Årdal kommune Sogn og Fjordane Fylkeskommune Askedalen 2 6863 LEIKANGER Vår ref. 08/92-19 Dykkar ref. Sakshandsamar Laila Irene Røneid Direktenr 57 66 51 09 Arkiv K2-A20 Dato: 25.04.2013 MELDING OM VEDTAK Uttale til Skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013 - 2024 frå kommunestyret i Årdal Det er gjort vedtak i saka. Sjå vedlagte sakspapir med vedtak. Med helsing Årdal kommune Laila Irene Røneid Leiar for Støttefunksjon Kopi til: Sogn regionråd Postboks 153 6851 SOGNDAL Årdal kommune Sakspapir Saksnr 028/13 Utval Kommunestyret Sakshandsamar: Laila Irene Røneid Arkiv: K2-A20 Møtedato 24.04.2013 Arkivsaksnr. 08/92 Uttale til Skulebruksplanen for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane 2013 - 2024 frå kommunestyret i Årdal Bakgrunn Skulebruksplanen er på høyring med høyringsfrist 26. april. Fylkesrådmannen legg opp til ei brei høyring knytt til ny skulebruksplan. Det er utarbeidd eit godt høyringsdokument, med mange modellar for å løyse den økonomiske utfordringa fylkeskommunen har knytt til vidaregåande opplæring. Drøfting Framtidig organisering av vidaregåande skule er ein del av arbeidet med skulebruksplanen for perioden 2013 – 2024. Rapporten frå Norconsult har tilrådd alternative modellar for organisering av vidaregåande opplæring. Åtte modellar er konsekvensutgreidde. Årdal kommune har delteke i utgreiingsprosessen i lag med kommunane i Sogn Regionråd, og har i tillegg gjennomført eit prosjekt gjennom Årdal utvikling for å utgreie konsekvensane for Årdal ved dei ulike modellane i skulebruksplanen. Årdal Kommune er opptekne av at vi treng ein sterk vidaregåande skule i Årdal, som har dei studieretningane som næringslivet etterspør og som sikrar at Årdal er ein attraktiv plass å bu. Ein ser at elevtalet går ned og at det er behov for å gjere tiltak i dei ulike regionane. Det er likevel viktig at ein opprettheld ei breidde i dei tilboda som næringslivet etterspør lokalt, for at ungdommen utdannar seg i ei retning som gjer at dei kan rekrutterast tilbake til det lokale næringslivet. Årdal Kommune ser positivt på ”modell Indre Sogn” som Sogn Regionråd og rektorane ved dei vidaregåande skulane i Indre Sogn har einast om. Det er viktig for Årdal Kommune at skulen held eit fagtilbod som gjer at ein ikkje kjem under kritisk nivå og at ein har eit tilbod til begge kjønn. Ein ser positivt på at skulen får linje med påbygging til studiekompetanse som ein del av sitt studietilbod. Dette vil styrkje dei andre linjene ved skulen og moglegheitene for eit vidare programområde innanfor desse linjene. Det er og viktig å sikra fagmiljø ved skulen som sikrar rekruttering og som gjer at ein kan halde god breidde i fellesfaga. Det er viktig å ha skulen som ein regional utviklingsaktør, som for eksempel til fagskuletilbod og språkopplæring Årdal er inne i krevjande tider som fylgje av internasjonale konjunkturar som påverkar det lokale næringslivet. Dette har medført at Årdal har omstillingsstatus saman med Lærdal. Ein er i prosess for å skape ny vekst i Årdal og Lærdal, og det er i denne prosessen viktig å kunne oppretthalde ein viktig utviklingsaktør i lokalsamfunnet og i arbeidsmarknadsregionen. Årdal kommune er oppteken av attraktiviteten til Årdal som lokalsamfunn for at vi skal kunne rekruttere tilbake ungdom eller rekruttere ekstern kompetanse. Dersom vi ikkje har ein vidaregåande skule lokalt, vil elevane måtte bruke opptil 4 timar kvar dag for å pendle til Sogndal. Dette vil og gå utover 3. sektor og kulturtilbodet lokalt. Dette vil være faktorar som spelar sterkt inn når ein familie/person skal vurdere å flytte til ein kommune som Årdal. Årdal har lange tradisjonar for tett samarbeid mellom skulen og næringslivet. Dette har medført stort tal lærekontraktar, praksisopplæringsdagar for elevar og hospitering for lærarar. - Årdal har heile 75 aktive lærekontraktar og talet er stigande. Dette sjølv om Årdal er inne i krevjande tider. 75 % av elevane ut frå yrkesfag (inkludert service og samferdsel, helse og oppvekst) har fått lærekontrakt siste 2 åra. 91 % av elevane har fått oppfylt sine 1. val - Årdal Kommune saman med næringslivet i Årdal har etablert eit lokalt opplæringskontor som gir vekst i tal lærlingar. Eit fungerande opplæringskontor krev ei samlokalisering med den vidaregåande skulen - Årdal vidaregåande skule har stor del praksisopplæringsdagar i næringslivet lokalt, ca 3.000 dagar (snitt 27 pr elev) i 2011/2012 Årdal Kommune er svært bekymra for at dette samarbeidet vil bli sterkt svekka dersom ein ikkje har ein vidaregåande skule lokalt. Dette er erfaring knytt til utfordringar med å rekruttere innan linjer ein ikkje har i Årdal. Årdal aksepterer i modell ”Indre Sogn” ei vesentleg innsparing gjennom nedlegging av studietilbodet ”Helse og oppvekstfag”. Idrettsfag 1 30 2 og 3 Idretts fag 2 60 Utdanningsprogram Idrettsfag Studiespesialiserande Bygg-og anleggsteknikk Design og handverk Elektrofag Helse- og oppvekstfag Medium og kommunikasjon Restaurant- og matfag Service og samferdsel Teknikk og industriell produksjon Sum pr. skule pr. modell Sum grupper pr modell Nivå 1 Årdal * Gult felt = Fylkesdekkjande tilbod Indre Sogn Tal elevar 1 Samla oversikt over gruppetal modell Indre Sogn Fylkestilbodsplassar Luster + Sogndal Modell Indre Sogn Programområde Studiespesialiserande 1 3 120 2 og 3 Studiespesialiserande 2 6 240 1 Bygg og anleggsteknikk 4 48 2 Anleggsteknikk 1 12 2 Byggteknikk 2 24 2 Kli ma, energi og miljøteknikk 1 12 1 Design og handverk 2 Design og tekstil 2 Interiør og utstillingsdesign 1 Elektrofag 1 2 36 2 Automatisering 1 2 Data og elektronikk 2 Elenergi 3 Autmatiseringsfaget 3 Dataelektronikarfaget 1 12 1 Helse- og oppvekstfag 2 30 2 Barne- og ungdomsarbeidarfag 1 15 2 Helsearbeiderfag 1 15 1 Medium og kommunikasjon 2 30 2 Medium og kommunikasjon 2 30 1 Restaurant- og matfag 1 15 2 Kokk- og servitørfag 1 15 1 Service og samferdsel 1 30 2 Reiseliv 1 15 2 Sal, service og tryggleik 2 Transport og logistikk 1 Teknikk og ind. prod. 2 Kjøretøy 2 Kjemiprosess 1 2 Industriteknologi 1 1 24 3 Påbyggi ng til studiekomp 1 1 60 12 43 1008 12 1 12 1 12 1 1 12 1 1 6 6 15 15 12 15 1 12 2 36 1 12 12 55,0 6 30 60 120 240 48 12 24 12 0 0 0 36 6 12 12 6 12 30 15 15 15 15 15 15 30 3 15 12 36 12 6 24 60 60 948 Tilråding Årdal kommunestyret sluttar seg til modell ”Indre Sogn” i lag med dei andre kommunane i Sogn Regionråd. 24.04.2013 K OMMUNESTYRET Tilråding frå rådmann vart teke opp til røysting. Røysting. Tilråding frå rådmann vedteke samrøystes. KS-028/13 VEDTAK: Årdal kommunestyret sluttar seg til modell ”Indre Sogn” i lag med dei andre kommunane i Sogn Regionråd. Vedlegg Dok.dato 15.04.2013 17.04.2013 Tittel Konsekvensrapport skulebruksplan Årdal Vgs Årdal utvikling Uttale skulebruksplan Sogn Regionråd GRAD Dok.ID 156600 156845 Side 6 of 6
© Copyright 2024