Ei lita påskehelsing

2
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Ei lita påskehelsing
Vi nærmar oss påska. Påska er kristendommen og kyrkja si største høgtid.
Derfor vil eg oppfordre deg til å vere med og feire den. Ta deg tid til å
tenke deg om og spør deg sjølv kva påska betyr for deg. Bruk dagane
i påskeveka til å følgje Jesus på kvart steg i prosessen som starta med
hyllinga på palmesøndag da Jesus rei inn i Jerusalem. På Skjærtorsdag
minnest vi Jesu siste måltid saman med læresveinane sine , innstiftinga av
nattverden, fotvaskinga og sviket han opplevde. Langfredag er dagen for
sorg. Lidinga og mørket. Døden og grava.
Men på Påskenatt gler vi oss over lyset som
stig mot oss. Over livet som veks fram or
døden. Og så på søndag – påskedag – jublar
verda: “Livet vant.” Påskemorgon, da Jesus
vann over døden, det forandra alt. Den tomme
grava forandra alt. At Kristus braut dødens
lenkjer og viste oss vegen frå død til liv, gir oss
eit levande håp om vår eiga oppstode til evig
liv. Den vitnar for oss om at Jesus var Messias,
den levande Guds Son. Då byrjar gledefesten
og kyrkja si gledestund framfor nokon andre.
Påskedag er ein grunnleggande viktig dag i
den kristne kyrkja. Utan oppstoda ville det ikkje
vore kristen livstolking, menneskesyn eller kyrkje. Jesu liv, hans død på krossen og oppstode
har konsekvensar for våre liv. Vi eig håp fordi
Jesus lever i dag, og i krafta frå hans oppstandelse skal vi leve.
Jesus si oppstode skjedde da både liv og håp var ute. Det er vår trøst. Det
er et unikt bodskap, som verda treng å høyre. Det nye livet som påska
ber bod om, gjeld alle dimensjonar ved livet, det sosiale, det kulturelle og
politiske – alt har det hellige som fortegn, alt må tene livet. Alt kan forandrast. Uansett kor truande mørkret er rundt deg, kan lyset frå oppstoda
trenge seg inn.
Da blir håpet ikkje ei flukt frå livet i verda men ei kraft til stadig å skape
nytt liv av død og lys og håp i mørkret. Lat påska sin bodskap fylle oss
med glede og mot. Lat ho prege våre liv så verda kan sjå, høyre og oppleve at døden er overvunnen, at Kristus sanneleg er oppstått og han lever.
Eg ynskjer dykk alle ei velsigna påskehøgtid.
Lilja Kristin Thorsteinsdottir
Kyrkjelydsblad for Fjaler
3
På kyrkjebakken
HJARTELEG TAKK!
Hjarteleg takk for kr 5 000 til Guddal
kyrkje frå Johannes Ødemark sitt dødsbu. Takkar òg for gåva på kr 5 000
frå Henny Vagstad. if
BLADPENGAR
Hjarteleg takk for at du trufast betalar
inn bladpengar slik at vi kan fortsetje
å sende ut Kyrkjeblad for Fjaler. No
er det tid for innbetaling for 2015, og
vedlagt ligg ein bankgiro, men du må
gjerne nytte nettbank.
Bankkontonr: 3741.20.73135.
Det er fint om du som bur i Fjaler kan
betale 200 kr, og at du som får bladet
tilsendt med adresselapp og frimerke
betalar 225 kr. Det er viktig at du som
bur utanom kommunen, og får bladet
tilsendt med adresselapp, hugsar på
å merke innbetalinga med namn og
adresse – også når du betalar via
nettbank. Utan adresse er det umogeleg for oss å få sendt deg bladet. if
TRE KYRKJEBLAD I ÅR
Grunna kyrkjevalet til hausten, vil vi i år
gje ut tre nummer av kyrkjebladet i staden for fire. Sommarnummeret kjem då
ut i august, like før førehandsrøystinga
tek til, og inneheld viktige opplysningar
om valet. Siste nummeret kjem som
vanleg i desember. Sidan stoffet blir
fordelt på tre blad i staden for fire, får
kvart blad fleire sider. Du får altså like
mykje for pengane som vanleg! jt
PALMELAURDAGSBASAR
28. mars kl.15.00 på Ljosheim.
Håland misjonsforeining ønskjer deg
velkomen til den årlege misjonsbasaren
på palmelaurdag. Også i år vert misjonskonsulent Ingvald Andersen Frøyen
i Det Norske Misjonsselskap (NMS)
med. Det er mange fine gevinstar på
hovudlotteriet og på åresal. Det vert
matøkt med gode kaker. Foreiningsmedlemene vonar du tek ettermiddagskaffien saman med dei og støttar opp
om misjonsbasaren.
PÅSKEVANDRING
Påskevandring for 3.klassingane blir i
år i Dale laurdag 18. april kl.10.3012.00 på Ljosheim og i Dale kyrkje. I
Guddal er påskevandringa i Guddal
kyrkja tysdag 24. mars kl.14.30.
Utdelinga av påskeboka skjer i gudstenestene i Guddal søndag 29. april
kl.11.00, og i Dale søndag 19. april
kl.11.00. Velkommen til påskevandringa! Du får invitasjon i posten!
VÅRKONSERT
med Do Re Mi søndag 26. april
kl.15.00 i Folkestad kapell. Arrangementet startar med ei kort påskegudsteneste og så trer koret til med fine
vårsongar, og barna får diplom og
pins. Det er berre 8 born i koret for
tida, så kom og støtt opp om barnekoret i ytre Fjaler som betyr så mykje for
samlingane i kapella. mt
BILETE TIL KYRKJEBLADET
Det er mykje som skjer i kyrkjelydene
våre. Har du teke bilete av kyrkjelege
handlingar, aktivitetar med trusopplæring eller kor, kyrkjebygg i solnedgang, osv? Vi tek gjerne imot bilete
som kanskje kan brukast i bladet, og
oppfordrar spesielt folk i Guddal og
Ytre Fjaler til å sende inn. Send bileta
i full storleik til fjaler.kyrkjeblad@gmail.
com. jt
JUBILEUMSHEFTE
Det flotte hefte som Atle Lyngstad
Ness har laga er framleis er til sals
på kyrkjekontoret. Vi får veldig gode
tilbakemeldingar frå dei som har kjøpt,
og det er mange som fekk ei gledeleg
overrasking i form av gamle bilete av
seg sjølv eller av naboar og slektningar. Her er mykje interessant å lese og
mange fine minne. Prisen er 150 kr på
kontoret eller 200 kr tilsendt i posten. jt
Kyrkja i Fjaler er på Facebook:
https://www.facebook.com/
FjalerKyrkja
Heimeside: www.fjaler.kyrkja.no
Innhogging av nye namn og oppfrisking av skrifta på gravminne.
Kyrkjeverja formidlar kontakt med ein
som kjem vår og haust og gjer slikt
arbeid.
Ta gjerne kontakt!
4
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Muhammed Irshad og familien hans fikk livet endra totalt då flaumen ramma landsbyen. Huset vart fullstendig øydelagt, og den yngste dottera, Sadia (2), har vorte sjuk av det forureina vatnet. Foto: Fahim Farid/Kirkens Nødhjelp.
I kriser
er vatn kritisk
Kirkens Nødhjelps fasteaksjon 2015:
Klimaendringane fører til fleire og
verre katastrofar, og truar menneskes
tilgang på reint vatn. I haust overlevde
Muhammed og familien så vidt den
dramatiske flaumen i Pakistan. Det er
dei fattigaste som vert hardast ramma
av klimaendringane, anten det er i tyfon på Filippinane, tørke i Etiopia eller
flaum i Pakistan.
Ein av dei som nyleg har fått merke
dette på kroppen, er Muhammed
Irsdad. Han er gift og har 3 barn,
og bur i landsbyen Basti Riaz Abad i
Pakistan. Ein morgon, tidleg i oktober,
kom flaumen brått til landsbyen.
- Vatnet kom i stor fart frå kanalen, og
eg måtte ta med familien og springe i
Kyrkjelydsblad for Fjaler
5
tryggleik. Vi sprang til næraste landeveg, som ligg litt høgare enn resten
av landsbyen. Slik berga vi livet, fortel
Muhammed.
Vart sjuk av vatnet
Familien vart buande på denne
landevegen utan ly i over en månad,
ventande på hjelp. Da flaumen kom,
hadde dei ikkje tid til å ta med korkje
husdyr eller eigendelar. Huset vart fullstendig øydelagt og husdyra drukna.
- Vi har aldri opplevd flaum i landsbyen før, det er noko heilt nytt, seier
Muhammed.
Flaumen hadde store konsekvensar
for Muhammeds familie. Tidlegare
jobba Muhammed som sikkerheitsvakt
og heile storfamilien var avhengige
av inntekta hans. Etter flaumen måtte
Muhammed vere saman med familien
og han mista difor jobben. I tillegg
har flaumen gjort at drikkevatnet er
forureina.
- Dottera mi på to år er blitt sjuk av å
drikke vatnet etter flaumen. Det var så
vidt vi hadde råd til å betale for medisinane ho treng for å overleve, fortel
han alvorleg mens kona held dottera
tett inntil seg.
Kirkens Nødhjelp sin partner Sunghi
var ein av dei første organisasjonane
som kom til Basti Riaz Abad. Dei skal
gi Muhammed og landsbyen nye
handpumper, latriner, hygieneutstyr og
sikre at landsbyen igjen får trygt vatn.
Du kan hjelpe
I kriser er vatn kritisk. Difor er vatn noko
av det aller første Kirkens Nødhjelp
stiller med i katastrofar. Dei sørgjer for
reint vatn og høve til gode sanitærforhold der alt er øydelagt. Samtidig
jobbar dei saman med folk i utsette
område for å førebyggje den neste
naturkatastrofen. Kirkens Nødhjelp jobbar i tillegg med å påverke politikarar
og andre beslutningstakarar til å stanse
klimaendringane.
Kirkens Nødhjelp treng di hjelp for
å hjelpe. 22.-24. mars går Kirkens
Nødhjelps fasteaksjon 2015 av stabelen. Dette er kyrkjelydane sin eigen
aksjon. Ditt bidrag gjer det mogleg
for Kirkens Nødhjelp å vere der med
reint vatn når katastrofen rammar.
Difor håpar vi du vil støtte fasteaksjonen 2015 i Fjaler, anten ved å stille
som bøsseberar eller med pengar i
bøssa. Vi oppmodar deg også til å
bruke stemma di i fasteaksjonens klimakampanje og slik bidra til å stoppe
klimakrisa.
Elias Berge …
Denne sunnmørske fiskarpresten blei en
kjent og profilert generalsekretær for
Kirkens Nødhjelp på 1960-talet – som
fortvila vendte heim frå krigens herjingar og bad det norske folk om hjelp.
I opphavet …
I oktober 1945 blei Menighetspleienes
Landsforbund stifta for å samordne det
sosiale hjelpearbeidet som kyrkja stod
ovafor etter den andre verdskrigen.
Dette blei den gryande starten på
Kirkens Nødhjelp.
I 1947 bestemte Landsforbundet seg
for å starte hjelpearbeid i det krigsherja Tyskland, samt vere engasjert i arbeidet blant flykningar i Mellom-Europa
og Midtausten.
Fastetida …
Kirkens Nødhjelp har sidan Biafra-krisa i 1966, lagt den årlege satsinga
til kyrkja si fastetid – i tida før påske.
Konfirmantane ble for alvor med på
dør-til-dør-aksjonen på 1980-talet.
Biafra …
Gjennombrotet for Kirkens Nødhjelp
som ein bistandsorganisasjon var
hjelpearbeidet blant dei som var ramma av svoltkatastrofa i Biafra i Nigeria
i 1966.
Changemaker …
Ein tydeleg satsing på ungdommen
blei markert med starten av Changemaker i 1992 – Kirkens Nødhjelp sin
ungdomsorganisasjon.
30 millionar …
Det årlege beløpet har vore over 30
millionar kronar. I dag er Kirkens
Nødhjelp ein av dei absolutt største
norske frivillege organsisasjonane
innan globalt humanitært hjelpearbeid
og bistandsutvikling. Vi er stolte av å
vere med på laget.
KAK
6
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Toåringane får bok
Toåringane hadde gledd seg til å få
toårsboka. Det var 15 som hadde
høve til å komme på denne samlinga
i januar. Mange foreldre og besteforeldre var med borna. Vi song m.a.
Bæ, bæ lille lam og sjølvsagt songen
om Krølle som er hovudpersonen i
toårsboka.
Forteljinga om Krølle vart dramatisert
av Hans Stav. Han var m.a. på fjellet
og leita etter Krølle og symde i elva,
men til slutt fann han Krølle på ei
berghylle.
Åsa Stav deklamerte nokre reglar som
stod i boka. Etter ein knapp halv time
var det tid for leik og då var det kjekt
med Duploklossar. Under leiken vart
det også tid for dei vaksne til å slå av
ein prat med andre.
Borna fekk med seg ei fin bok med
songar, forteljing og dikt. I tillegg ei
dyreteikning med namnet deira, teikna
av Silje Stav.
Petter Bjørnstad spela til songane og
litt bakgrunnsmusikk til leiken.
Vi får tru at toåringane opplevde det
som ei hyggeleg stund og får glede av
boka vidare.
Åsa Stav
Kyrkjelydsblad for Fjaler
7
8
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Kven skal styre
kyrkja vår?
Den 14. september (i Dale òg 13.
september) er det val på nytt sokneråd, og fram til 1. mai kan du
påverka kven som skal stå på lista
over kandidatar.
Forslag til kandidatar til soknerådet kan
meldast til nominasjonskomiteen i Fjaler
sokneråd ved Kåre Eimind,
tlf. 915 71 598, innan 10. april
2015. Medlemer av Den norske kyrkja
som bur i soknet og som seinast i
2015 fyller 18 år kan veljast.
Alternative lister
Soknerådet har oppnemnt ein nominasjonskomite som skal setje saman
ei valliste. Vallista må ha representantar frå alle delar av soknet. Det er
i tillegg høve for andre å levere inn
eigne kandidatlister innan fristen 1.
mai 2015. Forslag til kandidatlister
skal vere underskrivne av 10 røysteføre
medlemer. Kontakt kyrkjekontoret for å
få vita krav til kva opplysningar som
skal vera med om kvar kandidat. Alle
kandidatlister skal ordnast i prioritert
rekkefølgje (ikkje alfabetisk). Kandidatlister bør om mogeleg ha minst 40
prosent representasjon av kvart kjønn,
og minst 20 prosent representasjon av
ungdom under 30 år.
Når det er tid for å velja, vil alle
kandidatar på lista få ei røyst kvar,
medan inntil tre av dei kan få to røyster
kvar dersom veljaren set kryss framfor
namnet til kandidaten. Ein kan òg føye
til opptil tre namn. Dersom det er fleire
vallister vil det òg vera mogeleg å
overføra namn frå ei liste til ei anna.
To val
Kyrkjevalet finn stad 13.-14. september 2015, med førehandsrøysting frå
10. august. Direkte val på fire leke
medlemer av bispedømerådet finn
stad samstundes med soknerådsvalet.
Medlemene av bispedømerådet utgjer
også Bjørgvin sine medlemer i Kyrkjemøtet, det høgste organet i Den norske kyrkja. Kyrkjevalet vert halde same
dag som kommune- og fylkestingsvalet
og i nærleiken av dei offentlege
Det gamle soknerådet vart presentert for kyrkjelyden under bispevisitasen i 2011.
vallokala. Alle røysteføre medlemer av
kyrkja vil få tilsendt eit valkort i posten
før 10. august. Der vil det stå kvar ein
kan røysta.
Kva gjer soknerådet?
Fjaler sokneråd har ansvar både for
soknerådsoppgåver men også for dei
oppgåvene som i kommunar med fleire
sokn, ligg til fellesrådet. Soknerådet
leier verksemda i kyrkjelyden. Som
medlem i soknerådet kan du ha stor
innverknad på dei lokale oppgåvene
og utfordringane i di kyrkje. Arbeidet
i kyrkjelyden spenner over mange
tema – mellom anna miljø og rettferd,
gudsteneste, musikk, misjon, barneog ungdomsarbeid, i tillegg til jus og
forvaltning av økonomien.
Her er nokre eksempel på ansvarsområda til soknerådet:
• Dåpsopplæring, kyrkjemusikk og
diakonal teneste (omsorgstenesta i
kyrkja)
• Gudstenester og ofringar
• Samarbeid med frivillige og kommunen
• Langsiktig planlegging av arbeidet i
kyrkjelyden
• Røystar på tre av dei leke kandidatane til bispedømerådet/Kyrkjemøtet
• Uttalar seg ved tilsetjing av prest,
prost og biskop
• Administrasjon og økonomi
• Tilset og har arbeidsgjevaransvar
for stillingar som blir løna av soknerådet
• Lokale, utstyr og materiell til konfirmasjonsundervisning
• Drift og vedlikehald av kyrkjer og
kyrkjegarder
Det er 8 leke medlemer i Fjaler
sokneråd. Dei har ulik utdannings- og
yrkesbakgrunn og mange er aktive på
andre arenaer i lokalsamfunnet. Soknepresten er fast medlem av rådet. Når
rådet handsamer saker som tidlegare
vart handsama av kyrkjeleg fellesråd,
møter ein representant valt av kommunen.
Soknerådet møtest 2–4 gonger i
halvåret. Dei aller fleste som sit i eit
sokneråd, opplever at vervet ikkje krev
mykje av fritida deira. Medlemmene er
valde for fire år.
Ei undersøking blant soknerådsmedlemmer viser at eit stort fleirtal både
trivst og opplever det som meiningsfylt
å sitja i soknerådet. 85 prosent av
rådsmedlemene synest vervet var meir
eller om lag så tilfredsstillande som dei
hadde forventa.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
9
Det må inn like mange personar som det går ut!
Er det spørsmål om mange ulike verv
om dagen?
- Kan du vere med på politisk liste,
kan du vere klassekontakt, kan du vere
med i foreldreråd, kan du vere trenar,
kan du sitte i styre, kan du vere med
på dugnad, vil du vere med i vinklubben, kan du sitte i soknerådet?
I ein travel kvardag med full jobb, stor
familie og alle arbeidsoppgåvene som
skal gjerast i store hus, kjem desse
ubelagelege spørsmåla som skal fylle
eller stele fritida vår. - Og folk vegrar
seg for å sei ja, for fritida er viktig, den
er dyrebar, og vi vil helst styre den utan
plikter. Med dette utgangspunktet vil
vi to, i soknerådet, dele nokre tankar
med lesarane. Ei har sagt ja til attval,
ei skal ut, men kven skal inn?
Vi tenkjer ofte på kor viktig kyrkja er
for oss i samfunnet:
- Det gamle kyrkjebygget har særpreg
med mektig arkitektur
- Den ligg fint og praktisk plassert i
bygda, og har historisk verdi
- Den har stor estetisk verdi og er vår
kulturarv
- Kyrkja gjev oss identitet og tilhøyr
- Kyrkjerommet gjev oss samhald og
opplevingar
- Seremoniane i kyrkja får fram alle
følelsane i oss menneska. Her opplever vi glede og sorg. Vi kan vere
deltakande eller lytte og filosofere.
Sitje i eigne tankar, kjenne på frustrasjon, stoltheit, meistring eller ro og
harmoni.
- Kyrkjeaktivitetane er med på å gi
samfunnet mangfald, vi treng ulike
aktiviteter til ulike menneskjer, men vi
treng og å delta på ukjende arena
for å lære
- Og sist men ikkje minst, musikkopplevingar og konsertar, det treng vi i
ein travel kvardag.
Korleis hadde livet vore utan kyrkja?
Når vi opplever dei lykkelegaste situasjonane i livet, som å finne den store
kjærleiken, og å bli foreldre, er seremoniane i kyrkja, bryllaup og dåp, dei
største høgdepunkta. Av kjærleik vert
ein sterk, så sterk at ein kan klare å takle sorg. Og når ein opplever det verste
i livet som å miste våre nærmaste, er
kyrkja staden der ein får styrke i tankar
og samhald til å gå vidare. Mellom
desse ytterpunkta, den høgste gleda
og den djupe sorga, kjem dei fleste
vanlege sundagane i kyrkjeåret.
I Fjaler kyrkja arbeider fagpersonar
som er svært dyktige. Dei er kreative
og får kyrkjelyden engasjert med på
gudstenestene. Det gjev mange ulike
opplevingar for både dei som deltek
og dei som er tilhøyrarar. Mang ein
gong har vi stolt og beundrande høyrt
borna delta i kor, opplesing, dramatisering, dans, nattverd og anna. Og
når born og ungdom deltar kjem kjensla av å meistre og å høyre saman,
som er eit ledd i utviklinga til gode
samfunnsborgarar.
Fjaler sokneråd er godt organisert, og
har ei framifrå dyktig kyrkjeverje. Rådet
har engasjerte og saklege medlemmar.
(Viktig å legge til at det og er rom for
humor og latter på møta). På denne
måten vert det alltid gjort velformulerte
og gode vedtak i sakene.
Ti gode grunnar til å vera med i soknerådet:
1. Du medverkar til å halda lokalkyrkja levande
2. Du vert ein del av eit kristent fellesskap
3. Du gjer ein viktig jobb for fellesskapet
4. Du kan syta for eit trygt og godt fritidstilbod for born og unge
5. Du får innblikk i og påverkar dei demokratiske prosessane i kyrkja
6. Du får eit nytt nettverk i lokalmiljøet ditt
7. Du kan syta for at di kyrkje er ei open og inkluderande kyrkje
8. Du pregar aktivitetstilbodet i nærmiljøet ditt
9. Du får nyttig styreerfaring som du kan bruka i andre samanhengar
10. Du kan oppdage nye sider ved deg sjølv.
Kjelde: kyrkja.no/val
Den folkelege kyrkja.
I soknerådet treng vi ulike personar i
ulike alder, og ikkje tenk: “Eg er ikkje
kristen nok, går ikkje i kyrkja kvar
sundag, kva vil dei andre tru om eg
er i soknerådet.” Står du i statskyrkja,
så kan du ver med. Tenk kor viktig det
er å bidra, slik at våre born får dei
verdifulle opplevingane som vi fekk.
Det er vårt ansvar om aktivitetane
skal fortsette, eller stoppe med neste
generasjon.
Vi kunne og sagt litt om saker som vert
drøfta og vedteke i rådet, men det
går fram i årsrapportar og andre skriv,
dessutan må de ha litt spenning å sjå
fram til. Ein anna viktig ting å nemne
er at det er godt betalt å vere medlem
av soknerådet.
Så til slutt seier vi i kor: Er det nettopp
du så er så heldig å bli spurt om å sitje
i soknerådet så sei, JA! (men det er
ingen garanti at du kjem inn sjølv om
du er på lista).
Godt val, Fjalerfolk!
Frå Trude og Sølvi Ann
10
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Vi ser tilbake på 2014
Livsriter
Dåp 2010
2011 2012 20132014
39
Konfirmant 28
Vigsel
Gravferd
4
29
33
28
23
33
40 33 1925
4
6
7
4
30 34 3640
Dåp: Vi har alltid over 100% dåp. Vi har god oppslutnad
om dåp i Fjaler og sjølv om ikkje alle vel å døype barna
sine er det årleg fleire som er busette andre stader som ønskjer å døype barnet sitt der dei sjølve er døypte.
Konfirmant: oppslutning 100 % av dei døypte J!
I dåpssamtalen får foreldra dåpsperm, CD med kristne
barnesongar, og ei innramma kveldsbøn til å henge på
veggen. Det vert også gitt informasjon om trusopplæringa
og kva dei sjølve kan gjere som “trusopplærarar”.
Oppslutnaden var 27 dåpsborn og 100 % (busette i Fjaler).
Babysong (0-1 år)
Dette er eit tiltak i samarbeid med kulturskulen og helsestasjonen, der ei familiesamling vår og haust er på Ljosheim.
Hausten 2014 var det 5 barn med på babysong.
Dåpshelsing 1, 2 og 3 år etter dåpen (1-3 år)
Helsingane handlar om dei kristne høgtidene og korleis ein
kan feire dei. Arka som dei mottek i posten er meint å setjast
inn i dåpspermen som foreldra fekk ved dåpssamtalen. I
2014 vart det sendt ut 80 slike dåpshelsingar.
Vigsel: Årleg har vi vigsel av par som er busette utanom
Fjaler som ønskjer vie seg her.
Gravferd: Tal gravferder auka dette året. Fordelinga var 23
i Dale, 7 i Guddal (derav 2 utanbygds), 2 i Hellevik og 8 i
Folkestad.
Trusopplæringstiltak
Vi gler oss over at vi i Fjaler har mange gode trusopplæringstiltak som har god oppslutnad.
Dåpsfase med dåpssamtale (0 år)
Kyrkja får informasjon om nyfødde som har foreldre der ein
av dei, eller begge, er medlemer i kyrkja, og det blir så
sendt ut invitasjonsfaldar om dåp.
2-årssamling
Dette var eit nytt tiltak i 2014 der alle toåringane i Fjaler
blei invitert til ei samling på Ljosheim i Dale. Dei fekk høyre
og sjå forteljinga om den bortkomne sauen, og synge fleire
barnesongar frå 2-årsboka som blei delt ut i samlinga. Det
kom 16 toåringar til samlinga som gir ein oppslutnad på
62%.
4 års-bok
2 samlingar inkludert gudsteneste der barna får 4 års-boka.
I 2014 blei opplegget gjennomført i Dale og ytre Fjaler.
Oppslutnaden var 82%.
Dåpsskule (6 år)
Det blei gjennomført 4 samlingar inkludert gudsteneste der
barna fekk 6-års-boka. Opplegget blei gjennomført i Dale
og ytre Fjaler og 79 % av dei døypte møtte.
Påskevandring (9 år)
Det var to samlingar inkludert gudsteneste der dei fekk
“Påskeboka”. Den første samlinga var eit opplegg med
Kyrkjelydsblad for Fjaler
påskevandring der dei fekk høyre og oppleve kva som skjedde med Jesus frå palmesøndag og tida som følgte.
I 2014 blei det gjennomført påskevandring i Dale og ytre
Fjaler og oppslutnaden var 54%.
GT (gudsteneste)- agentane (10 år)
2 samlingar inkludert gudsteneste.
Opplegget vart gjennomført i Dale med ein oppslutnad på
75 %.
”Den store forteljinga” (11 år) for Minikonfirmantar
4 samlingar inkludert gudsteneste der barna får Konfirmantbibelen.
Opplegget vart gjennomført i Dale, Guddal og ytre Fjaler
med ein oppslutnad på 85 %.
Synge i kor (12 år)
Sjølv om det er mange aldersgrupper som syng i barnekora
i Fjaler, kan vi som eit trusopplæringstiltak ta for oss ei aldersgruppe i kora og få registrere denne som eit truopplæringstiltak. I 2014 registrerte vi at 9 tolvåringar song i barnekora i
Fjaler, eller 35% av årskullet.
Konfirmantundervisning og konfirmasjon (14-15-år)
I konfirmanttida er det ulike aktiviteter i tillegg til undervisning: Konfirmantdag og nattcup. Konfirmantane er
medliturgar i gudstenester og nokre er med i musikkgruppe.
Konfirmanthelga førebur dei mellom anna fasteaksjonen
til Kirkens Nødhjelp og samtalegudsteneste i Dale kyrkje
11
søndagskvelden. I 2014 var oppslutnaden 100% av dei
døypte.
Tiltak etter konfirmasjonsalder
Her har vi no to tiltak for eldre ungdom, Nord-sør-søndagsgudsteneste tilknytta TV-aksjonsdagen, og Solidartitetskonsert i samband med fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp.
Nord-sør-søndagen er eit samarbeid med United World
College i Flekke. Solidaritetskonserten er eit samarbeid med
Musikkskulen i Fjaler. Det er vanskeleg å måle oppslutnad på
desse arrangementa, men desse tiltaka er verdifulle for dei
eldre ungdomane som deltek.
17. mai i Dale kyrkje: Barnekoret saman med Cantus song jubileumssongen “Det går et festtog gjennom landet” i høve årets grunnlovsjubileum.
Kor og korarbeid
I Fjaler er vi kjende for det gode korarbeidet og betydninga
det har for gudstenestefeiringa. Kora gir barna eit aktivt og
positivt møte med kyrkja samtidig som koret gjer gudstenestelivet i kyrkja rikare. Kantor Mark er musikalsk leiar for kora
som også har sine eigne styre der foreldra er med. Kora er
dei same som dei har vore, men tal på medlemer varierer litt
år for år.
Ü Dale barnekor: 34 stk. vårsemester (31 i 2013)og 22
stk. haustsemester (33 i 2013). Totalt 45 forskjellige
barn har vore innom koret i løpet av året.
Ü Guddal familiekor: 4 vaksne, 2 ungdom og 18 barn
(16 barn og 5 vaksne i 2013).
Ü Do Re Mi (frå Hellevik og Folkestad): Snitt på 12 stk.
(15 i 2013) Barn frå 5 - 12 år. Totalt 16 barn har vore
innom koret i løpet av året.
Ü Cantus: 28 stk. (26 i 2013).
Dale barnekor
Koret hadde 32 øvingar gjennom året og deltok på 6 gudstenester og 2 skulegudstenester i Dale kyrkje. Årets vårtur
med Dale barnekor gjekk til Jondal der Ung Kyrkjesong
Bjørgvin hadde vårtreff. Haustturen gjekk til UKB sitt hausttreff
i Biskopshavn kyrkje.
Guddal familiekor har endra seg.
Guddal familiekor gjekk i år frå å vere eit kor av barn,
ungdom og vaksne til å bli eit reint barnekor. Nokre av dei
vaksne har delteke i korarbeidet i Guddal kyrkje sidan Roar
Lillebø starta i 1981. I 1994 overtok kantor Mark Taylor
12
Kyrkjelydsblad for Fjaler
musikkgrupper, som deltek i ulike arrangement. Eit ungdomskor av tre stk øver fast annankvar veke – dei blir supplert
med fleire rundt høgtider. Første halvår var det ei veldig aktiv
konfirmantgruppe. Dette varierer etter interessene til konfirmantane.
Laurdagsklubb/søndagsskule starta hausten 1998
(Tilknytt Norsk søndagsskuleforbund)
Laurdagsklubben i Dale på Ljosheim er eit veldig populært
tiltak for barn frå 4 år og oppover. Ei vanleg samling brukar
å innehalde ei forteljestund, ei songstund med varierte
songar, saft og kjeks pause og ei stund til leik, spel eller
teikning. Her var 66 ulike barn innom i løpet av året (55 i
både eit lite barnekor og ei lita forsongargruppe. Hausten
1995 slo desse to laga seg saman til ei større eining med
barn, ungdom og kvinner som Guddal familiekor.
2013) Laurdagsklubben syng i 4-årsgudstenesta og i barnas
påskegudsteneste. Saman med soknerådet arrangerer dei
julefesten på Ljosheim, men på grunn av lite deltaking av
barna vart 2014 nok siste året at det vart framføret julespel.
Ei stor takk til Gro Sollesnes Kummeneje, Knut Arne Kummeneje og Joy Taylor som sidan hausten 1998 har gjort denne
viktige dugnaden på fritida si.
Do Re Mi barnekor hadde 14 øvingar. Koret deltok på ei
gudsteneste og ei skulegudsteneste samt vår- og julekonsertane i Folkestad kapell og på 3 gudstenester i Hellevik
kapell – inkludert hausttakkefest og lysmesse.
Do Re Mi og Guddal familiekor deltok på KFUK-KFUM sin
barnefestival i Stryn 5. april. Koret var også med på haustturen til UKB sitt hausttreff i Biskopshavn kyrkje. Barna er ivrige
og flinke til å synge og folk set stor pris på songen deira.
Koret har stor betydning for samlingar i Ytre Fjaler.
Kora bidreg også diakonalt med konsertar på Sjukeheimen.
Foreldra er flinke til å stille opp som ansvarlege på turane,
og fortenar ros for det. Dei ulike kora har sine eigne årsmeldingar som gir utfyllande opplysningar om aktiviteten. Sjå
heimesida www.fjaler.kyrkja.no.
I tillegg til kora som har sine jamlege korøvingar gjennom
året, samlar også kantor Mark ungdomar til små kor og
Kyrkje – barnehage/skule – samarbeid
Det var skulegudstenester i Guddal før jul og sommar. I
Folkestad kapell var Våge skule til stades på gusteneste før
jul. Begge stadene var barnehagen med. Prest var med på
adventsstund på Flekke skule der også barnehagen var med.
I Dale kyrkje var det skulegudstenester både i adventstida og
siste skuledag før påske. Dei same dagane var eigne gudstenester for barnehagane. I Dale kyrkje var det kyrkjebesøk
frå Flekke skule, og Våge skule. 2. klasse og 4. klasse frå
Dingemoen skule var også på eigne kyrkjebesøk. Tema på
desse kyrkjebesøka var gudstenester og kyrkjelege handlingar, kristne symbol, kyrkjerommet, orgelet og salmar
Diakoni og Institusjon
”Diakoni er kirkens omsorgstjeneste. Den er evangeliet i
handling og blir uttrykt gjennom nestekjærlighet, inkluderende fellesskap, vern om skaperverket og kampen for rettferdighet.”
Trusopplæring og korarbeid er diakoni i praksis.
Andaktane på Fjaler sjukeheim, annankvar tysdag og på
julaftan, samt gudstenester i høgtidene jul og påske gjekk sin
gang. Vanlegvis er det soknepresten og kantor som er der,
men det har også vore nytta vikarar. Andaktane samlar 15
Kyrkjelydsblad for Fjaler
13
70 år sidan krigen
I "Menighetsblad for Fjaler" nr. 1,
august 1946, som var det første som
kom ut etter krigen les vi: "Menighetsbladet let venta lenge på seg før det
kom att etter krigen. Det kjem for det
meste av at me streva eit heilt år før
me fekk nokon til å prenta bladet. Så
vonar med at bladet vert vel motteke
no som før, og at det får vera ein
bindelekk mellom kyrkjelydane og ein
bodberar frå Gud!"
Våren 2015, er det 70 år sidan
krigen var slutt. I bladet frå 1946 er
det trykt ei oversikt over "Krigens offer
frå Fjaler". Under oversikta står eit dikt
som Ragnvald Fagerheim skreiv, som
vi trykkjer her.
Ragnvald Fagerheim var kyrkjesongar
men også ein god forkynnar. Ein ven
skreiv mellom anna slik om han i kyrkjebladet etter hans bortgang i 1961:
"Sjeldan sat du så trygg og med slik
tiltru som når Ragnvald Fagerheim
tala. Ha sa det som skulle og burde
seiast, og ikkje meir. Men vi kyrkjefolk
tenkjer på han som forkynnar. Han
var menneskeven, kulturmenneske og
sogemann, og dette kom også fram i
forkynninga hans og la dåm over det
han sa."
TAKK
Fader vår, vi fram vil bera
ein takkesong med pris og æra
for livd og vern på fedrejord.
Du som knytte kjærleiksbandet
til heim og folk i dette landet,
til arven i frå far og mor.Du gav oss menn med mod
som gav sitt liv og blod,
då det lyste
i myrkret ut
frå vardenut
eit herbod til kvar Norges gut.
Ja, dei kom med viljar sterke
og fylka seg om Norges merke,
dei trauste vakt om fana stod.
Kvar dei for på land og bylgje,
dei fekk eit fagert ferdefylgje
av deim som bøneringen slo.
Dei fekk ei våtsom grav
– 25 eldre som gjev uttrykk for at dei set pris på at tilsette i
kyrkja kjem til sjukeheimen og held andakt og tek seg til ein
prat rundt kaffibordet. Gudtenestene og gravferdene i Dale
kyrkje vert overførde til sjukeheimen via telefonen, og difor
har vi telefon i kyrkja.
Alle kora har minikonsertar på sjukeheimen under leiing av
kantor.
Soknepresten er invitert og har andakt på møta i Pensjonistlaget ein gong i månaden. Diakonifondet finansierer tiltak
som: Blomehelsing før jul til næraste pårørande etter eit
dødsfall, samt julaftangudsteneste i Hellevik bedehuskapell.
Misjonsprosjekt
Fjaler sokn har støtta to misjonsprosjekt gjennom det Det
Norske Misjonsselskap (NMS); “Integrert landsbyutvikling
i Mali” og “Senter for gatebarn i Egypt” der vi støttar vi eit
senter som bidreg til at menneske i ein fattig bydel i Kairo
får ein betre kvardag. Ofringane i gudstenestene er fordelt
slik at det i gudstenester der barn deltek og det er ofring til
misjonsprosjekt går offeret til Egypt. Misjonskonsulent Ingvald
Frøyen deltok på Misjonsgudsteneste i Dale kyrkje og
i myrke, ville hav,
sat i fengsel
i harsett strid
den vonde tid,
til døden kom med kvila si.
Allheims styrar, som med velde
batt og basta myrkers elde,
vi takkar deg for frelsa god.
Gjev så langt som soga fretter
at Norges land til nye ætter
får gagn av deira offermod.
Gjev at det blod som rann
ein grornæm åker fann,
og at folket
med fred og frygd
i trivd og trygd
må leva sælt i by og bygd.
Ragnvald Fagerheim
Jonsok-gudstenesta i Guddal kyrkje. Det var første året det
ikkje var misjonsbasar på skulen etter gudstenesta. I staden
samlast kyrkjelyden til kyrkjekaffi på Yndestad gard.
Inntekter - Kyrkjeoffer / billettinntekter og fasteaksjon:
1 Offer – kollekt eige arbeid
2 Kollekt / billettinnt. Fond kyrkjemusikk
3 Offer til lag og organisasjonar
4 Offer til bedehuskapella/G. fam-kor
5 Offer til misjonsprosjektet
6 Offer til Kirkens Nødhjelp
7 Fasteaksjon Kirkens Nødhjelp
2012 20132014
33 682
14 833
45 462
5 834
23 242
18 894
41 410
29 588
21 175
45 581
12 044
27 325
23 184
32 250
36 826
22 239
53 796
5 245
27 680
26 626
39 317
Vi har vore redde for at gåveinntektene ved offer vil gå ned
fordi vi har mindre og mindre tilgjengelege kontantar, men
oversikta over viser at det heldigvis enno ikkje er tilfelle. Det
vert arbeidd med andre løysingar for å samle inn pengar
enn ved ofring med kontantar, som “sms-ofring”, men hittil er
kostnadane med desse løysingane for store for små kyrkjelydar.
14
Kyrkjelydsblad for Fjaler
LJOSHEIM I DALE ER 50 ÅR i 2015
med feiring både i februar og oktober
Ljosheimbasaren samla fullt hus ein fin
laurdagsettermiddag midt i februar.
Det var eit generasjonstreff av dei
sjeldne når mellom 80 og 90 stk,. frå
dei minste til dei eldste, var samla til
åresal/loddsal og ettermiddagskaffi
med mange gode kaker.
Knut Arne kom med gitaren sin og
song eit par vakre salmar til opning av
basaren.
Åresal er veldig populært og raskt
måtte vi ta fram alle årene, men likevel
var det i minste laget. Det var òg tidvis
kø hos Målfrid Skaar som sat og selde
lodd på loddbøkene.
Vi takkar hjarteleg for kr 56 660. Vi
takkar òg for ei gåve på kr 1 000 vi
fekk dagen etter basaren av ei som
ikkje hadde anledning til å vere der,
og for kr 5 000 fekk litt seinare.
Hjarteleg takk til alle som har bidrege
til basaren med gevinstar, loddsal,
loddkjøp, baking og hjelp under sjølve
basaren. Takkar særleg dei to som
bidrog med mest sjølvlaga handarbeid
som broderte, strikka og hekla dukar
og løparar, dokkekle med meir; Hilda
Haugen og Maria Skadal. Fleire kunne
ha vore nemnde J!
50-årsjubilant
Vi “Ljosheimvenene” har lyst til å feire
at Ljoshem er 50 år, også på ein
laurdagsettermiddag i oktober. Kva for
ein laurdag kjem vi tilbake til. Denne
oktoberlaurdagen vert det òg åresal,
men ikkje loddbøker. Gode kaker med
kaffi og saft høyrer sjølvsagt med til ei
jubileumsfeiring. Ved desse åresala –
vi brukar å ha fire – må vi prøve at
halvdelen av gevinstane er for barna.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
15
Her vil det bli meir program enn
på ein tradisjonell basar. Vi ønskjer
innslag av dei yngste/yngre i kyrkjelyden, samt at vi har spurt Atle
Lyngstad Ness om han vil ta oss med
gjennom Ljosheim si historie. I oktober
håpar vi å fylle begge salane J oppe
på Ljosheim.
Ljosheim – minst 20 år med
innsamling frå planlegging til
huset sto ferdig.
Vi veit at planlegginga av Ljosheim
starta på slutten av krigen. Det var
samla inn pengar i 1945, 20 år før
Ljosheim sto ferdig.
Vi er takksame for at vi frå Elin Ullebø
Ulvik har fått kopi av eit kyrkjeblad
som vi ikkje hadde, frå august 1946.
Eit kyrkjeblad bestefar hennar, Johan
Øksenberg tok vare på. Dette er det
første kyrkjebladet som kom ut etter
krigen. Då hadde det ikkje kome ut
kyrkjeblad sidan i oktober 1942. I
“Menighetsblad for Fjaler” nr. 1 august
1946 står følgjande, som truleg er
skreve av sokneprest Ivar Døskeland
som var ansvarleg redaktør.
if
“Dale sokneråd og Dale indremisjon har
vedteki å reisa eit kristeleg samlingshus i
Dale. Huset skal heita “Ljosheim”. Soknerådet og indremisjonen skal ha 3 lemer
kvar i styret og ha formannen kvar sitt år.
Fjaler heradsstyre har gjeve lovnad på tuft
vestafor kyrkjegarden, rett over for heradshuset. Heradsstyret skal ha stor takk for den
gåva!
Styret arbeider no med byggeplanar. Men
då det har berre kr. 15.000.- til rådvelde,
er det turvande å samla inn ein god del
pengar før ein går i gang med bygginga. I
1945 var det innsamling på lister i Hestad,
Strand og noko av Dingemoen krins. Folk
var nokså mannjamt med. Det var m.a.
gjeve to gåver på kr. 250.-, ei på kr. 300.-,
to på kr. 500.- og ei på kr. 1.000.-.
Styret har no ei større utluting i emning.
Det er alt underhand lova mange verdfulle
vinstar: 1 bunad, 1 sett vovne portierar,
målarstykke, bord, sofaputer, 1 kaffisett,
vaskestampar, lakenstaut og mange fleire.
Fru Myrtil Skaar og fru Mathilde Døskeland tek med takk mot vinstar til utlutinga
som vert 8. september.
Då Dale kyrkjelyd skal ha halv eigedomsrett
i huset, og då det m.a. skal nyttast til konfirmantførebuing, kyrkjelydsfestar og større
møte, vonar ein at heile kyrkjelyden ser det
som si oppgåve å reisa “Ljosheim”. Styret
er sers takksam for om slike som er utvandra
frå Dale kyrkjelyd også ville vera med.
Gåver kan sendast til sokneprest Døskeland,
Dale.
16
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Smakebiter frå
Norsk Salmebok 2013
I kyrkjelyden
sidan sist
Dale
Døypte:
Anders Østby Ådnanes
Avdøde:
Ingjerd Risting
Harald Atle Vie
Svanhild Steindal
Bjørg Johanna Bortheim
Kjellfrid Helene Stenseth
Askale Halsnes
Sverre Alfred Strand
Olav Skaar
Bak i den nye salmeboka ligg Norsk bønebok. Der finn du både
gamle og nye bøner, samt den vesle katekisma og nokre enkle
liturgiar som kan brukast i ulike anledningar.
f.1929
f.1947
f.1928
f.1941
f.1953
f.1993
f.1919
f.1932
Medan vi leitar
Å Kristus,
medan vi framleis leitar etter deg,
har du alt funne oss.
Same kor fattig vår bøn er,
høyrer du oss betre enn vi kan tenkja
oss eller tru.
Etter Broder Roger, Taizé, O Oskar
Stein Bjørkykke
Guddal
Døypte:
Tiril Aas Nygård
Avdøde:
Svein Nøtsund
f.1928
Folkestad
Døypte:
Selma Eline Brand Barsnes
Avdøde:
Bjørg Folkestad
f.1931
Gjer dyna lett
Eg ber for ein som no ligg sjuk:
gjer dyna lett og puta mjuk,
gjer søvnen god og dagen kort
og lat det vonde snart gå bort.
Ja Far, å lat min sjuke venn
bli frisk og koma ut igjen.
For alle sjuke bed eg deg:
Å, trøyst dei, du som trøystar meg.
Britt G Hallqvist,
O Hans Johan Sagrussen
Redd for å dø
Kjære Jesus Kristus!
Jeg er redd for å dø
selv om du døde for meg.
Jeg forstår ikke hvorfor du måtte lide
for at vi skal bli frelst.
Men takk likevel, Jesus,
for påskehemmeligheten.
Paul Leer Salvesen
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Å VERTA REIN
"Det er så mykje synd i oss," forklara min ven Umar medan han vaska seg for å
gå til moskeen å be. "Augo våre ser på ting me ikkje bør sjå på, difor må me vaska dei. Me seier ting me ikkje bør seia,
difor må me vaska munnen." Han spytta
ut vatnet han hadde nytta til å skulla
munnen. "Me tar på ting me ikkje bør ta
på, difor må me vaska hendene."
Slik hald Umar fram med å forklara meg
kvifor han måtte vaska ulike delar av
kroppen før han kom fram for Gud i bøn.
Sidan me hadde vorte godt kjent, kunne
eg gjeva ein respons på det han sa:
"Også i vår tru er det slik at me må vera
reine når me kjem fram for Gud. Men
den heilage boka vår viser oss at synda
sitt så djupt i oss at den ikkje kan vaskast
bort berre med vatn. Det må noko sterkare enn vatn til for å ta bort synd." Eg lurte
på om eg skulle stansa der, men la til:
"Den som kjenner til noko som har større
kraft enn vatn til å ta bort synd, han har
ein stor løyndom." Umar kikka opp på
meg eit par sekund, før han haldt fram
med å vaska seg.
Kort tid før sin død på krossen, då Jesus
innstifta nattverden, sa han til læresveinane sine: Dette er mitt blod, paktsblodet,
som blir utrend for mange så syndene
vert tilgjevne. (Mt 26,28). I Johannes
første brev står det: Dersom vi vandrar
i lyset, liksom han er i lyset, då har vi
fellesskap med kvarandre, og blodet frå
Jesus, hans Son, reinsar oss for all synd.
(1 Joh 1,7). Jesus viser oss at det som
gjer oss ureine ikkje sitt på utsida av
kroppen vår, men på innsida. Kanskje
kan me seia at det går frå hjarta og ut i
blodet vårt. Vatn kan ikkje reinsa blod,
det er det berre reint blod som kan. Jesu
blod er vår kjelde til reinsing og nytt liv,
det som gjer at me fritt kan koma nært
Gud.
Då Umar var ferdig med å vaska seg
gjekk eg saman med han på vegen til
moskeen. "No skal me be om at Gud
må tilgjeve oss," sa han. "Det er ei god bøn," sa eg, "måtte Gud høyra og signa
bøna di." "Takk!" sa han, "me snakkast i morgon!" Umar gjekk så inn i moskeen
for å be om nåde og tilgjeving, medan eg gjekk heim og takka Gud for krafta
Jesu blod har til å gjera oss reine.
Frode Brügger Sætre
Misjonær for NMS i Mali
17
18
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Misjonstauet
Årgang 1842…
Det norsk misjonsselskapet var etablert
i 1842. I 1844 reiste den første norske misjonæren ut i verda, og kom til
Zululand i det sørlege Afrika. Der starta
han arbeidet til Det norske misjonsselskapet. Hans Paludan Smith Schreuder
heitte han. Han var frå Sogndal, og
var truleg ganske tålmodig i arbeidet
sitt. Det tok nemleg 14 år før den
første av dei innfødte afrikanarane
blei døypt. Det var i 1858. Dette var
starten på eit stort og viktig arbeid som
Det norske misjonsselskapet fortsatt driv
både i Norge og rundt i verda.
I februar fekk Fjalerkonfirmantane
besøk av Ingvald Frøyen frå Det norske
misjonsselskapet. Ingvald fortalte oss
kva misjon er i dag. Misjon handlar
meir om å bry seg om enn å forkynne.
Ingvald sa: "Først må menneske kjenne
at dei er sett og verdsett – at nokon
bryr seg om dei. Det er utgangspunktet
for all misjon."
Misjon av i dag er hjelpearbeid og
haldningsskapande arbeid i ulike kulturar i verda. Det norske misjonsselskapet,
NMS, arbeider for å betre levekåra
for mange menneske. I Fjaler støttar vi
arbeid som NMS driv blant gatebarn
i Egypt. Ingvald har sjølv vore misjonær i Mali, og fortalde om korleis
det har blitt fleire kristne medan han
var misjonær der i 8 år. Misjonærane
i Mali begynte, som Hans Schreuder,
nærast med ingenting. No hjelper dei
menneske til eit betre liv – mellom anna
med å skaffe reint drikkevatn – samt
gje råd om betre hygiene i samband
med fødsel og forsøke å endre dei
kulturelle haldningane i forhold til
omskjering av kvinner. Ingvald fortalde
om store framskritt. Omskjeringa er ei
overgangsrite frå barn til vaksen, men
Ingvald fortalde at mange av dei eldre
kvinnene som før dreiv med omskjering
av unge jenter, hadde blitt "omskolert"
til fødselshjelparar i staden. Samtidig
gjekk dødsprosenten blant spebarn og
fødande kvinner dramatisk ned. Dette
viser at det går an å endre haldningane i kulturar for å gje menneske eit
betre liv. Det nyttar!
KAK
Vi startar med minigudsteneste, og Lilja Kristin Thorsteinsdottir leier
samlinga.
Ingvald voks opp på Madagaskar, og flytta til Noreg først då han
var 14 år. Her har han på seg hatten som mora hans brukte på
Madagaskar – eit fint minne om henne.
Misjonstauet: Forteljinga om kyrkja tok til med Jesus. Jesus sa til
Peter: "No får du og dei andre ansvaret her i verda." Dei fortalte
det vidare til andre menneske som vart døypte og kom med i kyrkja,
og på 900-talet kom kyrkja til Noreg. Så er vi her i dag i 2015.
Vi står i ei lang historisk rekke som går tilbake til Jesus. Kven har no
ansvaret for å gje forteljinga vidare? Alle som er døypte og kristne,
har del i dette ansvaret. Det er dette vi kallar misjon: å gje vidare
det vi sjølv har fått i trua.
Ingvald Frøyen fortalte at for å bli mest mogleg akseptert blant
fulanarane i Mali, måtte han gå med turban. Då var han nesten
blant dei innfødte.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
19
S ID E
Fargelegg
Dei glade kvinnene ved
Jesus si tomme grav!
Teikningar: Kari Sortland
Finn
5
feil
Dei to bileta er
nesten like. Finn
du dei fem feila på
biletet til høgre?
Abonnér på barnebladet
nr.9
nr.7
David og Goliat
nr.3
nr.12
nr.11
nr.13
nr.10
Gulliver: side
2
Det nye Jerusalem
Tårnagente
side 7–10 ne:
De første disiplene
Tårnagentene:
side 7–10
Gulliver:
side 2
Himmelrik
og de sm et
å
Gulliver:
side 2
David og Batseba
: side
Gulliver
ne:
ente
Tårnag 0
7–1
side
16 blader + DVD eller bok
(privatabonnement
= berre 365,heim i posten)
Gruppeabonnement berre 199,per barn
2
Gulliver:
side 2
Tårnagentene:
side 7–10
Gulliver:
side 2
pt
r døt er seg ved
s bliis
ustevis
jøen
Jesu gJes
o fr Tiberiass
Tårnagentene:
side 7–10
Supersetning
Tårnagentene:
side 7–10
Gulliver:
side 2
Salme 37,5
Legg din vei i Herrens
hånd!
Stol på ham, så griper
han inn.
Bibelteikneseriar
og gøyale aktivitetar!
setnin
Super
Salme 37,5
g
i Herrens hånd!
inn.
Legg din vei
så griper han
Stol på ham,
ditt
7
av hele kraft og
s 10,2
Gud
Luka
all din
selv.
en din
Herr sjel og av som deg
elske
din
neste
Du skal og av hele og din
e
and,
hjert
din forst
av all
Supe
rsetni
ng
31. august • 2014
Supersetning
Tårnagentene:
side 7–10
Johannes 3,16
11.
4 mai
s • 201
• 2014
2. mar
Supersetning
For så høyt har Gud
elsket verden at han
Sønn, den enbårne,
gav sin
for at
ham, ikke skal gå fortapt, hver den som tror på
men ha evig liv.
Johannes 14,6
Jesus sier: «Jeg er veien, sannheten og livet.
Supersetning
Ingen kommer til Far uten ved
meg.»
g
r
Christoffe
mfortellinger
20 tegnefil
liv.
fra Jesu
Fortelle
r:
rg
Harald Stoltenbe
Tegnere
Produsent
Merete
tning
2. november e
g od
De n e r e n
et
s 10,14
gj
innlesin
ber • 2014
Tegnese
:
Den god
e
g je t ere n
ykking:
Dicentia
riemanu
s/produ
sent:
eforbund
Søndagsskol
og © Norsk
0606 OSLO
Etterstad,
PB 6552
2011
Perfekt som
faddergåve!
Ting på [email protected] eller på telefon 22 08 71 00
16. novem
g:
Føyen Arnevåg
DVD-tr
Runar Bang
,
Tønnesen
Asbjørn
Chris Murphy,
Vera Tataro, Jansen,
es,
Rikke Fjeld
Gaustadn
Raymond
Erik Ødegaard
Marku
Film
Animasjon:
Alve, CirkA
-DVD
En
Superse
La de små
• 2014
ikke! For barna komm
e til meg,
Guds rike
og
tilhører
slike som hindre dem
dem.
19. oktober • 2014
gode
De n e r e n
jet 14. september • 2014
Lukas 10,27
Du skal elske Herren din Gud av hele ditt
hjerte og av hele din sjel og av all din kraft og
av all din forstand, og din neste som deg selv.
av DVD:
Bestilling
ole.no
ondagssk
butikk@s
En
-DVD fra
ent på
Bli abonn
lad
s barneb hjem i posten.
sskolen
rett
o
Søndag DVD + bok
sskole.n
+
sondag
14 blader på barnas@
Bestill
En
-DVD
fra
NSSF
S0211
© 2011
20
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Songar frå bibelen:
Marias lovsong
Nærmaste søndagen til 25. mars
feirar vi Maria bodskapsdag. I år,
som oftast, har vi samtalegudstenesta
for alle konfirmantane i Fjaler i Dale
kyrkje på denne dagen. Konfirmantane
presenterer Kirkens Nødhjelps fasteaksjon og det passar dermed å stogga
ved ein av dagens tekstar som vi finn i
første kapitlet av Lukasevangeliet.
Ni månader før jul fekk jomfru Maria
bodskapen frå engelen Gabriel om
at ho skulle bli gravid. Hennar første
reaksjon er naturleg for ei ugift kvinne
– "eg har ikkje vore saman med nokon
mann?". Gabriel svara at den heilage
ande ville koma over henne slik at ho
kunne føde Guds Son. Engelen sa og
at Elisabet, som var i slekt med Maria,
også var gravid og nokre dagar
seinare skunda Maria seg til Elisabet.
Elisabet helsa Maria ved å seie "Velsigna er du mellom kvinner, …sæl er ho
som trudde, for det Herren har sagt til
henne, skal oppfyllast."
Etter at Maria har uttrykt glede og
takk for at ho var valt til å vere mora
til Guds Son, var ho ikkje sjølvopptatt,
men song vidare om Guds gjerningar
for dei fattige.
Gud "lyfte opp dei låge og metta dei
svoltne med gode gåver". Gud er ein
Mi sjel høglovar Herren,
og mi ånd frydar seg i Gud, min
frelsar.
For han har sett til si tenestekvinne i
hennar fattigdom.
Og sjå, frå no av skal alle slekter
prisa meg sæl,
for store ting har han gjort mot
meg,
han, den mektige; heilagt er hans
namn.
Frå slekt til slekt varer hans miskunn
over dei som ottast han.
Han gjorde storverk med sin sterke
arm;
Gud som er på sida til dei fattige og
han "sende dei rike tomhendte frå
seg". I Nicaragua er Marias lovsong
yndlingsbøna til dei fattige bøndene
og ofte har dei på seg ein amulett
med teksten til denne songen. Marihan spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.
Han støytte stormenn ned frå trona
og lyfte opp dei låge.
Han metta dei svoltne med gode
gåver,
men sende dei rike tomhendte frå
seg.
Han tok seg av Israel, sin tenar,
og kom i hug si miskunn
slik han lova våre fedrar,
Abraham og hans ætt, til evig tid.
(Luk 1, 46-55 frå Bibelen 2011,
© bibelselskapet)
as lovsong er ein kampsong for dei
fattige. Dette skal vi ta til oss når vi
tenkjer over kor mykje vi skal gje til
fasteaksjonen.
Ser vi på medmenneska våre i deira
fattigdom?
Som Marita Haakenstad frå Kirkens
Nødhjelp skriv:
Maria er sjølve dømet på at Gud er til
stades og trer inn mellom dei som lever
i fattigdom. Jesus vaks fram i magen
på ei heilt vanleg jente frå nokså enkle
kår, ei som stod i fare for å bli utstøytt
av samfunnet rundt seg fordi ho var
blitt gravid utanfor ekteskapet. På
bistandsspråket snakkar vi om "Empowerment", eller myndiggjering på norsk.
Det handlar om menneske i ytterkanten
som blir sett og stadfesta – menneske
som ligg nede, men som får krefter til
å reise seg opp og forandre liva sine
og verda rundt seg. Det barnet Maria
bar på, skulle bli forkjemparen for
dei lågaste. Han såg dei, stadfesta
dei, lyfte dei opp for på den måten å
frigjere dei ressursane dei hadde i seg
til å forandre. Han utbetra sjølvrespekten til menneske som låg nede eller
Kyrkjelydsblad for Fjaler
21
Musikk frå livets begynnelse
Familiesamling på Ljosheim
Kyrkja er eit fellesskap der
alle generasjonar er representert og blir sett. Derfor
handlar det om ikkje berre
å gi evangeliet, men også
kyrkjelydsfellesskapet, vidare
til neste generasjon. Vi må
ta på alvor den rolla som
kyrkja har som kulturberar,
både i våre livsritar, kyrkjebygg, kunst og musikk. Det
er mange av oss som har
gode minne frå søndagsskole
eller Laurdagsklubben. Dette
vil vi gi vidare og samtidig
verne om den kristne arv.
Den arven som ligg der med
ei tusen år lang historie.
Det formar vår identitet og
er grunnlaget for å forstå
dagens kultur. Derfor har
Kyrkja i Fjaler eit samarbeid
med helsestasjon og kulturskolen om babysong. Dei
fleste samlingane er på Fjaler
helsestasjon, leia av Reidun
var skubba ut av det gode selskapet.
SER vi dei som ligg nede, dei som blir
skubba ut?
Musikken
Kristne har sunge denne songen i to
tusen år, oftast som ein kveldssong i ei
tidebønsgudsteneste som heiter Vesper
eller Aftansong. Mange store komponistar har tonesett Marias lovsong
sidan midten av 1300-tallet. Den mest
kjende er kanskje Johann Sebastian
Bach sin Magnificat i D BWV 243
komponert i 1723 (tittelen er frå første
linja av Marias lovsong på latin. Magnificat = gjere stor).
Porten frå kulturskulen, men
som avslutning er det ei familiesamling på Ljosheim der
også soknepresten er med.
For meir informasjon og
påmelding, ta kontakt med
Reidun Porten eller helsestasjonen.
Lilja Kristin Thorsteinsdottir
Foto Renate Lillefosse
I Norsk Salmebok 2013 (N13) finst
det fleire versjonar for kyrkjelydens
bruk. I salme 934 har vi den tradisjonelle gregorianske tonen og i salme
936 har Hans Arne Akerø laga ein
ny tone, men dei mest folkelege som
vi syng på gudstenester i Fjaler er dei
metriske versjonane. Desse er gjendiktingar av den bibelske teksten med rim
slik at den kan syngjast til vanlege salmetonar, ofte med ei tolking av teksten.
I 1917 skreiv nynorskdiktaren Bernt
Støylen "Guds folk for sin konge skal
kveda" nr 125 i N13. Den kom med
i Nynorsk Salmebok 1925 i avsnittet
Marimesse-sundag, men er nokså gam-
maldags i språket, og tolkar songen
i ein samanheng av takk for frelse frå
synd.
Nr 131, Eyvind Skeies nokså fri
gjendikting "Vi synger med Maria" er
frå 1980 og har eit meir moderne
språk med fokus på Guds kraft, nåde
og kjærleik. Skeie skreiv gjendiktinga til Aftensang for barn av Harald
Gullichsen og gir eit positivt og enkelt
gudsbilete. Jesus er også tatt med i
første og siste strofe og gjer Marias
lovsongen kristologisk.
MT
22
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Velkomen til kyrkje
DALE KYRKJE
Søndag 22. mars kl.19.00
Samtalegudsteneste med konfirmantane frå Dale og Guddal.
Offer til Alværa Misjonssenter.
Tysdag 24. mars kl.20.00
Solidaritetskonsert med kulturskulen, UWC og ungdomskoret. Kollekt til Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon.
Langfredag 3. april kl.19.30
Gudsteneste. Solosong v/ Joy Taylor.
Påskedag 5. april kl.11.00
Høgtidsgudsteneste. Cantus og Reidun Porten (kornett)
deltek. Offer til Strømmestiftelsen.
Søndag 19. april kl.11.00
Barnas påskegudsteneste. Laurdagsklubben deltek. Utdeling
av påskeboka til 3. årssteg. Offer til IKO - Kirkelig pedagogisk senter.
Søndag 26. april kl.11.00
Gudsteneste. Konfirmantjubileum for 51 års konfirmantar.
Offer til NMS Misjonsprosjekt Mali.
Søndag 3. mai kl.11.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Ungdomskoret deltek. Offer til
barne og konfirmantarbeid.
Søndag 17. mai kl.11.00
Gudsteneste. Dale barnekor og Cantus deltek. Offer til
NMS Misjonsprosjekt Egypt.
Pinsedag 24. mai kl.11.00
Gudsteneste. Cantus deltek. Offer til Kirkens Bymisjon
Bergen.
Søndag 7. juni kl.19.30
Gudsteneste med konfirmantinnskriving. Ungdomskoret
deltek. Offer til Alværa Misjonssenter.
Søndag 21. juni kl.11.00
Gudsteneste. Nattverdutdeling v/ kneling rundt altarringen.
Offer til Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet.
Søndag 12. juli kl.19.30
Gudsteneste.
Søndag 2. august kl.11.00
Gudsteneste.
GUDDAL KYRKJE
Palmesundag 29. mars kl.11.00
Barnas påskegudsteneste med familiekoret og påskevandrarar. Utdeling av påskeboka til 3. årssteg. Offer til
Strømmestiftelsen.
Søndag 10. mai kl.11.00
Konfirmasjonsgudsteneste. Store frå familiekoret deltek. Offer
til barne og konfirmantarbeid.
Søndag 17. mai kl.13.00
Gudsteneste. Familiekoret deltek. Offer til Guddal familiekor.
2. pinsedag 25. mai kl.11.00
Barnas pinsegudsteneste med familiekoret.
Konfirmantinnskriving. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.
Onsdag 24. juni kl.11.00
Jonsokgudsteneste. Ingvald Frøyen frå NMS deltek.
Nattverdutdeling v/kneling rundt altarringen. Mat på
Yndestad gard etterpå. Offer til NMS Misjonsprosjekt Mali.
FOLKESTAD BEDEHUSKAPELL
Påskedag 5. april kl.19.30
Høgtidsgudsteneste. Egil Furenes deltek med hardingfele.
Offer til Strømmestiftelsen
Søndag 26. april kl.15.00
Minipåskegudsteneste og Vårkonsert v/Do Re Mi. Offer til
barne og konfirmantarbeid.
Søndag 17. mai kl.11.00
Gudsteneste. Offer til Folkestad bedehuskapell.
Pinsedag 24. mai kl.19.30
Gudsteneste. Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.
Søndag 28. juni kl.11.00
Gudsteneste. Nattverdutdeling v/kneling rundt altarringen.
Offer til NMS Misjonsprosjekt Mali.
HELLEVIK BEDEHUSKAPELL
Skjærtorsdag 2. april kl.11.00
Gudsteneste. Hardingfele v/Rune Berge. Offer til
Strømmestiftelsen.
Søndag 14. juni kl.11.00
Gudsteneste med konfirmantinnskriving. Solosong v/ Marthe
Eimind. Offer til Alværa Misjonssenter.
Kyrkjelydsblad for Fjaler
KORSSUNDKROSSEN
Søndag 26. juli kl.15.00
Olsokgudsteneste ved steinkrossen. I tilfelle dårleg vêr, vert gudstenesta
flytta til Folkestad kapell.
STEIESTØLEN
Langfredag 3. april kl.11.00
Friluftsgudsteneste ved Rode Kors hytta.
23
Kyrkjeblad for Fjaler
Kontonr. 3741 20 73135
Bladpengar kr. 200 / 225 for året.
Redaktør: Joy Taylor
Prent: Ingvald Husabø Prenteverk a.s.
[email protected]
Kyrkja i Fjaler
www.fjaler.kyrkja.no
FJALER SJUKEHEIM
Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.
Telefon 57 73 97 70
Helgetorsdag 14. mai kl.11.00
Gudsteneste.
Kyrkjekontoret er ope
måndag-torsdag kl. 9.00-14.00
fredag kl. 9.00-12.00
Ved oppdrag og ferie kan du oppleve
kontoret stengt også når det skulle vore ope.
2. påskedag 6. april kl.11.00
Gudsteneste.
STRAUMSNES GRENDAHUS
Søndag 12. april kl.14.00
Gudsteneste. Kyrkjekaffi. Offer til kyrkjelydsarbeidet.
Konfirmantane 2015
Dale kyrkje
Søndag 3. mai kl.11.00
Jens Alværvik
Heiki Eemeli Markkanen Hauge
Trym Helle
Mathias Hugøy
Phanuwat Jarstad
Martin Sollesnes Kummeneje
Harald Nyland
Daniel Alexander Kingngam Skadal
Nikolai Ullebø Skår
Håkon Haugen Svardal
Halvor Hatlebrekke Øen
Amalie Eide Dale
Hannah Christine Baust Erdal
Marina Solheim Hjartholm
Emilie Høyvik Hjartholm
Elise Hovland
Maren Johansen Myklebust
Pernille Nedrebø
Jannike Kathrin Solheim
Guddal kyrkje
Søndag 10. mai kl.11.00
Maria Yndestad
Tilsette med kontorplass:
Sokneprest Lilja Kristin Thorsteinsdottir
jobb: 57 73 97 75 priv: 57 73 63 01
mobil: 456 38 846
[email protected]
Spesialprest Knut Arne Kummeneje
jobb: 57 73 97 73 mobil: 908 55 230
[email protected]
Kyrkjeverje Irene Fløde
jobb: 57 73 97 71 mobil: 992 38 420
[email protected]
Kantor Mark Taylor
jobb: 57 73 97 74
mobil: 975 13 449
[email protected]
Kantor har fri kvar torsdag
Sekretær Joy Taylor
jobb: 57 73 97 72
mobil: 911 71 745
[email protected]
Kyrkjetenarar:
Dale kyrkje og kyrkjegard
Jostein Løseth tlf: 906 07 913
Guddal kyrkje og kyrkjegard
Liv Svanhild og Reidar Langeland
tlf: 57 73 88 21
Hellevik- og Folkestad bedehuskapell
Sigrid Kleppe tlf: 57 73 53 57
Fjaler sokneråd
Leiar Terje Halsnes
tlf: 57 73 55 95 mobil: 905 60 416
Beredskapstelefon ved akutt behov
utanom kontortid 95 48 31 52.
INFORMASJON
B
Avsendar: Fjaler kyrkjekontor
Pb. 18 - 6961 Dale i Sunnfjord
24
Kyrkjelydsblad for Fjaler
Solidaritetskonsert
Tysdag 24. mars kl.20.00 blir det ein ny
solidaritetskonsert med Fjaler-ungdom i Dale
kyrkje. Medverkande er Fjaler kulturskule,
Ungdomskoret, UWC-elevar med fleire. På
programmet står låtar av Miley Cyrus, Justin
Bieber og Bob Dylan i tillegg til meir tradisjonell song som den vakre irske folketonen
Gjev med handa di, ven. Vi blir leia gjennom
kvelden med den dyktige konferansieren
Martine Håland som også deltek med song.
Knut Arne informerer om fasteaksjonen som
kollekten går uavkorta til. Vel møtt til ein
koseleg kveld der ungdomen syng og spelar
til støtte for dei som er påverka av klimaendringane særleg knytt mot vatn, som flaum,
jordskred og tørke.
MT
Ta godt imot bøsseberarane våre! Ditt bidrag er viktig!
Hugs å ha kontantar i huset!