GUDBRANDSDALSMAT BA

GUDBRANDSDALSMAT BA
Adr:
Skansen
7,
2670
Otta
Tlf:
975
68
805
/
416
13
159
[email protected]
Bankkonto:
2085
07
20577
Org.nr:
989
815
253
Otta, 10. september 2013
Pressemelding frå Gudbrandsdalsmat SA 10 september 2013
FANTASTISK GODT SALG AV LOKAL PRODUSERT MAT FRÅ
GUDBRANDSDALEN I SOMMAR
Gudbrandsdalsmat er eit andelslag med 19 lokale matprodusentar i Gudbrandsdalen som
driv felles salg, distribusjon og marknadsføring av produkta sine. Gudbrandsdalsmat omsette
matprodukt for 5,1 millionar kronar i 2012 og har eit mål om å omsette for 7 mill i 2013.
Salgsauke
Når sommaren no er på hell kan produsentane i Gudbrandsdalsmat sjå attende på nok ein
sommar med stor salgsauke samanlikna med fjoråret. Salgsauka til nå i 2013 ligg på 40%
samanlikna med per august 2012. Dette viser at Gudbrandsdalsmat sitt salgs- og
ditribusjonssystem av lokal mat ut til butikkar og serveringsstader fungerer godt og gjer det
enkelt for kundane å bestille varer.
Nye produkt
Gausdal og Lillehammer Bigårder AS er ny produsent i Gudbrandsdalsmat SA, så frå i haust
går det an å få tak i honning gjennom G- mat. Det er eit etterspurt produkt vi har vore på jakt
etter å få med lenge, seier dagleg leiar Anette Svastuen. Elles blir det mykje flotte
haustprodukt framover av lokalprodusert lam og kje.
Matstreif
Sju av Gudbrandsdalsmat sine produsentar (Avdem Gardsysteri, Valbjør Gard, Mogard
Gardsmat, Breheimen Mat, Aukrust Gard og Urteri, Stensgård og Brimi Sæter) reiser til
Matstreif på Rådhusplassen i Oslo i helga. Fredag 13 september kl 11-20 og laurdag 14
september kl 10-18 blir dei å finne med ei eiga ”Gudbrandsdalsmat-salgsøy” med god
plassering midt på Rådhusplassen. Totalt er standen på over 40 meter med salgsstand. Her blir
det salg av kjøttkaku på gaffel og elgbab og mange andre flotte produkt.
Kontakt: Anette Svastuen, tel 97568805, [email protected] (Dagleg leiar)
Marianne Stensgård, tel 90941702, [email protected]
(Styreleiar)