Gondolbane til Hanguren på Voss

Konsekvensutgreiing, villrein og inngrep
Siri Bøthun Naturforvaltning
Gondolbane til Hanguren på Voss
Vurderingar av konsekvens for villrein
Siri Wølneberg Bøthun
Rapport – 1 – 2014
Tittel:
Rapportnr:
Gondolbane til Hanguren på Voss; Vurderingar av konsekvens for villrein
1-2014
Forfattar:
Dato:
Siri Wølneberg Bøthun
15.05.2014
Referanse: Bøthun, S. W. 2014. Gondolbane til Hanguren på Voss; Vurderingar av konsekvens for
villrein. Siri Bøthun Naturforvaltning, rapport 1-14.
Oppdragsgjevar:
Kontaktperson oppdragsgjevar:
Voss Resort AS
Sigbjørn Slåtten
Referat: Det er gjort ei utgreiing av villreinen sin bruk av område som kan få auka ferdsel med utgangspunkt i
toppunktet for ny gondolbane til Hanguren på Voss. Effekten av tiltaket vil falle saman med effekten av
eksisterande skiheisar i området. Rapporten vurderer moglegheiter for påverknad av villreinen sitt
leveområde. Det er forventa ei monaleg auke i besøkstalet på Hanguren. Hovudtyngda av ferdsel frå nye
besøkande vil kome kring tiltaksområdet utan å føre til uroing i nye delar av villreinområdet. Det vert likevel
peika på ei viss fare for uroing av rein på vinterbeite og auke i bruk av stinett som kan skape forstyrring der
det i dag er låg bruk utan konflikt med villrein. Tiltaket vil omdisponere noko areal i ytterkant av eit endefjell
frå villreinområde til aktivitesområde. Det aktuelle arealet har i dag mest ikkje bruk av villrein grunna
eksisterande ferdsel.
Forsideillustrasjon:
Villrein oppsøker ofte snøfonner om sommaren. Rein
frå Fjellheimen villreinområde. Foto: Geir Ove
Bøthun
Emneord:
Villrein
Naturinngrep
Ferdsel
Produsert av:
Siri Bøthun Naturforvaltning
Hovsgranden
6896 Fresvik
Tlf. 97514784
[email protected]
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side i
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side ii
Forord
Denne rapporten er utarbeidd på oppdrag for Voss
Resort AS, for å kaste lys over moglege konsekvensar for
villrein av ei utbygging av gondolbane til Hanguren på Voss.
Parallelt med rapportarbeidet har oppdragsgjevaren fått
utarbeidd ein reguleringsplan for gondolbane v. Asplan Viak i
Bergen.
Kontaktperson for oppdraget hjå Voss Resort har vore
Sigbjørn Slåtten. Det har og vore dialog med prosjektleiar Guro
Steine ved Asplan Viak. Takk for kommentarar og hjelp til
grunnlagskunnskap i høve både lokale tilhøve og i høve dei
aktuelle planane.
Takk til lokale informantar undervegs i arbeidet med å
få fram ei meir detaljert kartlegging av villreinen sin
områdebruk i det aktuelle området, og takk til Per Jordhøy for
gode diskusjonar ang. utfordringar i Fjellheimen
villreinområde, og om metodisk tilnærming i høve vurderingar
av konsekvensar av alpinområde og liknande tiltak på råka
villreinområde.
Siri Wølneberg Bøthun
Fresvik, 15.05.2014
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side iii
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side iv
Innhald
Forord ........................................................................................................................................................iii
Innhald ....................................................................................................................................................... v
1
Innleiing ........................................................................................................................................... 1
2
Tiltaksplanen .................................................................................................................................... 1
3
Metode ............................................................................................................................................. 2
3.1
Kunnskapsgrunnlag ................................................................................................................ 2
3.2
Avgrensing av influensområde ............................................................................................... 2
3.3
Vurdering av verdi- og konsekvensar ..................................................................................... 3
4
Om Fjellheimen villreinområde ........................................................................................................ 5
5
Villreinen sin bruk av det direkte influensområdet .......................................................................... 6
6
Aktivitetar og inngrep i og kring tiltaksområdet; dagens tilstand ................................................... 8
6.1
Aktivitetar i og nær planområdet ........................................................................................... 8
6.2
Generell belastning av inngrep i det direkte influensområdet .............................................. 9
6.3
Dagens tilhøve mellom rein og turbruk i det direkte influensområdet.................................. 9
7
Om villrein og ferdsel/forstyrringar ............................................................................................... 11
8
Vurderingar av konsekvensen av tiltaket ....................................................................................... 13
8.1
Generelle verkander ............................................................................................................. 13
8.2
Mogleg verknad på ulike funksjonsområde ......................................................................... 14
8.3
Formelle konsekvensar, konsekvensar for rettigheitshavarar i villreinområdet. ................. 15
8.4
Oppsummering ..................................................................................................................... 15
8.5
Avbøtande tiltak ................................................................................................................... 15
Kjelder ...................................................................................................................................................... 17
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side v
1 Innleiing
Denne rapporten er utarbeidd i samband med utarbeiding av reguleringsplan for gondolbane frå
jarnbanetomta i Voss sentrum og opp på den næraste fjelltoppen over sentrum; Hanguren. Opp til
Hanguren går det i dag skiheisar frå vintersportsstanden Bavallen. Det ligg og ein eksisterande
gondolbane i lisida til Hanguren, men toppunktet for banen eit godt stykke nedanfor toppen, og
banen har låg kapasitet. Det er difor ynskje om å erstatte han med ei ny, moderne gondol med stor
kapasitet, og som går heilt til topps.
Planen er vurdert som liten, og det er ikkje sett fram krav om full konsekvensutgreiing etter plan og
bygningslova . Det er likevel bede om faglege vurderingar av konsekvens innan einskilde tema, t.d.
for kulturmine, der ein ser at tiltaket vil kunne få konsekvensar. På same måte er det bede om
konsekvensvurderingar i høve naturmangfald, men då berre når det gjeld tema villrein. Kravet er sett
fram på bakgrunn av høyringsinnspel frå Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd (datert 15.05.2013),
som minte om at tiltaket ville ligge innanfor avgrensinga av Fjellheimen villreinområde. Nemnda
frykta og at tiltaket ville skape ny ferdsel som auka presset på villreinen sitt leveområde.
2 Tiltaksplanen
Det er planlagt ein gondol med botnstasjon ved jernbanestasjonen i Voss sentrum. Banen skal gå
direkte til toppstasjonen på Hangurstoppen, ca. 800 moh. Gondolen vil få ein kapasitet på 1500
personar per time ein veg, noko som vil gje 3000 personar per time ved full utnytting. Ved
toppstasjonen skal det byggjast ein restaurant med plass til ca. 550 personar (inklusive utandørs
servering). Gondoltypen som ynskjast nytta har ein linefart på opp mot 7 meter per sekund. Med
denne vil det ta ca. 5 minutt opp til Hangurstoppen.
Hangurstoppen skal verte det nye knutepunktet i Voss Resort sitt alpin-tilbod. I dette området vil den
nye Gondolbanen (1500 brukarar pr./time) møte dei eksisterande heisane frå Bavallen-sida; Den
moderne stolheisen Ekspressheisen (2000 brukarar pr./time) samt Tråstølsheisen (600 brukarar
pr./time), og Hangursheisen (1000-1500 brukarar pr./time). Toppstasjonen for stolheisen vil ligge
innanfor planområdet til toppstasjonen for gondolbanen.
Dagens gondolbane har ca. 12 000 gjester på sommarstid. Den nye bana er kalkulert å få mellom
70 000 og 100 000 gjester sommarstid. Vinterstid er det venta 25% auke i eksisterande trafikk i
skianlegget, dvs. 25 000 – 30 000 nye gjester i vinterhalvåret. Av sommargjestene er ca. 70 % truleg
gjester frå rundturar og cruice, dvs. gjester som berre vil nytte seg av nærområdet. Dei øvrige
gjestene vil vere ei blanding av passive (utsiktsnytarar) og aktive.
Det vert og planlagt å utvikle nærområdet til toppstasjonen med ulike tilretteleggingstiltak for
besøkande som turløype, utsiktspunkt, leike/aktivitetsplass, barneskitrekk/barneband etc. Aktuell
turløype som vert omtalt i planframlegget er ein ny tursti/-veg frå toppunktet (Hangurstoppen) og
fram mot Voss sentrum, Vangen (Sør-Vest). Denne turvegen vil verte nytta i den snøbare perioden
(dvs. juni – oktober). Denne vil supplere eksisterande stiar i lisida nedover frå Hangurstoppen. Det vil
ikkje verte nye bilvegar. På sikt ynskjer Voss Resort å utvide opplevingstilbodet på Hangurstoppen
både vinter og sommar med tilbod som leikeområde for born sommar og vinter, skitrekk (skiband)
for heilt uerfarne, integrert som ein del av leikeområdet, skitrekk for litt meir erfarne frå
«Amerikakrysset» og opp til Hangurstoppen, og ein enkelt tilrettelagt tursti rundt på platået.
Utsiktspunkt over Voss er og tenkt som ein del av dette.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 1
Målet med etableringa av ny gondol er å etablere eit nytt heilårleg opplevingstilbod og dessutan
vidareutvikle skiproduktet Voss vinterstid. Dette vert eit ledd i vidareutviklinga av Voss og indre
Hordaland som eit moderne reisemål sommar og vinter. Lokaliseringa av botnstasjonen er bevisst
vald. Kollektivknutepunktet Voss stasjon skal støtte opp om Voss som reiselivsdestinasjon med
etablering av nytt hotell og gondolbane. Det vert lagt opp til samordning mellom
jernbanestasjon, busstasjon, drosjehaldeplass, parkeringsanlegg og gondolbane, med
overgangar som er mest mogeleg saumlause mellom dei ulike transportmidla.
Planprogrammet held fram at heilårsdrift vil gjere Hanguren til ny innfallsport til organisert og
uorganisert friluftsliv og turar i fjellheimen heile året. Frå Hangurstoppen går det turstiar og turvegar
for kortare og lengre turar, samt løypenett og turstiar inn i Stølsheimen.
3 Metode
3.1 Kunnskapsgrunnlag
Kunnskapsnivået om Fjellheimen villreinområde vert vurdert som godt. Mykje arbeid er lagt ned i
arbeid med bestandsplan for villreinområdet (Nesheim 2009), der viktige funksjonar og trekkruter er
kartfesta i liten målestokk. Det er også gjort to fagutgreiinger av Norsk institutt for naturforsking
(Jordhøy og Strand, 2008 og Jordhøy, 2013). Desse rapportane har eit stort kjeldetilfang i høve
kartlegginga av villreinen sin områdebruk, der både kulturminner etter villreinfangst (bogestiller,
ledegjerder og dyregraver), data frå teljingar og røynslekunnskap frå ei rekke informantar er teke
med. I tillegg til dei skriftlege kjeldene inklusive data frå flyteljingar er det samla inn meir detaljert
røynslekunnskap i samband med denne rapporten gjennom både telefonsamtalar og møte med
lokalkjende fjell-folk.
Villreinen sin reaksjon på møte med menneske, reaksjonar på menneskelig ferdsel og respons på
tekniske inngrep som skapar ferdsel er dokumentert gjennom ei rekke forskingsprosjekt, noko som
kjem fram i faglitteratur frå ein periode på meir enn 30 år. Det er gjort nokre oppsummeringar av
slike studiar der ein kan hente inn referansar frå både nasjonal og internasjonal forsking.
3.2 Avgrensing av influensområde
I fastsetting av influensområde for eit inngrep sin påverknad på rein lyt ein ta utgangspunkt i
villreinen sitt leveområde. Bit- for bit-utbygging, som regel frå ytterkantane av villreinen sine
leveområde, er det største trugsmålet mot dei norske villreinstammene i dag (ViSa rapporten,
Andersen og Hustad, 2004). Kvart tiltak har på den måten ein influens på heile villreinområdet ved å
redusere verdien av ein liten bit av området. For villrein kan ofte marginale område som berre vert
nytta år om anna ha stor verdi nettopp i dei periodane dyra treng denne vesle biten. Eit godt døme
er perifere, men godt lavdekte fjellryggar dyra sjeldan går ut på. Her kan dei finne beite i vanskelege
vintrar med nedising av dei oftare nytta vinterbeitene. I slike år kan denne svært lite nytta fjellryggen
være forskjellen mellom overleving og svolting av ein stor del av stamma. Fjellheimen villreinområde
har fleire slike smale fjellryggar og endefjell. Desse er soleis viktige i det totale biletet. Av den grunn
er det vanskelig å nytte metodikk basert på vegvesenet si handbok 140 (Statens vegvesen 2006 ), slik
det er vanleg i vurdering av naturinngrep. Eit lite nytta område vil etter denne metodikken få låg
verdi, og inngrep her vil verte rekna å ha liten konsekvens, noko som jfr. diskusjonen over vil vere ein
alvorleg feil.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 2
Fjellheimen villreinområde vert her rekna som det overordna influensområde. Dei områda der dyr vil
kunne merke endringar av menneskeleg bruk grunna det aktuelle tiltaket vert rekna som det direkte
influensområdet. I høve gondolbane til Lønahorgi vil dette bestå av den delen av gjestene på bana
som reiser vidare innover på tur, enten på ski eller til fots. Då lyt ein rekne heile Volaområdet som
influensområde, då det er denne delen av villreinområdet som vil kunne få aukande besøk, noko som
kan påverke desse områda sin verdi som beiteområde, og dyra sin moglegheit til å trekke fritt internt
i denne halvøya samt mellom halvøya og resten av villreinområdet.
Det er kjent at villreinen generelt reduserer sin bruk av areal som ligg i nærleiken av hyttefelt og
mykje nytta infrastruktur. Avstanden av denne påverkinga varierar mykje, då den er bestemt av ei
rekke faktorar, som omfanget av sjølve inngrepet, topografi, dyretettleiken i villreinområdet, ulike
tolegrenser i ulike villreinstammer mm. (sjå t.d. Vistnes og Nellemann. 2008 og Reimers og Colman
2008). Som ein tommelfinger regel kan ein tenkje seg ulike forstyrringsnivå i soner hhv. 5 og 1 km.
unna. Dette er nytta m.a. av Panzacchi m.fl. (2012) i ei undersøking av effektar av menneskeleg
forstyrring i Noreg. Ein kan setje ei teoretisk avgrensing av område med høvesvis stor grad av
forstyrring grunna innstallasjonar som genererar menneskeleg ferdsle (og/eller genererar nye stier
og vegar) til 5 km unna tiltaket. Dette vil fange opp turgåarar som nytter Hanguren som
utgangspunkt for turar til Lønahorgi. Innanfor dette finn ein ei sone på kring 1 km frå tiltaket der ein
kan finne den største effekten. Dette vil fange opp hovudtyngda av aktiviteten knytt til tiltaket, dvs.
dei som reiser opp, er på platået og kanskje tek ein mindre spasertur, og reiser eller går/kjøyrer på
ski ned att. Desse sonene er illustrert i fig. 2.
På bakgrunn av diskusjonen over vert influensområdet i høve villrein rekna slik:
Overordna influensområde: Fjellheimen villreinområde
Direkte influensområde: Volaområdet inklusive ryggen Slettafjellet - Lønahorgi
3.3 Vurdering av verdi- og konsekvensar
I utgangspunktet har villreinområdet i seg sjølv ein verdi i høve ivaretaking av biologisk mangfald i
eigenskap av å vere leveområde for villrein. I tillegg til denne grunnleggande verdien er det berørte
området verdsett ut frå ei vurdering av kva for funksjon ulike delar av området har. Verdsetting av
ulike funksjonsområde og trekksoner finn delvis støtte i DN handbok 11, Viltkartlegging, men med
justeringar der det vert lagt tyngre vekt på heilskapen, slik at ein i større grad anerkjenner villreinen
sin nomadiske livsførsel. Det er peikt ut ulike avgrensa einingar av særleg verdi, og synt kva for
funksjon desse har. Her vil ein finne kartfesta beiteareal for vinter- og sommarbeite, kalvingsland og
viktige trekkvegar. Trekka bitt saman større areal, der nokre trekk syner dyra sin rørsle i
beitesesongen medan andre er typiske årstidstrekk, til og frå kalvingsland og ulike årstidsbeiter.
Nokre av trekkrutene er viktige for moglegheita for genetisk utveksling innanfor meir eller mindre
adskilde bestandar i villreinområdet. Desse kan og vere viktige for å få tilgang til andre delar av dei
samanhengande fjellområda slik at dyra kan utnytte beitepotensialet i heile villreinområdet.
Vurderingane av kva for konsekvensar tiltaket kan gje for villreinen bygger på prinsippa i ein nyleg
utarbeidd metodikk framsett av Norsk Institutt for Naturforsking (NINA), først presentert i Strand m.
fl. 2010, og vidare nytta i ei rekke fagrapportar utarbeidd som kunnskapsgrunnlag for regionale
planar i villreinområde, t.d. Nordfjella (Strand m.fl. 2011) og Snøhetta og Knutshø (Jordhøy m. fl.
2012, sjå også NINA temahefte 51; «Horisont Snøhetta» (Strand m.fl. 2013)). Rapportane presenterer
villreinområda med deira forvaltingsutfordringar knytt opp til særlege fokusområde. Metodikken er
og nytta i konsekvensvurdering (KU) av planframlegg til Regionalplan for Nordfjella villreinområde
(Gundersen et.al 2013). Grunnprisnippet bygger på utpeiking av område som er sårbare av ulike
grunnar, sokalla fokusområde. Vidare i KU-rapporten syner ein endringar i konfliktnivå i høve rein for
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 3
ulike tiltak i fokusområda. Desse rapportane har ein stor skala der ein har sett på heile
villreinområdet og trekt fram dei viktigaste konfliktområda i dette. Inneverande rapport har eit meir
lokalt fokus då den skal belyse eit einskild tiltak, men prinsippet med utpeiking av område av verdi
for rein der endringar i menneskeleg aktivitet kan endre dyra sin moglegheit til god ressursutnytting
er lagt til grunn for vurderingane av konsekvens. Effektane av desse er vidare freista sett i
samanheng med heile villreinområdet.
Etter NINA sin metodikk er konsekvensane av inngrep og forstyrringar definert slik (Gundersen m.fl.
2013):
A: Nasjonalt/ europeisk nivå. Kategorien gjeld for område der storskala, sesongvise trekkvegar har
stogga og medført store negative funksjonelle effektar på villreinbestanden, som er avskore frå
viktige beite- eller kalvingsområde. Brot i trekkveg vert definert dersom som mindre enn 10% av
opphavleg trekk har vore nytta dei siste 20 år. Fokusområde i kategori A har som oftast nasjonale
interesser knytt til infrastruktur og ressursutnytting, og tiltaka for å gjenopprette trekkvegen vil
krevje store bruksendringar og fysiske endringar i lokaliteten.
B: Regionalt nivå. Menneskeleg aktivitet har ført til store avgrensing av arealbruk og trekk innanfor
villreinområdet. Dette gjeld område der viktige trekkvegar er brote eller er sterkt redusert / endra,
og som gjev store negative effektar på areal- og ressursutnytting i villreinområdet. Dette gjeld og
arealunnviking av område som utgjer meir enn 10% av villreinområdet sine beiteressursar, og som
ikkje har vore nytta dei siste 20 år. Fokusområde i kategori B har regionale interessar knytt til
infrastruktur og ressursutnytting, og tiltaka for å få tilbake trekkvegen vil ofte krevje både
bruksendringar og fysiske endringar i lokaliteten.
C: Lokalt nivå. Menneskeleg aktivitet som medfører redusert beitetid og arealunnviking i delar av
villreinområdet eller til nokre tidar av året, og som gjer at villreinen ikkje får utnytta ressursane i
villreinområdet optimalt. Dette gjeld ofte dagens nøkkelområde for villreinens trekk og
ressursutnytting, der bruksintensoiteten er på eit slikt nivå at den forstyrrar villreinen tilfeldig eller
systemantis utan å føre til full arealuinnviking eller brot på trekkveg. Fokusområde i kateghori C har
lokale intresser knytt til bruk og ressursutnytting, og tiltaka for å betre situasjonen for villreinen er
knyt ttil informasjon, sti- og løypeplanar og mindre fysiske endringar i lokaliteten.
I Fjellheimen villreinområde vil fleire av trekksonene over Vikafjellsvegen kome i kategori B og dels i
A. Auke i bruken av dei stiane som kjem inn i viktige beiteområde eller som kryssar sentrale
trekkruter og trekk som går i naturlege flaskehalsar vil kunne føre desse traseane inn i kategori B. Dei
fleste av konfliktane som ligg i desse traseane i dag ligg truleg på nivå C, dvs. at dyra får redusert
beitetid, og unngår område der dei vil kunne finne godt beite til fordel for alternative område med
mindre forstyrring.
Villrein har ulike tersklar i høve til nivået av forstyrring, dette er framstilt i figur 5. I vurderinga av
konsekvensane av eit tiltak lyt ein ta omsyn til dette, - auke i konfliktnivå vil skje der ein ny terskel for
forstyrring vert passert.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 4
4 Om Fjellheimen villreinområde
Fjellheimen villreinområde er eit av dei vestlegaste villreinområda i Noreg. Villreinområdet har ei
dyrestamme på +/- 500 dyr. Det er 1436 km2 stort og ligg med areal i kommunane Vik, Aurland og
Høyanger i Sogn og Fjordane fylke og kommunane Voss, Vaksdal og Modalen i Hordaland fylke.
Villreinområdet har rikeleg med sommarbeite, både i mengd og kvalitet (Jordhøy, 2013 og Jordhøy og
Strand, 2008). Minimumsfaktoren er tilgongen på vinterbeite, noko som er vanleg for villreinområde
som ligg langt vest, og også for vestelge delar av meir sentralt liggande villreinområde. Mykje av
tilgjengeleg vinterbeite er slitt. Villreinområdet er utførleg skildra i Jordhøy og Strand (2008).
Fjellområdet til reinen i Fjellheimen har ein svært variert topografi. Skarpe daler skjer seg inn frå
låglandet og delar opp området i ei rekke større og mindre «halvøyer». Mellom fleire nabodaler ligg
gjerne smale fjellrygger slik at det vert danna ei rekke «endefjell». Passasjene mellom dei meir eller
mindre veldefinerte halvøyene er særleg viktige i høve trekk. Dei er med på å bestemme kor stor
moglegheit reinen har til å nytte seg av alt tilgjengeleg beite.
Vikafjellsvegen (Rv13) går mellom Myrkdalen i Voss kommune og Bødalen i Vik kommune. Vegen er
ein sterk trekkbarriere både vinter og sommar. Det er mykje hytter og mykje ferdsel i samband med
friluftsliv med utgangspunkt i vegen. Om vinteren vert barriera og meir fysisk, ved høge brøytekantar
mest heile vegen. Dette gjer sitt til å dele villreinområdet i to. I området aust for vegen, inkl. ein del
vinterbeite dyra kan kome til på vestsida, held det seg kring 400 dyr. I sørvestre delar av
villreinområdet held det seg kring 100 dyr.
Figur 1 Oversiktskart over Fjellheimen villreinområde med dei viktigaste inngrepa (utanom hytter) innteikna.
Den sørvestlege delen av villreinstamma held seg ofte på den store «halvøya» som er danna ved
innsnevringa av fjellområdet mellom Gullbrå inst i Eksingedalen og Skjervheim i Myrkdalen. Det later
til å vere ein flaskehals ved Torvedalen i høve trekk sjølv om her ikkje er fysiske barrierar. Denne
halvøya vert kalla Vola-området som eit samleomgrep, og dyra vert gjerne kalla «Volaflokken». Ein
har og ei lita gruppe med dyr heilt vest i dette området som har liten utveksling med resten av
villreinområdet. Naturlege terrengformasjonar gjer at det er få trekkruter mellom denne sørvestlege
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 5
ytterkanten kalla Kringsdalsområdet, og Volaområdet. Ein bilveg mellom Eksingedalen og Teigdalen
forsterkar trekkbarrieren vesentleg.
5 Villreinen sin bruk av det direkte influensområdet
Generell skildring
Planområdet ligg i sørspissen av eit endefjell i sør-austre ytterkant av villreinområdet. Dette vert ein
del av det sokalla «Volaområdet». Endefjellet er danna av ein fjellrygg som er frå 1,5 – 2 km brei.
Slike fjellryggar kan ofte ha gode vinterbeiter for rein, og truleg har også denne ryggen vore nytta på
lik linje med andre fjellryggar lengre nord og vest. I dag vert området nær planområdet lite nytta. Ein
har nokre få observasjonar av rein vinterstid i den vestvende fjellsida av Slettafjellet og Vådalseggi.
Desse observasjonane vert gjort berre år om anna, og dyra held seg i området i ein til nokre få dagar.
Truleg er graden av forstyrring for høg til at rein finn ro her, då ein finn skiheisar like over
«bakkekammen», dvs. i denne fjellryggen si austvende side.
Fjellområda vidare nordover og nord-vestover (dvs. Vola-området) lyt reknast som kjerneområdet til
den delen av villreinstamma som held seg i vest. Her finn reinen både sommar og vinterbeite, og det
mest nytta kalvingslandet i vest ligg også her. Overordna kartleggingar av villreines områdebruk gjort
av Nesheim (2005), Jordhøy (2008 og 2013), der Jordhøy m.a. har nytta Nesheim sine tidlegare
kartleggingar og observasjonar fram til 2012 som viktig kjelde, syner at heile Volaområdet er eit
svært viktig område.
Mest heile område vert nytta til både sommarbeite (ikkje inntekna i fig. 2, heile Volaområdet reknast
som aktuelt) og vinterbeite (gråblå skravur i fig. 2). Eit større kalvingsland ligg også her, ved
Harkafjellet med kringliggande fjellparti (lilla skravur i fig. 2). Det er vanskeleg å avgrense
sommarbeite konkret, då reinen nytter seg av heile området om sommaren. I varme periodar vert
fonner og breer viktige, slik dyra finn på Volafjellet, i Horgadalen og ved Store Brekkuna.
Naturbase (miljødirektoratet) har og innlagte einskildlokalitetar med registrerte beiteområde (t.d.
Skreieggi) og kalvingsområde (lys grå skravur, ikkje skild på årstidsbruk). Primærkjelde for desse
registreringane er ikkje opplyste. Nokre av lokalitetane frå Naturbase er truleg høvesvis gamle
observasjonar, som ikkje er fanga opp av registreringar frå 2000-talet. Det er viktig å merke seg
villreinen sin sykliske bruk av ulike område, syklusar som går over 20 til 30 år. Kunnskapen om
tidlegare områdebruk er viktig å ta vare på av di reinen kan kome attende for å nytte seg av desse
areala når dei går inn i sin neste syklus i bruk av beiteområde.
Avgrensing av viktige vinterbeiter
Om vinteren er fjellryggar og vindblåste fjellsider utan for mykje snø det viktigaste habitatet. Dette
ser ein att i lokalkjende sin skildring av villreinens terrengbruk i vinterhalvåret, og det gjenspeglar seg
også i lokalitetane der rein er observert under dei årlege vinterteljingane, som vert gjort frå fly i
februar/mars. Skreieggi som ligg nordaust for Volavatnet peikar seg ut både som ein plass reinen
nytta for 20 – 30 år sidan og ein plass det ofte er funne flokkar under dagens flyteljingar. Også nær
Lønahorgi og Horgadalen er det gjort funn av mindre flokkar under flyteljing. Elles peikar lokalkjende
ut ei rekke fjellparti reinen ofte nyttar seg av om vinteren. Viktigast i tillegg til Skreieggi og fjellsidene
av denne i alle retningar, er:
 området Lønahorgi – Store Brekkuna – Tvinnekleivane, frå toppane og nedover dei aust- og
nordvende fjellsidene.
 Fjellryggen mellom Volafjellet og Horn, heilt ned til skoggrensa.
 Området Åburdahorgi – Styveshorgi, avgrensa mot aust av skrentene under Reinsbjørgi
Ein mindre fjellrygg kalla Tvarafjellet og Valken vert og noko nytta.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 6
Figur 2 Registrerte funksjonsområde for villrein. Mrk. Sommarbeite er ikkje avgrensa då reinen nyttar mest heile
området om sommaren. Planområdet og soner på 1 km. og 5 km frå dette er illustrert med svarte linjer.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 7
6 Aktivitetar og inngrep i og kring tiltaksområdet; dagens tilstand
6.1 Aktivitetar i og nær planområdet
Planområdet ligg i eit område med stor aktivitet. Hanguren er toppunktet for 3 skiheisar, herunder
ein stolheis. Heisane har til saman ein kapasitet på 3 600 – 4 100 personar pr. time. Elles i
nærområdet (nordover) finn ein yttelegare 2 skiheisar som tek skituristar endå høgare i terrenget. Alt
er ein del av skianlegget i alpinsportsenteret Bavallen. I Bavallen er det og ei rekke hytter og
leilighetskompleks i lisida. Det går ein eldre gondolbane frå Vossevangen og opp til
Hangursrestauranten som ligg i den sørvende lisida under Hanguren, på kring 660 moh. Heile
Bavallsanlegget har til saman 11 ulike heisar med ein samla kapasitet på 12 000 personar i timen.
Figur 3 Løypekart over Bavallen i dag.
Det går ein sommarveg opp frå Bavallen og opp på fjellet. Denne ender 1095 moh, på Vådalseggi. Dei
øvre delane av denne vegen er farbar med bil frå juni månad, varierande frå år til år. Langs vegen ligg
hytter og fleire stølar som i dag vert nytta til fritidsbruk. Vegen er stengd med to bommar. Den
nedste ligg nede ved hovudparkeringa i Bavallen. Hytteeigarar til hytter ovanfor bommen,
grunneigarar og andre brukarar som t.d. idrettslaget har nøkkel til denne, i alt i overkant av 400
brukarar. Den øvste bommen ligg ved Tråstølen, dvs. ca. 500 moh. Her er det anslagsvis 20 – 30
brukarar med tilgang på nøkkel, dette er dei ansvarlege for drifta av heisanlegget frå Voss Resort
Fjellheisar, tilsynspersonar med masta på Lønahorgi frå Norkring samt grunneigarar.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 8
I tillegg til brukarar knytt til hytter og stølar er Bavallen eit fint nær-turområde for fastbuande.
Hangursplatået er og utgangspunkt for hanggliding.
6.2 Generell belastning av inngrep i det direkte influensområdet
Fjellheimen villreinområde har mange kraftmagasin. Også dei vestlege områda (Stølsheimen) har stor
grad av utbygging. Kraftmagasin kan, ved både neddemming og annan infrastruktur (vegar, kraftliner,
ferdsel ut frå vegane), blokkere trekkvegar eller skape barrierar som forseinkar eller hindar trekk.
Dette gjer at trekkruter som står att der dyra kan kome forbi vert svært viktige å halde uforstyrra.
Ved ein del høve skapar oppdemte vatn lesonar som vert mindre nytta av rein av di den naturlege
ruta hit er opphøyrd. I Volaområdet gjer Stora Volavatnet og Piksvatnet sitt til å smalne den sona
reinen finner fri veg på trekk mellom nord og sør i området. Elles ligg den tyngste belastninga frå
kraftutbygging lengre nord i Stølsheimen (t.d. i Eksingedalsvassdraget).
Sjølve Volaområdet har elles få tekniske inngrep. Her er lite hytter, og berre eit fåtal av fjellstølane
har vegtilkomst. Totalt sett er det eit område med lite uroing. Innanfor (inkl. i ytterkanten av-)
Volaområdet ligg tre DNT hytter, der ein finn merkte turruter om sommaren. Desse er nærare omtalt
under.
Hytteområdet som er under utbygging i Myrkdalen gjev ei generell auke av belastning frå
menneskeleg ferdsel i villreinområdet. Dette er i liten grad merkbart sørover i Volaområdet, då det
ligg høvesvis langt unna, men ruta inn til Torvedalshytta har moglegheit til å verte påverka av dette,
noko som vert kommentert nedanfor.
6.3 Dagens tilhøve mellom rein og turbruk i det direkte influensområdet
Nærområdet
I nærområdet til Hanguren er menneskelig aktivitet så høg om vinteren at arealet er uegna som
beiteområde for villrein. Dette vil gjelde i allefall frå og med toppane på fjellryggen (Slettafjellet og
Horgaletten) og austover, fom. toppen av Horgaletten. Vidare er området sterkt berørt av ferdsel
opp tom toppen av Lønahorgi. Om sommaren er presset på arealet mindre, men også då er det i
høve til villrein stor aktivitet. Om sommaren kan ein likevel ikkje peike på vesentleg konflikt då
området ikkje er kjend aktuelt sommarbeite.
Område for lengre turar og ikkje-tilrettelagte aktivitetar
Om sommaren er langt det meste av menneskeleg aktivitet i Volaområdet knytt til DNT sitt stinett.
Knytt opp til Bavallen og Hanguren vil dette gjelde stien nordover til Tvinnestølen og Volahytta. Anna
turgåing frå toppen av skiheisene går føre seg i nærområdet til skiheisane, i lisida nedover og elles i
fjellområdet nordaustover. Vanlege turmål er Langahorgi (hit går det sommarveg) og Lønahorgi.
Desse turane går med det føre seg i område utan bruk av villrein sommarstid, og påverkar soleis
ikkje villreinen eller verdiar i villreinområdet.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 9
Figur 4 Oversiktskart over merka turruter og hytter i Volaområdet. Kjelde: www.UT.no
Tvinnestølen har 20 – 28 dagsbesøk (tal frå 2011 – 2013) og varierande frå 73 – 180 overnattingar
(tal frå perioden 2005 – 2013) pr. år. Volahytta har 24 - 80 dagsbesøk (tal frå 2011 – 2013) og
varierande frå 198 – 476 overnattingar (tal frå perioden 2005 – 2013) pr. år (kjelde: Voss Utferdslag,
DNT). Dette er høvesvis låge tal med tanke på antall turgåarar pr. dag. Det er ikkje uvanleg at
fotturistar møter villrein undervegs, gjerne er det dyr som held seg nær breane/fonnene frå
Hogadalen til Storebrekkuna, noko ein kan lese i hyttebøkene. Denne aktiviteten ligg i dag på eit nivå
som er tolerert av reinen. Dvs. at forstyrringane ikkje skjer oftare enn at reinen framleis held seg i
området, og ikkje vert hindra i å krysse turstien (jfr. lokalkjende).
Mogleg har besøk på Torvedalshytta større verknad på rein. Stiene inn- og ut frå Torvedalshytta går
på tvers av ein terrengskapt flaskehals for villreinen, og denne hytta er monaleg meir vitja (37 - 134
dagsbesøk (tal frå 2011 – 2013) og 405 – 615 overnattingar pr. år (tal frå 2005 – 2013). Stien kan
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 10
dermed vere med på å redusere trekket forbi denne innsnevringa av fjellområdet og soleis kontakten
mellom dyr i Volaområdet og øvrige dyr i villreinområdet (med hovudtilhald i Vikafjellsområdet). Det
er ikkje gjort undersøkingar av ferdsla ved desse stiane eller nøyaktige kartleggingar av reinen sin
rørsle i nærområda til Torvedalen og stinettet hit. Det er mest uråd å knytte dagens besøkstal på
Torvedalshytta opp til utgangspunktet Bavallen og Hanguren utan brukarundersøkingar. Truleg vert
bruken av denne hytta i langt større grad påverka av auke i tal turgåarar med utgangspunkt i den nye
hyttebyen i Myrkdalen. Evt. endringar i dette området er difor ikkje inkludert i vurderingane av
konsekvens vidare sjølv om problemstillinga kunne vere interessant.
Vinterbesøka på Tvinnestølen og Volahytta er låge. Det ligg ikkje føre analysar av besøkstala som
syner dette, men det er ei generell oppfatning mellom alle lokalkjende frå både villreinmiljø,
kommuneforvalting, turlag og andre. Sommartraseen frå Bavallen og innover mot hyttene er
vanskelege om vinteren og stadvis svært rasfarleg. Evt. turar innover lyt fylgje andre trasear. Det finst
ikkje kvista løyper frå Bavallsområdet lengre enn til Lønahorgi.
Den mest vanlege aktiviteten frå skiløparar, utover aktivitetar i nærområda til heisene, er topptur til
Lønahorgi, tur/retur. Elles er det eit aukande tal frikjøyrarar som dels nytter fjellsida austover,
utanfor oppkjørte trasear men og fjellsidene vestover mot Dyrvedalen vert nytta i aukande grad.
Dette vil forstyrre rein dersom dei har kome inn i beitene på vestsida av Slettafjellet (sjeldsynt
førekommande). Det er og ein del turgåarar som går til Lønahorgi og så kjører ned på nordsida og
austsida av fjellet. Desse kan møte på villreinflokkar på vinterbeite i området mellom Lønahorgi og
Tvinnekleivane. Det ligg ikkje føre noko berekna antall av denne type turgåarar og frikøyrarar, men
aktiviteten ligg på eit nivå som ikkje vert oppfatta som nokon stor konflikt i høve villrein på
vinterbeite (ref. lokalkjende, Voss kommune og SNO Aurland).
Det mest nytta kalvingsområdet, dvs. Harkafjellet med kringliggande fjellparti, ligg svert skjerma i
høve turaktivitet. Umerkte turstiar går austom og vestom kalvingslandet, men desse er ikkje
egnelege trasear for skiturar, og dei er neppe farbare før den mest sårbare perioden til simlene er
over. Frå Harkafjellet går trekkrutene både nordover og vestover.
7 Om villrein og ferdsel/forstyrringar
Villrein held seg unna område med mykje tekniske inngrep, særleg typar av inngrep som vert nytta
aktivt av menneske. Fleire forfattarar har synt direkte samanhengar som peikar på at reinen
reduserer bruken av areal nær infrastruktur og menneskelig ferdsel (sjå t.d. Nellemann m.fl. 2000 og
Nellemann m.fl. 2001, Vistnes m.fl. 2004 og Vistnes and Nellemann 2008). Ferdsla kan ved mange
høve vere i form av utøving av friluftsliv, og ein ser og unnviking av soner kring tilretteleggingstiltak
som alpinanlegg og område med preparerte skiløyper.
Det er gjennomført ei lang rekke forskingsprosjekt med fokus på tema villrein og menneskeleg
ferdsel. Ein har forska på både fysiologiske reaksjonar i einskildindivid, påverknad på villreinflokkar
sin åtferd og endringar i områdebruk. Denne kunnskapen er oppsummert m.a. i NINA rapport 551
(Strand et al. 2010). Generelt kan ein sei at villrein er sky ovanfor menneske, og møter utløyser ein
fryktreaksjon hjå dyra. Avhengig av mange faktorar fører dette ofte til flukt. Beiteområde nær
inngrep som hyttefelt og ulik infrastruktur (vegar, stiar, løyper) vert utnytta mindre enn tilsvarande
beite i urørte område. Ein har funne ulike anslag for kor lang avstand (i tal kilometer) til hyttefelt og
til infrastruktur som vegar, stiar og kraftliner ein kan sjå redusert beitebruk av rein, avhengig av type
inngrep, villreinstamma sitt genetiske opphav og ulike økologiske faktorar (Vistnes og Nellemann
2008).
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 11
Nyare forsking, som vert presentert m.a. i NINA rapport 551, hevar fokuset opp på økosystemnivå
der ein freistar å finne forklaringsmodellar for villreinstamma sine preferansar i høve ulike
funksjonsområde. I desse modellane er menneskeleg ferdsel ein faktor som gjev store utslag på
preferansen. Sjølv om resultata kan variere, er det ingen tvil om at regelmessig bruk av menneske vil
føre til redusert bruk av rein.
Terskelnivå på forstyrring
Ein kan skilje mellom ulike gradar og typar av forstyrring med ulik verknad. Mindre, tilfeldige
forstyrringar, t.d. eit møte med ein turgåar fører til reaksjon der og då, men dyra tek opp att same
aktivitet kort tid etter forstyrringa. Sterkare forstyrringar, t.d. der dyra får lukta av menneske saman
med synsinntrykket kan føre til flukt over større avstandar. Gjentakande forstyrringar kan føre til
unnviking av det aktuelle området. Langs vegar og stier kan effekten av forstyrringar forseinke trekk,
ved at dyra vegrar seg mot kryssing ei stund før dei likevel fortsett trekket. Ein del stader kan
trafikken vere så jamn at trekket vert blokkert.
Figur 5: Terskelnivå for respons på forstyrring. Figur henta frå NINA Rapport 551 (Strand et al 2010).
Høgre kolonne syner moglege avbøtande tiltak. Konsekvensar i kategori A ligg over toleransegrensa
for funksjonell betydning for bestanden. Konsekvensar i kategori B ligg over tolegrensa for endra
åtferd for bestanden. Her får ein redusert storskala arealutnytting. Konsekvensar i kategori C ligg på
høgd med linja for systematiske forstyrringar og fører til redusert beitetid og dårlegare småskala
arealutnytting.
I rapporten «Horisont Snøhetta» er resultat frå ferdselsteljingar langs turstiar kombinert med gpsdata presentert (Strand m.fl. 2013). Her vert det synt at vi får en gradering av stien sin barriereeffekt
som fylgje av ferdselsintensiteten på stien. Reinen endrar åtferd allereie frå 10 passeringer pr. dag,
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 12
men ein reduksjon av kryssingar ser en ikkje før stien har ca. 30 passeringer pr. dag. Turvegar og stiar
med meir enn 220 passeringar pr. dag utgjer ein fullstendig blokkering av villreintrekket. Dette syner
at det er stor forskjell på den effekten ein tursti kan ha på villreintrekk. Desse undersøkingane er
gjort om sommaren.
Prinsippet i høve ulike terskelnivå av stiar og løyper er høgst truleg overførbart til vinter. Fleire
norske undersøkingar er og gjort i vinterhalvåret. Ein lyt ha i mente at dyra er meir sårbare for uroing
i vinterhalvåret då dyra på denne årstida tærer på reserver. På denne delen av året er det ein viktig
strategi for dyra å spare energi. Dersom tilgangen på gode vinterbeiter også er liten gjer dette
reinstamma endå meir sårbar i vinterhalvåret. Om ein ser på rørslene til rein i høve til årstid ser ein
at dyra held seg mykje rolegare i vinterhalvåret, der dei utnytter eit mindre område, med små rørsler
ila dagen og frå dag til dag. Rørsle over større avstandar skjer når dyra skiftar beiteområde og dersom
dei evt. vert skremde.
8 Vurderingar av konsekvensen av tiltaket
8.1 Generelle verkander
Samvirkande effekt
Ved vurdering av konsekvensen av einskildtiltak er det viktig å sjå på heilskapen av belastning pr. i
dag. Dagens nivå på forstyrringar er vesentleg for utslaget nye tiltak vil få på rein. Ein bør og sjå på
den generelle utviklinga, - kva kan ein forvente av endringar som dette tiltaket vil kome saman med,
og kanskje forsterke? Dagens aktivitetsnivå er gjort greie for ovanfor. Viktige element i høve
utviklinga av området er ny tilrettelegging og marknadsføring av området som tur-område sommar
og vinter. Det er nyleg lansert ei fotturrute (sommar) frå Voss og nordover, via Stølsheimen, over
Vikafjellet og ned til Vik. Denne vil kome i tillegg til trafikk med utgangspunkt i den nye, og voksande
hyttelandsbyen i Myrkdalen. I høve vinteraktivitet vert det generert mykje ny ferdsel frå Myrkdalen.
Her finst startpunkt for fine «friturar» innover fjellet på ski både frå heisanlegga og frå
Vikafjellsvegen. DNT har nyleg marknadsført turen «frå bakke til bakke», der det vert tipsa om den
flotte turen over fjellet mellom Myrkdalen og Bavallen. Dette er ein langtur for øva fjellskiløparar og
førebels eit «nisjeprodukt», men med aukande popularitet kan ein vente auka aktivitet i område som
til no har vore mest utan menneskeleg ferdsel om vinteren.
Nærområdet til gondolbana
Den konkrete tilrettelegginga som vil fylgje gondolprosjektet vil skje på platået kring sjølve
Hangurstoppen og i lisida nedover herfrå. Dette gjer at hovudtyngda av barnefamiliar og også
størstedelen av dei aktive gjestene vil halde seg innanfor område som ikkje er nytta av rein.
Fjellområda nord for planområdet
Den delen av gjestene i gondolbana som vil gå innover i fjellet, og dermed også inn i villreinområdet
er dei typiske fotturistane, samt fjellskiløparen og fri-køyraren.
Fotturismen om sommaren vil truleg auke i område då starten på turen innover til Tvinnestølen og
Volahytta vert monaleg lettare, og det vert mogleg å kombinere gondol-opplevinga av flott natur
med fottur innover i fjellet. Dette er også nytta som eit argument til fordel for gondolbane i
planprogrammet. Det er svært vanskeleg å gjere anslag over kor stor auka vil verte. Berre ein liten del
av dei besøkande vil velje å gå langtur innover. Med det beskjeden nivået desse turane har i dag kan
ein likevel vente ein prosentvis monaleg auke.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 13
Om vinteren har ein allereie ein moglegheit for ein enkel start på skituren, ved å ta stolheisen opp på
fjellet. Auka som ein kan seie skuldast gondolbanen vil difor verte avgrensa til dei som ynskjer å
kombinere gondoloppleving med skitur, og som elles ikkje hadde reist med stolheisen uansett.
Attraksjonsverdien i gondolen skal ikkje undervurderast, sjølv om andelen av gondolgjestar som
reiser på langtur også om vinteren vil vere liten.
Svært mykje av dette er det uråd å berekne omfanget av. Ein lyt likevel være bevisst på at ein kan få
ei utvikling der fjellturar med lite eller ingen tilrettelegging vert meir populært. Gondolbanen vil då
verte ein sterk attraksjon som er med på å forsterke denne type turar og som vil vere medverkande
til at denne type turgåarar vel å starte nettopp på Voss.
8.2 Mogleg verknad på ulike funksjonsområde
Ein kan peike ut nokre konkret beiteområde som kan tenkast å verte påverka av tiltaket (sjå under).
Mellom desse vil eit område være vesentleg for heile villreinområde og truleg verte ein del av
utpeiking av viktige fokusområde i forvaltinga av Fjellheimen villreinområde. Dei øvrige har meir lokal
karakter men vil ha betydning for om villreinen kan få best mogleg utbytte av beiteområda i
Volaområdet. Om vinteren vil auka stress kunne gje ein ekstra belastning på dyra.
Vinterbeite nær skiheisane
Grunnverdi: vinterbeite på fjellrygg
Dagens tilstand: redusert verdi grunna høgt menneskeleg aktivitetsnivå
Forventa konsekvens av planen: Lite endring, men frå sporadisk til ingen bruk
Sommarbeite og utnytting av snøfonnene ved Horgadalen og Strebrekkuna
Grunnverdi: Viktig sommerbeite, trekkruter viktige for utnyting av sommerbeite i kombinasjon med
tilgang på snøfonner
Dagens tilstand: forstyrring på lågt nivå, ikkje uttalt konflikt
Forventa konsekvens av planen: Fare for endring til forstyrring på minst lokalt nivå, med redusert
beitetid og vanskar med å nytte den gode kombinasjonen av godt beite i nærleiken av snøfonner.
Vinterbeite frå Lønahorgi
Grunnverdi: Viktig vinterbeite for delbestand i villreinområde
Dagens tilstand: ingen til liten forstyrring, ikkje uttalt konflikt
Forventa konsekvens av planen: Fare for auka forstyrring på lokalt nivå, m.a. avkorting i den
tidsperioden dyra nytter området til vinterbeite.
Vinterbeite Skreieggi
Grunnverdi: Viktig vinterbeite for delbestand i villreinområde
Dagens tilstand: ingen forstyrring
Forventa konsekvens av planen: Truleg ingen endring, men fare for forstyrring ved aukande bruk av
turen «frå bakke til bakke».
Trekkområde i Torvedalen
Viktig trekkområde for kontakt mellom delbestandane i villreinområdet (genetisk utveksling) og
moglegheit for full ressursutnytting av villreinområdet, naturleg flaskehals
Dagens tilstand: DNT hytte med merka sti på tvers av trekket utgjer ein mogleg forsterking av
flaskehalsen
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 14
Forventa konsekvens av planen: Truleg ingen endring som direkte konsekvens. Fare for forstyrring
ved aukande bruk av turen «frå bakke til bakke». Også generell auke grunna andre tilhøve, m.a.
aukande mengd fritidshytter i Myrkdalen.
8.3 Formelle konsekvensar, konsekvensar for rettigheitshavarar i villreinområdet.
I nærområda til gondolen vil areal nærare enn 1 km. unna tiltaket truleg verte reka som ute av bruk
for villrein. I praksis er dette allereie eit faktum, men endringa av Hanguren sin planstatus frå LNFområde til regulert område vil endre formalitetane kring arealet, noko som tvingar fram ei vurdering
av kva som kan forsvarast å inkludere i teljande areal for tildeling av jaktkvote.
2,78 km2 vil verte eit minimum av areal som då vil falle ut av den administrative grensa for
villreinområdet (dvs. areal som ligg opp til 1 km. unna tiltaket samt noko areal som arronderar til
dette og ikkje vil verte ein naturleg del av villreinområdet).
8.4 Oppsummering
Oppsummert vil tiltaket truleg få ein konsekvens for Fjellheimen villreinområde på to måter:
1. Noko arealtap (minst 2,78 km2)
2. Ei truleg auke frå låg til ingen grad av forstyrring til låg opp mot middels grad av forstyrring
av sommar- og vinterbeite i Volaområdet, med fare for redusert bruk av austlege delar av
området. Konfliktane vil ligge på lokalt nivå, dvs. at villreinen kan verte uroa slik at dei får
redusert beitetid, og om vinteren kan nokre av plassane for vinterbeite verte forstyrra nok til
at reinen vil unngå dei så sant dei har andre alternativ.
Tiltaket vil også vere ein del av det totale biletet der ein får ei utvikling mot meir bruk av Stølsheimen
inkl. Volaområdet og ikkje minst området rundt Torvedalen. Denne utviklinga kan føre til ei konflikt
på regionalt nivå i høve trekkpassasjen nord-sør. Med det reduserast moglegheita for utveksling av
dyr aust-vest samt utnytting av store delar av beitepotensialet i villreinområdet.
8.5 Avbøtande tiltak
Avbøtande tiltak i høve det planlagde tiltaket vil først og fremst vere tilrettelegging som styrar ferdsla
utanom villreinområdet. Korleis tilbodet vert marknadsført vil og vere med å bestemme kor stor
ferdsel det vil generere utanom det direkte nærområdet til bana.
Planlagde tiltak som vil verke avbøtande
Det vil verte opparbeidd eit aktivitetsområde inklusive utkikkspunkt kring toppunktet på Hanguren.
Dette vil høve godt som plass for rusletur for besøkande som tek bana både opp og ned att, og kan
bidra til at besøkande held seg i nærområdet og i mindre grad tek turen innover i terrenget.
Det vert planlagd å legge til rette for kortare turar på sørleg side av tiltaktet, mot Voss sentrum. Det
vil verte opparbeidd tursti som knyter saman toppunktet med eksisterande godt opparbeidde
turvegar i lisida sør- og vest for Hanguren. Nokre av turrutene går rett ned lia mot Hagahaugen og
Mølstertunet. Andre går vestover mot Raugstad og Heggjavad. Noko av målet med denne
tilrettelegginga er å knyte bygdebyen Voss til gondolbanen. Dette vil kanalisere turgåarar bort frå
villreinområdet.
Utover dette tiltaket vil det vera DNT og Voss kommune som held vedlike og utviklar og tilrettelegg
nye stiar og turvegar i området.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 15
Om markandsføring og informasjonstiltak
Hovudmålet i marknadsføringa av banen vil vere er å få folk til å ta banen både opp og ned.
Det vert frårådd å legge tung vekt på marknadsføring inn mot fjellturisme. Nisjeprodukt basert på ei
veksande interesse for friluftsopplevingar, inklusive for ekstremsport bør utviklast utanom villreines
leveområde.
Det vert tilrådd å gå aktivt ut med informasjon om villrein og sårbarheita denne har.
Informasjonsoppslag om dyrelivet i fjellområda innover kan vere positive tiltak som aukar opplevinga
for besøkande. Ein bør og setje opp informasjon om villrein ved startpunktet til merkt DNT sti, med
oppmoding til å halde avstand og unngå å følgje etter dyra for t.d. fotografering.
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 16
Kjelder
Andersen, R. og Hustad, H. (red) 2004. Villrein og samfunn. En veileder til bevaring og bruk av
Europas siste villreinfjell. NINA temahefte 27, 77s.
Direktoratet for naturforvaltning 2000. Viltkartlegging DN-håndbok 11.
Jordhøy og Strand, 2008. Villrein i Fjellheimen. Status og sårbare habitat. NINA rapport 411. 50s.
Jordhøy, P. 2013. Vikafjellet i Fjellheimen. Villrein i høve til nye utbyggingsplanar. – NINA Rapport
920. 44 s. + Vedlegg.
Nellemann., C. Jordhøy, P, Støen. O. G og Strand, O. 200. Cumulative impacts of tourist resorts om
wild reindeer (Rangifer taranus tarndus) during Winter. Arctic 53(1): 9-17.
Nellemann, C, Vistnes, I. og Jordhøy, P. 2001. Winter distribution of wild reindeer in relation to
powerlines, roads and resorts. Biol. Conserv. 101(3): 351-360.
Nesheim 2005. Bestandsplan for Fjellheimen villreinområde. Fjellheimen villreinutval.
Nesheim 2009. Bestandsplan for Fjellheimen villreinområde. 2009 – 2013. Framlegg. Fjellheimen
villreinutval.
Nordfjella og Fjellheimen villreinnemnd; diverse teljerapportar innsend frå Fjellheimen villreinutval
og SNO, Aurland.
Panzacchi, M., Van Moorter, B., Jordhøy, P. og Strand, O. 2012. Learning from the past to predict the
future: using archeological findings and GPS data to quantify reindeer sensitivity to anthropogenid
disturbance i Norway. Landscape Ecol. DOI 10.1007/s10980-012-9793-5.
Reimers, E. og Colman, J.E. 2009. Reindeer and caribou (Rangifer tarandus) response to human
activities. Rangifer 26(2): 55-71.
Statens vegvesen 2006. Konsekvensanalyser. Håndbok 140. 290 s.
Strand, O., Flemsæter, F., Gundersen, V. & Rønningen, K. 2013. Horisont Snøhetta. - NINA Temahefte
51. 99 s.
Strand, O., Gundersen, V., Panzacchi, M., Andersen, O., Falldorf, T., Andersen, R., Van Moorter, B.,
Jordhøy, P. og Fangel, K.. 2010. Ferdsel i villreinens leveområder. – NINA Rapport 551. 101 s.
Vistnes, I., Nellemann, C., Jordhøy, P. & Strand, O. 2004. Effects of infrastructure on migration and
range use of wild reindeer. J. Wildl. Manage. 68: 101-108.
Vistnes, I. og Nellemann, C. 2008. The matter of spatial and temporal scales; a rewiew of reinddeer
and caribou response to human activity, Polar Biol 24(7): 531-537.
Munnlege kjelder:
Tilstade i arbeidsmøte på Voss 15.01.2014
Dagfinn Gjerme (lokal informant)
Bjørn Vedå (lokal informant)
Siri Bøthun Naturforvaltning
Rapport 1-2014 side 17
Helge Edvartsen (lokal informant)
Aslak Otterhjell (leiar av Fjellheimen villreinutval)
Arnkjell Sørestrand (lokal informant)
Munnleg dialog og kvalitetskontroll:
Kristoffer U. Hansen (SNO Aurland)
Jon Arvid Himle (lokal informant, jaktoppsyn)
Arne Nesheim (tidl. leiar av Fjellheimen villreinutval, jaktoppsyn)
Database
Miljødirektoratet (2014):
Naturbase
Fylkesatlas for Sogn og
Fjordane
Siri Bøthun Naturforvaltning
Nettadresse
http://geocortex.dirnat.no/silverlightViewer/?Viewer=Naturbase
http://www.fylkesatlas.no/
Rapport 1-2014 side 18