Elisabeth Ruud på Helsebua har teke utdanning

20
BYGDEPULS
LØRDAG 18. JANUAR 2014
Brenn for «varme-yoga»
Elisabeth Ruud på Helsebua har teke utdanning innan D.Y.P. Yoga – i 40 varmegrader
D. Y. P yoga: Elisabeth Ruud har endå ein ting på timeplanen, den relativt nye forma for yoga går føre seg i lokale som held oppimot 40 grader.
Trond Rogne
[email protected]
Yoga er eit breitt
fagfelt. Det er ikkje
berre fysiske, akrobatiske stillingar og
stressreduksjon.
Det er mykje meir.
BEITOSTØLEN: Ruud er mest
sannsynleg den einaste i Oppland
som har utdanning innan D.Y.P.
Yoga, Deep Yoga Practise.
– D.Y.P. yoga er ein serie utarbeida av Naema Noor, som baserer seg på presis utføring av posisjonane i eti fast system, utført
i eit varmt og fuktig rom. Serien
inneheld ståande og sitjande stillingar. Varmen og posisjonane
gjer at ein sveittar godt, noko som
gjev ein reinsende effekt. Blodsirkulasjonen fungerer også optimalt i varmen, seier Ruud.
Tilpassa alle
Mot kvardagsutfordringar: Yoga er sunt for både kropp og sjel. Det gjev
overskot i kvardagen, meiner Ruud.
FOTO: CATHRINE DOKKEN
D.Y.P. Yoga er terapeutisk og kan
tilpassast ulike behov og utfordringar.
– Dette er også ein terapeutisk
form for Yoga, der ein nyttar hjelpemidlar som puter, belte, tau og
blokker. Slik kan ein utføre posisjonane rett, sjølv om ein slit med
skader av ulik karakter. D.Y.P. teknikk gjev på den måten individuell tilpasning uansett føresetnad.
Jamleg utøving av D. Y. P, dannar
ein stødig plattform for god helse,
seier Ruud.
Kroppen blir eit verkty
Ruud, meiner Yoga kan vera løysinga for folk som opplever ein
stressande kvardag.
– I vår vestlege livsstil er vi jaga,
fordi livet krev mykje av oss. Vi
driv oss sjølve til ytterpunktet, og
lever på stresshormon som kortisol og adrenalin – vi lever i «kamp
eller flukt modus». Kroppen blir
ei byrde. Med Yoga blir kroppen
eit verkty. Du held han sunn og
frisk, så du kan gjere dei tinga du
ynskjer. Fysisk Yoga utviklar tre
ting parallelt – fleksibilitet, styrke
og balanse.
FOTO: CATHRINE DOKKEN
– Eg tilbyr D. Y. P Yoga onsdagar, torsdagar og annankvar helg,
i mine eigne lokale, CORPUS, i
kjellaren på Helsebua på Beitostølen. Det er også mogleg å leige
meg inn for bedrifter, skuler, lag
og liknande. Då kan ein gå inn å
jobbe med spesielle problemstillingar, som rygg og nakke. Dette
er veldig aktuelt med tanke på at
mange har stillesitjande og statiske arbeidsdagar i dag.
Brenn for å hjelpe folk
Ruud har 26 år med treningserfaring og drive på Beitostølen i 11 år.
Ho har ein allsidig bakgrunn frå
blant anna klassisk ballett, jazzballett, VM tittel i latin selskapsdans og svart belte i karate.
– Eg brenn for å dele erfaringane mine gjennom D. Y. P Yoga for
å gje menneske overskot i ei tid
der stress, utbrentheit og lågt immunforsvar er stadig meir framståande.
Unngå leddgikt
I tillegg til treninga, har yoga ei
rekke gode biverknader.
– Yoga er også eit utgangspunkt
for alle idrettar. Fysisk Yoga utviklar og styrkar skjelettet, som er
viktig for å unngå leddgikt eller
skjør beinstruktur. Kroppen er
også bunde saman med sinnet.
Har du sunne organ og eit sunt
nervesystem, vil også sinnet vera
sunt.
Fleire gonger i veka
Ruud held timar annankvar helg
og to faste vekedagar.
FAKTA
Helsebua
■ Elisabeth Ruud tilbyr no ei ny
form for yoga som går føre seg i
høg temperatur
■ Ruud har drive med treningstilbod på Beitostølen i 11 år
■ Ho har brei erfaring innan ei
rekke fagfelt
■ Helsebua ligg på Beitostølen
ved Beitostølen Leiligheitshotell