Klikk på linken for å sjå heile artikkelen om Nordre

12
Vi har vorte utfordra frå Fjuken til å lage matreportasje i
dei tre magasina avisa skal gje ut i 2012. Dette tykkjer vi
er ei spanande utfordring og vi gler oss til å presentere
den lokalproduserte maten for Fjuken sine lesarar.
VARM FJELLGEIT MED
HONNING OG TØRKA FRUKT
Med god hjelp av Morten Schakenda, Hans Brimi, Hilde Grytting og
Wenche Kvebu fekk Gudbrandsdalsmat laga oppskriftshefte i 2011.
Dette heftet kan du få gratis ved å vende deg til Coop Mega Vågå
eller andre butikkar og serveringsstader som har Gudbrandsdalsmat- produkt. I heftet finn du enkle oppskriftar basert på lokale
råvarer. Vi har plukka ut ei oppskrift frå matheftet:
Til 4 pers
Du treng:
4 skiver på ca 100 g fjellgeit
kvitmuggost frå Valbjør
Ca 100 g svisker (el rosiner
/tørka frukt)
3 ss honning
50 g valnøtter
1 dl vatn
Rista brød, gjerne frå Bakeriet i
Lom
Salat (sommarstid frå Aukrust)
Fjellgeit Kvitmuggost frå Valbjør får
du kjøpt i mange av dei lokale daglegvarebutikkane. Det same gjeld
brød frå Bakeriet i Lom.
Framgangsmåte:
Kok saman tørka frukt, honning,
valnøtter og vatn i 5-10 minutt, avkjøl
Lun osteskivane 2-3 minutt på ca
200 grader og legg dei på rista brød
Server med kompotten og god salat.
LOKALMATTORG I VÅGÅ
Coop Mega Vågå er ein butikkane i
Ottadalen med størst utval av lokal
mat. I ein kjøledisk ved sida av
ferskvaredisken finn du dei lokalproduserte varene. Det har vore
mykje diskutert kva som er den
lugumaste måten å profilere dei
lokale varene på i butikken, om det
er best å ha dei samla i ein kjøledisk
eller om det er best at dei står under
rett varegruppe men med
hyllemarkør som syner at dette er
eit lokalprodusert produkt.
Mona Flatum, ferskvaresjef på Coop
Mega Vågå, meiner det er best å ha
dei lokale produkta samla i ein
kjøledisk ved sidan av ferskvaredisken. På den måten blir det
lett å finne varene som er produsert
lokalt og det er enkelt å spørre dei
som jobbar i ferskvaredisken rett
Mona
Flatum,
ferskvaresjef
Coop Mega
Vågå, og
Hallstein
Eggen,
tilsett i
ferskvaredisken i
Coop Mega
Vågå.
ved om det er noko ein lurar på.
– Spør gjerne om du ikkje finn
akkurat det du er på jakt etter. Om
vi ikkje har varene inne er det gode
moglegheiter for at vi kan bestille
dei. Mangfaldet av lokalproduserte
spesialitetar er stort, seier Mona og
legg til at hennar lokale favoritt er
te frå Aukrust Gard og Urteri frå
Lom.
Tysdag 28. februar serverer
Gudbrandsdalsmat smaksprøver på
Fjellgeit kvitmuggost frå Valbjør,
spekepølser frå Breheimen Mat og
frå Aukrust på Coop Mega Vågå.
13
VANN ØSTLANDSMESTERSKAP
FOR VG2 KOKK� OG SERVITØR
Kokkeelevar frå Nord-Gudbrandsdal
Vidaregåande avd Otta vann Østlandsmesterskap for Vg2 Kokk- og servitør i
Sarpsborg 18. januar 2012
I Østlandsmesterskapet deltok seks
lag frå heile Østlandet som hadde
kvalifisert seg til meisterskapet gjennom fylkesvise tevlingar.
Martine Sandbu, Ann Hege Lund,
Ingrid Øverli og Lene Marie Svanøe,
som reserve, var på laget som vann.
Premien var kokkekniv, diplom og ei
kasse med lokale råvarerer frå
sponsorar. Nettopp lokale råvarer var
noko elevane skulle legge vekt på i
komposisjonen av sine rettar. Laget
tok tidleg kontakt med Gudbrandsdalsmat i prosessen med å sette opp
meny. Vinnarmenyen besto av blant
anna rømme og smør frå Avdem
Gardsysteri, sjalottlauk, gulrot og
krydder frå Aukrust, mandelpotet frå
Sygard Forberg, lam frå Høgfjellslam
BA og fisk frå Lesjaskogsvatnet.
Produsentane i Gudbrandsdalsmat Ba gratulerer laget frå NordGudbrandsdal Vidaregaånde med
sigeren! Dei er flotte ambassadørar
for den lokalproduserte maten i
Gudbrandsdalen.
Varm Fjellgeit med honning og tørka frukt
Vi spurte jentene om dei ville bidra
med ei oppskrift, og fekk denne frå
Martine:
TIMIAN SALTBAKT
SJALOTTLAUK
6 pers
Du treng:
6 middelsstore sjalottlauk
10 g smør
45 g finhakka fersk timian
Kverna pepper
Havsalt
Vil du bruke lokalproduserte varer
kan du bruke smør frå Avdem
Gardsysteri , sjalottlauk og frisk
timian (kun sommarstid) får du tak i
på Aukrust.
Framgangsmåte:
-Skrell og vask sjalottlauken og del
den i to på langs.
-Finhakk timian og smelt smør.
-Legg eit lag med havsalt i ein ildfast
form og legg sjalottlauken med snittflata opp.
-Pensle på eit lag smør, strø på hakka
timian og kvern litt pepper over.
-Steik i ovn (Innstilling: grill) på 185
grader i 25 minutt.
VALBJØR GARD I NORDHERAD I VÅGÅ
Høgt oppe i solsida i Nordherad i
Vågå, 700 moh, ligg garden Valbjør.
Her er det utsikt til dei kvite fjella i
Jotunheimen og ned på det grøne
Vågåvatnet. Garden blir drive
økologisk med sau, geit og noko
grønsaker og urter.
Valbjør Gard er ein av produsentane
som har vore med i Gudbrandsdalsmat sidan oppstarten i 2006. Hovedproduktet deira for salg gjennom
Gudbrandsdalsmat er Fjellgeit Valbjør kvitmuggost som er laga av
100% geitmjølk, løype og salt.
Kvitmuggosten er produsert på Tine
SA avd Dovre på oppdrag frå Valbjør
Gard.
Osten bør lagrast i kjøleskap eller
kjølerom på 0 - 4° C i 2-3 månader,
eller i frysar inntil seks månader.
Osten får meir smak ved lagring.
Kvitmuggosten Fjellgeit Valbjør
har mange bruksmåtar. For at
smaken skal kome godt fram, tilrår
vi at osten ligg i romtemperatur i 4 6 timar før servering.
Valbjør Gard produserer også
fenalår av geit og geitpølse for salg
gjennom Gudbrandsdalsmat.
Valbjør har 14 gamle hus. I fem
av dei er det overnattingsmoglegheiter med til saman 22 sengeplassar. Nørdre stugu, Vetlstugu og
Aasheimstugu er utstyrt for sjølvhushald. Det er også sengeplassar på
Gammelloftet frå 1600-talet og på
Nybuloftet. På Valbjør kan du få
servert tradisjonsmat og lokale
spesialitetar. Dei tek imot individuelle gjestar, busser, grupper
og selskap heile året.
Handverkskurs og guida turar
for grupper i unikt kulturlandskap
er også noko som ein kan vere med
på hjå folket på Valbjør. Garden ligg i
eit godt turterreng med mange
merka stigar.
4
Gjendesheim Turisthytte
� FRISTAR FJELLFOLKET MED LOKALPRODUSERT MAT
Gjendesheim Turisthytte
i Sjodalen er ei av turisthyttene som har lokal
mat på menyen.
– Det er mykje fokus på mat på turisthyttene. Dei som går i fjellet er
opptekne av at maten skal vere
kortreist og dei er opptekne av
miljø. Dei ynskjer å smake produkta
frå områda dei besøker, seier
styraren på Gjendesheim, Marius
Haugaløkken.
Når han blir spurt om Gjendesheim har nokon filosofi bak bruken
av lokal mat på turisthytta, seier
han: –Vi er stolte av å tilby turistane
produkt som er produsert i
nærleiken. Det er artig å servere
produkt frå Valbjør og fortelje om
setra deira like ved, i Grinningsdalen. Det er viktig å marknadsføre
området overfor turistane og det er
viktig å støtte lokalt næringsliv og
lokal verdiskaping.
Marius fortel at dei utover
vinteren vil servere
spekemattallerken med lokale
produkt, og ha frukostbord med
mange lokale ostar. Han fortel også
at han har fått vegetarianarar til å
Stolte:Vertskapet på Gjendesheim
Turisthytte, Anne Taagvold og Marius
Haugaløkken, er stolte av at dei kan by
turistane matprodukt som er
produsert i nærleiken.
Medlemmane i
Gudbrandsdalsmat BA er:
Arkivbilete: Fjuken
ete kjøt på Gjendesheim. Det var
reinskjøt frå området laga med
lokale urter som skulle bli servert,
og Marius fortale om produkta. Dei
hadde førebudd fem vegetariske
rettar då dei hadde fått beskjed om
at det var fem vegetarianarar i
denne nederlandske gruppa. Men
når menyen var presentert ba dei
også om å få smake på kjøtet. Dei sa
at det var den industrielle produksjonen av kjøt som hadde gjort at dei
var vegetarianarar, slik kjøtet var
produsert her var dei ikkje i tvil om
at dei måtte smake på det!
Aukrust Gard og Urteri, Lom
Avdem Gardsysteri, Lesja
Bakeriet i Lom
Bjorli Fjellmat
Brimi Gard og Sæter, Lom
Holen Gardsysteri, Gausdal
Jotunheim Fisk, Espedalen
Lillehammer Bryggeri
Lunde Gard, Fåvang
Mogard Gardsmat, Skjåk
Breheimen Mat, Skjåk
Skånsar, Lom
Stensgård, Skjåk
Sve Gard, Vågå
Sygard Forberg, Skjåk
Valbjør Fjellgeit, Vågå
Tradisjonsbakst frå Skjåk
tlf 61214398
tlf 61 02 09 40
tlf 61 21 49 98
tlf 61 21 43 82
Nye
tlf 61 21 44 04
tlf 992 11 663
OPE
r
Skjåk Kjøpesente
- alt du treng!
9-17
(14)
ICA 9-20 (18)
�������������������
tlf 61 21 43 06
tlf 61 21 42 49
tlf 61 21 40 55
11
LOKALPRODUSERT MAT I OG FRÅ
OTTADALEN
Gudbrandsdalsmat BA, eit andelslag med 17 lokale matprodusentar, har i fem år
drive sal, marknadsføring og distribusjon av lokalprodusert mat. I samarbeid med
Tine SA avd Frya, fraktar dei i dag lokale matprodukt til godt og vel 100 butikkar
og serveringsstader i Gudbrandsdalen,
Lillehammer, til Hedmark og Oslo.
Foto: Ragnhild Brimi