Nynorsk litteratur i vaksenopplæringa Biletbøker

Nynorsk litteratur i vaksenopplæringa
Målgruppa for denne bokpresentasjonen er dei tilsette i vaksenopplæringa. Ein del
kommunar med nynorsk som hovudmål ønskjer at også dei vaksne innvandrarane skal lære
nynorsk, og skal ein lære eit språk må ein verte eksponert for det. Vi ønskjer å løfte fram
aktuell nynorsk litteratur og gje ei kort omtale av kvar bok. Det finst sjølvsagt mange fleire
bøker som eignar seg for målgruppa, men denne lista er eit utgangspunkt for vidare arbeid.
Vi har ikkje merkt bøkene etter nivå og spor i utdanningsløpet, men håpar at omtalane og
inndelinga likevel er eit godt utgangspunkt for deg når du skal tilrå bøker.
Kva skal ein så ta omsyn til når ein skal velje bøker for vaksenopplæringa? Det er som kjent
stor variasjon i kor mykje skulegang kursdeltakarane har frå før og kva ferdigheiter dei har i å
lese. Det vil også vere stor variasjon i kva type bøker og kva tema som vil interessere
kursdeltakarane. Vi kan godt bruke desse tre hovudmomenta når vi skal velje bøker: tekst,
innhald og illustrasjonar. Ulike behov krev ulik vekting av desse tre momenta. Derfor
presenterer vi no eit breitt utval av bøker, alt frå biletbøker til bøker med mykje tekst, med
både kvardagslege og meir filosofiske tema. Vi har valt å ikkje gå inn på læreverk.
Biblioteka kan vere til hjelp med å leite fram bøker og setje saman kasser med aktuell
litteratur. Elles kan bøkene oftast kjøpast direkte frå forlaga, samt i fleire nettbokhandlar.
Ivar Aasen-tunet sin nettbutikk www.handlenett.no har mange av bøkene på lista.
Fleire bøker og omtalar finn du på www.nynorskbok.no.
Leser søker bok er ein organisasjon som arbeider for at alle skal ha tilgang til gode bøker. I
listene deira finn du bøker på bokmål og nynorsk, og for å kome med på 100-lista, må
bøkene ha eit enkelt språk som ikkje står i vegen for innhaldet. I lista under står det dersom
bøkene er produsert med støtte frå Leser søker bok, eller er på 100-lista.
Nynorske nettaviser som kan passe til bruk i vaksenopplæringa er
Klart og kort: http://www.klartale.no/klartogkort
Framtida: www.framtida.no
Biletbøker
Illustrasjonar som støttar teksten legg til rette for språklæring. Vaksne innvandrarar som les
barnebiletbøker ønskjer gjerne at teksten handlar om kvardagslege ting som dei kan kjenne
seg att i. I neste steg opnar biletbøkene opp for samtale kring meir filosofiske spørsmål. For å
lære eit nytt språk må ein starte frå botnen av, og då er det mindre viktig om boka har barn
som hovudmålgruppe. Men spør gjerne kursdeltakarane om dei helst vil lese biletbøker med
«ekte» menneske, eller om dei like gjerne vel bøker med menneskeleggjorde dyr og
fantasifigurar i hovudrollene.
Det finst svært mange nynorske biletbøker, og dette er berre nokre av dei. På
www.nynorskbok.no finn du omtalar av fleire.
Boka om Benny
Barbro Lindgren og Olof Landdström
Frå svensk ved Stein Versto
Samlaget 2015
Barbro Lindgrens veslegris Benny er ein av dei tøffaste og mest
elska grisane i barnebokverda. Boka om Benny inneheld to bøker. I
Neimen, Benny må Benny rømme heimanfrå når mor hans vil putte
Veslenøff i vaskemaskina. Men kvar skal han bu då? Når det røyner
på, kan det vere godt å finne ei grop å rulle seg i. I Jamen, Benny
får Benny ein veslebror. Han ønskte seg det, men så går han fort
lei. Heile dagen syg veslebroren på smokken sin, og Benny får ikkje
smake. Men storebrør kan vel òg bruke smokk?
Bøkene om Benny har enkle, men svært treffande og humoristiske illustrasjonar som støttar
teksten godt. Det er god flyt i historiene. Ikkje minst er der ein liten dose spenning og alltid
ein lykkeleg slutt for Benny.
Mari og Magnus-serien
Ruth Lillegraven og Inger Landsem
Samlaget




Mari og Magnus flyttar inn
Mari og Magnus hos bestemor (2014)
Mari og Magnus og smokketjuven
Mari og Magnus får katt
Dette er enkle historier om søskenparet Mari og Magnus. Serien er
eit sjarmerande nynorsk alternativ til seriar som Karsten og Petra. Illustrasjonane og teksten
utfyller kvarandre. Særleg for kursdeltakarar med eigne barn vil bøkene vere nyttige for å
lære om kvardagshendingar for barn i Noreg.
Henrik And
Anna R. Folkestad
Samlaget 2011
– Dette er Henrik And. Ei heilt vanleg and med ein heilt vanleg
draum. Han vil vera noko anna. Slik opnar Anna R. Folkestad
biletboka om Henrik And. Så byrjar Henrik å tenkje:
– Kva skulle han vera? Og han kjem med mange framlegg – kanskje
ein katt, ein hund, ein sjiraff eller ein mark? Folkestad lagar nokre
fantastiske krysningar mellom anda og dei andre dyra. Teksten er enkel og forma som ei
regle, og den same formelen gjentek seg frå side til side. Men Henrik And kjem til slutt til at
det kanskje ikkje er så verst å vere seg sjølv.
Illustrasjonane er enkle og fargesterke i collageteknikk. Det er lett å kjenne seg igjen i
tankeleiken om korleis det ville ha vore å vere ein annan, men det er nok humoren i boka
som gjer han mest aktuell for den vaksne lesaren.
Jakob og Neikob-bøkene
Kari Stai
Samlaget
 Jakob og Neikob (2008)
 Jakob og Neikob. Tjuven slår tilbake (2012)
 Jakob og Neikob og det tomme rommet (2014)
Forteljingane om Jakob og Neikob inviterer små og store lesarar til
å reflektere kring våre kanskje mest sentrale omgrep, ja og nei.
Begge orda er like viktige og vi treng begge like mykje. Det er lett å
bli lurt om ein berre seier ja, og kanskje går ein glipp av mykje moro om ein berre seier nei?
Kari Stai har svært stram struktur både i språket og illustrasjonane sine, humor er likevel eit
viktig og gjennomgåande verkemiddel i begge historiene. Med utgangspunkt i boka kan ein til
dømes øve på bruk av dobbel nekting: «Du seier vel ikkje nei takk til ein bolle?»
Bøkene er å få tak i i papirform, som app og som animasjonsfilm på TV og internett.
Kakerlakken med den stygge frakken
Martine Grande
Samlaget 2013
Dette er ei bok med eit klart tema om einsemd, venskap og tunge
tankar. Boka er laga i samarbeid men Rådet for psykisk helse. Ho
handlar om kakerlakkjenta som om sommaren, når sola står høgt
på himmelen, er så glad at gleda brusar i magen, men som om
hausten kjenner på dei tunge vintertankane.
Boka fungerer som ei sjølvstendig historie utan at ein treng å
kjenne seg heilt igjen i kakerlakken. Historia har understrekande illustrasjonar, og boka
fungerer godt både for barn og vaksne.
Leselyst – på ditt og mitt språk
Familieforlaget 2009
Dette er ein serie tospråklege bøker med Asbjørnsen og Moe sine
eventyr på norsk og morsmålet til elevane. Eventyr gjev ein positiv
fleirkulturell identitet fordi det er mange likskapstrekk og felles
verdiar.
Leselyst – på ditt og mitt språk, med tospråklege eventyrbøker,
lydbøker og ressurspermar, er dei mest selde tospråklege produkta i Noreg. Kvar bok
inneheld fleire norske folkeeventyr, på morsmålet og norsk. Eventyra på desse språka har
nynorsk omsetjing: albansk, arabisk, polsk, russisk, somali, tamil, tyrkisk, urdu og
vietnamesisk. Månen som ville lyse som ei sol
Elin Grimstad
Samlaget 2012
I denne vakre biletboka er det sola og månen som er
hovudpersonane. Månen er sjalu på sola, og han bestemmer seg
for å ta opp kampen om å vere den som lyser opp jorda. Han snik
seg framfor sola og forsøker å overstråle henne, men resultatet er
mørke midt på dagen. Denne biletboka har eit heilt spesielt visuelt
uttrykk, noko som har si forklaring i at Elin Grimstad har nytta ein
heller uvanleg teknikk. Ho har laga eit papirteater som ho i neste
omgang har fotografert. Teksten er relativt kortfatta, men han har
preg av poesi og ordspel, som når månen mot slutten av boka set
ord på si oppgåve: «Ja, tenkjer månen nøgd. Når natta kjem, er det eg som skin. Og
draumane vaknar i måneglans.»
Snøkvit
Jacob Grimm og Wilhelm Grimm, illustrert av Benjamin Lacombe
Fortellerforlaget 2013
Snøkvit er eit kjent eventyr i mange kulturar. Illustrasjonane i
denne utgåva er dystre og fantasifulle og vel så godt eigna for
vaksne som for barn. Her er mykje symbolikk og sterke visuelle
verkemiddel. Eventyr er til alle tider brukte for å forklare
vondskapen og kva han gjer med oss. Ei viktig påminning for
vaksne og ei viktig forteljing for barn.
Mine små leksikon
Samlaget 2003–2007
I denne serien finn vi tjue små leksikon om alt mogleg. Ein kan
kjøpe bøkene ei og ei, og dei er rimelege. Dei små fagbøkene høver
godt som utgangspunkt for temaarbeid. Tekstane er korte og
informative, og bøkene er rikt illustrerte. Desse titlane er mest
aktuelle i vaksenopplæringa: Skogen, Ved sjøen, På fjellet, Babyen,
Dyra på savannen, Fotball.
På liv og død
Lars Westman og Erna Osland
GAN Aschehoug 2008
Ei bok om sensasjonar – sanne sensasjonar i naturen og historia.
På liv og død inneheld spennande, korte tekstar som i
utgangspunktet er retta mot barn i 9-års alderen og oppover, men
som godt kan lesast av vaksne. Ein kan byrje bak eller framme eller
på midten, lese alt eller berre litt. Her er 29 spennande tekstar om
alt mellom himmel og jord!
Oppdagingar og oppfinningar
Emeline Lebouteiller, Vincent Jullien, Axel Renaux.
Til norsk ved Margunn Vikingstad
Samlaget 2008
Dette er ei historie- og faktabok med mange illustrasjonar.
Hovudmålgruppa er 8-16 år, men innhaldet er relevant også for
vaksne. Boka er rik på lettfatteleg informasjon om dei viktigaste
oppdagingane og oppfinningane i menneskelivet. Ein kan lære om
alt frå oppdaginga av bakteriar til oppfinningar som bedøving
under operasjon, korleis genane våra vart oppdaga og kven som
først skjønte at jorda ikkje var den einaste planeten i verdsrommet.
Faktabøker av Erna Osland

Venner med venger
Samlaget 2012. Illustrert av Inger Lise Belsvik

Under ein stein
Samlaget 2014. Illustrert av Inger Lise Belsvik

Sov søtt, herr Spiss
Mangschou 2010. Illustrert av Inger Lise Belsvik
 Når det regnar i Afrika
Samlaget 2015. Illustrert av Per Ragnar Møkleby
Dette er nokre av dei mange faktabøkene Erna Osland har skrive
for barn, men som også kan lesast av vaksne. Språket er godt, og
det er ein fin variasjon mellom korte og lengre tekstar. Ein kan til
dømes velje eit utdrag av boka og bruke det som ei kortforteljing i
undervisingssamanheng.
I fugleboka Venner med venger handlar det om ein trekkfugl som
heiter steindulp, som er Afrika-farar, ein trekkfugl. Sola kryp høgare
på himmelen og snart kjem trekkfuglane tilbake. Andre fuglar har
vore her gjennom heile vinteren.
I Under ein stein handlar det om virvellause småkryp i nærmiljøet
vårt. Mange dyr likar seg der det er mørkt og vått, og derfor
gøymer dei seg under steinar.
Sov søtt, herr Spiss er ei bok om korleis ulike dyr og menneske søv.
Ein leiken tekst på vers og prosa.
Det nyaste tilskotet i faktabokhylla er Når det regnar i Afrika. Det
er ei bok om vêr og klimaendringar. Korleis blir vêret til? Kvar kjem
vindane frå, og kvifor regnar det? Boka handlar om vêr, men også
om Styrk, som bur i Noreg, men tenkjer på Afrika. Når kjem regnet
til dei tørre åkrane hos mormor, tenkjer han.
Lettlesne bøker
Bøkene om Teo
Solveig Blindheim Bendixsen, illustrasjonar av Trond Bredesen
Mangschou forlag




Teo i trøbbel (2011)
Teo tar sjansen (2012)
Tenk at det var Teo (2014)
Teo tøffar seg (2015)
Teo har akkurat starta på skulen, og der skjer det mykje
spennande. Vi får eit innblikk i kvardagen på skulen og på SFO og
utfordringar Teo møter der. I tillegg er bøkene fine som ein del av
språklæringa, sidan det er nokre ord og uttrykk dei vaksne brukar som Teo ikkje forstår. Dette
fører til nokre forviklingar. Forteljingane om Teo er humoristiske og nervepirrande. Sjølv om
bøkene er skrivne for barn i småskulealder, er dei nyttige for foreldre og andre som vil lære
om den norske skulekvardagen.
Politihunden Falk
Tone Nørvåg, illustrasjonar av Odd Henning Skyllingstad
Samlaget
 Politihunden Falk til teneste (2011)
 Politihunden Falk på nattevakt (2012)
 Politihunden Falk på farleg oppdrag (2014)
Tone Nørvåg har tidlegare arbeidd som politibetjent på Sunnmøre.
Vi vert kjende med politihunden Falk og etterforskaren Hanne på
oppdrag. Bøkene er lettlesne, og dei spennande historiene fengjer.
Vi vil ha hund!
Ragnfrid Trohaug
Cappelen Damm 2012
Denne boka handlar om Jenny og Ole som er tvillingar og
bestevener. Dei vil så veldig gjerne ha ein hund, men mamma og
pappa er vanskelege å overtale. Kva må ein eigentleg gjere for å
vise at ein kan ta ansvar for ein hund?
Jenny og Ole tenkjer å tjuvlåne ein hund og legg ein «vasstett»
plan. Dette må gå bra … men kva skjer når dei skjønar at dei har
tjuvlånt ein premiehund?
Vi vil ha hund er ei bok i Leseløve-serien. Desse bøkene har korte linjer og stor skrift, og er
lette å lese. Språket er rytmisk og rikt på dialog.
Amanda sin medisin
Atle Hansen
Cappelen Damm 2012
Amanda sin medisin er ei bok i Leseløve-serien, med korte linjer og
stor skrift. Boka er ei sår og humoristisk forteljing om venskap,
erting og hemn. Dessutan handlar det om det å ikkje skulle tole
urett men å stå opp for seg sjølv. For den vaksne lesaren er det
interessant å lese korleis dei vaksne handterer konfliktane mellom
barna. Boka er god å bruke som utgangspunkt for diskusjon og
refleksjon kring vaksenrolla.
Birk og Barcelonagjengen og Knoterud FK
 Birk og Barcelonagjengen
ein serie på fire bøker av Atle Berge, Samlaget 2010–2015
 Knoterud FK
ein serie på ni bøker av Lars Mæhle, Cappelen Damm 2008–2013
Bøkene om Birk og Barcelonagjengen er ein lettlesen fotballserie
som tek fotball på alvor og set spelet i sentrum. Det handlar om
gutar som satsar, om sleivspark, magiske pasningar og trenarar
som vil vinne for kvar pris.
Knoterud FK er verdas verste fotballag, og i serien om Knoterud FK vert fotball og humor
kombinert på ein ypparleg måte.
Hanna og Emma
Fem bøker, ti forteljingar, av Bente Bratlund
Mangschou 2008–2014
Bøkene handlar om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene er
lettlesne to-i-ei-bøker, og dei smittar med sitt positive vesen og
allmenne relasjonstematikk. Historiene er passeleg korte og skrifta
høveleg stor til at ein får flyt i historia. Bøkene handlar om
venskap, forelsking, om nye familiemedlemmer, mysterium som
må oppklarast og forhold som vert sette på prøve.
Leseland
Samlaget 2014–2015
Leseland er ein serie sjølvstendige, illustrerte bøker, i papirform og
som app, for dei ferske lesarane. Bøkene er nivådelte, og i appen
kan ein velje «les for meg»-funksjonen om ein ønskjer det. Til no er
det 12 bøker i serien, men dei neste fem åra skal Leseland utvidast
med 10-15 bøker i året. Det er mogleg å ta kontakt direkte med
Samlaget for å kjøpe spesialtilpassa pakkar til undervisingsgruppa,
til ein god pris.
Frida F (Leseland for eldre barn og ungdom)
Otto Dickmeiss og Dorte Karrebæk
Samlaget 2014
Den dagen i sommarferien då Frida F fylte ti år, fekk ho ei gåve av
mor si. Det var slett ikkje ei gåve ho hadde ønskt seg, slett ikkje. Ho
var ikkje det minste interessert i henne.
Gåva var ei fin, gammal porselensdokke. Og ho hadde vore svært
dyr. Mor til Frida F hadde kjøpt dokka fordi ho likna det snille
barnet ho så inderleg ønskte seg. Men Frida F var ikkje snill …
Frida F er ei illustrert spenningsforteljing som godt kan lesast av
vaksne. Boka er den første, og fleire kjem, i serien Leseland for eldre barn og ungdom. Desse
bøkene kombinerer gode og engasjerande historier med lettlesen og innhaldsrik tekst.
Klassikarar
Desse bøkene er omsette til mange språk og er også å finne i nyare nynorsk utgåve. Ein måte
å jobbe med bøkene på er at kursdeltakarane samanliknar deler av teksten med utgåva på
morsmålet sitt, dersom boka også er utgjeven på det språket.
Huck Finn og eventyra hans
Mark Twain
Omsett av Johannes Farestveit, revidert av Øystein Vidnes
Samlaget 2012
Heidi
Johanna Spyri
Omsett av Tonje Strøm
Samlaget 2011
Charlie og sjokoladefabrikken
Roald Dahl
Omsett av Ragnar Hovland
Gyldendal 2007
Mio min Mio
Astrid Lindgren
Omsett av Tove Bakke
Damm 2007
Vaffelhjarte
Maria Parr
Samlaget 2005 (Ny utgåve 2011)
Trille er sikker på at nabo Lena er bestevenen hans. Men han er
ikkje like sikker på om han er bestevenen til Lena Lid. Med Pippi
sitt dumdristige initiativ, og «hyss» som ikkje står noko tilbake for
dei kreative skøyarstrekane til Emil, dreg ho Trille med på dei
viltraste påfunn. Ofte går det litt over styr i den vesle vika deira. Og
innimellom leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i
eit ni år gammalt liv, og om redsla for å miste dei han er glad i.
Vaffelhjarte finst i bokform, som lydbok, TV-serie og teater og er til no utgjeven i over 40
land.
Tonje Glimmerdal
Maria Parr
Samlaget 2012
Tonje Glimmerdal er einaste ungen i Glimmerdalen, og den
tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar
herja på ski mellom fjella. Tonje sin besteven er gamle Gunnvald,
ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to venene kjenner
kvarandre ut og inn. Eller gjer dei det? Ein dag då Gunnvald er på
sjukehuset med broten lårhals, forstår Tonje at Gunnvald har ein
stor løyndom han ikkje har røpt for bestevenen sin. Brått får Tonje
mangt å rydde opp i, for her står det om lykka og felespel!
Tonje Glimmerdal finst i bokform og som lydbok.
Biletbøker for vaksne
Raudt, blått og litt gult
Bjørn Sortland og Lars Elling
Samlaget 1993
I 1993 kom gjennombrotet til Bjørn Sortland med Raudt, blått og
litt gult, ei biletbok om kunstformidling, saman med
biletkunstnaren Lars Elling. Boka fekk fleire prisar i inn- og utland.
Vi får vere med Oda på ei vandring i kunsthistoria, ja faktisk heilt
inn i måleria. Ho snakkar med kunstnarane og får vite kva som er
bakgrunnen til dei ulike kunstverka. Boka er ei lettfatteleg innføring
i mange av dei mest kjende kunstverka i historia, og er fin både for barn og vaksne.
Alt det som er
Bjørn Sortland og Paul Dikker
Samlaget 2010
Ein ung ubåtkaptein er på tokt. Det er han som har ansvaret og
som har kontrollen i den vesle, lukka verda under vatn. Men no
skal han bli far for første gong, og då er han slett ikkje sikker på om han greier å ha
kontrollen. Til mannskapet sitt kan han ikkje seie kva han tenkjer på, men han kan fortelje
det til sonen som er på veg.
Bjørn Sortlands poetiske og stemningsfulle tekst og den nederlandske kunstnaren Paul
Dikkers storslåtte måleri gjer Alt det som er til ei unik biletbok for ungdomar og vaksne. Boka
er støtta av Leser søker bok.
Brevet frå havet
Erna Osland og Akin Düzakin
Mangschou 2010
Ei bok først og fremst for vaksne om det underet det er å begynne
å forstå eit nytt språk. Boka fortel om einsemda ein kan kjenne på,
men om at ein nøkkel til forståing kan vere gjennom mellom anna
kjærleik.
Teksten er poetisk og drøymande og skildrar godt den framande
kjensla uvande ord kan gje: «Inne i hovudet sette det seg
brennande bokstavar. Dei var der når han la seg. Dei var der når han stod opp. Klårast skein
dei når han han sleit med dei tunge garna.»
Utvikla med støtte frå Leser søker bok.
Rosas buss
Fabrizio Silei og Maurizio A. C. Quarello
Frå italiensk ved Guri Vesaas.
Samlaget 2011
Ei bok om rasisme, om mot til å kjempe for rettane sine, og om
redsel og svik. Midt i den store hallen på Henry Ford-museet står
ein gammal buss, og i bussen er det eit sete som minner bestefar
om ei historie langt tilbake i tid. Det er setet til Rosa Parks.
Dette er historia om den modige Rosa Parks som ein desemberdag
i 1955 nekta å reise seg frå buss-setet for å gje plass til ein lyshuda
amerikanar, endå raselovene kravde det. Med tårer i auga fortel
bestefar historia han veit alt om, for han var på bussen sjølv.
Rosas buss er mykje brukt i skulen for elevar på 6.–9. trinn. Vi løfter boka fram som ei god
bok til bruk i vaksenopplæringa fordi historia er tidlaus, språket er enkelt og med god flyt,
samt at viktige ord er utheva. Illustrasjonane appellerer til vaksne så vel som til ungdomar.
Anna og Solmann
Erna Osland og Oddleiv Apneset (foto)
Skald 2013
Solmann og Anna Einebærholm bur i Gulen i Sogn og Fjordane. Dei
er begge 80 år og har kjent kvarandre sidan dei var skulebarn. For
seks år sidan fekk Anna eit slag som gav dei nye utfordringar. Men
kvar vanske har Solmann løyst på sin eigen måte.
I ord og bilete har Osland og Apneseth dokumentert Anna og
Solmanns strev for å få vere saman, gleda dei har av kvarandre og styrken dei får frå
kvarandre, trass i den vanskelege livssituasjonen. Boka fortel om det vedunderlege dei får til i
lag og kva som er viktig for dei og oss alle.
Språket i boka er tilrettelagt for personar med lesevanskar og spesielt tiltenkt dei som har
hatt slag og har nedsett lese- og talefunksjon.
Det fleirspråklege Noreg
Skald 2013
Boka, som er eit dokumentarprosjekt, viser eit samtidsbilete av
språkbruken i den norske kvardagen. Gjennom 30 portrett gjev
boka eit innblikk i det fleirkulturelle Noreg og viser at
fleirspråklegheit i dag heller er regel enn unnatak. Nokre av
artiklane er på bokmål og andre er på nynorsk.
Der ingen skulle tru at nokon kunne bu
(Fleire bøker, ulike forlag)
Oddgeir Bruaset har gjeve ut mange praktbøker knytt til TVsuksessen Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Bøkene har
mykje tekst men også mange bilete frå ulike stadar i Noreg. Det er
gode bøker som utgangspunkt for samtale om kvardag i Noreg før
og no.
Teikneseriebøker
Det som karakteriserer desse bøkene, er at den kortfatta teksten og teikningane spelar på lag
og utfyller kvarandre. Ein kan bruke delar av bøkene eller lese dei frå perm til perm.
Goliat
Tom Gauld, oversett av Margunn Vikingstad
Minuskel 2013
Her får vi lese historia om David og Goliat fortald frå perspektivet
til kjempa.
I denne teikneserien er Goliat ingen stor krigar. Han føretrekker å
arbeide med papyrus og han hatar å slåst. Men han ser flott ut i
rustning. Saman med skjoldberaren på ni år vert han beordra ut.
Teikneserien har lite tekst, bileta er enkle og samstundes rike på
nyansar og uttrykk. Goliat er nominert til Eisner-prisen for beste
teikneserieroman utgjeven i 2012.
Rekrutten (Grafisk roman)
Robert Muchamore, John Aggs, Ian Edginton
Samlaget 2012
Den tidlegare privatetterforskaren Robert Muchamore står bak
serien om barneagentane i CHERUB. Tolv år gamle James kom på
barneheim då mor hans døydde. Der vart han rekruttert til den
hemmelege spionorganisasjonen CHERUB. I «Rekrutten» følgjer
me han gjennom den harde grunntreninga og det første, farlege
oppdraget. Boka finst som roman og grafisk roman. Teikningane er
actionfylte og appellerer til ungdomar og unge vaksne.
Bøker utan illustrasjonar
– med vakse innhald og lettlese språk
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź
Marit Kaldhol
Samlaget 2014
To søstrer, Jenny og Solrun, veks opp saman med mamma og
bestefar Olvar. Dei leikar på stranda og i skogen, byggjer hytte i det
store tuntreet. Mamma les eventyret om Raudhette og ulven.
Storesøster Solrun skulle alltid passe på Jenny. Ingen skulle gå seg
vill. Mamma skulle vere der. Det skulle vere sol. Det som hender
skulle ikkje hende. Jenny må vere sterk, ta ansvar, vise omsorg.
Men kven skal ha omsorg for Jenny?
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź er ein roman om eit nært
og sårt søsterforhold, og om det å vere pårørande. Boka har korte
kapittel og ganske enkel tekst og er på 100-lista til Leser søker bok.
Kva tåler så lite at det knuser om du seier namnet på
det?
Bjørn Sortland
Aschehoug 2007
Dette er ein sterk, vakker og gripande ungdomsroman. Boka
handlar om 18-årige Markus som møter den fem år eldre Ingrid.
Markus blir bergteken av henne frå første stund. Han gjer alt som
står i hans makt for å bli kjærasten hennar. Det fantastiske er at
han lykkast. Det grusomme er at ho skal døy.
Boka er delt inn i fire delar. Kvar del har korte kapittel, av og til
berre eit avsnitt. Skrifta er til gjengjeld ikkje så stor. Det er nokre
framandord og nokre samansette ord.
Nær nok
Erna Osland
Samlaget 2004
Dette er ei samling noveller for ungdom. Alle novellene i boka
dreiar seg om korleis unge menneske er bundne til foreldre og
vener, samtidig som dei er aleine med seg sjølve og prøver å leve
eit sjølvstendig liv emosjonelt. I undervisingssamanheng kan det
vere nyttig å velje ut ei novelle ein vil jobbe meir med.
Svart fugl
Bente Bratlund
Lettlest forlag 2010
Denne vesle romanen har litt større skrift enn vanleg, og ingen
illustrasjonar. Det er ei krimbok om ei kvinne som blir borte. Ho
høyrer til i eit lukka religiøst samfunn der lojalitet og tausheit er
viktigare enn å finne svar. Eli Holm greier ikkje tru at søstera berre
har gått frivillig. Noko må ha skjedd. Nokon må vite. Det er ei
urovekkjande historie med ein enkel tekst. Produsert med støtte
frå Leser søker bok.
Flukt
Atle Hansen
Samlaget 2013
Hovudpersonen i boka og bestevenen Karl er på bølgjelengd om
det meste, sjølv om dei er litt ulike. Karl sin far smittar nemleg
sonen med framandfrykt og negative haldningar, ein konflikt
hovudpersonen kjenner på kroppen når to asylbarn i lokalmiljøet
med eitt rømmer til fots frå mottaket like før dei skulle returnerast.
Kvar kan dei vere? Kva bør gjerast i slike saker? Og kan det vere rett
å ikkje ringe politiet og varsle om at ein veit kvar desse asylbarna
har teke vegen? Dei to venene ser fotspor i snøen. Dei finn snart ut
at dei to asylbarna må skjule seg i eit forlate hus i nabolaget og det
vert svært spennande når dei undersøkjer huset nærare.
Flukt er både ein kort og spennande «pageturner» om nært venskap, etikk og spionering, og
ho tek opp brennheite samfunnsspørsmål. Slikt trengst i lettleslitteraturen! Her er det stort
potensial for diskusjon.
Boka har korte linjer og direkte språk, eit fint driv og er lett å lese. Boka er produsert med
støtte frå Leser søker bok og er ein del av topp 100-lista.
Triks
Bjørn Sortland
Lettlest forlag 2006
Triks er ein ungdommeleg roman med lett språk, litt stor skrift og
luft mellom avsnitta. Forteljinga handlar om ein 16-årig gut sin
taktikk for å få seg dame. Han får god hjelp av klasseveninna Ruth
til å kapra den vakre utvekslingsstudenten Janice. Men gode råd i
kjærleik kan føre til dei mest uventa ting.
Boka er produsert med støtte frå Leser søker bok og kan anbefalast
for ungdommar og alle som ein gong har vore 16. Ein vert rett og
slett i godt humør av å lese denne boka!
Tunnelkjøraren
Erna Osland
Samlaget 1993
Samlaget gav ut serien Sirius rundt byrjinga av 90- talet. Sirius
inneheld rundt 30 nynorske bøker for barn og ungdom. Språket har
endra seg ein del sidan serien kom ut, og det kan vere greitt å vere
obs på det, dersom ein vil bruke bøkene i undervisingssamanheng.
Ei bok der både språket og innhaldet har halde seg, er
Tunnelkjøraren.
Vi møter ein ny anleggsarbeidar, 19 år og yngstemann i arbeidsgjengen. Han køyrer dumpar i
ein tunnel. Vil han greie arbeidet han har teke på seg? Han skal være med og rydde opp etter
eit ras som er gått i tunnelen. Det er ingen ufarleg jobb. Han må køyre 4000 meter innover i
mørkret, konsentrere seg, ikkje tenkje for mykje på kjærasten – som er redd for han.
Dette er ei forteljing om hardtarbeidande folk, om tunnelar og om kjenslene til guten. Boka
er illustrert med svart-kvitt-foto.