt både
foreldre, onklar og andre gjennom e-post og
Romsdals Budstikke, veit vi no at dei har funnet
Grynløpekule. Og at dette er særleg hjorten
sitt potensmiddel. At barna på ein heilt vanleg
kvardag grev fram knollar er kanskje ikkje så rart
i seg sjølv, men å forske på kva det er og finne ut
at det er naturen sin eigen viagra ……..Så artig !
Grynløpekulene er no forsvarleg lagra i barna sitt
eige museum for spanande funn.
Her eg sit og skriv, ser eg plutseleg eit rådyr
som kikkar på meg 3 meter frå vindauget på kontoret. Rett nok utanfor barnehagen sitt gjerde.
Men det bekreftar at naturen er tett på oss heile
tida. Det handlar kun om å vere merksame nok,
og ta seg tid til det som skjer akkurat no. Med
det nysgjerrige utgangspunktet har du i alle fall
gripe barna. Og, ja det går an å måle på stein.
Hanne Margrethe S. Skarshaug,
Barnebo barnehage
aukra.kommune.no
17
Nytt frå Aukra Næringsforum
På plass: Åge Hareide har funne seg til rette i den nye
rolla på Aukra. Han går frå å lede fotballag til å «trene»
eit nytt lag; næringslivet i Aukra
18
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
Åge Hareide om si nye rolle:
- Vil prioritere medlemmane
Åge Hareide har lagt fotballkarriera bak seg. No vil han nytte kompetansen han har opparbeidd seg gjennom eit langt
fotballiv til å utvikle næringslivet i Aukra.
– Eg vil prioritere tett kontakt med medlemmane våre, seier den ferske daglege leiaren i Aukra
Næringsforum.
Verdival
Han brukte mykje tid på å tenkje etter at han
slutta som fotballtrenar i Helsingborg. Han ville
slappe av eit halvår og finne ut kva neste steg
skulle bli. Det hektiske fotballivet der han var på
jobb når dei fleste andre hadde fri, har vore kvardagen i mange år. Han har budd i sju byar sidan
1975 og har halde eit høgt tempo i eit krevjande
miljø. Til slutt tok han det han kallar eit verdival.
– Eg skulle bruke ein periode til å tenkje meg
om etter at eg slutta i Helsingborg. Dess lengre
tid det gjekk utan at eg sakna fotballen, blei eg
trygg på at eg ville prøve noko anna. Eg fann ut
at eg ville ha ein regelmessig jobb og ha fri på
same tid som dei fleste andre, seier Hareide.
Han trer no inn i ei ny rolle som næringslivsleiar i ein kommune med enorme moglegheiter.
Han tek med seg erfaringane og eigenskapane
som fotballeiar inn i næringslivet i Aukra.
– I den nye jobben vil eg dra nytte av ei brei
kontaktflate eg har opparbeidd meg i løpet av
åra i fotballen. Eg er vant til å omgås folk i ulike
roller, som sponsorar, media, administrasjon i
klubbane, kulturlivet, spelerar og aksjonærar.
– Fotballen er ein helt spesiell bransje som
heile tida er tilgjengeleg og open, der det er
fort gjort å bli teken i eit svakt augeblink, seier
Hareide.
– Eg måtte være på hele tida, på ulike arenaer,
og alle skulle være tilfredse. Det er alt rundt
sjølve treningane og kampane som er slitsomt,
og som stjel energi. På same har tid har eg mykje
igjen for det no. Ein lærer seg å kommunisere,
og kommunikasjon er ein viktig del av den nye
jobben.
Åge Hareide kjem frå ein resultatorientert
bransje som kan være nådelaus om resultata er
svake.
– Eg trur eg vil dra nytte av at eg er vant til å
måtte prioritere og tenkje resultat heile vegen.
Eg vil sjå at det me gjennomfører bidreg til noko
positivt. På same måte som i fotballen må me
evaluere og tenkje forbetring heile tida. Om ikkje
havnar me bakpå, seier Hareide.
Unik moglegheit
Aukra og næringslivet står føre ein av dei mest
spennande periodane i kommunens historie.
Den planlagde utviinga av Nyhamna og store
samferdselsprosjekt er berre to av elementa som
i stor grad vil påverke Aukra dei kommande åra.
– Me må ta vare på næringslivet som allereie
er her og samtidig legge til rette for nyetableringar, tenkje nytt og dekke behovet for kvalifisert
arbeidskraft. Aukra har økonomiske musklar og
moglegheit til å tenkje kreativt, seier Hareide.
Den nye leiaren i Aukra Næringsforum meiner
den neste generasjon i større grad vil vektlegge å
fylle både jobb og fritid med kvalitet. Livskvalitet
som Aukra kan tilby masse av.
- Eg trur det vil skje ei livsstilsendring der innbyggarane i større grad enn i dag vil ha kvalitet
på jobb og vektlegge gode stadskvalitetar der
dei bur. I Aukra har me vilkåra rundt oss og eg
meiner me kan konkurrere med alle i Europa på
bu- og livskvalitet, seier Hareide.
– Tenk regionalt!
Hareide er oppteken av å tenkje samarbeid utover eigne kommunegrenser. Å fremme regionen
Aukra er ein del av vil, stå sentralt i arbeidet
framover.
– Det er viktig å tenkje regionalt og ta ein regional posisjon. Me må ikkje berre tenkje Aukra,
men også Molderegion. Som regional eining er
me ei kompetanseklynge med komplementære
ferdigheiter, der alle har litt å by på. Me må
samarbeide og utfordre kvarandre, seier Hareide
som peiker på Vestbase i Kristiansund som eit eksempel på ei verksemd som næringslivet i Aukra
kan lære mykje av.
– Det er ei verksemd me kan samarbeide
tettare med for å auke kompetansen vår. Eg trur
me har mykje å hente på regionalt samarbeid,
både i forhold til kompetanse, innovasjon og for
å framstå som ei sterk eining. Samarbeid mellom
kompetansebedriftene i region er viktig, seier
Hareide.
To hovud tenkjer betre enn eitt
Steinar Melbø vil fortsette som assisterande dagleg leiar i ein toårsperiode. Det betyr at Aukra
Næringsforum vil ha betydeleg større ressursar
til medlemskontakt og drive næringsutvikling.
– Det har vært utfordrande å være dagleg leiar
i halv stilling i en så krevjande jobb. Eg er glad
eg får moglegheita til å jobbe under ein så god
leiar som Åge dei kommande åra. Styret ville
ha en leiar som kunne løfte oss vidare, og det
har vi fått. Eg trur medlemmane våre vil merke
at me har meir ressursar tilgjengelige og at me
kan følgje dei opp enda tettare, seier Steinar
På plass: Åge Hareide har funne seg til rette i den nye rolla på
Aukra. Han går frå å lede fotballag til å «trene» eit nytt lag;
næringslivet i Aukra
Melbø som vil kjøyre prosjekter som allereie er
i gang, som GassROR, Øyriket og HoppID, mens
Hareide tar hand om dei nye prosjekta.
– Me vil drive utstrakt sørvis til medlemmane,
men det er også viktig å understreke at dei
som vil ha kontakt bør seie frå. Me vil prioritere
å snakke med medlemmane våre, seier Åge
Hareide.
Tekst og foto: Arnt Olav Hønsvik
Åge Hareide (59)
Utdanna revisor
Trenar Molde Fotballklubb 1986- 1991
Bank manager DnB, Molde 1991 - 1993
Adm. dir. Molde Fotball A/S 1993
Trenar Molde Fotballklubb 1994 - 1998
Trenar Helsingborgs IF 1998 - 2000
Trenar Brøndby IF 2000 - 2002
Trenar RBK 2003
Landslagstrenar Norge 2004 – 2009
Trenar Viking 2010 – 2012
Trenar Helsingborg 2012
Dagleg leiar Aukra Næringsforum 2013-
aukra.kommune.no
19
Nytt frå Aukra Næringsforum
Vil auke HMS-kompetansen i Aukra
Front Safety tek med støtte frå Aukra Næringsforum initiativ til eit lokalt HMS-forum for alle bedriftene i Aukra. Målet
er å løfte HMS-kvaliteten i alle ledd i næringslivet i Aukra kommune.
Trond Ljoså i Front Safety har jobba med HMS
i ei årrekkje og har sett nytteverdien av å dele
kunnskap på dette feltet.
– Mi erfaring er at behovet for eit forum der
andre med same fagansvar deler erfaringar og
diskuterer element rundt kvalitet, HMS og risiko,
er stort. Eg ønskjer å samle dei ressursane som
jobbar med dette i Aukra for å løfte nivået på
heile næringslivet i kommunen, seier Ljoså.
Aukra har eit sterkt fagmiljø på HMS, beredskap og risikohandtering. Deler av næringslivet i
Aukra er vant med å forholde seg til risiko gjennom dei enorme tryggingsskrava som er stilt i
dei større utbyggingane på Nyhamna. Dei har og
sterke kursinstitusjonar som sertifiserer offshorepersonell. HMS-forumet vil være ein unik moglegheit til å lære av kvarandres erfaringar – dei
små kan lære av dei store, men også motsett.
– I fleire av våre mindre bedrifter er det gjerne
dagleg leiar som har ansvar for HMS, kvalitet
og risiko, og eg trur at eit slikt forum vil gi noko
tilbake. Eg ser for meg at me gjennom Næringsforumet inviterer representantar til å halde foredrag eller annan matnyttig input til vår daglege
jobb. Me besøker kvarandre, lærer kvarandre å
kjenne – og lærer frå kvarandre, seier Ljoså.
Aukra Næringsforum applauderer initiativet frå
Trond Ljosa og Front Safety.
– Me er avhengige av framoverlente selskap
som tenkjer på meir enn seg sjølv. Eg har tru
på at denne type forum vil bidra til å heve alle
partar, i dette tilfellet på HMS. Aukras slagord er;
Aukra – full av energi, og dette tiltaket er helt i
tråd med dette; energiske selskap og personar
som samarbeider om
å auke sin kompetanse,
seier assisterande
dagleg leiar i Aukra
Næringsforum, Steinar
Melbø.
For meir info kontakt:
Trond Ljoså
95242115
[email protected]
www.frontgroup.no
Steinar Melbø
Assisterande dagleg leiar
tlf 911 64 064 [email protected]
Adresse: Aukra Næringshage, 6480 Aukra
Frå facebook
Disse sakene er henta frå Aukra Næringsforums facebook-side. Like oss!
Jobbskygging på Hårlokken
Jobbskygging, 8.klasse frå Riksfjord Skule i dag,
der dei «skygger» ein person på jobb. Dette er
ein flott måte å gi dei unge eit innblikk i moglege karriereval og la dei får bli betre kjent med
næringslivet. Her er Andrea og Ellen på Salong
Hårlokken.
Mørebenken på Nyhamna
Ja til Aasta Hansteen-feltet
Mette Hanekamhaug (Frp), Oskar Grimstad
(Frp), Jenny Klinge (Sp) og Else-May Botten (Ap)
var på omvising på gassanlegget på Nyhamna.
Dei ble tatt imot av informasjonsdirektør Kitty
Eide før dei vart orienterte om aktiviteten og
situasjonen for anlegget.
Stortingets energi- og miljøkomité sa 30. mai ja
til utbygginga av Aasta Hansteen-feltet, Polarled
og Nyhamna-utvidinga.
– Dette er ein gledas dag for Aukra, regionen
og heile Møre og Romsdal, sa ordfører Bernhard
Riksfjord (A), som var på Stortinget i Oslo for å
følgje saka.
Han vil likevel vente med feiringa til stortingsbehandlinga av gigantprosjektet til 57 milliardar
kroner er avslutta.
Storkontrakt til lokaleid selskap
A/S Norske Shell har tildelt Technical Support
AS (dotterbedrift av TS GROUP), to kontraktar,
med start 1. Juni 2013. Kontraktane er tildelt
som følgje av den omfattande prosjektportefølja
som skal gjennomførst på Nyhamna dei neste
åra. Lokale investorar eig godt over 30 prosent
av aksjane i TS Group, bl.a. Max Inge Julbø som
er adm. dir. og Kjell
Hollen som er
styreleiar.
20
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
Følg Aukra Næringsforum på facebook!
Den nye utbygginga på Nyhamna saman med dei planlagde infrastrukturprosjekta, som Møreaksen, gjer at Aukra går spanande tider i møte. Nyhamna
har no vorte gassknutepunkt.
Ny storutbygging på Nyhamna:
– Utruleg viktig dag for Aukra
Aukra og heile regionen kunne sleppe jubelen
laus etter at Stortinget fredag 7. juni gav utbyggingsplanane for Aasta Hansteen-feltet og gassrøret Polarled til Nyhamna grønt lys.
– Dette er en utruleg viktig dag for Aukra
kommune og næringslivet i Aukra. Det vil resultere i mange nye prosjekter knyta til verksemda på
Nyhamna, samtidig som at det opnar mange muligheiter for eksisterande næringsliv. Kombinert
med den planlagde utviklinga av infrastrukturen
i Aukra, som Møreaksen, gir dette veldig gode
vilkår for å drive næringsutvikling, seier daglig leiar
i Aukra Næringsforum, Åge Hareide.
Utbygginga på Nyhamna til 15 milliardar vil
gjennomførast fram til 2017 og betyr enormt
mykje for regionen. Olje- og energiminister Ola
Borten Moe, sa at Aasta Hansteen og Polarled
er to svært viktige prosjekt som vil skape mange
arbeidsplassar og store ringverkingar, samtidig
som de vil bidra til å sikre energiforsyninga.
Gassknutepunktet Aukra
Med tredjeparts tilgang til Nyhamna, blir
anlegget offisielt et gassknutepunkt. Dette er
forventa å gi 4.500 fleire arbeidsplassar i Møre
og Romsdal fram mot 2020. Det er no 23.400
årsverk knyta til olje og gass her i fylket, og det vil
altså berre auke.
– Fylkesutvalet satt allereie i 1999 mål om
gassknutepunkt. For oss var det klart at et
landbasert anlegg, dimensjonert som et framtidig
gassknutepunkt for norsk sokkel, ville være den
løysninga som ga størst fleksibilitet til å knytte
på nye funn i Norskehavet. Det ville gi billigare
løysningar ved samkjøring mellom eksisterande
og nye felt, og det ville gi størst verdiskaping. No
- i 2013 - har me eit stortingsvedtak som seier at
me blir gassknutepunkt, og når me ser tilbake, ser
me at strategien frå 1999 var rett, og at målretta,
langsiktig arbeid frå mange gir resultat, fortel
Bergljot Landstad, regional- og næringssjef i Møre
og Romsdal fylkeskommune, til gassregionen.no.
Aldri vere for fornøgd
Ein anslår at ringverkingane av investeringane
frå Ormen Lange til leverandører i Møre og
Romsdal ga ei samla verdiskaping på rundt 2,0
milliardar. Sjølv om gassen skulle førast i land i
Aukra, er det likevel ingen sjølvfølgje at næringslivet i regionen skulle oppleve slik vekst som det
har gjort. Aukra Næringsforum er opptatte av at
ein ikkje skal lene seg bak og vere fornøgd.
– Ein skal aldri være heilt fornøyd. Det lokale
næringslivet kan likevel ikkje oppfylle alle behov.
Me må sjå både lokalt og regionalt på de muligheitene som gis. Næringslivet i Aukra klarte seg
godt før Nyhamna kom, og vil helt sikkert kunne
møte nye utfordringar. Mange bedrifter har skapt
seg et godt fundament i markedet. Nyhamna
skaper viktig tilflyt for våre bedrifter, bedrifter
som har vilje og kapasitet til å komme i posisjon,
seier Åge Hareide og forsett:
– Spinn off på lokale leverandører er ekstremt
viktig. 1, 5 milliardar gav Ormen Lange. Saman
med Gassknutepunkt Nyhamna har me jobba
fram eit prosjekt kor me har som mål å auke
den lokale andelen til 2,5 milliardar. Både Shell
og Kværner har vore flinke og søkjer å få til nye
avtaler med lokale og regionale leverandører,
seier Hareide, til gassregionen.no.
Tekst: Arnt Olav Hønsvik
RIKTIG God sommer!
Hilsen alle oss på ekh grafisk
aukra.kommune.no
21
Planarbeid i Aukra kommune
Stortingsval 2013
Valdagen for stortings- og sametingsvalet er 9. september 2013
Kvar kan du røyste?
Stemmelokala på valdagen er på Soltun for Gossen krins og på Julsundet skole for Julsundet krins.
Opningstida er kl. 10.00 – 20.00.
Tysdag 27. august kl. 10.00 - 14.00 vil det bli
høve til å førehandsstemme på Aukraheimen.
På valdagen må du røyste i den kommunen du
er manntalsført, det vil seie den kommunen der
du var registrert i folkeregisteret som busett per
30. juni 2013.
Skal du røyste på førehand, kan du gjere det i
kommunar kvar som helst i landet, sjå meir om
dette nedanfor.
Valkort
Alle veljarar får tilsendt valkort i posten frå sin
kommune. Valkortet blir utarbeida på grunnlag av
opplysningane i folkeregisteret om bustadadressa
til veljarane per 30. juni i valåret. Det er altså
denne adressa som avgjer kva for kommune du
har røysterett i.
Ta med valkortet når du skal røyste då det
forenklar arbeidet for valfunksjonærane. Har du
ikkje mottatt valkortet i posten eller har mista
det, kan du altså møte opp i vallokalet likevel for
å røyste.
Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.
Legitimasjon
Vallova krev at ein veljar som er ukjend for
røystemottakar skal legitimere seg. Ta derfor
med legitimasjon når du skal røyste, det er ikkje
nok å oppgi namn og fødselsdato. Gode døme
på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort
med bilete. Kravet er at den inneheld namnet til
veljaren, fødselsdato og bilete.
Tidlegstemming
Du kan tidlegstemme frå 1. juli til og med 9.
august dersom du ikkje har høve til å stemme
innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen. Ta kontakt
med kommunen for å avtale tid for å stemme.
Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.
Ordinær førehandsstemming
I tida 12. august til og med 6. september kan du
førehandsstemme på kommunehuset i vanleg opningstid, kl. 08.30 -15.30. Husk å ta med
valkortet du har fått tilsendt i tillegg til gyldig
legitimasjon.
Er du sjuk eller ufør?
Dersom du ikkje kan komme til eit vallokale på
grunn av dårleg helse eller av andre grunnar,
kan du søkje valstyret i kommunen din om å få
stemme heime eller der du held til.
Ta kontakt med serviceavdelinga innan måndag
26. august på tlf.nr 71 17 15 00 for å avtale tid.
Dersom du får samtykke i å stemme heime,
kjem det nokon frå kommunen heim til deg og
tek imot førehandsstemma der.
Oppheld du deg i utlandet?
deg i utlandet eller på Svalbard og Jan Mayen,
kan du stemme på førehand på norske utanriksstasjonar eller hos særskilt oppnemnde stemmemottakarar, eller du kan brevstemme. Les meir
om korleis du førehandsstemmer i utlandet på
www.valg.no
Manntalet
Manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn på
følgjande stader:
•Gossen krins: På biblioteket og Coop Gossen.
•Julsundet krins: På Julsundet skole.
Heile manntalet vert lagt ut på kommunehuset.
Dersom du finn feil i manntalet, må ta kontakt
med valstyret i kommunen, tlf. 71 17 15 00.
Torhaugmyra
Etter at planane for utbygging på Torhaugmyra blei presentert, har det vore
stor interesse. Det har kome inn over 20
interessentar, både private og firma og det
er fortsatt mogleg å ta kontakt om dette.
Dersom nokon vil vite meir om prosjektet
kan dei gå inn på heimesidene til kommunen www.aukra.kommune.no , ledige
tomter, eller kommunale planar. Der kan
du sjå plankartet og korleis tomtene vert
utnytta.
Dersom du bur eller av andre grunnar oppheld
Gratis utlån av sykkel, redningsvest og kano
Telefon kommunehuset: 71 17 15 00
Kommunehuset har åpningstid 08:30 til 15:30.
Kommunen har gratis utlån av syklar, redningsvestar og kanoar til alle fastbuande og tilreisande.
Syklane er plassert på kommunehuset og
Hollingen og Aukra ferjekaier.
For å låne ein sykkel tek du kontakt med
serviceavdelinga på kommunehuset mellom
08.30 og 15.30 alle kvardagar og seier nummeret på sykkelen du vil låne, namnet ditt og
eit telefonnummer vi kan nå deg på. Da får
du koden til låsen og syklar i vei. Du kan låne
ein sykkel i inntil ei veke. Den skal leverast
22
Kommuneavisa for Aukra
nr 2 juni 2013
same plass som du tok den. Vi har og hjelmar
i forskjellig størrelse og to barneseter på kommunehuset.
Redningsvestane kan du låne enten til en
båttur eller kanotur på Smågevatnet. Ute ved
Smågevatnet ligg det nokre vestar du også kan
låne til kanotur. På kommunehuset har vi og
ein del vestar til utlån. Dei er frå str. 0 kg og
oppover til 90+. Kom innom oss i opningstida
eller så har dei og nokre vestar på Bergtun
bufellesskap man kan låne på kveldstid og helg,
nummer dit er: 71 17 30 02
Nøkkelen til kanoane på Smågevatnet
kan du få låne på Bergtun. Årer kan du få på
Bergtun, kommunehuset og så ligg det nokre i
Geir Varhaugvik (t.v) og Jan Ove Varhaugvik er klare for å
plassere ut syklar rundt om i kommunen.
gapahuken på Smågevatnet. Etter kvart skal det
komme kodelås på kanoane, men det får du
beskjed om når du ringer.
Ver venleg å levere ting du låner i den same
standen som da du lånte det og elles ha ein
fin tur!
ORMEN LANGE ER
INNOVASJON OG
TEKNOLOGIUTVIKLING
www.ormenlangeworld.com
Partnere:
Jobben min
Siv Kristine Pedersen jobbar i
serviceavdelinga på kommunehuset og har ein jobb som er prega
av rutinar, men også stadige nye utfordringar.
Siv Kristin er eigentleg utdanna med bachelor i reiseliv ved Høgskolen
i Lillehammer. Til dagleg går arbeidet mykje ut på postføring, arkivering
og sentralbordet. Alle dokument skal journalførast og dette er ein
stor jobb. I tillegg er eg sekretær for livsløpsutvalet og eldrerådet. Der
skriv eg referat frå møta og arkiverer dei. Ho har også ansvar for ein
del saksbehandling, blant anna skjenkeløyve.
Ei lita del av stillinga mi går på turistkontoret. Det er hyggeleg å få
brukt litt av utdanninga mi til arbeidet med reiseliv. Det får eg også i
jobben med «Øyriket i Romsdal», som er ei felles satsing for øykommunane i regionen.
Siv Kristin seier at ho er opptatt av å vere til hjelp for alle på kommunehuset. Hennar rolle blir ofte ein slags «hjelp til sjølvhjelp», der
ho har ein vegledande funksjon.
Utfordringane i jobben er å gjere rutineoppgåvene spanande. Det
er fort gjort å gå seg fast, og då treng ein ofte nye og utfordrande
oppgåver, noko ho får mellom anna med å jobbe med «Øyriket i
Romsdal».
På fritida spelar Siv Kristin fotball og bruker mykje tid med barna
sine. Dei er ofte ute på tur i nærleiken, men også andre stader. Ho
seier ho er veldig glad i å reise og oppleve verda, både lokalt, nasjonalt
og internasjonalt. Det ligg nok i blodet hennar.
Nytilsett:
Janne Kristin Pedersen
Janne Kristin er tilsett som prosjektingeniør/prosjektleiar på TEB(teknikk,
eigedom og brann). Ho skal ha ansvar for diverse utbyggingsprosjekt i
kommunen. Janne Kristin kjem opprinneleg frå Malmefjorden i Fræna, men
har budd dei siste 20 åra i Molde.
I Molde jobba eg i kommunen som saksbehandlar på byggesaker i 15 år,
der eg dei to siste åra var fagleder.
Første premie
til Gossen
musikkorps!
Gossen Musikkorps deltok på
Stormfestivalen i Måløy 7. – 9. juni i
år. Vi stakk av med førstepremien for
beste kostyme under gateparaden i
konkurranse med 13 andre korps.
– Utruleg morosamt, seier formann Mary- Ann Hammerø. Det låg mykje
arbeid i førebuingane, og det syner kva korpset kan få til når vi gjeng inn for
det.
Ny dirigent
Vår kjære dirigent Marianne Myrbostad skal etter 9 år slutte i GMK.
Marianne har løfta oss mange hakk musikalsk i løpet av desse åra, og vi
kjem til å sakne ho.
Samtidig er vi spente på kven den nye dirigenten blir. Vi håpar på mange
nye (og gamle) medlemmar når vi sett igang igjen til hausten.
kommuneavisa
årgang 18 / utgåve 2
Utgjevar:
Aukra kommune
Grafisk produksjon og trykk:
EKH.no, Molde
Redaksjon kommuneavisa:
Dagfinn Aasen (ansvarleg redaktør)
Bernhard Riksfjord
Jan Inge W. Tangen
Ingrid Husøy Rimstad
Marianne Zalik
Geir Göncz
Foto:
Aukra kommune når ikkje anna er oppgitt.
Annonsering:
Ta kontakt med Berit Breistrand
Tlf.: 404 01 782, e-post: [email protected]
Plan for utgjeving 2013:
nr 1 mars
før påske
nr 2 juni
før ferie
nr 3 oktober
haustnummer
nr 4 desember
julenummer
Tips oss!
[email protected]
Kontaktinfo:
e-post:[email protected]
internett:aukra.kommune.no
opningstid:
08.00 – 15.30
sentralbord: 71 17 15 00
Legekontoret 71 17 14 00
Julsundet skole 71 17 18 80
Riksfjord skole 71 17 14 70
Barnebo barnehage
71 17 14 40
Bergetippen barnehage 71 17 22 98
Pleie og Omsorg
71 17 11 30
Vakttelefon heimetenesta 41 85 90 00
NAV
74 73 38 80
Vakttelefon vatn/avløp 91 51 67 40
Aukra Kommune tek vårt felles miljø på alvor
Kommuneavisa er trykket på papiret G-Print som er godkjent for Svanemerking. Avisa produseres ved EKH Grafisk i Molde, som i sin helhet er
­miljøsertifisert av Svanen. Svanemerket gir en garanti for at produktet er blant de minst miljøbelastende innenfor den aktuelle produktgruppen.
miljømerket trykksak
241 690