Her er utfordringane - Sognefjellstunnelane

nn Nyhende nn
SOGN AVIS • Laurdag 29. juni 2013
9
UTFORDRINGAR: Harald Husabø gav onsdag ei orientering om utfordringane næringslivet i Årdal står overfor.
Her er utfordringane
nn
Mangfald i næringslivet
nn
Generasjonskifte
nn
Busetjing
ÅRDAL: Meir mangfald i
næringslivet, auka
busetnad, handel og
turisme. Her er dei
største utfordringane
Årdal står framføre i
framtida, ifølgje
næringslivet.
INDUSTRI: Statistikken viser talet på tilsette innan industrien i Årdal
dei siste ti åra.
– Årdal kommune framstår
som veldig attraktiv for verksemder samanlikna med andre
kommunar i landet , men me
har mykje å gå på når det
gjeld besøkstal og busetjing.
Det heng saman med at Årdal
er ein innpendlingskommune.
400 pendlar hit dagleg, der
den viktigaste kommunen er
Lærdal, orienterte Harald
Husabø i Årdal Næringssamskipnad i møte med kommunalminister Liv Signe
Navarsete og stortingskandidatane til Sogn og Fjordane
Senterterparti onsdag.
Nye næringar
– For det første treng me
nye næringar, fordi me
framleis slit med det me
kallar for Hydro-spøkelset.
Me har lenge gått rundt og
venta på ei avklaring, og det
er ikkje gunstig å gå rundt slik
og venta over lengre tid. Samstundes kan me ikkje forstå
kvifor det ikkje vil vera gunstig å investera i Årdal når det
allereie er så mykje press
langs kysten.
Auka busetnad
Den andre utfordringa kommunen står overfor er eit
generasjonsskifte i arbeidslivet.
NEDGANG: Statistikken viser nedgangen i talet på tilsette på Hydro i
Årdal. Kjelde i alle statistikkar: Årdal Næringssamskipnad
KOMMUNE:
Statistikken
viser talet på
tilsette i det
kommunale
i Årdal dei
siste ti åra.
TOTALT: Den blå linja viser talet på sysselsette i Årdal til saman. Den
raude viser folketalet.
– Me veit at ein stor del av
arbeidsstyrken vil gå av med
pensjon dei kommande åra.
Her er det rom for nyrekruttering, sa Husabø.
Den tredje utfordringa er å
skapa balanse i bustadmarknaden og å få folk til å
busetja seg i Årdal – og ikkje
berre jobba.
Potensiale
– I dag ligg det veldig mange
bustader ute for sal, men samstundes er det faktisk meir
balanse i marknaden i dag
enn for eit par år tilbake. Då
var det oppgangstider, og
prisane blei nærast pressa til
eit kunstig nivå. Det er ikkje
naturleg at prisane i Årdal
skal vera på nivå med Førde.
Ifølgje
Næringssam-
skipnaden er det fleire
område det må satsast ekstra
på i framtida.
– Det er ein stor vekst i
heile landet innan tenesteyting, og det har det også vore
i Årdal. Me meiner det er
potensiale til å veksa endå
meir her. Me må også ha fokus
på teknologi og handel, sa
Husabø.
– Den vidaregåande skulen
er utruleg viktig. Årdal er den
tredje største kommunen i
fylket når det kjem til lærlingar. Årdal kom godt ut av
det denne gongen, men me er
likevel ikkje heilt nøgde, for
no blir det garantert ein ny
runde om skulestruktur, sa
han og la til at eit godt lokalsjukehus i Lærdal er viktig for
å gjera det attraktivt å
busetja seg i kommunen.
Sognefjellstunnell
For Næringssamskipnaden er
Sognefjellstunnellen
eit
viktig prosjekt.
– Me er sikre på at dette er
eit prosjekt som vil få mange
gode
ringverknader
for
næringa i kommunane i
nærleiken, sa Husabø og fekk
støtte av kommunalministeren.
– Eg har veldig sans for prosjektet. Det vil vera bra for
den delen av Vestlandet som
sårt treng utvikling, og som
ikkje
held
tritt
med
utviklinga langs kysten, sa ho.
med mykje vekst. Problemet
er at me mista omstillingsstatusen for fort, samstundes
som Hydro har halde fram
med å kutta arbeidsplassar i
det stille. På den andre sida
har det blitt stadig fleire
arbeidsplassar i kommunen
dei siste åra, sa Husabø.
Når det gjeld næringsstrukturen i dag samanlikna
med år 2000 er det større endringar i innhald enn i struktur.
I 2000 jobba 49 prosent av dei
sysselsette i kommunen innan
industri. I 2011 var talet 45.
Mista status
Husabø drog også fram tida
etter at Årdal blei omstillingskommune som svært positiv.
– Det var ein god periode
Amalie Lereng
[email protected]