Les Innovasjonstalen 2015 (nynorsk, pdf)

Innovasjonstalen 2015
Kjære ministrar, politikarar, oppdragsgjevarar, næringslivsleiarar,
gründerar, interesseorganisasjonar, media og ikkje minst; neste
generasjon nyskaparar og endringsagentar!
I 2013 introduserte Gunn Ovesen den første innovasjonstalen i Noreg med
følgjande ord:
«Eg lovar å gje Noreg ein dag kvart år der innovasjonsfokuset er viktigare
enn alt anna. Statsministeren har nyttårstalen sin. Sentralbanksjefen har
årstalen sin. Eg vil halde landets innovasjonstale, kvart år. Eg kjem til å
starte med å beskrive situasjonen slik eg ser den, og peike på nokre heilt
sentrale utfordringar for Noreg. Så vil eg leggje fram forslaga mine til å
løyse nokre av dei utfordringane vi står framfor.»
- og frå då blei Innovasjonstalen etablert, ein viktig arv vi tek med oss
vidare.
Statsministeren og sentralbanksjefen var samstemte i årstalane sine:
«Landet vårt går frå særstilling til omstilling. Vi må bli betre på å skape
nytt. Vi må ruste Noreg for framtida. Trongen for omstilling gjev oss høve
til å skape eit betre og grønare samfunn.» Og NHO sjefen sette
perspektivet på årskonferansen sin: «Utviklinga av Noreg handlar om å
ruste oss for verdsmeisterskap, ikkje kretsmeisterskap.»
Nettopp!
Ja, sjansane for Noreg framover er store, men skal vi klare å skape meir
nytt, å ruste Noreg for framtida, å leie – ikkje berre delta i framtidas
verdsmeisterskap, ja då er det på tide å leggje inn eit nytt gir, no.
I 2014 kom alvoret. Noreg fekk ein økonomisk wake-up call. Olje- og
gassprisen blei halvert. Dette var også året då trusselen om klimaskiftet
blei tatt på alvor av dei fleste. President Obama og president Xi Jingping
signerte ein historisk avtale om reduserte utslepp. I ei verd som står
framfor store sosiale og miljømessige utfordringar gjev det også meining å
styrke norsk næringslivs muligheit til å bidra med løysingar på desse
problema. Store utfordringar representerer store marknader.
2014 blei også året der heile landet forstod kor sårbar norsk økonomi er,
og behovet for ei grøn omlegging engasjerte langt utover dei klassiske
naturvernmiljøa. Men vi må ikkje gløyme betydinga olja har hatt for
utviklinga av Noregs posisjon og velstand dei siste førti åra. Vi må klare å
ha to tankar i hovudet samtidig, å akseptere sameksistens, for det blir
fundamentet for det nye.
Og vi veit vi må ha fleire bein å stå på framover; vi må leggje om den
klassiske økonomiske veksten i ei meir bærekraftig retning; vi må
reformere dei kostbare velferdsordningane våre; vi kan ikkje ta norsk
levestandard for gitt eller tru at det offentlege fortset å bli finansiert av ei
utømmeleg pengekjelde. Etter 40 år med velstand er det vi, Noreg, som
må endre fokus framover, alle saman, frå «dette har eg krav på» til «dette
kan eg bidra med», «klare meg utan», eller minimum, «ikkje ta for gitt».
Og la meg starte med å stadfeste ein ting, etter ni månadars reise i inn- og
utland, etter hundrevis av møte med norske gründerar og vekstselskap:
Det er ingenting i vegen med norsk skaparkraft eller vilje til å bidra i
omstillinga. Vi har gjort det før og vi skal klare det denne gongen også. Og
det er der ein kanskje «ikkje skulle tru at nokon kunne skapa» - at
skaparlysta og viljen er størst.
For norsk skaparkraft er summen av alt vi får til på kvart nes, kvart tun,
kvar by over heile landet. Det er summen av denne innsatsen som utgjer
vår kollektive produktivitet. Og her blir det fristande å sitere Gro: Alt heng
saman med alt. Den internasjonale marknaden, verda, er ikkje opptatt av
vårt nasjonale fokus på kommunegrenser. Dei tenkjer Noreg, dei tenkjer
Norden – dei tenkjer kvalitet, integritet, grønt, teknologi, reint, demokrati,
eit oppegåande og kunnskapsrikt folk og stabilitet.
Men sjølve er vi framleis litt usikre. Må vi leggje om giret heilt enno? Kan
vi ikkje berre fortsetje litt til som før? Det er jo inga krise, ikkje sant?
Diskusjonane om kor lenge vi kan leve av olja, at det kortsiktig ikkje er
krise i landet vårt, det blir sekundært frå eit innovasjonsperspektiv. Vi veit
vi må skape nye arbeidsplassar, revitalisere eksisterande primærnæringar,
investere for å løfte fram nye næringar, og sikre ei anna fordeling av
eksportinntektene til Noreg i framtida. Vi må fornye det offentlege og
sørgje for ein grønare vekst. Det er inga kvilepute at vi ikkje er i akutt krise
akkurat no, det er eit fantastisk høve til å posisjonere landet vårt for eit
nytt skifte vi veit kjem, på verdsbasis.
Det skiftet, eller megatrenden, blir ofte referert til som den «sjette
utviklingsbølgja» i verdsøkonomien – bærekraftbølgja, som følgjer etter
informasjonsteknologi-bølgja og tidlegare økonomiske periodar dominert
av andre teknologiske nyvinningar som dampkraft , elektrisitet og romfart.
Her er Noreg svært godt posisjonert og denne overordna megatrenden
bør vere eit berande prinsipp for utviklinga av norsk innovasjonspolitikk
framover, og den er godt skildra i rapporten om Draumeløft.
Men det er på tide at vi også snakkar om dei mange og krevjande ansikta
til innovasjonen. For skal vi klare å skape noko nytt, må vi også endre det
vi gjer og måten vi gjer ting på. Innovasjon i sin yttarste forstand
representerer også destruksjon - av det etablerte, av tradisjonar og kultur.
Dette handlar om å akseptere at nokon må gå føre og ta modige og
vanskelege val på kort sikt, som vi vil sjå tilbake på og vere stolte av at vi
tok. For når vi historisk skal summere opp noko som går bra, då blir det
«vi» som tok valet. Det handlar om å ta risiko no, om å leie i ukjent
terreng, om å stille spørsmål til etablerte sanningar og maktstrukturar for
å etablere nye. Det blir ikkje enkelt, men det er heilt naudsynt.
Noreg er eit lite land, med eit avgrensa tal hovud og marknad. Vi kan ikkje
gjere alt eller tru at marknaden vil gjere dei rette vala for oss. Vel du ikkje
å velje, har du også gjort eit val. Vi har vorte vande til å tru at vi kan vere
best i klassen i det aller meste. Vi skal vere mest miljøvennlege, mest
distriktsvennlege, ha dei beste arbeidsvilkåra, dei beste
velferdsordningane, den kortaste arbeidstida, den lengste ferien og den
beste lunsjen. Blir det automatisk slik også for kommande generasjonar?
Nei, då må vi prioritere og vi må la politikarane våre få prioritere for oss.
Og dei må ha mot til å utfordre oss. Mot til å utfordre oppfatninga om at
vi kan vere best i alt til ei kvar tid. Vi skal inn i ein reell omstillingsfase i
landet no, det blir krevjande.
Derfor er det så viktig at leiarane i landet trur på og torer å gjennomføre
dei grepa som må til for at vi klarer omstillinga. Innovasjon Noreg er
optimistar på vegne av norsk næringsliv. Norske arbeidstakarar er godt
utdanna og kreative, vi har mange innovative bedrifter, sterke klynger, eit
velutvikla velferdssystem, eit avansert verkemiddelapparat, fred og sosial
stabilitet. Det vi må få på plass no er ein klar strategi og retning for kvar vi
ynskjer gå, kva det vil koste oss og korleis vi skal nå dei måla vi set oss.
Vi meiner at norsk næringsliv, generelt sett, er innovativt, i den forstand
at bedriftene viser stor evne til å gjere ting på nye måtar for å nå dei måla
dei set seg. Vi veit at det finst innovasjonsstatistikk som kan tolkast i ei
anna retning. Det gjeld ikkje minst EU-kommisjonens Innovation Union
Scoreboard, ein komposittindikator som i 2015-utgåva framleis rangerer
Noreg som nr. 17 i Europa. SSB, NIFU og andre har vist at denne
indikatoren ikkje fangar opp den reelle norske innovasjonsevna.
Innovasjon Noreg samarbeider allereie godt med Statistisk sentralbyrå,
Noregs forskingsråd og relevante forskingsmiljø om den vidare utviklinga
av den norske innovasjonsstatistikken. Vi vil ta initiativ til ein prosess der
vi kan finne nye måtar å gje ein meir heilskapleg presentasjon av norsk
innovasjonsevne – også samanlikna med andre land.
Å forstå våre eigne føresetnader og premissar for innovasjon, å ha same
oppfatninga av verkelegheiten, å stille riktig «diagnose», er fundamentet
når vi skal velje rett «medisin» framover.
Så kva skal til? Her er våre seks tilrådingar:
1. Vi må prioritere. Vi har eit stort behov for å byggje nye landslag der
Noreg allereie har komparative fortrinn internasjonalt. I fleire og fleire
land dreier innovasjonspolitikken mot store utfordringar dei har
føresetnader for å møte. Dit må vi også framover. EU gjer det med gigaprogrammet Horisont 2020. Danmark gjer det gjennom
innovasjonsstrategien sin. Vi bør også satse på område der Noreg har den
kompetansen som skal til for å gjere ein skilnad. Vi er godt skodd til å vere
ein viktig leverandør til løysingar på dei sju samfunnsutfordringane EU har
definert, her under helse, berekraftig matproduksjon, rein energi, og
effektiv ressursbruk.
For det er ingen konflikt mellom generelt gode rammevilkår og målretta
verkemiddel. Langtidsplanen for forsking identifiserer fem tematiske
satsingar, det bør også speglast att når og viss vi ynskjer å
kommersialisere forskingsresultata våre, som handlar om å omsette ny
kunnskap til nye bedrifter, arbeidsplassar og næringar.
Vi må investere meir, men kanskje viktigast; innovere meir i dagens
rammevilkår for å gjere dei tradisjonelle industriane våre grøne og
fornybare, og for å attrahere internasjonale investeringar til Noreg.
Og vi må ta utgangspunkt i det internasjonale omdømmet vårt som ein
legg vekt på berekraftige og miljømessige forhold. Dette gjeld posisjonen
vår innan maritim sektor. Ja, og vi har den kompetansen som trengst til å
gje verda rein energi. Vi har dei beste føresetnadane frå landbruk- og
marin sektor for å lukkast med å posisjonere oss inn i den nye
bioøkonomien. Vi kan byggje nye næringar rundt velferdsteknologi,
medisin, finans og utdanningsteknologi.
2. Ja, vi må satse på oppstart av heilt nye bedrifter, og aldri før har
entreprenørskapslysten vore større i Noreg!
Delen som meiner entreprenørskap gjev høg status har auka frå 59 % - 83
% i perioden 2003-2014. Omstillingssituasjonar er ofte einstydande med
Klondike tilstandar for gründerar. Men vi må også hjelpe dei eksisterande
bedriftene – og dei store. Vi har få av dei store, men dei er viktige
lokomotiv for dei små og representerer eksportinntekter og
arbeidsplassar med stort vekstpotensial. Vi må klare begge deler: å utvikle
dei store og å etablere fleire små, samtidig som vi får fleire av dei små til
å vekse.
Det er vår største utfordring – det vert etablert for mange
enkeltmannsselskap utan vekstpotensial eller ambisjonar for anna enn å
dekke eiga lønn. Vi skal også ha rom for dei, men vi må ha fleire
vekstkraftige selskap her til lands, styrke dei etablerte klyngene våre og
opprette nye klynger, på tvers av bransjar, for å profesjonalisere og
realisere vekstpotensialet i næringar som består av mange små aktørar.
Samarbeid er den nye konkurransekrafta.
3. Vi må innovere og omstille meir i det offentlege. Den offentlege
innkjøpskrafta representerer rundt 400 milliardar årleg. Den kan nyttast til
å skape innovasjon i samspel med private leverandørbedrifter. Vi har eit
skrikande behov for å omstille og innovere offentlege tenester. Ifølge
nasjonalrekneskapen auka delen offentlege årsverk frå under 17 % i 1970
til nesten 29 % i 2013, i reine tal blir det frå 250 000 til 700 000 årsverk.
Utviklinga i offentlege årsverk er prega av at visse omsorgstenester som
tidlegare blei utført av familiemedlemmer, i aukande grad har vorte
overtatt av kommunale tilbod. I tillegg har alderssamansetninga og
medisinsk utvikling ført til auka trong for omsorgs- og sjukehustenester.
Den framtidige utviklinga i storleiken av offentlig forvalting avheng i
hovudsak av kor vidt den store auken i desse tenestene vil fortsetje, og
ikkje minst kor innovative vi er i vidareutviklinga av tenestene.
Her kjem trongen for eit stort løft av digital kompetanse inn. Rolla til
teknologien i utviklinga av innovasjonsgraden av offentlige tenester
framover må ikkje undervurderast - og det må ikkje setjast likskap med
innkjøp av nye teknologiske løysingar når vi snakkar om digitalisering i det
offentlege - det handlar først og fremst om forståinga for kravet til
endring og innovasjon i eksisterande arbeidsprosesser, samarbeidskultur
og kompetansebehov for å vere relevant for kundar og brukarar.
4. Vi må synleggjere, tilgjengeleggjere og ikkje minst forenkle alt vi
allereie har av offentlege tilbod til dei som vil skape og endre (og det er
mykje, frå førstelinjetenesta i kommunane til næringshagar, inkubatorar,
etableringsstipend, Skattefunn, og vi må snakke same språk. NFD er
allereie i gang med dette arbeidet. Og det er heilt naudsynt.
Og så må vi slutte å tru at løysinga på alt er meir tilførsel av kapital åleine.
Det handlar meir om omdisponering og innretning av allereie tilgjengeleg
kapital og rammevilkår i Noreg, til å støtte opp under det næringslivet
som byggjer de arbeidsplassane vi vil ha og skal leve av framover.
Og det handlar om ei kulturendring der det å vere stolt ikkje berre går på
å forske fram dei gode ideane, å vinne prisar for framståande tankar - vi
må også byggje større stoltheit rundt evna til å kapitalisere på dei kloke
hovuda, til å konkurrere internasjonalt, med norske løysingar, kunnskap
og produkt.
Og – vi må bli meir marknadsorienterte. Vi har ein tendens til å utvikle
produkt og løysingar som det viser seg ikkje har livets rett når produktet
endeleg er ferdig, eller godt nok og jakta på kunden startar. Då er det for
seint. Den krevjande kunden må vere med frå dag 1. Hovudårsaka til at
oppstartsselskap går konkurs, både ute og heime, er først og fremst
mangel på kundar, mangel på inntekter og marknad.
5. Vi må gjere oss nytte av all arbeidskapasitet i landet. Arbeidsløysa vår
er framleis låg, men den aukar og vil auke. Vi må få fleire av dei som fell
utanfor inn i arbeidslivet. Auka forståing og satsing på sosialt
entreprenørskap er ein del av denne løysinga. Sosialt entreprenørskap er i
eit overlappingsfelt mellom offentleg, friviljug og privat sektor. Desse
gründerane, eller ekstraprenørane som dei også vert kalla, adresserer
uløyste oppgåver innan blant anna skule (barn og unge), helse og
velferdstenester (uutnytta ressursar, dei som fell utanfor, sjuke, eldre), men
også innan miljø og kultur.
Berekraft og å kunna vera skalerbar er like viktig her som i reint
kommersielle bedriftsetableringar, og dei har det same potensial for vekst
internasjonalt.
Og for neste generasjon gründerar handlar det ikkje berre om å gjere ei
kortsiktig «kule». Vi ser ein klar trend og framvekst av sosiale
entreprenørar, som ser og er drivne av eit uløyst problem eller ei utsett
målgruppe, i næringa si, i kommunen sin, i nærområdet sitt og bestemmer
seg for å bli ein aktiv del av løysninga. Vi treng fleire slike entreprenørar i
møtet med dei samfunns- og miljøproblema vi står framfor akkurat nå.
Innovasjon Noreg har berre unntaksvis via dette området merksemd, og
auka effekt vil ha stor innverknad både for samfunn og for
næringsutvikling. Vi vil derfor i 2015 sjå på korleis vi kan etablere ei
tydelegare satsing for å støtte sosialt entreprenørskap.
6. Omstillinga vi står framfor krev først og fremst modig leiarskap, hos
våre politikarar, bedriftsleiarar, partssamarbeidsaktørar - hos heile folket.
NHO sjefen sa det på følgjande måte i sin årstale: «faren ved å blande
fornuft og kjensler er at vi let vere å gjennomføre ting vi eigentleg er
einige om. Vi må la politikarane forvalte den tilliten vi har gitt dei ved
urnene – også når det inneber å skjere gjennom for fellesskapens beste».
Og det betyr å ta ekstra upopulære val, å la politikarane våre
kompromisse meir enn vi er vande til – for det må til.
I dag presenterer vi resultata av mobiliseringsarbeidet Draumeløftet. Her
vil vi formidle hundrevis av innspel og forslag frå over 80 ulike
arrangement frå alle næringar i inn- og utland som politikarane kan
vurdere og debattere framover. Vi vil presentere analysen vår av no
situasjonen i landet vårt. Vi vil dele resultata av vår eigen endringsprosess
som handlar om å rigge oss best mogleg mot morgondagens oppgåver og
dei klare ynskja og behova til kundane våre. Og vi har laga ein hyllest til
for fedrane- og mødrene våre, og summerer opp 150 års historie, for ikkje
å gløyme verdien av norsk verkemiddelapparat i utviklinga av norsk
arbeidsliv og næringsliv. Vi har starta reisa, de skal få måle oss kvart år. Vi
har ein ambisjon: Å bli ein uvurderleg aktør i arbeidet med å gå frå
særstilling til omstilling.
Vi i Innovasjon Noreg har lagt inn eit nytt gir. Vi lovar å bidra med alt vi
kan, alt vi er og kan bli for norsk næringsliv framover. For Noreg har den
kompetansen og føresetnadane som skal til for å klare omstillinga, for å
gjere ein skilnad, også utover eigne landegrenser - og vi er med heile
vegen! Vi skal heie høglydt på kundane våre, for dei representerer den
vesle %delen av den norsk befolkninga som torer å gå fremst, som er så
naive at dei trur dei kan endre verda med løysingane og produkta sine.