L:\LABAN\Laban 3 2012-2.pmd

Laban
Informasjonsblad for kommunetilsette i Årdal
Nr. 3/2012
Årdal kommune sin kulturpris og Årets
Årdøl 2012
Svein Magne Hestetun fekk kulturprisen og Karl Seglem vart Årets
Årdøl.
Svein Magne Hestetun har i fleire år lagt ned eit
betydeleg arbeid med å ta vare på garden Hestetun,
både bygningane som tilhøyrer garden, gardstunet og
stølen på Murane. Han har teke vare på den gamle
fjøsen og vedlikehalde dei to bustadhusa, mellom anna
ved å skifte glas til slik dei opphavleg var. Han har sett
opp eit eldre stabbur på tunet, og han held geiter og
høns, noko som bidreg til eit levande gardsmiljø. Både
barnehagane i bygda, skuleklassar og eldre frå ÅBO
vitjar garden og nyttar miljøet med dyr og gardskultur.
I november dette året arrangerte Hestetun to julemesser
i fjøsen, der lokale kunstnarar deltok.
Hestetun har også bygd ei lita tømmarhytte på ein
tidlegare husmannsplass, Sundheim i Fardalen. Hytta
ligg ved skiløypa og står open om vinteren, slik at alle
kan nytte seg av henne. I tillegg har han sett opp att
stølshuset på Murane og laga eit fint utemiljø rundt det.
Sjølv om ein kan seie at Karl Seglem er ein
verdsmusikar, er han trufast mot røtene sine. Lokal
kultur og tradisjonsmusikk i kombinasjon med ulike
sjangrar gjer at han har sitt heilt spesielle musikalske
uttrykk. Som anerkjend musikar står han støtt på eige
opphav både nasjonalt og internasjonalt, og er på den
måten ein god ambassadør for heimstaden.
At Årdal i tillegg til å koke aluminium kan fostre
profesjonelle og dyktige musikarar, viser at industri
og kultur kan vere ein god kombinasjon – og er svært
viktig for bygda sitt omdøme.
Seglem har gjeve ut 27 album, av desse er 14
soloalbum.
2012 har vore eit spesielt år for Seglem. I haust har
han fått både Nopas musikkpris og Egil Storbekkens
Musikkpris. NOPAs musikkpris vert delt ut til ein
komponist for eit verk skrive i inneverande år. Seglem
fekk prisen for sitt bestillingsverk «Som spor», som
vart urframført på Vossajazz i mars.
Årdal Kulturskule underheldt med flott song og musikk
Ida Hellegård Indrebø, song
Aleksander Kinserdal, slagverk
Beatrice Juskaite, song
Håkon Andersen Hollevik, gitar
Mathias Hansen, slagverk
Rådmannen har ordet
Konstituert rådmann
Svein Grindhaug
Budsjett for 2013 vart vedteke i Kommunestyret
torsdag 13. desember
Eigne og eksterne økonomiske analysar syner at
Årdal kommune ikkje har økonomiske rammevilkår
(frie inntekter), som dekker dei løpande
driftsutgiftene. Det vart lagt fram eit rekneskap for
2011 med eit meirforbruk på vel kr. 15 mill., og ulike
tiltak som tilsetjing-/innkjøpsstopp har vorte iverksett
i 2012 for å redusera meirforbruket.
Administrasjonen og politikarane har vore gjennom
ein krevjande prosess med å utarbeida eit budsjett i
balanse. Når tilgjengelege økonomiske rammer ikkje
dekker den løpande drifta, må ein redusera netto
driftsutgifter, ved å korrigera både utgifts- og
inntektssida..
Utfordringane som Årdal kommune står oppi i høve
tilgjengelege økonomiske rammer, er noko som vi
ikkje har vore vane med.
Det handlar no om å justera omfanget og nivået på
tenestene.
For å oppnå budsjettbalanse i 2013 har
Kommunestyret vedteke fleire tiltak som vil redusera
driftsutgiftene. I dette ligg strukturelle tiltak som
inneber stenging/nedlegging av funksjonar og innafor
nokre områder også redusert tenestetilbod. Det er
og vedteke tilnærma full investeringsstopp i
planperioden.
Det vil bli naudsynt å redusera tal tilsette i
organisasjonen.
Det er i dag om lag 600 tilsette i Årdal kommune, og
det er lagt opp til ei nedbemanning på 39 årsverk, i
løpet av 2013.
I budsjettdokumentet er det synleggjort kor stor
nedbemanningen vert innafor dei ulike
ansvarsområda.
Dette vert ein krevjande prosess, som involverer
mange tilsette. Rådmannen vil ha full fokus på å
løyse denne nedbemanninga i samspel med
foreningane og dei tillitsvalde, og ikkje minst med
dei tilsette og leiarane i tenesteområda..
Rådmannen er trygg på at nedtaket på tal tilsette
langt på veg kan løysast ved naturlege avgangar og
omplasseringar i vakante stillingar. Administrasjonen
har etablert gode rutinar på desse prosessane og
erfaringane frå tidlegare nedtak er at vi har funne
løysningar for dei tilsette. Me hopar at vi også finn
løysningar i dette nedtaket, i samspel med den
tilsette og dei tillitsvalde.
Årdal har gode kultur og fritidstilbod til
innbyggarane.
Besøkstala i den moderne kinosalen på Årdalstangen
syner at dette er noko innbyggarane etterspør. I
kulturhuset i Øvre Årdal er no alt lagt vel til rette for
ulike kulturtilbod, og aktiviteten har vore stor dei
fyrste driftsmånadane.
Delar av det lokale næringslivet har utfordringar for
tida. For dei som vert råka av permitteringar og
oppseiingar er det nok ei vanskeleg tid.
Med dei føresetnadane som ligg i dette
lokalsamfunnet og det tiltaksapparatet vi har til
rådvelde, er eg overbevist om at nedgangtidene vil
snu.
Underteikna har vore konstituert som rådmann i om
lag ei halvt år, og eg vil nytte høvet til å takka for
samarbeidet, i ei strevsom tid.
Den nye rådmannen Frank Westad er på plass 2.
januar i 2013, og eg ynskjer han hjarteleg
velkommen.
Eg vil rette ei stor takk til kvar og ein av dykk for
framifrå innsats i 2012.
God jul og godt nyttår.
Beste helsing
Svein Grindhaug
Konst. rådmann
Sidan sist .........
Nytilsette:
Alexander Teigen Øren, Farnes skule
Brede Stedje Ylvisåker, Farnes skule
Carl Asbjørn Dahl, lege
Trude Breivik Gruben, spesialomsorg
Merete Johansen Smedegård, spesialomsorg
Merete Øren, spesialomsorg
Slutta:
Stein Kåre Øren
Anne Mette Thunshelle Opdal
Jeanette Kappel (15.01.13)
Jacob Andersen
Lars Arne Nes
Radon i Årdal
Vernerundar 2012 er ferdige
Rundane var ei grei måling av innsats, og viser at
over 90 % av dei tiltaka ein vart einige om i 2011 er
gjennomført.
Dårleg kommuneøkonomi pregar til ein viss grad
vernerundane, og spesielt i dei bygga ein veit skal
tømmast.
Ein opplever likevel at smarte løysingar dukkar opp,
og ein får ting på plass.
Det er FDV som står for dei fleste løysingane, og
som set tidsfristane. Dei driftsansvarlege gjer mykje
godt arbeid der ute kvar dag året rundt.
Ny runde om ca 12 mnd.
Steinar Drægni
Folk har ringt til underteikna etter at dei har motteke
brev der ein vert tilrådd å kjøpe sporfilm til måling av
Radon i bustaden sin.
Ulike skrekkhistoriar ligg som innleiing i teksten, og
så følgjer anbefaling om måling og tilbod om utstyr.
I Årdal har vi god kontroll på Radonsituasjonen, og
me er heldige som kan seie at problemet i
kommunen vår knapt er målbart.
Dr. Dagfinn Haarr stod bak ein grundig rapport på 90talet, og denne er kontrollert med andre
måleinstrument den seinare tid.
Konklusjonen til Haarr held framleis: Det er ikkje
naudsynt med tiltak mot Radon i eksisterande
bygningar i Årdal pr. i dag.
Er du likevel uroleg, kan vi hjelpe. Kommunen har
måleapparat som gjer måling på 48 timar..
Steinar Drægni
Ny rådmann
Onsdag 2. januar 2013 byrjar Frank Westad i
jobben som rådmann i Årdal kommune.
Han kjem frå stilling som rådmann i Hornindal
kommune.
Me ønskjer han velkomen til Årdal og ønskjer
lykketilijobbe.n
Frank Westad
Pensjonistar:
Odd Sverre Haukedalen
Arvid Hatlelid
Tore Ødegård
Ingar Sjøtun
Randi Jønsson
Anne Lise Nundal
Jorunn Britt Asperheim
Kåre Øvstetun
2 på jobben
Rigmor Svanberg kom til Årdal i 2011 og er
kommunalsjef for sosial og omsorg. Ho er utdanna
sjukepleiar og radiograf, og ho kjem frå Stord.
Som nyutdanna sjukepleiar hadde ho ikkje konkrete
planar om jobb i omsorgssektoren, og ho dro til sjøs.
Ungjenta mønstra på ein stykkgodsbåt i 1976, og
segla som «pike» på austkysten av USA, og på
Sydamerika. Ho er lommekjent i alle hamner i
sydamerika. Ho var mellom anna i Buenos Aires ein
dag i 1976 der det var skyting og rabalder. Lite viste
Rigmor om at eit militærdiktatur var i ferd med å ta
makta, eit diktatur som vara fram til 1983, og som la
etter seg blodige spor. Ho fekk ei samla fartstid på 7
mnd, og likte godt jobben som «pike», der ho stort
sett vaska, og serverte. Ein halv dag fri på 7 mnd var
heilt greitt.
Rigmor mønstra av, og har etter dette jobba på sjukehuset i Haugesund, i heimesjukepleien på Stord og i
Bømlo. Ho var første sjukepleiar som vart klinikksjef, og hadde då ansvar for kirurgi, anestesi, på gynekologisk
avd på Stord sjukehus. Etter dette har det vore mest administrativt arbeid innan helsesektoren for Rigmor.
Rigmor trivst svært godt i jobben sin i Årdal, og roser eit god arbeidsmiljø sjølv i trange tider. Mykje flinke folk i
Årdal, ingen tvil om det sler ho fast . Ho bur i Utladalen saman med Ludvig, ein 5 år gammal Alaska Husky, og
har lova å ta vakter i omsorg, der det trengs når ho vert pensjonist.
Elin Heen er leiar av personalstaben.
Ho byrja i Årdal kommune i 1988, og har dermed
snart 25 år i kommunen si teneste.
Elin har vore tilsett i kommunen heile sitt yrkesaktive
liv, og det har stort sett handla om personalarbeid.
Ho vart tilsett som kontorassistent ved
sentraladministrasjonen i 88, og var òg ein periode
inne i eit vikariat med den flotte tittelen «fullmektig i
særklasse».
Ho fortel at dei på åttitalet hadde ein (1) pc på deling
i administrasjonen, og at det mest vanlege utstyret
den gongen var skrivemaskin med rettetast og
blåpapir.
Me kopierte utrulege mengder papir fortel Elin. Kopimaskina hadde ikkje sorteringsautomatikk, og me sorterte
papira i haugar på eit langt bord, og putta så rett dokument i rett konvolutt.
Det gjekk ikkje alltid bra, og Elin minnast med gru ein dag ho sende eit «ikkje offentleg» dokument til Sogn
Dagblad. Avisoppslag vart det og av saka, dermed lærte ein noko den dagen.
På den tida skreiv kontorassistentane det meste av breva til leiarane. Det vart nytta diktafon, og jentene fekk
ein lydkassett, som var kopla til eit apparat der dei med høyretelefonar lytta til diktatet medan dei skreiv.
Systemet var så avansert at dei kunne køyre opptaket att og fram med fotpedalar. Diktata var svært
detaljerte, og inkluderte både komma og punktum. Mange prosessar er gjort enklare no, med mykje større
grad av delegering. Ei tilsetting på åttitalet måtte handsamast av ein komité der politikarar og var
representerte. Laban vil til slutt nemne at Elin har eigen pc på kontoret no.
Litt av kvart....
Sommartrimmen 2012
Hanne Britt Eldegard - gåvekort til ein verdi på kr 4000,-. (Golds Gym eller sportsartiklar)
Nina Johansen - gåvekort til ein verdi på kr 1000,- (Caleo eller sportsartiklar)
Inger Marie Nytun - gåvekort til ein verdi på kr 1000,- (Caleo eller sportsartiklar)
Juleturnering i innebandy
Årets juleturnering i innebandy gjekk av stabelen 13 desember, som vanleg i regi av ÅKBIL.
Det er blodig alvor når kampen står om Årdals gjevaste peparkaker.
Turneringa i år var den jamnaste nokonsinne seier veteran Svein Indrebø til Laban. Resultata var snudd opp
ned mest for kvar einaste kamp, og dette sikra full innsats heile vegen.
Sveitten spruta heilt fram til premieutdeling, då blide fjes fekk raude sløyfer med peparkake i.
Innebandy er fortsatt svært populært, og turneringa gjekk som vanleg heilt utan skader.
Foto alle bileta: Silje Indrebø
1. plass: Preben L, Silje og Ørjan
2. plass: Kenneth, Preben V og Jon Kenneth
4. plass: Svein, Marit og Henrik. Dei har me diverre
ikkje bilete av.
Gåvekort på kino
Kva med eit gåvekort til kinoen?
3. plass: Frank Runar, Daniel og Geir Arne
Årdal kommunale bedriftsidrettslag
ønskjer alle medlemane ei God Jul
og eit Godt Nytt År!
Gåvekorta kan du få kjøpa på Tenestetorget i
Rådhuset på Årdalstangen og ved biblioteket i
Øvre Årdal.
På gåvekorta kan du velja mellom 2D film og 3D
film vaksen eller barnefilm. I tillegg kan du og føra
på ein Meny med både popcorn, baconcrisp og
brus.
«Pensjonistkurs»
Som eitt av tiltaka i Årdal kommune sine seniorpolitiske retningsliner var tilsette i
alderssteget 60 til 67 år invitert til kurs om pensjonering eller framleis yrkesaktiv.
Kurset vart halde i kinosalen 8. november.
Trine Lise Jensen og Hildegunn Dalland (DNB Livsforsikring)
28 tilsette møtte på kurset. Der fekk dei høyre om Tenestepensjon i DNB Livsforsikring, rettigheiter og dekning,
pensjonsreformen, arv og skifte, helse, livskvalitet og arbeidsevne i seniorfasen.
For dei som hadde ønskje om individuelle konsultasjonar vart det sett av tid med pensjonsrådgjevar etter kurset.
Pensjonistsida
Da det ikkje vart halde Eldredag i Årdal i år, valde Eldrerådet å invitere ordføraren på
eldresentra. Det var fyrst halde ei samkome på Eldresenteret på Årdalstangen.
Tysdag 12. november var det eldresenteret i Øvre som fekk besøk hjå ordføraren.
Han ønskte velkomen, og informerte om stoda i Årdal kommune.
Opning av ordføraren, I bakgrunnen ser me
leiar i Eldrerådet, Agnar Kvam
Tilhøyrarane følgde interessert med
,
Det kom spørsmål fra dei frammøtte som
ordføraren måtte svare på
Flott marsipankake smakte godt til kaffien
Eldrerådet har hatt 6 møter i 2012.
Dei har blant anna sendt innspel om:
Helse- og omsorgsplan
Rusmiddelpolitisk handslingsplan
Bustadsosial handlingsplan
«Omsorg i fokus»
I 2011 vart det gjennomført eit forprosjekt i
Spesialomsorg «Omsorg i fokus».
Prosjektet vart overlevert til Årdal kommune 29.12.2011.
24.april 2012 vart det gjort vedtak i formannskapet om
vidareføring av forprosjektet i hovudprosjekt med 6
delprosjekt:
1. Rapportering, drift og kostnadskontroll
2. Kompetansetiltak
3.Vikarpool
4.Samordning butiltak, ASVO og vaksenopplæring
5. Pårørandedialog
6. Utvikling av nye butiltak
I tillegg er det eit overordna utviklingsprosjekt som har fokus på leiargruppa i spesialomsorg og deira
utfordringar. Dette prosjektet vil gå gjennom heile prosessen.
I juni vart det inngått avtale med Sogn BHT om kjøp av prosjektleiar i 50% stilling. I tillegg til prosjektleiar er
Aud Norlin frå Hartmark prosjektstøtte.
Helse- sosial og omsorgsutvalget er styringsgruppe, medan kommunalsjef Rigmor Svanberg er
prosjekteigar.
I høve gruppesamansetjinga er det lagt vekt på å prøve å få ei så brei samansetjing som mogleg. Ein har
derfor valgt å ta med tilsette frå ulike arbeidsstader, i nokre av gruppene sit det pårørande, tillitsvalt og
hovudverneombud. Dei ulike aktørane har kompetanse/erfaringar som er viktige bidrag inn i dei ulike
gruppene.
Prosjekta har ulik tidshorisont og omfang, nokre har konkrete målsetjingar bygd på fakta, andre har fokus
på langvarige prosessar. Prosjekt perioden er avgrensa frå 01.09.2012-31.08.2013. Fleire av delprosjekta
har starta og nokre vil ikkje starte opp før januar 2013.
Det har vore avholdt informasjon til dei tilsette og pårørande har vore invitert til informasjonsmøte. Det skal
vere kjendt både for tilsette og pårørande om kven som deltek i dei ulike prosjektgruppene. Me vil freiste å
komme med regelmessig informasjon til alle partar og me tek gjerne imot innspel i høve dei ulike
delprosjekta.
Laurdag morgon, 15. desember, fann dei tilsette på
Rimibutikken i Øvre informasjonsskiltet til Farnes skule
utanfor butikken.
Skiltet er ca 2,5 meter langt og 80 c breitt, og veg så
pass mykje at ein ikkje har tru på at det er vinden som
har gjort dette.
Vi er ikkje mykje plaga med hærverk i Årdal, men dette
er truleg eit utslag av reinspikka tyleskap.
Skiltet var ikkje mykje skada. Det er no teke hand om av
FDV, og vil kome på plass att om litt.
S.Drægni
Foto: Steinar Drægni
Farmen på Hjelle
Einehaugen barnehage sette i 2010 i gang eit
supert tiltak som viste seg å verte veldig positivt
for alle tilsette i alle barnehagane i Årdal
Årdalstangen barnehage, vinnarar av
«Farmen på Hjelle» 2012
Dei arrangerte fotball turnering for personalet , med påfølgande
middag og premie-utdeling. Ve barnehage stakk av med seieren,
og arrangerte året etterpå «Det store korslaget». Der skulle kvar
barnehage stille med to sangar kvar, og me vart vurdert av tre flotte
innleigde «dommarar».
Vinnarane vart oss i Farnes barnehage, og endelig skulle me få
arrangera noko… Dermed vart det «Farmen på Hjelle».
Første dagen i juni måned skulle det skje, og gjett om det var kjekt.
Det var mykje som skulle planleggast, fiksast og ordnast,men me
kom i mål...
Alt føregjekk utandørs, til og med utedo!
Her er konkurransane:
Veastabling, tennisballkast på blikkboks, vatnbøttehalding, fjellskokasting og hammar + spikar på planke.
Du kan tru folk var engasjerte og flinke…
«Gårdskjerringi» har velkomsttale.. med seg har ho «kyri»
Dagros og «høna» Pøne
Musklane blir sett på prøve i Vatnbøttehalding
Fjellskokasting…. Uravegen i duell med Einehaugen
Hammar + spikar i planke på fortast mulig
tid. Årdalstangen og Haugane i duell
Etterpå var det grillmat og quiz. Me leigde inn kokkar som stod for grillingen. Vinnarane vart kåra etter samanslåing
av poengsummen frå konkurransane og quizen. Vinnarane i år vart Årdalstangen barnehage. Dermed går pinnen
vidare til dei, så no ventar me andre spent på kva som skal skje til neste år…
Det er eit kjempeflott tiltak som er sett i gang. Personalet frå alle barnehagane møtest utanfor arbeidstida og har
det kjekt i lag. Skal garantera at det er mykje moro og at latteren site laust, for ikkje og snakka om
konkurranseinstinktet som trer inn.
Therese Moen – Farnes barnehage
Flotte og stolte jubilantar
Torsdag 6. desember inviterte kommunen til samkome på Klingenberg hotell for
jubilantar som har vore tilsett i kommunen i 25, 30, 40 og 50 år. Det var ei fin markering der ordføraren delte ut gullklokker, merker og sjekkar.
25 år
30 år
Svein Arve Grindhaug (ikkje til stades), Oddbjørg Kveane, Karen Sofie Lereng, Irene Sanden, Inger Eskesen Løseth,
Wenche Nondal, Jan Tore Geithus (ikkje til stades),
Aase H. Øy, Edel Sølvi Øy, Liv Jevnaker, Gerd Nyland,
Reidun Moheim, Rigmor Hov, Kristin Aga Ulvestad, Bente (ikkje til stades)
Lund Tufte, Anne Sofie Berg, Mona Øren, Per Kristian
Pedersen, Jannicke Hunshammer, Sissel Øy, Dag Rune
Stedje, Jan Kåre Stedje, Anne Britt Klingenberg, Torild
Lilleløkken (ikkje til stades), Ingunn Johanne Guttulsrød,
Malmfrid Sønstlien, Trude Johnsgaard, Anita Venes
Årteig, Marion Stedje, Arne Johannes Kjos, Rune
Skålbones
40 år
50 år
Inge Moen
Johanne Bergerud, Kåre Øvstetun,
Anne Grete Lægreid, Anne Lise Nundal
Bruk videokonferanseromma våre!!!
Ingen grunn til å vente – romma er klar til bruk.
Med dei økonomiske utfordringar kommunen har så oppmodar me spesielt at de nyttar desse til møter og
kurs.
Kommunen har 2 rom med tilrettelagt løysing for videokonferanse. Desse finn du i kursrommet «Offerdalen» og
i møterommet «Vikadalen» i samfunnshuset Åtg.
Kvifor videokonferanse:
Enkelt fortalt er videokonferanse eit møte-/undervisning der det er kommunikasjon og «levande» bilde mellom
to eller fleire partar. I tillegg til kommunikasjon via videobilde, kan ein dele dokument, presentasjonar m.m. så
alle ser det same.
-
Møte og kurs blir meir effektive
Ingen reiseutgifter
Ingen reisetid
Fleire kan delta frå same arbeidsplass
Me har no hatt tilgang til desse løysingane i 2012 og dei som har nytta dei har gode erfaringar med å halde
møter/kurs på denne måten.
Kvifor bruke ein heil dag på reise for eit møte som varar i 1 time???
Gladmelding i desse budsjettider
Årdal kommune har vunne anbodskonkurransen på brenning av sjukehusavfall
frå Helse Vest.
Kontrakten som omfattar Helse Bergen og Helse
Førde er no underskriven. Helse Fonn har opsjon på å
verta med i avtalen.
Avtalen gjeld for 2 år med moglegheit til forlenging
med nye 2 år.
Avtalen vil gje ei inntekt på rundt 1,5 millionar kroner i
året. Dette går på forretningsdrifta til kommunen, men
fortenesta på kr 400.000 kjem inn i kommunekassa
som overskot.
Kommunen har konsesjon til å brenne 300 tonn pr. år.
Avtalen med Helse Vest er på inntil 200 tonn.
Kontrakten vil truleg føre til meir brenning av denne
type avfall. Innbyggjarane vil få mindre auke i
renovasjonsavgifta på grunn av denne kontrakten.
Årdal Kulturhus
Mandag 15. oktober var det offisiell opning av Årdal kulturhus. Før opninga i festsalen, føretok
Odd Norman Melheim avduking av kunstglaset inn til eldresenteret. Sigyn Øren og Torunn Liltved
ønskte velkomen og ordføraren heldt opningstale.
Foto: Jonny Asperheim
Kunstveggen inn til Eldresenteret (Foto: Steinar Drægni)
Sigyn Øren og Torunn Liltved
ønskte velkomen (Foto: Steinar
Drægni)
Arrangement i Kulturhuset etter
nyopninga:
Velkomsttale av ordføraren
(Foto: Steinar Drægni)
18.10: Sogn og Fjordane teater
20.10: Hugin Musikkforum
01.11: Sogn og Fjordane teater
04.11: Farnes skulemusikk
07.11: Moteshow
08.11: Secret Garden
10.11: Poirot
13.11: Konsert med Olav Stedje
15.11: Kulturskulen
17.11: Fjordane Musikkforum
18.11: Teater, Teskjekjerringas julestri
19.11: Marita Steinset, ballett
30.11: Farnes ungdomslag, teater
01.12: Farnes ungdomslag, teater
02.12: Farnes ungdomslag, teater
14.12: Kul Jul
29.12: Romjulsfest
«Nasjonal demensdag»
Elevar ved Årdal vidaregåande skule som tek etterutdanning i aldring og helse markerte
«Nasjonal demensdag» på torget i Øvre Årdal.
Dei selde kaffi og kaker, og hadde utlodding av flotte
gevinstar som dei hadde fått frå privatpersonar og
bedrifter i Årdal, Lærdal og Sogndal.
Overskotet på 13.000 kroner gav dei til Timesenteret
for demente heimebuande og institusjonsbebuarar på
skjerma avdeling. Pengane skal nyttast på Klingenberg til fest for denne brukargruppa.
Rektor på Årdal vidaregåande skule, Henny Midtun,
overrekkjer sjekken til Anja Bolstad ved Timesenteret
Ryddeavtale mellom Årdal Sogelag og kommunen
Det har lenge vore behov for å rydde, registrere og samle lokalhistorisk materiale som er
lagra i Rådhus 1 og 2, på skulane og i samfunnshuset på Tangen. Sogelaget i Årdal og
kulturavdelinga i kommunen har no inngått ei avtale om å få gjort noko med dette, der
sogelaget tek på seg å gå gjennom, registrere og samle dette materialet.
Som kompensasjon for arbeidet skal dei få overta
ein del av lageret av bygdebøker, Årdal kommune si
jubileumsbok og
andre publikasjonar, for sal. Det er ein føresetnad at
kommunen sit att med nok bøker til eige bruk, og at
kommunen og sogelaget har same utsalsprisar.
Denne avtalen blir truleg til gjensidig nytte.
For kommunen er det viktig og positivt å kunne
samarbeide med eit lag som sit inne med så mykje
kompetanse og interesse for lokalhistoria.
Bjørn Lindland skriv under avtalen
Det er eit stort behov for å få systematisert det
Foto: Jonny Asperheim
lokalhistoriske materialet og få ei god oversikt over
kva som finst. Folk i sogelaget har både kunnskap, engasjement, og framfor alt tid og lyst,
til å ta fatt på dette omfattande arbeidet. På sikt håper ein også å få gjort kjent meir av
innhaldet i publikasjonane, både gjennom sal og artiklar. Lokalhistoria er viktig både for identitet
og tilknyting til bygda, og Årdal har mykje spennande lokalhistorisk stoff å by på.
I løpet av 2013 ynskjer kommunen også å starte arbeidet med lokal kulturminneplan.
Julefrukost på SFO i Øvre
Så er det jul igjen . . . . og ved SFO er juleførebuinga i fulll sving. Me har hatt
julefrukost, og med god mat, levande lys og mange nissebarn koste me oss godt.
Elles er mange i gang med julegåvene som skal lagast og pakkast
inn. Barna er kreative og flinke, og me kosar oss litt ekstra i
denne mørketida. Me brenn lys og har adventskalendar på
avdelingane. Siste veka før jul skal me ha grautfest og sjå
”Jul i blåfjell 2” på lerret, så både små og store har mykje å
gleda seg til i tida fram mot jul.
GOD JUL TIL ALLE SAMAN!
Helsing alle på SFO
Her var det mykje godt å velja mellom
Og maten smaka godt òg
Klar til å fylle opp tallerkenen
Alle saman kosar seg med julefrukosten
Kunstjuleverkstad
I år arrangerte kulturskulen kunstjuleverkstad for første gong! Kunstlærar Reidun Vinda planla og
gjennomførte to vellukka verkstader, på Tangen skule laurdag 24. november og på Farnes skule
laurdag 1. desember.
Trass i at alle kunstelevane på kvar skule var samla i storgrupper på tvers av alder, var atmosfæren roleg og
stemningsfull, og elevane var utruleg kreative og konsentrerte om arbeidet sitt. Særpreget på denne forma for
juleverkstad var at elevane ikkje fekk mønster og oppskrifter å jobbe ut frå, her skulle dei bruke sin eigen
kreativitet og sine eigne idear og jobbe fram produkt ut frå dei materiala dei fekk til rådigheit. Her vart det
konstruert og laga mange utradisjonelle julegåver og spesiell julepynt!
Foreldre bidrog med julebakst og stilte opp som assistentar. Reidun Vinda var svært nøgd etter dei to
laurdagsøktene, og tykte elevane hadde vore kreative og kunstneriske. Kulturskulen håpar å få til eit liknande
opplegg også neste år!
Kulturskulekalender
Kvart år gir Norsk Kulturskuleråd ut ein årskalender med bilete frå kunstelevar frå kulturskular over heile landet.
Kvar kulturskule kan sende inn forslag til bilete som kan trykkast på kalenderen, og i 2012 hadde ein
rekordoppslutning frå kulturskular over heile landet. Kulturskulen i Årdal var heldig og fekk valgt ut eit bidrag til
kalenderen, eit bilete av kunstelev Oda Blikken, 8 år frå Tangen skule! Vi er kjempestolte og glade over dette,
og gratulerer Oda og kunstlærar Reidun Vinda!
V ITSESTAF ETTEN
Av Kjersti Werge-Olsen
To kvinner er ute på byen for å handle. Brått ser dei
ein kjenning kome ut frå ein blomsterbutikk.
«Søren, no er kjæresten min ute og kjøper blomster
til meg» seier brunetta.
«Likar du ikkje blomster?» spør blondina.
«Jau, det er klart det, men så blir det forventningar etterpå..
Eg har ikkje lyst å tilbringa heile helgi på ryggen med beina i
været heller..» Blondina vert taus og tenker seg om før ho spør
forsiktig:
«Har du ikkje vase?»
Kjersti utfordrar Ruth Jane Øren til neste
Labanvits
OPNINGSTIDER I ROMJULA
Legekontora
Fredag 28.12.: Legekontoret i Øvre Årdal:
Torsdag 27.12: Legekontoret på Årdalstangen:
Opningstida på telefon og skranken er kl. 08.00-11.30 Opningstida på telefon og skranke er kl. 09.00-12.00
Legevakt tlf.: 57 66 11 13
og kl. 13.00 - 14.30.
Legevakt tlf.: 57 66 11 13
Legekontoret på Årdalstangen er stengt denne
dagen.
Legekontoret i Øvre er stengt denne dagen.
Begge legekontora er stengt jul- og nyårsafta.
Helsestasjonane
Årdalstangen
Julafta
Stengt
27.12.12
09.00-14.00
Nyårsafta
Stengt
Øvre Årdal
Julafta
Stengt
28.12.12
08.00-14.00
Nyårsafta
Stengt
Biblioteket
Torsdag
Fredag
Julafta
Torsdag
Fredag
Nyårsafta
Onsdag
Torsdag
Fredag
Laurdag
Redaksjon: Ellen Marie Haug
Freelancer: Steinar Drægni
20.12.12
21.12.12
Stengt
27.12.12
28.12.12
Stengt
02.01.13
03.01.13
04.01.13
05.01.13
11.00-18.30
11.00-16.00
11.00-15.00
11.00-15.00
11.00-16.00
11.00-18.30
11.00-16.00
11.00-15.00
Årdalshallen
Laurdag
Torsdag
Fredag
Laurdag
22.12.12
27.12.12
28.12.12
29.12.12
15.00-18.00
15.00-20.00
15.00-20.00
15.00-18.00
Dei andre dagane er bassenget
stengt.
Velkomen til romjulsbading.
Alle tips og bidrag som blir nytta, vert premiert
med LABAN-seigmenn.