saksframlegg med vedtak

Aukra kommune
Plan og utvikling
Arkivsak:
2014/822-17
Arkiv:
L12
Saksbeh:
Svein Rune Notøy /
Kjell Lode
Dato:
02.02.2015
Saksframlegg
Utv.saksnr Utval
14/15
Drift og arealutvalet
Møtedato
11.02.2015
Reguleringsplan Falkhytten sentrum vest (omsorgssenter) - 1. offentlege høyring
Rådmannen si tilråding:
Drift- og arealutvalet viser til plan- og bygningslova § 12-10, og godkjenner at forslag til
Reguleringsplan for Falkhytten vest (omsorgssenter) blir lagt ut til 1. offentlege høyring. Ved
sluttgodkjenning tek ein sikte på å oppheve eksisterande planar innanfor planavgrensinga i
medhald av plan- og bygningslova § 12-14. Planane som vert oppheva, får i hovudsak
reguleringsføremåla vidareført i det nye planforslaget.
Dei eksisterande planane som heilt eller delvis skal opphevast er: 198901 - Gossen sentrum
(20.12.1989), 201001 - Gossen sentrum endring 01 (18.02.2010), 201003 -Ny skole i sentrum
(27.05.2010), 201101 - Ny tilkomstveg til sentrum Falkhytten (22.09.2011) og 200913 –
Gangvei Falkhytten - Solem (22.11.2012)
Saksprotokoll i Drift og arealutvalet - 11.02.2015
Behandling
Tilrådinga frå rådmannen vart samrøystes vedtatt.
Vedtak
Drift- og arealutvalet viser til plan- og bygningslova § 12-10, og godkjenner at forslag til
Reguleringsplan for Falkhytten vest (omsorgssenter) blir lagt ut til 1. offentlege høyring. Ved
sluttgodkjenning tek ein sikte på å oppheve eksisterande planar innanfor planavgrensinga i
medhald av plan- og bygningslova § 12-14. Planane som vert oppheva, får i hovudsak
reguleringsføremåla vidareført i det nye planforslaget.
Dei eksisterande planane som heilt eller delvis skal opphevast er: 198901 - Gossen sentrum
(20.12.1989), 201001 - Gossen sentrum endring 01 (18.02.2010), 201003 -Ny skole i sentrum
(27.05.2010), 201101 - Ny tilkomstveg til sentrum Falkhytten (22.09.2011) og 200913 –
Gangvei Falkhytten - Solem (22.11.2012).
Vedlegg
1 Planomtale
2
3
4
5
Reguleringsføresegner
ROS-analyse
Merknader til oppstartmelding
Plankart
Særutskrift: Etter adresseliste
Bakgrunn:
Aukra kommunestyre gjorde i samband med budsjetthandsaminga for 2015 vedtak om oppstart
av planlegging for nytt omsorgssenter på Falkhytten. Før nytt bygg kan plasserast, er det
naudsynt å lage ein detalplan for denne delen av sentrum. I tillegg vil ein samle og samordne
fleire tidlegare reguleringsplanar for sentrum i ein plan. Planane som vert oppheva, får
reguleringsføremåla sine vidareført i det nye planforslaget. Dette vil gi ein betre oversikt over
plansituasjonen i området.
Utgreiing:
Det blei varsla oppstart av planarbeidet gjennom brev til aktuelle partar og i annonse i Romsdal
Budstikke. Frist for merknader vart sett til 18.08.2014. Det kom inn totalt 7 merknader, nedanfor
er disse kort refererte og kommenterte:
1) Merknad frå Istad Nett AS, datert 30.06.2014
Istad Nett har ikkje merknader til planarbeidet, men ønsker å opplyse om sitt nett i området. Dei
gjer samstundes merksam på at ei flytting/omlegging av installasjonar er ein kostnad som heilt
eller delvis må dekkjast av utbyggjar.
Kommentar:
Merknaden er tatt til vitande.
2) Merknad frå Statens vegvesen Region Midt, datert 30.06.2014
Tilkomst til planområdet må skje over nyetablert kryss frå fylkesveg 216, jfr. reguleringsplan for
ny tilkomstveg til sentrum, og eksisterande tilkomst frå fylkesveg 220.
Det er viktig at det vert lagt til rette for gode trafikksikre løysingar. Planarbeidet bør i stor grad
fokusere på mjuke trafikantar sin ferdsel og tilretteleggjing for denne trafikantgruppa.
Dei ulike trafikantgruppene i sentrum bør i størst mogleg grad separerast frå kvarandre,
fortrinnsvis med fysiske tiltak. Vidare bør det tilretteleggjast for minst mogleg krysningspunkt,
men der det er trong for det, må desse definerast tydeleg og gjerast oversiktlege.
Parkeringsplassar må ikkje plasserast tett inn mot krysningspunkta.
Støytilhøva må avklarast i.h.t. Miljøverndepartementets retningslinje for behandling
av støy i arealplanlegging (T-1442).
Kommentar:
Tilkomst til området skjer gjennom dei kryssa Statens vegvesen viser til.
Det er lagt vekt på å finne gode trafikale løysingar som separerer trafikkantgrupper og som
sikrar mjuke trafikkantar. Gangvegsystemet er anten skild frå veg/gate med grøft, grøntareal
eller kantstein.
Støyvurdering vil verte tinga frå ekstern konsulent med kompetanse innanfor dette feltet, og
vert gjennomført i høringsperioden.
3) Merknad frå Barn og unge sin representant i plansaker, datert 01.08.2014
Gossen barne- og ungdomsskole ligg innanfor planområdet. Kryssing mellom skule og blant
anna kulturhus/basseng må takast i vare under den komande detaljreguleringa. Elles er
friområde og leikeområde svært godt ivareteke i området.
Kommentar:
Planområdet omfattar ikkje reguleringsplan for Gossen sentrum (basseng og kulturhus).
Gangveg- og fortauløysingane er planlagde fram mot det aktuelle område slik at desse kan
takast vidare når detaljarbeidet for kulturhuset og bassenget blir starta.
4) Merknad frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, datert 15.08.2014
Det må gjennomførast ei risiko- og sårbarheitsanalyse for planområdet. Ein kan her nytte
Fylkesmannen si sjekkliste for vurdering av risiko og sårbarheit i samfunnsplanlegginga.
Det går ikkje fram av varsel og kunngjering av oppstart kor vidt reguleringsplanen skal
konsekvensutgreiast. Dette må avklarast i vidare planprosess, jfr. forskrift om
konsekvensutgreiing § 5.
Støytilhøva må avklarast i i.h.t. Miljøverndepartementets retningslinje for behandling
av støy i arealplanlegging (T-1442).
Ein føreset at barn- og unge sine interesser vert tekne i vare, jfr. plan- og bygningslova § 5-1 og
rundskriv T-2/08 om barn og planlegging frå Miljøvemdepartementet. Likeeins kan rikspolitiske
retningslinjer for samordnet areal- og transportplanlegging legge grunn for gode løysingar for
mellom anna mjuke trafikantar.
Kommentar:
Det er gjennomført ei vurdering av risiko- og sårbarhet, det blir her vist til utfylt sjekkliste frå
Fylkesmannen i Møre og Romsdal som ligg ved saka.
Pågåande regulering er i samsvar med gjeldande kommunplan, arealdelen og nyare
kommunedelplan for Nautneset – Falkhytten – Hukkelberg. Tiltaka vil gi ei god løysing for
bilvegar / gangvegar / fortau og vil knyte saman funksjonane i sentrum slik at det mellom anna
bli korte avstandar mellom målpunkt. Med bakgrunn i overordna plan og særleg merksemd på
kritiske planelement, meiner ein at konsekvensvurderings-kravet og krav i rikspolitiske
retningslinjer og rundskriv er oppfylte.
Støyvurdering vil verte tinga frå ekstern konsulent med kompetanse innafor dette feltet, og vert
gjennomført i høringsperioden. Jamfør også merknad 3.
5) Merknad frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, datert 20.08.2014
Det vart meldt oppstart for regulering av energibrønnar i området i 2013, og det er ønskelig å
vite status på dette arbeidet. Dersom dette framleis er aktuelt viser dei til tidlegare merknader i
brev datert 15.05.2013 om planleggjing av arealbruk på og under bakkeplan.
Når det ligg føre ei meir detaljert skisse til planforslag og arealutnytting vil det bli tatt stilling til
om det er behov for arkeologisk registrering. Det er lite truleg at det vert trong for dette, men
like aust for planområdet er det tidlegare påvist busetnadsspor frå bronsealderen.
Innanfor planområdet ligg det fleire kulturminne frå nyare tid (krigsminner), og ein føreset at
planen ikkje legg opp til fysisk eller visuell skade på desse. Det vil truleg vere trong for ei
mindre supplerande registrering/kartlegging av området for å finne ut kva som ligg her av
fysiske spor. Det er lett å sjå dei to store bunkersane, men det kan og være meir. Dei føresleg
at arealet som omfattar krigsminna og eit passande areal rundt blir regulert til Vern av
kulturmiljø eller kulturminne (sosi-kode 5600). Alternativt kan området regulerast til anna
grønstruktur (park eller friområde) med skravur for omsynssone C, bevaring av kulturminne
(sosikode H570). Det må også lagast til reguleringsføresegner som sikrar vernet. Av desse må
det gå fram at området inneheld kulturminne frå 2. verdskrig, og at kulturminna og området
med sin naturlege vegetasjon skal takast vare på og skjøttast på ein god måte.
Planarbeidet må legge vekt på tilhøva for barn og unge utover dei areala som er lagt til rette
kring skulen og gjennom reguleringsplan for «Del av Falkhytten sentrum». Ut over fokus på
trafikktryggleik for mjuke trafikantar, bør det i vestlege sentrum kunne leggast til rette nye
grøntområde/uteopphaldsområde som kan supplere og forbetre tilbodet til barn og unge.
Dei føreset at «Falkhytten sentrum vest» blir planlagt med god samanheng til
reguleringsplanen for «Del av Falkhytten sentrum». Spesielt gjeld dette austlege del av
planområdet som grensar direkte inn mot regulert sentrumsbebyggelse, samt gang/sykkelvegar og gatetun.
Kommentar:
Energibrønner blir ein del av arealbruksføremålet i planen, og temaet er omtala både i
planomtalen og føresegnene.
Krigsminna er alt regulert til omsynssone “bevaring kulturmiljø” i plan om ny tilkomstveg til
sentrum vedtatt 22.09.2011. Dette føremålet er ført vidare i ny plan. Arealet på kollen som ligg i
tilknyting til omsynssona, er i ny plan regulert til park. Dette vil sikre nye grøntområde for frileik
for barn og unge og kan elles tene brukarane av omsorgssenteret og sentrumsområdet
generelt.
Vi er usikre på kva slag reguleringsplan fylkeskommunen refererer til når det blir vist til «Del av
Falkhytten sentrum». Alle eldre, gjeldande reguleringsplanar i sentrum vil i pågåande
planprosess bli slegne saman til ein plan. Trafikktilhøve, mjuke traffikantar og uteområde er tatt
i vare i dette planarbeidet. Aust i sentrumsområdet, dekka av reguleringsplan for Gossen
sentrum (basseng og kulturhus), er det i ny plan gjort tilpassingar slik at ganglinjer og
kvartalstruktur kan vidareførast i detaljplan for kulturhus og basseng når denne kjem til
planlegging.
6) Merknad frå Borgny Rød, datert 09.09.2014
I samtale med plansjefen i Aukra kommune har ho fått framlagt skisser over tenkt plassering av
bygga som skal utgjere det nye omsorgssenteret på Falkhytten. På skissa er eit tre etasjers
bygg plassert heilt inn til tomta hennar, og ho gjer merksam på at dette vil kunne føre til at eit
høghus vil liggje i ei avstand på mindre enn 20 meter frå hennar hus, og langs heile
tomtegrensa i ei lengde på 62 meter. Dette kan ho ikkje akseptere då ho meiner det fører til
dårlegare bokvalitet og redusert verdi på eigedomen. Det vil verte innsyn frå bygget, og stengt
utsikt mot nord med kveldssol vil redusere verdien på tomta betrakteleg. Ho ønsker at bygget
vert plassert ein annan stad på tomta, fortrinnsvis lenger mot nord og vest.
Kommentar:
Den konkrete planlegginga for plassering og utforming av bygga i omsorgssenteret er ikkje
kome i gang enno. Byggegrensa for omsorgssenteret er sett over 30m mot nord målt frå
takkant på bustadhuset. I eit sentrumsområde blir dette rekna som en god avstand. Når
kveldssola nærmar seg nord på høgste sommaren, vil eksisterande bygg og vegetasjon alt i
dag kaste skygge. Skilnaden med nye bygg blir ikkje rekna som særleg stor.
7) Merknad frå Aukra hotell AS, datert 17.09.2014
Aukra hotell/Aukra hotell eigedom har påbegynt eit arbeid med utviding/renovering av Aukra
hotell. I samband med oppstart av planarbeid for Falkhytten vest, ønsker dei samstundes å få
vurdert tankar omkring ekstra areal, og at ein ser på vegløysinga som går forbi hotellet i dag.
Kommentrar:
Aukra hotell har vore tatt med i planarbeidet, og innspel og ønske for utbygginga er innarbeidde
i planforslaget.
For å hindre gjennomkjøring, slik situasjonen er i dag, er veisambandet mellom Aukraringen og
Nyjordvegen fjerna. Dette vil legge til rette for eit grøntareal sør for hotellet som kan nyttast til
uteservering og som vil gi ein reduksjon av noverande asfaltareal. Ny tilkomst i samsvar med
merknad 2 vil bli tatt i bruk, og trafikken gjennom sentrum blir redusert. Hotellet har eigen
parkeringsplass nordvest for bygget. Tilkomst til denne blir ved etablering av ein internveg
mellom hotellet og kommunehuset. Denne vegen vil bare kunne brukast av hotellet sine gjester
og skal ikkje vera gjennomfartsveg.
Konklusjon:
Innkomne merknader er så langt det let seg gjere tekne til vitande og innarbeidde i
planforslaget. Reguleringsplanen kan derfor tilrådast for 1. offentlege høyring.
Økonomiske og administrative konsekvensar:
Planarbeidet medfører nokre økonomiske og administrative kostnader:
-
Innleige av ekstern konsulent til utarbeiding av planforslaget
Innleige av ekstern konsulent til støyvurdering
Kostnader knytt til annonsering
Ingrid Husøy Rimstad
Rådmann
Rett utskrift, 12.2.2015
Martina S. Böttcher
Politisk sekretær
Kjell Lode
Plansjef