Les heile pressemeldinga her

GUDBRANDSDALSMAT SA
Adr:
Skansen
7,
2670
Otta
Tlf:
975
68
805
/
416
13
159
[email protected]
Bankkonto:
2085
07
20577
Org.nr:
989
815
253
Otta, 11. april 2014
Pressemelding frå Gudbrandsdalsmat SA 11 april 2014
LOKAL PRODUSERT MAT PÅ MANGE FAT TIL PÅSKE
Nok ein gong opplever Gudbrandsdalsmat SA rekordsalg. Veka før påske har det vore fullt
kjør med bestillingar frå kunder og mykje vare ut frå Gudbrandsdalsmat sine produsentar.
Lokal produsert mat i vekst
Gudbrandsdalsmat SA hadde i 2013 ei god salgsauke. All auke i 2013 var sal til butikk. I
2014 vil Gudbrandsdalsmat satse på serveringsstader, og særleg serveringsstadene lokalt. Det
er her dei verkeleg gode historiane om den lokalproduserte maten kan forteljast!
Nye produsentar
Det siste halve året har det kome til 7 nye produsentar i Gudbrandsdalsmat; Øyens
Hjemmebakeri på Kvam, Laagen Bryggeri på Dale Gudbrandsgard på Sør Fron, Jotunheim
Mat i Vågå, Den lille tytingfabrikken på Otta, Dovre Lam på Lesja, Gokroppen Sjokolade i
Gausdal og Gausdal og Lillehammer Bigårder. Det er gledeleg at det kjem med fleire
produsentar frå Midt- og Sør-Gudbrandsdalen. Hovudtyngda av produsentar er framleis i
Nord-Gudbrandsdalen. Til saman er det no 24 produsentar som er andelseigarar i
Gudbrandsdalsmat.
Innovasjon Norge
Denne veka var Innovasjon Norge på besøk hos fleire av Gudbrandsdalsmat sine produsentar.
For å kunne dekke de auka etterspørselen etter lokale matprodukt er det viktig å ha med
Innovasjon Norge på laget. Fleire av produsentane er inne i Innovasjon Norge sitt program for
å finansiere vekst i lokalmatbedrifter. Dei er i gang med utviding av produksjonen,
produktutvikling og vidare utvikling av designet sitt.
Fleire var samla til lunsj i Stensgård i Skjåk onsdag, der blant anna ordførar i Skjåk, Rolv
Kristen Øygard, skrytte av Innovasjon Norge og kor viktig deira finansiering er for
næringsutvikling og vekst i Gudbrandsdalen. Før lunsjen hadde Marly Irene Sæterdalen vore
på omvisning i produksjonslokala til Breheimen Mat på nabogarden til Stensgård. Hos
Breheimen blir det produsert spekemat på oppdrag frå fleire av produsentane i
Gudbrandsdalsmat i tillegg til eigen produksjon av langtidsmodna spekeskinker,
viltspekepølser, stykningsdelar av vilt og elgburgerar.
Kontakt: Anette Svastuen, tel 97568805, [email protected] (Dagleg leiar)
GUDBRANDSDALSMAT SA
Adr:
Skansen
7,
2670
Otta
Tlf:
975
68
805
/
416
13
159
[email protected]
Bankkonto:
2085
07
20577
Org.nr:
989
815
253
Bilde:
På trappa i Stensgård etter nydeleg lunsj, frå venstre fyrste rekke:
Joakim Nyhus (Valbjør Gard), Hans Brimi (Brimi Sæter), Ola Tangvik Brimi (Brimi
Sæter), Leif Skiaker (Breheimen Mat), Marly Irene Sæterdalen (Innovasjon Norge),
Anette Svastuen (Gudbrandsdalsmat).
Andre rekke: Arnstein Fjerdingren (Stensgård), Kai Valbjør (Valbjør Gard), Rolv Kristen
Øygard (ordførar i Skjåk), Marianne Stensgård (Stensgård/ styreleiar i Gudbrandsdalsmat)
og Liv Skiaker (Breheimen Mat).