Mars - Bore menighet

Side 1 av 5
Den norske kyrkje - møtebok for Bore sokneråd
Protokoll frå møte
Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 4. mars 2015
Frå saksnummer: 8/15
Møtestad: Kyrkjestova på Bore
Til saksnummer: 19/15
Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte
Medlemmer
Vara medlemmer
Nicolai Homme
Elin Anita Garpestad
Tønnes Grødem
Jens Kåre Stokka
Åsmund Steinnes, sokneprest
Hilde B. Kimo
Andre
Olaug Mestad Slettbakk, referent
Meldt forfall
Kjersti M. Berge
Terje Skår
Elling Hodne (varamedlem)
Kyrkjeverje Per Åge Skrettingland, sak 12/15
Johannes Voll, Tore Kåstad og Mads Husveg, sak 13/15
Diverse merknader
Underskrifter:
Vi stadfester med underskriftene våre at det som er ført på blada vi har signert i møteboka er i
samsvar med det som vart vedteke på møte.
___________________________________________________________________________
Utskrifter: Medlemmer og 1. varamedlem i Bore sokneråd, trusopplæringsmedarbeidar
Olaug M.Slettbakk, Andreas Haarr, Ove Byberg, Karsten Degnes, sokneråda i Klepp, Orre og
Frøyland-Orstad, prosten i Jæren prosti, formann i fellesrådet, kyrkjeverje Per Åge
Skrettingland, rettleiar Kjell Birkeland og formannskapsrepr. og repr. i menighetsbladet, Einar
Egeland.
Side 1 av 5
Side 2 av 5
Den norske kyrkje - møtebok for Bore sokneråd
Me starta soknerådsmøtet med å nytte god tid til opning og bønn og mat.
SAK 8/15
GODKJENNING AV SAKSLISTE OG PROTOKOLL
Drøfting
Forslag til vedtak
Vedtak
Protokoll frå møte i Bore Sokneråd 21. januar 2015 og 25. februar 2015 vert
godkjend.
Innkalling til møte i Bore sokneråd 4. mars 2015 vert godkjend.
Protokoll frå møte i Bore Sokneråd 21. januar 2015 og 25. februar 2015 vert
godkjend.
Innkalling til møte i Bore sokneråd 4. mars 2015 vert godkjend.
SAK 9/15
SAMTALE OM ARBEIDET
Drøfting
Me har tatt tak i fleire av dei sakane som vegleiar har nemnd. Dagleg leiar
arbeider med ei prosjektoppgåve som går på det å ha grupper i kyrkjelyden.
Me følgjer opp denne saka når prosjektoppgåva er ferdig.
16. april kl 19.30 er neste møte med NaMu-veiledar.
Forslag til vedtak
Vedtak
SAK 10/15
Drøfting
Soknerådet tar saka til etterretning ut frå dei elementa som kom fram i
samtalen.
Soknerådet tar saka til etterretning ut frå dei elementa som kom fram i
samtalen.
ORIENTERINGSSAKAR






Status tilsette
Vårreingjering 23. mars – fint om dykk kan vere med
Gudstenesta 10. mai – me får ikkje dekt organistmidlar til denne
søndagen. Må sjåast i samanheng med arrangementet som er i
kyrkja den helga, sjå sak 13/15
Namnelogo for Kraftfôr – blei vist fram
Revisjon av gudstenesteordninga – soknepresten og
gudstenesteutvalet følgjer opp saka
Kyrkjevalet – foreløpig er det 9 som har sagt at dei kan stilla til
val. Dette er veldig bra og eit godt utgangspunkt!
Samling med stab og tilsette 20. mai, i forkant av soknerådet
Forslag til vedtak
Soknerådet tar saka til orientering.
Vedtak
Soknerådet tar saka til orientering.
Side 2 av 5
Side 3 av 5
Den norske kyrkje - møtebok for Bore sokneråd
SAK 11/15
UTLYSING AV TRUSOPPLÆRINGSSTILLINGA
Drøfting
Soknerådet vil lyse ut stillinga som trusopplærar. Dagleg leiar lager eit forslag
til utlysning som blir formidla på mail til deltakarane i rådet.
Forslag til vedtak
Soknerådet vedtek å utvide stillinga med inntil ____ %.
Vedtak
Soknerådet vedtek å lyse ut stillinga og utvide den frå 40 % til mellom 60 og
80 %. Dette forutset finansiering av innsamla midlar og at fellesrådet ikkje
blir belasta.
SAK 12/15
BESØK AV KYRKJEVERJEN
Drøfting
Kyrkjeverje orienterte om prioriteringsområda i arbeidet. Han er oppteken av
vedlikehald og at kyrkjene og gravplassane er presentable.
Forslag til vedtak
Soknerådet tar saka til orientering
Vedtak
Soknerådet tar saka til orientering
SAK 13/15
SAK FRÅ JOHANNES VOLL
Drøfting
Johannes Voll kom på soknerådet saman med Mads Husveg og Tore Kåstad.
Gjennom misjonsprosjektet til Ungdomsgruppa (UG) har dei blitt kjende med
eit team frå School of supernatural Ministries (i Sveits). Denne skulen har eit
samarbeid med Bethel-church som IMI-kirken samarbeidar med. Dette temaet
ønskjer å komme på besøk til Ungdomsgruppa.
Dei kjem til soknerådet fordi dei ønskjer å ha ein konferanse 8.-10. mai, der
dette teamet er med å bidreg med formidlinga. Voll ber om å ha
arrangementa i kyrkja. Arrangementet er mest meint for alderen 20 + .
Teamet har allereie bestilt flybilettar til Stavanger og Voll med fleire skal
snart på besøk til teamet på School of supernatural Ministries i Sveits.
Forslag til vedtak
Ingen forslag til vedtak
Vedtak
Soknerådet seier ja til at dei kan bruke kyrkja til arrangementet. Soknerådet
vil vurdere om dei og skal stå som arrangør. Johannes Voll med fleire skal ta
kontakt med leiar i soknerådet eller sokneprest etter at dei har vore og snakka
med teamet som er i Sveits.
SAK 14/15
ÅRSMELDING OG REKNESKAP FOR 2014
Drøfting
Årsmeldinga blei behandla og soknerådet vedtok årsmeldinga for soknerådet.
Side 3 av 5
Side 4 av 5
Den norske kyrkje - møtebok for Bore sokneråd
Forslag til vedtak
Soknerådet vedtek årsmeldinga for 2014.
Vedtak
Soknerådet godkjenn rekneskapet for 2014.
Soknerådet godkjente årsmeldinga for 2014 og rekneskapet for 2014 med dei
endringane som kom fram i møtet.
SAK 15/15
ÅRSMØTE 22. MARS
Drøfting
Me bestillar pizza til kyrkjekaffi.
Tema til årsmøte:
Trusopplæring og gjevarteneste
Frivillig teneste
Husfellesskap
Forslag til vedtak
Ingen forslag til vedtak
Vedtak
Tema til samtale på årsmøte vert om arbeidet i kyrkjelyden med vekt på
trusopplæring, gjevarteneste, husfellesskap og frivillig teneste.
SAK 16/15
TIANDE FOR 2014
Drøfting
Kongesommar er fullfinansiert i 2016. Soknerådet ønskjer å sjå på om me kan
gje midlane til utsyr på bibelskulen på Meng. Dette er også ein del av
misjonsprosjektet. Soknepresten sjekkar ut om det kan bli laga eit eige
prosjekt på midlar til utstyr.
Soknerådet vil vurdere å evt dele beløpet og gje til to forskjellige tiltak.
Forslag til vedtak
Ingen forslag til vedtak
Vedtak
Soknepresten tar kontakt med NMS sin representant i Kamerun.
Soknerådet følgjer opp saka på neste møte.
SAK 17/15
BUDSJETT FOR 2015
Drøfting
Dagleg leiar la fram forslag til budsjett for 2015.
Forslag til vedtak
Soknerådet vedtek budsjett for 2015.
Vedtak
Soknerådet godkjenn budsjett for 2015
SAK 18/15
KONFIRMANTFESTEN
Side 4 av 5
Side 5 av 5
Den norske kyrkje - møtebok for Bore sokneråd
Drøfting
Dagleg leiar fordeler oppgåver til festen
Forslag til vedtak
Soknerådet følgjer opp saka ut frå det som kom fram i samtalen på møtet.
Vedtak
Soknerådet følgjer opp saka ut frå det som kom fram i samtalen på møtet.
SAK 19/15
MØTE MED FRANCOIS BOTES
Drøfting
Terje Skår gav ein redegjøring for årsaken til at det er ønskje om å få Francois
Botes til å komme til Bore kyrkje.
Forslag til vedtak
Ingen forslag til vedtak
Vedtak
Soknerådet ynskjer besøk av Francois Botes, men ser at tidspunktet passer
dårleg. Leiar i soknerådet følgjer opp saka med tanke på å få besøk av
Francois Botes.
Side 5 av 5